top of page

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Frå Abram til Abraham

1. Mos. 11-25
Av Jørn O. Bjørnerem
​

Tarah, frå ætta til Sem, ein av dei tre sønene til Noah, hadde tre søner, Abram, Nahor og Haran. Tarah reiste frå Ur i Kaldea mot landet Kanaan med Abram, sonesonen Lot, son til Haran, og svigerdottera Sarai, kona til Abram. Men dei slo seg ned i Harran og blei verande der til Tarah døydde 205 år gamal.

Når Abram var 75 år gamal, kalla Herren Gud han til å dra bort frå landet sitt og slekta si og frå farshuset sitt til det landet som Gud ville syne han. (Zac Poonen nemnde at dei fleste har slått seg til ro når dei er 75 år gamle, men her blei Abram kalla til å dra på vandring og bu i telt i den alderen.)

Gud sa til Abram at han ville gjere han til eit stort folk, velsigne han og gjere namnet hans stort. Abram skulle bli til velsigning, og Gud sa at dei som velsigna han ville Gud velsigne, og dei som forbanna han ville Gud forbanne.

Abram reiste rundt omkring i Kanaan og ned mot Egypt i Negev-ørkenen utan å slå seg ned. Han var ein nomadisk gjetar som hadde med framande folk å gjere, men han hadde Gud på si side. Men han og Sarai fekk ikkje born på trass av namnet Abram, som tyder Høg eller Opphøgd far.

Når Abram var 99 år gamal, og han og Sarai framleis var barnlause, synte Gud seg for han og tala til han igjen: «Eg er Gud, Den veldige. Lev for mitt andlet, ver heil i di ferd! Eg vil gjera ei pakt mellom meg og deg og gjer deg umåteleg stor.»

Abram kasta seg til jorda med andletet ned, og Gud sa til han: «Sjå, dette er mi pakt med deg: Du kal bli far til ei mengd folkeslag. Du skal ikkje lenger heita Abram, men Abraham skal namnet ditt vera; for eg gjere deg til far for mange folkeslag.»

I Genesis 17 ser du alt Gud sa til Abram, no Abraham og kva han svarte Gud: Han spurde Gud om ein som er hundre år gamal kunne få barn, og om Sara, kona hans kunne føda, nitti år gamal og la til: Måtte Ismael få leva for ditt andlet! Men Ismael var dotter til slavekvinna til Sara, Hagar, og ikkje sonen Gud hadde lova han. Gud svarar Abraham og seier at Sara skal føda han ein son og at han skal kalle han Isak (latter på hebraisk).

I Genesis 17 ser du også at Gud endrar namnet til Sarai til Sara. (Sarai tyder Min dame, eller min prinsesse, mens Sara tyder prinsesse, eller kvinne med høg rang.)

Ei stund etter dette blir Isak fødd, og Abraham sender Hagar og Ismael frå seg etter klage frå Sara og stadfesting frå Gud. I Genesis 22 set Gud Abraham på prøve. Han ber Abraham dra til landet Moria, der han skal ofre sonen sin til Gud. Tidleg neste morgon står Abraham opp, lesser på eselet og tek med seg to tenestegutar og Isak. Tredje dagen ser Abraham staden i det fjerne, og seier til tenestegutane: «Ver her med eselet. Eg og guten vil gå bort dit og tilbe, så kjem vi tilbake til dykk.»

Abraham tek offerveden og legg han på Isak, og tek sjølv elden og kniven og går saman med son sin. Isak spør far sin kvar brennofferlammet er hen, dei har alt det andre, og Abraham svarar at Gud vil skaffe dei eit lam. Når dei kjem fram, legg dei veden ned, og Abraham bind sonen sin og legg han på veden. Så løftar Abraham kniven, og Gud ropar ut til han: «Abraham, Abraham!» «Ja, her er eg!» svarar Abraham. Gud sa: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du fryktar Gud, sidan du ikkje sparte din einaste son for meg.»

Når Abraham ser opp, får han auge på ein vêr som har sett horna fast i eit tornekratt. Så Abraham tek vêren og ofrar han i staden for sonen sin.

Dette er eit bilete på kva Gud vår Far, gjorde då han lèt Jesus, sonen sin bli fødd som ein av oss og ofra han for vår skuld. Men i staden for at vi bar fram våre eigne offer, har Gud bore fram sitt offer til å bøte på alle våre synder, Jesus Kristus. Han er verdig, fordi han er Gud, kom frå Gud og skal kome att frå Gud, til å representere Gud, den uskuldige, reine og rettferdige, som dyra i Det gamle testamentet var utan skuld når dei blei ofra for israelittane si skuld. Han blei prøvd i alle ting fordi han levde som eit menneske, som ein av oss, fødd av Maria, som blei gift med Josef.

Abraham hadde slik tru på at Gud kunne reise opp att sonen hans, slik Jesus Kristus, no Kristus Jesus (Den salva frelsaren) stod opp att tredje dagen. Men Abraham trengte ikkje å ofre sonen sin, eit offer blei ordna for han, av Gud sjølv. Men la du merke til kva Abraham sa til tenestegutane: Vi kjem tilbake. Abraham var ikkje berre far til Ismaelittane og Israelittane, han er far til alle dei som trur på Kristus Jesus, Guds son og Gud. Derfor kunne Gud kalle Abram (opphøgd far) Abraham (far til mange). Fordi Abraham trudde Gud, rekna han Abraham rettferdig.

Ja, Gud gav Abraham omskjeringa, men ho kom etter at Gud hadde rekna han rettferdig, så, som Paulus argumenterer i brevet til Galatarane kapittel 3, trua kom før omskjeringa. Paulus argumenterer mot å leggje seg under lova i Det gamle testamentet og dermed den gamle pakta fordi Jesus introduserte ei ny pakt like før han gav livet sitt på krossen. Jesu offer dekkjer no alle synder, bortsett frå synd mot Den heilage anden, og dermed treng ikkje vi ofre noko for å gjere oss reine. Vi vender oss heller til vår Frelsar og Herre, Jesus, og ser at han har betalt prisen, han har kjøpt oss fri frå synda og døden.

Lov og takk vere han i all æve for si nådige frelseplan. I Jesu namn, amen.

 

 

Denne sida vart laga i 2018; sist endra 31 mai 2020.

bottom of page