top of page

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Paulus' formaninger

Apg. 20:18-37:

«Då dei var komne, sa han til dei: De veit korleis eg ferdast mellom dykk, heile tida frå fyrste dagen eg kom til Asia. Eg tente Herren audmjukt og under tårer og trengsler som kom over meg på grunn av dei vonde planane til jødane. Eg heldt ikkje attende noko av det som kunne vera til gagn for dykk, men forkynte dykk det og lærde dykk det ute mellom folket og kringom i husa. Eg vitna både for jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus Kristus. Og sjå, eg fer no til Jerusalem, bunden av Anden, og veit ikkje kva som skal møta meg der. Eg veit berre at Den Heilage Ande vitnar for meg i by etter by og seier at lekkjer og trengsler ventar meg. Men for min eigen del aktar eg ikkje livet mitt eit ord verdt, når eg berre kan fullføra løpet mitt og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde. Og sjå, no veit eg at de aldri meir skal sjå andletet mitt, alle de som eg gjekk ikring hjå og forkynte riket for. Difor vitnar eg for dykk i dag at eg er utan skuld i nokon manns blod. For eg har ikkje halde noko attende, men eg har forkynt dykk heile Guds råd.

 

Så tak no vare på dykk sjølve og på heile den hjorda som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for, så de skulle vakta Guds kyrkjelyd, som han vann seg med sitt eige blod. Eg veit at når eg har gått bort, skal det koma glupande ulvar inn mellom dykk, som ikkje sparer hjorda. Ja, mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fører falsk tale for å lokka læresveinane etter seg. Vak difor! Kom i hug at eg i tre år, natt og dag, ikkje heldt opp med å formana kvar einaste ein med tårer. Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, han som er mektig til å oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. Eg har ikkje trådd etter sølv eller gull eller klede frå nokon. De veit sjølve at det som eg og dei som var med meg, trong til, det har desse hendene arbeidd for. Eg har på alle måtar vist dykk at slik bør vi arbeida, så vi kan ta oss av dei veike. For vi kjem i hug dei orda Herren Jesus sjølv sa: Det er sælare å gje enn å ta imot. Då han hadde sagt dette, bøygde han kne og bad saman med dei alle. Då brast dei alle i gråt, og dei fall Paulus om halsen og kyste han».

 

Rom. 12:1-6.

«Eg formanar dykk altså, brør, ved Guds miskunn, at de byd fram lekamane dykkar til eit levande og heilagt offer til Guds hugnad. Dette er dykkar åndelege gudsteneste. Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at hugen dykkar vert oppattnya, så de kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det som han har hugnad i, det fullkomne. For ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk, at ein ikkje skal gjera seg høgare tankar enn rett er. Men ein skal tenkja sindig, etter det mål av tru som Gud har mælt ut til kvar og ein. For på éin lekam har vi mange lemer, men ikkje alle lemane har same oppgåve. Såleis er vi óg éin lekam i Kristus, endå vi er mange. Men kvar for seg er vi lemene åt kvarandre. Alt etter den nåden vi har fått, har vi ulike nådegåver».

 

2. Kor. 6:1-10.

«Men som medarbeidarar formanar vi dykk òg at de ikkje tek imot Guds nåde til fånytte. For han seier: I den tid eg fann det rett, bønhøyrde eg deg, og på frelsesdagen hjelpte eg deg. Sjå, no er det nådetid, sjå, no er frelsesdagen. Ikkje i noko vil vi gje menneske grunn til å støyta seg, så ikkje tenesta skal verta lasta. I alt syner vi oss som Guds tenarar: i stort tolmod, i trengsler, i naud, i angst, under slag, i fengsel, under opprør, i hardt arbeid, i nattevaking, i svolt, i reinleik, i kunnskap, i langmod, i godleik, i Den Heilage Ande, i sann kjærleik, ved sannings ord, ved Guds kraft, ved rettferds våpen på høgre og venstre side, i ære og vanære, med dårleg rykte og godt rykte. Som forførarar og likevel sannferdige. Som ukjende og likevel velkjende. Som døyande - og sjå, vi lever! Som straffa, men ikkje ihelslegne. Som sørjande, men alltid glade. Som fattige som likevel gjer mange rike. Som dei som ingenting har, og likevel eig alt...».

 

 

Kol 3:1-17:

Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. Lat hugen dykkar vera vend mot det som er der oppe, ikkje mot det som er på jorda. De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de òg verta openberra i herlegdom saman med han. Så lat då dei jordiske lemene dykkar døy: hor, ureinskap, syndig lidenskap, vond lyst og vinnesjuke, som er avgudsdyrking. På grunn av desse ting kjem Guds vreide over dei som er born av vantrua. Mellom dei ferdast de òg før, då de levde i desse ting. Men no skal de leggja av alt slikt: vreide, ilske, vondskap, spott, skammeleg snakk or munnen dykkar. Lyg ikkje på kvarandre! De har då kledd av dykk det gamle mennesket med dei gjerningane det gjer, og kledd dykk i det nye mennesket, det som vert fornya til kunnskap etter hans bilete som skapte det. Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, barbar, skytar, træl, fri, – Kristus er alt i alle. De er Guds utvalde, heilage og kjære! Kle dykk då i inderleg medkjensle, godleik, audmjukskap, spaklynde og tolmod, så de toler kvarandre og tilgjev kvarandre dersom ein skulle ha noko å klaga ein annan for. Liksom Kristus har tilgjeve dykk, skal de òg tilgje kvarandre. Men meir enn alt dette, kle dykk i kjærleiken, bandet som bind saman i fullkomenskap. Lat Kristi fred råda i hjarto dykkar! Til den vart de kalla i den eine lekamen. Og ver takksame! Lat Kristi ord bu rikeleg mellom dykk, så de lærer og formanar kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege viser og syng for Gud med takksemd i hjarto dykkar. Og alt de gjer, i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han!

 

Denne sida vart laga i 2017; sist endra 12 november 2017.

bottom of page