top of page

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve. 

Vanskelege spørsmål -
enkle svar?

Nøkkelord: Giftemål, skilsmisse, homofili, overgrep (forføring og voldtekt), pornografi, abort, alkohol osv.

​

Introduksjon 

Alle som på ein eller annan måte arbeider med forkynning og lære vil få ein del vanskelege spørsmål, som det ikkje alltid er like lett å gje eit enkelt og godt svar på. For det første er spørsmåla ofte relatert til lover og rettar vi har som norske borgarar. For det andre er spørsmåla relatert til lover og rettar som gjaldt jødane i oldtida, det vil seie spørsmål knytt til Moselova. For det tredje er det også spørsmål relartert til dei enkelte kyrkjene sine interne regler på organisasjons nivå. Sistenemnte er under stadig press frå staten om å halde seg innanfor lovverket. 

​

Jesus svara ofte på spørsmål frå jødane om deira eiga lov. Slike spørsmål gjekk vanlegvis til dei lovlærde eller dei skriftlærde. Dei første kristne gjekk til apostlane, som igjen var opplært av Jesus. Dei første apostlane var jødar og lærte opp disiplane sine på kvar stad. Vi veit at det også mellom dei sto fram andre lærarar som ikkje skilte mellom det å vere jødar og det å vere romar. Læra deira og korleis apostlane løyste dette skal eg kome tilbake til. Når apostlane drog vidare vart disiplane kalla eldste. Då vart det dei som fekk spørsmåla og dersom dei ikkje viste kva dei skulle svare, skreiv dei til apostlane (dei som først kom med evangeliet til dei) etter råd. Apostlane svara ofte tilbake i brevform, om dei ikkje kunne stille personleg. Mange av desse breva har vorte tekne vare på til den dag i dag. Vi har ikkje motparten av breva, men vi kan lese mellom linjene kva spørsmål som vart stilt.

​

Før vi går i gong vil eg minne om ein del grunnleggande kunnskap, for eksempel at uttrykket "eldste" ofte blir misforstått. Ein må forstå uttrykket i overført tyding, altså ikkje som dei eldste i alder i eit samfunn. Dei eldste var dei som kom  først til i ein syskenflokk, i ein disippelflokk av truande. Dei som allereie var opplært og slik satt i stand til å lære andre. Derav uttrykket bror og søster, eldstebrør og eldstesystre.  Bibelen er eigentleg heilt tydeleg på at dette både gjeld menn og kvinner, ordrett eldste og eldstinner, slik at begge kjønn har nokon å gå til og sjå opp til. I Paulus' brever talar han både til mannlege og kvinnelege eldste. Han, saman med sine medarbeidarar, både menn og kvinner, lærte dei å skikka seg rett i forsamlinga. Mennene satt han til å hjelpe sine medbrør, og kvinnene sine medsøstre.

 

Det er naturlegvis to feller å gå i her. Den verste er nok likevel å gje mennene makt over kvinnene i forsamlinga. I nyare tid har vi også eit eksempel på det motsette. I Knutby var det ei kvinne som utøvde si makt over mennene. Elles er det ofte innan sjelesorg ein finn døme på overgrep. For korleis er det mogleg at vi oppfattar det som klokt at ein mann og ei kvinne skal møte kvarandre heilt privat, der ei kvinne skal utlevere seg og slik oppleve ein ubalanse i maktforholdet? Eit slikt forhold må berre eksistere mellomt ein mann og ei kvinne som er gift. Er det ikkje slik at ein seksuell relasjon vil kunne tvinge seg fram på den eine eller andre måten, mellom to som møter kvarandre slik? Kva nyttar det vel med såkalla moralpreikar når skada så har skjedd? Har vi ikkje sett nok av dette? Etterpå tek vi avstand frå desse som vi har ført opp i same situasjonen. Kva så med ungdomen? Dei får også kome saman slik. Er det ikkje likeins med dei? Ja, dei let seg freista dei med. Det er mykje her som er uviseleg.

​

Så vil eg gjerne seie noko om kvifor nokon trur det må vere slik. For det nemleg slik at det greske ordet for eldste, presbyter, kan likne på vårt ord for prest, men det er to forskjellige saker. I fylje moselova var det berre menn som var prestar, og difor er det altså at nokon trur det er slik det skal vere. Det er likevel ikkje Bibelens ord som er skuldig i ei slik samanblanding, men den kyrkjelege tradisjon. Kyrkja har nemleg den forståinga at dei har teke over gudstenesta som Gud gav til jødane, og dermed også presteskapet, tempelbygginga og offeraltera. Dette med eldste (les også hyrde, pastor, forstander, leiar) er ganske nytt her til lands. Før vart dei berre kalla prestar. Kyrkjene deira kom som ei erstatning for tempela. I det nye testamentet er uttrykka prest og tempel brukt i overført tyding. Spørsmålet er om dei kristne verkeleg har erstatta jødane. Dette er komplisert å svare på. Mange kristne talar om erstatningsteologi, men dei talar ikkje så mykje om konsekvensane av ei slik lære. Dersom kristendomen har forsynt seg av jødedommen, altså har teke over Moselova. Kva er det då som må takast bort og kva skal med vidare? Og er vi villige til å gi frå oss noko vi har røva frå eit anna folk og som vi i dag oppfattar som vårt?

​

For å forstå korleis det var mogleg at ei slik lære kunne oppleve ein slik vekst, må vi gå tilbake til den første kristne tida. For grekarane låg då under stadig press frå enkelte jødar som ikkje til fulle forstod evangeliet. Desse hadde kome til tru, men hadde ikkje fornya sinnet sitt (omvendt seg). Difor tok dei til å lære at dei andre folkeslaga måtte bli som jødane og halde seg etter Moselova, med sine krav om omskjæring og heilagdagar, osv. Men etter eit såkalla kyrkjemøte i Jerusalem vart det slått fast at dei andre folkeslaga ikkje skulle vere bundne til Moselova. Likevel skjedde det at etter apostlane døydde ut, at spørsmålet kom tilbake. Då vart dei nye leiarane einige om å bryte med det første "kyrkjemøtet" og omgjere avgjerda til apostlane. Endringa kom også som fylje av øydelegginga av byen Jerusalem og tempelet etter år 70 e.Kr. Då kunne ikkje jødane lenger feire høgtidene etter Moselova. For eksempel kunne dei ikkje slakte påskelammet i tempelet, og halde påskemåltid for Herren, Herrens måltid, seinare kjent som nattverdsmåltidet. Jødane utvikla då ein substitutt dei kalla sedermåltidet, ein forenkla versjon. Då var det heller ikkje lenger eit krav om at jødane måtte valfarte til Jerusalem i dei tre store høgtidene. Folkeslaga fylgde etter og over tid utvikla ritualet vi no kjenner som nattverden. Kort og godt fordi når krava fall bort også for jødane, då kunne vel også heidningane ha eit liknande ritual. Romarane hadde då også slike ritual som dei gjerne ville erstatte. For det moderne mennesket derimot er det ikkje lenger nødvendig med slik erstatning. Dei har nye behov, som er heilt forskjellig frå oldtids menneska. No vil dei at kyrkjene skal lage nye erstatningar. Liksom apostlanes lære vart erstatta av kyrkjefedra, vil kyrkjefedranes lære bli erstatta av nye lærer. 

​

Kva var det eigentleg som kom fram på dette "kyrkjemøtet" i Jerusalem. Kor viktig er det? Det viser seg at Den Heilage Ande og apostlane vart einige om at Moselova gjaldt jødane og ikkje dei andre folkeslaga. Likevel var det noko dei andre folkeslaga også måtte gjere. Den Heilage Ande og apostlane skreiv då til dei: "at de held dykk frå avgudsoffer og blod og det som er strøypt, og hor. Om de tek dykk i vare for dette, vil det gå dykk godt. Lev vel!" (Apg. 15:28-29). Kva tyder så dette? Avgudsoffer var gåver gjeve til avgudsbileta, som blod og kvalte dyr (altså dyr viss blod ikkje er uttømt) høyrer inn under (sjå 3. Mos. 17). Dette var ikkje ulovleg for grekarane i oldtida. Det vart tvert imot oppfordra til å vise ære og ofre til gudebileta, slik at gudane ikkje skulle verta vreide. For jødane var det derimot forbode ved lov (Moselova). Men dette var i den første tid ei universal lov, altså den vart gjeve før utveljinga av Israelsfolket og gjeld slik alle menneske. 

​

Når det gjeld hor, ei omsetting av greske porneias, av pornos, det å selge, det vil seie prostitusjon, så tyder porneias dei gjerningar som prostituerte gjer, det å ha seksuell omgang med andre enn den du er gift med. Dette var på sett og vis "lovleg" i oldtida, som det til ein viss grad er den dag i dag. Men for folk flest, uavhengig av om ein er religiøs eller ikkje, så er det ikkje noko ærefullt ved utruskap. Dei fleste menn og kvinner ville ikkje tåle slikt. Det er grunnlag for skilsmisse. Når det likevel skjer så er det på grunn av forføringa, den vonde gjerninga som Satan gav Adam og Eva kunnskap om allereie i byrjinga. Dei kristne, så vel som jødane, skulle ta seg i vare for slikt, altså dei skulle vakte seg grundig for (gr. diatereo) dette. Hor inkluderer alle slags utanom ekteskapelege relasjonar, også dei unevnelege, som er ein styggedom blant alle folkeslag. Det å dyrke ein avgud vart også oppfatta som hor, fordi då var ein utru mot Gud.

​

Farisearane var slike som på ein særleg måte vakta seg for dette, og som deltok i fordømminga av dei som hadde synda, dei som hadde feila i forsøket på å vere avhaldne. Jesus refsa difor farisearane og sa til dei (Matt. 5:27-28): "De har høyrt det er sagt: Du skal ikkje driva hor! Men eg seier dykk: Kvar den som ser på ei kvinne med lyst etter henne, har alt drive hor med henne i hjarta sitt.Greske emoicheusen (moicheuo), av moichos, ein elskar, som her er omsett med hor, tyder at desse allereie hadde elska med henne i hjarta sitt. Når straffa for å gjere slikt på ekte var døden etter Moselova, då var det minste dei kunne gjere, dei som berre hadde sett på ei kvinne i begjær, å rive ut det auge som hadde sett på ho, at iallfall det lemmet skulle døy. Det er heilt klart at Jesus sa dette for å sette det på spissen. For om dei verkeleg var betre enn andre, då eksisterte ikkje eingong tanken i dei. Så ville dei vere perfekt i forhald til lova, då reiv dei ut auga sine også, villige som dei var til å slå ihel nokon som hadde dreve hor på ekte. For slik er Moselova og likeins med samvitet vårt, dei viser oss at vi er vonde.

​

Men når Moselova er så streng at den gir dødsstraff for ei kvinne som er fanga i hor, kvifor er det då slik? Det er fordi Moselova er gjeve av Gud til førebilete. Lova kom for å vise korleis det vil vere i den nye himmelen og jorda. Der skal det ikkje vere nokon som gjer vondt. Om det vonde skriv Paulus (Gal 5:19-21):

​

Det er slikt som hor, ureinskap, skamløyse, avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, tretting, avundsjuke, sinne, æresjuke, kløyvingar, parti, misunning, mord, drikk, svir og meir slikt. Om dette seier eg dykk føreåt, som eg òg før har sagt dykk: Dei som gjer slikt, skal ikkje erva Guds rike.
 

Den harde straffa som død var, skulle vise korleis det var i eit rike der det vonde ikkje vart tolerert i det heile tatt. Likevel er det lett å misforstå her, for Paulus konkluderte slik om at lova var (Gal 3:24) "vår tuktemeister til Kristus, for at vi skulle verta rettferdiggjorde av tru." "Vår" det er altså jødane. Lova kom for å vise at ingen har klart å halde lova og enda mindre å gjere etter Guds vilje (Gal 3:10-11):

​

For alle dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning; for det er skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast ved alt det som står skrive i lovboka, slik at han gjer etter det. Og at ingen vert rettferdiggjort for Gud ved lova, det er klårt, for: Den rettferdige av tru, skal leva.

​

Løysinga er ikkje at vi må døy her og no. Slik var det heller ikkje i byrjinga. Ofringane i tempelet, og Jesu død, var førebilete på at synda var oppgjort ved døden. Det skulle vise oss at det livet som held oss i live må tømast ut og det må verta fylt med liv, evig liv. (Difor er det også at vi ikkje skal drikka/eta blod, fordi sjela, livet er i det). Vi treng å verta nye skapningar. Slik er det at det også står fram ein siste Adam, ein som er utan synd (sjå 1. Kor. 15 særleg v. 45-49). Paulus tala om at vi er slavar under synda så lenge vi lever i syndelekamen. Men Gud har forsona seg sjølv med mennesket, først gjennom førebiletet med dyreoffer etter Moselova, men sidan ved det som lova og profetorda peika fram imot, altså Jesu død og oppstode, som vi på førehand reknar oss med til, fordi det vitnar om at Gud tilgjev oss syndene etter vår død og at Han vil reise oss opp att frå dei døde i endetida. Då skal vi verta ei ny skapning, så sant vi vil. Vi skal verta fødde på ny, til å leve i ein ny lekam, ein som ikkje kjenner synd. Difor står det at om nokon har synda, då skal dei be om tilgjeving og dei skal få tilgjeving. Om vi ikkje vert tilgjeve av menneske, så er ikkje Gud liksom dei. For den som ikkje har vakta seg grundig for slikt som avgudsdyrking og hor, dei skal vite at Gud er nådig, om ikkje menneske er det. For til kvinna som var grepen i hor og som skulle steinast til døde etter Moselova, sa Jesus: "Heller ikkje eg fordømer deg. Gå bort, og synda ikkje meir!

​

Det er også slik med dei gjeldande lovene i Norge. Dei er til for å vakte oss frå det vonde og til å straffa dei som bryt lova. Men det er håp også for dei som har brote lova. Dei får sone straffa si, og når det er gjort får dei vende tilbake til samfunnet igjen, vel og merke gjeld ikkje dette dei som er i dømt dødsstraff. For dei som får leve, lyt vi sørge for at dei får hjelp til å ikkje bryte lova meir. Slik er det også med kvart menneske på jorda. Når vi dør er Guds ord til Adam oppfylt (1. Mos 2:16-17): "Og Gud Herren baud mennesket: Du kan fritt eta av kvart tre i hagen, men treet til kunnskap om godt og vondt, må du ikkje eta av, for den dagen du det gjer, skal du visseleg døy.Då er straffa sona - døden. Men så til evangeliet, den gode bodskapen, det nye som er kome til. For Gud lot sin herlegdom verta lagt i jødekvinna Maria sitt morsliv og Jesus vart fødd. Han var den førstefødde, den som etter jødisk skikk og lov skulle innviast til Gud, til Guds eigedom. Han var Guds Son. Slik gjorde Gud seg lik med oss menneska og Jesus kunne døy ein død som var lik vår. For også Jesus vart freista til å forkaste Gud, men i dette feila han ikkje. Slik kunne heller ikkje Døden halde på han og Gud reiste han opp att frå dei døde. Difor står det at alle som reknar seg med til Jesu død og oppstode, skal ein dag verta oppreist frå dei døde ved enden. I Joh. 3:16-17 står det:

​

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. For Gud sende ikkje Son sin til verda for å døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

​

Så har ikkje Gud fordømt verda, så lat oss ikkje gjera det vi heller. Når vi no har det grunnleggjande på plass kan vi ta til med dei vanskelege spørsmåla som det ikkje er så lett å gje enkle svar på.  

​

​

​

Giftemål og skilsmisse

Eit ofte stilt spørsmål er korleis ein stiller seg til dette med giftemål, skilsmisse og gjengifte. For det første har vi her i Norge lover for dette, og dermed bør dei som lurer på dette studere kva lovverket seier. Jødane, iallfall i oldtida, hadde Moselova som retningslinje, som dei kunne spørre til råds, om kva dei hadde rett til og ikkje. Det var dette dei jødiske leiarane på Jesu tid var ute etter å fange Jesus i. Spørsmålet dei stilte var: "Kan ein mann skilje seg frå kona si av kva grunn som helst?Det var kanskje mogleg at ordlyden i Moselova peika dit hen? Ja, for korleis skal vi eigentleg forstå det som står skrive her? (5M 24:1-4): 

​

Dersom ein mann tek seg ei kone og gifter seg med henne, og han ikkje likar henne lenger, fordi han har funne noko hjå henne som byd han imot, då kan han skriva eit skilsmålsbrev og gje henne i handa og senda henne bort frå huset sitt.  Om ho så, etter at ho har flytt frå han, går av stad og gifter seg med ein annan mann, og denne andre mannen òg får uvilje mot henne og skriv eit skilsmålsbrev og gjev henne i handa og sender henne bort frå huset sitt, eller om han døyr, denne andre mannen som har teke henne til kone, då må ikkje den fyrste mannen hennar, som sende henne frå seg, ta henne til kone att, etter at ho er vorten urein. For det er ein styggedom for Herrens åsyn. Og du skal ikkje føra synd over det landet Herren din Gud gjev deg i arv.
 

Skriftstaden her er noko vanskeleg å forstå, men nøkkelordet er altså om mannen finn noko som byd han imot, her i tydinga ved hennar nakenheit (hebr. ervah), ofte assosiert med skam, men eigentleg i form av respekt, beskjedenhet, ærlighet, ære, dyd, ærefrykt og ærbødighet. Paulus skriv om at mannen og kvinna i ekteskapet skylder kvarandre godleik. Det er litt merkeleg at uttrykket godleik, godsinna (gr. eunioan) er utelatt i mange bibelomsettingar, då det gir eit feil inntrykk av kva ein faktisk skuldar kvarandre (sjå 1. Kor. 7:3). I dette ligg det også at verken mannen eller kvinna skal styre over (gr. exousiazo) sine eigne kroppar, i tydinga at kroppen er noko ein berre skal ha for seg sjølv. Dette er noko ein har saman i eit ekteskap. Mannen og kvinna skal ikkje berøve kvarandre retten til samliv, utan at det er avtalt på førehand for ei tid, for så å kome saman igjen. Dette for at Satan, som er Guds fiende, ikkje skal få freiste dei. Det er nemleg slik at når lysta til samliv ikkje vert tilfredstilt, då kan ein kome opp i situasjonar der ein ikkje maktar å stå imot fristelser. For dei som er gift er seksual drifta noko som fører dei saman, og som gir dei velvilje mot kvarandre. Om dette vert hindra, då kan eit ekteskap lett bli problematisk. Difor må ein vere særleg varsom på dette. Stort sett ordner det seg sjølv. Ein må iallfall ikkje sikre seg dette ved vald, for ingenting er så øydeleggande for samlivet som valdtekt. 

​

Likevel er det noko som kjem klart fram i dette sitatet frå Moselova, nemleg at den gav jødane løyve både til skilsmisse og gifte seg med ein annan. Dei mektige på Jesu tid ville vite om dei kunne skilje seg av kva grunn som helst. Visstnok skal dei ha vore kjent for å skilje seg og gifte seg på nytt, fleire gongar. Det kunne jo vere at dei syntes kona var blitt for gamal og ynskte seg ei ny. Då kunne dei skilje seg. Dette var ei gode for mange menn, men ikkje for kvinnene deira. Eigentleg dreiv dei på same vis som dei andre folkeslaga gjorde. Svaret til Jesus burde etter deira meining ha vore i tråd med Moselova. Men Jesus visste kva dei tenkte og lærte dei difor at Moses gav dei løyve til å ta ut skilsmissebrev, fordi dei var så hardhjerta. Så minte han dei på det som var skrevet frå byrjinga, om når ein mann forlet sin far og mor, då skal han halde seg saman med (det står eigentleg limast saman til) kvinna si, og dei to skal vera eit kjøt. På kva måte skjer dette på? Gud har lagt ned i mennesket, i mannen og kvinna, ei lyst til å vere saman. Dersom ikkje Gud hadde gjeve menneska ei slik sterk lyst, då hadde dei ikkje funne saman og då hadde dei vore utan frukt. Då hadde det ikkje kome born til verda. Ingen nye skapningar hadde vorte fødd. Denne lysta er slik gitt av Gud, det er lagt ned i skapninga for å befolke jorda, fylle den med menneske. Dette er Guds vilje. Det er også førebiletleg. For slik er det Gud ynskjer å fylle ein ny himmel og ei ny jord, der det ikkje skal finnast vondskap, der alle er fylt av han som fyller alt i alle. På alle vis vil det difor vere unaturleg å skilje dei som er limt saman på denne måten. Ein skal ikkje gjere det.

​

Kva er det då for grunnar ein kan ha til å gå frå kona si? Alle som har inngått eit giftemål veit at det tek tid å vekse saman og at det innebærer mange misforståingar og umoden oppførsel i første tida. Det skulle vel gi mange grunnar?! Men Jesus gav dei då berre denne eine grunnen til å gå frå kona si, nemleg dersom ho driv hor (gr. porneia), dvs. at ho ligg med andre menn. Slik er det også at den kvinna som skil seg og gifter seg med sin elskar (gr. moichao), driv hor. På samme måte er det med mennene som gjer slikt og som skil seg frå kona si i sitt bægjer etter andre kvinner. (Her er det mange dårlege omsettingar å spore, som gir eit anna inntrykk. Studer Matt. 19:9 og Luk. 16:18). Disiplane som høyrte dette, sa då til Jesus: "Viss dette er einaste grunnen, så er det ikkje lønsamt å gifte seg" (fritt gjengjeve frå grunnteksta). Jesus korrigerte dei då og sa at det ikkje er gitt alle å leve som ein evnukk, dvs. slike som er kastrert frå fødselen av, som er utan evne til sædproduksjon (frø). Eller også dei som er kastrert av menneske. Det er også dei som frivillig har latt seg kastrere for himmelrikets skuld (sjå f.eks. Jes. 56:1-8).

​

Paulus fekk også spørsmål om ekteskap og skilsmisse. Han byrja med å understreke at han på grunn av den tida dei levde i, at det var godt om ein mann ikkje knyter seg til (gr. haptomai) ei kvinne ved giftemål. Han var då friare i tenesta si. Han skriv med tanke på det kallet dei hadde og på motstanden dei møtte. Dei vart forfylgde, sette i fengsel, avretta osv. Det var ingen god situasjon å vere i for nokon som ville stifte ei familie. Likevel, skriv han også, på paradoksalt vis, at det på grunn av den tida dei levde i, ei tid som er lik vår eiga, der mange driv hor, altså tek seg elskarar og ligg med kvarandre (gr. porneias), så var det betre at kvar enkelt mann (disippel) tok seg ei hustru og likeins at kvar kvinne (disippelinne) gifte seg med ein mann. Men han held altså fram at det å vere fri, altså ugift, også var bra. For den ugifte slepp å engste seg for alt det som høyrer verda til. Det at ein må ha eit hus og ein fast jobb, kunne forsørge og forsvare kone og born, som igjen gjer det vanskeleg å tene Gud, iallfall som apostel. Det står også om at nokre av disiplane hadde med seg konene sine på apostelturane (1. Kor. 9:5). Så er det heller ikkje alle som reiser ut som apostlar, men som heller er eldste på kvar stad. Då er det godt å vere gift. Vidare lærte Paulus at det er godt å vere ugift eller enkje. Ein treng ikkje å gifte seg på nytt, men om ein ikkje makter å leve utan, så lat ein gifte seg. For det er betre å gifte seg, enn å brenne av lyst, altså denne sterke lysta til å vere saman. Til dei gifte, skriv Paulus, at ei kvinne ikkje skal skilja seg frå mannen sin. Men om ho så gjer, skal ho anten framleis leva ugift eller forlika seg med mannen. Så skriv han til dei andre. Til ein kristen bror, ein som har vorte kristen, som har ei vantruande kone, eller om det var omvendt. Om dei vert samde om å halde fram med å vere gift, så skal dei ikkje skilje seg frå kvarandre. For den som ikkje trur, vert heilaga av den som trur og slik vert også borna reine. Men om den vantru vil skilje seg, så lat han/ho gjere det. Dei skal vite at dei ikkje er bundne av slikt. For vi veit ikkje alltid om vi kan vinne den andre. Bli i den stand du var når du kom til trua, er Paulus' generelle råd. Den som var omskjært (jøde), skal halde fram med å vere omskjært. Den som ikkje er det, lat han framleis vere uomskjært (heidning). Etter førebiletet som lova gir, varer eit giftemål livet ut. Om ein døyr er den gjenlevande i sin fulle rett til å gifte seg på nytt, etter Moselova.  

​

Dette er det altså vi må råde dei som spør til å akte på. Så kva då med skilsmissebrev? Og kan ein gifte seg med ein annan om ein vert skilt? Kva meir kan ein legge til grunn for skilsmisse, anna enn hor? Her er det sikkert mange som har grunnar til skilsmisse. Som vi ser i 1. Kor. 7:3 står det at ektefellene skylder kvarandre å vere snille og gode. Ein mann må ikkje utøve vold mot kona si, og likeeins må ikkje ei kone vekke mannens vreide. Har dette kome ut av kontroll? Lir ein under ekteskapet sitt og tenkjer på skilsmisse, då må ein først tenke over om det er noko ein kan gjere betre og faktisk gjere det. Om ein ikkje makter å endre det vonde til det gode i eit ekteskap, då er det kanskje best å leve atskilt. Her må ein gå fram i all visdom. Jesus tala om at Moses hadde gitt dei lov til å skilje seg fordi dei var så hardhjerta. Dersom ein berre øydelegg kvarandre, og ikkje er i stand til å endre på noko, då kan ein vel godt skilje seg? Det er også det i fylje norsk lov om separasjon og skilsmisse. Men om ein så gjer, skriv Paulus at ein då anten held fram med å leve som ugift eller også forlika seg med kvarandre, altså seperasjon for ei tid og så prøve å finne tilbake til kvarandre eller i ytterste konsekvens gå for skilsmisse. Uansett er ein ille ute i slike settingar, då ein lett kan verta freista til å starte eit nytt samliv. I mange tilfeller er det nettopp ynskje om å gifte seg eller få vere saman med sin elskar som er grunnen til skilsmisse. Dei som vert skilt og som gifter seg med ein annen, står også sjølvsagt i fare for å ende opp som skilt og gift med nok ein annen. Det er kanskje meir nyttig å forbetre det ein allereie har. Likevel er Paulus' generelle råd (1 Kor. 6:12 NB): "Jeg har lov til alt - men ikke alt gagner. Jeg har lov til alt - men jeg skal ikke la noe få makt over meg!" og (1 Kor. 10:23 NB): "Jeg har lov til alt, men ikke alt gagner. Jeg har lov til alt, men ikke alt oppbygger."

​

Kvifor er Paulus så streng her? Det får vi også vite. For til dei som ynskjer å tene Herren som hyrde, å vakte flokken, står det at ein tilsynsmann eller ein eldste, må vere mannen til ei kvinne, altså han må halde seg til ei kvinne, til eit ekteskap. Det må også vere ein mann som veit å oppføre seg korrekt, ein som viser godsinn mot kona si og borna sine og som meistrar ekteskapet sitt. Og kven gjer vel det? Det er dei som held ut og slik lykkast. Men ikkje må dette vere "eit spel for galleriet". Det må ikkje berre vere "ei fasade". Det må vere sant. Ein mann må også kunne stå seg imot påverknad frå foreldre, svigerforeldre, kone, born, slektningar og venar som ynskjer at ein må gjere unntak for deira skuld, at han må kunne vri litt på sanninga. Likevel må han kunne vere fleksibel og kunne endre seg. Han må la dei rundt seg for gjere som dei vil, samtidig som han sjølv held på eigen integritet, altså stå fast i trua. Men korleis skal ein som ikkje makter å styre/leie sitt eige hus, vere i stand til å styre/leie dei truande? Likeins er det med kvinnene. Liknande råd er også gjeve til dei som ynskjer å tene blant dei truande. (Sjå 1. Tim. 3, samt også Titus' brev). Legg då merke til at dette gjeld dei eldste. Her gjeld dette med å vere eit førebilete. Dette er det skrifta seier. 

​

​

Homofili

Dette er også eit svært ømtåleleg emne. Det spørsmålet ein forkynnar gjerne møter på, er om ein kan vere kristen og likevel homofil? Igjen må vi sjå til norsk lov. Homofili var straffbart inntil 1972, då det kom ei lovendring. I den gamle straffelova frå 1902 sto det:

​

"§ 213. Finder utugtig Omgjængelse Sted mellem Personer af Mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige, eller som medvirker dertil, med Fængsel indtil 1 Aar. Med samme Straf ansees den, som har utugtig Omgjængelse med Dyr, eller som medvirker dertil."

 

Dette var «Forbrydelser mod Sædeligheden». Sedskap (sedelighet) er nedarva vaner og måter, tradisjoner. I 1981 kom ei ny lov som kriminaliserte grov krenking av homofile. Ettersom det i 1972 også vart gjeve løyve til å inngå sambuerskap, kom det i 1993 ei lov som gav homofile rett til å inngå partnerskap. På denne tida var det framleis ei skam å vere homofil. I fylje norsk lov av 1993 står det:

 

En kirkelig vigsler kan også nekte å foreta vigsel dersom en av brudefolkene er skilt og den tidligere ektefellen lever, eller dersom brudefolkene er av samme kjønn.

​

Slik er det ikkje lengre. I 2008 vart denne lova oppheva ettersom homofile då fekk rett til å inngå giftemål. Frå 2013 vart det også gjeve ei lov om diskriminering av homofile i samfunnet, som igjen vart erstatta av likestilling og diskriminerings lova av 2018. Dei homofile verda over har stått opp for sine rettar, og for min del har eg forsona meg med at det er slik. Eg finn det uklokt å opponere mot dette og vise sin avsky, som mange gjer. Kyrkjesamfunna av i dag er organisert etter ein bedriftsmodell, med styre og styremedlemar og er underlagt norsk lov på dette området. Så lenge dei er avhengige av styresmakta, så må dei fylje dei reglar som gjeld. Dei som ikkje ynskjer å kome inn under desse lovene må byrja å be til Gud og gjere seg avhengige av Gud.

​

I Moselova var det forbod mot homofili. Spørsmålet er då om dette hadde endra seg på apostlanes tid? Svaret er ganske enkelt: Nei. Det er to grunnar til det. For det første var Paulus jøde og svarte i hovudsak på spørsmål frå jødane. Altså var det ikkje noko endring på dette i hans tid. For det andre, som vi ser ovanfor, kom denne lovendringa frå 1972 og opp til vår tid. Diskusjonen om kor vidt Paulus var for eller imot homofili er også irrelevant. Som vi skal sjå lærer Paulus at homofili berre er ein liten del av eit større bedrag (som per definisjon er det å ta feil, men likevel overbevise seg sjølv eller andre om at dei har rett) skildra i Rom. 2. Han tek her fram særleg to punkt, før han kjem med ei lang liste som alle mennesker er skuldig i å gjere. Han konkluderer med at Guds vreide er over alle som gjer slikt, altså over alt kjøt, alle menneske. Den som dømer homofile, dømer difor seg sjølv. 

​

For det første nemner Paulus avgudsdyrking, dette med å dyrke eit bilete av Gud. Her må vi forstå at alle menneska på jorda i utgangspunktet trudde på ein Gud som hadde skapt himmelen og jorda. Men så laga dei ulike bilete av gud, og då var det ikkje lenger Gud han som ingen menneske har sett. Nokre har prøvd med at Jesus, sjølve avglansen av Gud, var ein menneske som var sett. Dermed var hans avbilete gud. Men nei. Guds herlegdom er usynleg for menneske. Den må opnberrast. Likevel har over størsteparten av kristenheita gjort seg skuldig i dette bedraget. Dei ortodokse, katolske og liknande kyrkjer driv med biletdyrking. På det første "kyrkjemøtet" vart det slått fast at ein ikkje skulle gjere slikt, men så har dei i ettertid vorte påverka til å gjere unntak frå dette, å vri på sanninga. Det er tydleg at nokon fekk i stand eit nytt kyrkjemøte der ein endra på det første med nokre pennestrøk. Under Luthers reformasjon vart det beslutta å avskaffe avgudsdyrkinga, men det vart gjeve avviklinga eit visst tidsrom. Det "siste" avgudsbiletet her i Norge vart teke ut av kyrkja på 1800 talet. Så det tok tid. Så det er ikkje svært lenge sidan at alle kyrkjesamfunn, men unntak av kjettarane som nekta å tilbe bileta, var avgudsdyrkarar. Så du kristne, vent litt no før du kaster første steinen på dei homofile. 

​

Det neste punktet Paulus nemner er homofili. Han samanliknar dei to slik (Rom 1:18-32) (her fritt omsett frå grunnteksta):

​

 "dei vart tomme og tåpelege i sine diskusjonar og ressonnement, i sine dialogar. Hjarte og sinn vart skyggeaktig, fylt av tåkeprat, slik at dei ikkje lenger kunne sette saman tankane sin rett. Når dei då sto fram og trudde dei var klare og tydlege i si tale, så var det eigentleg ikkje mykje dei fekk sagt, det framsto som eit mysterium kva dei meinte. Dei laga seg nemleg eit bilete av Gud, Han som ikkje kan forgå, i skikkelsen av eit menneske som forgår, og i bilete av fuglar, dyr og reptil. Difor overgav Gud dei til sin lengsel, til si lyst etter det ureine, og mellom kvarandre gjorde dei det som ikkje er ærefullt, det ein teier om. Dei bytta bort sanninga, det som ikkje ligg gjøymt, med lygna, det som vert forsøkt gjøymt, og uttrykte sin kjærleik, tilbad og ofra, gav gåver til det som var skapt framfor Han som er Skaperen og som det vert tala vel om like inn i det evige. På grunn av dette gav Gud opp å vise dei til rette. Då gjorde dei det som ikkje er ærefullt mot kvarandre. For kvinnene bytta bort sin naturlege atferd, men ein unaturleg. Og likeins mennene, som gjekk bort frå sin naturlege bruk av kvinna og brann i lyst etter kvarandre. Desse mennene gav seg hen til kvarandre, og gav kvarandre det dei var bundne til av dette bedraget. På samme vis som dei ikkje tenkte på å kjenne Gud, så vart dei oppgjevne til å gjere slikt som ikkje sømer seg.           

​

Det er slik i dag at to kvinner finn saman og så tenker dei: "Å, om vi berre kunne få born saman". Ja, logikken her er totalt fråværande. Det hjelper heller ikkje om to menn finn saman, dei som har sæden, og dei byrjer å tenke på å få born saman. Nei, det er umogleg. Men så er det altså dei tenker ut at dei kan lure seg sjølv til at det går likevel. Så bedrar dei kvarandre. Ja, slik er det. Dei har fått staten med på bedraget sitt, som har gitt dei retten til å få born. Men det gir oss ingen rett til å sjikanere dei homofile. Skulle ein ikkje kunne seie det same til kyrkjene som tilbed bileta av Gud? Korleis er det mogleg å foreine dette med Bibelens ord? Det går ikkje. Lat oss likevel ikkje tale stygt om dei som gjer slikt. Velsign og forbann ikkje. Gjer godt imot alle menneske.

​

Deretter kjem den verkelege store kraftsalva mot alle menneske på jorda (Rom 1:29-32):

​

Dei er fulle av allslags urett, umoral, vinnesjuke, vondskap, fulle av misunning, mordlyst og strid, svik og list. Dei vart ryktemakarar, baktalarar, gudshatarar, valdsmenn, overmodige, skrythalsar, snare til å finna på vondt, ulydige mot foreldre, uvituge, upålitande, utan naturleg kjærleik, hardhjarta. Dei kjenner godt til Guds rettferdige dom, at dei som fer med slikt, fortener døden. Likevel ikkje berre gjer dei det, men held òg med dei som gjer det.
 

I kap. 3 skriv han likevel at vi ikkje skal døme verken dei som tilber avgudsbilete eller homofile eller denne siste gruppa, som vi alle høyrer inn under. For vi veit, anten ved Moselova eller samvitet vårt, at Guds dom er over alle som gjer slikt.

 

Kva meinar så Paulus med alt dette? Ja, Gud har nemleg vist at det ikkje skal vere noko vondskap i den nye himmel og jord. Alt det vonde skal forgå. Hugs då på at vi alle er syndarar, og at Gud tilgir oss vår synd, uansett kven vi er. Det vil seie, vi skal alle døy og når vi døyr er saken oppgjort mellom Skaperen og skapninga. Det står at Gud har tilgjeve, ikkje berre dei som trur, men alle i heile verda. Til dei som trur og som vil verta frelst frå denne verda, dei skal Gud reise opp att frå dei døde i enden. Dette er frivillig og skal ikkje påtvingast. Fortel bodskapen din du som Gud har kalla til dette og gå vidare. Du har gjort ditt. Det er ikkje berre homofile som ynskjer at det vert gjort unntak for deira skuld. Dette er heilt vanleg i alle slags samanhengar. Vi kjem difor alle under same dom. Likevel er det slik at gjennom dette livet så vil det kome klart fram kva den enkelte av oss elskar, anten det er det som er i denne verda eller det som er i den neste, det som vi allereie no har fått ein forsmak på ved trua, og dei åndelege gåvene frå Gud. Denne kjærleiken er knytt til Gud og det er Han som må døme og velge kven Han ynskjer å dele sitt liv med.

​

Kjønnsforvirring 

Homofili er ofte knytt til det som er tabu, det som ikkje vert nevnt, det vi teier om. For det første er det ei skammeleg lyst, noko ein held skjult. Rett og slett fordi folk flest ikkje har dette for vane og heller ikkje verta ein del av det. Når enkelte vel å støtte slikt samliv vitner det om at dei har ei ny tilnærming til slikt. For det første handlar "Pride" om det å vere stolt, og ikkje skamme seg over å vere homofil eller kjenne på forvirring kring kjønn. Det å ha vorte skeiv eller på skakke, fordi ein har opplevd noko som har skada ein slik at ein ikkje lenger liknar på originalen. Å rette opp ei skade er ikkje gjort i ei håndvending som nokon trur. Staten har ikkje ressursar til å rette opp i dette, som med så mangt anna, og difor støtter dei dei skeive sin rett til status quo. "Pride" er difor ei rørsle, ikkje til støtte for homofili i hovudsak, men for kvart menneske sin rett til å bestemme over seg sjølv. Det må dei homofile også vere klar over. Rørsla er politisk radikal og kjempar for rettigheiter som endrar på normalen. Begrepet radikalisering vert ikkje nytta her, sjølv om mange i dag vert med på dette. Det uheldige er at rørsla har fått motstandarar som handlar imot dei. Dette fører til ytterlegare polarisering og ei djupare konflikt. Eg tenkjer at om ein hadde latt dei vere i fred hadde dette gått over av seg sjølv, mens det no har reist seg mot samfunnet og truar med å øydelegge det. Eg oppmoder difor kvar kristen om å stanse med motangrep øyeblikkeleg.

  

Kjønnsforvirring som fylje av forføring og overgrep

Det er heilt klart at mange i dag vert homofile fordi dei kjenner på slike begjær. Det er for enkelte lettare å kome nær ein av sitt eige kjønn, og slike forhold er difor meir tilgjengelege, då ofte seksualisert, men likevel ei avsporing. Andre igjen kan rett og slett kome i ei identitetskrise der dei kjenner på homofile følelser. Då er ein ofte eit lett bytte for homofile som er ute etter nokon å leve dette ut saman med. Sjølvsagt kan også homofil forføring skje på same prinsipp som hos heterofile. Det er ikkje rett å vinne seg ein kjæraste eller ektefelle ved hjelp av forføring, altså ved å spele på dei sterke seksuelle lystene som er i alle menneske. I 1. Tess 4:2-5 står det slik:

​

Dere kjenner jo de påbud vi gav dere ved Herren Jesus. For dette er Guds vilje, deres helliggjørelse: Hold dere borte fra hor. Hver av dere må vite å vinne sin egen ektefelle i hellighet og ære, ikke i lidenskapelig begjær slik som hedningene, de som ikke kjenner Gud.
 

Eit slikt samliv vil ikkje kunne halde seg over tid, fordi den seksuelle delen av eit samliv er noko sporadisk. Gjensidig kjærleik mellom to parter er det som verkeleg gjer at eit ekteskap vert haldbart. Slik forføring vert ikkje rekna som overgrep eller noko skammeleg i vanleg forstand. Men det finns forføring som vert det. Ei form vert brukt ovanfor ein svakare part, anten born eller kvinner, men sjølvsagt også ovanfor ein del menn, der den svake part kan kjenne seg tvinga til å underordne seg. Forføraren er då ute etter å flytte på grenser, og håper at han/ho på sikt greier det. Det første verkelege overgrepet vil då vere av ein slik art at offeret skammar seg, og føler på skuld over å kome i ein slik situasjon. Ofte kan offeret verte utsett for overgrep gjentatte gongar. 

​

Likevel er det slik at om nokon opplever homofili som heilt naturleg, så er dei uvitande om at dei støtter opp om eit bedrag av ein langt meir alvorleg type. Dei som har opplevd seksuelle overgrep vil ikkje at det skal kome fram. Dei fortrenger det. Nokre har traumer og posttraumatisk stress syndrom som fylje av det dei har opplevd. Det er ikkje noko dei er stolt over. Dei har skuldkjensle. Det er i det heile tatt tabu. Det er ei SKAM. Uttrykket Pride henspeiler på dette. Så når det gjeld seksuelle overgrep, så må vi trø varsamt. Dette er ikkje noko som høyrer heime på ein talarstol. Ein forkynnar må ikkje tvinge nokon til å ta eit oppgjer med dette. Er det ein overgripar blant forsamlinga, så tal han til rette og vis han frå deg. Her bør ein oppfordre den skuldige til å melde seg til politiet, og gjere opp for seg slik lova seier og søkje profesjonell hjelp. Han/ho bør vitne og avsløre det dei har kjenskap til utover sin eigen pedofile atferd, slik at politiet kan gripe inn ovanfor andre offer. For dei som har opplevd overgrep følar på skam, og vil i sjølvforsvar kanskje fornekte eller utelate å fortelje om det dei har opplevd. Ein overgripar har også ofte blitt det, ved å ha opplevd overgrep sjølv. Her er det viktig at forsamlinga ikkje brukar tid på dette sjølv, men henviser dei til dei rette autoritetane på området. Forkynnarar og leiarar må konsentrere seg om oppgåva som dei har fått frå Herren. Sjelesorg på generellt grunnlag bør heller ikkje utførast av dei som arbeider med Guds ord. Difor bør ein heller ikkje "omvende" homofili i kyrkjeleg regi. Ein bør forkynne evangeliet for dei, som ein ville gjort med alle andre, og deretter overlate dei til sine eigne val.

​

Eit ofte utelatt tema innan dette med seksuelle overgrep er kva biverknader det gir forutan psykiske plagar, kanskje særleg angst og stressreaksjonar, men også psykoser av meir alvorleg grad. Forstår vi at mange homofile (det gjeld sjølvsagt ikkje alle) vert det som fylje av overgrep og voldtekt? Forskning viser f.eks. at gutar som opplever overgrep kan få ein svekka manndom, altså framstå meir feminimt. Born og voksne av begge kjønn, kan oppleve overgrep, det å verta forført eller lurt til seksuelle handlingar eller rett og slett valdtekt. Sistnemnte kan føre til avsky mot det kjønn som valdtok dei, og dei kan difor godta seksuell tilnærming frå same kjønn og utvikle eit homofilt samliv. Ein annan veg inn er like tabubelagt. Ein overgripar kan vere (ofte er) av same kjønn, og det kan forvirre ein persons legning. Incest og pedofili kan gjere stor skade, ikkje berre i heimar med overgriparar, men vidare i nabolag og i andre sosiale samanhengar, som i kirka. Ja, i kristne samanhengar skjer det også. Det treng ikkje å vere ein medlem av kyrkja, men foreldre som kjem innom f.eks. med born i søndagsskulen. Dei som kjem frå heimar der dei har opplevd gjentatte overgrep, incest og pedofili, kan fortsette å gjere slikt (ofte gjer) når dei sjølv stiftar familie. Pedofile nyttar også sine eigne born til å utføre overgrep på andre born, slik at dei skal fjerne grensene på meir "uskuldig" vis. Ein kan også bli forført av ein av same kjønn, og slik kan det utvikle seg homofile kjensler som ikkje var der før. Forskning viser at slike vert forvirra når det gjeld si eiga legning. Dei har opplevd dette som noko godt, og har fått ei lyst etter å oppleve meir av det samme. Born kan også vise til andre born det dei har lært, utanfor ein slik setting og på ein måte der det ikkje vert oppfatta som overgrep. Det er likevel tabu, ettersom ein ikkje vil prate opent om det. Ein bør uansett trå varsomt både blant homofile, og alle mennesker som på en eller annan måte har opplevd forføring, inkludert overgriparane sjølv. Dette er iallfall langt over det kompetanse område forkynnarar vanlegvis har. Eg er samd med staten her. Ikkje prøv å redde slike ved å vere noko meir enn det ein er. Henvis til kvalifisert hjelp. Her finns psykologar som ikkje er radikalisert også.

​

​

​

Pornografi

Ein treng heller ikkje å verta forført direkte. Det er nemleg dei same kreftene som verkar i pornokulturen. Det er avslørt at dette vert drive av overgriparar av alle slags varianter. Det ser ut som vi har gløymt at pornografi tidelegare var ulovleg og produsert av kriminelle. Dette er slike som tilfredstiller seg sjølv ved å forføre andre til grenseoverskridande attferd. Her er vi alle utsett fordi dette brer om seg inn i alle samanhengar. Staten har no fått augene opp for personvernet til den enkelte brukar av seksualiserte tilbod. Det er ofte gratis og dermed sel dei opplysningar om personen som benytter tilbodet. Her er det også mykje ulovleg innhald. Skadevare, altså data som er ute etter å skade personvernet. Forsøk på utpressing osv. 

 

I filmverda handlar det mykje om å forføre særleg unge menn og kvinner til å utføre seksuelle handlingar foran kamera. Ettersom det er svært unaturleg atferd opererer ein med såkalla grooming, altså ein forfører unge mennesker til å ville utføre dette, motivert av penger eller andre ytingar. Difor heiter det porno, fordi det er prostitusjon. Er porno ulovleg? Prostitusjon er stort sett ulovleg. Det er noko å tenke over. Vel, her bryt lovgjevarane si eiga lov! NRK har også mange program der ein fristar unge menneske med pengar for å utføre seksualiserte handlingar til underholdning for tv-sjåarane. Ofte under påskot av opplæring. På svært liknande vis er også mange prostituerte trent opp til å drive prostitusjon, slik at andre kan berike seg av dei. Prostituerte er ofte "grooma" eller også tvungne til å gjere dette.

​

 

​

Abort 

Eg tenker at abort også er tabu. Det er ofte knytt til svært vanskelege problemstillingar. Igjen må vi hugse på at det er lover for slikt her i Norge. Ei tid var det ulovleg, i dag er det til ein viss grad lovleg. Abort er å avbryte av eit svangerskap, altså ein graviditet. Det er nokså vanleg at eit svangerskap utviklar seg feil og det skjer ein spontan abort, altså eigentleg ein for tidleg fødsel. Fosteret kan då ha utvikla seg feil. Det er ikke lenger levedyktig, og kroppen støter det ut liksom ved ein fødsel. For dei som opplever dette, kan det være svært tungt og sorgfullt. Men det er ein risiko ein må regne med. Hugs på at også dette er tabubelagt. Det er difor vanleg å vente med å offentleggjere eit svangerskap før det har gått minst 3 månader. Abortlova gir kvinner rett til å avbryte svangerskapet inntil tolvte veke, som er ca. 3 måneder. I tillegg kan det ved særskilte årsakar, der det er fare for kvinnas liv og helse, eller av sosiale grunner, eller ved fosterskade, eller også ved kriminelle forhold (voldtekt, incest), verta gitt lov til abort utover tolvte veke. Då skjerpast lova til: "Kan fosteret være levedyktig, er det ikke tillatt å avbryte svangerskapet. For praktiske formål er levedyktighetsgrensen satt til 21 uker og 6 dager (2018)." Dette er ca. 5 månader. Det er iallfall svært strengt å abortere så seint. Det er då eit brutalt inngrep på noko som er levedyktig, og som ein må unngå for alt det ein kan! Personleg synes eg det er forkasteleg å sjikanere dei som vel å ta abort. Her må ein trø varsamt fordi dette er nokon ein ikkje kjenner til. Det er tabu, altså noko som er skambelagt. Det er uviseleg og eit overgrep i seg sjølv å tvinge seg inn på andre sitt privatliv. 

​

Under eit svangerskap og etter eit svangerskap, er fosteret, og seinare bornet, avhengig av beskyttelse om det skal leve opp. Fødde born kan også døy, og sidan også i det voksne liv. Det heile byrjer med ein sæd, ein ørliten skapning som må finne seg eit egg å vekse opp i. I egget vert det forma/fostra (derav foster) slik at det liknar meir og meir på eit menneske desto lenger ut i svangerskapet ein kjem. Heilt til det siste er det i utvikling. Etter fødselen fortsetter det. Barnet veks, og vert meir og meir modent, til det vert vakse. Det er viktig at vi gir fosteret sjansen til å leve, liksom vi lar eit barn få leve opp. Det er godt at nokon taler saken for fosteret, barnet, guten eller jenta, mannen eller kvinna. Men vi må utøve godsinn og ikkje fordøme. Dette er heller ikkje ei sak som er særleg godt eigna frå ein talarstol. Det er tabu og uømtåleleg. Vær varsom!

​

Alkohol - drikke seg full, måtehald eller avhold?

Dette er også eit vanskeleg spørsmål. Bibelens klare tale er måtehald, der ein direkte vert fråråda å drikke seg full, som er populærbegrepet for det å innta alkohol. I dei fleste samanhengar er det å krysse grensa over til å bli full ei spøkefull tilnærming, der ein utfordrar kvarandre til dumskap for underholdningas skuld. Det er difor viktig at dei mest erfarne, forsikrar seg om at dei uerfarne forstår at leik med rus er alvorleg, og at dei som spøker med slikt gjer det for moro skyld. Det burde kanskje vere ulovleg å oppfordre til overdreven bruk av alkohol. I nokre tilfelle kan ein faktisk oppleve eit illebefinnande, dvs. ei akutt rusforgiftning. Då kan det vere aktuellt å oppsøke legehjelp og sjukehus innlegging. I dei aller fleste tilfelle kan ein sove av seg rusen eller forgiftinga, men ein ville kjenne det på kroppen dagen etter. Hugs på at alkohol virkar umiddelbart, og bør nytast i små mengder, med måtehald. Her bør dei som "ruser" seg på alkohol, hugse på at ein ikkje er noko betre enn dei som ruser seg på andre stoff, anna enn at alkohol er eit lovleg rusmiddel, mens narkotika ikkje er det. Dei som nyt alkohol bør heller gå foran som eit godt eksempel og ikkje ruse seg, dvs. ved overdriven bruk.

​

Elles kan det vere greitt å vite at alkohol er svært farleg for fosteret under svangerskapet. Konsekvensen er at fosteret utvikler seg feil, og bornet kan det få seinverknader relatert særleg til hjernens utvikling. Det same gjeld ulike medikament. Somme menneske kan også utvikle alkoholisme, dvs. ein unaturleg og unormal konsumasjon av alkohol, regelrett misbruk, som fører til konstant sug etter same rusen. Det er også sterkt for magen og bør unngåast av dei som har magesår eller andre magerelaterte sjukdomar. 

​

Elles er det å merke seg at avhald i Bibelen var eit unntak. Sjå f.eks. lova om nasirearane, som ikkje skulle drikke vin eller brennevin så lenge dei var heilaga til nasirear. I Ordspråka 31 står det at dei som drikk vin og brennevin ikkje taler visdom, og at dei heller er kjent for å gjere narr av og krangle med andre. Det er heller ikkje godt for dei som skal døme andre å drikke vin og brennevin, slik at dei gløymar lova og forvrenger retten for dei stakkarane som er stilt fram for dom. Dei må vere edruelege under arbeidet.

​

I Israel dyrka dei vindruer ihht. lova. Dei nytte vinen til høgtidene sine. Jesus drakk vin servert til påskemåltidet. Det er mest vanleg å drikke vin med alkohol. Det er i gjærings-prosessen at vinen blir alkoholisert. Nokon lager brennevin som har ein svært sterk alkohol prosent i seg. Dette tener også til medisinsk bruk. Her i Norden har det til alle til vorte laga mest ølbrygg, i mangel på druer. I kristendommens historie har nattverdsvinen vore sentral, og det var f.eks. ein debatt om nattverden kunne feirast med eller utan alkohol. Frelsesarmeen på slutten av 1800 talet heldt f.eks. ikkje nattverd på grunn av alkoholen, ettersom dei hjalp alkoholikarar/drankarar. Det same vil eg tru gjeld for dei kristne sentera for rusproblematikk.

​

Avhaldsrøyrsla er også eit nokså nytt fenomen. Røyrsla vaks fram i kjølvatnet av brennevins produksjonen tidleg på 1800 talet. Tru det eller ei, men her i Norge var Hans Nilsen Hauge og haugianarane blant dei som sto for stor produksjon og sal. Hauge verka særleg på Vestlandet. Han vart åtvara av Vis-Knut, ein orginal blant kristenfolket, men Hauge avfeia det og meinte dette ikkje var noko farleg. Han lova derimot at dersom han tok feil i dette, skulle han vere den første til å slutte med det. Det skulle vise seg at Hauge tok kraftig feil. Utover på 1800 talet vart det konsumert altfor mykje alkohol, og det sleit på mange ekteskap. Alkoholiserte heimar vart etterkvart eit kjempestort problem. Det førte også til at kvinnene byrja å kjempe for stemmerett i USA. Ei av dei første store sakene dei greip tak i var brennevinen. Her i Norge vart det diskutert korleis ein kunne få bukt med alkoholproblema, om det var ved måtehald eller avhald. Det vart fast bestemt at måtehald ikkje ville fungere så lenge folket var  alkoholiserte, i all fall blant kristenfolket og på dei stadane Hans Nilsen Hauge hadde virka. Det vart difor satsa ein heil del på avhald. Det skulle vise seg å vere eit svært verknadsfullt tiltak. Mange barn og unge avsto frå å smake alkohol, og dermed vaks det fram ein ny generasjon som møtte dette problemet med motvekt. Utover på 1900-talet fekk ein bukt på problemet. Det vart ein normaltilstand igjen, og folk kunne nyte alkohol utan å få særleg store alkoholproblem. Haugianarane, mange av dei vart bedehusfolk, kom likevel ikkje til å gje slepp på sin nye avhaldspolitikk då ein fekk bukt på problemet. Det tok så lang tid at dei som starta arbeidet ikkje lenger levde og dermed vart det ikkje satt i gang tiltak for å  normalisere situasjonen. Andre stader i landet der Hauge ikkje hadde påverka like mykje, har forholdet til alkohol normalisert seg i trå med samfunnsutviklinga generelt. Kristne, f.eks. på Austlandet, drikk alkohol som den mest naturlege ting. 

​

Så korleis forheld vi oss til dette med alkohol? I fylje norsk lov må du vere over 18 år for å nyte øl og vin, og vere over 20 år for å nyte brennevin over 20%. Ansvarlege foreldre veit å lære sine born at dei ikkje må drikke seg fulle, men dessverre er det umodne foreldre som råder borna til det motsette. Dette er fordi det er populærkulturen som rår. Unge uvitande drikk seg også lett for fulle, og gjer ting dei angrar på. Det er også mange som ikkje tåler alkohol, og som blir avhengig av å ruse seg. Dei finn ei slags trøst i rusen. Dei nyttar den som "sjølvmedisinering". Dei bør sjølvsagt få den hjelpa dei treng, og bør oppfordrast til totalavhold, iallfall for ei tid. Så er det også dei som ynskjer å vere avhold, sjølv om grunnlaget for det er falle bort. Så lenge vi kan drikke reint vatn og andre læskedrikkar med kjemikalske konserveringsmiddel her i Norge, så vil nok det ikkje vere noko stort problem. Eg trur ein fint kan greie seg utan alkohol. Ein går ikkje glipp av så mykje. Likevel vil eg ikkje vere nokon motstander. Folk må få velge sjølv. Det er i allfall ikkje noko synd, som enkelte stivnakka menneske hevder. Det står berre på deira eiga rekning. I Bibelen finn du ikkje grunnlag for ei slik lære. I snart 6000 år har menneska på jorda drukke vin, medan dei berre i knappe 100 til 150 år har latt det vere. Her på Vestlandet er det likevel ikkje så lett, ettersom avholdsrøyrsla er såpass stor som ho er. Her må ein i så fall ha stor tru om ein skal gjere imot dei mange, for då skil ein seg ut. Dei som driv måtehald her held det nok mest for seg sjølv. Så hugs rådet (Ef. 5:18-20): 

​

Drikk dykk ikkje drukne av vin, for det fører berre til utskeiingar, men vert fylte av Anden, så de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege songar, og syng og spelar for Herren i hjarto dykkar, og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn.
    

​

Kjelder:

2017.02.08-Rapporten-Ser-vi-gutta-for-nett-andre-versjon.pdf (reform.no)

​

Denne sida vart laga i 2022; sist endra 7 januar 2024.

​

​

​

bottom of page