top of page

Bibelleksikon

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Lærar/læra

Lærar er ei omsetting av greske didaskalos, som er ei forlenging av greske dao, lære, av det forindoeuropeiske deik, å vise, å peike ut. Vårt uttrykk lærar kjem av det å fylje eller det å finne sporet. Læra er ei omsetting av greske didache, i tydinga det som vert lært, det ein kjem til tru på, den sanninga ein lærer å erkjenne, det ein får vite, det ein vert vist (visdom) eller det ein vert gjort kjent med (kunnskap). Å lære er det å godta at noko er slik som det er.

 

Slik sett kan difor ein lærar kan godt vere ein skriftlærd, ein som veit og kjenner til det som står skrevet, ein skulelærd, teolog, professor, doktor, osv. Men det er ikkje sjølve poenget. For Gud kan bruke den han vil til si gjerning. Her kan vi merke oss at han først og fremst utvalte seg dei som ikkje hadde noko å rose seg av (1. Kor. 1:17-30, 1. Kor. 2-4). Peter livnærte seg ved fiske og var elles ein ulærd lekmann (Apg. 4:13), i tydinga at han ikkje hadde gått noko teologisk skule. Gud utvalte han likevel og lærte han alle ting og satte han til å vere lærar for jødane, både for høgbyrda og lågbyrda (Gal. 2:8). Likeins kunne han bruke Paulus, som var ein av farisearane som forfylgde dei kristne. Han hadde verkeleg noko han kunne rose seg av, men all kunnskapen hadde gjort han oppblåst og stor i seg sjølv. Men han vendte om i frå si urette ferd, og vart audmjuk og fylt av nåde og sanning. I fylje Gal. 2:8 og 1. Tim. 2:7 står det at han av Gud vart satt til lærar for dei andre folkeslaga. På den måten skulle sanninga verta gjort kjent for heile verda.

 

Etter at Jesus hadde lært læresveinane sine alle ting og bede dei om å vente til dei fekk Den Heilage Ande, så sa han til dei (Matt. 28:19-20):

 

Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døypar dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk.

 

Dei som var lært av Kristus, vart altså utsendt for å lære opp nye læresveinar. Det var også desse første kristne som skreiv ned alt det som står i det nye testamentet. Den som vil bli lærar må difor tru på det som står der, elles risikerer han å verta ein vranglærar. Vi skal merke oss at det i Apg. 11:26 står at læresveinane fekk kallenamnet kristne, altså at dei var medsalva med Kristus og salva med den same Anden som han, Den Heilage Ande. Dersom vi i det heile tatt skal kalle oss kristne, så må vi ta imot Den Heilage Ande. Som igjen fører oss til 1. Kor. 12-14 og til nådegåvane. For apostlane, profetane og lærarane vart ikkje drivne fram av eiga kraft, men av Den Heilage Ande. Den som vil verta lærar må difor godta, akseptere, ta i mot og vere overtydd om dette sjølv.

 

I 1. Pet. 4:11 står det om nådegåvene i bruk, anten det er ved tale eller ved kraft. Lærergåva er ei talegåve. Det står: «Om nokon talar, han tale som Guds ord….så Gud må verta æra i alt ved Jesus Kristus». I Ef. 1:17 står det:

 

Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande til kunnskap om seg, og gje dykkar hjarto opplyste augo, så de kan skjøna kva for von han har kalla dykk til….

 

Det er kanskje ikkje så lett å sjå, men alle desse orda siktar til at det er noko vi ikkje veit og som vi må få vite om (visdom), noko vi må få oppklara og finne ut meir av (openberring). For det er ved Guds ord at vi lærer Gud å kjenne (kunnskap). Desse profetorda er det som kan gi lys i tankane våre (opplyste augo), slik at vi kan forstå (skjønne) kva det er vi har fått av Gud. Og utan Anden er det umulig å forstå noko av dette. For Anden «skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna det for dykk» (Joh. 16:14).

 

Den som vil vere lærer må også sjå til at det er samsvar mellom det han lærer andre og det han gjer sjølv (Rom. 2:21): «Du som altså lærer ein annan, lærer du deg sjølv?», og likeins (Rom. 12:7): «Den som er lærer, må ta vare på lærdomen». I Jak. 3:1-2 skal vi legge merke til det som står:

 

Mine brør! Ikkje mange av dykk må verta lærarar! For de veit at vi skal få så mykje strengare dom. Og vi snåvar alle i så mangt. Den som ikkje snåvar i tale, er ein fullkomen mann, i stand til å tøyma heile lekamen.

 

Det greske ordet for dom her er krima, av krino, som tyder å verte merka ut som annleis. Altså i tydinga at ein lærar vil bli veldig godt lagt merke til av dei andre. Tenk berre på Luther. Vi har side opp og side ned med hans lærdomar og det er godt dokumentert at han tok feil i så altfor mykje. Likevel held mange seg heller til hans lære, enn til vår Gud og Far og vår Herre Jesu Kristi og Den Heilage Ande si lære. Og likeins velsigna Luther vår Herre og Far med den same tunga som han forbanna paven, jødane og alle dei truande som ikkje var einige med han. Dette er ikkje rett. For det står skrevet i Rom. 12:14: «Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna, og forbann ikkje!». I Mark. 12:38-44 åtvara Jesus sine læresveinar om dei skriftlærde. Og i v. 40 finner vi ei liknande setning som den i Jak. 3:1: «Dei skal få dess hardare dom». I grunnteksta står det houtoi (desse) iepsontai (legg beslag på) perissoteron (meir enn) krima (denne utmerkinga). For Gud legger merke til korleis forhalda eigentleg er i eit samfunn. For sjå, den fattige enka gav meir enn alle dei andre. Det som ikkje var synleg for eit menneskeauge, det såg Gud, slik at enka ikkje skulle vera utan æra. I denne utmerkinga, i denne dommen, i denne likninga, som vi leser om i Mark. 12:41-44, i den utmerka også dei skriftlærde seg. Fordi den slo tilbake på dei som hadde snylta på dei fattige enkene. Den fattige enka var altså ikkje berre pliktoppfyllande mot tempelet, men mot leiarane i samfunnet. Difor overgjekk hennar ære den som menneska såg.

 

Difor er det ikkje ei lett opgåve å vere lærar. Vi skal merke oss orda i Hebr. 5:11-14 og 6:1-12. I v. 11-14 står det:

 

Om dette har vi mykje å seia som er vanskeleg å leggja ut, fordi de har vorte sløve til å høyra. For endå de etter tida burde ha vore lærarar, treng de einkvan som atter lærer dykk dei fyrste grunnleggjande ting i Guds ord. De har vorte slike som treng mjølk, ikkje fast føde. For den som enno får mjølk, kjenner ikkje rettferds ord, han er då eit barn. Men fast føde er for dei vaksne, for dei som ved å bruka sansane sine, har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.

 

Deretter ramser forfattaren igjen opp barnelærdomen om Kristus, om omvending frå døde gjerningar og tru på Gud. Han siktar her til det å vende tilbake til den gamle måten å tene Gud på, det trygge og vante. For jødane var det å halde Moselova. For grekarane var det å halde seg til overleveringane frå fedrane om å tene og ofre til avgudane. Alt dette hadde Gud i sitt tolmod halde ut med. Men no skulle dei vende om. I Ef. 4:11-23 står det for at dei skulle nå fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og venda seg bort frå alt det tomme i verda. Men i 2. Tim. 4:3-4 skreiv Paulus at:

 

det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den sunne læra, men etter sine eigne lyster skal dei ta seg lærarar i mengdevis, etter som det klør dei i øyra. Dei skal venda øyra bort frå sanninga og venda seg til eventyr.

 

Her gjeld det difor å halde ut, å kjempa den gode striden, for om mulig å vinne nokon for Gud.

 

Så til det som gjelder autoritet og maktforhold på jorda. I Luk. 6:40 står det nemlig: «Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, men kvar ein som er utlærd, vert som meisteren sin». Dette er ei uheldig omsetting. For ordet meistar, som kjem av latinske magisterialis, i tydinga han som er større, altså ein leiar som utøver autoritet over andre, står ikkje i grunnteksta. Det står didaskalos, altså lærar. I Apg. 2:42 står det: «Dei heldt urikkande fast ved læra åt apostlane». Altså dersom læra utgjekk frå Kristus, så kan ingen andre enn Kristus få ros for si lære. Difor står det i Matt. 23:10 at Kristus gav læresveinane sine forbod mot å la nokon kalle seg ved slike namn som rabbi, av hebraiske rav, den store, der i-en tyder min, i tydinga min store, altså min meistar. I grunnteksta er det greske ordet kathegetes, frå kata, ned; og hegeomai, å leie, ein som leiar andre ned, brukt som omsetting av rabbi (meister). Vi skal også merke oss at det her ikkje står lærar, som i greske didaskalos, men det hierarkiske uttrykket kathegetes. Likeins skulle dei heller ikkje kallast far, som i pater og pave, i tydinga at andre menn skulle lyde dei. For den sunne læra er at vi berre har ein over oss, ein som er større enn oss, og det er han aleine som er vårt hovud, Kristus. Og dersom han er hovudet då er vi lemane på hans lekam, og vi må alle gjere som hovudet vil, uansett kven vi er her i verda, om vi er høgbyrda eller lågbyrda. Vi må aldri finne på å gjere eit menneske på jorda større enn vår Gud og Far og vår Herre i himmelen. Vi må vende oss bort frå menneskelege bod, og bort frå slike menneske som søker etter å bli æra liksom Gud. I Matt. 28:18 sa Jesus til læresveinane sine: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda!». Dette skal vi ikkje vri og vende på slik somme har gjort, til ros for seg sjølv. Vend heller sinnet mot Herren Gud i den høgaste himmelen, og ikkje til menneske på jorda!

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 6 februar 2021.

 

 

Læresvein

Ei omsetting av greske mathetes som tyder ein som lærer, ein som går i lære. Ordet finns også sin feminine form mathetria. Ordet lære kjem av den forindoeuropeiske rota leis, å fylje eller å finne sporet, i tydinga å kome etter, å fylje i spora til dei som har gått der før deg.

 

I det gamle testamentet står det eigentleg ikkje læresvein, som f. eks. i 2. Kong. 2:5, men sønene til profetane. I 1. Kong. 19:19-21 står det at Gud hadde bede profeten Elias om kalla til seg Elisa, son til Safat, og salva han til profet etter seg. Han kalla då til seg Elisa som «fylgde Elias og tente han» (v. 21). Ordet som her er omsett med tente, det hebraiske sharath, tyder eigentleg å vere saman med. Elias vart deretter den som styrte over (hebraiske adown) Elisa. Det står ikkje akkurat at han vart salva med olje, men at den Anden som hadde kvilt over Elias deretter kvilte over Elisa (2. Kong. 2:15). Det står at Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine, som alle var søner av andre fedre. Ingen av dei var profetar. Dei var ukjent med den gjerninga dei vart kalla til. Så tok han til å læra dei.      

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 2 juni 2016.

 

 

Læresvein (disippel)
Lærar/læra
bottom of page