top of page

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Malaki

​

Den vitskapelege dateringa til ca. 420 f.Kr. er delvis gjort på grunnlag av paleografiske funn, altså ord og uttrykk i grunnteksta brukt på ei bestemt tid. Det stemmer også med ei opplysning vi har frå Talmud, der det står at bøkene til dei tolv småprofetane, Malaki inkludert, vart redigert ca. 450 f.Kr. [Babylonian Talmud: Tractate Baba Bathra, 14b]. Det vi må vere klar over er at desse bøkene då allereie hadde eksistert ei tid. I dødehavsrullane er det f.eks. funnet indikasjonar på at Malakis bok i ei tidleg fase var plassert etter Jonas bok [Qumran fragment 4QXIIa]. Profeten Jona virka i nordriket Israel så tidleg som i det åttande hundreåret f.Kr., altså på 700 talet. Når Josefus skriver at dei yngste bøkene i det gamle testamentet vart sluttført i Artaxerxes I si styringstid, 465-420 f.Kr. [Josefus, Against Apion, book 1, paragraph 8], må han her sikte til dei bøkene som er datert til den tida. Av dei tolv småprofetane med «sikker» datering, som f.eks. er datert etter ulike kongars styringstider, er profeten Haggai, datert til ca. 520 f.Kr. og profeten Sakarja til ca. 520-517 f.Kr. Det kan difor ikkje vere desse bøkene han siktar til, ettersom Artaxerxes’ styringstid strakte seg frå 465-420 f.Kr. Her må han ha tenkt på Esras bok, datert til ca. 458-445 f.Kr., og likeins Nehemjas bok datert til ca. 445 f.Kr.

 

I dei masoretiske tekstane (den hebraiske grunnteksta) er Malaki plassert sist av profetane, etterfylgt av dei såkalla skriftene (les meir om jødanes kanon Tanakh her). I LXX (Septuaginta) er Malakis bok derimot plassert sist i det gamle testamentet, berre etterfylgt av apokryfane. Men det er likevel ingen grunn til å tru at Malakis bok vart skrevet så seint som 420 f.Kr. Det er ei vanlig misforståing å tolke boka til Nehemja og Esras tid. Men her må vi sjå lenger enn til den vitskapelege dateringa, som har ein heilt annan fokus, og som ikkje alltid gir rom for å datere Bibelens bøker til det tidsrommet dei logisk nok høyrer heime i.

 

​

 

Indikasjonar på ei tidleg datering i teksta

I Mal. 1:1 står det fyljande: «Denne utsegna er Herrens ord til Israel ved Malaki». Malaki var altså profet i Israel og ikkje i Juda. Historisk sett vart kong David og Salomos rike delt i to riker kort tid etter Salomos død ca. 930 f.Kr. Israel vart kalla nordriket, og Juda eller Judea vart kalla sørriket. Dette indikerer at Malakis bok bør daterast til etter år 930 f.Kr.

 

Ein historisk person, profeten Elias, er også nemnt med namn i teksta. Han virka i nordriket Israel, i kong Akabs og Aksjas dagar (873-850 f.Kr.). I fylje tekstreferansen var Elias død på Malakis tid. Boka er difor yngre enn 850 f.Kr.

 

På kong Akabs tid gjekk dei to kongehusa inn i ein allianse der Josafat, kongen av Juda, tok ei dotter av Akab til hustru for sin son Joram. Men alliansen var kortvarig, og krigslysta blussa raskt opp igjen. Då Israel til slutt allierte seg med kongen i Damaskus, for å føre krig mot kongen i Jerusalem, gjekk Juda inn i ein allianse med Assyria. Dette hendte ca. 732 år f.Kr. Deler av nordriket Israel kom som fylje av dette under assyrisk okkupasjon, og det er svært interessant. For i Mal. 1:8 - om vi ser etter i grunnteksta - er det brukt eit framandord, nemlig pechah, av assyriske pa-âti, som tyder guvernør, statthaldar. Det er riktig at varianten av ordet indikerer at boka vart skrevet i det persiske rikets tid, men som vi har sett kan det forklarast med at boka vart redigert på den tida. Vi veit også at ein meir eller mindre endeleg okkupasjon av Israel skjedde i år 722 f.Kr. Det er difor rimeleg stor grunn til å datere Malakis bok til ein stad mellom ca. 732-722 f.Kr.

 

Malaki kjem av hebraiske mal`akiy, av mal'ak, som i det gamle testamentet ofte vert omsett med engel, av greske aggelos (angelos), som tyder sendebod, bodbærar. I Mal. 3:1 vert hebraiske mal`akiy omsett slik: «Sjå, eg sender bodbæraren min». På dette grunnlag er det også dei som ikkje held Malaki for å vere eit personnamn. I 1. Krøn. 24:9 er det derimot brukt slik. Vi forstår at Gud med dette vil uttrykke at profetane er bodbærarar, altså at det ikkje er deira eigne ord og at det er Guds ord dei ber fram. Det ser vi også av det som står: «Denne utsegna er Herrens ord». Uttrykket utsegna er ei omsetting av hebraiske massa, som tyder ei byrde, av nasa eller nacah, som tyder å lyfte, i tydinga at dette var ein tung bodskap for profeten å bære fram. I fylje Jer. 23:33-40 ser det ut til at Gud gav forbod mot at profetane fekk bruke dette uttrykket etter 587 f.Kr. Igjen ein sterk indikasjon på at bodskapen ikkje høyrer heime verken på Nehemja og Esras tid. Vi kan også merke oss at vi elles finner uttrykket hos profetar som Jesaja, Nahum, Habakkuk, Jeremia og Esekiel, som alle virka i tida før 587 f.Kr. Jesaja og Nahum virka allereie frå ca. midten av det åttande hundreåret f.Kr. (750 f.Kr.). I eit syn hadde Habakkuk sett at kaldearane skulle få stor makt i Assyria. I år 780 f.Kr. satte den første kaldearkongen, Marduk-apla-usur, seg på trona i Babylon. Deretter var det av og på med kaldearkongar heilt fram til kaldearen Nabopollasar, far til Nebukadnesar, kom til makta ca. 626 f.Kr. Først frå den tida fekk kaldearane stor makt i Assyria. Habakkuk må difor ha fått sine syner i god tid før 626 f.Kr. Likeins veit vi at Jeremia og Esekiel virka i tida før 587 f.Kr. Vi ser altså at ei datering til 732-722 f.Kr. slett ikkje er usannsynleg.

 

​

Bodskapen

Bodskapen profeten her kom med var i hovudsak retta mot Israel. Profeten skildrar Israel som ein mann, som Jakob, og minnar dei på at Gud hata Jakobs bror, Esau. Esau er synonymt med Esaus rike også kalla Edom. Det hadde lenge låge i ruinar, men det hadde på Malakis tid reist seg i eit nytt opprør mot både Israel og Judea. Profeten minna dei på at Gud hadde forbanna Esaus landområder, så det skulle vere ei øydemark. Han sa (Mal. 1:4-5):

 

Dei skal kallast det gudlause landet, det folket Herren er vreid på til evig tid. De skal sjå det med eigne augo, og de skal seia: Herren er stor over Israels grenser!

 

Men kvifor var det eigentleg slik at Gud hata Esau? Det var fordi han ikkje gjorde det som var rett i Herrens auge. Difor leid Esau stadige nederlag, utan at han av den grunn vendte om. Men no hadde også Israel og Juda gjort seg skuldig i det vonde. Og skulle Gud gjere forskjell mellom dei to brørne, Esau og Jakob? Nei, Gud måtte forbanne Jakob (Israel og Juda) også. Han forsterkar det ytterlegare i Mal. 2:11-12:

 

Juda har bore seg trulaust åt, avskyelege ting har dei gjort i Israel og i Jerusalem. Juda har vanhelga Herrens heilagdom, som Herren elskar, og har gift seg med dotter til ein framand gud. Hjå den mannen som gjer slikt, skal Herren rydja ut frå Jakobs telt alle dei som vaker og svarar, jamvel om dei ber fram offergåver til Herren, allhærs Gud.  

 

Lova som Gud siktar til er Moselova. Den var heilt krystallklar på at den som dreiv hor, både i form av utruskap i ekteskapet og i form av avgudsdyrking, skulle rydjast ut av landet. Dei skulle verta slått i hel (2. Mos. 20:2-6, 3. Mos. 20). Som vi kanskje ser vert Judariket her skildra som mannspersonen Juda, ein av dei tolv stammefedra til Israelsfolket. Gud hadde funnet jødane skuldige i hor, fordi dei dyrka avgudane. Det var dette avskyelege dei hadde gjort både i Israel og i Jerusalem (Mal. 2:11). Det var brot på det første bod. Som det står skrevet (2. Mos. 20:1-6):

 

Då tala Gud alle desse orda og sa: Eg er Herren din Gud, som førde det ut or Egyptarlandet, or trælehuset. Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg. Du skal ikkje laga deg noko utskorne bilete eller noko slag bilete av det som er oppe i himmelen, eller av det som er nede på jorda, eller av det som er i vatnet under jorda. Du skal ikkje tilbe dei og tena dei. For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud, som let straffa for syndene åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden, på dei som hatar meg, og som syner miskunn i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine.

 

Liksom Israel måtte slå i hel dei som dreiv hor, måtte Gud slå ihel Israel og Judea for deira hors skuld. Det gjorde han ved å trekkje seg i frå dei og la fiendane deira få makt over dei. Han skilte seg frå dei. Til dette sa profeten: «Eg hatar skilsmål, seier Herren, Israels Gud» (Mal. 2:16). Død er skilsmisse. Som det står skrevet (Jak. 1:15): «Når så lysta har vorte svanger, føder ho synd. Men når synda er fullmogen, føder ho død».

 

Vi veit frå verdshistoria at heller ikkje Judea og tempelet i Jerusalem slapp unna Guds dom (sjå studie om Daniels bok). Judea fekk ein liknande skjebne som Israel og vart lagt i ruiner i år 587 f. Kr. Tempelet vart ikkje oppført igjen før ca. 516 f. Kr. Slik fekk både tre og fire generasjonar merke Guds vreide over dei som hatar han (2. Mos. 20:1-6). Men ennå større er bodet der det står at heile tusen ættleder skal få merke hans nåde over dei som elskar Gud og som held hans bod (2. Mos. 20:1-6). Igjen ser vi ein indikasjon på at Malaki må ha virka lenge før 587/586 f.Kr. Etter at tempelet vart bygd på nytt i 516 f.Kr. kom prestane i Jerusalem til å bli særlig nidkjære for lova og landet, og det fekk bestå frå 516 f. Kr. til ca. 70 e.Kr., med få unntak.

​

​

Bokas fokus på prestane og levittane

Vi bør legge merke til Guds og profetens fokus på prestane og levittane gjennom heile Malakis bok. Dei var av Levi stamme, av Levi, son til Jakob, han som fekk tilnamnet Israel. Dei fekk ikkje ha sitt eige stammeområde, men skulle vere prestar for heile folket og skulle bu spreidd i mellom dei. Dei skulle leve av tienden som vart samla inn frå heile folket, slik at prestane kunne tene kontinuerlig mellom dei. Levittane budde i alle dei ulike byane i Israel og Judea, på områder som dei etter Moselova skulle få av folka som budde der. Her ofra dei til Gud på alter reist på heilage stadar rundt omkring i heile landet. Områda var vakta av prestane og var ofte innegjerda. Prestane måtte gå inn via ein port for å kome inn i heilagdomen. Her bør vi merke oss at det i Mal. 1:10 eigentleg ikkje står tempelportane i fylje grunnteksta, men døra eller porten inn til alteret:

 

Om det berre fanst nokon mellom dykk som ville stengja tempeldørene, så de ikkje fåfengt tennar eld på altaret mitt! Eg har ingen hugnad i dykk, seier Herren, Allhærs Gud. Eg har ikkje lyst til offergåver frå handa dykkar.

 

Levittane ofra altså fånyttes. Tenk å arbeide og slite til ingen nytte, utan å få løn?! Det er klart at det på sikt vil føre til fråfall frå Gud i hjartet og at ein vil forsøke å fylle tomrommet med noko anna.

 

I Mal. 2:11 er også Juda nemnt. Det er jødane. Det står at jødane vanhelga Herrens heilagdom. På hebraisk står det chalal qodesh Yhovah, som bokstavlegtalt tyder at dei sleit på EG ER sin reinskap eller på det som var reinsa. Qodesh kjem av qadash, svarar til greske hagio, rein, det som er reinsa. Her ser vi altså at både Israel - som ved sine levittprestar ofra til Gud på altara - og Judea - som ved sine øvsteprestar av Arons ætt og sine og levittprestar ofra til Gud i tempelet i Jerusalem - at dei ofra fånyttes, fordi dei ikkje hadde Guds velbehag i det dei gjorde. Det var fordi dei ikkje gjorde det Gud hadde bede dei om. For år etter år skulle dei gjere det same, slik at det dei gjorde skulle likne på oppfyllinga når den tida kom. For det står i Hebr. 10:1: «For lova har berre ein skugge av dei goda som skulle koma, ikkje tinga sjølve slik dei verkeleg er». I konteksten i Mal. 1:8 ser vi at Gud ved profeten Malaki stiller eit rimeleg spørsmål til prestane i Israel:

 

Når de kjem med eit blindt dyr og vil ofra det, finst det då ingenting vondt i dette? Og når de kjem med eit dyr som haltar eller er sjukt, finst det då ikkje noko vondt i dette? Kom med slike gåver til statthaldaren din! Trur du han vil vera nøgd med deg, eller ta nådig imot deg? Seier Herren Allhærs Gud.

 

Her viste dei seg altså å vere augentenarar, altså at dei berre var rettferdige når nokon såg dei. Var det ikkje slik også med David då han hadde drevet hor med Betseba? Den gongen sendte Gud profeten Natan for å fortelle at Gud visste kva han hadde gjort. For Gud ser. I Malakis bok minnar Gud sitt folk på at han er ein nidkjær Gud som dømer og som straffer sitt folk ved å trekkje seg i frå dei. Dei som daterer Malakis bok til etter at det nye tempelet vart bygd ca. 516 f.Kr., meiner altså at levittprestane vendte om og at dei vart ført inn på ein ny og betre veg ved Nehemja og Esras leiing. Det er eit faktum at dei omvendte seg den gongen, men då var fråfallet ikkje så stort som på Elias’ og Elisas’ tid, og som vi trur, på Malakis tid. Det er ingenting som tyder på at levittane, før tempelet i Jerusalem vart lagt i ruinar, nokon gong omvendte seg, med unntak av f.eks. Judakongen Josias’ tid, på slutten av det sjuande hundreåret f.Kr. (600-talet). Men då berre for ei kort tid.

 

 

Bodskapen er også ein framtidsprofeti

Profetorda i Malakis bok siktar også til ei fjernare framtid. Når Gud ved profeten i Mal. 3:1 seier: «Sjå, eg sender bodbæraren min, han skal rydja veg for meg», så siktar han i fylje Matt. 11:10 til døyparen Johannes. Og i Mal. 4:5 står det også:

 

Sjå, eg sender dykk Elias, profeten, før Herrens dag kjem, den store og forferdelege. Han skal venda fedrehjarto til borna, og barnehjarto til fedrane, så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

 

I Matt. 11:14 står det slik om døyparen Johannes: «Han er den Elias som skulle koma». Men kvifor sette Gud døyparen Johannes i samanheng med Elias? Det var fordi Elias og Elisa var førebilete på døyparen Johannes og Jesus (sjå eigen artikkel). Legg merke til at det står i Jak. 5:17 at Elias var ein vanleg mann, ein mann liksom du og eg, under dei same kår. Elias var fylt av Den Heilage Ande og driven av Gud til å gjere ei bestemt gjerning. Han skulle få eit heilt folk til å vende om til Gud. Døyparen Johannes skulle få folket til å høyre på Kristus (Luk. 1:5-25). Det som er interessant er at far til Johannes var av Levi stamme, av Arons hus, og prest av Abias avdeling/skift (1. Krøn. 24:1 og 10). Hans mor var av Arons ætt. Døyparen Johannes var altså av dei som kunne bli øvsteprestar i landet. Dette er ikkje tilfeldig. For heile bodskapen frå Gud, ved profeten Malaki, var adressert til presteskapet med øvstepresten i spissen. Det var også dei som seinare skulle forkaste Jesus. Og frukta av deira opprør mot Gud var det som fekk heile folket til å verta forførte av falske messiasar, slik at dei til slutt gjekk til strid mot romarane i tru på at Gud og Messias leia dei. Det heile enda med at romarane la Judea og Jerusalem med tempelet i ruinar. Det var i eit slikt ærende også Malaki var utsendt, til ein situasjon som likna på den som skulle kome. Det er også i denne tydinga ordet engel vert brukt i Op. 2-3, som eit siste kall til dei utkalla (gr. ekklesia) til omvending frå synd. Gud minna difor prestane og folket om Gud og om Moselova ved sin engel, ved sitt sendebod, Malaki. Og han formana liksom Paulus gjorde i Rom. 12:1-2:

 

Eg formanar dykk altså, brør, ved Guds miskunn, at de byd fram lekamane dykkar som eit levande og heilagt offer til Guds hugnad. Dette er dykkar åndelege gudsteneste. Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at hugen dykkar vert oppattnya, så de kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det som han har hugnad i, det fullkomne.

 

For det er slik at dersom vi har hamna på feil kurs og er på veg bort frå Gud, og vi ikkje vendar om, då tukter Herren oss ved å trekkje seg i frå oss og overlate oss til oss sjølv. For Israel og Judea kom dagen brått, fordi dei ikkje trudde på profetane som åtvara dei, dei som i generasjon etter generasjon sto fram og ofra sine liv i si teneste for Gud. Desse var det som i staden for å nyta livet her ei kortvarig tid, heller leid for sitt folk, med eit levande håp om å føra dei inn på Guds veg.  

 

​

Sluttord

Til slutt får vi skrive nokre ord om kvifor dei fleste bibelforskarar likevel ser Mal. 2:11-15 i samanheng med Esr. 9-10, og daterer Malakis bok til så seint som 450-420 f.Kr. Det er sant at jødane, også etter at tempelet vart bygd opp igjen, gjorde feil i forhold til Gud og Moselova, men det store fråfallet vart den gongen hindra av blant andre den skriftlærde Esra, som lærte jødane korleis dei skulle leve rett. Frå 516 f.Kr. til 70 e.Kr. greidde jødane å halde landet og tempelet heilagt, med få unntak. Det Mal. 2:11-15 eigentleg siktar til er lærdomen frå 1. Kong. 11:1-14, der Salomo, son til David, hadde teke seg mange framande kvinner til ekte. Desse kvinne vendte over tid hjartet hans bort frå Gud. Salomo vart driven til både Astarte og Milkom, og han bygde offerhaugar for Kamos og Molok for å behage sine koner. Konsekvensen av Salomos giftemål med desse framande kvinnene var at han vekte Guds harme. Og for Salomos skuld vart riket delt i to delar. Gud reiste også opp fiendar imot Juda, altså han trekte seg tilbake slik at dette fekk vekse fram. I Mal. 2:11 står det: «Juda har vanhelga Herrens heilagdom, som Herren elskar, og han har gift seg med dotter til ein framand gud». Frå Judastamma var det kongsætta gjekk ut. Frå David til Jojakin (og hans onkel Sidika). Men her sluttar også kongebøkene og krønikene om kongane i Israel og Judea. I Babylon fekk Jojakin sonen Sealtiel, og Sealtiel fekk Serubabel, som vart fyrste og statthaldar i Judea etter at jødane vendte tilbake frå Babylon ca. 538 f.Kr. Over tid kom dette vervet over i hendene på ein mann av Esaus ætt, ein edomitt, som gifta seg inn i Judas ætt ved den kvinnelege delen av ætta. Då Jesus vart fødd var han den mannlege arvingen til riket, men herlegdomen var teken bort frå Judas ætt.

 

Som vi ser er også Abraham indirekte nemnt i samanhengen, i Mal. 2:15, som ein parantes. For han tok trælkvinna til Sara til hustru og fekk born med henne, endå ho var av eit anna folk. Men han gjorde det fordi han prøvde å skaffe seg den ætta Gud hadde lova han.

 

Elles er det interessant å lese om kva Esra gjorde då han fekk høyre at folket nok eingong hadde gjort seg skuldig i slik utruskap mot Gud (Esr. 9:3): «Då eg høyrde dette, reiv eg i sund kjortelen og kappa mi, og reiv hår frå hovudet og skjegget og sat i mållaus sorg». I v. 14 bad han til Gud:

 

…skulle vi då no att bryta boda dine og ta oss ektemakar mellom folk som gjer slike avskyelege ting? Ville ikkje du verta vreid på oss og gjera ende på oss, så det ikkje var nokon som vart frelst eller slapp unna?

 

Men takk og lov! I Esr. 10:1 står det:

 

Medan no Esra låg gråtande framfor Guds hus og bad og sanna syndene, samla det seg ein talrik skare av Israels-folket ikring han, både menn og kvinner og born. Og folket gret sårt.

 

Tenk då slutta dei ei pakt med kvarandre og skilte seg frå dei kvinnene dei hadde teke til seg, og vendte om til Gud. Dei sendte bodbærarar rundt omkring i heile landet, og sa til kvarandre at dette ville dei halde fram med «til vi får vendt vår Guds brennande vreide bort frå oss, og denne saka er avgjord». Tenk for ei vekking det var i dei dagane då Esra og alt folket audmjuka seg slik. Dei gjekk tilbake på synda si og forsvarte den ikkje lenger. Tenk om vi også i dag kunne audmjuke oss, og ikkje vere så stolte som dette folket var i dei dagane før både det første og det andre tempelet vart lagt i ruinar!  

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 1 mars 2023.

bottom of page