top of page

Bibelleksikon

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Gehenna (Tilhaldsstad)

Dette ordet er ei omskriving av greske geena, som igjen er ei omskriving av hebraiske gay som tyder ei trang passasje, og berre i overført tyding ein dal. På norsk kalla Hinnoms dal.

 

Gehenna var ein avfallsplass utanfor Jerusalem, der ein brann opp byens avfall med eld. Gehenna er slik eit førebilete på eldsjøen i Op. 20:10: «sjøen med eld og svovel». For når den nye himmel og den nye jord blir openberra etter dei tusen åra, og det nye Jerusalem skal stå fram pynta i herlegdom for sin brudgom, då skal alt det som Gud ikkje lenger kan gjere seg nytte av verta kasta i eldsjøen. I Luthers tyske bibel vert Gehenna omsett med der Hölle, som eigentleg svarer til greske Hades og hebraiske Sheol, som best er omsett med dødsriket. Dette er altså uheldig for vår totale forståing av desse ting. I Op. 20:14-15 står det nemlig: «Og døden og dødsriket vart kasta i eldsjøen. Dette er den andre døden: eldsjøen. Og dersom nokon ikkje fanst skriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen». Luther har «der Tod und die Hölle wurden geworfen in den feurigen Pfuhl».

 

Luthers Bibel er online på www.bibel-online.net.

 

 

Gudsteneste

1. Greske leitourgeo, som vi kanskje best kjenner som liturgi, er eit av mange ord som vert omsett med det å tene. Leitourgeo kjem av leitourgos, og er satt saman av laos, som tyder folk; og ergon, som tyder å slite, å streve, underforstått å arbeide, å tene, i tydinga ein som arbeider for folket eller for dei andre i samfunnet.

 

I Apg. 13:1-4 står det om nokre profetar og lærarar som heldt gudsteneste (gr. leitourgeo) og fasta. I v. 2, i fylje grunnteksta, står det eigentleg:

 

leitourgounton (strevde for) de (no) auton (dei) to kurio (Herren) kai (og) nesteuonton (avsto frå å ete) eipen (sa) to pneuma to hagion (Den Heilage Ande) aphorisate (løys i frå) de (no) moi (til meg) ton te (både) barnaban (Barnabas) kai (og) ton saulon (Saulus) eis (til) to (det) ergon (strevet) ho (som) proskeklemai (eg har kalla til) autos (dei).

 

Det står altså: «Dei strevde no for Herren og avsto frå å ete mat. Den Heilage Ande sa: Løys både Barnabas og Saulus i frå (strevet), til meg, til det strevet som eg har kalla dei til». Slik byrja aposteltenesta for desse to. Dei som meinar at ekklesia er eit tempel, tenker at desse var prestar som utførte heilage ritualer framfor ei forsamling. Men det er ingenting som tyder på at det var andre tilstade andre enn dei som er nemnt med namn, i alt fem personar. Desse søkte altså Gud på vegne av dei andre truande, for å få del i noko som kunne verta dei mange til del og til hjelp i rette tid. I Matt. 9:35-38 står det:

 

Og Jesus drog ikring i alle byane og landsbyane. Han lærde i synagogene deira og forkynte evangeliet om riket, og han lækte all sjukdom og alle plager. Då han såg folket, tykte han inderleg synd i dei, for dei var herja og forkomne som sauer utan hyrding. Då sa han til læresveinane sine: Grøda er stor, men arbeidarane få. Bed difor han som eig grøda, at han driv arbeidarar ut til å hausta inn grøda si!

 

Her ser vi at Jesus talar i overført tyding, altså at vi må overføre vår forståing av desse orda som vert brukt inn i ein annan samanheng. Det er altså mykje som skal gjerast og det er få som vil arbeide, altså få som vil streve, få som vil ofre seg for fellesskapets beste. Alle har ei unnskyldning for å ikkje ta del i det vanskelege arbeidet og mange vert hindra av dei som står Gud imot. For det var ei skam for folket å delta i arbeidet med å hausta inn grøda på marka og skulle ein bli til noko i verda måtte ein ikkje ha med slikt å gjere. Men brødet dei fekk på bordet, og som alle åt av, det vart velsigna av alle. På same måte er det i mange kristne samanhengar. Det er menneske som foraktar Guds ord og som ikkje tek imot det, og som ikkje vil erkjenne det slik ord for ord. Men dei samme menneska gleder seg over forkynninga, når dei same orda vert satt saman til ei tale. Dette tek dei gjerne til seg og forstår ikkje at dei då allereie har forkasta dei same orda, og påført stor liding og smerte over dei som har streva med å samla dei saman.

 

2. Eit anna ord for å tene er greske latreia, av latreuo, som igjen kjem av latris, ein enkel leigearbeidar, i tydinga ein som gjer eit enkelt, kjedeleg og ubehageleg arbeid, ein som er innleigd for å gjere ein jobb som ingen andre vil gjere.

 

I Rom. 12:1 vert alle dei truande brørne formana av Paulus til å stille seg disponible for Gud, altså melde seg arbeidsledige, søke etter arbeid; vere villige til å ofre, til å skynde seg, til å arbeide hardt. Det står at dette er deira logiken latreian, i tydinga at det er dette som er forventa at dei skal gjere, altså det Guds ord vil at dei skal gjera.

 

3. Nok eit anna ord for tenar er greske doulos, av deo, å binde, altså ein som er bunden, ein som må fylje etter ein annan ved bruk av tvang, i tydinga slave.

 

Paulus var ein av dei som vart ein slave for Gud. Paulus syntes Gud var ein god Herre, og alt han ville var å arbeide for sin Herre og Gud. I Op. 1:1 kalla også Johannes seg for Guds slave, som også der vert omsett med tenar. I 2. Tim. 2:24 står det:

 

Ein Herrens tenar må ikkje liggja i strid, men vera venleg mot alle, i stand til å læra andre, villig til å tola vondt. Med spaklynde skal han visa dei til rette som seier imot, om då Gud kunne gje dei omvending, så dei kunne kjenna sanninga, og vakna opp frå rusen i djevelens snare, han som dei er fanga av, så dei må gjera hans vilje.

 

I grunnteksta står det eigentleg at den som er Herrens bundne ikkje sjølv må vera bunden (gr. dei av deo) av krigslyst (av greske machomai), altså ein som svarar med same mynt, ein som forsvarar seg, er defensiv. Han må vere audmjuk, omgjengeleg og bokstaveleg talt lett å prate med. For slik å kunne hjelpe dei som er fanga under viljen til fienden, han som søker å fange andre og som kastar rundt seg med klager over dei Gud har skapt, og som Gud prøvar å frelse. Altså ein som føler plikt til å krige mot Gud.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 8 oktober 2017.

 

 

 

Guds hus (tempel, kyrkje)

Omsetting av greske oiko theou, som bokstavleg talt tyder der den Andande finner ly, der Gud bur. Det tilsvarande hebraiske ordet for greske oiko er bayith, som i bayith Yhovah og bayith elohiym, omsett til Guds hus og Herrens hus.

 

I Esr. 3:10 vert det også brukt eit anna uttrykk, heykal Yhovah, som er omsett med Guds tempel. Det hebraiske heykal tydar noko som kan romme, altså Gud. Det siktar til storleiken på huset, underforstått til husets innside. Både i Vulgata og i Luthers Bibel (http://www.bibel-online.net/) er uttrykket omsett med latinske tempel. Kyrkjene er bygd etter dette prinsipp. I Sal. 5:8 står det heykal kodesh, som tyder noko som kunne romme din heilagdom. Det vert ofte omsett med «ditt heilage tempel». Men då går vi også glipp av ein stor lærdom. For det er ikkje bygninga i seg sjølv som er heilag, men den levande Gud som bur der. For Guds skuld skal alt i dette huset vere heilagt, avsatt til Gud. I Guds hus er det nemlig Gud som er overhovudet, og den som bestemmer. Dei som er søner og døtre av dette hus må gjere det som deira Far vil. Og dei som tenar i dette huset må lyde sin Herres vilje.

 

I gamaltestamentleg tid openberra Gud seg for folket i Israel ved sin herlegdom og Guds herlegdom kvilte i tempelet. Ordet tempel vert også brukt for å omsette greske hieron, det heilage, igjen altså fordi Gud bur der. Vi skal merke oss at ordet tempel ikkje kjem frå hebraisk, slik ein skulle tru. Og det tyder ikkje bokstaveleg talt Guds hus. Ordet tempel er derimot eit latinsk ord som tyder det som er «kutta bort», i tydinga eit stykke jord eller ein del av eit rom som er heilaga til noko bestemt. Noko som ikkje skal brukast til det som er vanleg og som ikkje er opent for allmenn ferdsel. Det siktar altså ikkje berre til sjølve tempelbygninga, men til den indre delen av bygninga der berre øvstepresten og prestane kan opphalde seg, i det heilage eller bak alteret. Det siste ordet, alter, kjem også frå latin, i tydinga eit område som er endra, eit som er annleis enn dei andre, eit heilagt rom. I gamaltestamentleg tid hadde det skapt avstand mellom presteskapet og folket. For prestane var medlemmar av eit hierarki, av greske ta hiera, dei heilage ritene; og arkhein, å styre, å herske, altså ein som styrer over dei heilage rituala, altså noko som vert styrt av ein øvsteprest og eit presteskap. Men her er det viktig å legge merke til det som står i Hebr. 3:1:

 

Difor, heilage brør, de som har fått del i eit himmelsk kall: Sjå på Jesus, den apostelen og øvstepresten som vi kjennast ved. Han var tru mot han som sette han til det, liksom Moses òg var tru i heile Guds hus.

 

Vi har altså ingen annan øvsteprest enn vår Herre Jesus Kristus. I 1. Pet. 2:9 står det at dei truande høyrer med i eit presteskap. Men her er det lett å misforstå, for det er ikkje snakk om det å vere presbyter (eldste, prest), men å vere hierateuma, av hieros, heilagt; og teuma, dei som lever og er, altså dei som lever og er heilage. Dei som er eit heilagt folk (gr. ethnos), som ikkje er av denne verda. Dei er Guds husfolk og Guds born. Dette er alle dei truande og ikkje berre nokre få, slik som vi ser uttrykket vert brukt i verdsleg forstand, i dei store kyrkjesamfunna og som også dei små skikkar seg lik. Ein slik tankegang er ikkje rett etter apostlanes lære.

 

I Luk. 2:49 står det om den gongen Josef og Maria ikkje kunne finne sonen sin, Jesus, i folkemengda. Til slutt fann dei han i tempelet. Han sa då til dei: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt Far min?». For det hadde ennå ikkje gått opp for dei kva som låg i profetordet dei hadde fått: «Sjå, du skal verta med barn og føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus. Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste» (Luk. 1:31-32). For det er slik at ein lekam trenger å vere i eit fysisk hus, mens ei sjel eller ei ånd ikkje treng å vere i eit hus bygd av menneskehender, men i ein lekam, altså noko som er konstruert av Gud sjølv, noko som liknar på Guds hus. I Joh. 2:19-22 står det at Jesus samanlikna tempelet i Jerusalem med sin eigen lekam. Han brukte altså uttrykket i overført tyding. Difor står det også i 1. Tim. 3:15-16 at Guds hus (oiko theou) er «den levande Guds kyrkjelyd». Kyrkjelyd er ei omsetting av greske ekklesia, i tydinga den enkelte truande, Herrens læresveinar, ei samling av frie og like menn. Kyrkjelyd er difor ei uheldig omsetting, fordi det på ein skjult måte prøver å skilje mellom presteskapet og forsamlinga, og slik forvanskar Guds ord. For Gud er i dag tilstades her på jorda ved Den Heilage Ande, og Anden bur ikkje i hus bygd av menneskehender. I det heile tatt står det i Apg. 17:24 at: «Gud, han som skapte verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender». Når det står den levande Gud, i 1. Tim. 3:15, så er det i motsetning til avgudane som ikkje tålte å stå ute i all slags vær og vind, og til slike gudstenester der alt vert forkynt ved symbolske gjenstandar. Det er her uttrykket, «der korkje møll og rust tærer», gjer seg gjeldande. Tenk på alt gull og sølv som er brukt for å pryde kyrkjene og forgylle alle slags heilage reidskapar, ja, endå til bileter av gudar og heltar. Ja, slik er det også i heimane våre. Tenk om vi heller kunne vere nøgde med mat og klede, og heller gi overskotet til dei fattige, ja, dei som manglar mat og klede!!!

 

Vidare ser vi at det står i Ef. 2:21 at alle dei som er lagt til i ekklesia vert bygd opp til eis naon hagion en kurio, «eit heilagt tempel i Herren». Tempel eller naon, av naos, tyder ein stad der nokon eller noko tek si tilflukt. I v. 22 står det på gresk at vi vert sunoikodomeo eis katoiketerion tou theou en pneumati, altså: «bygde opp til ein Guds bustad i Anden». Det er altså snakk om ei bygning bygd opp av levande steinar, og ikkje av døde steinar, som i eit kyrkjebygg eller eit bedehus. For i Ef. 2:18-22 står det at alle truande er døypt til å vere ein lekam med Kristus, med fyljande konsekvens:

 

For ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i éin Ande. Så er de då ikkje lenger framande og utlendingar, men de er medborgarar med dei heilage og Guds husfolk, bygde opp på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. I han vert heile bygnaden halden saman og veks til eit heilagt tempel i Herren. I han vert de òg, saman med dei andre, bygde opp til ein Guds bustad i Anden.

 

I Matt. 16:18 står det: «Eg seier at du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje», altså ekklesia, dei utkalla, dei truande, Herrens læresveinar. I 1. Kor. 12:28: «Og Gud sette i kyrkjelyden fyrst nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar» osv. For at det skulle vere mulig å bygge opp ein bustad for Anden, måtte Gud først lære nokon om korleis dette skulle fungere slik at dei kunne lære det til andre. Kunnskapen skulle altså gå frå læresvein til læresvein. I dette viste Jesus seg å vere ein sann profet, fordi Peter var den første Gud brukte til å bygge dette tempelet. På den dagen vart tre tusen sjeler lagde til, altså tre tusen nye byggesteinar på Guds hus, Guds tempel. Til kven vart så Den Heilage Ande gitt? I fylje Apg. 2: 17-18, til alt kjøt, både til menn og kvinner, til trælar og trælkvinner, så mange som påkallar Herrens namn (v. 21). Og kvar bur så denne Anden? I kvar den som trur, i fylje Ef. 2:18-22, og likeins i 1. Kor. 3:16-17:

 

Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? Dersom nokon øydelegg Guds tempel, då skal Gud øydeleggja han. For Guds tempel er heilagt, og det er de.

 

Og kor lenge skal det vere slik? I fylje Matt. 28:20: «Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!». Det står strengt talt til fullføringa av denne tidsalderen, altså heilt til han kjem tilbake og heilt til det skal skje nye ting og kome ei ny tid.

 

Når ekklesia - som så oftast vert omsett med kyrkjelyden - i visse høve vert omsett med kyrkje, så avslører det ei tolking som går ut på at kyrkja er prestane og tenarane i eit kyrkjebygg, i eit tempel, og at kyrkjelyden er dei som kjem for å sjå på gudstenesta som prestane utøver. Kyrkjelyden er heller ikkje heilage slik at dei kan gå innanfor alteret. Då måtte dei i så fall ha på seg presteklede. Dette har med overtru å gjere. I kyrkjene er kyrkjelyden hovudsakleg tilskodarar og tilhøyrarar. Denne tanken har avhopparane frå kyrkjene teke med seg inn i sine nye kyrkjesamfunn. Sjølve ordet kyrkje avslører den same tolkinga. For det kjem av greske kyriake, av kyrios, som tydar Herskar, Herre. Adjektivet kyriakon, tyder Herskarens, Herrens. Det vert forstått som anten oikia, som tyder hus; eller doma, som tyder rom eller kammer. Dei meinar altså at kyrkja er synonymt med eit tempel og at det er nyansar i ordet ekklesia, som skiljar mellom presteskapet og dei som skal sjå på, altså oververe gudstenesta. Her skal vi merke oss at det ikkje finns slike nyansar i grunnteksta.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 4 februar 2021.

Guds hus (tempel, kyrkje)
Gudsteneste
Gehenna (Tilhaldsstad)
bottom of page