top of page

PAULUS' ANDRE BREV

TIL TIMOTEUS

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

 

Namnet Timoteus kjem av greske time, ei verdisetting, pris, ære; og theos, den andande, gud i overført tyding. Namnet tyder altså den som ærer Gud, den som verdsetter den andande. Timoteus vart av Paulus kalla sin ektefødde (ein legitim arving) son i trua. Det greske ordet for son, teknos, har også ein interessant etymologi, fordi det kjem av greske timoria, frå timoreo, som igjen kjem av greske time, ei ære; og greske ouros, ei vakt. Den som vaktar æra til far sin. Ein sak kan vi slå fast med eingong og det er at Timoteus aldri kalla Paulus for sin far. Det hadde vore feil å gjere, ettersom Jesus Kristus bad læresveinane om å ikkje gjere slikt (Matt. 23:9-10). Likevel var han som ein son for Paulus, altså i tydinga at Timoteus vakta Paulus' ære, det vil seie at han heldt fast på hans autoritet i Paulus' fråvær. Timoteus gjorde det han var lært opp til. For folket visste kor Paulus stod og difor heldt dei som hadde sine eigne idear seg borte når Paulus var der. Når han var borte kom dei for å forføre folket. Paulus formana difor Timoteus om å stå fast og ikkje la seg rokke sjølv om han var yngre enn Paulus. I 2. Tim. 3:16-17 seier Paulus noko viktig:

​

"Heile Skrifta er innanda av Gud og nyttig til lærdom,

til overtyding,

til rettleiing,

til oppseding i rettferd,

så Guds menneske kan vera fullkome,

dugande til all god gjerning."

​
 

Som ein introduksjon kan vi gå gjennom desse to bibelversa slik vi finn det i original teksta. For det første står det eigentleg ikkje at heile skrifta er innanda av Gud, men om alle skrifter innanda av Gud. Vidare står det nemleg kai ophelimos, som indikerer at desse og er eller og som er samla til vår fordel. Her er det altså skrifter som er samla til vår fordel som er theopneustos, av greske theos, eit namn på grekaranes gudar. Det tyder den andande. Den andre delen av ordet er av greske pneo, som tyder å blåse hardt. Dette siktar til at Gud er andeleg. Han er liksom lufta, himmelen, evig, tilstade i kvar tidsepoke på jorda. Han er udøyeleg. Det var også med sin Ande at Gud gjorde det første mennesket levande. Dette kunne Gud gjere fordi han alt var til. Gud har alltid vore til, og han er og skal alltid vere til. På same måte som Gud gjorde mennesket levande, har Gud inspirert desse skriftene, som dette folket, jødane, hadde samla. Så fyljer det greske ordet pros, av pro, som tyder foran, altså det som går foran og fører til lærdom, overtyding, rettleiing og oppseding. Det har som mål å føre oss til ten en dikaiosune,  eigenskapen til å døme rettferdig, døme alle likt, høg som låg, rik og fattig, stolt og audmjuk, å verta upartisk. Det er ikkje rett å døme ein som du held med på urettferdig vis, ved å sjå bort frå det vonde han gjere, og så døme ein du ikkje tåler på rettferdig vis, og halde fram det vonde han gjer eller også blåse opp handlingane deira til noko meir enn dei er. Alt dette gjer ein heilt ueigna for å tene Gud. Her siktar Paulus til dei som ikkje held fast på trua og som heile tida prøver å få andre med på vantrua si.

Lat oss også sjå på dei greske orda som er omsett med lærdom, overtyding, rettleiing og oppseding. Det første ordet lærdom kjem av greske didasklian som tyder instruksjon, undervisning, som igjen er knytt direkte til skriftene som er samla saman, sjølve undervisnings materialet. Overtyding kjem av greske elegchon, eit ord som siktar til ei konkret handling mot det falske, uekte, nemleg det å kunne bevise eller motbevise at det er falskt, uekte. Dette må ein sjå i samanheng med målet for handlinga, nemleg det å kunne avsløre dei som ikkje gjer rett. Det neste ordet er rettleiing av greske epanorthosin, av epi, som tyder noko som vert plassert over, ved sida av noko anna, noko som høyrer saman med noko anna, ei handling som kjem i frå der dei er over til noko anna; og anorthoo, av ana, opp, og orthos, det å strekke seg, altså noko som retter seg opp igjen. Her er det igjen snakk om det som går foran utviklinga av evna til å rette opp i den uretten som er gjort, altså det falske, uekte, eit uekte alternativ. Så til det siste uttrykket oppseding, av greske paideian, vegleia, lære opp, av paideuo, å læra opp eit born, av pais, ein gutt, underforstått eit born, gjelder altså også jenter. Igjen er dette eit uttrykk som handlar om ei bestemt handling, ein korreks av dårleg oppførsel, disiplinering, då uttrykket stammer frå greske paio, å slå, men i tydinga å konfrontere, sette søkelys på, slå ned på ein urett som er begått. Den negative avarten av ordet kan ha ein samanheng med den oldgreske pedagogen, tuktemeistaren (tukt tyder opplæring, oppseding), som truleg gav ein korreks i form av ein rapp. Dette kjenner vi også frå nyare tid. Men her tyder det altså at Guds Ande, som er anden i skriftene som er samla, setter søkelys på dårleg oppførsel for å lære opp dei truande i kva som er rett og galt, godt og vondt. Jesus gjorde det same. I blant folket var det mange som kalla seg gode og peika på andre som vonde, men Jesus korrigerte dei og sa at det berre var ein som var god og det var Gud. For Gud har for alltid vore den same og vil for alltid vere det. Gud tillot at menneske skulle få kunnskap om godt og vondt slik at det sjølv kunne kome til erkjenning om sanninga (verkelegheita), kva som er ekte og kva som er falskt, og så vende seg i frå den, altså få bytta ut den falske, uekte tankemåten med den ekte. Det vi treng å lære er først og fremst kva som er falskt, uekte. Då veit vi kva som er ekte. Guds Ande peiker alltid på Gud som den einaste gode og det er det einaste Gud har behag i. Difor står det skrevet i denne samlinga av skrifter som Gud har blåst i sin Ande, for at også vi skal gjere etter det ordet:

 

"Eg formanar dykk altså, brør, ved Guds miskunn,

at de byd fram lekamane dykkar som eit levande

og heilagt offer til Guds hugnad. Dette er dykkar åndelege gudsteneste. Og skikka dykk ikkje likt med denne verda,

men lat dykk omskapa ved at hugen dykkar vert oppattnya,

så de kan døma om kva som er Guds vilje:

det gode, det som han har hugnad i, det fullkomne."
Rom. 12:1-2.  

​​​

Dette er i tråd med vers 17, "så Guds menneske kan vera fullkome, dugande til all god gjerning." På gresk står det: hina (for at) artios (friskt, av greske arti, motsett av salt, forelda, reint, noko som stammer frå akkurat no) e (det kan vere) ho (det) tou (det) theou (den andande, gud) anthropos (mennesket) pros (foran) pan (alt) ergon (arbeid) agathon (godt) exertismenos (exartizo, av ex, stammer frå; og artios, friskt). Her må vi forstå at når vi har fått denne eigenskapen det er å døme rett, då er det "så Guds menneske kan vera fullkome, dugande til all god gjerning." Fritt omsett frå gresk tyder dette "det slik at det mennesket som er av den andande kan vere friskt, for dette er det som er kjelda til alt arbeid som er godt." Vi kan altså ikkje gjere noko godt av oss sjølv; berre det Guds Ande leier oss, driv oss til er godt. Det er berre det som gir god frukt. Sanninga er at Paulus og Timoteus for lengst er borte. Kven er det som lærer oss dette i dag? Dei er mange lærarar og profetar blant oss i dag som berre seier det vi vil høyre. Dei Heilage Skriftene lærer oss at desse er falske. Då slepp vi å omvende oss. Då er vi heilt lik verda. Dei som ikkje vil omvende seg sjølv, er berre oppteken av å omvende verda. Dette er kjenneteiknet på dei falske, uekte kristne, som alltid må peike på nokon annan enn seg sjølv. I Op. 22:14-15 står det: "Sæle er dei som tvettar kjortlane sine, så dei må få rett til livsens tre, og til å gå gjennom portane inn i byen. Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, og drapsmennene og avgudsdyrkarane og kvar den som elskar og talar lygn." Lat oss sjå på oss sjølv og erkjenne at vi er syndarar, og at vårt håp er at vi ein dag får ikle oss eit nytt menneske. Lat oss erkjenne at så lenge vi lever i syndelekamen, så er vi syndarar. Men inntil den dagen kjem då vi skal bli fri dette gamle mennesket og ikle oss eit nytt, eit friskt, eit som er fylt av det gode, av Guds Ande, så kan vi rekne oss med til det nye mennesket, til Kristus. Allereie no kan vi la oss fylle av Guds Ande og la oss drive av Guds Ande. Men då fer vi med vinden. Då går vi, gjer vi det Gud vil. Då lar vi oss ikkje lenger styre av vantru, som ikkje makter å erkjenne at alt dei gjer er synd, falskt og uekte.

​

​

Historia om Timoteus og Paulus

I Apg. 16:1 møter vi Timoteus for første gong. Dette var kort tid etter at Barnabas og Paulus hadde skilt lag. Barnabas drog vidare saman med Markus, som hadde vore kjerna i striden mellom dei to. I Apg. 15:38 står det indirekte i grunnteksta at Markus hadde fått ansvar som eldste, men at han hadde unndradd seg ansvaret og dermed vist seg uskikka i Guds arbeid. Barnabas var usamd. Dette blir det siste vi høyrer om dei to i det nye testamentet. Paulus drog så vidare saman med profeten Silas (Apg. 15:32).

 

I Apg 16:1-5 står det slik om då Paulus møtte Timoteus:

 

Han kom då til Derbe og Lystra. Og sjå, der var det ein læresvein som heitte Timoteus, son til ei truande jødisk kvinne og ein gresk far. Han hadde godt vitnemål mellom brørne i Lystra og Ikonium. Han ville Paulus ha med seg på ferda. Han omskar han av omsyn til dei jødane som budde i bygdene der ikring, for alle visste at far hans var grekar. Som dei no drog frå by til by, påla dei brørne at dei skulle halda seg til dei føresegnene som var vedtekne av apostlane og dei eldste i Jerusalem. Så vart då kyrkjelydane styrkte i trua og auka i tal for kvar dag.

 

I Lille Asia møtte dei altså Timoteus, som var læresvein. Som vi ser var hans mor ein truande, og i fylje 2. Tim. 1:5 var også hans mormor det. Dette kan sjølvsagt indikere at Timoteus kom frå ei familie av truande jødar. Altså ikkje berre i den forstand at dei trudde på Jesus slik dei hadde høyrt om han i ettertid, men også at dei trudde på Guds ord slik det var forkynt i forkant. For Gud hadde sendt Jesus for å overbevise jødane, men også i tidlegare tider hadde Gud sendt profetar og reist opp ei rekkje lærarar, slike som jødane også hadde utstøytt frå synagogene og frå tempelet.

 

Ved sin mor hadde Timoteus eit legitimt jødisk opphav, men sidan hans far var gresk, var han ennå ikkje omskoren. Dette var kjent for jødane i bygdene der ikring. På denne tida var Timoteus vaksen nok til å la seg omskjære av eigen fri vilje. Ikkje fordi han på nokon måte måtte det, men fordi Paulus ynskte å ha han med seg på ferda. For jødane Paulus og Silas var utsendt frå Jerusalem for å pålegge dei truande til å halde dei føresegnene som Den Heilage Ande, apostlane og dei eldste i Jerusalem var blitt samde i. Dei skulle forkynne dette for alle i heile verda. Paulus omskar difor Timoteus av omsyn til dei jødane dei skulle virke blant. For i 1. Kor. 10:32-33 står det:

 

Ver ingen støytestein, korkje for jødar eller for grekarar eller for Guds kyrkjelyd. Såleis prøver eg òg i alle ting å gjera det beste for alle. Eg søkjer ikkje det som gagnar meg, men det som gagnar dei mange, slik at dei kan verta frelste.

 

Her er det lett å misforstå. Han omskar ikkje Timoteus for å rettferdiggjere han i omsyn til Moselova, men fordi at også Timoteus skulle ha tilgang til å kunne forkynne blant jødane.

 

I Apg. 16:9-12 står det at Paulus ikkje lenge etter dette vart kalla til Makedonia. I 1. Tim. 1:3 står det at Timoteus då vart verande i Efesus. Der skulle han «formana visse folk til å ikkje fara med framand lære, og ikkje gje seg av med eventyr og endelause ættetavler» (v. 3-4). Dei to breva til Timoteus var meint for å styrke han i rolla som eldste. Det er tydleg at arrestasjonen av Paulus hadde skapt eit slags antiklimaks. For Gud hadde fylgt Paulus og dei andre apostlane og profetane, og gjort mange teikn og under ved deira hender. Men Paulus’ lære hadde også forundra dei på mange måtar, og mange hadde imot han for den nye læra hans. Medan Paulus var i fengsel var det difor mange av læresveinane som nytta høve til å gå sine eigne vegar og til å fylje sin eigen visdom. Dette var grunnen til Paulus’ iver etter å styrke Timoteus i det kallet han hadde fått, å forkynne evangeliet. Det er godt mogleg at Timoteus på eit tidspunkt var blitt motlaus. Kanskje hadde han byrja å tenke at Paulus verkeleg var skuldig i å kome med vranglære? Å verta satt i fengsel opplevde mange som ein truverdig dom og ein sterk indikasjon på at den fengsla var skuldig.

 

I 2. Tim. 4:14-18 skriver Paulus til sin medarbeidar i Herren:

 

Koparsmeden Aleksander har gjort meg mykje vondt. Herren skal løna han etter gjerningane hans. Tak deg i vare for han, du òg, for han gjekk sterkt imot orda våre. Då eg forsvara meg fyrste gongen, møtte ingen med meg, men alle forlét meg. Gjev det ikkje må verta tilrekna dei! Men Herren stod med meg og styrkte meg, for at forkynninga skulle fullførast ved meg, og alle folkeslaga få høyra henne. Og eg vart fridd ut or løvegapet. Herren skal fri meg frå all vond gjerning, og frelsa meg inn i himmelriket sitt. Må han få æra i all æve! Amen.

 

Legg merke til det som står: «Tak deg i vare for han, du òg, for han gjekk sterkt imot orda våre. Då eg forsvara meg fyrste gongen, møtte ingen med meg, men alle forlét meg». I 2. Tim. 1:15-16 står det også slik:

 

Du veit at alle dei i Asia har vendt seg frå meg. Mellom dei er Fygelus og Hermogenes. Må Herren syna miskunn mot Onesiforus' hus, for han har mange gonger styrkt meg, og skamma seg ikkje over lekkjene mine.

 

Vi forstår at Paulus’ lære fall i dårleg jord hos mange og at han vart motarbeida blant læresveinane. Det står at Alexander opponerte og sto imot læra hans. Det kunne difor henda at han også sto imot Timoteus og at han kanskje skulle oppleve noko liknande som Paulus: «Då eg forsvara meg fyrste gongen, møtte ingen med meg, men alle forlét meg». Men Gud hadde andre planar med Paulus:

 

Men Herren stod med meg og styrkte meg, for at forkynninga skulle fullførast ved meg, og alle folkeslaga få høyra henne. Og eg vart fridd ut or løvegapet.

 

Paulus frykta difor ikkje for fienden og gav ikkje opp. Difor bad han også slik for Timoteus og dei andre trufaste (2.Tim 4:22): «Herren vere med di ånd! Nåden vere med dykk!»

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 11 februar 2025.

bottom of page