top of page

Bibelleksikon​

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Omvending

Omsetting av greske metanoeo, av preposisjonen meta, som har ei varierande tyding i ulike kontekstar, viss grunntyding er midt i, etter, til felles med, ved hjelp av, på jakt etter, i søken etter; og noieo, tyder trene sinnet, øve opp intellektet, av nous, evna til å lære og ressonere, tenke etter og trekke slutningar. Dette gjev ordet tydinga å lære noko nytt av nokon. Ein sterk indikasjon på dette er også grunnstamma i greske noieo som er ginosko, som tyder å kjenne (i absolutt forstand).

 

I Luthers bibel (Luthers bibel på tysk) er metanoesate omsett med tut Buße, angre dykk, omvend dykk, der han fyljer den latinske omsettinga (Vulgata), som har paenitentiam, som siktar til å gjere bot, gjere opp for seg. Personleg synast eg omsettinga er for streng, for middelaldersk. For ordet tyder å omsinne seg, i tydinga å fornye sinnet, å tenke etter, halde andakt, få ei anna haldning. Men også å lære noko i eit fellesskap. Omvending er i slekt med uttrykket tru, som er den aktive delen av omvendinga, der teorien vert omsett i praksis, altså at ein tek imot og gjer etter det ein har høyrt.

 

I Matt. 3:1-2 står det at døyparen Johannes forkynte eller ropte ut til folket og tala til (la fram for) dei desse profetorda: «Vend om, for himmelriket er kome nær!». I grunnteksta står det eigentleg: «kai (og) legon (la fram) metanoeite (ver omsinnelege) eggiken (er dratt nær) gar (fordi) he basileia (det baserer seg på) ton ouranon (himlane)». Ei ordrett omsetting vil her gi tydinga: «og han la fram: Ver omsinnelege fordi det himlane baserer seg på har bøyd seg ned hit». Vi kan merke oss at he basileia, kongeriket, av basileus, konge, kjem av greske basis, eit steg, av baino, å gå, i tydinga å gå ned til botnen. Ordet basileia og basileus siktar til han det heile byrja med, f. eks. han kongeslekta gjekk ut i frå og berre i overført tyding militær leiar, domar og øvsteprest.

 

I Joh. 1:1-3 står det slik:

 

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av alt som har vorte til.

 

Og i v. 14:

 

Og Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss, og vi såg herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå Far sin, full av nåde og sanning.

 

I 1. Mos. 1:1 står det: «I opphavet skapte Gud himmelen og jorda» og i v. 3: «Då sa Gud». Himmelen, eller eigentleg himlane, er Guds og englanes bustad. Vi forstår altså at Gud, ved sitt ord var komen ned til jorda, i menneskeskapnad, i Jesus frå Nasaret. Johannes lærte dei difor at no gjaldt det at dei høyrte på han. Gud var ikkje lenger opp i himmelen eller i ei herlegdoms sky, men han vandra midt i mellom dei.

 

I Matt. 18:3 står det: «Utan at de omvendar dykk og vert som born, kjem de slett ikkje inn i himmelriket». I grunnteksta står det eigentleg:

 

ean (dersom) me (ingen) strafete (vendar om) kai (og) genesthe (vert til eingong til) hos (på same måten) ta paidia (som dei irettesette, i overført tyding, som borna) ou (skal ei heller) me (ingen) eiselthete (koma inn) eis (inn i) ten basileian (kongelegdomen, i overført tyding riket) ton ouranon (himlanes).

 

På godt norsk tyder det:

 

dersom ingen vendar om og vert til ein gong til, på same måten som dei irettesette (altså borna), skal ei heller ingen koma inn, inn i himlanes kongelegdom.

 

Vidare i v. 4-7 står det:

 

Den som gjer seg liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. Og den som tek imot eitt slikt lite barn for mitt namn skuld, han tek imot meg. Men den som forfører éin av desse små som trur meg, for han var det betre om ein kvernstein vart hengd om halsen på han og han vart søkkt i havsens djup. Ve over verda for hennar forføringar! For forføringar må koma, men ve over det mennesket som forføringa kjem ved!    

 

I grunnteksta står det tapeinose, av tapeions, i tydinga den som pressar seg ned, gjer seg liten. Her går vi glipp av ei skjult meining som ligger i det greske ordet for born, paidion, av pais, av rota paio, som tyder å slå ned på, altså irettesette, tukte. Her må ein altså vere villig til å vere audmjuk og lære noko heilt nytt. I Hebr. 12:2-11 står det noko som ofte vert misforstått. For når det her står hudflettar, altså i tydinga piskeslag, så siktar det til den vanlege samfunnsstraffa i Romarriket ved mindre lovbrot. Jesus vart først piska, fordi romarane hadde tenkt å sleppe han fri. Men øvstepresten og hans menn greidde likevel å få Pilatus til å krossfeste Jesus. Her er det altså ei oppmuntring til dei truande som reiste rundt i heile romarriket og som vart piska på grunn av klagar frå folket. Dei skulle sjå på det som Herrens tukt, at Herren irettesetter dei han elskar, for å modne dei for oppgåva. Men stakkars dei familiar der ein faktisk piskar eller slår sønene og døtrene sine! Dei går langt utover det som står skrevet. Og stakkars dei familiar som ikkje irettesetter sønene og døtrene sine, for desse borna må gå igjennom mykje vondt når dei vert vaksne, når dei vert irettesett av arbeidsgivarar, kollegaer, venar og ektefeller. Då er det vanskeleg både å irettesette og å stoppe dei fysisk på nokon som helst måte, slik ein kan med eit born, der ein f.eks. på enkelt vis kan løfte dei opp og stoppe dei.

 

I ein annan samanheng står det, i Apg. 2:37-38, om nokre jødar som hadde kome til tru på evangeliet om Jesus Kristus. Dei spurte Peter og dei andre apostlane slik:

 

Kva skal vi gjera, brør? Peter sa til dei: Vend om, og lat dykk alle døypa på Jesu Kristi namn til forlating for syndene, så skal de få Den Heilage Ande.

 

Dette er ei nokså ordrett omsetting frå Luthers bibelomsetting, der det står  (Luthers bibel):

 

Petrus sprach zu ihnen: Tut Buße und lasse sich ein jeglicher taufen auf den Namen Jesu Christi zur Vergebung der Sünden, so werdet ihr empfangen die Gabe des Heiligen Geistes.

 

Men i grunnteksta står det eigentleg slik:

 

petros de ephe pros autous metanoesate kai baptistheto hekastos humon epi to onomati iesou christou eis aphesin hamartion kai iepsesthe ten dorean tou hagion pneumatos.

 

Ei ordrett omsetting vil her gje tydinga:

 

Og Peter gjorde kjent for dei: Omsinna dykk, kvar og ein av dykk, og lat den enkelte verta dykka ned, på namnet til den salva Jesus, ned dit syndene vert forlatne, slik at de kan ta imot Den Heilage Ande.

 

I ein parallell stad i Apg. 3:19, står det: «Gjer då bot og vend om, så syndene dykkar kan verta utstrokne, så det kan koma tider med lindring og trøyst frå Herren». I grunnteksta står det:

 

metanoesate (omsinna dykk) oun (når, når det altså er slik) kai (og) epistrepsate (vend dykk om) eis (inn dit) to (den) exaleiphthenai (overdekkinga) humon (dykkar) tas (dei) hamartias (syndene) hopos (slik at) an (det kan) elthosin (kome eit) kairoi (høve) anapsuxeos (å kjenne pusten) apo (frå) prosopou (andletet) tou (til) kuriou (Herren).

 

Ei ordrett omsetting vil gje tydinga:

 

Så omsinna dykk og omvend dykk, slik at de får dekka over syndene, slik at det kan kome eit høve til å kjenne den milde pusten frå Herrens andlet.

 

Dette igjen er eigentleg ein referanse til Joh. 20:21-23, der Jesus andar/pustar på sine læresveinar og seier: «Tak imot Den Heilage Ande!» (v. 22). I v. 23 står det også: «Tilgjev de nokon syndene deira, då er dei tilgjevne. Held de dei fast for nokon, då er dei fasthaldne». Dei jødiske mennene fekk altså oppleve at dei vart tilgjevne for syndene sine, og dei fekk også ta imot Den Heilage Ande, liksom sine brør.   

 

I Rom. 9:1-3 uttrykker Paulus ein stor naud for dei av hans folk som hadde forkasta Kristus. Om det kunne hjelpe hadde han sjølv ville vorte «bannstøytt bort frå Kristus» (v. 3). Full av nåde og sanning minna han dei andre folkeslaga som hadde kome til tru om at også dei i tidlegare tider hadde vore ulydige og vantru (Rom. 11:30-32), og at dei ikkje måtte døme jødane så strengt for si vantru. Difor står det i v. 32: «For Gud har lagt dei alle inn under ulydnaden, så han kan syna miskunn mot dei alle», altså alle folkeslaga i heile verda. For Gud har alltid ei open dør for dei som vender om, om det så er i løpet av sitt siste andedrag. Og i 2. Pet. 3:9 står det: «Herren dryger ikkje med lovnaden, slik somme held det for dryging. Men han har tolmod med dykk, for han vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal koma til omvending».  

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 6 juli 2018.

Omvending
bottom of page