Bibelleksikon

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Synd

Ei omsetting av greske hamartia, frå hamartano, av forindoeuropeiske hemert, som tyder å bomme, å feile. Greske hamartano ser ut til å vere bygd opp av greske a, ein negativ partikkel, i tydinga ikkje, ei, u; og meros, ei deling, i tydinga det udelelege, å ikkje få del i noko. I klassisk gresk har det tydinga å bomme på målet. Å treffe målet var synonymt med det å få del i heder og ære, mens det å bomme på målet var synonymt med skam og dårleg rykte. Uttrykket vart også brukt om det å ta feil i fakta, og dermed synonymt med å framstå som ein dåre, dåraktig eller å bli dåra, altså å gjere feil på grunn av desinformasjon. Det er også brukt om moralske overtramp og er difor synonymt med det å ikkje vere plettfri.

 

I Bibelen viser ordet synd til 1. Mos. 2:16-17. For etter at Gud hadde skapt Adam - det var før han hadde skapt Eva - så sa han til han:

 

Du kan fritt eta av kvart tre i hagen, men treet til kunnskap om godt og vondt, må du ikkje eta av, for den dagen du det gjer, skal du visseleg døy.

 

Etter at Gud hadde sagt dette, skapte han Eva. Og Gud førte dei to saman, og dei skulle vere eitt kjøt. Men ormen - som i fylje 2. Kor. 11:3 og Op. 12:9 er Satan og Djevelen - freista ho til å eta av det forbodne treet. Og ho åt. Deretter freista ho sin mann til å gjera det same. Og han åt. Då Gud kom og ville vite kva som hadde skjedd var Adam og Eva svært skamfulle. Adam forklarte at kvinna hadde freista han til å ete, og kvinna forklarte at ormen hadde freista ho. Så dømte Gud dei ein etter ein. Til Adam sa han at han ein dag skulle venda tilbake til jorda han vart teken av, i tydinga at han skulle dø. Så sa Gud (1. Mos. 3:22):

 

Sjå, mennesket har vorte som ein av oss til å kjenna godt og vondt. Berre han no ikkje rettar ut handa og tek av livsens tre, og et og lever i all æve!

 

Deretter viste han Adam og Eva ut av hagen, og dei fekk ikkje lenger vere der saman med Gud, i Guds nærleik. Det livet menneska deretter fekk leve utanfor hagen skulle vere nok til å overtyde kvar enkelt om sanninga om godt og vondt.

 

I Rom. 5:12-21 får vi essensen i evangeliet, som er «ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, både for jøde og så for grekar». Det står:

 

Difor, liksom synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden på grunn av synda, og døden såleis trengde igjennom til alle menneske, fordi alle synda – for synd var det i verda før lova kom, men der det ikkje er noka lov, vert synda ikkje tilrekna. Likevel rådde døden frå Adam til Moses over dei òg som ikkje hadde synda ved eit lovbrot slik som Adam – han som er eit førebilete på han som skulle koma. Men det er ikkje såleis med nådegåva som med fallet. For om dei mange er døde ved at den eine fall, så har mykje meir Guds nåde og den gåva som kjem av nåden i det eine mennesket Jesus Kristus, vorte overlag rik for dei mange. Og med gåva er det ikkje som då den eine synda. For domen kom etter synda til den eine og vart til fordøming, men nådegåva kom etter brota til dei mange og vart til frifinning. For om døden kom til å råda ved den eine, fordi denne eine fall, kor mykje meir skal ikkje då dei som tek imot den overstrøymande rikdomen i nåden og rettferdsgåva, leva og råda ved den eine, Jesus Kristus. Altså, liksom éin manns brot vart til fordøming for alle menneske, såleis vart og éin manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneske. For liksom dei mange vart ståande som syndarar ved ulydnaden til det eine mennesket, så skal òg dei mange stå som rettferdige ved lydnaden til den eine. Men lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda vart stor, vart nåden endå større. Og liksom synda rådde ved døden, så skal òg nåden råda ved rettferd til evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.

 

Vi ser altså at synda eller feilen som vart gjort, viser tilbake til Adams synd - for det var han som hadde fått bodet av Gud -, og fordi alle som sidan levde også gjorde synd eller feil, viser syndene til heile verdas synder. Vi ser også at synd har med skam å gjere. Dette er fordi vi veit kva som er godt og kva som er vondt, og vi veit kva som er rett og kva som er gale, og kva som er sant og kva som er lygn. Men vi maktar ikkje å gjere det gode, altså det som det vert fortalt oss at vi skal gjere, altså kva vi har lov til eller ikkje. I Rom. 7:7-23 stiller Paulus difor spørsmålet:

 

Er lova synd? Langt ifrå! Men eg kjende ikkje synda utan gjennom lova. For eg hadde ikkje kjent lysta dersom ikkje lova hadde sagt: Du skal ikkje lysta! Men synda nytta seg av bodet og vekte alle slags lyster i meg. For utan lov er synda død. Eg levde ein gong utan lov. Men då bodet kom, livna synda til. Men eg døydde. Og det synte seg at bodet, som skulle vera til liv, det vart til død for meg. For synda nytta seg av bodet og dåra og drap meg ved det. Så er då lova heilag, og bodet heilagt og rettferdig og godt. Har då altså det som er godt, valda meg døden? Langt ifrå! Men synda gjorde det, så ho skulle syna seg som synd, ved at ho nytta det som er godt til å føra død over meg. Ved bodet skulle synda verta overlag syndig. For vi veit at lova er åndeleg, eg derimot er kjøtleg, seld til træl under synda. Eg skjønar ikkje det eg gjer. For det som eg vil, det gjer eg ikkje. Men det som eg hatar, det gjer eg. Men gjer eg det som eg ikkje vil, då held eg med lova i at ho er god. Så er det ikkje lenger eg som gjer det, men synda som bur i meg. For eg veit at i meg, det vil seia i kjøtet mitt, bur ikkje noko godt. For viljen har eg, men å gjera det gode maktar eg ikkje. Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, Men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. Men gjer eg det som eg ikkje vil, då er det ikkje lenger eg som gjer det, men synda som bur i meg. Eg finn altså den lova for meg, eg som vil gjera det gode, at det vonde ligg meg for handa. For etter mitt indre menneske seier eg med glede ja til Guds lov. Men i lemene mine ser eg ei anna lov, som strider mot lova i hugen min, og som tek meg til fange under syndelova, som er i lemane mine.

 

Så mange av oss som trur dette kan difor samtykke med Paulus (v. 24-25):

 

Eg elendige menneske! Kven skal fri meg frå denne dødens lekam! Gud vere takk, ved Jesus Kristus, vår Herre! Eg, slik som eg er, tener då Guds lov med hugen min, men syndelova med kjøtet mitt.

 

Så lenge vi lever må vi berre erkjenne at det nettopp er slik med oss at vi verken frå før av er feilfri eller at vi er fri frå å gjere feil i framtida. I Rom. 8 avsluttar Paulus heile dette lange ressonnementet sitt. I v. 1-2 skriver han:

 

Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. For lova åt Livsens Ande har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.

 

I v. 14 står det nemlig: «For så mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born». Altså vårt håp i denne tid er at vi reknar oss som døde for synda og levande for Gud ved Anden. I 1. Joh. 2:1-2 står det også:

 

Mine born! Dette skriv eg til dykk så de ikkje skal synda. Og om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. Og han er ei soning for syndene våre, og det ikkje berre våre, men òg for alle i heile verda.

 

Ordet soning er ei omsetting av greske hilasmos, som i Strongs Concordance vert omsett med det engelske atonement (at one ment), i tydinga å vere eit med nokon. For det er for Kristi skuld at vi igjen har samfunn med Gud ved trua, denne overtydinga. For han står for Gud, han som er eit menneske i likskap med oss, men utan synd. I Rom. 3:25 står det:

 

Han stilte Gud fram i blodet som ein nådestol ved trua, for å syna fram si rettferd, sidan han i sitt langmod hadde bore over med dei syndene som før var gjorde.

 

Nådestol er ei omsetting av greske hilasterion, som er i slekt med ovanfornemnte hilasmos. For i tempelet sto nemlig nådestolen, og det var på den øvstepresten ein gong i året, på den store forsoningsdagen, sprinkla blodet som eit teikn på at nokon var død for dei mange. I Hebr. 9 står det at Kristus er øvstepresten som bar seg sjølv fram som eit offer for synd og som bar sitt eige blod inn i det høgheilage, inn dit Gud bur, i himmelen. Der står han levande for Gud, utan blodet som livsgrunnlag, som eit bevis på at syndelekamen av kjøt og blod er død, men at det nye mennesket lever for Guds åsyn. Men også hans blod er eit teikn på at ein er død for dei mange, slik at alle som no lever ved trua og reknar seg med til Kristi død og oppstode, lever i håpet om ein dag å bli omskapt, forvandla og fødd på ny, når Kristus kjem for andre gong (Hebr. 9:24-28). Det som då skal gjera oss levande er den same Anden som reiste Kristus opp frå dei døde og fordi «så mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born» i den tid som no er (Rom. 8:14).

  

I Joh. 16:7-15 lærte Jesus sine læresveinar om Den Heilage Ande som skulle kome for å:

 

overtyda verda om synd og om rettferd og om dom: Om synd, fordi dei ikkje trur på meg. Om rettferd, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger. Om dom, fordi hovdingen over denne verda er dømd.

 

I Rom. 3:21-23 står det:

 

Men no har Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, vorte openberra utan lova. Det er Guds rettferd ved tru på Jesus Kristus, til alle og over alle som trur. - For det er ingen skildnad, alle har synda og står utan ære for Gud. Og dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysinga i Kristus Jesus.    

 

For også vi har vorte prøvd, liksom Adam, om ikkje anna enn i vårt eige samvit, og vi har synda. Vi har ikkje gjort det som har vore rett og vårt eige samvit har dømt oss skuldige. Og Gud ser kva den enkelte av oss er skuldige i, om vi har greidd å skjule det for aandre. Difor er det ingen som er rettferdige for Gud. For om nokon har halde heile Moselova og er rettferdige i forhald til den, så har likevel deira eige samvit dømt dei, liksom med den rike mannen i Mark. 10:17-22. I Gal. 3:21-22 minna også Paulus om Guds lovnad til Abraham, om den ættlingen som skulle koma og som heile Skrifta skulle verta oppfylt ved. Den vart ikkje gjeve som ein del av Moselova, men den vart gjeve til Abraham ved tru:

 

Er då lova imot Guds lovnader? Langt i frå! For berre dersom det var gjeve ei lov som hadde kraft til å gjera levande, kom rettferda verkeleg av lova. Men Skrifta har inneslutta alt under synd for at dei som trur, ved tru på Jesus Kristus skulle få det som var lova.

 

«De er då alle Guds born ved trua på Kristus Jesus. For de, så mange som er døypte til Kristus, har ikledd dykk Kristus» (Ga. 3:26-27). For han er den ættlingen som Gud hadde lova. I Gal 5:5 står det: «For i Anden ventar vi i trua på det som rettferda gjev oss von om». Kva er dette håpet? Å få vere saman med Gud der han er. Gud, han som er den einaste som er god. Vår veg til Gud er gjennom Kristus. Difor står det: «Den som elskar livet sitt, skal mista det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det til evig liv» (Joh. 12:25). I Hebr. 12:2-3 står det om Kristus:

 

For å oppnå den gleda som venta han, leid han krossen med tolmod, utan å akta vanæra, og har no sett seg ved høgre sida av Guds trone. Ja, tenk på han som heldt ut slik motseiing frå syndarar, så de ikkje skal verta trøytte i sjelene dykkar og verta motlause. Enno har de ikkje gjort motstand like til blodet i dykkar kamp mot synda.

 

I Matt. 24:12-13 står det: «Og av di lovløysa tek overhand, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst!».

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 19 mars 2017.