top of page

Bibelleksikon​

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Døden

Døden er ei omsetting av greske thanatos, av ei rot som tyder å forsvinne, å bli uklar, å bli tåkete, å gå bort, å dø. Hebraiske mooth i det gamle testamentet har same tydinga.

 

Vi går inn i døden på ulike vis, men alltid med det same resultatet, vi visner bort, sovner inn, forsvinner ut av syne, forlater dei levandes verden og kjem inn i dei dødes verden. I gresk mytologi var guden Thanatos, den som førte dei levande inn i døden, inn i Hades, inn i det usynlege, til dødsriket. Mor til Thanatos var Nyx, nattens gudinne. Hans far var Erebos, mørkets gud. Hans tvillingbror var Hypnos, som tyder søvn. Alle representerer på kvar sin måte ein slags mellomtilstand, eit slags tidsrom der ein må vente, ein stad der ein må opphalde seg i for ei tid.

 

Døden kom inn i verda som fylje av at slangen, ormen (i fylje Op. 12:9 kalla Satan og djevelen) lurte mennesket til å ete av det treet Gud hadde sagt dette om (1. Mos. 2:16-17): «Du kan fritt eta av kvart tre i hagen, men treet til kunnskap om godt og vondt, må du ikkje eta av, for den dagen du det gjer, skal du visseleg døy». Døden vert skildra slik i 1. Mos. 3:19:

 

Med sveitte i andletet skal du eta brødet ditt, heilt til du vender attende til jorda, for av henne er du teken. Mold er du, og til mold skal du venda attende.

 

Sistnemnte sikter til menneskets skaping i 1. Mos. 2:6-7:

 

Men ei skodde steig opp or marka og vatna overflata over heile jorda. Gud Herren forma mennesket av mold frå jorda, og bles livsande inn i nasen hans, og mennesket vart til ei levande sjel.

 

Slik vart mennesket levande og slik døydde det.

 

I 1. Mos. 2:7 møter vi også på dei tre uttrykka vi brukar om eit levande vesen, nemleg ånd, sjel og lekam. Dette er tre uttrykk for det same vesenet, eit vesen som altså er treeinig. Menneskets lekam blir naturlegvis til jord igjen ved sin død. Uttrykket sjel tyder kort og godt den pustande. Hebraiske nephesh tyder i fylje Strongs lexicon «a breathing creature», ei pustande skapning, av hebraiske naphash, å puste. Likeins med greske psuche, psyke. Når eit menneske døyr vil sjela, altså pusten, stoppe opp og oksygentilførselen ut i lekamen opphøyrer. Som vi ser vart det første mennesket levande ved Guds pust, ånde (hebr. nshamah, gr. pneuma), og som fylje av det er alle menneske på jorda i dag levande ved den same livspusten. Liksom sjel og lekam er noko personleg, er også ånda det. Det står slik om menneskets ånd i 1. Kor. 2:11: «For kven av menneska veit kva som bur i eit menneske, utan menneskeånda som er i det? Såleis veit heller ikkje nokon kva som bur i Gud, utan Guds Ande». Og liksom alle vart levande ved Guds livspust, ved det første menneskets skaping, døyr alle menneske ved det første menneskets synd og død.

 

Mennesket vert som kjent avla fram og fødd. Det lever ei tid og så døyr det. Mennesket går då til dødsriket, som eigentleg berre er den staden åndene vert haldne - for somme inntil Herrens attkome; for andre inntil den evige domen. Det går til det som på gresk vert kalla ho Hades, det usynlege og på hebraisk Sheol, skuggelandet. Den evige domen som ventar etter dei tusen åra er skildra i Op. 20:12-15:

 

Og eg såg dei døde, små og store, stå for Gud, og bøker vart opna. Og ei anna bok, som er livsens bok, vart opna. Dei døde vart dømde etter det som var skrive i bøkene, etter gjerningane sine. Havet gav att dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var i dei. Og dei vart dømde, kvar etter gjerningane sine. Og døden og dødsriket vart kasta i eldsjøen. Dette er den andre døden: eldsjøen. Og dersom nokon ikkje fanst skriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.

 

I 1. Tess. 5:23 står det slik: «Må så han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom, og gjev at dykkar ånd, sjel og lekam må haldast fullkomne, ulastande ved vår Herre Jesu Kristi kome!». For også før dei tusen åra, ved Herrens attkome, skal nokon stå opp att frå dei døde. Dette vert kalla den første oppstoda (Op. 20: 4-6). Om den står det også i 1. Tess. 4:15-17:

 

For dette seier vi dykk med eit ord av Herren: Vi som lever og vert att til dess Herren kjem, skal så visst ikkje koma i førevegen for dei som er sovna inn. For Herren sjølv skal koma ned frå himmelen med eit bydande rop, med ein overengels røyst og med Guds basun, og dei døde i Kristus skal fyrst stå opp. Deretter skal vi som lever, som har vorte att, saman med dei rykkjast opp i skyene, opp i lufta, for å møta Herren. Og så skal vi for alltid vera saman med Herren.

 

Den siste oppstoda kjem etter dei tusen åra (Op. 20:12-15).

    

 

 

 

Dødsriket (tilhaldsstad)

Omsetting av greske ho Hades, det usynlege. Namnet til guden Hades tyder den usette. Svarer til hebraiske Sheol, skuggelandet. I Luthers tyske bibel omsett til der Hölle (eng. Hell), som på norsk er Helvete. Dette ordet kjem frå urgermanske *halja, i tydinga det som er dekt til, det som er skjult.

 

I norrøn gudelære var Hel tilhaldsstaden til dei døde. Hel var også guddommen som styrte over Hel, liksom Hades styrte over Haidou, Hades hus eller rike, i gresk gudelære. På latin vert Hades kalla Plouton eller Pluto, den rike. Siste del av ordet Helvete, vete, kjem av norrøne vitti, som tyder straff. For det står i 1. Mos. 2:16-17 at Gud sa til mennesket: «Du kan fritt eta av kvart tre i hagen, men treet til kunnskap om godt og vondt, må du ikkje eta av, for den dagen du det gjer, skal du visseleg døy». Denne lova om synd og død har ramma oss alle. Døden er straffa for synd.

 

Luthers Bibel er online på www.bibel-online.net.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 28 juli 2018.

 

 

Dåpen

Omsetting av greske baptisma, av baptizo, av rota bapto, å velte, i tydinga å rulle noko rundt i vatn. Dette ordet kan igjen kome av det førindoeuropeiske gwabh, som tyder å dyppe, å senke. Luthers ord for dåp var tyske Taufe, dåp, som kjem av Tiefe, djup, av oldgermanske daupíjan, i tydinga å verta dykka ned, dyppa ned, neddyppa, neddykka.    

 

Innhaldsliste: Døyparane, døypt til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage, dåpen til døyparen Johannes og dåpen til Herren Jesu namn, døden og syndstilgjevinga, ulik dåpspraksis.

 

 

Døyparane

I Matt. 3:5-6 står det slik om døyparen Johannes då han døypte jødefolket i Jordanelva: «Då drog Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan ut til han, og vart døypte av han i Jordan-elva, i det dei sanna syndene sine». I Mark. 1:4 står det at han «forkynte omvending og dåp til forlating for syndene». Jesus frå Nasaret kom også for å la seg døype av Johannes, og då Johannes såg Jesus ropa han høgt slik at alt folket skulle høyre det: «Sjå der Guds lam, som ber verdsens synd» (Matt. 3). I Joh. 4:1-2 står det at også Jesu læresveinar døypte. Likeins i Matt. 28:18-20. Der står det at dei frå Jerusalem skulle gå ut i heile verda og kalle til seg læresveinar og døype kvar enkelt som kom til tru. Vi ser også klart og tydleg at Peter døypte i vatn (Apg. 10:47-48) og likeins evangelisten Filip (Apg. 8:36-39).

 

 

Døypt til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage

Her skal vi merke oss at Jesus lærte dei å døype «til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande» (v.19). I Apg. 2:38 lærte Peter slik: «…lat dykk alle døypa på Jesu Kristi namn til forlating for syndene». I Rom. 6:3-5 står det slik:

 

Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus, vart døypte til døden hans? Vi vart altså gravlagde med han ved dåpen til døden, så at liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens herlegdom, slik skal vi òg ferdast i eit nytt liv. For har vi vorte sameina med han ved ein død som er lik døden hans, så skal vi òg verta det ved ei oppstode som er lik oppstoda hans.

 

Her kan vi merke oss ordlyden i Apg. 2:38, der det står «på Jesu Kristi namn», og i Matt. 28:19, der det står «til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande». er her ei omsetting av greske epi, mens til er ei omsetting av greske eis. Tydinga av desse to orda er omtrent det same. Eis indikerer det punktet som er nådd eller gått inn i (Strong’s Lexicon). Legg merke til at det i Rom. 6:3 står «døypte til Kristus» (eis christon iesoun). Jesus Kristus er altså det namnet som er innfallsporten til alt dette herlege vi skal få del i når vi eingong skal verta samla til Kristus. Legg merke til at det i Rom. 6:4 står slik: «Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens herlegdom». Han viste seg nemleg i sin herlegdom etter at han var stått opp igjen frå dei døde. Men det var ikkje hans eigen herlegdom. I Joh. 17:5 står det slik: «Og no, Far, herleggjer du meg hjå deg sjølv med den herlegdomen eg hadde hjå deg før verda vart til!». I Hebr. 1:3 står det nemleg slik om Kristus:

 

Han er avglansen av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han held alle ting oppe ved sitt mektige ord. Etter at han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgra handa åt Majesteten i det høge.

 

Likeins i Kol. 1:15-17:

 

Han er eit bilete av den usynlege Gud, den fyrstefødde framfor all skapning. For i han er alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, anten det er troner eller herskarar, makter eller herredøme. Alt er skapt ved han og til han. Han er før alle ting, og alt står ved lag ved han.

 

I 1. Joh 1:1-3 står det slik:

 

Det som var frå opphavet, det som vi har høyrt, det som vi har sett med augo våre, det som vi såg og hendene våre rørde ved, om livsens Ord, – og livet vart openberra, og vi har sett det og vitnar og forkynner dykk livet, det evige, som var hjå Faderen og vart openberra for oss – det som vi har sett og høyrt, det forkynner vi dykk, så de òg kan ha samfunn med oss. Og vårt samfunn er med Faderen og med hans Son, Jesus Kristus.

 

I Ef. 1:3-7 står det slik:

 

Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som har velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus. For i han har han valt oss ut før grunnvollen til verda vart lagd, så vi skulle vera heilage og ulastande for hans åsyn. I kjærleik har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, etter si rådgjerd av eigen fri vilje, til lov for sin herlege nåde, som han gav oss i Han som han elskar. I han har vi utløysinga ved hans blod, forlating for syndene, etter rikdomen av hans nåde.

 

I Hebr.  9:13-14 står det noko interessant:

 

For så sant blodet av bukkar og oksar, og oska av ei kvige, helgar til reinleik på kjøtet når det vert skvett på dei som er ureine, kor mykje meir skal då ikkje Kristi blod – han som i kraft av ein evig Ande bar seg sjølv fram for Gud som eit lytelaust offer – reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar så vi kan tena den levande Gud!

 

Herren Jesus Kristus var altså til før han vart menneske, i form av «ein evig Ande». Det var ved denne at han som bar seg sjølv fram som eit offer.

 

Elles kan vi merke oss at det var Guds Ande som reiste Jesus opp frå dei døde (Rom. 8:11) og det er ved den same Guds Ande at vi kan kallast Guds born (Rom. 8:14):

 

Men dersom hans Ande som reiste Jesus opp frå dei døde, bur i dykk, då skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekamar levande ved sin Ande, som bur i dykk.

 

 

Dåpen til døyparen Johannes og dåpen til Herren Jesu namn

I Apg. 19:1-7 skil Paulus mellom omvendingsdåpen (gr. baptisma metanoias), altså Johannes’ dåp og dåpen til Herren Jesu namn. Her skal vi merke oss at uttrykket omvendingsdåp ikkje siktar til at ein måtte sanna syndene sine, men til at Johannes bad dei om å tenke nytt, å fornye sinnet (gr. metanoeo), i det han lærte dei å tru på han som skulle kome etter han, nemlig Jesus. For dei skulle høyre etter kva Jesus sa og etterleve det. I Matt. 28:20 står det også at Jesu læresveinar skulle lære nye læresveinar frå alle folkeslag «å halda alt det som eg har bode dykk». Dette var ikkje å halde Moselova punkt for punkt, men det Jesus bad dei om å gjere. Her må vi likevel forstå at det er forskjell på jødar som var under loven, og heidningar som ikkje var under lova, men som kjem til tru. I Apg. 15:28-29 står det kva Moselova kravde av ein heidning som ville ha samfunn med jødar, eller eigentleg kva ein jøde kunne kreve av ein heidning som ville ha samfunn med han, slik at han sjølv kunne vere rein. Her står det ingenting om å halde verken sabbat eller nattverd, som er jødisk påske for Herren. Peters ord gjeld likevel for oss alle (Apg. 2:38): «Vend om». Fornya sinna dykkar!

 

 

Døden og syndstilgjevinga

I Rom. 6 står det at dåpen til Herren Jesu namn er ei gravlegging saman med han. Det at vi på førehand reknar oss som avgått med døden ved hans død, ved tru. For det står i Rom. 6:7-8: «For den som er død, er rettferdiggjord frå synda. Men døydde vi med Kristus, då trur vi at vi òg skal leva med han». Det er ikkje lett å sjå, men her seier Paulus at døden kom som fylje av synda, ettersom Gud hadde forbode dei å ete av det treet som gav dei kunnskap om godt og vondt, då Gud sa: «den dagen du det gjer, skal du visseleg døy» (1. Mos. 2:16-17). Når mennesket difor døyr så er det rett, det er rettferdig, i tydinga at då er det gjort reknskap for synda. Men når vi dør saman med Kristus, han som Døden ikkje kunne halde på, då er det også rettferdig at vi skal stå opp frå dei døde og leve saman med han der han er, som ei ny skapning. Døden kunne ikkje halde på Jesus (Apg. 2:24), fordi døden berre ramma syndarane. Jesus vart funnen utan skuld og difor reiste også Gud han opp frå dei døde. For Gud har late han «fare opp til himmelen» der han «er ved Guds høgre hand, der englar og makter og krefter er underlagde han» (1. Pet. 3:21-22). I 1. Pet. 3:18-22 står det om arken: «I henne vart nokre få, det er åtte sjeler, frelste gjennom vatn, det som no og frelser oss i sitt motbilete, dåpen». Motbiletet er altså dåpen, og dåpen siktar ikkje til «ei avlegging av ureinskapen i kjøtet, men eit godt samvits pakt med Gud» (1. Pet. 3:21). Her tenker Peter på at det ikkje er som i hebraiske rachats, bade, vaske kroppen, kjøtet. Jødane kallar dåpen for mikvah, som tyder neddykking. Sjå 3. Mos. 15, 4. Mos. 19:5 og 5. Mos. 23. Ein link er det likevel mellom rachats, via hebraiske tabal, dyppe, døpe og greske baptisma, i 2. Kong. 5, der syraren Na’aman, den spedalske, dyppa seg ned i Jordanelva sju gongar og vart reinsa frå spedalskesjuka si. Elles vart også dåp i fylje Apg. 22:16 brukt i overført tyding: «lat deg døypa og få syndene dine tvetta av, i det du kallar på hans namn!». For det siktar til at vi på denne måten reknar oss som døde for synda, altså for vår skammelege gjerningars skuld. For vassflaumen kom som ein dom over verda og den var til døden. Men for den rettferdige Noahs skuld, bad Gud om at Noah skulle bygge ei ark, noko han gjorde i tru på Gud, og den vart til frelse for både han sjølv og hans familie, for ikkje å snakke om alle hans etterkomarar som lever i dag. Før flommen kom gjorde han alt i tru på Gud, og det vart rekna han til rettferd. Arka gjekk gjennom dødsskuggens dal, gjennom døden, og førte åtte sjeler til livet. Då dei steig ut av arka var alle dei urettferdige døde. Den nye generasjonen som skulle fylle jorda var difor førebiletlegsett rettferdige. Det er ikkje flaumen, altså vatnet, som i første rekkje skal kome over oss, men døden. For berre dei som reknar seg med til vår Herre Jesu Kristi død, skal kome levande ut frå dødens vear og verta fødde på ny. For liksom arka førte dei åtte sjelene til ein ny himmel og ei ny jord (2. Pet. 3:5-7), skal vi ein dag verta berga frå denne verda over i ei ny, til ein evig himmel og ei evig jord.

 

 

Ulik dåpspraksis

Vi kan merke oss at det i dag er ulik dåpspraksis. Vi talar om dåp av spedbarn, vaksne og truande. Vi har ingen konkrete eksempel på spebarnsdåp i Bibelen, men det står både i Matt. 3:5-6 at alle i (gr. pas) eller «heile Judea» vart døypte av Johannes. Men det var unntak, som f. eks. at farisearane og saddukearane heldt seg borte frå hans dåp. Dermed må alle her modifiserast noko, utan at det treng å gå utover spedbarnsdåpen. I Apg. 16:33 står det også om fangevaktaren: «Og han vart straks døypt saman med alle sine», som indirekte kan tyde på at både foreldre og born, samt trælar, vart døypt. Men vi skal legge merke til at det også står i v. 34: «Og han gledde seg etter at han var komen til tru på Gud saman med alt husfolket sitt». Alle hadde altså kome til tru. Likeins i Apg. 8:36-39, der vi leser om evangelisten Filip og Hoffmannen:

 

Som dei no kjøyrde fram langs vegen, kom dei til ein stad der det var vatn, og hoffmannen sa: Sjå, her er vatn, kva er til hinder for at eg vert døypt? Filip sa: Trur du av heile ditt hjarta, så kan det gjerast. Men han svarar og sa: Eg trur at Jesus Kristus er Guds son! Så baud han at vogna skulle stogga. Og dei steig ned i vatnet begge to, både Filip og hoffmannen, og han døypte han. Men då dei steig opp or vatnet, rykte Herrens Ande Filip bort, og hoffmannen såg han ikkje lenger, for han drog sin veg i glede.

 

Uttrykket til hinder er ei omsetting av greske koluei, det som stoppar, i tydinga om det var noko som gjorde at Filip ikkje kunne fullføre oppdraget sitt, nemlig dåpen. Berre eit hinder låg i vegen, trua, altså om hoffmannen var overtydd om sanninga i det ordet som var utlagt for han? Hoffmannen trudde og Filip kunne døype han.

 

Elles skal vi merke oss det som står i Didache 7:1-4, om dei ulike måtane å døype på. I alle tilfelle vart dåpskandidaten heilt våt. I ein tidleg fase, då filosofien, jødedomen og kristendomen fusjonerte som ei ny folkeoppseding, venta mange med å la seg døype til dei låg for døden. Då var det heilt upraktisk med full dåp. Seinare kom det ei tid der mange spedbarn døde kort tid etter fødselen og ein byrja å døype spedbarn. For i oldtida og mellomalderen var ritualet knytt til overtru, der ein meinte at ein vart fødd på ny i det heilage dåpsvatnet. Sett i samanheng med evangeliets lære, er dette heilt og holdent vranglære. Frykta for at barnet ikkje skulle bli fødd på ny førte då til at ein helst døypte same dag eller dagen etter at barnet vart fødd. Då var det også heilt upraktisk med full dåp. Det er nettopp slike omsyn som har ført til at kyrkja har gått bort frå dåp i den bokstavelege tydinga, og i staden berre heller tre handflater med vatn over panna til barnet. Liturgien er også delt i to ulike fasar, der ein held dåpen kort tid etter fødselen og omvendinga, altså det å kome til tru (Apg. 2:38), og sjølve påkallinga, «i det du kallar på hans namn» (Apg. 22:16), så snart barnet er myndig. Kyrkja har altså ikkje halde urokkeleg fast på apostlanes lære. Men hovudproblemet er uansett ikkje sjølve ritualet, men om vi skal vere menneske meir lydig enn Gud. For dei som vert døypt er læresveinar, og når dei er utlært vert dei som sine lærarar. Det er her den verkelege synda ligg, og den er stor. For det vert ikkje gjeve rom for ei slik utvikling, verken hos dei som har spedbornsdåp, vaksendåp eller truandes dåp. Og dette er ikkje Gud sin feil. Dette er det mennesket sjølv som står bak.   

 

Kjelder i bruk: A Historical View of Greek Words Underlying “Baptism, Baptize” av Gary Martin

http://aoal.org/bt/docs/Baptism_WordHistory.pdf

Didache: http://www.earlychristianwritings.com/text/didache-roberts.html

Luthers Bibel er online på www.bibel-online.net.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 4 februar 2021.

 

 

 

Den Heilage Ande

Omsetting av greske hagio, som tyder annleis, ein annan, ulik, skilt ut som noko som er ulikt andre, i tydinga ei ånd som skiljer seg ut blant andre ånder. I LXX er greske hagio ei omsetting av hebraiske qodesh, reine, av qadash, å vere rein, altså ei rein ånd blant mange ureine. Det norske uttrykket heilag kjem av det å vere heil, intakt og uskadd, den ånda som ikkje er råka av lyter, feil og synd. Anden er ei omsetting av greske pneuma, ein straum av luft, av pneo, i tydinga å blåse hardt, altså den Anden som kjem innanifrå, frå Guds indre.

 

Den Heilage Ande er Guds og Kristi Ande. I 1. Mos. 1:2 står det at «Guds Ande sveiv over vatna». Gud blæste av sin Ande over vatna som dekka jorda i byrjinga. I 1. Mos. 2:7 står det også om då Gud skapte Adam at han «bles livsande inn i nasen hans, og mennesket vart til ei levande sjel». Lekamen vart forma av jorda og Gud gjorde den levande ved sin Ande. Ikkje slik å forstå at mennesket vart fylt av Guds Ande, men at Gud gjorde det slik at mennesket byrja å puste. Gud gav mennesket ein ande. Sjel er ei omsetting av hebraiske nefesh, som tyder pustande, den som pustar. Sjel er eit uttrykk for sjølve mennesket, livsvesenet.

 

Gud skapte mennesket som eit bilete av seg sjølv, mens mennesket fekk born som likna på seg. I Matt. 1:18-25 står det at Maria, mor til Jesus, han som vart kalla Messias eller Kristus, vart «med barn ved Den Heilage Ande» (v. 18). I Joh. 4:24 står det at «Gud er ånd». Gud Fader, Gud Son og Gud Den Heilage Ande er altså ånd. Når Maria vart «med barn ved Den Heilage Ande», så var det «avglansen av Guds herlegdom og biletet av hans vesen» (Hebr. 1:3) som vart avla fram. I Hebr. 9:14 står det om Kristus «han som i kraft av ein evig Ande bar seg sjølv fram for Gud som eit lytelaust offer». Men det var ikkje berre den synlege delen av Gud som vart til eit menneske, det var også den hørberre. I Joh. 1:1-4 står det at han er Ordet, det same som lydde i 1. Mos. 1, når Gud sa at det måtte bli slik og slik, og det vart slik han hadde sagt. Slik sett er Gud Fader liksom sjela, Gud Sonen liksom lekamen og Gud Den Heilage Ande er liksom ånden.    

 

I tidlegare tider vart profetar, kongar og prestar salva med olje som eit teikn på at Guds Ande eller Kristi Ande eller Anden var over dei. For dei vart drivne av Guds Ande, dvs. at dei vart drivne av Gud til å gjere det Gud ville. Messias, av hebraiske mashiyach, og likeins Kristus, av greske christos, tyder (den) Salva, (den som er) innsmurt med olje. Det siktar framfor alt til den kongen som folket ville ha i staden for profeten Samuel. Det står at den første kongen, Saul, var ulydig og at «Herrens Ande veik frå Saul og ei vond ånd frå Herren skremde han». Etter dette salva Gud ein annan mann til konge, David, ein mann etter sitt eige hjarte. David vart salva til konge medan Saul ennå levde, og først etter ei lang tid fekk han herredømet. David fekk ikkje bygge ein bustad for Gud i Jerusalem. Men det fekk Salomo, son hans. Slik sett er Salomo eit førebilete på Kristus.

 

I Luk. 3:22 står det om Jesus at Den Heilage Ande kom «ned over han i lekamleg skapnad, lik ei due». I Luk. 4:1 står det slik om Jesus: «Fylt av Den Heilage Ande vende Jesus attende frå Jordan, og Anden førde han omkring i øydemarka». Der vart han freista av djevelen i førti dagar. Men han sto djevelen imot. I v. 14 står det: «Jesus vende attende til Galilea fylt av den krafta Anden gav han, og gjetordet om han kom ut i heile landet der ikring». Jesus byrja då å gå imot alt det djevelen hadde fått makt over. Det var dette døyparen Johannes meinte då ha ropte ut desse orda: «Vend om, for himmelriket er kome nær!» (Matt. 3:2). Dei same orda ropte Jesus sjølv ut (Matt. 4:17): «Vend om, for himmelriket er kome nær!», og likeins apostlane: «Himmelriket er kome nær!». I Matt. 24:14 står det også: «Og dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til eit vitnemål for alle folkeslag». Markus har notert seg at døyparen Johannes sa: «Tida er fullkomen, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!» (Mark. 1:15). Dette riket er framleis nær oss ved den Anden Kristus sjølv vart salva med. For kvar den som vert driven av denne Anden er Guds born (Rom. 8:14), og dei vert driven til Guds arbeid - han som regjerer til evig tid og som har det evige riket i sin makt, og som har gjeve all makt i himmelen og på jorda til sin Son Jesus Kristus. Men kvar for oss har vi ulike oppgåver. Nokon vert utsendt der evangeliet aldri før har vorte forkynt, der djevelen har stor makt. Andre må gå imot der djevelen prøver å få tilbake makta over samfunnet på alle slags forførande vis.

 

Kristus tyder altså den Salva. I 1. Joh. 2:20 står det om dei truande brørne: «Og de har salving frå Den Heilage og veit alt». Salving er ei omsetting av greske chrisma, av christos (Kristus). Her har altså omsettarane gjort eit unntak frå regelen. For desse brørne hadde altså fått del i den same Anden som Kristus, og det er denne Anden som skulle lære dei om alle ting og drive dei til si gjerning, til si gudsteneste. Uttrykket kristne har same tydinga, av gresk christianos, medsalva.

 

Ettersom Gud på alle vis er heilag og rein, så må vi alle heilaggjerast, altså reinsast, før vi kan koma inn i Guds rike. Det var også mange lover i Moselova, både for det vanlege folket og for presteskapet, om å halde seg rein. Men alt dette var førebiletleg. For då Jesus sto fram, lærte han både prestane og folket at om dei var reine på utsida, så var dei framleis ureine på innsida. Lova sikta difor til noko større enn ei ytre reinsing. Reinskapslovene kunne ikkje oppfyllast på naturleg vis. Truleg nyttar omsettarane uttrykket heilag istadenfor rein, fordi dei tenker på offeret, som ikkje måtte ha manglar eller vere øydelagt eller skadd på nokon måte. Lova om det lytelause offeret vart oppfylt då øvstepresten vraka Barabbas, ein mann skuldig i opprør og drap, altså ein som hadde gjort synd, og valte ut offeret, Jesus frå Nasaret, som var funnen utan skuld. For vi er alle syndarar og skuldig til den døden som ventar oss, men han som ikkje hadde synda og som var uskuldig i sin død, han reiste Gud opp igjen frå dei døde. I dåpen reknar vi oss difor som døde med han, døde til ånd, sjel og lekam, slik at vi i den tid som no er, kan vere levande og verksame ved Guds Ande. For vi har det håp at vi ved den same Anden skal verta reist opp igjen frå dei døde og få del i eit heilt nytt liv, eit reint og heilt, heilagt liv, eit evig, utan synd og feil.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 4 november 2017.

 

 

Demon (vond ånd)

Demon er eit av dei orda som ikkje vert omsett til norsk i våre bibelutgåver. Demon er ei omskriving av greske daimon, av greske daio, å dele ut skjebner, og daiomai, dele, splitte, kanskje i tydinga noko som trekkjer og dreg i ein. Den førindoeuropeiske rota da tyder å dele eller å splitte.

 

I gresk mytologi ble demon brukt om de avdødes ånder. Ifølge Hesiod (Verk og dager, 109) ble gullalderens gode mennesker demoner etter sin død. Senere ble alle forfedrenes ånder kalt demoner; det var en vanlig oppfatning at hver og en hadde en «god demon» som skytsånd. Sokrates nevner ofte sin demon som en slags indre samvittighetens stemme. Demoner kunne også være ondsinnede. Grekerne spekulerte over forholdet mellom demoner og guder, og f.eks. Plutark mente at Dionysos og Herakles var gode demoner som var blitt til guder. (https://snl.no/demon).

 

På Jesu tid var Samaria og Judea (tidlegare Israel) hellenisert, og grekarane, under leiing av den romerske eliten, hadde verdsherredøme. Mange hadde latt seg forføre av grekaranes visdom, og jødanes religiøse leiarar hadde mista kontrollen og var rådville ovanfor det store problemet. I Mark. 6:34 står det slik om Jesus: «Då han steig i land, fekk han sjå mykje folk. Han hadde inderleg medynk med dei, for dei var som sauer utan hyrding. Og han tok til å læra dei mykje». Det var kort tid etter dette at han gjorde underet med dei fem brøda og dei to fiskane. Deretter vart Jesus kjent blant jødefolket. I v. 55-56 står det:

 

Folk sprang ikring i heile grannelaget og tok til å bera dei sjuke på sengene deira dit dei høyrde at Jesus var. Kvar han kom, til landbyar, byar eller bygder, la dei sine sjuke ut på torga. Dei bad han om at dei måtte få røra om så berre ved kanten av kappa hans. Og alle som rørde ved han, vart lækte.

 

Det var ingenting som var for vanskeleg for Jesus. I Matt. 8:16 står det slik om Jesu gjerning: «Då det vart kveld, kom dei til han med mange som var forgjorde av vonde ånder. Han dreiv åndene ut med eit ord, og han lækte alle som var sjuke». På gresk står det eigentleg:

 

opsias (kveld) de (men) genomenes (da det ble) prosenegkan (bar dei fram) auto (til han) daimonizomenous (dei som var demoniserte eller som hadde slike indre vesen) pollous (mange) kai (og) exebalen (han kasta ut av dei) ta pneumata (åndene) logo (med ord) kai (og) pantas (alle) tous (dei) kakos (verdilause, dårlege, vonde) echontas (hadde) etherapeusen (løyste).

 

Ei meir bokstavleg tyding er: «Då det vart kveld bar dei fram for han mange som var demoniserte og han kasta åndene ut av dei med sine ord og løyste alle frå alt dette verdilause». Her kan vi merke oss det i v. 17 står: «…, så det skulle verta oppfylt, det som er tala ved profeten Jesaja, som seier: Han tok på seg våre plager og bar våre sjukdomar». Slik skulle altså dette ordet oppfyllast. I Jes. 53:4 - i fylje den hebraiske grunnteksta - står det: akn (det står fast) chlinu (slitenheit) eua (han) nsha (løfta, letta) umkabinu (og våre smerter) sblm (han bar). Og dersom vi her bryter litt med den ordrette omsettinga, så tyder det på godt norsk: «Det står fast at han løfta oss opp når vi var slitne og bar oss då vi hadde det vondt». Her er det tale om at Herren er lik ein veldig far, ein som ikkje er rådlaus ovanfor kva det no enn skulle vere for vanskelege utfordringar. Gud kan løyse oss ut i frå alt det vi har rota oss inn i, endå til besetting av vonde ånder.

 

I Matt. 8:28-34 fyljer ei historie om Jesus og hans samtale med to menn som var svært ville og vanskelege å ha med å gjere. Dei var demoniserte (gr. daimonizomenous). Ikkje berre av ei ånd, men av ein heil legion av ånder. I fylje Mark. 5:1-20 og Luk. 8:26-39 møtte han berre ein mann. Ei forklaring kan vere at Matteus truleg sjølv var vitne til det som skjedde, mens Markus og Lukas har fått dette fortalt av andre. I fylje Mark. 5:18-20 og Luk. 8:38-39 kan det godt hende at den demoniserte sjølv hadde fortalt dei det, og at han dermed berre hadde fokusert på si eiga oppleving.  

 

I Luk 8:1-2 står det:

 

Og det hende i den tida som no fylgde, at han drog ikring frå by til by og frå landsby til landsby og forkynte evangeliet om Guds rike. Og dei tolv var saman med han, og lik eins nokre kvinner som hadde vorte lækte for sjukdomar og vonde ånder: Maria, med tilnamnet Magdalena, som sju vonde ånder hadde fare ut or, Johanna, som var gift med Kusa, ein embetsmann hjå Herodes, Susanna og mange andre, som tente dei med det dei åtte.    

 

Her står det eigentleg:

 

hai (som) esan (var) tetherapeumenai (blitt pleia) apo (bort frå) pneumaton (ånder) poneron (skaddefulle, vonde) kai (og) asteneion (si utmatting).

 

Desse kvinnene var slike «som var blitt pleia bort frå skaddefulle ånder og si eiga utmatting». NB88 har her omsett dei to greske uttrykka pneumaton poneron (vonde ånder) og daimonia med vonde ånder, og det er same sak. I Jak. 2:19 står det slik: «Du trur at Gud er éin. Du gjer vel! Også dei vonde åndene trur det - og skjelv». NB88 omsetter igjen det greske daimonia med vonde ånder.

 

I Jak. 3:15 står det om to typar visdom. Om den eine står det slik: «Ikkje er dette den visdomen som kjem ovanfrå, men han er jordisk, sanseleg og djevelsk». Desse tre uttrykka på gresk er epigeios, altså frå jorda, jordisk; psukikos, altså sjelisk, pustande; og daimoniodes, demonisk. Visdom er noko vi ber om når vi ikkje veit råd. Vi forstår altså at Jakob her skriver til sine yngre brør som ennå ikkje hadde lagt av seg det vonde. Dei søkte ikkje Guds visdom ovanfor ein vanskeleg situasjon, men løyste den på menneskeleg vis. Kva er rett? Skal vi la oss fylle av vår eiga ånd eller av vonde ånder, eller skal vi verta fylt av Guds Ande, ei som er annleis? Skal vi forgå i bitter misunning og sjølvhevding, og vere harde mot kvarandre? Eller skal vi vere mjuke og milde mot kvarandre? Kva gjer vi om vi berre vert fylt av vondskap og hat mot kvarandre? Det er då vi må søke Gud om å få hans visdom. I Jak. 1:5 står det: «Men om einkvan av dykk vantar visdom, då må han be til Gud - for Gud gjev til alle, villig og utan vondord - og så skal han få». Dersom vi ikkje har kjærleik til kvarandre, då kan vi be Gud om å få ein slik kjærleik at vi tåler våre brør og systre i trua. For det står slik (1. Tim 5:8): «Men den som ikkje har omsut for sine eigne, og mest for dei som høyrer huset til, han har fornekta trua og er verre enn ein vantruande». I Gal. 6:9-10 står det slik:

 

Men lat oss gjera det gode og ikkje verta trøytte. For vi skal hausta i si tid, så sant vi ikkje går trøytt. Lat oss difor, medan vi har tid, gjera det gode mot alle, men mest mot dei som høyrer trua til.

 

Så lat oss hugse på at dersom vi ikkje vert løyst i frå vondskapen, då vil den vekse seg sterke i oss. Somme vil til slutt bli demonisert.

 

 

Ei personleg erfaring

Eg er sjølv vitne til at det verkeleg finns åndsmakter verksame i det usynlege. Det er mange år sidan no. Det var medan eg budde i ein norsk storby og gjekk på ein kristen internatskule. Her var det blant anna ei kvinne som tydeleg lot seg inspirere av det okkulte, det mystiske, det demoniske. Ei anna kvinne fortalte meg ei historie om ein satanist i byen som skal ha sagt: «Om de kristne berre hadde visst kor stor makt det er i bøn, så hadde de brukt det meir». Og likeins om at satanistmiljøet konkret bad om forbanning over skulen.

 

Det som utløyste det som her skulle bli mi erfaring på området, var då ein av dei som gjekk på skulen byrja å samle folk til bønemøte i skulens bomberom. Han hadde bakgrunn frå eit karismatisk miljø og ville at dei andre på skulen skulle få lære korleis ein skulle søke etter Guds nådegåver. Eg var sjølv med på eit av desse møta. No kjem eg frå ein liknande bakgrunn, så dette var ikkje akkurat noko nytt og skremmande for meg. Eg nytta høvet til å få lette hjartet mitt om ting i mitt liv som eg fann vanskeleg, og det var godt. Same kveld ville dei også be for ein ven at han skulle få gåva til å tale i tunger. Han vart oppfordra til berre byrje å tale. Eg la merke til at vedkommande var svært ubekvem med situasjonen, men til slutt gav han etter for presset og fekk berre fram orda: «Abra kadabra». Det heile fall i grus. Etter møttet fortalte eg om dette til nokre andre venar på skulen og oppfordra dei til å gå på eit slikt møte. Men dei var ikkje så vande med det åndelege.

 

Så var det ein ettermiddag like etter dette at eg hadde lagt meg til å sove etter skuletid. Eg våkna utpå kvelden av at nokon kom inn i internatet der eg budde. Dei snakka med høge røyster og var tydleg opprørte. Då eg kom ut ville eg vite kva som hadde skjedd. Dei sa då at ein av desse eg hadde anbefalt møtet til var besatt av vonde ånder. Han hadde kome på bønemøtet og stira på møteleiaren med vonde auger. Etter ein kort diskusjon prøvde eg å roa dei ned med å avfeie det heile og hevde at han ikkje var besatt. Alle gjekk då til kvart sitt rom. Det var då blitt seint og vi gjekk å la oss.

 

Men der på senga byrja eg å tenke over saken og eg la difor hendene mine på veggen mot det rommet «den besatte» låg i, og bad i Jesu namn om at Gud måtte bevare han. I same augneblikk kom det ei vond ånd gjennom veggen og kasta meg tilbake på ryggen i senga, og tok kvelartak på meg. Og like før det svarta for meg, ropte eg: «Jesus!» Straks kom eg liksom til meg sjølv igjen og gjekk ut av senga og ut i gangen og inn på rommet til «den besatte». Eg visste at senga hans var til høgre ved døra og der satt han. Han var mørk rundt auga og tala uvenleg til meg. Men i andre enden av rommet såg eg ein heilt annan versjon av han. Han var venlig, men såg ned og var tafatt. Då sa eg til han med dei mørke augene: «Det er ikkje du som er NN, men det er han», og peika på han som såg ned. Likeins såg eg også to versjonar av ei kvinne på skulen og likeins ein annan som eg ikkje lenger kan hugse kven var. Deretter såg eg plutseleg ut gjennom vindauget, og ei eldre kvinne, som eg ikkje kjenner, sto midt oppe på ein lang stige og såg inn i rommet. Og eg hugser at eg tenkte at dette ikkje kunne stemme, for utanfor vindauget såg vi rett ut på ei skråning. Då kom eg straks til meg sjølv igjen, framleis med hendene på veggen. Det var altså ei åndeleg oppleving, ei som hendte utanfor kroppen, i det usynlege, i eit slags syn. Dei neste dagane var eg noko fjern og engsteleg, og hadde få eg kunne fortelle det til.

 

Denne historia kan likevel lære oss to ting. For det første at vi treng å lære meir om Gud og om det åndelege, og for det andre at vi ikkje lenger kan godta at det er nok å berre tru på det vi lærer, men at vi også tek imot Den Heilage Ande og at vi lar oss drive av Anden (Rom. 8:14). Som det står skrevet i Jak. 2:14: «Mine brør! Kva gagnar det om nokon seier han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han?» I v. 17 står det: «Såleis er det med trua òg. Dersom ho ikkje har gjerningar, er ho død i seg sjølv». I Ef. 4:27 står det: «Og gjev ikkje djevelen rom!».  

 

​

Litteratur:

Kværne, Per. (2012, 18. juni). Demon. I Store norske leksikon. Hentet 26. mai 2017 fra https://snl.no/demon.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 29 juli 2018.

Demon (vond ånd)
DÃ¥pen
Døden
Dødsriket (tilhaldsstad)
Den Heilage Ande
bottom of page