top of page

Bibelleksikon​

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Eldste, eldstinne

Ei omsetting av greske presbýteroi, av presby, eit uttrykk satt saman av preposisjonen pres, som tyder framom; og det som truleg er førindoeuropeiske gwu, , han som går fremst. Ei anna etymologisk forklaring er bous, ku, han som leiar kvegflokken, i tydinga leiar, høvding, eldste. Presbýteroi tyder uansett eldste, i tydinga ein som har kome lenger og er framom dei andre både i alder og i visdom. Uttrykket er også brukt i feminin form, presbutis, i tydinga eldstinne, kvinneleg eldste, altså dei eldste eller mest erfarne av kvinnene i syskenflokken.

 

I Rom. 8:29 står det at Guds Son, vår Herre Jesus Kristus, er den førstefødde mellom mange brør. Det tyder at han også vart den første til å lære sine yngre søsken den veg dei skulle gå. I Joh. 1:12 står det: «Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans». For så mange av oss som når målet for vår tru, skal verta fødde på ny, og vi skal verta hans medbrør og medarvingar til Guds rike. Men allereie no er vi brør i trua på vår Herre Jesus Kristus, fordi vi alle reknar oss med til Kristus i dåpen. Difor kallar også Paulus dei truande i Rom for sine brør (Rom. 12:1). Dei første Jesus lærte opp var altså liksom yngre brør. Men når desse vart utlærte, vart dei liksom sin eldre bror. Dei vart utsendt for å overtyde og lære opp nye, altså slike som var yngre enn seg sjølv, liksom Gud vår Far først sendte sin Son for å lære opp dei første læresveinane. Eingong lærte også Paulus opp ein ung mann ved namn Timoteus, som allereie medan han var ung var ein av dei eldste i åndeleg forstand. Paulus hjalp han difor til å stå støtt og oppmuntra han med desse orda (1. Tim. 4:12): «Lat ingen vanvørda deg fordi du er ung».

 

Likeins skal vi merke oss at ein eldste også vert kalla episkopos, tilsynsmann, altså biskop, i tydinga ein som vaktar for farer, ein som har eit auge med syskenflokken. Han er også ein oikonomos, hushaldar, som i fylje 1. Tim. 3:15 «skal vita korleis ein bør ferdast i Guds hus, som er den levande Guds kyrkjelyd». Ein eldste er også ein hyrde, som er ei omsetting av greske poimen, som svarar til latinske pastor, av pastus, å beite, ein som vaktar for farar og hjelper flokken med å utvikle seg og modnast i trua. Uttrykket hyrde er brukt i Ef. 4:11. Ein gjetar er også ein tenar, og har altså ein Herre over seg, han som er Overhyrden. Her er det iallfall heilt tydleg at vi må forstå uttrykket i overført tyding. I Apg. 20:28-30 står det noko svært alvorleg og som vi har sett fruktane av:   

 

Så tak no vare på dykk sjølve og på heile den hjorda som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for, så de skulle vakta Guds kyrkjelyd, som han vann seg med sitt eige blod. Eg veit at når eg har gått bort, skal det koma glupande ulvar inn mellom dykk, som ikkje sparer hjorda. Ja, mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fører falsk tale for å lokka læresveinane etter seg.

 

Elles skal vi merke oss at det vert stilt høge krav til det å vere eldste (1. Tim. 3:1-7, Tit. 1 og 2). I Tit. 2 står det at Titus skulle innsette eldste. Dette er ei litt forvirrande omsetting, fordi å innsette er ei omsetting av greske katastema, som eigentleg tyder å hjelpe nokon til å stå stødig, i tydinga å lære nokon om korleis dei skal oppføre seg korrekt.

 

Ein eldste (mann) må vere

For det første må ein eldste ikkje sjølv vere skuldig i det han skal vakte flokken mot. Han må vere overtydd om Guds ord. For det andre må han berre ha ei kvinne (kone), og ha born som er overtydde om sanninga, og som ikkje dei andre borna klagar på. Dei må ikkje vere lygnarar og føre foreldra sine bak lyset. For det tredje må han ikkje vere eigen, altså ein som berre søker etter å behage seg sjølv; eller vere lystig, i tydinga ein som lett lar seg tenne, er bråsint; eller ein som har alkoholproblem; eller ein som slår med hard hand, altså ein som er farlig; eller ein som er ute etter skamfull vinning, altså ein som brenn i si lyst etter makt og pengar. For det fjerde må han elske å ha gjester. Han må tåle andre enn seg sjølv. Han må elske det gode, altså det Gud vil (Rom. 12:1-2), kontra det menneske vil. Han må vere sikker i sitt sinn (i motsetning til usikker, ustabil). Han må oppføre seg korrekt, og vere rettvis mot alle. For det femte må han vere sterk i seg sjølv, slik at han kan halda fast på det overtydande ordet i samsvar med læra, og ikkje gi etter for dei som vil føre eller som farer vill. Han må makte å kalle til seg andre med ei sunn og frisk lære. Og han må makte å påvise at dei tek feil, dei som seier imot Guds ord. For det er mange som ikkje vil underordne seg, og som difor pratar tomme ord og kvervulerer, og fører sinna bort frå Gud. Ein eldste må vere i stand til å stoppe munnen på desse. For somme prøver, for skammeleg vinnings skuld, å ta over med sitt eige, og slik føre dom og død inn blant dei utkalla. Ein eldste må difor vere i stand til raskt å påvise at ei lære er usunn, før det usunne tek overhand, før det vonde slår rot, som det så ofte gjer og har gjort. Han må også vere villig til å streve og arbeide hardt med det han er satt over.

 

Ei eldstinne (kvinneleg eldste) må vere

Titus skulle også lære opp dei kvinnelege eldste. Eigentleg er dette ein uheldig ordlyd. Den feminine formen, eldstinne, vart brukt i tidlegare tider og indikerer ein ørliten forskjell frå eldste. For ei kvinne kan ikkje vere det mannen er og heller ikkje kan mannen vere det kvinna er. Likevel er både mann og kvinne eit resultat av både sin far og mor, begge kjønn er født av ei kvinna og avla av ein mann. [Merk her er ein del moderne juridiske omgrep som vi ikkje skal gå inn på her].

Kvinnene har ei anna oppgåve enn sine menn. Ho skal ikkje vere mennenes lærar (1. Tim. 2:12). Hennar oppgåver er ovanfor kvinnene. Tenk for ein dårskap det er i dei kristne forsamlingane at kvinner går i sjelesorg hos menn! Dei må møte ein mann aleine på eit rom i eit tomt lokale. Ein veit aldri kva slags lyster og lidenskapar som lokkar og drar i både menn og kvinner. 

 

1. Det første ordet som møter oss når det gjeld kva ei kvinneleg eldste skal vere, er greske hieroprepes, av hieros, som tyder heilag, dedikert, og prepo, å tårne opp. Ho må altså vere ei som vert oppfatta, sett på og lagt merke til for si interesse og for sin respekt for det heilage (reine), for Gud og Guds ord.

 

2. Det andre ordet er diabolos, djevelsk, i tydinga at ho ikkje må vere ei slik som kastar rundt seg med klager og sladder om andre. For slik tale gjer stor skade, og er også falsk eller uekte, fordi den ikkje har som mål å bygge opp, men å rive ned. Slikt fører ikkje til noko godt, men det fører til det vonde. I 1. Tim. 5:19-20 står det: "Du skal ikkje ta imot klagemål mot nokon eldste utan at det har støtte frå to eller tre vitne. Men dei som syndar, skal du tala til rette medan alle er til stades, så dei andre òg må ottast." Her er det to perspektiv ein må merke seg. For det første at eit klagemål kan vere falskt, med den eine hensikt å skade ein annans ry. Eit døme er historia om Josef og Potifars hustru i 1. Mos. 39. Det må difor vere fleire vitne, og då uavhengige av kvarandre, som må kome med klagemålet sitt. Dersom nokon då verkeleg har synda i eit eller anna, så skal dei altså irettesettast i alle sitt nærvær. Det greske ordet for å tale til rette er elegcho, som tyder det å kunne vise at nokon er skuldig. I v. 21-22 vert ein vidare åtvara mot å vere fordomsfull og partisk. Ein skal ikkje vere snar til å skulda på nokon og likeins må ein ikkje ta del i andre sine synder, f.eks. ved å skjule dei. 

 

3. For det tredje må ho ikkje ha problem med alkohol.

 

4. For det fjerde må ho oppføre seg korrekt, og likeins kunne lære dei yngre kvinnene til å elske sine menn. Det står filandros, å vere mennelskande, altså slike som ikkje er misunnelege på mannens stilling over dei. Likeins skal ho elske sine born, vere filoteknos, bornelskande, altså at ho er meir oppteken av å skape ein trygg heim for borna heller enn å brenne i lyst etter ei karriere utanfor heimen. Det gjeld også mennene. Vi skal ikkje trakte etter det høge, men gjerne halde oss til det lave. Kva som til ei kvar tid er "det lave" er sjølvsagt i konstant endring. 

6. For det femte skal ho vere trygg i sinnet, rein, her også vere heimeverande, god, altså ei som vil det Gud vil. Ho skal underordne seg under sin eigen mann. Dette med å vere heimeverande er i vår tid omtrent ikkje eksisterande, då vårt moderne samfunn har lagt opp til at det skal skje mindre heime og meir ute. I det siste hundreåret har også kvinna fått bestemme meir. Ho tener då sine eigne pengar. Men tenk deg eit menneske med to hovuder, som absolutt ikkje er tvillingar, men som vil gå i kvar si retning. Eit slikt menneske kan ikkje vere eldste eller eldstinne. For alt dette er rett etter Guds ord, og dersom vi ikkje er tru i det små, så er vi det heller ikkje i det som er større og viktigare. Og dersom vi er ulydige i dette vert Guds ord spotta. Så er då verken mann eller kvinne noko i Kristus. Forsamlinga eller kyrkjelyden er nemleg lik kvinna og Kristus er mannen, hovudet. Kven tenkjer du skal vere den som underordnar seg?       

 

Ei uheldig omsetting

Elles skal vi merke oss at uttrykket prest er ei uheldig omskriving av presbýteroi, fordi vi elles brukar uttrykket prest for å omsette hebraiske kohen, greske hiereus og latinske sacerdos, som i gamaltestamentleg forstand var dei som tente i tempelet, altså om sjølve presteskapet, i bokstavleg tyding dei heilage. Dette uttrykket skal i nytestamentleg samanheng berre forståast i overført tyding.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 7 mai 2023.

 

 

 

Ekklesia (kyrkjelyd, forsamling)

Ekklesia er eit gresk ord satt saman av preposisjonen ek, frå, ut; og klesia, av kaleo, å kalle, å byde, å be nokon innstendig, altså dei som er kalla ut, dei utkalla. Det greske ordet vart også brukt i den latinske bibelomsettinga. Tilsvarande uttrykk på hebraisk er kahal, samankallinga, dei som er kalla saman. I begge tilfelle er uttrykket å forstå som eit samfunnes kommunale organisasjon (sjå kahal i litteraturliste). Dette forstår vi også av Luthers omsetting av ekklesia til tyske Gemeinde, fellesskap, det ein har i fellesskap, i tydinga ei samling likemenn (meinige). Gemeinde er også det tyske ordet for kommune, i tydinga ei lovgivande forsamling. I nytestamentleg samanheng forstår vi uttrykket først og fremst i overført tyding.

 

Sett i ettertid hadde det altså vore best om vi lærte oss å bruke ordet ekklesia. For ordet er på mange måter eit teikn som peikar tilbake på noko som hendte i oldtida. Det vart nemleg brukt om dei som vart kalla saman til offentleg diskusjon over ulike emner som var aktuelle for bystaten. I Athen kom 18 000 frie menn saman og alle fekk lov å halde ei tale (uttale seg), fordi alle var på lik linje med kvarandre. Saman fungerte dei som eit lovgivande organ, der nye lover vart bestemt ved avrøysting. Alle røyster vart høyrt. 500 frie menn vart tilfeldig utvalt før kvar samling til å bestemme kva emner som skulle opp til diskusjon. Og det kunne vere kven som helst. Desse vart på gresk kalla for eklektos, utvalte, i tydinga dei som er utvalt frå den store mengda. Ekklesia var ei styreform som skulle hindre at enkeltpersonar eller mindre grupper fekk heva seg over bystatane og styre etter sine eigne interesser. Denne upopulære styreforma vart kalla oligarkhía, fåmannsvelde, av olígos, ; og arkhía, styre. (Sjå litteraturliste). Vi forstår altså at det i sjølve uttrykket ekklesia ligg ei åtvaring mot at enkelte ville prøve å gripe makta i mellom læresveinane. I Apg. 20:28-30 seier Paulus det slik:   

 

Så tak no vare på dykk sjølve og på heile den hjorda som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for, så de skulle vakta Guds kyrkjelyd, som han vann seg med sitt eige blod. Eg veit at når eg har gått bort, skal det koma glupande ulvar inn mellom dykk, som ikkje sparer hjorda. Ja, mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fører falsk tale for å lokka læresveinane etter seg.

 

Det står eigentleg lalountes (talande) diestrammena (det forvrengte), i tydinga at dei står fram med vranglære.

 

Dei tolv læresveinane til Jesus var dei første som vart lagt til i Guds ekklesia. I Matt. 16:18 sa Jesus til den eine av læresveinane: «Eg seier at du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje». Men vi må spørre oss sjølve om Jesus her eigentleg peika ut det nye hierarkiets toppmann? Ein ny øvsteprest for eit nytt presteskap? Meinte Jesus verkeleg at Peter skulle vere den første av mange kristne kyrkjeleiarar? Nei! For som vi har sett står ekklesia i sterk kontrast til noko form for hierarki (sjå litteraturliste). For heile poenget med det Jesus her seier forsvinner raskt frå tankane våre, om vi ikkje minnar kvarandre på kva som vert sagt. For namnet Peter kjem av greske petros, klippestein, ein tilhogd byggestein. Berg er ei omsetting av greske petra som tyder klippe eller klippeblokk, altså ein referanse til det petros vart teken i frå. Alteret, tempelet og sjølve bymuren rundt Jerusalem vart f.eks. bygd med slike steinar. Men det Jesus her talar om er eit tempel, om du vil, bygd opp av levande steinar. Det er også her omsettinga av ekklesia til kyrkje og kyrkjelyd har gjort seg gjeldande.

 

Kyrkja har røter tilbake til 300-talet, då det romerske keisarrikets gamle tru fusjonerte (smelta saman) med kristendomen. Kyrkjene vart sentrumet for den nye trua. Kyrkje kjem av greske kyriakos, Herrens, det som høyrer Herren til, og er i særleg grad knytt til bygninger, som i greske kyriakos oikos, herrens hus; greske kyriakon doma, herrens heim; og basilike, kongelegdom. Omsettinga av ekklesia i Matt. 16:18 viser nettopp dette. For her skriver omsettarane kyrkje og ikkje kyrkjelyd, som om det gjaldt kyrkjebygget og ikkje kyrkjelyden. Som vi kanskje forstår var alteret, tempelet og bymuren i Jerusalem berre ein skugge, eit bilete av det Herren er byggmester for. Jesu profetord til Peter vart til slutt oppfylt på pinsefestens dag, då Peter sto fram blant dei elleve andre læresveinane, og dreven av Den Heilage Ande overtydde han tre tusen sjeler til å verta lagde til som levande byggesteinar på Guds hus (Apg. 2). Eller om du vil: Peter kalla ut, bad innstendig om at desse måtte ta del i utgreiinga av viktige saker.

 

I Ef. 2:18-22 står det at alle truande er døypte til å vere ein lekam med Kristus, med fyljande konsekvens:

 

For ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i éin Ande. Så er de då ikkje lenger framande og utlendingar, men de er medborgarar med dei heilage og Guds husfolk, bygde opp på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. I han vert heile bygnaden halden saman og veks til eit heilagt tempel i Herren. I han vert de òg, saman med dei andre, bygde opp til ein Guds bustad i Anden.

 

I 1. Kor. 12:28 står det på ein litt annan måte: «Og Gud sette i kyrkjelyden fyrst nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar» osv. For at det skulle vere mogleg for Gud å bygge opp ein bustad for Anden, måtte Gud først lære opp nokon i korleis dette skulle fungere, slik at dei igjen kunne lære det til andre. På denne måten kunne kunnskapen gå frå læresvein til læresvein, «så lenge verda står» (Matt. 28:20). I 1. Tim. 3:15 står det at Paulus ville at Timoteus skulle få «vita korleis ein bør ferdast i Guds hus, som er den levande Guds kyrkjelyd». Men allereie på Paulus’ tid byrja mange å gå bort frå vår Herre Jesu Kristi og apostlanes lære. Dei kom med nye lærer, og dei fekk mange læresveinar til å fylje etter seg. Og slik er det også til denne dag. Få er det som held seg til læra slik ho er overgjeve til oss av vår Herre Jesus Kristus og apostlane (sjå artikkelen Rett lære og kjettarske meiningar).  

 

Uttrykket ekklesia, i tydinga dei utkalla, utkallinga, har vorte heilt fråverande. Men vi går altså glipp av ein stor lærdom når vi på denne måten har vorte framande for ordet. I 1. Kor. 1:1-2 står det f. eks. (mine understrekingar):

 

Paulus, ved Guds vilje kalla til Jesu Kristi apostel, og Sostenes, vår bror, til den Guds kyrkjelyd som er i Korint, dei som er helga i Kristus Jesus, kalla, heilage, saman med alle som på kvar stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn, deira og vår Herre.  

 

Paulus vart altså kalla til apostel. Ordet kalla er ei omsetting av greske kletos, som er det same som klesis, å invitere, altså at han vart invitert eller innstendig bedd om å bli apostel. Klesis er ei kortare form av kaleo. I Apg. 9:1-22 og 13:1-4 kan vi lese om korleis Herren Jesus Kristus og Den Heilage Ande kalla Paulus til å verta apostel, og at han takka ja til tilbodet. Men han er ikkje aleine om å ha opplevd noko slikt. I 1. Kor. 1:2 står det om Guds ekklesia, altså om dei andre som Gud hadde kalla ut. På same måte som Gud hadde kalla, altså invitert og helga (gr. hagio, skilt ut som noko som er ulikt andre) Paulus til teneste, hadde Gud kalla og helga dei Paulus skreiv til, nemlig korintarane.

 

Men det stoppa ikkje der, for både Paulus, og alle dei andre som vart kalla av Herren, på alle dei andre stadane i heile verda, dei kalla alle på Herren Jesu Kristi namn, altså på sin Herre. På gresk står det epikaleomai, av epi, frå, altså frå der dei er; og kaleo, rope på nokon, be nokon innstendig om noko, altså i tydinga at dei vart oppfatta som ei samling av Herren sin, han som er i himmelen, fordi dei var samla i hans namn. Altså er ikkje Guds ekklesia samla på ein stad, verken geografisk eller tidsmessig. Gud er alle stadar samtidig, heilt uavhengig av tid og rom. I Apg. 2:42 står det at dei som kom til tru vart lagt til i te ekklesia (gr.), til dei utkalla, og at dei heldt urikkande fast på bøna. Uttrykket bøna kjem av greske proseuche, å ynskje (noko frå Gud). Sjå også Fil. 4:6: «Gjer dykk inga sut for noko, men lat i alle ting bøneemna dykkar koma fram for Gud i påkalling og bøn med takkseiing». Likeins i Matt. 18:19-20: «Alt det to av dykk på jorda vert samde om å be om, skal de få av Far min i himmelen. For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei». For kvar enkelt av oss er kalla til å søke Gud og til å be Gud om å få ei nådegåve, å få noko av hans fylde, slik at vi har noko å bidra med når vi kjem saman. Vi må søke å få vår del i Den Heilage Ande, så Anden kan drive oss til ei gjerning som Gud har behag i.

 

Reint historisk så hadde jødane berre eit tempel. Men dei hadde også reist ein del alter rundt om kring i sitt eige land. Det var levittprestane som tente der. Men frå den tida jødane vart spreidd blant nasjonane, så bygde dei forsamlingshus, som på gresk vart kalla synagoge, av sunago, av preposisjonen sun, med eller saman; og ago, å bli leia, samanleiing, forsamling. Desse vert leia av forstandarar. Vi kan merke oss at det i hovudsak her vert lest og undervist frå Skriftene, og slik sett er det vel ingen tvil om at våre kyrkjer og bedehus står i ein tradisjon som til dels etterliknar denne. Det er vel heller ingen tvil om at våre kyrkjer og bedehus etterliknar oldtidas Guds hus og tempel. Men så spørst det om det er på denne måten at vi skal tene Gud? Skal vi tene Gud på ein førebiletleg måte eller har vi fått eit anna kall? Skal vi flytte på gjenstandar og utføre mystiske ritualer og iføre oss kostymer? Eller skal vi samlast for å høyre ordet bli opplest? For det første så trur eg at når vi kjem saman så er det som frie menn, der ingen har rett til å herske over ein annan og der alle skal underordne seg kvarandre. For der er vi alle under ein Herre, Jesus Kristus. Har vi ikkje eigne heimar der vi kan lese og studere Guds ord? Er det ikkje rett av oss å kome saman for å dele med kvarandre det Gud har gitt oss, ved at vi stiller oss fram som levande og heilage offer for Gud. Altså ikkje som nokon som har noko å bidra med av seg sjølv, i kjøtet, - for det reknar vi som dødt på grunn av synda - men som nokon som er fylt av Den Heilage Ande og som Gud gjer ved å bruke oss, til «det gode, det som han har hugnad i, det fullkomne» (Rom. 1:1-2).

 

Det er sant at vi læresveinar er kalla til å vere liksom prestar. Men vi må forstå dette i overført tyding. Vi treng ikkje alter eller tempelbygningar. Nei, vi er sjølve bygninga som vert oppbygd. I nytestamentleg forstand er det heller ikkje slik å forstå at nokon er prestar, mens andre er kyrkjelyd. Det er ikkje slik å forstå at berre nokre få utvalgte kan tene Gud og dei andre skal sjå på at dette vert utført. Nei, alle kristne er liksom prestar og høyrer til i eit presteskap der alle er på lik fot med kvarandre, og der dei eldre eller dei eldste må lære opp dei yngre. Det er derimot eit unntak. I det førebiletlege var det berre ein øvsteprest som fekk gå inn i det høgheilage, sjølve førebiletet på himmelen. Der skulle han tene for Guds åsyn. I gamaltestamenteleg forstand var det mange forskjellige menn som fekk tene Gud som øvsteprest, men i nytestamentleg forstand har vi berre ein øvsteprest, Jesus Kristus (Hebr. 3:1, 4:14). I Op. 5:9-10 står det slik:

 

Og dei syng ein ny song og seier: Verdig er du til å ta imot boka og opna segla på henne, fordi du vart slakta og kjøpte oss til Gud med ditt blod frå kvar stamme og tunge og folk og ætt, og gjorde dei til eit kongerike og til prestar for vår Gud. Dei skal herska som kongar på jorda.

 

I 1. Pet. 2:9 står det slik:

 

Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, så de skal forkynna hans stordom, han som kalla dykk frå mørkret til sitt underfulle ljos, de som før ikkje var eit folk, men no har vorte Guds folk, de som før ikkje hadde funne miskunn, men no har fått miskunn.

 

Dei første tolv læresveinane var liksom Eli som lærte opp Samuel i korleis han skulle gå fram i Guds hus (1. Sam. 1-3). Slik skyldar også vi å lære opp dei som kjem etter oss. Vi må ikkje halde kunnskapen for oss sjølv, men vi kan med godt samvit lære opp våre yngre sysken. Som det står i Kol. 1:9-11:

 

Difor har vi heller ikkje halde opp med å be for dykk, heilt frå den dagen vi fekk høyra om det. Vi bed om at de må verta fylte med kunnskap om Guds vilje ved all den visdom og forstand Anden gjev. Då kan de ferdast slik det er Herren verdig, til hugnad for han i alle ting, i det de ber frukt og veks i all god gjerning ved kunnskapen om Gud, og vert styrkte med all den kraft han eig i sin herlegdoms makt, så de kan vera uthaldande og tolmodige.

 

Guds fred!

 

Litteraturliste:

https://snl.no/folkeforsamling

https://nn.wikipedia.org/wiki/Oligarki

https://snl.no/hierarki

Kirke. (2017, 28. august). I Store norske leksikon. Hentet 22. oktober 2017 fra https://snl.no/kirke.

Kahal (Kehillah). The New Jewish Encyclopedia, David Bridger, Samuel Wolk. Behrman House, Inc, 1976.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 4 februar 2021.

 

 

Evangelist/evangeliet

Dette er eit av dei orda som ikkje vert omsett til norsk i våre bibelutgåver. Evangelist er ei omskriving av greske euaggelistes, av euaggelizo (evangelisere), satt saman av greske eu eller ev, godt, av eus, god; og greske aggelos, som tyder bodbærar, av ago, å leie, å bringe, ein som kjem med godt nytt. Bodskapen er euaggelion, godt nytt, nyhende. På engelsk gospel, av good, god, godt; og spell, stave, altså orda er godt nytt.

 

Ein slik god bodskap vart forkynt både av døyparen Johannes og av Jesus då dei sto fram i ei tid då jødefolket var i stor åndeleg naud. Det var lenge sidan dei hadde høyrt noko nytt frå Gud. Somme hadde mista tolmodet og teke saka i eigne hender. Somme hadde erklært seg for å vere Messias og andre fylgde etter dei. Alle forsøk hadde så langt vore totalt mislykka og ført stor ulykke over jødefolket. Men så skjedde det noko som var heilt 100 % i tråd med det profetane hadde tala om.

 

Då døyparen Johannes sto fram var han kledd liksom Elias, profeten frå gamal tid som hadde fått heile Israel til å vende om. Han proklamerte: «Vend om, for himmelriket er kome nær!» (Matt. 3:2). Han lærte dei om han som kom etter han og som var større enn han, ein som var liksom Elisa, som hadde fått dobbelt opp av Elias’ ånd og kraft. Det var Jesus. Om Jesus står det at han «drog ikring i heile Galilea. Han lærte i synagogene deira, forkynte evangeliet om riket og lækte alle slags sjukdomar og plager hjå folket» (Matt. 4:23). Dette er første gong uttrykket evangeliet er brukt i det nye testamentet. Den gode bodskapen, evangeliet om riket, er ei omsetting av greske to euaggelion tes basileias. Uttrykket ten basileias tyder kongelegdomen, og svarar til det eit kongerike er bygd opp i kring, nemlig kongefamilien. I Matt. 5:10 står det himmelriket (gr. he basileia ton ouranon). I Mark. 4:11 står det Guds rike. I Ef. 5:5 står det Kristi og Guds rike. Difor står det også slik i Kol. 3:1-2:

 

Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. Lat hugen dykkar vera vend mot det som er der opp, ikkje mot det som er på jorda.

 

For Kristus er ikkje denne verdas konge. Han har ennå ikkje etablert noko kongerike på jorda. Men det skal skje at Gud skal kaste ut han som no styrer i himmelrommet, han som vert kalla djevelen og Satan. Og når han vert kasta ned på jorda, då skal han besette Antikrist og gi han av si makt. Men berre ei kort tid er gjeven han før Gud, ved Kristus, skal openberre seg i himmelrommet. Derifrå skal han øydelegge Antikrist, og Satan skal han kaste i avgrunnen inntil dei tusen åra er forbi og Satan skal sleppast laus for å prøve verda ein siste gong under Gog og Magog. Men inntil desse siste tinga kjem i endetida, er jorda framleis under forbanning. Her er sjukdom, alle slags plager, stor naud, stor urettferd og stor vondskap. Difor gjer Gud store teikn og under der hans evangelium blir forkynt, gjort kjent, der Guds ord framleis er ukjent. Men dette er ikkje løysinga. Dette er gitt oss slik at vi kan lære Gud å kjenne, som ein forsmak på den kommande verdas krefter. For det er Guds vilje at denne verda skal forgå. Alt levande må dø. For død må til for å avslutte det som har vore, slik at Gud kan gjere noko nytt. For døden er syndas løn (1. Mos. 2-3). Men dette er også eit evangelium! Difor står det: «For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur» (Rom. 1:16), altså for kvar den som er overtydd om desse tinga.

 

Ser vi tilbake på byrjinga, på dei første ting, så veit vi at då menneska var få på jorda, så gjekk Gud i rette med kvar enkelt av dei. Men då dei byrja å verta mange vart det straks verre. Det sto fram enkeltpersonar som leia folka. I 1. Mos. 6:11-14 og 17-18 står det:

 

Men jorda vart forderva i Guds augo, ho vart full av vald. Og Gud såg på jorda, og sjå, ho var forderva, alt kjøt var forderva i si ferd på jorda. Då sa Gud til Noah: No vil eg gjera ende på alt kjøt, for dei har fylt jorda med vald. Sjå, eg vil øydeleggja både dei og jorda. Bygg deg ein ark…

 

Og sjå, eg lèt ein vassflaum koma over jorda og øydeleggja alt kjøt under himmelen, som har fått livsande. Alt som er på jorda, skal gå til grunne. Men eg vil gjera ei pakt med deg, og du skal gå inn i arka - du og sønene dine og kona di og sonekonene dine.

 

Slik vart dei eit førebilete på den nye himmel og nye jord som skal kome når dagane er til ende. Etter flaumen gjekk Noah og sønene hans ut av arka og bygde eit alter for Gud (1. Mos. 8:20-22):

 

Han tok av alle reine dyr og av alle reine fuglar og ofra brennoffer på altaret. Og Herren kjende den gode angen, og Herren sa med seg sjølv: Eg vil aldri meir forbanna jorda for menneska skuld, for tankane i menneskehjarta er vonde frå ungdomen av. Eg vil aldri meir drepa alt levande, slik eg no har gjort. Så lenge jorda står, skal såtid og haust, kulde og hete, sommar og vinter, dag og natt aldri ta slutt.

 

Gud sa då til dei som skulle verta stamfedra til alle menneske på jorda:

 

Og Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: Ver fruktbare, vert mange og fyll jorda. Alle dyra på jorda og alle fuglane under himmelen og alt som kryp på marka, og alle fiskane i havet, skal ha age og redsle for dykk. Dei er gjevne i dykkar hand. Alt som rører seg og lever, skal vera til føde for dykk. Slik som eg gav dykk dei grøne plantene, slik gjev eg dykk alt dette. De må berre ikkje eta kjøt som har sjela, det vil seia blodet, i seg. Og sanneleg: Eg vil krevja hemn for dykkar eige blod. Eg vil krevja kvart dyr til rekneskap om det tek blodet dykkar. Og eg vil krevja rekneskap av kvart menneske med, om han tek livet av nesten sin. Den som renner ut menneskeblod, hans eige blod skal verta utrent av menneske. For i Guds bilete skapte han mennesket. De skal vera fruktbare og verta mange! De skal myldra på jorda og vert talrike.

 

Dette er skrevet slik at vi kan ha tru til Gud, og vite at han har godt i tankane når han ber oss om å vende våre tanker bort frå denne verda og slutte å elske den, og i staden bygge arken og gå inn i den! Men med førebiletet er det ikkje som med det som eingong skal kome. For vi veit at Noahs etterkomarar fall i frå trua og byrja å gå sine eigne vegar bort frå Gud. I sin nåde valte Gud ut ein av dei, Abraham (Abram), og viste han sin veg. Om han står det: «Og Abram trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd» (1. Mos. 15:6). Abraham vart far til Isak, han som vart far til Jakob og som Gud gav namnet Israel, og som vart far til Israels tolv stammer. Til dei gav Gud sine lover ved sin tenar Moses og sa: «De skal halda mine lover og mine bod, for det mennesket som gjer etter dei, skal leva ved dei» (3. Mos. 18:5). Og dette er den rettferda som er etter lova, men som berre er ein skugge, eit førebilete av det som skal kome. Og på liknande vis har alle folkeslag sine lover, og i våre hjerter har vi då også ei lov, vårt samvit (Rom. 2:11-16). Det er difor ingen forskjell mellom dei som er under lova og dei som ikkje er det. For anten vi er jødar eller av eit anna folkeslag, så gjer vi alle det vonde. I tidlegare tider ofra også dei andre folkeslaga offerdyr til soning for syndene for å blidgjere gudane. I Rom. 10:4-5 står det at «Kristus er endemålet for lova, til rettferd for kvar den som trur. [liksom] Moses skriv om rettferda av lova: Det menneske som gjer desse ting, skal leva ved dei». Endemålet er ei omsetting av greske telos, av tello, altså det lova peika fram imot og det som lova stoppa opp på. For lova kom for å overtyde mennesket om at dei gjer det som er vondt og ikkje det som er godt, det som Gud har behag i. Vi gjer det vonde endå til at vi veit at det er feil (synd). Difor fekk dei i den første tid, ved Guds nåde, lov å ofre til soning for syndene sine. Men den som trur på Jesus Kristus gjer ikkje slik lenger (Hebr. 9:12-13):

 

Ikkje med blod av bukkar og oksar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle, og fann ei evig utløysing. For så sant blodet av bukkar og oksar, og oska av ei kvige, helgar til reinleik på kjøtet når det vert skvett på dei som er ureine, kor mykje meir skal då ikkje Kristi blod - han som i kraft av ein evig Ande bar seg sjølv fram for Gud som eit lytelaust offer - reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar så vi kan tena den levande Gud.

 

For til dei som var under Moselova sa Kristus det slik (Matt. 5:17-18):

 

De må ikkje tru at eg er komen for å avlysa lova og profetane! Eg er ikkje komen for å avlysa, men for å oppfylla. For sanneleg seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå, før det har hendt alt saman.

 

Deretter stramma han grepet ytterlegare og lærte at om ikkje dei heldt kvart einaste bod til punkt og prikke, ja då kom dei ikkje inn i himmelriket. Dei måtte ikkje finne på å hykle med lova slik dei skriftlærde og farisearane gjorde, som var dei som heldt seg strengast til lova. For oss er det berre eit å gjere: Vi må erkjenne at vi er vonde og at vi treng å verta fødde på ny. Og mens vi ventar på vår forvandling, vår nye fødsel, då står det eit ord til trøyst for oss i Rom. 1:17: «Den rettferdige av tru, skal leva». I Gal. 3:6-7 skriver Paulus: «Det er liksom med Abraham: Han trudde Gud, og det vart rekna han til rettferd. Difor skal de vita at dei som har tru, dei er Abrahams born». I Gal. 3:27 står det også: «For de, så mange som er døypte til Kristus, har ikledd dykk Kristus». For det er han som er den nye skapninga, den nye Adam. Den som var under lova, er difor ikkje lenger under lova, men under nåden. Likeins er det med dei som ikkje var under lova, dei er under nåden, ved trua på Jesus Kristus. For det som gjelder for å vere noko er om vi trur på Gud og på Sonen hans, Jesus Kristus, og om vi gjer etter hans bod. For dersom vi verkeleg reknar oss som døde med Kristus, då kan vi ikkje lenger leve på kjøtsleg vis. Eg tenker ikkje på at vi ikkje lenger kan gjere synd - for så lenge vi er i det syndige kjøtet, så vil vi synda. Det er til trøyst for oss at Johannes skriver: «Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev syndene og reinsar oss frå all urettferd» (1. Joh. 1:9). Men ikkje med sjølvpining og den slags, men ved kort og godt å be Gud om tilgjeving med det same. For Gud krever ikkje noko større offer frå oss. Gud tilgir i same stund som vi ber han om tilgjeving. Soninga for synd er døden, og tilgjevinga for synd har vi fått ved Kristi død, ved at vi på førehand reknar oss med til hans død, altså før vi sjølv avgår med døden. Men når eg skriver at vi ikkje lenger kan leve på kjøtsleg vis, så siktar eg til det som står skrevet: «For så mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born» (Rom. 8:14). I Apg. 2:38 står det: «Peter sa til dei: Vend om, og lat dykk alle døypa på Jesu Kristi namn til forlating for syndene, så skal de få Den Heilage Ande i gåve». For ingen kan verta vår Herre Jesu Kristi læresveinar utan at han vert fylt av Den Heilage Ande. For ingen kan tene Gud utan ved Anden, den reine og heilage Anden. Alle gjerningar som er gjort utan Anden er døde gjerningar som ikkje er Gud til behag. Så dersom vi ynskjer å koma inn i Guds rike, inn i himmelens rike, då må vi omvenda oss, i tydinga å gjera oss umake og vi må verta fødde på ny (Matt. 18:3). For det står: «Utan at de omvendar dykk og vert som born, kjem de slett ikkje inn i himmelriket». Jesus meinar her at vi må verta ei ny skapning slik som borna, som er nye utgåver av gamle kroppar. I grunnteksta står det eigentleg:

 

ean (dersom) me (ingen) strafete (vendar om) kai (og) genesthe (vert til eingong til) hos (på same måten) ta paidia (som dei irettesette, i overført tyding, som borna) ou (skal ei heller) me (ingen) eiselthete (koma inn) eis (inn i) ten basileian (kongelegdomen, i overført tyding riket) ton ouranon (himlanes).

 

På godt norsk tyder det: dersom ingen vendar om og vert til ein gong til, på same måten som dei irettesette (altså borna), skal ei heller ingen koma inn, inn i himlanes kongelegdom. I v. 4-7 står det:

 

Den som gjer seg liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. Og den som tek imot eitt slikt lite barn for mitt namn skuld, han tek imot meg. Men den som forfører éin av desse små som trur meg, for han var det betre om ein kvernstein vart hengd om halsen på han og han vart søkkt i havsens djup. Ve over verda for hennar forføringar! For forføringar må koma, men ve over det mennesket som forføringa kjem ved!.     

 

I grunnteksta står det tapeinose, av tapeions, i tydinga den som pressar seg ned (gjer seg liten). Her går vi glipp av ei skjult meining som ligger i det greske ordet for born, paidion, av pais, av rota paio, som tyder å slå ned på, altså irettesette, tukte. Her må ein altså vere villig til audmjukt å lære noko heilt nytt. I Hebr. 12:2-11 står det noko som ofte vert misforstått. For når det står hudflettar, i tydinga piskeslag, så siktar det til den vanlege samfunnsstraffa ved mindre lovbrot. Jesus vart først piska, fordi romarane hadde tenkt å sleppe han fri. Men øvstepresten og hans menn greidde likevel å få Pilatus til å krossfeste Jesus. Her er det altså ei oppmuntring til dei truande som reiste rundt i heile romarriket og som vart piska på grunn av klagar frå folket. Dei skulle sjå på det som Herrens tukt, at Herren irettesetter dei han elskar, for å modne dei for oppgåva. Men stakkars dei familiar der ein faktisk piskar eller slår sønene og døtrene sine! Dei går langt utover det som står skrevet. Og stakkars dei familiar som ikkje irettesetter sønene og døtrene sine, for desse borna må gå igjennom mykje vondt når dei vert vaksne, når dei vert irettesett av arbeidsgivarar, kollegaer, venar og ektefeller. Då er det heller ikkje lenger lov å irettesette og stoppe dei fysisk på nokon som helst måte, slik ein kan med eit born der ein på enkelt vis kan løfte dei opp og stoppe dei.

 

Forkynninga av evangeliet er difor ei gjerning, ein evangelists gjerning. Det er ei gudsteneste. I 2. Tim. 4:1-5 skriver Paulus til Timoteus. I v. 1-2 står det:

 

Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus, som skal døma levande og døde, og ved hans kome og hans rike: Forkynn Ordet! Ver budd i tid og i utid. Overtyd, tal til rette og tal til trøyst, påminn med alt langmod og all lære.

 

I v. 5 står det: «Lid vondt, gjer ein evangelists gjerning og fullfør tenesta di». I grunnteksta står det katopatheson ergon poeson euaggelistou ten diakonian sou pleroforeson, som bokstavleg talt tyder: kjenn du den smerta som ingen ser verdien i! Gjer du evangelistens strev med den tunga byrda du har med å gå ikring. For kva var alternativet? I v. 3-5 står det:

 

For det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den sunne læra, men etter sine eigne lyster skal dei ta seg lærarar i mengdevis, etter som det klør dei i øyra. Dei skal venda øyra bort frå sanninga og venda seg til eventyr. Men ver du edru i alle ting.

 

Å vere edru tyder at Timoteus skal halda seg i frå slikt og halda fram med å lære og forkynna desse orda, som dei umodne ikkje vil høyra. I Op. 2:7 står det: «Den som har øyra, han høyra kva Anden seier». For deira skuld skal evangelisten halde fram med si gjerning. I Matt. 24:14 står det også: «Og dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til eit vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma». Altså skal alle folkeslag på jorda få høyre om dette nye som skal skje når enden kjem, dette som profetane tala om. For det skal koma ein ny himmel og ei ny jord. Legg merke til ordet i Op. 21:1. Det står himmel i eintal, fordi dei andre himlane då er teke bort. Himmel og jord skal då vere eit, liksom brud og brudgom, for evig og alltid. Det som er der oppe, skal verta eitt med det som er her nede. Men først må det som no er i himlane og det som no er her nede, verta reinsa, forvandla og heilaga til Gud. Legg merke til at det i Jes. 65:17 står himlar i fleirtal, altså ventar vi ei tid då Gud skal fornye himlane, liksom han gjorde på Noahs tid. Det er domen som kjem før dei tusen åra. Men til slutt skal det berre stå igjen ein himmel. Difor er det vi også ber:

 

Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød. Og forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn. Og før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.

 

Legg merke til at det står: «Du som er i himmelen, riket er ditt, og makta og æra i all æve». Her er det altså tale om Guds rike, om himlanes rike, det som vi skal koma inn i, dersom vi trur og gjer etter Ordet. Ein del misforstår og seier: «Lat oss byggja Guds rike her på jorda». Men det er ikkje tale om eit verk av mennesker, men av Gud. Difor står det i Mark. 16:15-20:

 

Og han sa til dei: Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for all skapningen! Den som trur og vert døypt, skal verta frelst. Men den som ikkje trur, skal verta fordømd. Og desse teikna skal fylja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder. Dei skal tala med tunger. Dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk drepande gift, skal det ikkje skada dei. På sjuke skal dei leggja hendene, og dei skal verta friske. Etter at Herren Jesus hadde tala dette til dei, vart han teken opp til himmelen, og han sette seg ved Guds høgre hand. Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Og Herren var med dei og stadfeste Ordet med dei teikna som fylgde med.

 

I fylje Matt. 28:20 sa han: «Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!». Guds fred vere med dykk på vegen!   

 

Ved å fylje linken kan du sjå nærare på Glen Davis si samling av oldgreske sitat:

http://glenandpaula.com/wordpress/archives/2010/02/25/pre-christian-uses-of-gospel

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 4 februar 2021.

 

 

​

Ekklesia
Evangelist
Eldste, eldstinne
bottom of page