top of page

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Elias og Elisa

1. Kong. 17-22 og 2. Kong. 1-13.

​

​

Historisk bakgrunn

Etter at David og Salomo døde vart kongeriket Israel delt i to mindre riker. Salomos son, Rehabeam, styrte frå Jerusalem i Judea frå ca. 930 til 913 f.Kr., mens Jeroboam styrte i Israel frå ca. 930 til 908 f.Kr. Jeroboam forfølgde alle dei som heldt seg til Herren Gud og tvang dei til å forlate sine stammeområder. Dei måtte då busette seg i Judariket. På denne måten fekk Gud samla ein rest av alle Israels stammar på ein stad. Uttrykka jøde (eigentleg judear) eller jødinne siktar difor til borgarane av kongeriket Judea, framfor enkeltpersonar av Juda stamme.

   

I Israel vandra kong Akab - som var konge i Israel frå 873 til 852 f.Kr. - på Jeroboams veg og gjekk sterkt inn for å dyrke avgudane liksom kongane i dei andre rika på jorda gjorde. Det står at «han bar seg verre åt enn nokon av dei som hadde vore kongar i Israel før han» (1. Kong. 16:29-33). Hans hustru, Jesabel, prøvde også å utrydde alle Herrens profetar frå landet. Heldigvis hadde Akabs tenar, Obadja, greidd å gøyme hundre av dei. Det var på den tida det skjedde at Guds vreide vekt.

​

 

Elias frå Tisbe, ein Guds tenar

Elias kom frå Tisbe. Han var «ein av dei som hadde flytt inn i Gilead» (1. Kong. 17:1). Profeten Hosea talar sterke ord om denne byen (Hos. 6:8-9):

 

Gilead er ein by med ugjerningsmenn, full av blodspor. Heile presteflokken liknar ein røvarskare som lurer på folk. Dei drep på vegen til Sikem. Ja, skamlaust har dei fare åt.

 

Sikem var hovudstaden i Akabs rike. I Hos. 6:5-7 får vi ei forklaring på korleis prestane hadde blitt slik. Det står:

 

Difor har eg hogge laus på dei ved profetane, drepe dei med ord frå munnen min. Domane over deg for som lyn. For eg har hug til kjærleik og ikkje til slaktoffer, til gudskunnskap meir enn til brennoffer. Men dei har brote pakta, liksom Adam. Der har dei vore trulause mot meg.

 

I Hos. 12:11 står det: «Eg har tala til profetane, og late dei sjå syner i mengd. Og gjennom profetane har eg tala i likningar». I 1. Kor. 14:24-25 står det:

 

Men dersom alle talar profetisk, og det kjem inn ein vantruande eller ukunnig, då vert han avslørd av alle og dømd av alle, og det som er løynt i hjarta hans, vert openberra. Så vil han falla på sitt andlet og tilbe Gud og seia: Gud er sanneleg mellom dykk!

 

Dette var grunnen til at ein måtte stoppen munnen på profetane. Kongen og prestane hadde forført folket til sin eigen fordel, og det vart nødvendig for dei å forsvare seg, om enn med mord. Å vere prest var ei høg stilling i samfunnet, og dei hadde posisjonar på lik linje med kongane og stormennene. Det låg difor lett for dei å undertrykke folket. Og kven var så desse profetane som tala imot dei? I Jak. 5:17-18 står det:

 

Elias var eit menneske under same kår som vi. Han bad inntrengjande om at det ikkje måtte regna, og i tre år og seks månader regna det ikkje på jorda. Og han bad atter, og himmelen gav regn, og jorda bar si grøde.

 

Det «vi» Jakob refererer til er dei heilage, og om seg sjølv seier han i Jak. 1:1 at han er «Guds og Herren Jesu Kristi tenar». Å vere tenar var ei låg stilling i samfunnet og det var dei som vart undertrykt av sine høge herrar. Vi skal merke oss at det i blant Guds tenarar ikkje er noko klasseinndeling. Her fungerer alle som ein lekam med eit hovud, og hovudet er Gud og Kristus. I 1. Kor. 12:4-7 står det:

 

Det er skilnad på nådegåver, men Anden er den same. Det er skilnad på tenester, men Herren er den same. Det er skilnad på kraftige verknader, men Gud er den same, han som verkar alt i alle. Men Anden openberrar gåvene sine hjå kvar og ein til det som er gagnleg.

 

Deretter skriver Paulus om alle dei forskjellige måtane vi kan tene Gud på. Difor står det om Elias at han var Guds tenar (1. Kong. 17:1). Når han sto fram forkynte han tre uår for Akab. Da han tre år seinare sto framfor Akab vart han sikta for å ha ført «øydelegging over Israel» (1. Kong. 18:17). Elias utfordra den gongen Akab til å samle sine profetar, avgudanes profetar, og møte han på Karmels fjell. Der sto han framfor alt folket og forkynte at det på denne dag skulle verta avslørt kven som var Gud. Herren eller Baal? Akabs profetar skulle be sine gudar om eit teikn og likeins Elias. Men frå avgudane kom det ingen teikn, mens frå Herren Gud kom det eit veldig mektig teikn, nemlig eld frå himmelen. Elias bad då om at folket skulle gripe dei falske profetane, og Elias drap dei. For dette hadde Gud gjeve påbod om i Moselova. Deretter kom regnet, som var teiknet på at uåra var til ende.

​

 

Elias gjer Elisa til sin læresvein

Etter dette fekk Akab vende tilbake til sitt hus. Han fortalte alt til sin hustru Jesabel. Da sverja ho på at ho skulle gjere ende på Elias. Då dette ordet nådde Elias frykta han for sitt liv. Men Herren oppmuntra han og avslørte kva han hadde tenkt å gjere. På heimvegen kalla Elias på Elisa, og Elisa forlèt alt og følgde han.

 

Etter dette hamna Israel i krig med kongen i Syria (frå 1. Kong. 20). Ein profet sto då fram og varsla at Akab skulle vinne krigen. Og slik gjekk det til. Akab vann. Deretter sto profeten fram og varsla ein ny krig året etter. Kongen i Syria spotta då Israels Gud, og ein Guds mann sto fram og sa til Akab at han skulle vinne krigen på grunn av all spotten. Og Akab vann. Men Akab sparte livet til syrarkongen som to gonger hadde forsøkt å utslette Israel. Då talte profeten igjen imot Akab og sa at som straff for at han var ulydig, skulle hans liv verte gitt i staden for kongen i Syria, og hans folk i staden for syrarane. Det som hendte i forkant for oppfyllinga av profetien, var at Akab ein dag etter dette vart freista til å be ein vingardseiger om å selje eigedomen sin til han. Denne hadde då nekta, ettersom det var hans fars arv. Då han fortalte det til sin hustru Jesabel, sørgja ho for at Akab fekk eiendomen ved å få myrda vingardseigaren. Då sto Elias fram nok eingong for Akab og fullenda dommen over Akab og heile hans hus. Dei skulle forgå der i vingarden. Etter dette vart Akab freista til å gå til krig mot kongen i Syria. Det skjedde under eit besøk av Josafat, kongen i Juda. Josafat råda han til å konferere seg med profetane, som alle gav det rådet at han skulle gjere det. Men då Akab spurte om kva dei såg i syna sine, svarte ein av dei at han såg Akabs død. Då bad sjølve profet ånda, for Herrens åsyn, om å få vere ei lygnens ånd i profetane, så dei ein etter ein kunne overtale Akab om å gå til krig. Det enda opp med at Akab gjekk til krig, forkledd som ein soldat. Kongen i Syria hadde på si side beordra sine menn om å ikkje stride med Akabs menn, berre mot kongen. Josafat, Judas konge, hadde gått med Akab i striden, og då syrarane såg han tenkte dei at det sikkert var han som var kongen. Ein mann spente då for bogen sin og skaut i håp om å treffe kongen. Han bomma på Josafat, men trefte Akab, som sto like ved. Den kvelden døde Akad, og sonen Akasja vart konge etter han. På den tida gjorde Moab opprør mot Israel, og Akasja vart sjuk. Han søkte avgudane sine etter svar, men Gud sendte Elias til han og sa at han skulle i sjukesenga. Joram, hans bror, vart konge i Israel etter han.

 

På den tida vart Elias teken opp til himmelen i ein storm. Før dette skjedde hadde Elisa bedt om å få ein dobbelt del av Elias’ ånd og kraft, og Elias gav han kappa si som eit teikn på at folket no måtte høyre på Elisa og fylje han. Byttet skjedde på ein stad Gud hadde utvalt, for Elias hadde sagt: «For Herren har sendt meg til Jordan» (2. Kong. 2:6). Nokre læresveinar av profetane i Jeriko hadde fylgt etter Elisa og vart vitne til det som hendte. Då dei kom til Jordanelva tok Elias av seg «kappa si og rulla ho saman og slo på vatnet. Det skilde seg til begge sidene, og dei to gjekk over på tørre botnen» (v. 8). Elias spurte då om han kunne gjere noko for Elisa, og han svara (v. 9-10):

 

Gjev meg ein dobbel del av ånda di! Han svara: Det er ein stor ting du bed om. Men ser du meg når eg vert teken frå deg, skal du få det du bed om, elles får du det ikkje.

 

Vidare står det at då (v. 11-12):

 

…kom det brått ei eldvogn og eldhestar og skilde dei frå kvarandre. Og Elias for opp til himmelen i stormen. Då Elisa såg det, ropa han: Far min, far min, Israels vogner og ryttarar!

 

Deretter reiv han si eiga kappe i to deler, og tok kappa til Elias. Så gjekk han tilbake til elva og slo på vatnet med den og sa: «Kvar er Herren, Elias’ Gud?». Igjen delte vatnet seg i to og Elisa gjekk over. Då sa dei læresveinane som hadde fylgt han: «Ånda åt Elias kviler over Elisa. Og dei gjekk til møtes med han og bøygde seg til jorda for han». Difor kalla dei han for Meister (V. 13-16). Frå den dagen verka Gud mange undergjerningar ved Elisa. Det første teiknet var at han gjorde vondt vatn til godt vatn. Han hadde makt til å forbanne, til å binde dei vonde, til å vekke opp att dei døde, til å velsigne olje og mat så det vart mangedobla, til å reinse spedalske og til å varsle om framtidige ulykker.

 

​

Gud gjer ende på Akabs hus

På den tida måtte Israel forsvare seg mot fiendanes stadige angrep. Ved eit tilfelle vart Samaria, der Israels konge heldt til, kringsett så lenge at folket byrja å svelte. Ei kvinne bad Joram om hjelp, fordi ho saman med nabokona hadde drepe eit av borna sine og ete det. Dei hadde då avtalt at dei dagen etter skulle drepe eit av borna til nabokona, men denne hadde gøymt barnet. Kvinna bad då om at Joram skulle hjelpe henne å få sin rett. Kongen reiv då sund kleda sine og han sverja på at han skulle drepe Elisa, som han gav skulda for hungersnauda. Kongen ville forkaste trua på Gud, men Elisa svara med at folket skulle få mat neste dag. For den natta hadde Gud skremt bort fienden. Folket fikk då ete seg mett på fiendens mat. Likevel ville Gud la det vere svolt i landet i sju år til. For Gud ville gjere ende på Akabs hus og oppfylle alle profetorda om dette huset. På Elisas råd vart Jehu, Josafats son, salva til konge i Israel. Altså medan Joram framleis var konge. Mange i Israel gjekk då over til Jehu, og Jehu oppsøkte Joram som låg sjuk. Da Joram prøvde å flykte vart han myrda av ei pil frå Jehus boge. Så gav Jehu ordre om å drepe Akasja, kongen av Juda. Deretter drog han for å drepe Jesabel, som enda sitt liv på vingarden til mannen ho hadde myrda. Jehu tok også livet av alle etterkomarane av Akab og alle Baals profetar i landet. Likevel dyrka han gullkalvane som Jeroboam hadde fått folket til å tilbe.

 

​

Elisa døyr

I Juda vart Joas konge og han gjorde det som var rett i Herrens auge. Men sjølv ikkje han fekk bukt med avgudsdyrkinga. I hans styringstid vart Elisa sjuk og døydde. Joas kom til han på dødsleiet og fekk vite om framtida si. Eit siste under skjedde etter at Elisa er død og låg gravlagd. For like ved hans grav heldt nokre på å gjere i stand ei grav til ein annan som var død. Då kom det brått ein herjeflokk frå moabittanes land, og dei kasta den døde i frå seg så han fall ned i grava til Elisa. Då den døde kroppen rørte ved beina til Elisa, vart han levande igjen og reiste seg opp på føtene (2. Kong. 13:20-21).

​

 

Elias og Elisa som førebilete på døyparen Johannes og Jesus

I Matt. 3:5-6 står det slik om døyparen Johannes:

 

Då drog Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan ut til han, og vart døypte av han i Jordan-elva, i det dei sanna syndene sine.

 

I Joh. 1:19-27:

 

Dette er vitnemålet til Johannes, då jødane sende prestar og levittar frå Jerusalem for å spørja han: Kven er du? Då sanna han og nekta ikkje, han vedgjekk: Eg er ikkje Messias. Og dei spurde han: Kven er du då? Er du Elias? Og han seier: Det er eg ikkje. Er du profeten? Og han svara: Nei. Då sa dei til han: Kven er du? - Så vi kan gje eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv? Han sa: Eg er ei røyst av ein som ropar i øydemarka: Jamna vegen åt Herren, som profeten Jesaja har sagt. Dei som var utsende, var farisearar. Og dei spurde han og sa til han: Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias, og heller ikkje Elias eller profeten? Johannes svara dei: Eg døyper med vatn, men midt mellom dykk står han de ikkje kjenner, han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima for.

 

Her kan vi merke oss at Jesus sjølv, i Matt. 11:14, lærte at døyparen Johannes «er den Elias som skulle koma». Her må vi forstå at Johannes svara sant når han sa at han ikkje var Elias. For her har vi med eit teikn å gjere, i tydinga at Gud skulle sende ein som var liksom Elias, han som var kjent for dette eine, at han fekk eit heilt folk til å vende om til Gud. Elias hadde altså ikkje kome ned igjen frå himmelen. I Mal. 4:5 står det slik:

 

Sjå, eg sender dykk Elias, profeten, før Herrens dag kjem, den store og forferdelege. Han skal venda fedrehjarto til borna, og barnehjarto til fedrane, så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

 

Her kan vi merke oss at «før Herrens dag kjem» og «så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet» høyrer saman. Siste del av verset er her ei omsetting av Luthers omsetting, der det står «daß ich nicht komme und das Erdreich mit dem Bann schlage» [www.bibel-online.net], som igjen byggjer på Vulgata, den latinske omsettinga: «veniam et percutiam terram anathemate». Det siste ordet her, anathema, er eit lånord frå gresk som kjem av aná, opp; og títhÄ“mi, plassere, i tydinga f.eks. å sette opp noko (som skal haldast). Ei avtale osv. LXX har: «so that I will not come and utterly strike the land» [NETS. Quotations are taken from A New English Translation of the Septuagint, ©2007 by the International Organization for Septuagint and Cognate Studies, Inc. Used by permission of Oxford University Press. All rights reserved.]. Dei hebraiske uttrykka som ein her har prøvd å omsette er nakah, kaste; og cherem, eit nett, å kaste eit nett, ta til fange. I Luk. 1:17 står det slik:

 

Han skal gå føre han i den ånd og kraft som Elias hadde, for å venda fedrehjarto til borna og ulydige til den hug rettferdige har. Han skal vinna for Herren eit velbudd folk.

 

Siste setninga på gresk, hetoimasain (føre nærare, tettare) kurio (til Herren) laon (folket) kateskeuasmenon (ned i eit kar, altså tilpassa), i tydinga at døyparen Johannes skulle føre folket nærare og meir tilpassa til Herren.

 

Referansen til profeten Jesaja i Joh. 1:23 er henta frå Jes. 40:3. Dette kapittelet er ein trøystesalme for Jakob, for Israel. Når Herren Herren, Israels Gud, står fram skal heile verda dømast. Døyparen Johannes forkynte at Messias skulle stå fram etter han, at hans time var komen. Det er Messias som er «hans arm» (Jes. 40:10), Guds høgre hand. I Matt. 3:1-12 står det difor:

 

I dei dagane stod døyparen Johannes fram og forkynte i øydemarka i Judea. Han sa: Vend om, for himmelriket er kome nær! Det er han profeten Jesaja talar om når han seier: Det er ei røyst av ein som ropar i øydemarka: Ryd veg for Herren, gjer stigane hans beine! Johannes var kledd i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning.

Då drog Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan ut til han, og vart døypte av han i Jordanelva, i det dei sanna syndene sine. Men då han fekk sjå mange av farisearane og saddukearane koma til dåpen hans, sa han til dei: Ormeyngel! Kven lærde dykk å røma frå vreiden som skal koma? Så ber då frukt som sømer seg for omvendinga. Og tru ikkje at de kan tenkja slik: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born åt Abraham av desse steinane. Øksa ligg alt innmed rota av trea. Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg - eg er ikkje eingong verdig til å bera skorne hans! Han skal døypa dykk med Den Heilage Ande og eld. Han har kasteskovla si i handa og skal reinsa treskjestaden sin. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som ikkje kan sløkkjast.

 

Elias vert også skildra slik: «Det var ein mann i ei lodden kappe, med eit lerbelte bunde om livet» (2. Kong. 1:8). Dagen etter dette kom Jesus til Johannes. Døyparen Johannes ropa då høgt så alle kunne høyre det: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdesens synd! Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen føre meg, av di han var før meg» (Joh. 1:29-30). Her kan vi tenke oss at Johannes sa: «Kva kan eg gjere for deg?», slik Elias sa til Elisa. For Jesus kom for å la seg døype . Her ser vi ein tydleg referanse til Elias og Elisa. For nok eingong skulle det skje eit bytte der ved Jordan. Johannes var motvillig, men lét seg overtale av Jesus. Nok eingong kom det eit teikn frå himmelen. Denne gongen kom Den Heilage Ande ned på jorda frå himmelen, som ei due. Den vart verande over Jesus (v. 32-34) og frå himmelen lydde det ei røyst som sa: «Dette er Son min, som eg elskar! Han som eg har hugnad i» (Matt. 3:17).     

 

Liksom med Johannes undrar også jødane seg over kven Jesus er i den profetiske samanheng. I Matt. 16:13-14 spør Jesus læresveinane sine om kven folket meiner han er, og dei svarer: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elias, og atter andre Jeremia eller ein av profetane». Om profeten kan vi lese om i 5. Mos. 18:15-19. Der er det Moses som vitnar for Israelsfolket at det ein dag skulle stå fram ein profet, ein av brørne deira, ein som var lik Moses. Her er ennå eit teikn. Moses var mannen som kom til dei med dei harde boda frå Herren. Men her skulle dei altså vente på ein profet som skulle gje dei nye bod og som skulle lære dei å halde desse nye. For dersom dei ikkje gjorde etter det boda kravde skulle dei verta forbanna. Moses minna dei difor på at dei måtte høyre på profeten når han kom slik at dei ikkje skulle verta forbanna. Moses sikta sjølvsagt til Jesus, og ikkje til Johannes. I Matt. 16:15-16 spør Jesus sine læresveinar om kven dei meinte han var. Peter svarer: «Du er Messias, den levande Guds Son». Då dei litt seinare var saman med sin Meister oppe på eit høgt fjell, vart Jesus «forklåra for augo deira. Andletet hans skein som sola, og kleda hans vart kvite som ljoset. Og sjå, Moses og Elias synte seg for dei, og tala med han» (Matt. 17:2-3). Då dei seinare vart aleine igjen med Jesus, sa Jesus til dei: «Tal ikkje til nokon om dette synet før Menneskesonen har stått opp frå dei døde» (v. 9). Læresveinane spurte då (v. 10-13):

 

Kvifor seier då dei skriftlærde at fyrst må Elias koma? Han svara: Elias kjem nok, og han skal setja alt i rett skikk. Men eg seier dykk at Elias er alt komen, og dei kjende han ikkje, men gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei og til å la Menneskesonen lida. Då skjøna læresveinane at det var om døyparen Johannes han tala til dei.

 

I grunnteksta står det eigentleg: «Elias skal verkeleg kome fyrst og endre på det som er». Omsettinga her kan difor vere litt forvirrande. I Luk 1:15-17 står det slik om Johannes:

 

...heilt frå mors liv skal han verta fylt av Den Heilage Ande, og han skal få mange av Israels born til å vende om til Herren, deira Gud. Han skal gå føre han i den ånd og kraft som Elias hadde, for å venda fedrehjarto til borna og ulydige til den hug rettferdige har. Han skal vinna for Herren eit velbudd folk.

 

Dette refererer til profetorda til Malaki, særleg kap. 3 og 4. I Mal. 4:5-6 står det:

 

Sjå, eg sender dykk Elias, profeten, før Herrens dag kjem, den store og forferdelege. Han skal venda fedrehjarto til borna, og barnehjarto til fedrane, så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

 

Nettopp dette skjedde i Elias’ og Elisas’ dagar. For profeten Malaki minna Israel og Juda om si fortid, om korleis prestane drap Guds profetar på Elias si tid og kva det førte til. I 2. Kong. 1 møter vi Elias i eit oppdrag frå Gud. Den gongen svara Gud med eld frå himmelen over dei ugudelege og dei vantru i Israel. For Israels konge ville føre Elias med tvang til seg for å vende sin skjebne. Men Gud hadde dømt og hans dom var fastsatt, og Gud ville ikkje snu i saka. Tre gongar vart ein hærstyrke på femti mann sendt mot Elias, og tre gongar hendte det at hærane vart «døypte» i eld og fortært. I 1. Kong. 18 står det om den gongen Gud sendte Elias til Karmel for å utfordre vantrua til Israel. Då viste Gud sin overlegne makt ved å sende eld frå himmelen, ein eld som slukte i seg vatnet og offeret (v. 38). Med det viste Gud kva slags offer han hadde behag i, liksom han hadde vist for Kain og Abel. «Og heile folket såg dette. Dei kasta seg med andletet mot jorda og sa: Herren, han er Gud! Herren han er Gud!» (v. 39). Det var ein slik dag Gud minna om ved sin profet Malaki. For på den tida skulle Herren sjølv stå fram blant folket, og Elias skulle gå framom han og vende hjarta til folket til han, slik at dei ikkje igjen skulle kome under forbanning som i Elias’ dagar.

 

I Op. 13:13 står det om den falske profet som skal rydda veg for dyret, for Antikrist. «Og det gjer store teikn. Det får jamvel eld til å falla ned frå himmelen på jorda for augo på menneska». Dette gjer han fordi det vantru Israel ikkje trur at Elias har kome og at «Herren har kome til sitt tempel», som det står i Mal. 3. Også blant kristne og muslimar ventar ein framleis på at Elias skal kome tilbake. Difor ventar dei på Eliasteiknet, elden frå himmelen. Men elden kjem frå himmelen der Elias er no. Den kjem som ein dom over alle dei vantru. For døyparen Johannes sto verkeleg fram i Elias’ ånd og kraft, og Jesus var endå meir fylt av denne Anden enn det døyparen Johannes var, liksom Elisa fekk ein dobbelt del av Elias’ ånd og kraft. Men både døyparen Johannes og Jesus sto fram med harde ord mot leiarane i Judea. Jesus ropte ut (Matt. 23:29-39):

 

Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar, som byggjer gravstader for profetane og pryder minnesmerka over dei rettferdige, og seier: Om vi hadde levd i dei dagar fedrane våre levde, så hadde vi ikkje vore medskuldige med dei i blodet åt profetane! Slik vitnar de om dykk sjølve at de er born av dei som slo profetane i hel. Så fyll då målet åt fedrane dykkar! Slangar! Ormeyngel! Korleis skal de koma unna helvetesdomen? Difor, sjå, eg sender dykk profetar, vismenn og skriftlærde. Nokre av dei skal de drepa og krossfesta, andre skal de hudfletta i synagogene dykkar og forfylgja frå by til by. Såleis skal det koma over dykk, alt det rettferdige blodet som har runne på jorda, frå den rettferdige Abels blod like til blodet av Sakarias, son til Barakias, han som de slo i hel mellom tempelet og altaret. Sannelig seier eg dykk: Alt dette skal koma over denne ætta!

Jerusalem, Jerusalem! Du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte eg ville samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane sine under vengane. Men de ville ikkje. Sjå, huset dykkar skal verta liggjande audt. For eg seier dykk: Heretter får de ikkje sjå meg før de seier: Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!

 

Så var det skjedd. Herren kom og «bannstøyta landet» (Mal. 4:6), som i Elias’ og Elisas’ dagar. Deretter byrja øvsteprestane og dei eldste i folket å rådslå seg om korleis dei skulle få myrda Jesus (Matt. 26:3). Dei fekk han krossfest ved hjelp av domstolen til romarane. Matteus skriver om då Jesus hang på krossen (Matt. 27:46-49):

 

Og ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst: Eli, Eli, lama sabaktani? Det tyder: Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? Då nokre av dei som stod der, høyrde det, sa dei: Han ropar på Elias! Og straks sprang ein av dei til, tok ein svamp og fylte han med eddikvin. Den sette han på ein røyrstav og baud han å drikka. Men dei andre sa: Vent, lat oss sjå om Elias kjem for å berga han!

 

Igjen ein referanse til Elias og Elisa og uttrykket: «Far min, far min, Israels vogner og ryttarar!» (2. Kong. 2:12). Elias vart teken opp i himmelen med ei vogn av eld, og det var det dei spotta han med, at Elias med sine hestar og si vogn kom.

 

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 1 mars 2023.   

bottom of page