top of page

Bibelleksikon​

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Rettferd

Ei omsetting av greske dikaios, av dike, rett, truleg av deiknuo, å vise, å sjå på, i tydinga å gjere opp reknskap, å rekne noko for oppgjort. Er alle ujamne partier rett, på det jamne, då er det rett, då er det rettferdig og rettferda er oppnådd.

 

I fylje 1. Mos. 2:15-17 sette Gud mennesket han hadde skapt til å dyrka og vakta hagen. Til Adam sa han strengt at han kunne ete av alle trea i hagen, men av «treet til kunnskap om godt og vondt, må du ikkje eta av, for den dagen du det gjer, skal du visseleg døy». Døden kom altså som fylje av synda, fordi dei åt av treet, og kunnskapen om godt og vondt trengte gjennom til alle menneske og førte til at alle menneske må dø. Men det gjekk som ormen hadde sagt: «De kjem slett ikkje til å døy» (1. Mos. 3:4). Det var altså ikkje rett det Gud hadde sagt. Det var på det ujamne mellom Guds ord og ormens ord, han som hadde freista dei - først kvinna som deretter freista Adam - til å ete av «treet til kunnskap om godt og vondt». Når Gud avslørte kva mennesket hadde gjort, sa han til Adam:

 

Fordi du høyrde på kona di og åt av treet som eg forbaud deg å eta av, skal jorda vere forbanna for di skuld. Med møde skal du næra deg av henne alle dine levedagar. Klunger og tistel skal ho bera for deg, og du skal eta av vokstrane hennar. Med sveitte i andletet skal du eta brødet ditt, heilt til du vender attende til jorda, for av henne er du teken. Mold er du, og til mold skal du venda attende.

 

I 1. Mos. 5:5 kan vi lese: «Heile levetida åt Adam vart ni hundre og tretti år. Så døydde han». Altså gjekk det nesten tusen år før Guds ord retta seg, og ormen sto tilbake som ein lygnar.

 

Denne sida vart laga i 2017; sist endra 6 februar 2021.

 

 

​

Rettferd
bottom of page