top of page

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Gog og Magog

Esek. 38-39 og Op. 20:7-9

Jafet - far til Magog

Gog er i fylje 1. Krøn. 5:4 eit personnamn og likeins er det med Magog i fylje 1. Mos. 10:2. I ættetavla etter Noah står det at Noah hadde sønene Sem, Kam og Jafet. Om Jafet står det at han var far til «Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesek og Tiras» (1. Mos. 10:2).

 

Om vi ikkje veit heilt sikkert kva namna Gog og Magog tyder, så veit vi iallfall at Jafet tyder noko i retning av den som utvider, den som opnar gapet vidt opp. I Jashers bok står det f.eks. at Noah «called his name Japheth, saying, God had enlarged me in the earth» (Jas. 5:17). Ein liknande ordlyd finner vi også i Noahs velsigning av Jafet i 1. Mos. 9:27: «Gud skal gjera det romsleg for Jafet, han skal bu i telta åt Sem, og Kanan’an skal vera trælen hans!». I grunnteksta står det pathah elohiym Yepheth. Her kan vi merke oss at Yepheth eller Jafet kjem av hebraiske pathah. Dette er altså eit ordspel i tydinga at Gud skal gjere det opent for Jafet. Vi kan også merke oss at dette verset er omsett slik i Jubilearboka 7:12 [The Book of Jubilees Translated by Robert H. Charles, 1914]: «God shall enlarge Japheth, and God shall dwell in the dwelling of Shem, and Canaan shall be his servant». Det stemmer godt med grunnteksta.

 

Jafet liknar etymologisk sett på det greske namnet Europa, som er satt saman av greske eurys, breiddt, vidt; og ops, brukt om auge, andlet, utsjånad, i tydinga breiddt ansikt, å sjå brei ut, ein som breier seg ut, ein som gaper høgt, eit folk som er utbreiddt, eit land som er vidstrakt. Andre tenker seg Europa som eit lånord frå akkadisk, eit semittisk språk, og dermed som ei omskriving av erebu, i tydinga å gå ned, i referanse til solnedgangen i vest. Fønisiske ereb tyder kveld.

[https://www.etymonline.com/word/europe].

 

Uttrykket Europa er mest kjent i oldtidshistoria som ein referanse til dei greske koloniane som låg spreidd utover jorda. Grekenland eller Hellas vert kalla den europeiske «sivilisasjonens vugge». Det hebraiske ordet for Hellas er Javan, og som vi ser av den same ættetavla i 1. Mos. 10:2, så var også han Jafets son og Magogs yngre bror. Grekarane var det dominerande folkeslaget blant oldtidas europearar. Det var nemlig i Hellas at Jafets ætt, europearane, dreiv med sin kulturutveksling. I dagens Europa er grekarane derimot ei ubetydeleg folkegruppe. Det er nordeuropearane som dominerer i verdsbiletet, og som er mest spreidd utover jorda, utan at vi kan begrense dei reint geografisk.

 

 

Framtidsprofetien

Vi minner om det som står i 1. Mos. 10:2, om Noah og sonen Jafets søner: «Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesek og Tiras». I Esek. 38:1 står det nemlig at Esekiel skulle vende andletet sitt «mot Gog i Magog-landet, fyrsten over Ros, Mesek og Tubal», og profetere mot han.

 

Nokre av desse namna er også tidlegare nemnt i Esekiels bok. I Esek. 27 talar profeten om storbyen Tyrus, ein handelsby «som handlar med folka på mange kystar» (v. 3). Her møter vi Tubal og Mesek som skaffa byen slavar og koparkar, det vil seie hærfang frå plyndra byar. Vi møter også Togarma-folket, som er nemnt i Esek. 38:6, og som leverte vognhestar, ridehestar og muldyr. Den store byen fall til slutt for Nebukadnesars veldige makt. I Esek. 32 talar Esekiel om alle dei folkeslaga som hadde gjort verda utrygg, og som hadde vorte underkua av Nebukadnesar og hans mange allierte, deriblant Mesek-Tubal (v. 26). Esekiel og hans samtid hadde berre høyrt gjetord om alle dei store folkeslaga som budde lengst ut mot nord.

 

I Esek. 38:8 profeterer Esekiel slik om Gog: «Når ei lang tid er liden, skal du verta mønstra. Når åra er ute, skal du koma til eit land som er fridd frå sverdet». Landet det refererer til er Israel, og sverdet er slaget ved Harmageddon (Op. 16:16). Her er det lett å misforstå, for profeten refererer til både hendingar som skal gå forut for dei tusen åra, nemnt i Op. 20, som Harmageddonslaget, og deretter til noko som skal hende etter dei tusen åra, nemlig om Gog og Magogs kome. I Op. 20:7-9 står det slik:

 

Og når dei tusen åra er til ende, skal Satan verta løyst frå fengselet sitt. Og han skal gå ut og forføra folkeslaga ved dei fire hjørna av jorda, Gog og Magog, for å samla dei til strid. Og talet på dei er som havsens sand. Og dei drog fram over den vide jord og kringsette leiren til dei heilage og byen som var halden så kjær. Men eld fall ned frå himmelen og fortærde dei.

 

Esekiel såg mot nord, inspirert av Guds Ande, og tala mot Gog, han som heldt til i landområdet Magog, «Magog-landet», i det yttarste nord. Det står eigentleg at han var storfyrste (hebr. nasiy' ro'sh) over Mesek og Tubal, sine to yngre brør. Han var også alliert med sin eldste bror, Gomer, og med Persia, som i si tid fekk herredømet over oldtidas mest talrike folk, medarane, etterkomarane til Jafets son Madai. Gomer var far til Askenas, som skytarane ættar frå. Dei var kjent for å vere svært talrike. Likeins står det at Gog skal få militær støtte frå Kus og Put, som ein kanskje på uheldig vis har omsett til Etiopia og Libya i våre bibelomsettingar. Det er sikkert rett nok, men her er det eigentleg tale om stamfedra deira. Kus var nemlig far til Nimrod, «den fyrste med stor styringsmakt på jorda. Han var ein stor jeger for Herren» (1. Mos. 10:8-9). Og Put var kjent som eit krigarfolk som tente dei store rika på jorda som leigemenn. I Op. 20:8 står det at «talet på dei er som havsens sand» (Op. 20:8). I Hebr. 11:12 er dette talet definert slik: «...som sanden ved havsens strand, som ikkje kan teljast».

 

I Op. 20:8 står det: «Og han skal gå ut og forføra folkeslaga ved dei fire hjørna av jorda, Gog og Magog, for å samla dei til strid» (Op. 20:8). «Han» er Satan. Uttrykket «dei fire hjørna» er også brukt i Esek. 7:2, om domen over Israels land. Gog og Magog skal samle både seg sjølv og heile verda for å gå imot Jerusalem, som i fylje Op. 20:9 er hovudstaden til «dei heilage», dei som tener Gud. På den tida skal byen ligge open, utan noko synleg vern eller krigshær som vakter dei. For dette er mot slutten av dei tusen åra. Dei er difor eit lett bytte, rikt på «fe og gods» (Esek. 38:12). Men det viser at dei er forførte. For dei reknar ikkje med Gud, han som er eit usynleg vern for sitt folk. Dette indikerer også at dei som lever i dei tusen åra, skal leve ved tru. Det er først i Op. 21 at det nye Jerusalem skal «stiga ned i frå himmelen frå Gud» (v. 2).

 

I Esek. 38:16 står det om Gog: «Og du skal dra opp mot Israel, folket mitt, som ei sky og dekkja landet. I dei siste dagar skal det henda». Uttrykket dei siste kjem av hebraiske achar, i tydinga det som kjem somlande etter, det som kjem lengst bak. I Esek. 39:2 vert det sagt: «Og eg vil snu deg om og driva deg fram og føra deg opp frå landa lengst ut mot nord og la deg koma over Israels-fjella». Uttrykket som er omsett med «nord» kjem av hebraiske tsaphown, som tyder det skjulte, av tsaphan, å skjule, noko som ligg i det ukjente, i mørker. Babylon låg også i nord. Likeins låg Media og Persia nord for Babylon. Men her er det landa lengst ut mot nord, altså det som heilt til sist vil verta oppdaga og som vil vinne heider og ære. I Esek. 38:16 står det:

 

I dei siste dagar skal det henda. Då lèt eg deg koma over landet mitt, så folka skal læra meg å kjenna, når eg framfor augo på dei helgar meg på deg, Gog!

 

Liksom Gud reiste opp kongen i Egypt for å vise sin stormakt på verdas herskarar og riker, og liksom han fridde Israel frå fangenskapet, slik skal han reise opp Gog for å vise si allmakt for heile verdas auger i dei aller siste dagane, og igjen vil han fri ut sitt folk.

 

Vi kan merke oss at det på Esekiels tid hadde skjedd ei utvikling som på sikt skulle involvere heile verda. På hans tid var Babylon den ekspanderande krigsmakta, og dei hadde kome mot Judea og erobra det. Gud hadde lova å hemne sitt folk, ikkje berre det Babylon hadde gjort, men Gud lova å hemne seg mot alle riker på jorda, alle som på eit eller anna tidspunkt ville gå imot Israel. Difor står det også i Jer. 25:12-26 at Gud vil heimsøke alle riker på jorda, «alle kongane over landa i nord, nær ved og langt borte, den eine med den andre, og alle rika i verda ut over heile jorda». Alle skal få smake Guds vreidevin, i tydinga at han trakkar menneska på jorda ned liksom ein trakkar druene i ei vinpresse. Slik skal blodet flyte når Gud sender sverdet som straffedom over jorda. Til sist står det i Jer. 25:26: «Etter alle desse skal kongen i Sesak òg drikka av det». I fylje Jer. 51:41 er Sesak eit namn på Babylon. D. Wiseman tolka namnet til den heilage by, mens andre trur det er eit slags kodenamn, der Sesak er bygd opp av den nest siste bokstaven i det hebraiske alfabetet, og Babel av den nest første bokstaven. Bytter ein bokstavane ut med kvarandre, så vert Sesak til Babel. Det Jeremia såg var uansett Guds dom over heile verda, og Nebukadnesar og kaldearane var hans fremste reidskap til å utføre den. Men Gud skal også straffa den som utfører domen. Difor vert også dette brukt som eit førebilete på endetida. I Op. 16:19 står det: «Og Gud kom i hug Babylon, så han gav henne staupet med den strenge vreidevinen sin». Dette viser til Jer. 25:26. Antikrist, som skal kome før dei tusen åra, skal kome for å føre dom over verda, men sjølv kjem han ikkje ustraffa frå det. Likeins kjem Gog og Magog som ein straffedom over verda, og sjølv kjem dei ikkje ustraffa frå det. Men dette skal skje etter dei tusen åra.

 

 

Kven er Gog og Magog?

I Esek. 38:17-18 står det slik om den dagen Gog og Magog endeleg kjem:

 

Så seier Herren Herren: Er det deg eg har tala om i fordoms dagar gjennom tenarane mine, Israels profetar, dei som i dei dagar spådde, år etter år, at eg ville la deg koma over dei? Men på den same dagen, den dagen Gog kjem over Israels-landet, seier Herren Herren, då skal harmen stiga opp i åsynet mitt.

 

Mange har prøvd å utlegge Esekiels bok og plassere Gog og Magog tidsmessig. Den mest kjente fortolkaren i vår del av verda er Martin Luther. Han lærte at Gog og Magog var det tyrkiske folk, som dei i hans dagar frykta skulle erobre heile Europa. Her skal vi merke oss at Luther teologisk sett meinte at han levde i slutten av tusenårsriket. Dette er også det katolske syn. Han hadde iallfall rett i at Gog og Magog skal kome etter dei tusen åra (Op. 20:7-9).

 

Til dette kan vi nemne at enkelte forskarar har prøvd å påvise at Gog er den same som Gyges, ein konge i oldtidsriket Lydia. Ruinane etter dette riket ligg i det moderne Tyrkia. Men her kan vi merke oss at Lydia kjem av semittiske Lud, som var namnet på ein av sønene til Sem (1. Mos. 10:22). Det som forskarane har lagt merke til er at det i assyriske kjelder vert referert til det lydiske riket som mat gugu, Gyges land. Ein har dermed prøvd å påvise at dette er den etymologiske forklaringa til ordet Magog. Men vi forstår at det ikkje passer. For her overser ein altså det som står i Bibelen om saka. For det første er Magog ein referanse til stamfaren til dette folket, og Gog er ein referanse til ein konge som etter dei tusen åra skal samle heile verda til krig mot det heilage landet. Magog var dessutan Jafets etterkomar og ikkje Sems. Dette er altså eit villspor, og det avslører ei stor vantru.

 

I reformatoriske miljø i USA kom det også ein teori om at Gog og Magog svara til Sovjetunionen og Russland. Dei såg - liksom Luther - sin mest aggresive konkurrent som fienden. Det russiske riket har vore og er til dels ei ekspansiv stormakt, på lik linje med andre europeiske riker gjennom tida. «Den russiske Gog» er også basert på historiske kjelder, som f. eks. hos Josefus, og på seinare jødiske teoriar om Magog som eit land nord for Svartehavet, der grekarane hadde plassert Skytia reint geografisk. Dette området ligger innanfor grensene til det moderne Russland. Ein tenker seg at Ros, Mesek og Tubal er Russ(land), Moskva og Tobolsk. Men dette er lærer som prøver å tidfeste Gog og Magog til si eiga samtid. Dersom Skytia var Magog, så vart Skytia i si tid erobra av gotarane, og gotarane spreidde seg utover i Europa og busette seg i Sverige, Noreg, Danmark, England, Tyskland osv. Det er også desse folka som utvandra til USA og som bur der i dag. Er desse folka kanskje Gog og Magog? Ein god del russarar har også aner frå dei same nordiske folkeslaga, men russarane har også eit sterkt og dominerande mongolsk innslag, som er av ei heilt anna folkegruppe. Altså er dette nok eit villspor.

 

For å konkludere: Hadde Luther rett i at han levde i slutten av dei tusen åra? Eller skal vi vurdere dette som ei ennå framtidig hending? Her i Norge har Sverre Bøe, professor i NT, gjort fleire omfattande studier, blant anna av Gog og Magog. Eg trur det kan vere lurt å lytte til hans konklusjon - som etter så mange års studiar, til dels grundige - som han forsiktig uttrykker det, at ordet om dei tusen åra ennå ikkje er oppfylt, og at Gog og Magog først kjem etter dei tusen åra. Dei siste dagane somlar ennå.

 

Kjelder:

Sverre Bøe, ”Gog and Magog” (Sverre Bøe, 1999). Bøe virker i det lutherske miljø. NLM har lagt ut ei tale av Bøe. Fylg linken:https://vimeo.com/68283483

Sjå også ein artikkel i Israel Today:

http://www.israeltoday.no/Nyeelement/tabid/322/nid/27605/Default.aspx

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 3 mars 2023.

bottom of page