Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Messiasprofetien

Dei fleste forskarar vil akseptere at Jesus frå Nasaret vart fødd anten i år 5 eller 4 f.Kr. og at han vart avretta ein gong mellom år 29 og 33 e. Kr. Studiar av dødehavsrullane har påvist at jødiske lærde i dei siste hundreåra f.Kr., lærte at Messias skulle fødast mellom år 3 f.Kr. og 2 e. Kr. Grunnlaget for desse tala fann dei blant anna i Enoks bok og Jubilearboka, i dei såkalla pseudepigrafiske bøkene.

 

I Dan. 9:23-26 står det også nøyaktig kor tid Messias skulle stå fram, nemlig ca. 30 e. Kr. Det var også først på den tida at mange byrja å gjere krav på å vere Messias. Og av alle som sto fram - eller som det står skrevet, som sto fram då tida var fullkomen (Mar. 1:15, Luk. 2:21–52, Rom. 5:6 og Gal. 4:4) - var det ingen som var så truverdig som Jesus frå Nasaret. I Luk. 3:1-3 står det om tida då døyparen Johannes sto fram. Det var han som peika ut Jesus for folket. Som vi ser av desse versa er hendinga plassert på ein historisk arena, som ikkje berre omfatta det jødiske folket, men også heile verda:

 

I det femtande styringsåret til keisar Tiberius, medan Pontius Pilatus var landshovding i Judea, Herodes var fjerdingsfyrste i Galilea, Filip, bror hans, fjerdningsfyrste i landa Iturea og Trakonitis, og Lysanias fjerdingsfyrste i Abilene, og medan Annas og Kaifas var øvsteprestar, - då kom Guds ord til Johannes, son åt Sakarias, i øydemarka.

 

Jesus sjølv valte seg ut tolv læresveinar som sine personlege vitne. Dei var med frå hans virke starta, til hans død og oppstode, og like til den dagen han vart teken inn i sjølve himmelen, inn i det høgheilage, der Gud i sanning bur. Etter sto det fram ein stor og trufast disippelflokk på over hundre mann som byrja å vitne om at Jesus er Kristus, Messias, den Menneskesonen som Gud skal sende ned frå himmelen, frå sitt rike, Guds rike, når tida er inne. Og dei vann seg læresveinar overalt, og til denne dag forkynner hans læresveinar evangeliet like til verdas ende. Jesus seier sjølv i Matt. 24:14: «Og dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til eit vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma».

 

I Dan. 9:26 står det tydleg at Messias skulle døy. I dei masoretiske tekstene - som er dei såkalla grunntekstene - er det hebraiske ordet karath brukt. Det tyder eigentleg at han vart kutta bort. Ordet vert også brukt om det å kutte seg i kroppen som eit paktsteikn, altså om sjølve omskjeringa. Likeins i Jes. 53, og i den ofte utelatne delen i v. 8-12. Der står det at han skulle bli fengsla, få dom og deretter bli «riven bort». I MT er det hebraiske ordet gazar brukt som eigentleg tyder kutta ned. Det er i den same tydinga, altså som eit stykke hud som vert fjerna frå resten av huda eller som ein kvist som vert fjerna frå treet og frå dei andre kvistane. I konteksten ser vi at tydinga er at han skulle verta avretta med døden til fylje. I Jes. 53 står det også at han skulle stå opp igjen frå dei døde og få mange etterkomarar. Men ikkje på ein slik måte ein skulle tru. I 1. Kor. 15 står det at Jesus er den siste Adam, den siste som skal bli far til mange, eller som dei mange skal verta gjort lik med. I enden skal Gud forvandle døyelege kroppar, og føre ein skare så stor som ingen kan telje inn i hans herlegdom, fordi dei har fått sine synder tilgjeve.

 

Dersom vi ser nærare på dei fire første evangeliane i NT, så vitnar dei alle om at øvsteprestane i tempelet og dei eldste i landet sto bak hans død. Desse såg riktignok reine ut på utsida, men dei var fulle av vondskap på innsida (Mar. 7:1-23). Det året Jesus vart krossfesta ville dei eigentleg vente til etter påskehøgtida med å myrde han. Men to dagar før påske hendte det at ei kvinne salva Jesus med ei svært kosteleg salve. Disiplane hans vart rasande. Og då Jesus tok hennar parti, gjekk ein av dei, Judas, til øvstepresten og sveik han. Frå den tida søkte Judas etter eit passande høve til å overgi han på (Matt. 26:1-17). Då Jesus heldt påskemåltid saman med læresveinane sine, peikte Jesus ut Judas som den som skulle svike han, og bad han om å gjere det han hadde sett seg føre. Det står då at Satan fór inn i Judas. Judas visste også at dei etter måltidet skulle samlast i Getsemane, og førte difor øvsteprestens utsendingar dit. Fordi folket heldt Jesus for å vere Messias måtte dei fare med list og gjorde alt i ly av mørkret. Jesus vart teken inn til avhør, der dei til slutt fann han skuldig til døden for å ha sagt: «Eg kan bryta ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar!» (Matt. 26:61). Det som er interessant med vitnemålet er at det er ei forvridd sanning. I konteksten i Joh. 2:13-22 ser vi nemlig at Jesus eigentleg sa at jødane kunne rive ned tempelet og at han skulle reise det opp att på tre dagar. Han tala då om sin eigen lekam. Det var nettopp det jødane gjorde. Dei reiv ned den lekamen som Gud budde i, og slik vart Jesu profetord oppfylt då han sto opp att frå dei døde tre dagar deretter. For å få han dømt, tok dei han med til romarane, der han først vart kjent uskuldig av domaren Pontius Pilatus. Dei få kjeldene vi har om Pilatus, viser at han var omsynslaus. Men det tyder ikkje på at han ville avrette nokon utan sakleg grunn. At han var omsynslaus ser vi av det som hendte vidare. For ettersom det var jødisk påskehøgtid og romersk skikk å vise velvilje til folket på den dagen, fekk dei velje mellom å frigje Barabbas, ein røvar fengsla for opprør og mord; eller Jesus som var funnen utan skuld. Pilatus var heilt sikker på at dei gi Jesus fri, men øvstepresten tok då til orde og bad folket vrake Jesus. Ingen turte å seie imot, ettersom det var strengt forbode i Moselova å seie imot ein øvsteprest. Då Pilatus spurte dei om kva dei ville gjere med Jesus, fekk øvstepresten og dei eldste folket til å ropa: «Krossfest han!». Slik oppfylte dei lova om å vrake det lammet som hadde lyte og slakte det lytelause (2. Mos. 12). Difor sa også Jesus at dei skulle få forlating for det dei gjorde mot han. For dei visste ikkje kva dei gjorde (Matt. 12:31-32). Den omsynslause Pilatus syntes likevel at dei jødiske leiarane «slapp billig unna», ettersom dei på ein slik måte hadde fått Jesus avretta på lovleg vis. Han laga difor ei innskrift på krossen, der det sto på gresk, latinsk og hebraisk: «Dette er Jesus, kongen over jødane». Dette har den greskromerske historikaren, Tacticus, skrevet ned for all ettertid: «Kristus […] hadde fått dødsstraff under prokurator Pontius Pilatus den gang Tiberius regjerte».

 

Likevel er heile det nye testamentet eit vitnemål om Jesu oppstode frå dei døde i samsvar med skriftene (f.eks. Jes. 53:10-12, Dan. 9:24-27.). Alle dei dagane han viste seg levande for disiplane, gjekk han mellom dei og lærte dei om alt det som høyrte Guds rike til. Deretter vart han rykt opp til sitt rike med skyene. Vitna fekk sjå to menn i kvite klede som sa at Jesus skulle koma tilbake på same måten som han gjekk ut av verda, altså med skyene (Apg. 2:9–11). Han vart også sett av Stefanus då folket steina han etter at han hadde bore fram vitnemål om Jesus for Israels leiarar. Stefanus såg at himmelen opna seg og at Jesus sto ved Guds høgre side (Apg. 7 og 8:1–2). Jesus vart altså sett der inne i Guds tempel, inne i sjølve himmelen, i det høgheilage, som den sanne Øvstepresten. Alt dette peikar framover mot opningsdagen for jubelåret, då alt skal kome tilbake til sin rette skikk igjen. Den dagen fall på den tiande dagen i den sjuande månaden Tishri, den mest høgheilage dagen i Israel. For på den dagen, og berre på den dagen, kunne Øvstepresten gå inn i det høgheilage med blodet til forsoning mellom Gud og folket og for alle dei framande som vart rekna med blant dei. For det var for synds skuld at Gud hadde skilt seg frå mennesket, og blodet var soninga for synda (1. Mos. 2–3). Legg merke til kva som står i profetiens første del, for i fylje apostlanes lære, er dette oppfylt i Jesus Kristus (Hebr. 9:7–28). Det jordiske er berre eit førebilete, ein skygge av det er i himmelen.

 

Vi kan konkludere med at Daniels Menneskeson (Dan. 7, 13-14) og Daniels Messias (Dan. 9:25-26) utan tvil er Jesus frå Nasaret. Jesus hadde også sagt til folket i Jerusalem før sin død (Matt. 23:38-39): «Sjå, huset dykkar skal verta liggjande audt! For eg seier dykk: Heretter får de ikkje sjå meg før de seier: Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!» Han tenkte då på det jordiske tempelet. Slik viste han seg å vere ein sann profet. Han sa ikkje eit ord om at tempelet skulle byggjast opp att, men siterte frå Dan. 9:26-27. I Matt. 24:15–16 vert det sitert slik:

 

Når de ser den øydande styggedomen, som profeten Daniel har tala om, stå på den heilage staden - skjøna det, kvar ein som les! - då må dei som er i Judea, røma opp i fjella.

 

Han sa altså indirekte at jødane nok eingong ville bygge opp igjen tempelet, og at det ville bli vanheilaga på det grovaste av den kommande verdsherskaren i endetida - Antikrist. Her kan vi merke oss at Titus - den romerske hærføraren som erobra Jerusalem - ikkje ville øydeleggje tempelet, men innvie det til sin gud. Men i kampens heite tok tempelet fyr og brann ned. Titus tok deretter med seg alt av verdi som dei fann i tempelets ruinar.

 

Jesus refererer difor ikkje til det andre tempelet, men til det tredje og siste av dei jordiske. Dette ser vi også av det som står i Daniels bok. For i fylje MT står det at han som skal sjokkere, omsett til øydeleggaren, har lova at han skal ete kjøtet frå ofringane saman med jødane i ei veke (sju år). Likevel vil han halvvegs ut i veka (etter ca. tre og eit halvt år) stoppe slaktinga og utdelinga av kjøtet og sjokkere med det motbydelege (Dan. 9:27). Slik skal det altså vere heilt til hans tid er ute og han sjølv får sin ende. Dette viser oss at jødane vil fullføre sine planar om å attreise tempelet i Jerusalem. Dei vil gjere det for å halde Moselova, som dei er bunden til. Det inneberer at dei skal ofre slaktoffer og halde offermåltid i Jerusalem. Vi kan berre undre oss over alt dette, for det passer liksom ikkje inn i vår tid. Men vi ser at tida endrar seg raskt, og det som for nokre år sidan var umogleg, det er no mogleg. Og vi ser at lygnas ånd er verksam. Som det står i 2. Tess. 2:9-12, alt dette skal til slutt nå eit klimaks:

 

Den lovlause kjem etter Satans verksemd med stor makt i lygn og teikn og under. Det går føre seg med allslags urettferd i forføring mellom dei som går fortapt, av di dei ikkje tok imot kjærleiken til sanninga, så dei kunne verta frelste. Difor sender Gud dei kraftig villfaring, så dei trur lygna, for at dei skal verta dømde, alle dei som ikkje har trudd sanninga, men hadde sin hugnad i urettferda.

 

 

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 5 februar 2021.