Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Be så skal du få

Her om dagen vart eg mint om ei bok eg leste for mange år sidan, «Den himmelske mann - hans egen historie», av broder Yun. Det var noko som stod skrevet der som var til stor hjelp for meg i tida etter mi nyomvending.

 

I den første tida som nyomvendt var eg ganske naiv. Eg visste at livet var komplisert, men når livet er lett, kan ein gløyme desse realitetane. Min far minna meg på at dersom eg satsa alt på at eit kyrkjesamfunn skulle ta seg av meg eller utruste meg, så ville eg berre verte skuffa. Truslivet er noko sjølvstendig, noko som må halde seg flytande utan at andre bær ein. Først trudde eg ikkje noko på det. Men det gjekk ikkje så lang tid før han faktisk fekk rett.

 

Min far bad meg om å grunna på desse orda: Salme 1, Rom. 12:1-2 og Jak. 1:5. Sistenemnte lyder slik: «Men om einkvan av dykk vantar visdom, då må han be til Gud – for Gud gjev til alle, villig og utan vondord – og så skal han få». Dette var nyttige ord som hjalp meg til å stå stødigare som kristen, råd frå ein eldste til ein yngste. Men det førte meg likevel til kort. Det gav meg mykje, men ikkje nok. Far lærte meg også å sette pris på boklærdomen. «Les kva andre har opplevd». «Husk på at ingen har alle svar og at dei fleste har teke feil i mykje». «Husk på at det er lett å bli oppblåst og tru at ein er noko. Visdomens og kunnskapens brønn er djup, det er mykje å ta av». Det var kanskje ikkje akkurat desse orda han nytta, men essensen er den same. Min trusveg måtte eg gå å finne sjølv.

 

Broder Yun forteller i sin bok om hans mors omvending, at ho verken kunne å lese eller å skrive, men ho hadde lært av det andre hadde sagt. Ho vart tidleg landsbyens evangelist. Då Yun som 16 åring vart omvendt, vaks det likevel fram eit sakn i han om å lære meir. Han fekk høyre om Bibelen og at det sto meir der enn det dei visste om til no. Mor hans visste om ein eldre mann som hadde vore pastor (eldste) før den frie kristne trua vart forbode i Kina («Tre selv bevegelsen» var ei lovleg kristen kyrkje under oppsyn av staten, ei statskyrkje). Ho meinte at denne pastoren (eldste) kanskje hadde ein bibel. Men då dei kom til han gav han dei det uventa svaret:

 

Bibelens bok er en himmelsk bok. Hvis du vil ha en, må du be til Gud i himmelen. Bare han kan skaffe deg en slik himmelsk bok. Gud er trofast. Han svarer alltid dem som søker ham med hele sitt hjerte.

 

Yun ba og ba, men ingenting skjedde. Han fekk ingen bibel. Då gjekk han tilbake til denne pastoren (eldste), som gav han eit nytt svar: «Hvis du mener alvor, skal du ikke bare knele og be til Herren. Du bør også faste og gråte. Jo mer du gråter, desto før får du en bibel». Yun gjorde som mannen hadde sagt. Då syntes foreldra hans at det gjekk for langt.

 

Men plutseleg ein morgon fekk Yun eit syn frå Herren. I synet fekk han sjå seg sjølv gå opp ein bratt bakke med ei kjerre framfor seg. Han skulle til ein nabolandsby for å tigge etter mat til familen. Då fekk han auge på tre menn som kom gåande ned bakken. Dei stoppa og spurte om Yun var svolten. Han forklarte at det ikkje berre var han som var svolten, men heile familien. Han grein når han fortalte det til mennene. Då vart dei fyllt av medynk og gav han ein raud pose med brød, og sa at han måtte ete det med eingong. Då Yun putta det i munnen vart til ein bibel. Deretter knelte han ned og prisa Gud i synet.

Då han våkna var synet så ekte at han leita gjennom heile huset etter Bibelen. Foreldra trudde at han hadde mista forstanden. Dei heldt han godt fast og gråt saman alle tre. Då banka det med eit på døra og ei vennleg stemme ropte på Yun. Utan å opne døra spurte Yun om det var han som kom med brød. Ja, var svaret, eit verkeleg godt brødmåltid hadde dei med. Utanfor sto to menn, to av dei han hadde sett i synet. Eine av dei hadde ei raud veske som han gav han, og  då Yun opna veska sto han der plutseleg med sin eigen bibel i handa.

Dei to mennene fortalte om ein evangelist som hadde lidd mykje for Herren, at han for tre månader sidan hadde fått eit syn, der Gud hadde vist han ein ung mann som han skulle gje sin bortgjøymde bibel til. Men han hadde drøydd i to månader før han bestemte seg for å lyde Gud i dette.

 

No har vi ulike behov. Her i Norge har vi tilgang til så mange biblar vi berre vil ha. Vi har biblar i overflod. Vi er rike på Guds ord. Men også her blir vi hindra i å forsyne oss. Det er som det står skrevet: «Ve dykk lovkunnige! For de har teke kunnskapsnykelen. Sjølve har de ikkje gått inn, og dei som var i ferd med å gå inn, har de hindra» (Luk. 11:52). Dei fleste kristne blir difor svake og dermed ueigna til å tene Gud. Dei finn heller ikkje den same nytten som broder Yun og søker etter ei anna fylde enn den Guds Ande gir. Men Gud har mykje å gje oss. Men det er vi som må be Gud om å få. Som det står i Jak. 1:5: «Men om einkvan av dykk vantar visdom, då må han be til Gud – for Gud gjev til alle, villig og utan vondord – og så skal han få». I 1. Kor. 14:1 står det: «Søk med iver å få dei åndelege gåvene». Ta deg tid å lese kva nådegåver det er tale om. For det er stor mangel på nådegåver i dag. Det er viktig med visdoms tale og kunnskaps tale. Det er viktig med profetisk tale. Det er viktig med tungetale. Det er også viktig med kraftige gjerningar og nådegåver til å helbrede frå all slags sjukdomar. Søk etter som Gud gir deg. Som det står skrevet i Rom. 12:1-2:

 

Eg formanar dykk altså, brør, ved Guds miskunn, at de byd fram lekamane dykkar som eit levande og heilagt offer til Guds hugnad. Dette er dykkar åndelege gudsteneste.

Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at hugen dykkar vert oppattnya, så de kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det som han har hugnad i, det fullkomne.

 

Be etter Guds vilje. Søk ikkje etter det din eigen lyst og lidenskap ønsker, men legg alt dette ned som eit offer for Gud. Søk det som Gud har behag i. Lat oss vandre på den vegen Gud har satt framfor oss (Sal 1:1-6):

 

Sæl er den mannen som ikkje ferdast etter råd frå gudlause menneske og ikkje står på vegen saman med syndarar og ikkje sit i sete med spottarar, men har si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. Han skal vera lik eit tre, planta ved rennande bekker. Det gjev si frukt i si tid, og blada på det visnar ikkje. Alt det han gjer, skal han ha lukke med. Slik er det ikkje med dei gudlause. Dei er lik agner som vinden blæs bort. Difor skal ikkje dei gudlause stå seg i domen, og ikkje syndarar der dei rettferdige samlast. For Herren kjenner vegen åt dei rettferdige, men vegen åt dei gudlause fører til undergang.

 

Lat oss på ny heilage oss for Herren og framstille oss som reine kar som kan verta brukt i teneste for Han. Amen!

 

Litteratur:

Br., Yun, P, Hattaway. Den himmelske mann - hans eigen historie. Prokla-Media (2004).

 

Denne sida vart laga i 2018; sist endra 16 mars 2021.