top of page

Bibelleksikon​

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Visdom

Visdom

Visdom kjem av greske sofia, av greske saphÄ“s som tyder klart, det som er tydeleg, det som er lett å sjå berre nokon viser ein det, påpeikar det. Ordet visdom i det hebraiske språk er chokmah, av chakam.

 

I 1. Kor. 12:8 står det om logos sofias, visdomstala, som ei nådegåve. I ordspråka skriver Salomo om visdomen, for i fylje 2. Krøn. 1:7-12 gav Gud han nettopp denne gåva. Salomo kunne be Gud om det han ville ha, og han bad då om å få «visdom og kunnskap, så eg kan vera leiar og førar for dette folket! For kven kunne elles døma dette folket ditt som er så stort?». Her er nådegåva knytt saman med kunnskap, og det å vere hyrde og eldste for eit heilt folk. I Jak. 1:5 står det også: «Men om einkvan av dykk vantar visdom, då må han be til Gud - for Gud gjev til alle, villig og utan vondord - og så skal han få». Altså er det mulig å be Gud om å få ei slike gåver.

 

Nådegåva til å tale visdomsord er den inspirerte visdomstalen. I 1. Kor. 2:13 skriver Paulus: «ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. Vi tolkar åndelege ting med åndelege ord». I Kol. 2:2-3 står det om å: «nå fram til heile rikdomen av den fullvisse innsikta, til kunnskap om Guds løyndom, som er Kristus. I han ligg alle skattane av visdom og kunnskap løynde». Her ser vi altså at den kjelda som den vise, vismannen (gr. sofus), talar i frå, er inspirert av Kristus, av Ordet, av Guds ord. Det står også om Anden: «Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna det for dykk» (Joh. 16:14). Vi som er hans læresveinar, vi som søker han og som har han kjær, er alle hans filosofar. For Sokrates skilte mellom den vise, som hadde tittelen sofus, og filosofen, som søkte sofias slik ein einsam søker ein ven, fordi han mangler den.

 

I Matt. 23:34 står det at Gud skulle sende profetar (gr. profetas), vismenn (gr. sofus) og skriftlærde (gr. grammateis) til Israels vantru leiarar. Desse tre gruppene er ulike frå kvarandre, men dei er likevel alle fylt av den same Anden, og dei har berre ein Gud og ein Herre. I Apg. 4:13 står det om dei jødiske rådsherrane, dei eldste og dei skriftlærde: «Men då dei såg frimodet til Peter og Johannes og skjøna at dei var ulærde lekmenn, undra dei seg». Kvifor? For desse hadde ikkje gått i lære i den visdomsskulen dei sjølve var lærarar av. Likevel tala dei med ein slik visdom at ingen kunne seie imot dei. For det var dette som vart sagt til dei i Matt. 10:19-20:

 

Men når dei overgjev dykk, syt då ikkje for korleis de skal ordleggja dykk eller kva de skal seia. For det skal verta gjeve dykk i same stunda kva de skal seia. For det er ikkje de som talar, men Anden åt Far dykkar talar gjennom dykk.  

 

I Jak. 3:13-18 står det om to typar visdom. Ein er «jordisk, sanseleg og djevelsk» (v. 15). I grunnteksta står det epigeios, altså frå jorda, jordisk; psukikos, altså sjelisk, pustande; og daimoniodes, demonisk, som ein reknar med kjem av greske daiomai, dele, splitte, kanskje i tydinga noko som trekkjer og dreg i ein. Denne type visdom vert skildra noko ulikt av dei som opplever den. Sokrates’ visdomskjelde, var i fylje han sjølv, demonisk, i tydinga at den kom frå hans eigen daimonion, demon, altså frå hans indre, frå den åndelege verda. Det var den indre røysta han lytta til og rådførte seg med. Andre har sett føre seg englar, ein frå Gud og ein frå Satan, som seg imellom diskuterer om kva som er rett og galt.

 

Personleg erfaring

Ein søkande ungdom fortalte ein gong sine kristne leiarar; ein forstandar, ein eldste og ein ungdomspastor, at han såg for seg sjølv som om han var bunden av to trådar som drog i kvar si retning. Den eine drog veldig i han, mens den andre drog svakt i han og lot han bli ført bort. Den unge mannen vart ført bort av sterkare krefter og kjempar i dag ein tøff kamp med vonde åndsmakter.

 

For meg er dette ein sterk indikasjon på behovet for omvending innan dei kristne miljø. Vi treng å søke Gud om å få meir av Den Heilage Ande slik at vi kan utgjere eit reellt alternativ til Satans makt. Og det er nettopp dette Jakob siktar til, nemleg all slags visdom som kjem ifrå oss menneska sjølv og som opererer utan Guds Ande, og som dermed er tilbøyeleg for påverknad frå åndeverda. Men den andre visdomen derimot, «som kjem ovanfrå, er fyrst og fremst rein, dernest er han fredsæl, rimeleg, føyeleg, full av miskunn og gode frukter, han gjer ikkje skil, han hyklar ikkje» (v. 17). Det er den vi får del i ved Den Heilage Ande. Den menneskelege visdomen er derimot full av «bitter misunning og sjølvhevding» (v.14), og fører til ufred, strid og krig (Jak. 4:1).

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 16 februar 2021.

bottom of page