Bibelleksikon

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Ny skapning

Dette uttrykket er satt saman av to ulike ord. Det første kjem av greske kainos, av qen, og tyder å stå fram som ny, frisk. Det står eigentleg i motsetning til greske neos, som tyder noko nytt, altså noko som ikkje har eksistert før. Det andre ordet kjem av greske ktisis, av kti, å bygge eller å grunnlegge, som i overført tyding er å sette i gong med noko, å få noko til å eksistere, å skape.

  

I 2. Kor. 5:17 står det: «Difor, om nokon er i Kristus, då er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, alt har vorte nytt». Den første byggesteinen i menneskeslekta var Adam, og av hans kjøt og bein vart Eva til (1. Mos. 2:7 og 20-25). Sidan kom Adam og Eva saman og fekk born, og dei vart foreldra til dei første menneskeborna på jorda. Så fylgde slektenes gang like til Noah og frå Noah opp til vår tid.

 

Ser vi etter i sjølve konteksten, til uttrykket «i Kristus», då ser vi at Kristus er den nye byggesteinen. Han er ny fordi han faktisk døde, og ved sin død vart han lik det gamle mennesket. Men Kristus vart ei ny skapning ved si oppstode frå dei døde. I Kristus er difor det gamle mennesket borte og eit heilt nytt er blitt til. Han måtte ikkje dø fordi han hadde synda, og difor var også hans oppstode frå dei døde rettferdig. Den første skapninga hadde synda og var underlagt dødens krefter på rettferdig vis. Kristus kom difor ikkje for å avlyse døden, men for å vinne over den ved si oppstode frå dei døde. For synda si skuld måtte mennesket dø, men etter døden er også synda gjort opp og Gud kan tilgje. Difor står det: «…det er så laga at menneska lyt døy ein gong», og likeins: «…det er menneskenes lodd en gang å dø» (Hebr. 9:27). Men når Kristus kjem tilbake så skal han gjera levande og omskape igjen dei som trur at Gud kan skapa noko nytt og betre enn det som var før. For det er ikkje mennesket slik vi kjenner det i dag som skal verta frelst (2. Kor. 5:16-17, 1. Joh. 3:1-2). For Gud har skapt ein ny stamfar, ein siste Adam, eit nytt menneske i Jesus Kristus. Han som allereie er død; som allereie har vore i dødsriket; som har stått opp igjen frå dei døde; ikledd seg ein ny lekam; han som har vorte forvandla og er fødd på ny. Difor er det slik at når vi reknar oss med til hans død ved dåpen, då har vi i Kristus allereie fått tilgjeving for syndene, og då har vi også fått Den Heilage Ande i gåve slik at vi berre reknar oss levande ved dei gjerningar Guds Ande driv oss til.

 

No er det slik at mange har døydd i trua på Kristus og at dei er i dødsriket (paradis) no, men ingen har ennå stått opp igjen frå dei døde og ingen er forvandla og gjort lik med Kristus. Ennå kan ingen kome dit han er, slik han er. Alt dette høyrer framtida til og dette er vårt felles håp som har trua på vår Herre Jesus Kristus. For det liv vi no lever er berre eit førebilete på det evige, men i det evige skal det vonde for alltid vere skilt frå det gode. Satan og alt som freistar oss no, skal då vere skilt frå oss, og vi skal vere liksom vår nye stamfar, Guds Son, Jesus Kristus, den siste Adam.     

 

 

Nådegåver (Charisma)

Det står eigentleg ikkje nådegåver, men nåderier, av greske charisma, av charizomai, i tydinga å få som fylje av velvilje, av charis, å vere nådig, av chairo, å vere tilfreds.

 

For det har behaga Gud å gje oss ei gåve til vårt felles beste, Den Heilage Ande. Men denne eine Anden som er gitt er verksam på ulike måter. Difor talar ein om verksemda til Den Heilage Ande i fleirtal, som i nådegåver eller som dei åndelege gåvene. I Rom. 12:6 står det: «Alt etter den nåden vi har fått, har vi ulike nådegåver». Karismatisk vil seie å vere nådegåverik eller nådegåvebasert.   

 

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 6 februar 2021.