top of page

Bibelleksikon​

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Tru, ikkje-tru og vantru

Ei omsetting av greske pistis, overtyding, frå peitho, å overtyde, å verte overtydd av nokon. Ein som har vorte overtydd etter å ha sett bevisa i ei sak; ein som har skifta meining etter å ha tenkt seg grundig om; ein som har trekt fornuftige slutningar; ein som har konkludert med å seie seg einig etter å ha vurdert ei logisk tankerekke. Det norske uttrykket tru kjem av det forindoeuropeiske deru/dreu, som tyder noko som står fast, noko som er sikkert, noko som held mål.

 

I Hebr. 11:1 er pistis forklart slik: «Men tru er full visse om det ein vonar, overtyding om ting ein ikkje ser». I grunnteksta står det:

 

estin (er) de (men) pistis (overtyding) elpizomenon (sjå fram til) hupostasis (bokstavleg: det vi kan støtte oss til, i overført tyding: eit skjøte, beviset på eigarskap) pragmaton (av kjensgjerningar) elegchos (påvising) ou (ikkje) blepomenon (som ein ser).

 

Som altså tyder: Men overtyding er ei støtte for, eit skjøte på, det ein ser fram til, ei påvising av kjensgjerningar ein ikkje kan sjå. Vi må ofte få tenke oss litt om før vi kan tru, før vi vert overtydd om at noko faktisk er slik som det vert presentert. I Hebr. 11:2 står det: «Ved tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, så det ein kan sjå, ikkje har vorte til av det synlege». Vi må gje rom for at den enkelte sjølv kan bli overtydd om at det faktisk er slik. Og vil dei ikkje tru, då må vi også gje rom for nokre faktisk velgjer å vere vantru. Gud tvinger ingen, men han vil at alle skal få høyra om sanninga. Som det også står i Rom. 10:14:

 

Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje er komne til tru på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at det er nokon som forkynner?

 

For det er alltid nokon som har kjærleik til sanninga, og for deira skuld skal vi gjere sanninga kjent. Om jødane i Berøa står det i Apg. 17:11-13:

 

Desse hadde eit edlare huglag enn dei i Tessalonika. Dei tok imot Ordet med stor godvilje, og granska kvar dag i Skriftene om det hadde seg slik det vart sagt. Mange av dei kom då til trua.

 

I 1. Kor. 2:4-5 står det eit ord som ofte vert misforstått:

 

....min tale og mi forkynning var ikkje med visdoms overtalande ord, men med prov av Ande og kraft, så trua dykkar ikkje skulle vera grunna på menneskeleg visdom, men på Guds kraft.

 

Her skal vi merke oss at ordet pistis vert omsett med overtalande i første del og med trua i siste del. Det er uheldig. Likeins skal vi merke oss at uttrykket menneskeleg i første del er utelatt, men ikkje i andre del. Tydinga av verset er at Paulus ikkje kom med ein menneskeleg bodskap, på menneskeleg vis, som ein læremeistar, rabbinar, farisear eller ein som tala i kraft av sin eigen autoritet. Han oppnådde ikkje noko resultat på grunn av ærefrykta for den han var. Nei, han overtydde dei i kraft av Den Heilage Ande! Vi kjem altså til tru ved Guds ord, som det står skrevet: «Så kjem då trua av forkynninga som ein høyrer, og forkynninga som ein høyrer, kjem ved Kristi ord» (Rom. 10:17).

 

Men kva då med dei som ikkje trur, dei som ikkje vert overtydde om sanninga i Guds ord. Det greske uttrykket apistos i Matt. 17:17, kjem også av pistis, som her er omsett med vantruande. Bokstaven a er ein negativ partikkel, som gir ordet tydinga ikkje truande, uovertydde. Vårt ord vantru tyder eigentleg ei svak eller ei sjuk tru, ei tru som ikkje fungerer slik den skal. Slik var det også med læresveinane i den første tida. For då jødane eingong kom til Jesus med ein som var besatt av ei vond ånd, hadde dei ikkje greidd å drive ut ånda. Jesus dreiv då ut ånda. Seinare ville læresveinane vite kvifor dei ikkje hadde greidd å drive ut ånda, og Jesus svara at det var på grunn av vantrua, apaistia. Han forklarte at det var fordi dei ikkje bad og fasta slik at Gud kunne gi dei makt over dei vonde åndene. I Hebr. 11:6 står det nemlig: «Men utan tru er det umogleg å vera Gud til hugnad. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han».

 

 

Tungetale og tyding

I 1. Kor. 12:10 står det om «ulike slag tunger», av greske genos, beslekta; og glossa, tunger, i tydinga ulike typer språk. Tyding er ei omsetting av greske hermeneia, som tyder omsetting.

 

Det var Gud som først forvirra tungemåla til folkeslaga på jorda (1. Mos. 11:1-9). Gåva til å tale i ulike slags tungemål er difor eit teikn til minne om korleis Gud handlar med alle folkeslag. Gud, Han som forvirra alle tungene, forstår alle språk og kan tyda dei. Dette minnar oss også om at alle menneske eingong hadde same kultur og same språk. For det står skrevet: «Heile jorda hadde eitt tungemål og dei same orda» (1. Mos. 11:1), og likeins at dei budde i dei same områda og at dei spreidde seg derifrå.

 

I det nye testamentet står det at Jesus lærte at tungetala var eit teikn som skulle fylje dei truande (Mark. 16:17). Legg merke til det som står i v. 15: «Og han sa til dei: Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for all skapningen!», og likeins i v. 20: «Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Og Herren var med dei og stadfeste Ordet med dei teikna som fylgde med». Slik er tungetalen eit teikn på at Gud er med oss, fordi det er ei åndeleg nådegåve og noko som Gud verkar i oss, fordi det er berre Gud som kan forvirre tungemåla. I 1. Kor. 13:1 står det om «mennesketunger og engletunger». For eit språk har dei jordiske og eit anna dei himmelske. Dei vonde åndene kan etterlikne denne gåva om dei får besette eit menneske, men her må vi vere forsiktige så vi ikkje spottar Den Heilage Ande ved å døme kvarandre feil.

 

I 1. Kor. 14:21-22 står det også at tungetalen er eit teikn for dei vantruande:

 

I lova står det skrive: Ved folk med andre tunger og ved framande folks lepper vil eg tala til dette folket, men ikkje då eingong skal dei høyra på meg, seier Herren. Så er då tungene til eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande.

 

Paulus siterte her frå Jes. 28:11-12. Her tenkt på dei under moselova og som ikkje trudde på Jesus og apostlane og læresveinane. Tungetala var eit særleg teikn for dei. Vi skal merke oss at det står med «stotrande lepper». I visse samanhengar trur ein at tungetale av den grunn er ei stammande tale, som i: «Ka, ka, ka, ta, ta, ta». Dette er ei vranglære. Framande tungemål kan verta oppfatta som ei tale som er stotrande, men ingen språk er bygd opp av stamming. Poenget er at Gud skal tale (gr. laleo) og utlegge, legge fram (gr. lego) ord for jødane på framande tungemål. Legg også merke til at det i grunnteksta ikkje står at framande folkeslag skal kome for å tale til dette folket, men at Gud skal tale til dei på framande folks tungemål. Dette er altså grunnen til at det står at tungetala er eit teikn for dei vantru. Men det er også eit teikn for dei vantru i alle nasjonar, fordi det er eit vitnemål om at Gud verkeleg har forvirra tungemåla til alle folkeslag.

 

På pinsefestens dag var det samla jødar som til vanleg budde i utlandet og som kvar for seg forsto eit eller fleire av dei mange hundrevis av språka i romerriket. Dei forsto kva som vart sagt då læresveinane plutseleg vart fylde av Den Heilage Ande og tala i andre tunger, for dei sa til kvarandre: «vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål» (Apg. 2:7-11). For slik er det at når nokon talar i tunger eller når nokon talar på eit framand språk, så er det umulig å forstå noko som helst dersom vi ikkje sjølv kan tale med slike tunger eller vi kan snakke språket. Men vi må ikkje vere i tvil om at det dei talar om gir meining, det gir berre ikkje meining for den som ikkje forstår det. Difor høyrer tungetale saman med tyding. Om nokon talar i tunger utan at det vært tyda, ja, då har det ingen hensikt utover at den som talar vart oppbygd av det. I 1. Kor. 12-14 prøver Paulus å overtyde oss om at nådegåvene vert brukt slik at det gagnar oss alle. Difor bør dei som talar i tunger, tale i tunger heime, dersom det ikkje er nokon tilstades som kan tyde.

 

I 1. Kor. 14:2 står det også noko interessant, for «den som talar med tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen kan skjøna han, men han talar løyndomar i Anden». Det første vi kan merke oss er det som står om løyndomar i Anden som ingen kan skjøna, seier oss at det er Guds Ande som talar. Gud forstår, men tydinga er skjult for den som talar. Løyndomar er ei omsetting av greske musterion, av muo, å lukke munnen, det som vert fortidd og som berre nokon få får vite om. Det andre vi kan merke oss er det som står om at den som talar med tunger, talar for Gud eller til Gud som det eigentleg står. Dette er grunnen til at tungetala vert kalla for eit «bønespråk». Paulus nyttar også uttrykk som bøn, lovsong, takkebøn, osv (1. Kor. 14:14-17). Mange kan også vitne om at dei spontant har hatt behov for å lovprise og takke Gud for dei stordomane han har gjort mot dei og for at han i sin nåde er så nær ved oss, som ved sin eigen Ande. I det dei har prøvd å formulere seg har Gud forvirra tungene deira, slik at dei priser Gud på eit heilt anna og ukjent språk enn dei før var vande med å tale. Når vi kjem saman er det god grunn til at tala vert tyda, og då bør det vere samsvar mellom tungetala og tydinga. Tydinga må også vere vendt til Gud. Det er slik sett ikkje rimeleg når ei tungetale vert tyda på fyljande vis: «Så seier Herren» eller at den er vendt til menneske. Ei slik tale eller ei slik nådegåve er profetisk tale. Måtte Herren gjere dei meir frimodige som har profetisk gåve. For det står skrevet (1. Kor. 14:5):

 

Likevel ynskjer eg at de alle tala med tunger, men heller at de tala profetisk. For den som talar profetisk, er større enn den som talar med tunger, – om han då ikkje kan tyda det, så kyrkjelyden kan få oppbygging av det.

 

Og likeins i v. 39-40: «Difor, mine brør, søk med iver etter å tala profetisk, og hindra ikkje nokon i å tala med tunger. Men lat alt gå føre seg sømeleg og med orden!».

 

I Luthers bok om gudstenesteordninga (sjå Morgenandagt www.lutherdansk.dk) går det fram at han heldt tungetale for å vere opplesning av skriftene og messing, som ofte gjekk føre seg på latin. Han forsto profetiens gåve som utlegginga, fortolkinga av skriftene, i tydinga at folket ikkje ville forstå Bibelens ord utan ei forklaring. Han har heilt klart eit poeng, men han tek feil i forståinga av desse nådegåvene. Likevel er det utan tvil den lutherske eller den reformatoriske eller katolske forståinga som har lagt grunnen til at det også i friare samanhengar er slik at det først kjem ei tungetale og så ei tyding som vi heilt klart må oppfatte som profetord. Men her må vi altså lære oss å skilje mellom desse ulike gåvene.

 

Elles står det: «Talar vel alle med tunger? Kan vel alle tyda dei?» (1. Kor. 12:30). Spørsmålet er retorisk. I 1. Kor. 14:5 skriver han: «Likevel ynskjer eg at alle tala med tunger». Det står også:

 

Talar nokon med tunger, så lat det vera to eller høgst tre, éin om gongen, og lat éin tyda det. Men dersom det ikkje er nokon som kan tyda, då skal han teia i kyrkjelyden, men tala for seg sjølv og for Gud.

 

Og til slutt seier han: «hindra ikkje nokon i å tala med tunger».  

 

Martin Luther, Om gudstjenestens ordning i menigheden, 1523.

http://www.lutherdansk.dk/Trellix/id130.htm

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 23 desember 2017.

Tru, ikkje-tru og vantru
Tungetale og tyding
Tenar (Diakon)

Tenar (Diakon)

Diakonos er eit av mange greske ord som vert omsett med tenar. Det greske ordet for teneste er diakonia. Uttrykket er satt saman av dia, omkring; og ko, å byrje å røre på seg. Det vart brukt om dei som tente ved borda i oppdrag frå herren sin. I Vulgata, den latinske bibelomsettinga, er ordet diakonos omsett til ministrationum, som engelske ministries baserer seg på.

 

I Apg. 6:1-3 vert ordet brukt i direkte tyding. I dei dagane hadde læresveinane alt felles, slik som det var frå den tida dei byrja å fylje Jesus, som læresveinar. I Apg. 2:42 står det om dei som sidan kom til tru, at dei heldt urikkande fast «ved samfunnet, ved brødsbrytinga». Ordet samfunn er ei omsetting av greske koinonia, av koinonos, å dele, i tydinga at dei heldt fram med å dele alt med kvarandre. Brødsbrytinga er ei omsetting av greske te klasei tou artou, å bryte det eine brødet saman.

 

Jesus braut ofte brødet saman med læresveinane, og ved nokre høve også ute blant folket. Eg tenker på den gongen både Jesus, læresveinane og alt folket var utan mat. Det einaste dei hadde var to brød og fem fiskar. Då gjorde Herren eit under, fordi det var ved hans ord at både markens grøde og fiskane i havet hadde vorte skapt. Men Herrens måltid, nattverden, står i ei særklasse, sjølv om Jesus også i denne samanheng braut brødet saman med læresveinane.

​

I fylje Apg. 6:1-3 hadde det dukka opp eit problem i fellesskapet til læresveinane. Det vart oppdaga at enkene til dei gresktalande jødiske læresveinane vart oversett av diakonane, altså dei som tente ved borda og som hadde ansvaret for utdelinga av det daglege brødet. Det vart difor bestemt at sju brødre, fulle av Ande og visdom, skulle få oppgåva med å tene ved borda, altså utføre diakoniet.

 

Men så står det i Apg. 6:4: «Men vi vil halda ved i bøna og tenesta med Ordet». Ordet tenesta her er nettopp det greske diakonia, og dermed ser vi at ordet vert brukt i overført tyding, altså om apostlanes teneste, dei som var utsendt for å tene, ikkje med det daglege brødet, men med Ordet. Uttrykket er også brukt i overført tyding om det åndelege felleskapet til dei truande, der vi er kvarandres tenarar. For det står at når vi kjem saman skal vi tene kvarandre med den nådegåva som kvar einskilt av oss har fått frå Gud. I 1. Kor. 12:5 står det:

 

Det er skildnad på nådegåver, men Anden er den same. Det er skilnad på tenester, men Herren er den same. Det er skildnad på kraftige verknader, men Gud er den same, han som verkar alt i alle.

 

Ikkje alle er profetar, men alle kan tale profetisk (1. Kor. 14:24, 31). Ikkje alle er apostlar, og likeins er ikkje alle lærarar. Vi har alle ulike oppgåver, alt etter den tru vi har fått.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 16 februar 2021.

 

 

​

​

Tusenårsriket

Omsetting og forkorting av greske ebasileusan meta christou chilia ete (Op. 20:4), og likeins baseileusousin met autou chilia ete (Op. 20:6). I grunnteksta står det ikkje direkte rike, som i greske basileia, men råde, styre, som i greske basileuo. Greske baseileusousin tyder dei skal verta styrande, dei skal verta rådande. Sagt med andre ord, dei skal styre saman med Gud og Kristus i den tida. Greske chilia tyder tusen, som var den høgaste talverdien i det oldgreske språk. For å uttrykke høgare tal, skreiv ein tusener på tusener. Greske ete, tyder år (fleirtal), av etos, eit år. Talet 1000 (tusen) er 10x10x10. Talet 10 er fullkome, for når ein har telt til 10, så har ein vore gjennom heile talrekkja og ingen tal er utelatt.

 

Op. 20 er tydleg på å formidle at det skal kome ei tid av tusen år etter at Jesus har kome tilbake og når alle som reknar seg med til Kristus er samla med han. Vi skal merke oss at Op. 19 og 20 er knytt saman med eit og (gr. kai), i tydinga at dei tusen åra skal byrja etter at dyret og den falske profeten har vorte kasta levande i eldsjøen. Satan, han som står bak forføringa, skal då verta kasta i fengsel i tusen år (Op. 20:1-3, 7-10). Dette skjer fordi han har ei siste oppgåve i mot slutten av desse åra. For i tusen år skal Kristus, saman med dei heilage - som har vorte levande igjen og som er rykt opp i skyene til han og som derifrå skal råda saman med han - ha total kontroll over det som foregår på jorda, altså heilt motsatt av slik situasjonen er i dag. Dei som lever på jorda i dei dagane skal få oppleve ei tid utan at Satan, fienden, heile tida øydelegger. Men straks etter at Satan vert sleppt laus, skal han nok ein gong samle verda til krig mot dei heilage. Han skal forføre Gog i Magogs land med fiendskapens ande (Op. 20:8-9):

 

Og han skal gå ut og forføra folkeslaga ved dei fire hjørna av jorda, Gog og Magog, for å samla dei til strid. Og talet på dei er som havsens sand. Og dei drog fram over den vide jord og kringsette leiren til dei heilage og byen som var halden så kjær. Men eld fall ned frå himmelen og fortærde dei.

 

Men det er ikkje slik som somme lærer om tusenårsriket, at Kristus skal sette seg på Davids trone i det Jerusalem som no er. For det står skrevet at David sette seg på Herrens trone (1. Krøn. 28:5 og 29:23). Folket fekk David til konge, men under den føresetnaden at denne kongen skulle gjere som Gud ville i eit og alt. Slik vart altså David og Davids trone berre eit førebilete, ein skugge av Herren vår Gud og hans trone. Om Kristus står det at han skal sette seg på sin far Davids trone. For dette er skrevet for å minne om den lovnaden Gud gav til David om hans son Salomo (2. Sam .7:16): «Ditt hus og ditt kongedøme skal til evig tid stå fast for ditt åsyn, og trona di skal vera grunnfest til evig tid». Slik tala han altså førebiletleg om han som skulle koma, om Kristus Guds Son. Det var også dette Stefanus bar fram vitnemål om då han vart steina til døde (Apg. 7:55-56):

 

Men han var fylt av Den Heilage Ande og vende augo mot himmelen. Han såg Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand. Og han sa: Sjå, eg ser himmelen opna, og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand!

 

Dei jødiske leiarane forsto seg ikkje på dette, fordi dei berre hadde syn for det som gjekk føre seg på jorda. Og slik likna dei på fedra sine, som forkasta den usynlege Gud.

 

Men før David sto fram gav Gud dei først Saul til konge. Han fall i frå, og Gud salva ein ny konge, David. Han kom til dei frå marka der han hadde gjeta sin fars sauar, og med ein liten slyngestein fekk han Israels mektigaste fiende, filistaren Goliat, til å gå i bakken, og med sverdet gjorde han ende på han. Ei tid etter dette virka han både på slottet og blant folket, og alle såg at Gud var med han. Likevel vart han forkasta av Israels leiarar, og dei tok til å forfylje han like inntil døden. Dette var ei vond og vanskeleg tid for David, men Gud bevarte han. Men Saul og hans hus gjekk fortapt. Slik gjekk det også til med Jesus frå Nasaret, han som også var av Judaætta, og som Gud hadde salva, ikkje med førebiletleg olje, men med Den Heilage Ande. Han sto fram, kledd i ein tenars drakt, i full gang med å sjå til sin Fars hjord. Og heile folket såg dei gode gjerningane han gjorde, og at Gud var med han. Men Israels leiarar var misunnelege, fordi dei såg at makta skulle gå i frå dei, over til andre, og dei forfylgde han like inntil døden. Men Døden kunne ikkje halde på han, og Gud reiste han opp igjen frå dei døde. Deretter vart han rykka opp til himmelen. No ventar han berre på at Gud skal sende han til sitt folk, når tida er inne. For liksom David til slutt, i enden, vart konge over heile Israel og styrte saman med sin son Salomo, over det som var eit av dei mektigaste riket på jorda. Og liksom dei som var tru mot David fekk del i æra saman med han og hans son, slik skal også vi med han få del i æra saman med Gud og vår Herre Jesus Kristus.

 

Vi skal merke oss at læra om tusenårsriket er svært vanskeleg lære å utlegge, fordi mange her ikkje forstår kva det dreiar seg om. I Jes. 65:17-20 seier Gud om denne tida:

 

For sjå, eg skapar ein ny himmel og ei ny jord. Og det som var før, skal ingen minnast, ingen skal lenger koma det i hug. Ja, gled og fryd dykk til evig tid over det eg skapar! For sjå, eg skaper Jerusalem til jubel og folket hennar til fryd. Og eg vil jubla over Jerusalem og fryda meg over folket mitt. Gråt og skrik skal ikkje høyrast meir. Det skal ikkje lenger finnast noko spedbarn som berre lever i få dagar, eller ein gammal mann som ikkje fyller målet for dagane sine. Nei, ein ung mann skal han vera som døyr hundre år gammal, og hundre år gammal skal den syndaren verta som dei forbannar.

 

Har du nokon gong lagt merke til at det står både om synd og død også på den nye himmel og den nye jord? Vi kan merke oss at det her står nye himlar i fleirtal, kontra ein ny himmel i eintal, slik vi finner det i Op. 21:1. Altså såg ikkje Jesaja fullendinga, slik Johannes gjorde. I Jes. 65:22 står det også: «Nei, som dagane åt treet skal dagane åt folket mitt vera», i tydinga at både oldefar, bestefar, far, born og etterkomarane av dei igjen, skal få nyta godt av det forfaren deira hadde byrja. For dei skal nyta alt dette saman med sine forfedre, som også skal leve. For levealderen på den tida Gud her talar om, vert altså likna med levealderen til trea. For vi veit at dei kan leve i hundrevis og tusenvis av år. Altså er dette ein referanse til tusenårsriket. I v. 25 står det også:

 

Ulven og lammet skal beita saman, løva skal eta halm som oksen, og ormen får støv til mat. Ingen skal gjera noko vondt, og ingen skal øydeleggja noko på heile mitt heilage berg, seier Herren.

 

Her skal vi merke oss orda om ormen, fordi det er ein referanse til 1. Mos. 3:14, om at ormen skal vera under forbanning alle sitt livs dagar, også i ei slik tid der alle andre dyr skal vere under velsigning. I v. 17-19 står det også at Adam og hans etterkomarar skal streva og vera døyelege alle sine levedagar. Men legg merke til det som står i Jes. 65:23: «Dei skal ikkje streva til ingen nytte». Slik veit vi at Gud her siktar til ei tid i enden der menneska på jorda skal få oppleve velsigning, altså det å leve i ei verd der rettferd bur. Vi ser også at dei skal leve under tida, under tidsbegrensing, for si synds skuld. Samanlikn med Jes. 65:20, om syndaren. For at dette profetordet i det heile tatt kan gå i oppfylling må det iallfall vere avsatt tusen år i enden, og det er nettopp dette Johannes fekk vite av Herren. For Gud skapar altså noko nytt på ein dag, men så er også ein dag som tusen år for Herren, og tusen år som ein dag. Slik lærer Peter oss det i 2. Pet. 3:4-13. Her lærer han om Herrens atterkome, og åtvarar om at det skal stå fram spottarar som seier:

 

Kva har det vorte til med lovnaden om hans atterkome? For frå den tid då fedrane sovna inn, er og blir alt slik det har vore frå verda vart skapt. Men når dei seier dette, ser dei med vilje bort frå at det frå eldgammal tid var himlar og ei jord som vart til ved Guds ord, ut av vatn og gjennom vatn. Ved dette gjekk den dåverande verda under, då ho vart overfløymd av vatn. Men dei himlane og den jorda som no er, har det same Guds ord spart til elden. Dei vert haldne oppe til den dagen då dei ugudelege menneska skal dømast og gå fortapt. Men éin ting må de ikkje vera blinde for, mine kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. Herren dryger ikkje med lovnaden, slik somme held det for dryging. Men han har tolmod med dykk, for han vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal koma til omvending. Men Herrens dag skal koma som ein tjuv, og då skal himlane forgå med stort brak, og himmellekamane skal kome i brann og gå i oppløysing, og jorda og alt som er bygt på henne, skal brenna opp. Då no alt dette går i oppløysing, kor viktig er det då ikkje at de ferdast heilagt og i gudsfrykt, medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane verta oppløyste i eld og himmellekamane bråna i brann. Men etter hans lovnad ventar vi nye himlar og ei ny jord, der rettferd bur.

 

Har du nokon gong lagt merke til at det står i 1. Mos. 6-9 at Gud øydela alt levande i himmelen (bokstavleg himlane) og på jorda, med vatn? For i 1. Mos. 1:1-2 står det om då Gud skapte himmelen (bokstavleg himlane) og jorda, at jorda var aud og tom. Likeins med himmelen i v. 14-18. I 1. Mos. 2:1 står det difor: «Så vart himmelen og jorda fullførde med heile sin hær». Etter den store vassflaumen sa Gud til Noah at han aldri meir ville utrydda alt kjøt på den måten han gjorde. Det er heller ikkje slik å forstå at det ikkje skal leve nokon på jorda etter den første oppstoda, altså i inngangen til dei tusen åra. For det står klart og tydleg. I 1. Tess. 4:17 står det slik: «Deretter skal vi som lever, som har vorte att, saman med dei rykkjast opp i skyene, opp i lufta, for å møta Herren». Her er det tale om dei som ennå lever når Herren kjem att (1. Tess. 4:15). For når Herren kjem skal han rykkja oss opp i lufta, opp til himlanes hærar. I kap. 5:1-10 står det om Herrens dag som brått skal kome over verda. Om denne dagen profeterte Enok (Jud. 1:14-15):

 

Sjå, Herren kjem med sine titusentals heilage for å halda dom over alle, og straffa alle ugudelege for alle dei ugudelege gjerningane dei har gjort, og for alle dei harde orda dei har tala mot han, dei ugudelege syndarane.

 

Likeins står det i Jes. 13:9-15. Denne domen kjem med eld, og straffa for dei ugudelege er eldsjøen. Legg merke til at det står at dyret og den falske profet skal kastast direkte i eldsjøen, før dei tusen åra. I Dan. 12:1-3 står det om ei tid då Mikael skal stå fram. Det kan vi også lese om i Op. 12:7-9, der han skal stride mot Satan i himmelrommet. Det skal skje før dei tusen åra. Det var Herren sjølv som sa dette til Daniel, og resultatet av det heile var fyljande:

 

Men på den tida skal alle dei av folket ditt som finst skrivne i boka, verta frelste. Og dei mange som søv i molda, skal vakna opp, somme til evig liv, somme til skam og evig avsky. Då skal dei vituge skina som himmelkvelven skin, og dei som har ført mange til rettferd, skal skina som stjernene, evig og alltid.

 

Det skal altså skje ei utskifting i dei dagar, då dei falne englane i himmelrommet, dei som vert likna med stjernene, skal erstattast med dei som var tru mot Gud blant alle dei som har levd og som no lever på jorda. I Jes. 34:4 står det:

 

Heile himmelhæren skal smuldra bort. Himmelen vert rulla saman som ein bokrull, og heile hans hær skal visna og falla ned, som bladet fell av vintreet og visna lauv av fikentreet.

 

Sjå også 2. Pet. 3:7-13, Op. 20:11 og 21:1. Desse profetorda talar om korleis Gud skal skapa ein ny himmel og ei ny jord. Dette skaparverket skal byrja allereie i innleiinga til dei tusen åra, med domen over himmelens hærskare, og domen over jordas hærskare. Men her gjeld det å ha tru, om ein skal verta overtydd om det som høyrer Guds rike til. Eg meinar ikkje då verda, slik ho no er, men den verda som kjem, der Gud og Kristus skal ha all makt.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 7 desember 2017.

 

 

​

Tilgjeving (forlating)

Ei omsetting av greske aphiemi, av apo, av, i frå, bort, alltid i tydninga frå noko som er nært; og hiemi, av eimi, å gå, i tydinga å gå bort frå noko nærliggande, forlate noko. Engelske forgive (frå latinske perdonare) og likeins norske tilgi, tyder å gi avkall på lysta og makta til å straffe, å ignorere eit overtramp, sjå vekk i frå den urett som har ramma ein.

   

Det er læresveinen Peter som spør Jesus, læraren sin, om kva han meinte om å tilgje synd (Matt. 18:21-22):

 

Då gjekk Peter til han og sa: Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda imot meg, og eg tilgje han – opp til sju gonger? Jesus sa til han: Ikkje sju gonger, men sytti gonger sju!

 

I Matt 6:12 lærer Jesus slik: «Og forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn». Her er skuld ei omsetting av greske opheilema, som tyder det som er samla opp, det som er ført opp på eller mot oss, det vi er skuldige. Dette seier han også meir om i v. 14-15:

 

For om de tilgjev menneska uretten dei gjer, så skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk. Men om de ikkje tilgjev menneska brota deira, då skal heller ikkje Far dykkar tilgje dykkar brot.

 

I Matt 18:23-35 forklarar Jesus kva han meinar ved å bruke denne likninga:

 

Difor er himmelriket å likna med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine. Då han tok til med oppgjerda, vart ein som skulda ti tusen talentar, førd fram for han. Men då han ikkje hadde noko å betala med, baud herren hans at han skulle seljast, han og kona hans og borna og alt han åtte, så gjelda kunne betalast. Tenaren kasta seg då ned for han og sa: Ha tol med meg, så skal eg betala deg alt saman! Herren hadde då inderleg medynk med denne tenaren. Han sette han fri og ettergav han gjelda. Men då tenaren kom ut, møtte han ein av medtenarane sine, som skulda han hundre denarar. Han greip fatt i han, tok strupetak på han og sa: Betal det du skuldar! Medtenaren fall ned for han, bad han og sa: Ha tol med meg, så skal eg betala deg! Men han ville ikkje. Han gjekk tvert imot av stad og fekk kasta han i fengsel, der han skulle sitja til han hadde betalt det han skulda. Men då medtenarane hans såg det som hende, vart dei svært sorgfulle, og dei gjekk og fortalde herren sin alt som hadde hendt. Då kalla herren han for seg og sa til han: Du vonde tenar! Heile gjelda di ettergav eg deg, av di du bad meg om det. Skulle då ikkje du òg ha medkjensle for medtenaren din, slik eg synte deg medkjensle? Og herren hans vart harm, og gav han over til dei som piner, til dess han betalte alt han skulda. Såleis skal òg Far min i himmelen gjera med dykk, om ikkje kvar ein av hjarta tilgjev bror sin.

 

Ja, slik er det. Vi gjer ein stor urett når vi er utilgjevelege og harde i hjarta våre, og likeins stolte og trassige ovanfor kvarandre. Tenk om Gud var slik imot oss?!

 

I 1. Joh. 1:5-10 står det skrevet:

 

Og dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner dykk: Gud er ljos, og det er ikkje noko mørker i han. Dersom vi seier at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og gjer ikkje sanninga. Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss frå all synd. Dersom vi seier at vi ikkje har synd, då dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd. Dersom vi seier at vi ikkje har synda, då gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

 

I 1. Joh. 2:1-12:

 

Mine born! Dette skriv eg til dykk så de ikkje skal synda. Og om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. Og han er ei soning for syndene våre, og det ikkje berre for våre, men òg for alle i heile verda.

Av dette veit vi at vi har lært å kjenna han, om vi held boda hans. Den som seier: Eg kjenner han! – og ikkje held boda hans, han er ein lygnar, og sanninga er ikkje i han. Men den som held ordet hans, i han har sanneleg kjærleiken til Gud vorte fullkomen. Av dette veit vi at vi er i han. Den som seier seg å vera i han, han er òg skuldig å ferdast slik som han ferdast. Mine kjære! Det er ikkje eit nytt bod eg skriv til dykk, men eit gammalt, eit bod som de har hatt frå fyrst av. Det gamle bodet er det ordet som de har høyrt. Likevel er det eit nytt bod eg skriv til dykk, og det er sant i han og i dykk. For mørkret vik, og det sanne ljoset skin alt. Den som seier at han er i ljoset, og som hatar bror sin, han er enno i mørkret. Den som elskar bror sin, er i ljoset, og ingen støyter seg på han. Men den som hatar bror sin, han er i mørkret og ferdast i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda augo hans. Eg skriv til dykk, born, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld.

 

I Gal. 6:1-10 står det også slik:

 

Brør! Om no eit menneske skulle verta overlista av ei eller anna synd, hjelp han då til rette, de åndelege, i ei mild ånd. Men akta deg, så ikkje du òg vert freista. Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov. For om einkvan trur han er noko, men ingenting er, då narrar han seg sjølv. Kvar ein skal prøva si eiga gjerning! Han skal ha si ros berre for det han sjølv er, ikkje for det andre er! For kvar skal bera si eiga bør. Den som får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med den som lærer han. Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta! Det eit menneske sår, det skal han òg hausta. Den som sår i kjøt, skal hausta forderving av kjøtet. Men den som sår i Anden, skal hausta evig liv av Anden. Men lat oss gjera det gode og ikkje verta trøytte. For vi skal hausta i si tid, så sant vi ikkje går trøytt. Lat oss difor, medan vi har tid, gjera det gode mot alle, men mest mot dei som høyrer trua til.

 

Så lat oss be slik som i Matt 6:13: «Og før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen». Lat oss ikkje falle for freistinga å gjere det vonde. Men lat oss ha Gud til førebilete, Han som ikkje er vond, hard og utilgjeveleg, men audmjuk, kjærleg og full av nåde så Han tilgjev oss våre synder, og som også er trufast og rettferdig mot oss.

 

Denne sida vart laga i 2018; sist endra 13 juni 2018.

 

 

 

​

Tilgjeving (forlating
Tusenårsriket
bottom of page