top of page

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Habakkuk

«Dette er den utsegna som profeten Habakkuk fekk sjå» (Hab. 1:1). Slik byrjar denne boka. Uttrykket utsegna er ei omsetting av hebraiske massa, som tyder ei byrde, av nasa eller nacah, som tyder å lyfte, i tydinga at dette var ein tung bodskap for profeten å bære fram. I fylje Jer. 23:33-40 ser det ut til at Gud gav forbod mot at profetane fekk bruke dette uttrykket etter 587 f. Kr. Vi kan merke oss at vi finner uttrykket brukt berre hos Jesaja, Nahum, Habakkuk, Jeremia og Esekiel, som alle virka i tida før 587 f. Kr. Jesaja og Nahum virka allereie frå ca. midten av det åttande hundreåret f. Kr. (750 f. Kr.).

​

I eit syn hadde Habakkuk sett at kaldearane skulle få stor makt i Assyria. Den første kaldearkongen, Marduk-apla-usur, sette seg på trona i Babylon i år 780 f. Kr. Deretter var det av og på med kaldearkongar heilt fram til kaldearkongen Nabopolassar, far til Nebukadnesar, kom til makta ca. 626 f. Kr. Først frå den tida fekk kaldearane stor makt i Assyria. Habakkuk må difor ha fått sine syner i god tid før 626 f. Kr. Moderne forskarar vil etter det vitskapelege prinsipp vaticinium ex eventu, datere boka til etter hendinga faktisk har skjedd. Dette er eigentleg ikkje noko problem, då det viser seg at profetorda ofte er skreve ned i ettertid. Den tidelegaste dateringa av boka vert då 612 f. Kr., med Assyrarriket fall til kaldearane. Konsensus ligg på rundt 605-597 f. Kr.*

 

*Britannica, The Editors of Encyclopaedia. "The Book of Habakkuk". Encyclopedia Britannica, 20 Jul. 1998, https://www.britannica.com/topic/The-Book-of-Habakkuk. Accessed 9 April 2023.

​

Profeten kjem med to klager til Gud. Den første klagen går ut på at Gud ikkje svarer på bønene hans. Han ber til Gud om at situasjonen no snart må endra seg frå vondt til betre. Gud svarer då på ein overraskande måte (Hab. 1:5-11)

​

Sjå dykk ikring mellom folka. Sjå, og vert forfærde, ja, forfærde! For eit verk gjer eg i dykkar dagar – de vil ikkje tru det når det vert fortalt. For sjå, eg lèt kaldearane reisa seg, det ville og bråe folket, som fer fram så vide som jorda når, for å ta bustader i eige som ikkje høyrer dei til. Fælslege og forferdelege er dei. Frå seg sjølve hentar dei retten sin og rangen. Hestane deira er raskare enn leopardar og spring snøggare enn ulvar om kvelden. Ryttarane deira sprengjer fram, ryttarane deira kjem langt bortanfrå, dei flyg som ørna når ho kastar seg over byttet sitt. Alle kjem dei for å gjera valdsverk. Stridslystne stirer dei framfor seg. Dei samlar fangar som sand. Dei spottar kongar og har hovdingar til lått. Dei ler åt kvar ei festning. Dei dungar opp jord mot henne og tek henne. Så stryk dei av stad som ein vind og fer fram og dreg skuld over seg. Styrken deira er deira gud.

​

Då stig nok eit klagemål fram frå profeten. For det Herren har tenkt å gjere, nemeleg å gje kaldearane «fullmakt til å straffa», er verkeleg forferdeleg. Då svarer Gud (Hab. 2:2-20):

​

Og Herren svara meg og sa: Skriv synet opp, og skriv det tydeleg på tavlene, så det er lett å lesa det! For enno må synet venta på si tid. Men det hastar mot enden og lyg ikkje. Om det dryger, så venta på det! For koma skal det, og det vert ikkje borte. Sjå, ovmodig og uærleg er sjela i han. Men den rettferdige skal leva ved si tru. Så er òg vinen trulaus. Ein hovmodig mann – han skal ikkje få bu i ro. Han har spila opp det grådige gapet sitt liksom dødsriket. Han er som døden og vert ikkje mett, han har sanka til seg alle folk og samla til seg alle folkeslag. Skal ikkje alle desse syngja nidviser og spottesongar om han? Dei skal laga gåter om han og seia: Ve den som dungar opp ting som ikkje høyrer han til! Kor lenge? Ve den som lesser på seg pantegods! Skal dei ikkje reisa seg brått dei som skal pina deg? Skal dei ikkje vakna dei som skal jaga deg opp, så du vert eit rov for dei? For du har plyndra mange folkeslag. Slik skal alle som vert att av folka, plyndra deg for blodskulda di mot menneska og for valdsverka dine mot jorda, mot byen og alle dei som bur i han. Ve den som jagar etter skammeleg vinning for huset sitt, for å byggja reiret sitt i høgda, for å berga seg frå ulukkehand! Du har lagt opp råd som vert til skam for huset ditt, lagt planar om å gjera ende på mange folk, og såleis har du synda mot deg sjølv. For steinen i veggen skal skrika, og bjelken i treverket skal svara han.
Ve den som byggjer ein by med blod og grunnlegg ein kjøpstad med urett! Sjå, kjem ikkje dette frå Herren, Allhærs Gud, at folk skal streva seg trøytte for elden, og folkeslag gjera seg umak for ingenting? For jorda skal fyllast med kunnskap om Herrens herlegdom, liksom vatnet dekkjer havbotnen. Ve den som gjev nesten sin å drikka av vreideskåla di, ja, drikk dei drukne, for å sjå på nakenskapen deira! Du vert metta med skam og ikkje med ære. Drikk du òg, og syn fram forhuda di! Staupet i Herrens høgre hand kjem til deg i si tid, og djup skam skal gøyma di ære. For valdsferda di mot Libanon og øydinga av dyra, som skremde dei, skal koma over deg på grunn av blodskulda di mot menneska og for valdsverka dine mot landet, mot byen og alle dei som bur i han. Kva gagn gjer eit utskore bilete, jamvel om ein meister har skore det? Eller kva gagn gjer eit støypt bilete, ein lærar i lygn, jamvel om meisteren for det sette si lit til det då han laga mållause avgudar? Ve den som seier til ein stokk: Vakna opp! – til ein mållaus stein: Stå opp! Skulle han vera lærar? Han er då kledd med gull og sølv, og det finst ikkje ånd i han. Men Herren er i sitt heilage tempel. Ver still for hans åsyn, all jorda!

​

Legg merke til kva som står først. Profeten skulle skrive det ned på ei tavle (hebr. luwach, frå glitre, polert gjenstand, lyst materiale, gull). Dermed kunne ein arkeolog vere så heldig å finne det profeten her skreiv ned på ein slik type gjenstand.

 

På liknande vis har Gud også trøysta andre profetar, som Jeremia. Denne straffa kjem først og fremst over Judea, dernest skal den ramme den som straffa kjem i frå, kaldearane sjølv. I fylje den greske historikaren Megasthenes skal Nebukadnesar ha sagt desse orda før sin død [Eusebius: Chronicle (4) - translation (attalus.org)]:

 

Megasthenes seier at Nebukadnesar, som var mektigere enn Herakles, leia hærane sine så langt som Libya og Iberia. Han erobra desse landa og busette nokre av deira innbyggjarar på høgre side av Svartehavet. Men kaldeerne seier at etterpå, då han gjekk opp til palasset, vart han besett av ein gud og uttala desse orda: 'O babylonarar, eg Nebukadnesar spår at ei stor katastrofe vil ramme dykk.'

​

Ein annan gresk historiker Abydenus skriver [Euseb. Praep. Evan., l. 9. § 41, p. 456, Edit Colon., and Chron. Armen., p. 59.]:

​

Då han steig opp på taket av palasset sitt, vart han inspirert av ein eller annan gud, og utbraut som følger: - Babylonarar! Eg, Nebukadnesar, forutseier deg ei ulykke som skal skje, som verken min stamfar Bel eller dronning Beltis kan overtala skjebnene til å avverge. Det skal kome eit persisk muldyr, (ein som har foreldre fra forskjellige land) som har dine eigne gudar i allianse med han, og skal pålegge deg slaveri, med ein meder til hovud, assyrernes stolthet.

 

Også profeten Daniel skriver om Nebukadnesar som lærte sin framtid å kjenne. Vi veit også at profeten Jeremia profeterte og skreiv ned profetier om Babylon og sende til Nebukadnesar i Babylon.

​

Guds råd til oss er difor å leve ved tru. For enten vi lever eller døyr, så høyrer vi Herren til. Kva enn som møter oss. For vi reknar oss som døde i Kristus og venter på vår forvandling, når Gud skal kalle oss til seg. Enn så lenge så lever vi ved tru. Vi er som Job som priser Gud i gode tider, som vonde, når vi vert opphøgde og når vi vert audmjuka. Lova vere Gud!

​

Denne sida vart laga i 2023; sist endra 20 april 2023.

bottom of page