top of page

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

​

Matteus 19:23-24

Det er interessant å sjå nærare på kva som eigentleg står i grunnteksta kontra slik vi finner det omsett i våre bibelomsettingar. Her skal vi sjå nærare på Matt. 19:23 der det står (NB88): "Jesus sa til læresveinane: Sanneleg seier eg dykk: Det er vanskeleg for ein rik å koma inn i himmelriket." På gresk står det:

 

ho (det) de (men) iesous (Jesus) eipen (sa) tois (til dei) mathetais (hadde i lære) autou (han) amen (sanneleg) lego (seier eg, legger eg fram) humin (til/for dykk) hoti (at) duskolos (vanskar med å fordøye) plousios (rikfolk) eiseleusetai (å kome inn) eis (til) ten (det) basileian (kongelegdomen) ton (det) ouranon (himmelske).

 

Det tyder noko i retning av: "Men då sa Jesus til dei som gjekk i lære hjå han: Sanneleg, dette utlegger eg for dykk at rikfolka har vanskar med å fordøye det å kome inn i den himmelske kongelegdomen." Det greske ordet duskolos kjem av dys, vanskeleg og kolon, mat. (https://biblehub.com/greek/1422.htm).

I vers 24 står det: "Atter seier eg dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga, enn for ein som eig mykje, å koma inn i Guds rike." Uttrykket lettare er her ei omsetting av greske eukopoteros satt saman av eu, vel, god og kopos, hardt slag, kappe av, arbeid. Det vil seie at det er enklare å arbeide med å få ein heil kamel gjennom eit nålauge med møysommeleg arbeid, enn å få ein rik person til å kome inn i Guds rike. Begge deler krever veldig mykje av den som skal prøve å lykkast med dette. Men det er ikkje umogleg. Læresveinane vart forundra over denne læra og spør difor: "Kven då då verta frelst?" Jesus svarer: "For menneske er dette umogleg, men for Gud er alt mogleg". Peter spør då: "Sjå, vi har forlate alt og fylgt deg. Kva skal då vi få?" For det var dette den rike unge mannen ikkje kunne få seg til å gjere. For læresveinane såg forbi denne verda mot det fullkomne, det evige livet. Dei strekte seg etter den nye skapninga og la ikkje vinn på den gamle. Jesus svara dei då (Matt 19:28-30):

​

Jesus sa til dei: Sanneleg seier eg dykk: Når verda skal fødast på nytt – når Menneskesonen sit på herlegdomstrona si – då skal de òg som har fylgt meg, sitja på tolv troner og døma dei tolv Israels-ættene. Og kvar den som har forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det hundrefald att, og erva evig liv! Men mange som er dei fyrste, skal verta dei siste, og dei siste dei fyrste.
 

Denne sida vart laga i 2022; sist endra 28 desember 2022.

​

​

bottom of page