FOR JØDE FØRST OG SÅ GREKAR (ROM. 1:16)

tlp.jpg

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Evangeliet skal ut til alle folk

Det er i Paulus’ brev til romarane at vi finner denne ordlyden «for jøde fyrst og så for grekar» (Rom. 1:16). Om vi ynskjer å forstå tekstene i Bibelen, bør vi ha klart for oss forskjellen mellom jødar, grekarar, samt alle dei andre folkeslaga, som alle høyrer inn under den gamle skapningen. Det var jødane som først måtte ta stilling til evangeliet om Jesus Kristus, deretter (så) grekarane, det vil seie det greskromerske riket, altså alle andre folkeslag inkludert. Lat oss difor sjå på dette i samanheng. Paulus’ brev til romarane byrjar slik (Rom. 1:1-7):

 

Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel, utvald til å forkynna Guds evangelium, det som han føreåt har gjeve lovnad om ved profetane sine i heilage skrifter, om Son hans, han som etter kjøtet er komen av Davids ætt, og som etter heilagdoms Ande er godtgjord å vera Guds veldige Son ved oppstoda frå dei døde, Jesus Kristus. vår Herre. Ved han har vi fått nåde og apostelembete, for å verka lydnad i tru mellom alle heidningfolka, til ære for hans namn. Mellom dei er de òg kalla til Jesus Kristus. - Til alle dei som er elska av Gud, kalla og heilage, i Rom: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.

  

Her skal vi først og fremst legge merke til at det ikkje står at brevet var til romarane, i tydinga det romerske folk. Det står at det var til alle dei som var i Rom og som hadde kome til tru på Jesus Kristus, «alle dei som er elska av Gud, kalla og heilage, i Rom» (Rom. 1:7). På liknande vis står det også i dei andre breva. I 1. Kor. 1:2 står det f.eks.:

 

…til den Guds kyrkjelyd som er i Korint, dei som er helga i Kristus Jesus, kalla, heilage, saman med alle som på kvar stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn, deira og vår Herre.

 

I Gal. 1:2 står det: «til kyrkjelydane i Galatia». I Ef. 1:1 står det: «til dei heilage i Efesus, som trur på Kristus Jesus».

 

I Rom. 1:16 står det at dette evangeliet «er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, både for jøde fyrst og så for grekar». Siste setninga kjem av greske ioudaio (til jødane) te (ikkje berre) proton (først og fremst) kai (men også) helleni (til hellenarane/grekarane), som kan omsettast: ikkje berre til jødane først og fremst, men også til grekarane. Det er kombinasjonen mellom greske te (både/også) og kai (og) som gir denne forståinga. Altså skriver Paulus først og fremst til dei jødane som var komne til tru, men også til dei få grekarane som var komne til tru, ved jødanes forkynning.

 

Når Paulus skriver på denne måten viser det oss at det ikkje var så sjølvsagt for dei første kristne at evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag. I Rom. 1:5 står det at Paulus (og medarbeidarane hans) hadde «fått nåde og apostelembete, for å verka lydnad i tru mellom alle heidningfolka». Norsk Bibel 88 fyljer her Martin Luther si omsetting, som omsette greske ethnesin, av ethnos, til heidningfolk. Det er eigentleg ei uheldig omsetting like så mykje som den er genial. Ein heidning var nemleg det uttrykket som på Luthers tid vart brukt om dei som budde i områder som ikkje fylgde skikk og bruk som i dei tyske byane, i berre overført tyding dei unådde. Det uheldige er at uttrykket her skal vise til dei folkeslaga som var annleis enn jødane, altså det tyske folk inkludert. I den greske grunnteksta står det slik: en (i mellom) pasin (alle) tois ethnesin (bokstaveleg (folke)skikkane/sedvanane, ofte omsatt folkeslag, folketypar, av ulike etnisitetar, nasjonalitetar). I v. 6 står: «Mellom dei er de òg kalla til Jesus Kristus». Sistnemnte setning siktar til dei truande jødane. Det er dei Paulus ville overtyde om dette. Jødane budde spreidd blant desse folka som hadde andre skikkar og vanar enn det dei hadde. I den verda dei første jødekristne levde i hadde det store fleirtalet lenge vore grekarar. På Paulus’ tid var Rom ein verdsby der folk frå heile verda kom saman og hadde fellesskap med kvarandre. Dei utveksla skikk og bruk og påverka kvarandre på godt og vondt. Blant desse var også jødane.

 

Legg merke til at Paulus presiserer at Gud på førehand hadde gjeve lovnader om evangeliet:

 

....ved profetane sine i heilage skrifter, om Son hans, han som etter kjøtet er komen av Davids ætt, og som etter heilagdoms Ande er godtgjord å vera Guds veldige Son ved oppstoda frå dei døde, Jesus Kristus vår Herre.

 

Paulus poengterar her at dette var Israels profetar og at dei heilage skriftene var jødiske. Likeins at Jesus Kristus, Guds Son, var av Davids ætt etter kjøtet, altså David sjølve grunnleggjaren av den jødiske kongsætta. Han var av Juda stamme, av ættingane til Juda, son til Jakob, han som Gud kalla Israel, viss far var Isak, son til alle dei truandes far, Abraham. Det er dette Paulus tek føre seg i brevet til galatarane. Kristus etter kjøtet døydde ein død lik vår. Det skjedde for at vi ved hans død kunne oppstå frå dei døde, ikkje etter kjøtet, men etter Anden, ikkje for å leve etter manns vilje, men etter Guds vilje. Difor har ingen av oss noko å rose seg for etter kjøtet, verken blant jødar eller blant noko anna folkeslag (Rom. 1:16). Ved vår Herre Jesu kome skal det døyelege verta overkledd i udøyelegdom. Dette er evangeliet som Paulus forkynte i 1. Kor. 15:20-22:

 

Men no er Kristus stått opp frå dei døde og har vorte fyrstegrøda av dei som er sovna inn. For av di døden kom ved eit menneske, så er òg oppstoda av døde komen ved eit menneske. For liksom alle døyr i Adam, såleis skal òg alle gjerast levande i Kristus.

 

 

Likevel må vi halde fram forskjellen det er mellom jødar og andre folkeslag om vi ynskjer å framlegge Guds ord rett. I 2. Tim. 2:15 står det slik: «Legg vinn på å kunna stiga fram for Gud som ein som står si prøve, ein arbeidar som ikkje har noko å skamma seg over, ein som legg fram sanningsordet på rett vis». Denne forskjellen er det vi får kjennskap til i boka om Apostlanes gjerningar. I Apgj. 1-7 har Saulus ennå ikkje vorte Paulus. Vi vert kjent med Paulus i Apgj. 8:1-4 der han står og samtykker i mordet på Stefanus, og sidan forfyljer han dei kristne og får dei fengsla. Så får vi igjen kjennskap til Paulus som «fnyste endå av trugsmål og mord mot Herrens læresveinar» (Apgj. 9:1). Vidare heiter det (Apgj. 9:1):

 

Han gjekk til øvstepresten og bad han om å få brev med til Damaskus, til synagogene der, slik at han, om han fann nokre som høyrde Vegen til, anten det var menn eller kvinner, kunne føra dei til Jerusalem i lekkjer.

 

Ein interessant detalj her er at Damaskus var hovudstaden i Samaria og folka som budde der var av jødane rekna som ureine. Endå til dit ville han reise for å fange dei kristne. Det fortel oss også at dei kristne på den tida hadde byrja å reise ut av eller rettare sagt flykte frå Judea. Men som vi skal sjå var evangeliet ennå ikkje forkynt for dei andre folkeslaga.

 

I Apgj. 9:1-31 får vi vite korleis Paulus på vegen til Damaskus til slutt vart kalla av Jesus til å fylje han og korleis han straks byrja å forkynne om Jesus i synagogene og korleis han «vart oppbygd og ferdast i age for Herren, og han voks ved Den Heilage Andes hjelp» (Apgj. 9:31).

 

I Apgj. 10 står det om den romerske høvedsmannen Kornelius, som budde i Cæsarea i Samaria. Ein Guds engel bad han kalle til seg Peter. Samtidig fekk Peter eit syn av Gud med klar beskjed om å dra til Cæsarea og forkynne evangeliet til Kornelius og hans hus. Då fekk også dei uomskorne eller heidningane Den Heilage Ande, og Peter døypte dei og rekna dei med i kyrkjelyden. Når Peter kom tilbake til Jerusalem står det at dei omskorne gjekk i rette med han og Peter måtte forklare for dei i samanheng (Apgj. 11). I Apgj. 11:19-26 står det slik:

 

Dei som no var spreidde på grunn av den trengsla som kom på i samband med Stefanus, drog ikring like til Fønikia, Kypros og Antiokia. Men dei tala ikkje Ordet til andre enn jødar. Men somme av dei, nokre menn frå Kypros og Kyréne, kom til Antiokia, der dei tala til grekarane òg og forkynte evangeliet om Herren Jesus. Og Herrens hand var med dei, og ein stor flokk kom til trua og vende om til Herren. Tidenda om dette kom kyrkjelyden i Jerusalem for øyra, og dei sende Barnabas til Antiokia. Då han kom dit og såg Guds nåde, vart han glad. Og han formana alle at dei skulle halda heilhjarta fast på Herren. For han var ein god mann og full av tru og Den Heilage Ande. Og ein stor flokk vart vunnen for Herren. Sidan drog han til Tarsus for å leita opp Saulus. Og han fann han, og tok han med seg til Antiokia. Der var dei saman i kyrkjelyden eit heilt år og lærde ein stor flokk. Det var i Antiokia læresveinane fyrst vart kalla kristne.

 

Her byrjar evangeliet å nå ut til grekarane, sjølv om dei i all hovudsak forkynte før jødane først og fremst (!). Legg merke til det som står i Apgj. 11:22 at kyrkjelyden i Jerusalem sendte Barnabas til Antiokia, altså til Syria. For slik står det i Apgj. 1:8: «Men de skal få kraft når Den Heilage Ande kjem over dykk. Og de skal vera mine vitne både i Jerusalem og heile Judea og Samaria og alt til endane av jorda». I Luk. 24:44-51 sa Jesus til læresveinane:

 

Så sa han til dei: Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det laut oppfyllast alt det som er skrive om meg i Moselova og profetane og salmane. Då opna han for tankane deira, så dei kunne skjøna Skriftene. Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias laut lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen, og at omvending og forlating for syndene skal forkynnast i hans namn for alle folkeslag, frå Jerusalem og vidare ut. De er vitne om dette. Og sjå, eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de vert kledde i kraft frå det høge. Han førde dei ut imot Betania, og han lyfte hendene sine og velsigna dei. Og det hende medan han velsigna dei, at han skildest frå dei og vart teken opp til himmelen.

 

I Apgj. 13:1-4 står det at Den Heilage Ande til slutt utvalde Barnabas og Saulus til ei apostolisk gjerning. Framleis er han Saulus, men i frå Apgj. 13:9 vert han også kalla Paulus.

 

Då Barnabas og Paulus kom til Antiokia i Pisidia, som låg i Lille Asia, gjekk dei inn i ei synagoge der. Forstandaren bad dei om å tale eit ord og Paulus forkynte om Jesus for dei, dvs. han forklarte kva som hadde skjedd og kvifor det hadde skjedd. Deretter står det slik i Apgj. 13:43-45:

 

Då møtet i synagoga var over, var det mange av jødane og av dei gudsdyrkarane som hadde gått over til jødetrua, som fylgde etter Paulus og Barnabas. Dei tala då til dei att, og formana dei inderleg til å halda fast ved Guds nåde. Den neste sabbaten samla så mest heile byen seg for å høyra Herrens ord. Men då jødane såg folkemengda, vart dei fylte av brennande ihuge og sa imot det som Paulus sa; ja, dei sa imot og spotta.

 

I Apgj. 13:46-49 står difor Paulus og Barnabas fram og ropar ut:

 

Det var naudsynt at Guds ord vart forkynt fyrst for dykk. Men sidan de viste det frå dykk og ikkje aktar dykk verdige til det evige livet, så vender vi oss no til heidningane. For dette er Herrens bod til oss: Eg har sett deg til eit ljos for heidningane, så du skal vera til frelse like til endane av jorda. Då heidningane høyrde det, vart dei glade og prisa Herrens ord. Og dei kom til tru, alle dei som var etla til evig liv. Og Herrens ord breidde seg ut over heile landet.

 

Vidare står det i Apgj. 14:21-28 om den apostoliske tenesta deira: «i kvar kyrkjelyd valde dei ut eldste for dei. Og etter bøn og faste overlét dei dei til Herren, som dei var komne til tru på» (v. 23). Ordet eldste er eit viktig uttrykk i det nye testamentet. Det står at apostlane cheirotoneo (å rekte opp handa) de (og) autois (for dei) presbuterous (eldste). Dei vart altså valt ut ved handsopprekking. I Tit. 2 står det at Titus skulle innsette eldste. Dette er ei litt forvirrande omsetting fordi å innsette her er ei omsetting av greske katastema, som tyder å hjelpe nokon til å stå stødig, i tydinga å lære nokon om korleis dei skal oppføre seg korrekt.

 

Dette er interessant for det vidare skjer. I Apgj. 15 står det at nokre menn kom frå Judea og lærde læresveinane slik: «Dersom de ikkje vert omskorne etter den skikken vi har frå Moses, kan de ikkje verta frelste». Desse nyomvendte kom difor til Paulus og Barnabas med mange kontroversar som dei ville undersøke med mange spørsmål. I grunnteksta står det: genomenes (fekk dei til å) oun (heilt klart) staseos (opponere) kai (og) suzeteseos (undersøke, spørre spørsmål for og imot) ouk (ikkje) oliges (lite), i tydinga at det heilt klart fekk dei til å opponere og undersøke ikkje reint lite. Det resulterte i at både dei (og apostlane) ville søke råd hos apostlane og dei eldste i Jerusalem. På dette møtet sto det også fram nokre nyomvendte frå farisear-partiet og sa (Apgj. 15:5): «Dei må verta omskorne, og ein lyt påleggja dei å halda Moselova». Igjen vart det mykje spørsmål fram og tilbake om kva som var rett.  Då sto Peter fram og sa (Apgj. 15:7-11):

 

Brør, de veit at Gud for lenge sidan valde meg ut mellom dykk, så heidningane skulle få høyra evangelie-ordet av min munn og koma til trua. Og Gud, som kjenner hjarto, vitna for dei då han gav dei Den Heilage Ande til liks med oss. Han gjorde ikkje skil på oss og dei, for ved trua reinsa han deira hjarto òg. Kvifor freistar de då Gud, og legg eit åk på nakken til læresveinane som korkje fedrane våre eller vi var i stand til å bera? Men vi trur at vi vert frelste ved Herren Jesu nåde, på same måten som dei.

 

Deretter tala Jakob slik (Apgj. 15:14-21):

 

Simon har fortalt korleis Gud frå fyrst av sørgde for å ta seg ut eit folk for sitt namn mellom heidningane. Og med dette samsvarar ord hjå profetane, der det står skrive: Deretter vil eg venda attende og byggja opp att Davids falne hytte. Det av henne som er brote ned, vil eg byggja opp på nytt, og eg vil atterreisa henne, så resten av menneska skal søkja Herren; ja, alle heidningfolka som namnet mitt har vore nemnt over. Så seier Herren, han som gjer dette som han frå æva har visst om. Difor meiner eg at vi ikkje skal gjera det vanskeleg for dei av heidningane som vender om til Gud. Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er smitta av avgudane, og frå hor og frå det som er strøypt og frå blod. For Moses har i kvar by nokre som alt frå gammal tid forkynner han, og han vert lesen i synagogene kvar sabbat.

 

Når det gjaldt om kva heidningane skulle halde av Moselova sa han dette (v. 19-20):

 

Difor meiner eg at vi ikkje skal gjera det vanskeleg for dei av heidningane som vender om til Gud. Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er smitta av avgudane, og frå hor og frå det som er strøypt og frå blod.

 

Difor sto det også slik i brevet til heidningane (v. 28-29):

 

For Den Heilage Ande og vi har vedteke at vi ikkje skal leggja noka anna bør på dykk enn det som er heilt naudsynt: at de held dykk frå avgudsoffer og blod og det som er strøypt, og hor. Om de tek dykk i vare for dette, vil det gå dykk godt. Lev vel!

 

For det første kan vi merke oss at dette var svært nærliggande for grekarane og for dei andre folkeslaga. I deira kultur var det vanleg å be til avgudane og gå til prostituerte og til å ete kvalte dyr eller å ete eller drikke blod. Alt dette var ein del av religionen deira og som dei gjorde i frykt for gudanes vreide. I grunnteksta står det slik: tou (det) apechesthai (halde seg i frå, avstå) apo (frå, alltid frå noko som er nært, nærliggande) ton (det) alisgemathon (bokstaveleg jordflekkete, gjere seg urein) ton (det) eidolon (bileta, det ein kan sjå) kai (og) tes (det) porneias (av pernaō, å selge vekk, som gjev tydinga dei som selger seg eller også gir seg hen til flere enn den ene) kai (og) ton (det) pnikton (kvalte) kai (og) tou (det) haimatos (blodet), i tydinga det å avstå frå bileta som ein vert gjort urein ved og dele kroppane sine med andre og frå det som er kvalt og blod. I v. 29 står det eidolothuthon som bokstaveleg talt tyder å blåse hardt for bileta, altså å gjere i stand eld til avgudsoffer, dei ofra og åt saman med det som berre var eit bilete av ein såkalla gud, eit stumt bilete som Paulus skriver i 1. Kor. 12:2. Grekarane kvalte ikkje dyra sine, men tømte ut blodet og drakk av det. Skytarane kvalte derimot dyra sine og åt kjøtet med blodet. Her vert det referert til det Gud sa til Noah og dei tre sønene hans, som var representanter for heile menneskeætta, i 1. Mos. 9:4: «De må berre ikkje eta kjøt som har sjela, det vil seia blodet, i seg». Når det gjelder hor er det i 1. Kor. 6:16 referert til 1. Mos. 2:24 der det står: «Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei skal vera eitt kjøt». Om ein mann ligg med ei anna kvinne og slik vert eit kjøt med ho, så syndar han mot kvinna si og mot seg sjølv. På same vis var det med å drive avgudsdyrking samtidig som ein skulle tene Gud.

 

Men dette er berre ei side av saka. For spørsmålet var også kor mykje av Moselova dei skulle halde. Svaret er det same (Apgj. 15:28-29):

 

For Den Heilage Ande og vi har vedteke at vi ikkje skal leggja noka anna bør på dykk enn det som er heilt naudsynt: at de held dykk frå avgudsoffer og blod og det som er strøypt, og hor. Om de tek dykk i vare for dette, vil det gå dykk godt. Lev vel!

 

Likevel ser vi at det skjedde eit fråfall seinare i kyrkjehistoria. Dette møtet i Jerusalem vert ofte referert til som det første kyrkjemøtet. Moderne kyrkjehistorikarar har datert dette til ca. år 48 eller 49 e.Kr. [kirkemøte. (2019, 28. februar). I Store norske leksikon. Hentet 26. april 2020 fra https://snl.no/kirkem%C3%B8te]. I Bibelen står det berre om dette eine møtet. Men sidan vart det kalla saman til nye kirkemøter, f.eks. det første konsilet i Nikea i Bythinia i år 325 e.Kr. Sidan har kyrkjene halde ei rekkje slike konsil (ofte omsett til kirkemøte, men kjem av lat. samankalla, gr. ecclesia, forsamling). Som vi ser av historia kom desse også i stand på grunnlag av usemje og splid. Det vi kan legge merke til er at avgjerda vart då gjekk i motsett retning. Det partiet som tapte i år 48 eller 49 e.Kr. Fekk då ein siger. Moselova gjorde seg då gjeldande på nytt, sjølvsagt med mange modifikasjonar. Enkelte vil her påstå at dette var til det betre, så kva er gale med det då? Men dette er naiv og umoden tale, for desse berre vidareførar disputten som vart løyst i Apgj. 15. Likeins vann dei som dreiv med dyrking av avgudsbileta. Her i vårt land vart det siste avgudsbilete teke ut av dei protestantiske kyrkjene så seint som på 1800 talet. Luther ville kasta ut alt dette, men måtte erkjenne at avgudsdyrkinga var så innøvd i folket at det ville ta lang tid. Han forkasta dei fleste og heldt igjen nokre få. Dette er kjensgjerningar og er skrevet ned i våre historier for all ettertid.

 

Men desse vegane må vi ikkje gå på om vi vil halde seg til Paulus’ ord i 2. Tim. 2:15 «Legg vinn på å kunna stiga fram for Gud som ein som står si prøve, ein arbeidar som ikkje har noko å skamma seg over, ein som legg fram sanningsordet på rett vis». Paulus var på ingen måte uviten om det som skulle koma og profeterte slik for dei eldste frå Efesus (Apgj. 20:28-30):

 

Så tak no vare på dykk sjølve og på heile den hjorda som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for, så de skulle vakta Guds kyrkjelyd, som han vann seg med sitt eige blod. Eg veit at når eg har gått bort, skal det koma glupande ulvar inn mellom dykk, som ikkje sparer hjorda. Ja, mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fører falsk tale for å lokka læresveinane etter seg.

 

For å avslutte kan vi nemne at vi i Apgj. 16 får kjennskap til læresveinen Timoteus, som indirekte vart årsak til at Paulus til slutt vart teken til fange av jødane etter eit besøk i Jerusalem. Vidare utover i boka høyrer vi om dei mange misjonsreisene til Paulus. Han enda opp i Rom der han leigde eit hus og tok imot besøkande og forkynte Guds rike og lærde om Herren Jesus med stort frimod, utan å verta hindra (Apgj. 28:30-31).

 

I Gal. 2:8 skriver Paulus at liksom Peter fekk «kraft til apostelteneste mellom dei omskorne» fekk han «kraft til det mellom heidningane». Her er det viktig at vi ikkje misforstår. Det er riktig at Peter også vart sendt til heidningane, som for eksempel til høvedsmannen Kornelius, som budde i Cæsarea (Apg. 9-11), hovudstaden i den romerske provinsen Judea. For jødane sjølv låg Cæsarea i Samaria, blant eit folk dei rekna for ureine. Mange undrer seg kanskje på kva grunnlag den romersk katolske kyrkja flytta Peter frå Jerusalem til Rom og gav han æra som hovud og grunnleggjar av den romersk katolske kyrkja. I Bibelen er det ikkje skrevet noko til støtte for ein slik påstand. Tvertimot. Men dette er faktisk ein av dei sterkaste indikasjonane på at Paulus og hans lære vart forkasta. Paulus skriver slik i Gal. 2:9:

 

Då dei som gjaldt for å vera beresøyler - Jakob, Kefas og Johannes - vart kjende med den nåden som eg hadde fått, gav dei meg og Barnabas samfunnshand. Vi skulle gå til heidningane, men dei til dei omskorne.

 

Og dersom nokon skulle gå imot Paulus’ brev på dette punktet, då skal dei vite at Peter sjølv går til forsvar for Paulus’ brev i 2. Pet. 3:14-18:

 

Difor, mine kjære, når de ventar på desse ting, så legg vinn på å verta funne utan flekk og lyte for han, i fred, og akta vår Herres tolmod som frelse! Såleis har òg vår kjære bror, Paulus, skrive til dykk, etter den visdomen han har fått. Det har han gjort i alle breva der han talar om dette. I dei er det noko som er vanskeleg å skjøna, og som dei ustøe og ulærde vrangtolkar, slik dei gjer med dei andre Skriftene òg, til sin eigen undergang. Så må de, mine kjære, som veit dette føreåt, ta dykk i vare så de ikkje skal verta rivne med av villfaringa åt dei lovlause, slik at de fell ut av dykkar eige faste stand. Men veks i nåde og kjennskap til vår Herre og frelsar Jesus Kristus! Æra høyrer han til, no og i den evige dagen! Amen.

 

Peter skriv også brev til jødane i utlandet, men det utgjer ingen forskjell. Han er likevel lærar for dei omskorne. I 1. Pet. 1:1 står det slik: «Peter, Jesu Kristi apostel - til dei utvalde, dei som er utlendingar og er spreidde omkring i Pontus, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia». Her er forståinga skjult i grunnteksta og kjem ikkje fram i omsettinga. For det står parapidemois diasporas, i den bokstavelege tydinga dei som er i og føler seg heime i desse byane og som er sådd eller har bygd seg hus i jorda der, men i den teologiske tyder dette jødar i utlandet, i diasporaen. I Jak. 1:1 står det endå tydlegare: «Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, helsar dei tolv ættene som er spreidde omkring i landa». Uttrykket spreidde omkring i landa er her ei omsetting av greske diaspora, av diaspeiro, som tyder å så overalt. Dei tolv ættene er Israel, altså dei truande av dei tolv ættene. Det er ingen grunn til at jødane på nokon måte ikkje burde halde på sin identitet. Dei er jødar, dei er av Israels ætt. Vi er nordmenn eller av andre nasjonar. I 1. Kor. 10:32 står det slik: «Ver ingen støytestein, korkje for jødar eller for grekarar eller for Guds kyrkjelyd». Greske aproskopos, av a i tydinga negativ ikkje; pros i tydinga føre til og kopos i tydinga å slå (å slå seg til brystet), altså ikkje få dei til å slå seg til brystet. Vi skal ikkje vere vonde imot dei. Samtidig må vi halde fast på Guds og Kristi ord og apostlanes lære, som det står (Ef. 4:11-15):

 

Han er det som gav somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar, så dei heilage kunne setjast i stand til å gjera teneste, til å oppbyggja Kristi lekam, til dess vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, til manns mognad, til aldersmålet for Kristi fullnad, så vi ikkje lenger skal vera umyndige og la oss kasta og driva ikring av kvar lærdomsvind ved menneskespel, ved kløkt i listige villfaringsknep. Sanninga tru i kjærleik skal vi i alle måtar veksa opp til han som er hovudet, Kristus.

 

I alle breva til Paulus er det nettopp dette at dei som er jødar og som har kome til tru på Jesus Kristus og som har vorte døypte til hans namn, at dei reknar seg med til Kristus og hans død (Rom. 6:3-11). I Kristus Jesus er det også vi, heidningane, ved tru reknar oss med i den nye skapninga. Men vi er det ikkje etter kjøtet slik somme lærer, men etter Anden. For det einaste som er nytt ved oss er at vi ved å vende om og late oss døypa på Jesu Kristi namn til forlating for syndene, har fått Den Heilage Ande i gåve, som ei nådegåve. For vi får den i denne tid medan vi ennå er syndarar. Dei som lærer at vår ånd er fødd på ny, lærer feil. I Rom. 8:14-24 står det slik:

 

For så mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. De fekk ikkje ei trædomsånd, så de atter skulle ottast. Nei, de fekk Barnekårsanden, som gjer at vi ropar: Abba, Far! Anden sjølv vitnar saman med vår ånd at vi er Guds born. Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han, for at vi òg skal verta herleggjorde med han. For eg er overtydd om at lidingane i den noverande verda ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som skal openberrast på oss. For skapningen ventar og lengtar etter at Guds born skal openberrast. Skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje frivillig, men etter hans vilje som la ha under forgjengelegdom, i von om at skapningen òg skal verta frigjord frå trældomen under forgjengelegdomen, og nå fram til fridomen åt Guds born i herlegdomen. For vi veit at skapningen heilt til denne stunda sukkar saman og styn saman som i føderier. Ja, ikkje berre det, men vi òg som har fått Anden som fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve, medan vi lengtar etter barnekåret vårt, utløysinga av lekamen vår. For i vona er vi frelste.  

 

Difor, anten vi er jødar eller heidningar når vi vert overtydde, altså byrjar å tru på desse ting, så er det ikkje lenger nokon forskjell på dei som har kome til tru, anten vi er jødar eller av eit anna folkeslag, anten vi er omskoren eller uomskoren, vi er alle rettferdiggjort ved den same trua. [Sjå Rom. 3:21-24, Gal. 3:28 og Kol. 3:11]. Vi er alle saman Abrahams etterkomarar, anten vi er det eine eller det andre, fordi vi høyrer Kristus til, han som Gud gav løftet til, han som er den ættlingen Abraham vart lova (Gal. 3). I Rom. 3:26-31 står det slik:

 

Ved dette ville Gud syna si rettferd i den tida som no er, så han kunne vera rettferdig og rettferdiggjera den som har trua på Jesus. Kvar er så vår ros? Den er utestengd. Etter kva lov? Gjerningslova? Nei, etter lova om trua. For vi er overtydde om at mennesket vert rettferdiggjort ved tru, utan lovgjerningar. Eller er Gud berre Gud for jødar? Er han ikkje Gud for heidningar òg? Jau, for heidningane òg, så sant Gud er éin, han som rettferdiggjer dei omskorne av trua og dei uomskorne ved trua. Opphevar vi då lova med trua? Langt ifrå! Vi stadfestar lova.  

 

Legg merke til v. 30 der det står at Gud «rettferdiggjer dei omskorne av trua og dei uomskorne ved trua». Det er ei typisk misforståing at jødane kom til tru på Jesu tid. Men det er ikkje slik å forstå. For jødane visste godt at Jesus skulle kome. Dei hadde venta på han. Men då han kom tok ikkje alle tok imot han. «Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans» (Joh. 1:11-12). I Jes. 53:2 står det:

 

Han rann som ein kvist for hans åsyn, som eit rotskot or tørr jord. Han hadde ingen skapnad og ingen herlegdom. Vi såg han, men han hadde ikkje slik utsjånad at vi kunne ha hugnad i han.

 

Han kom altså ikkje slik dei hadde tenkt og ønska seg. Han gav ikkje menneske ære. Han opphøgja ingen. Nei, han fornedra seg sjølv, endå til korset.

 

Men Gud har vist oss alt dette heilt frå den tida han først var saman med menneska, heilt frå dagen vi vart skapt. I Edens hage står det nemleg at han vandra saman med Adam. Adam vart endå til kalla Guds son i Luk. 3:38. Gud hadde skapt han i sitt bilete (1. Mos. 1:26-27). Adam fekk sjølv ein son etter sitt bilete (1. Mos. 5:1-4). Gud likna seg altså med eit menneske. Sidan viste han dette til folket sitt, til Israel, då Gud fekk dei til å sette opp eit telt, eit tabernakel, til bustad for seg sjølv. I dette teltet budde Gud saman med Israel. Dette teltet hadde ingen synleg herlegdom og ære. Teltets utside var nemlig laga av geiteragg, men innvendig, i det usynlege, var teltet fylt til randen av verdifulle gjenstander. Men ingen kunne sjå alt dette med sine eigne auge. Teltet var for heilagt til å gå inn i. Berre prestane fekk gå inn og bære fram vitnemål for folket om kva dei hadde sett. Difor står det også slik om vår Herre Jesus Krisus (Fil. 2:6-11):

 

… han som, då han var i Guds skapnad, ikkje heldt det for eit røva bytte å vera Gud lik, men gav avkall på det og tok ein tears skapnad på seg, då han kom og vart menneske lik. Og då han i si ferd var funnen som eit menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden - ja, døden på krossen. Difor har Gud storleg opphøgt han og gjeve han det namnet som er over alle namn, så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn, deira som er i himmelen og på jorda og under jorda, og kvar tunge skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære.

 

Når Jesus sto fram var det altså utan herlegdom og ære. Men i Joh. 1:14 står det: «Og Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss, og vi såg herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå Far sin, full av nåde og sanning». Igjen var dette heilt skjult for dei som ikkje kjente han. I Luk. 9:28 står det likeins at Peter, Johannes og Jakob gjekk opp i fjellet saman med Jesus for å be. I v. 29 står det om Jesus: «Og medan han bad, vart andletet hans annleis å sjå til, og kleda hans vart skinnande kvite». I v. 32 står det: «Men då dei vart fullt vakne, såg dei herlegdomen hans». Her kan vi merke oss at Lukas refererer til dette som at Jesu profetord i v. 22-27 ved denne hendinga vart oppfylt:

 

Og han sa: Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste og øvsteprestane og dei skriftlærde. Han skal verta slegen i hel, og på den tredje dagen skal han stå opp. Han sa til alle: Om nokon vil koma etter meg, då må han fornekta seg sjølv og kvar dag ta krossen sin opp og fylgja meg. For den som vil berga livet sitt skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det. For kva gagner det eit menneske om han vinn heile verda, men misser seg sjølv og tek skade på seg sjølv? For den som skjemmast ved meg og orda mine, han skal òg Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i den herlegdomen som høyrer han og Faderen og dei heilage englane til. Eg seier dykk for sant: Nokre av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Guds rike!  

 

Igjen er det lett å misforstå slik «dei ustøe og ulærde» gjer. For greske ten baselian er her ikkje rett omsett. Det står ikkje Guds rike, men Guds kongelegdom. Her kan vi minnast det Johannes skreiv i Joh. 1:14: «Og Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss, og vi såg herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå Far sin, full av nåde og sanning». For det er det same som står i Luk. 9:26 om Menneskesonen «når han kjem i den herlegdomen som høyrer han og Faderen og dei heilage englane til». Det er det greske ordet doxe som her er omsett med herlegdomen. Dette er ei overført tyding. Sjølve ordet kjem av greske dokeo, å tenke, i tydinga å leve opp til forventninga. For Gud har lova at når Herren Jesus Kristus, Menneskesonen, skal kome igjen, då skal alle få sjå hans kongelegdom, hans veldige og mektige herlegdom. Så skulle altså likevel nokre av hans læresveinar få sjå hans herlegdom før dei sjølv skulle smake døden. I Joh. 21:23 kan vi også merke oss eit ord som avkreftar at Jesus på nokon måte kom igjen før Johannes døde, slik somme lærer:

 

Jesus seier til han: Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det? Fylg du meg! Difor kom det ordet ut mellom brørne: Denne læresveinen døyr ikkje! Men Jesus hadde ikkje sagt til han at han ikkje skulle døy. Men han sa: Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det.

 

Han sto ikkje fram som ein allmektig konge som kunne gjere akkurat som han ville. Nei, han underordna seg Guds vilje: «det gode, det som han har hugnad i, det fullkomne». Jesus gav difor ikkje etter for noko lyst eller lidenskap. Han hindra ikkje eingong sin eigen død, endå Gud ved teikn og under hadde vist alt folket at ingenting var umogleg for han. I Hebr. 12:1-4 står det:

 

Så lat oss difor, etter di vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og renna med tolmod i den striden som ligg framfor oss, med augo feste på Jesus, han som er opphavsmannen og fullendaren til trua. For å oppnå den gleda som venta han, leid han krossen med tolmod, utan å akta vanæra, og har no sett seg ved høgre sida av Guds trone. Ja, tenk på han som heldt ut slik motseiing frå syndarar, så de ikkje skal verta trøytte i sjelene dykkar og verta motlause. Enno har de ikkje gjort motstand like til blodet i dykkar kamp mot synda.

 

 

Denne sida vart laga i 2020; sist endra 5 januar 2021.