top of page

Bibelleksikon

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Kjærleiken (agape)

Kjærleiken (Agape)

Agape er eit av fleire greske ord som vi omsetter med kjærleik. Verbet agapáō tyder å føretrekke, i tydinga at ein har godvilje mot nokon, har respekt for nokon, sett nokon høgare enn seg sjølv. I oldtidslitteraturen brukt om den sterke kjærleiken mellom ektefolk; mellom mor og barn; mellom gode venar. Agape er også brukt om kjærleiken til ein bestemt aktivitet, til eit embete, ein funksjon eller respekten ein får i visse posisjonar. I oldtida brukt om kjærleiken ein slave kunne vise sin respekterte herre og omvendt. I Vulgata, i den latinske bibelomsettinga, er ordet for agape ofte omsett med caritas, frå carus, i tydinga kjær, verdsatt, høgakta. I Septuaginta (LXX), i den greske omsettinga av den hebraiske teksta, er agape ofte brukt for å omsette det hebraiske ahaba, av aheb, som svarer til ein slik type kjærleik. Agape må ikkje forvekslast med den sterke kjærleiken som på gresk heiter eros, den lidenskapelege, den begærlege; og heller ikkje med filos, den vennskapelege.

 

I første korintarbrev kapittel 13 står det om når ein ikkje har denne kjærleiken i kristenflokken, den som føretrekker kvarandre, då vert gåva til å tale i tunger berre som støyande lydar som berre irriterer. Om vi skulle kunne tale profetord direkte i frå Gud og hadde openberring og kunnskap om alt, og om vi hadde tru nok til å flytte fjell, då var det fånyttes, vi ville ikkje hatt nytte av det. Om vi var aldri så gavmilde og hadde offervilje til å gå i døden for kvarandre, då var det likevel ikkje til gangs for oss.

 

Men derimot om vi skulle ha slik kjærleik til kvarandre, då var vi ikkje utolmodige med dei andre i flokken. Vi var ikkje uvelvillige mot dei andre. Vi misunna dei ikkje, i tydinga å ha sterke kjenslar imot nokon andre. Vi hadde ikkje hevda oss sjølve over dei eller sett på oss sjølve som større og viktigare. Vi hadde ikkje vore ufine mot kvarandre. Vi hadde ikkje hatt begjær etter å tilfredstille oss sjølve. Vi hadde ikkje lett vorte irritert. Vi hadde ikkje halde rekneskap med det som er verdilaust (gr. kakos, ofte omsett med vondt), det som ikkje betyr noko. Han/ho gjorde det imot meg, då skal han/ho iallfall ikkje få noko godt av meg. Vi hadde tilgjeve kvarandre. Vi hadde ikkje gleda oss over det som ikkje er rett, men vi hadde gleda oss saman over det som var sant. Om det var funnen urett blant oss, eg tenker då særleg på lærespørsmål, då hadde vi gledeleg vendt om. Om vi hadde ein slik kjærleik til sanninga. Vi hadde halde ut med alt (bokstaveleg å bygge tak over alt), trudd alt, håpa på alt (bokstaveleg forventa alt), tolt alt (bokstaveleg å vere under det som er vanskeleg).

 

Dette kapittelet er difor ofte overført som ein lærdom om ekteskapet, der begge partar må lære å underordne seg kvarandre og ta omsyn til den andre. I 1. Kor. 13:13 står det om tru, håp og kjærleik, og at den største av dei er kjærleiken. I v. 8 står det at «kjærleiken fell aldri bort». Mens vår teneste for Gud i denne verda fell bort, for når det kjem det som vi no berre talar om og kan peike fram imot, då skal sjølvsagt vår ufullkomne tale få sin ende og vi skal alle tre inn i det fullkomne.

 

Likeins står det i Gal. 5 om å tene Gud. Det er to måtar å gjere det på, men berre den eine er rett. For vi kan tene Gud i kjøtet, på menneskeleg vis, og vi kan tene Gud i Anden. Kjøtets gjerningar er ikkje den kjærlege, den som er Gud til behag. Når Paulus her ramser opp kva gjerningar det er tale om, nemnar han først dei som sjølv den mest fromme er samd i at er feil. Deretter nemnar han det dei fromme også er skuldige i å utføre. I v. 14 skriver Paulus: «For heile lova er oppfylt i dette eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv!». Difor konkluderer han slik etter å ha ramsa opp alle kjøtes gjerningar: «Dei som gjer slikt, skal ikkje erva Guds rike» (v. 21).

 

Deretter nemnar han Andens frukt, altså det som vert hausta av det Anden fyller. I v. 24 skriver han: «Dei som høyrer Kristus Jesus til, har krossfest kjøtet med lidenskapane og lystene». «Dei» er  alle dei som reknar seg med til Kristus og til hans død og oppstode. For vår Herre Jesus Kristus oppgav den ånda som høyrer verda til, den som forgår. Han sto heller ikkje fram i Israel og for folket der, før Gud offentleg gav han av sin Ande. For Kristi fylde er av Den Heilage Ande. Difor står det i Rom. 8:13-14: «Men dersom de ved Anden døyder gjerningane åt lekamen, skal de leva. For så mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born». Lat oss difor be og søke Gud kvar dag om å få meir og meir av hans fylde, samtidig som vi erkjenner at det vi er fylt av er vondt (gr. kakos, bokstavleg talt verdilaust). For når vi ser at vi ikkje har kjærleik til våre kristne brør og systre, då kan vi be om å få av Guds kjærleik. For utan kjærleik er det umogleg å ha eit godt forhold til dei andre. Det er også slik at når vi kan nærme oss kvarandre og bli fortrulege, slik at vi kanskje også får vite kva den andre held hemmeleg og som gjer at andre tek avstand frå dei. Med få ord er alt forklart, og det var ingen grunn til å hate meir.

 

Personleg erfaring

Slik var det også med meg ein gong. Nokon hadde sagt alt mogleg negativt om vedkommande som eg skulle gjere noko saman med. Då eg såg vedkommande kjente eg på ein slags angst, men då bad eg Gud om å bli fylt av hans kjærleik. Snart var vi fortrulege og eg fekk vite det ingen visste, og eg vart fylt av sterk medkjensle for dette mennesket. Etter dette hadde eg lite med vedkommande ei tid. Først nokre år seinare møttast vi igjen. Då hadde alt det som før hadde tynga ned vedkommande vorte løyst, og det var svært rørande å sjå.  

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 6 februarr 2021.

 

 

Kunnskap

Ei omsetting av greske gnosis, kjenne, kjennskap, av ginosko, å kjenne, i tydinga det ein av eigen erfaring har lært å kjenne, det ein kjenner inngåande, det ein har prøvd og erfart, og som ein før berre har kjent ved omtale.

 

I 1. Kor. 12:7-11 står det om Andens gåver. I v. 8 er «kunnskaps tale» nemnt som ei av dei. I grunnteksta står det logos gnosesos. Greske logos kjem av lego, å legge fram, i tydinga å utlegge, å halde ei tale om, altså det å forklare andre om noko dei ennå ikkje kjenner. Elles kan vi merke oss at logos ofte vert omsett med ord. For Andens forkynning sentrerer seg rundt Guds ord, om det skrivne, det profetiske ord. Når det står at Anden «skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna det for dykk» (Joh. 16:14), så siktar det til at Kristus er Ordet. I Kol. 2:2-3 står det difor om å: 

 

...nå fram til heile rikdomen av den fullvisse innsikta, til kunnskap om Guds løyndom, som er Kristus. I han ligg alle skattane av visdom og kunnskap løynde.

 

For det er ved lekamen at orda vert tala ut. Orda kjem ut av vår munn og vert forma ved vår tunge. Men det er i vårt indre at orda vert danna. Difor er kunnskapens tale ei åndeleg gåve, men Anden som talar er ikkje menneskets ånd, men Guds. Det er ikkje våre ord og erfaringer på reint menneskelege plan, men det er det Gud vil gjera kjent ved sine ord, gitt ved sin Ande. Difor står det også i Ef. 1:17:

 

Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande til kunnskap om seg, og gje dykkar hjarto opplyste augo, så de kan skjøna kva for von han har kalla dykk til….

 

For det er berre ved Guds ord at vi lærer Gud å kjenne (kunnskap).

 

I visse kristne miljø høyrer ein i dag om at nokon har fått «eit kunnskaps ord». Måten det vert sagt på avslører kor læra deira kjem i frå. For engelsk vert logos gnosesos omsett med «the word of knowledge». Dei siktar eigentleg til ein tanke eller ei røyst dei får høyre eller også eit bilete dei får sjå i sitt indre, som minnar dei på noko konkret. Det dei får vite er på førehand er ukjent for dei. Men det er likevel ikkje rett å kalle dette for eit kunnskaps ord eller ei tale, men ei for profetisk gåve.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 6 februar 2021.

 

 

Kunnskap
bottom of page