Bibelleksikon

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

 

Abraham

Abrahams eigentlege namn var Abram, satt saman av hebraiske ab, far; og ruwm, å vere høg, å reise seg, å verke høg, ein høg far, ein far som reiser seg. Abraham, som var det namnet han fekk av Gud, er satt saman av ab, far; og raham, som ein trur tydar noko i retning av ei mengde, altså far til ei mengde. (Sjå 1. Mos. 17:4-6).

 

I 1. Mos. 13:16 står det: «Eg vil la ætta di verta som støvkorna på jorda. Kan nokon telja støvkorna på jorda, så kan dei telja etterkomarane dine òg». Det er sant Abrahams etterkomarar i kjøtet har vore av dei mest talrike folkeslaga gjennom tidene. Men her er det likevel tale om noko større. For det står at Gud gjorde ei evig pakt med Abraham, og at Gud velsigna Abraham og hans ætt. Paulus forklarer det slik: «Det er liksom med Abraham: Han trudde Gud, og det vart rekna han til rettferd. Difor skal de vita at dei som har tru, dei er Abrahams born» (Gal. 3: 6-7). Likeins i v. 9: «Så vert då dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham». I v. 29 står det: «Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden», noko som peikar tilbake på v. 16:

 

Men lovnadane vart gjevne til Abraham og hans ætt. Han seier ikkje: Og til ættingane dine, som om det gjaldt mange. Men som når det gjeld éin: Og di ætt. Og det er Kristus.

 

Denne skaren av truande er nemnt i Op. 7:9, der dei vart sett i himmelen, ved Guds trone:

 

Deretter såg eg - og sjå: Ein stor skare som ingen kunne telja, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite kjørtlar og med palmegreiner i hendene.

 

 

Adam

Det første mennesket på jorda vart kalla Adam, av hebraiske adam, som eigentleg tyder den raude. Men vårt ord menneske, som ofte vert brukt i staden for Adam, kjem av ordet mann. Ei etymologisk forklaring er at namnet refererer til germanaranes stamfar, Mannus [Tacticus, Germania, kap. 2]. Sanskrit har Manu. Engelske human eller man kjem av latinske hūmānus, av det førindoeuropeiske (dh)ghomon, jordling, eit jordisk vesen, av dhghem, jord, som igjen fører oss tilbake til Adam. Mann og kvinne er isj og isja på hebraisk, og kjem av ei rot som tyder noko som har kome ut av ei overflate, noko som er gjort synleg og som skiljer seg ut frå korleis overflata (jorda) ser ut, altså ei jordisk skapning.

 

I sjølve konteksten i 1. Mos. 2:4-7 ser vi at han vart forma av jordas (hebr. adamah) støv (hebr. aphar). Legg merke til v. 6, der det står at jorda han vart forma av var våt og leireaktig. I somme delar av verda er forskjellen faktisk så stor som det grunnteksta her uttrykker. Den tørre jorda er gråaktig støv, mens den våte jorda får ein raudaktig farge.

 

Denne artikkelen vart publisert i 2016; sist endra 15 januar 2021.

 

 

 

Avgrunnen (Tilhaldsstad)

 

Avgrunnen (1.): Ei omsetting av greske abussos, den botnlause staden, djupet som ingen ende har.

 

I LXX er abussos brukt som ei omsetting av hebraiske thowm (tehom), djupet (1. Mos. 1:2). Det er jorda slik ho er utan Gud, aude (gr. kaos) og tom, liggande i mørkre. Hebraiske tehom kjem av huwm, i tydinga å få i stand eit opprør, å få noko til å bevege seg, å få noko til å koke opp, noko som kjem langt nedanifrå. Abussos er stort sett berre brukt i Johannes’ openberring, med to unntak. I Luk. 8:31 driver Jesus ein stor hær demoner ut av ein mann. Demonane bad Jesus om at han ikkje måtte kommandere dei ned i abussos. I Rom. 10:7 er uttrykket brukt om å hente den døde (gr. nekros, av nekus, lik) Kristus opp frå abussos, den djupaste avgrunn, i tydinga at hans ånd var langt borte lekamen, og at hans ånd vart langt borte frå Gud; i motsetning til å hente Kristus ned frå himmelen, frå den høgaste himmelen, så nære Gud som det er mulig å kome. I Op. 9:1-2 står det at ei stjerne (ein engel; samanlikn med Op. 20:1) fall, eller også, flaug ned frå himmelen til jorda med nøklane til holet i abussos, for å sleppe fri det som heldt til der. I Op. 9:11 står det om ein hær av grashopper som skal kome ut av hola si saman med kongen sin, Øydeleggaren (hebr. Abaddon, gr. Apollyon). I Op. 11:7 og 17:8 står det også at dyret skal stige opp av abussos. Det skal skje før dei tusen åra. Dyret «skal stiga opp, ut or avgrunnen, og gå mot undergang» (Op. 17:8). Dyret er han som skal herske over verda, og som skal få all si makt av Satan. Han skal berre virke ei kort tid, før han vert kasta i eldsjøen. Satan skal då først verta kasta i abussos av Guds engel, der han skal haldast fast med lekkjer og vere bak låste dører i tusen år (Op. 20:1-3). Deretter skal han kastast i eldsjøen (Op. 20:10).

 

Avgrunnen (2.): Ei omsetting av greske Tartaros. Ukjent etymologi.

 

Det er berre brukt ein gong i Bibelen, i 2. Pet. 2:4, i tydinga tilhaldsstaden eller fengselet til dei englane som hadde synda. Der må dei vere heilt til domens dag. Englane er ikkje i dødsriket, for dei er evige skapningar, og kan ikkje dø slik vi menneske kan. I fylje gresk mytologi kasta Zevs det vonde slangeliknande vesenet, Tyfon, i Tartaros, fordi han stadig prøvde å erobre Zevs trone i himmelen.   

 

Denne artikkelen vart publisert i 2016; sist endra 15 januar 2021.

 

 

 

Apostel

Dette er eit av mange greske ord som ikkje er omsett til norsk i omsettingane. Apostel er ei omskriving av greske apostolos, av apostello, frå apo, av, i frå, bort, alltid i tydninga frå noko som er nært; og stello, å sette fast, frå førindoeuropeiske stel-yo, i tydinga noko som står fast. Dette ordet dannar grunnlaget for norske stelle, plass og stall (der dyra står når dei ikkje er ute). Slik sett er ein apostel ein som er borte frå der han brukar å vere fast. Berre i overført tyding ei utsending, ein som er sendt ut for å utføre ei bestemt oppgåve. Ordet misjonær, av latinske missio, frå mittere, å sende, er ei omsetting av sistnemnte tyding. Ein misjonær, i katolsk og luthersk tradisjon, er ein som er utsendt i kraft av og som er representant for sitt kyrkjesamfunn i inn eller utland.  

 

I Apg. 2:22 står det: «Jesus frå Nasaret var ein mann Gud peikte ut for dykk gjennom kraftige gjerningar, under og teikn som Gud gjorde ved han midt imellom dykk». I 2. Kor. 12:12 skriver Paulus: «Dei teikn som er kjennemerke på ein apostel, vart i alle fall gjorde mellom dykk med stort tolmod, både ved teikn og under og kraftige gjerningar». I fylje Hebr. 3:1 var Jesus sjølv ein apostel fordi han til vanleg høyrte heime i himmelen. Etter fullført oppdrag (misjon) vart han teken inn i himmelen igjen. Jesus kalla også til seg læresveinar, som han i fylje Mark. 6:7-13 byrja å sende ut (gr. apostellein), to og to. I Matt. 10:1 står det at han gav dei makt over ureine ånder, så dei kunne driva dei ut, og makt til å lækja alle slags sjukdomar og plager. I Mark. 6:13 står det at apostlane salva mange sjuke med olivenolje og lækte dei. I fylje Matt. 10:8 sa Jesus: «Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine, driv ut vonde ånder! For inkje har de fått det, for inkje skal de gje det». Dette er det apostlane arbeider med, dette er apostlanes gjerningar.

 

Likevel hadde apostlane ei oppgåve som var større enn det reint praktiske. Dei skulle vere lærarar og kalle til seg læresveinar. I Matt. 28:19-20 står det:

 

Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!

 

Og likeins i Mark. 16:15-20:

 

Og han sa til dei: Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for all skapningen! Den som trur og vert døypt, skal verta frelst. Men den som ikkje trur, skal verta fordømd. Og desse teikna skal fylgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder. Dei skal tala med tunger. Dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk drepande gift, skal det ikkje skada dei. På sjuke skal dei leggja hendene, og dei skal verta friske. Etter at Herren Jesus hadde tala dette til dei, vart han teken opp til himmelen, og han sette seg ved Guds høgre hand. Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Og Herren var med dei og stadfeste Ordet med dei teikna som fylgde med.

 

Her skal vi merke oss det som står: «Og desse teikna skal fylgja dei som trur» (v. 17). Skal fylja dei er ei omsetting av greske parakolouthesei, av para, nær; a, i tydinga einskap; og keleuthos, ein veg, i tydinga at desse teikna skal gå i saman med dei på vegen. Men kva meinar Markus eigentleg? Det forklarar han i v. 20: «Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Og Herren var med dei og stadfeste Ordet med dei teikna som fylgde med». I Rom. 15:18-19 står det også:

 

For eg vil ikkje våga å tala om noko anna enn det som Kristus har gjort gjennom meg for å føra heidningane til lydnad, ved ord og gjerning, ved krafta i teikn og under. Slik har eg kunngjort Kristi evangelium heilt og fullt frå Jerusalem og rundt ikring like til Illyria.

 

I Rom. 15:20-21:

 

Men eg har sett mi ære i å forkynna evangeliet der Kristi namn ikkje alt var nemnt, så eg ikkje skulle byggja på ein grunnvoll andre hadde lagt, men, som skrive står: Dei som ikkje har fått bodskap om han, skal sjå, og dei som ikkje har høyrt, skal skjøna.

 

For det var Gud som var med saman med apostlane og som gjorde teikna og undera og dei kraftige gjerningane som vart gjort. I Jak. 5:17 står det også om Elias at han var eit menneske under same kår som vi. Men når vi leser hans historie så er den full av teikn, under og kraftige gjerningar, som tydar på at Gud var med han og at han verkeleg var ein profet, utsendt frå Gud.

 

I Gal. 2:8 skriver Paulus: «For han som gav Peter kraft til apostelteneste mellom dei omskorne, han gav òg meg kraft til det mellom heidningane». Her kan vi merke oss at Peter hovudsakleg virka blant jødane, mens Paulus virka blant folkeslaga (heidningane). For jøde først, så grekar. I fylje Apg. 1:24-26 ser vi også at det er Gud som veljer ut apostlane:

 

Vis oss kven av desse to du har valt ut til å få del i denne tenesta og aposteloppgåva som Judas forlét for å ga til sin eigen stad. Så kasta dei lodd mellom dei. Loddet fall på Mattias, og han vart rekna som apostel saman med dei elleve.

 

Legg merke til at ordet for teneste - som her er ei omsetting av greske diakonia - vert sidestilt med det å vere apostel. For apostelen er liksom ein tenar, i tydinga ein som rører på seg og går ikring blant folk og folkeslag med Guds ord. Likeins er det med ordet evangelist. For apostlane vart primært utsendt for å forkynne evangeliet. Dette finner vi påvist i 2. Kor. 10:13-16. I 1. Kor. 12:4-7 står det:

 

Det er skilnad på nådegåver, men Anden er den same. Det er skilnad på tenester, men Herren er den same. Det er skilnad på kraftige verknader, men Gud er den same, han som verkar alt i alle. Men Anden openberrar gåvene sine hjå kvar og ein til det som er gagnleg.

 

Tydinga er at det er forskjell på kva den enkelte har fått nåde til (Rom. 12:3-8, 1. Kor. 12:7-11). Legg merke til ordlyden i v. 6: «Det er skilnad på kraftige verknadar, men Gud er den same, han som verkar alt i alle». Kraftige verknadar er her ei omsetting av energematon, av energeo. Ordet for kraft er energeo og ikkje dunamis, som i Apg. 1:8. Greske dunatei, av dunameos, tyder å verta istandsatt, å evne, og siktar definitivt til åndsdåpen i Den Heilage Ande. Energeo tyder energi og er satt saman av preposisjonen en, i; og ergon, streve, i tydinga at det er Gud, ved sin Ande, som har istandsatt (gr. dunameos) dei til å gjere Guds arbeid, å gjere Guds gjerningar, kva det enn måtte vere. I 1. Kor. 12:10 står det f. eks.: «Ein annan får kraft til å gjera undergjerningar», energemat dunameon, altså ein annan vert istandsett til å virke, til å gjere arbeidet, altså det Gud gjer ved dei, som eit teikn på at Gud er med dei. Det indikerer altså at ikkje alle er apostlar. I v. 28 står det:

 

Og Gud sette i kyrkjelyden fyrst nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, dernest kraftige gjerningar, så nådegåver til å lækja, til å hjelpa, til å styra, og ulike slag tunger.

 

Som vi har sett vart apostlane sendte ut for å drive ut vonde ånder, lækje dei sjuke blant folket og rope ut at Guds rike eller kongelegdom var nær. Profetane fekk ord direkte frå Herren Gud slik at dei skulle forstå kva som var Guds vilje. Lærarane, som Peter og Paulus, sto fram for å lære folket kva som hendte etter den visdomen dei hadde fått. Og som vi har sett gjorde Gud dei som kom til tru istand til å tene han ved å fylle dei med sin Ande. Dei fekk nåde til å kunne lækja. Det står eigentleg: charismata (nåde, ei gåve, gåver frå Gud) iamaton (til å lækja, til å kurere, til å behandle sjukdomar) antilepseis (fri frå plager, gi lettelse), altså Gud gav dei nådegåver til å behandle sjuke og fri dei frå plagene sine. Så satte Gud også nokon til å kunne hjelpe, til å kunne styre. Det greske uttrykket kubernesis, av kubernao, å styre, er eit lånord frå latin. Det vart utelukkande brukt om dei som kunne styre skipa på havet, og som såg til at båten ikkje grunnstøytte og som styrte unna skjær og haldt kursen mot målet. Her altså brukt i overført tyding. Det er lett å misforstå og trekke falske konklusjonar. For tydinga her er kort og godt ein som har erfaring med eit arbeid og som har sett ulike faremoment og som dermed veit å styre unna i tide. Dei fleste vil møte på ulike skjær i sjøen under si teneste for Gud. For det er nemlig forskjell på å tene Gud ved Anden og det å tene ved kjøtet. Jesus seier det slik i Joh. 3:8: «Vinden blæs dit den vil. Du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå, og kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden». Den som tener ved kjøtet er kjøtets tenar, men den som tener Gud ved Anden er Guds tenar.

 

Til sist skal vi minnast det som vart sagt om Kristus, i Jes. 53:1-4:

 

Kven trudde den bodskapen vi høyrde? Og kven vart Herrens arm openberra for? Han rann som ein kvist for hans åsyn, som eit rot skot or tørr jord. Han hadde ingen skapnad og ingen herlegdom. Vi såg han, men han hadde ikkje slik utsjånad at vi kunne ha hugnad i han. Vanvørd var han, og folk hadde vendt seg i frå han, ein mann i liding, vel kjend med sjukdom. Han var som ein som folk løyner åsynet sitt for, vanvørd, og vi rekna han ikkje for noko. Sanneleg, våre sjukdomar har han teke på seg, og våre pinsler har han bore. Men vi trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og gjort elendig.        


I 1. Kor. 1:22-23 står det: «For jødar krev teikn og grekarar søkjer visdom, men vi forkynner Kristus krossfest, ei avstygging for jødar og ein dårskap for heidningar». Avstygging er her ei omsetting av greske skandalon (skandale), som eigentleg tyder ei klappfelle, i tydinga at dette var noko dei ikkje ville verta fanga av. Likeins er dårskap ei omsetting av greske moria, av moros, av musterion (mysterium), av muo, å lukke munnen, i tydinga noko ein burde tidd om, noko ein ikkje vil høyre om. Tydinga er den same. Dette er noko alle menneske unngår, for det er skamfullt. I Rom 1:16 står det likevel: «For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, både for jøde fyrst og så for grekar». Her skal vi ikkje automatisk tenke at dette berre gjelder dei som ikkje høyrer med til Guds ekklesia, for det gjer både jødar og grekarar. I 2. Kor. 13:3-4 skriver Paulus:

 

For de krev då eit prov på at Kristus talar gjennom meg. Og han er ikkje veik mot dykk, men han er sterk mellom dykk. For vel vart han krossfest i veikskap, men han lever i Guds kraft. Og vel var vi veike i han, men hjå dykk skal vi leva med han i Guds kraft.

 

Men det sto også fram andre apostlar, som var meir villige til å gjere læremessige endringar og tilpasningar. For Paulus skriver (2. Kor. 11:4-6):

 

For om det kjem einkvan til dykk og forkynner ein annan Jesus, ein som vi ikkje har forkynt, eller om de får ei anna ånd, som de ikkje har fått før, eller eit anna evangelium, som de ikkje har motteke før - då tåler de det så gjerne. Men eg meiner at eg ikkje på noko vis står attende for desse veldige apostlane! Er eg ulærd i talekunst, så er eg det ikkje i kunnskap. Den har då tvert imot på alle måtar og i alle ting kome for dagen hjå dykk.

 

I v. 13-15 talar han rett ut:

 

For desse er falske apostlar, svikefulle arbeidarar, som skapar seg om til Kristi apostlar. Og det er ikkje noko å undrast over, for Satan sjølv skaper seg om til ein ljosengel. Då er det ikkje noko stort i det at tenarane hans òg skapar seg om til tenarar for rettferda. Men dei skal få ein ende som svarar til verket deira.

 

For det er ikkje berre kristne i dag som sår tvil om læra. Allereie dei første kristne, som dei i Korint, byrja å så tvil om aposteltenesta til Paulus. I 2. Kor. 10:1-2 kan vi lese at dei meinte at Paulus verka mismodig når han var der saman med dei, og meir modig når han var fråverande. Dei opplevde at breva hans både var myndige (tunge) og sterke (tvingande). Men når han var der i eigen person var han veik (styrkelaus), og det han sa var ikkje noko å bry seg om (hans ord gjekk det ikkje an å forstå noko av). Men her er det tydleg at heller ikkje breva har hatt særleg stor innverknad på dei. I resten av brevet til Paulus forsvarar han seg og reiv ned dei tankebygningane som hadde reist seg. Ikkje mot han, men mot Gud. For slik er det også Satan, fienden, verkar. Han reiser seg mot Gud. Til slutt skriver han i 2. Kor. 13:1-2:

 

Det er no tredje gongen eg kjem til dykk. Etter ord frå to eller tre vitne skal ei kvar sak stå fast. Til dei som før har synda og til alle dei andre, har eg før sagt, då eg vitja dykk andre gong, og no tek eg det opp att medan eg er fråverande: Når eg no kjem att, vil eg ikkje spara nokon.

 

I v. 10 skriver han:

 

Difor skriv eg dette medan eg er borte frå dykk, så eg, når eg kjem, ikkje lyt gå strengt fram i kraft av den fullmakta Herren har gjeve meg til å byggja opp og ikkje riva ned. Elles, brør: Gled dykk! Vert fullkomne! Lat dykk formana! Ha same hug! Hald fred med kvarandre, og kjærleikens og fredenes Gud skal vera med dykk.

 

 

Denne artikkelen vart publisert i 2016; sist endra 15 januar 2021.