top of page

Bibelleksikon​

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Profet/Profetisk tale

Profetisk tale eller gåva til å profetere er eit uttrykk satt saman av greske pro, ein preposisjon i tydinga før, framom; og greske feteia, av femi, som kjem av ei rot som tyder å lyse, å lyse opp. Tydinga er å vise for eller å gjere kjent for, som i overført tyding er å tale for eller å seie fram opplysande ord. Ein profet, av greske profetes, tyder ein som lyset kjem fram i frå, i overført tyding ein framseiar. Likeins er greske profetes brukt til å omsette hebraiske nabiy, som kjem av ei rot som tyder å flyte fram (frå ei kjelde), å tale inspirert, ein inspirert talsmann. Elles vart profetane kalla ro'eh og hozeh, i tydinga sjåar, ein som får syner frå Gud.

 

Peter definerer det slik i 2. Pet. 1:19:

 

Og dess fastare har vi profetordet, som de gjer vel i å akta på. Det er som ei lampe som lyser på ein mørk stad, til dagen lyser fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.

 

Dette ser vi ytterlegare av 1. Pet. 1:21, der det står: «For aldri har noko profetord vorte til ved menneskevilje, men dei heilage Guds menn tala drivne av Den Heilage Ande».

 

Her kan vi merke oss f. eks. 2. Kong. 1:1-6, der profeten Elias først fekk eit profetord av ein Herrens engel og som han deretter profeterte til dei han skulle seie det til. Likeins med profetane Moses og Jeremias. Dei sto fram og sa: «Så seier Herren, Allhærs Gud» og heldt deretter ei tale i «Eg er» form, slik også Jesus gjorde. Dette gjorde dei fordi Gud hadde at dei gjere det og difor sto dei fram og sa nettopp det. I Apg. 21:10-11 står det f.eks. at profeten Agabus sa: «Så seier Den Heilage Ande». Likeins i Apg. 13:2: «Medan dei heldt gudsteneste og fasta, sa Den Heilage Ande: Tak ut åt meg Barnabas og Saulus til den gjerninga eg har kalla dei til!».

 

Profetane er framfor alt Guds tenarar. Gud brukar profetane til å tale til oss på ein direkte måte. Profetane fekk difor ikkje tyda orda sjølv, men skulle forkynne det nøyaktig slik dei hadde fått det (2. Pet. 1:20-21). I Rom. 12:6 står det: «Om nokon har profetisk gåve, skal han bruka henne i samsvar med trua». I v. 3 står det at Gud har gitt oss nåden «etter det mål av tru som Gud har mælt ut til kvar og ein». Den som profeterer kan altså berre seie det han har tru til, i tydinga at han ikkje må gå utover det han har fått av Gud.

 

Vi kan altså konkludere med at ein profet er ein som har fått eit konkret ord frå Gud. I 1. Kor. 14:3 står det faktisk: «Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging, formaning og trøyst». Oppbygging er ei omsetting av greske oikodome, av oikos, kvilestad; samt doma, å byggje, altså er profetorda noko som bygger opp ein kvilestad, eit hus for tankane. Formaning kjem av greske paraklesis, av para, nær eller ved siden av; og klesis, kalle, å be om noko på ein innstendig og nær måte. Trøyst er ei omsetting av greske paramuthia, der muthia kjem av muthos, som i norske myte, som eigentleg tyder muntleg tale. Altså i tydinga at Gud kjem nær til oss ved sitt ord, ord direkte frå Gud.

 

Personleg erfaring

For å vere litt personleg, så fekk eg fekk eit profetord frå Gud den gongen eg var usikker på om eg skulle inngå giftemål eller ikkje. Eg var ukjent for talaren, og for alle som var tilstade. Talaren vart ofte kalla profet fordi han kom med profetord frå Gud. Den dagen sa han at han hadde eit profetord til alle som var samla. Vi var mange og eg var ein av dei siste han tala til. Difor sa han: «Så har vi han som skal gifte seg. Det blir ikkje enkelt, men det skal gå bra». Han snudde seg deretter og sa dei same orda ut i lufta, vendt mot veggen: «Så har vi ho som skal gifte seg. Det blir ikkje enkelt, men det skal gå bra». Ho som vart kona mi, var ikkje tilstade på møtet, men ho var «på lufta» i lokalradioen. Då han kom til meg og sa dette var eg lettare forvirra ettersom han hadde tala mange merkelege ord til dei enkelte som var samla. Men orda hans tok eg med meg, og dei var sanneleg ord som lyste opp i mørkret.

 

Falske profetar

Fordi det også er falske profetar, altså slike som hevdar at dei har fått ord, draumar og syner frå Gud, men som ikkje har fått det, står det i 1. Kor. 14:29: «Lat to eller tre profetar tala, og dei andre skal prøva det». Ordet prøve er ei omsetting av greske diakrino, å gå igjennom for å skilje, i tydinga å gå grundig gjennom det som vert sagt. Her har lærarane ei viktig oppgåve. For dei falske profetane tek frå sitt eige, sine eigne tankar, det dei sjølv har lært av andre, og talar slik dei sjølv vil og det dei trur menneska vil høyre (sjå f.eks. Jer. 23). Her er det svært viktig at vi tør å irettesette kvarandre, og at vi ikkje forkastar kvarandre utan grunn. I Joh. 1:1-5 står det slik om han som er profetordets natur:

 

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av alt som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset åt menneska. Og ljoset skin i mørkret, og mørkret tok ikkje imot det.

 

Elles skal vi merke oss at vår forståing av den profetiske nådegåva er påverka av Luthers syn, som med alt anna. I Kyrkjepostilla frå 1544 [sjå den tiande søndagen etter trinitatis] skriver han:

       

Profeti er den gave, at man ret kan forklare og udlægge skriften og af den klart kan bevise troens lære og omstøde al falsk lære. Desuden at man ud fra Skriften kan formane, true, styrke og trøste mennesker, vise den kommende vrede, straf og hævn over de vantro og ulydige, og på den anden side den guddommelige hjælp og belønning for de troende og fromme. Sådan som profeterne ved Guds Ord, både ved loven og forjættelserne, har gjort.

 

I Luthers bok om gudstenesteordninga går det fram at han heldt tungetale for å vere opplesning av skriftene, og profetiens gåve for å vere utlegginga, fortolkinga av skrifta. Det forklarar kvifor han blandar saman det å vere lærar med det å vere profet, og det å lese høgt frå ei bok, med det å tale i framande og ukjente tungemål. Dette var ei vanleg teologisk misforståing på hans tid, og den har overlevd like inn i vår tid. I karismatiske samanhengar tyder ein ofte tungetale med profetiske ord, noko som er å blande saman to ulike nådegåver. Truleg har nokon misforstått det greske orakelvesenet. Orakelet var oftast ei spådomskvinne som bar fram bodskap frå ei spådomsånd i ekstase. Profeten hadde då som oppgåve å gjenta det som vart sagt på ein tydleg måte. Han måtte gjenta det slik han hadde høyrt det. Det å tale profetiske er altså ikkje ei tungetyding eller ei omsetting. Men lat oss gjere slik dei heilage menn før oss gjorde (1. Pet 1:10-12):

 

Om denne frelse var det profetene gransket og ransaket, de som profeterte om den nåde som dere skulle få, idet de gransket hvilken eller hva slags tid Kristi Ånd, som var i dem, viste fram til når han forut vitnet om Kristi lidelser og herligheten deretter. Det ble åpenbaret for dem at de ikke tjente seg selv, men dere, med dette som nå er blitt kunngjort for dere ved dem som forkynte dere evangeliet ved Den Hellige Ånd, han som ble sendt fra himmelen – dette som englene trakter etter å skue inn i.

 

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 6 februar 2021.

 

​

Profet/Profetisk tale
bottom of page