top of page

Bibelleksikon​

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Harmageddon/Megiddo

Namnet kjem av hebraiske har, som tyder fjell eller ei fjellrekkje, av harar, eit fjell, av ei rot som tyder å sjå stor ut, også brukt biletleg talt; og Mgiddown, samlingsplass, møteplass (for militære styrker), av gadad, å presse seg saman, å samle seg, å kry. Ei etymologisk tyding kan difor vere staden under fjella/i dalen der ein presser seg saman.

 

I 2. Krøn. 35:22 og i Sak. 12:11 står det om biq`ah Mgiddown, Megiddon-dalen, der kong Josia møtte farao Nekos hær. I Op. 16:13-16 står det om dyret som er i ferd med å miste makta si under Guds vreidesdomar og som gjer eit siste forsøk på å skade Gud. Han sender sine forførande ånder: «Det er djevleånder som gjer teikn. Dei dreg ut til kongane i heile verda for å samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige». Dette er Herrens dag, den store. I v. 16 står det: «Og han samla dei på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon».

 

Tell Megiddo er ein arkeologisk utgravingsstad i Israel. På den åskammen låg det i oldtida ei borg som israelittane erobra frå kanaanittane. Det er svært lite sannsynleg at dette svara til Harmageddon, Megiddos fjell. Det er berre ein åskam. I horisontane, som ikkje er synlege på biletet, ligger det vel og merke store fjell som Tabor og Karmel, og likeins enorme sletter. Gjennom denne dalen er det altså dei store hærane må gå saman, tett i tett.

 

I Sak. 12-14 skriver profeten om ein stor dag som er venta å kome i Jerusalem. Då skal Gud nok eingong ause sin Ande ut «over Davids hus og over innbyggjarane i Jerusalem» (Sak. 12:10). I v. 10-11 står det:

 

Og då skal dei sjå opp til meg som dei har gjennomstunge. Og då skal dei sørgja over han som ein sørgjer over einaste sonen sin, og klaga sårt over han liksom ein klagar over den fyrstefødde. På den dagen skal sorga verta stor i Jerusalem, som sorga over ulukka i Hadadrimmon i Megiddon-dalen.

 

Den første setninga her finner vi igjen i Op. 1:7. Det skal altså skje på den dagen Jesus kjem med skyene. Det er også den store dagen vi kan lese om i Rom. 11:25-29:

 

For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om denne løyndomen - så de ikkje skal vera sjølvkloke: Forherding er komen over ein del av Israel, til fullnaden av heidningane er komen inn. Og såleis skal heile Israel verta frelst, som det står skrive: Frå Sion skal utfriaren koma. Han skal rydja gudløyse bort frå Jakob. Og dette skal vera mi pakt med dei, når eg tek bort syndene deira. Når det gjeld evangeliet, har dei vorte fiendar for dykkar skuld. Men når det gjeld utveljinga, er dei elska for fedrane skuld. For Gud angrer ikkje på nådegåvene sine og kallet sitt.

 

Likeins i Op. 19:11-21. Ulukka i Megiddo-dalen er ein referanse til 2. Krøn. 35:20-27, der det står at Juda-kongen Josia vart gjennomstunge av piler og som deretter døydde av skaden. Det skjedde då han prøvde å hindre kongen av Egypt i å reise gjennom landet. Elles hadde Josia utmerka seg som konge ved at han fekk heile i Israel til å vende om til Gud, liksom utfriaren også skal gjere i fylje Rom. 11:26. I 1. Krøn. 35:18 står det om den påska som vart feira i Josias dagar, at ei slik «påskehelg som denne hadde ikkje vore halden sidan profeten Samuels dagar». Påska vart feira til minne om utfriinga frå Egypt i dei tidlegare tidene. Læresveinane feira den jødiske påska i utvida forstand, til minne om Jesu død, han som også vart gjennomstunge av fiendens spyd. Det er denne Jesus frå Nasaret som i endetida, i fylje profeten Sakarja, skal få heile Israel til å vende tilbake til Gud og erkjenne han som sin konge, Messias, Kristus, liksom det står i Rom. 11:27. Då skal blodspakta også gjelde dei, folket Israel.

 

For det vonde som skal skje i dei dagar er at Antikrist, Satans yngling, og den falske profet, skal dra «ut til kongane i heile verda for å samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige» (Op. 16:13-14). I Sak. 12:3 står det:

 

Den dagen skal det henda at eg gjer Jerusalem til ein lyftestein for alle folka. Alle som lyfter på han, skal sjølve få sår. Ja, alle heidningfolk på jorda skal flokka seg mot han.

 

Dette er også den store trengsla som skal koma over Israel, over Jakob. Men Gud har ført dei dit for å vise sin allmakt over alle folkeslag, og på den dagen skal Gud døme Babylon, Antikrist og den falske profet til evig fortaping. Harmageddonslaget er ofte samanblanda med Gog Magog.

 

The Etymology of HAR-MAGEDON (Revelation 16:16) av Hans K. Larondelle. 

http://digitalcommons.andrews.edu/cgi/viewcontent.cgi?article=1915&context=auss

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 6 februar 2021.

 

 

 

 

Herrens måltid (Nattverden)

Uttrykket Herrens kjem av greske kuriakos, av kuros, ein tittel i tydinga han som er over, han som er høgare i rang. Uttrykket Herrens refererer til det som høyrer til han som har overmakta, han som bestemmer. Måltid er ei omsetting av greske deipnon, av dapane, kostnadar (mat, føde), som igjen kjem av greske dapto, å svelge, å ete opp, i tydinga måltidet i bestemt form, altså sjølve hovudmåltidet, og i særleg grad eit gjestebod, eit festmåltid, eit høgtidsmåltid.

 

Uttrykket nattverd er i seg sjølv eit konstruert uttrykk og er ikkje å finne i grunnteksta. Det baserer seg på ordlyden i 1. Kor. 11:23-24, der det står om Jesus at i «den natta då han vart sviken, tok han eit brød, takka og braut det». Ordet natt er ei omsetting av greske nukti, av nux eller nyx, som truleg kjem av rota neg, å vere mørkt, vere natt, som svarar til vårt uttrykk kveld. I oldtida var kvelden eller natta starten på eit nytt døgn.

 

 

Innhaldsliste

1. Nattverden, 2. Jesus er Herren, 3. Påske kan berre feirast i Jerusalem, 4. Kyrkjemøtet i Jerusalem, 5. Paulus skriver til dei jødekristne om Herrens måltid, 6. Under lova og fri frå lova, 7. Ei likning til slutt.

 

 

Nattverden

Uttrykket nattverd er på sin særeigne måte med på å oppklare kva slags måltid det siktar til, ettersom det står at Herren åt dette måltidet saman med sine læresveinar om kvelden eller som det står i «den natta». Dette er også grunnen til at nattverden i det engelske språk har fått namnet The Last Supper, altså det siste måltidet som Herren åt saman med læresveinane sine.

 

Som vi kanskje forstår indikerer sjølve ordlyden til eit høgtidsmåltid, nærare bestemt påskemåltidet. Dette forstår vi også av den konteksten som 1. Kor. 11:20-34 refererer til, nemleg til det som vert skildra i Matt. 26:18-20; likeins i Mark. 14:22-24; og i Luk. 22:19-20.

 

No var det på ingen måte tilfeldig at Herren kom saman med læresveinane sine for å ete dette måltidet. Dei skulle feire påske, ei kjent jødisk høgtid, feira til minne om utvandringa frå Egypt. Det er ei av fleire lovfesta høgtider som vart gjeve til Guds utvalde folk Israel, det folket vi kanskje best kjenner som jødane. Lova krevde at jødane skulle ete påskemåltidet på den fjortande dagen i den jødiske nyttårsmånaden og dei fekk ikkje ete måltidet før på kvelden. Det skulle vere eit nattverds måltid, eit kveldsmåltid. Det er nemleg slik at eit jødisk døgn varer frå kl. 18.00 same kveld til kl. 18.00 neste kveld. I fylje 3. Mos. 23:5 er påske heile tida mellom desse to kveldsstundene, og påske varer berre eit døgn. For det var i løpet av ei natt at engelen frå Gud kom for å slå i hel alle dei førstefødde blant både menneske og dyr i heile landet Egypt. Dette hendte fordi Gud var brennande harm på egyptarane, ettersom kongen deira ikkje ville sleppe fri israelittane, som på den tida var slaver der.

 

Gud hadde på førehand lova at han skulle bevare (frelse) alle dei husstandane som slakta eit lam eller eit kje på Guds befaling, og som strauk blodet av dyret på husets dørstolpar. Lammet skulle dei ete saman med usyra brød og bitre urter. Det usyra brødet skulle dei også ete av dei sju neste dagane. Denne utvida høgtida vert kalla det usyra brøds høgtid. Både den første dagen, som er påske, og den siste dagen i det usyra brøds høgtid, var høgtidsdagar. Dei skulle ikkje arbeide, men halde sabbat og heilage seg for Herren. Og slik var det at kvar den som ikkje gjorde som Gud sa i dette, skulle utryddast og ikkje lenger stå oppført i Israels ættelister. Det er desse listene som også er førebiletet på «livsens bok» (Op. 20:15).

 

 

Jesus er Herren

I det nye testamentet står det berre Herrens måltid eller måltidet. Og det er lett å oversjå nettopp det faktum at det var den same Herren som ved lov hadde innstifta påske eller påskemåltidet ved sin tenar Moses (2. Mos. 12), som også kom saman med læresveinane sine og som lærte dei at dei deretter skulle gjere dette til minne om han. Dei forsto det ikkje då, men i løpet av den natta, i løpet av det døgnet, skulle lova om påske verta oppfylt ved det som hendte med Herren deira kort tid deretter. Jesus innstifta difor ikkje noko nytt rituale. Brødsbryting var allereie ein del av måltidet, likeins var utdelinga av vinen. Dette var husfarens rolle, altså husets herre, og det var denne rolla Jesus hadde blant læresveinane sine. Dei kalla han for sin Herre, Herren, og det var fordi dei trudde at han var Herren. Og dette er grunnen til at det heiter Herrens måltid.

 

Likevel forstod ikkje læresveinane den fulle tydinga av si vedkjenning med det same og likeins er også vi treige til å forstå. For har du nokon gong tenkt over at då Jesus metta dei fem tusen (Joh. 6), så gjorde han det som eit teikn som skulle minne, ikkje berre læresveinane, men heile folket, om den gongen Herren Gud førte Israelsfolket ut av Egypt. Her kan vi merke oss at han gjorde dette teiknet like før påske (v. 4), og at nettopp denne gjerninga skulle minne dei om at Herren Gud hadde berga dei frå ei sultkatastrofe ved å sende mannakorn frå himmelen. Vi forstår at folket ikkje forstod dette teiknet. Dei syntes også at Jesu ord om å ete hans kjøt og drikka hans blod var harde, ord som det ikkje gjekk an å forstå. Dei forsto ikkje hans referanse til lova om påskelammet, det som var førebiletet på Jesu død og deira del med han i hans død. For liksom dei som gjorde som Herren sa i Egyptens land - dei som trudde på Herrens ord og som slakta og åt lammet og slik fekk leve - slik er det også med kvar den som trur at Jesus er Kristus, Messias, og som held hans bod. Desse skal stå opp igjen frå dei døde og leve evig. Men her er det lett å misforstå. For ingen vert frelst ved å utføre eit rituale. Vi vert frelst ved å gjere det Herren vår Gud ber oss om. Dei husstandane som gjorde som Gud sa i landet Egypt, vart oppført i livsens bok, og som dermed vart forbigått av dødens engel. Difor heiter det påske, som kjem av hebraiske pesach, gå forbi, forbigang.

 

Og Gud innførte denne lova for dei fyljande slektene, og påske skulle vere for dei ein høgtidsdag, ein minnedag. Dei skulle hugse på og minnast utgangen av Egypt. I 2. Mos. 12:14 står det:

 

Denne dagen skal vera ein minnedag for dykk, de skal halda han som ei høgtid for Herren. Det skal gjelda som ei evig føresegn for dykk å halda han, ætt etter ætt.

 

Likeins i Sal. 111:4: «Han har sytt for at vi minnast hans underverk». Så er det kanskje ikkje så lett å få auge på nettopp dette, at Jesus siktar til dei som var under lova då han sa: «Gjer dette til minne om meg!» (Luk. 22:19). Jødane skulle halde dette bodet til evig tid, til alle tider, ætt for ætt, liksom dei også delvis gjer inntil vår tid. «Dykk» er sjølvsagt jødane og lova er ei evig lov som skal gjelde for dette folket. Men legg for all del merke til at det ikkje lenger var knytt noko løfte, verken i Moselova eller ved Jesu ord, om at dei som feira påske skulle få leve. Jesus sikter ikkje til nattverden når han i Joh. 6:53 sa: «Dersom de ikkje et Menneskesonens kjøt og drikk blodet hans, har de ikkje liv i dykk!» Det er tydlegvis i likningar han tala til folket for å minne dei på fedra i Egypt, der berre dei som gjorde som Herren sa og som trudde på han, vart frelst. Slik er det også med oss. For jødar først og så grekar. For kva bod kom Herren med? Det står i Joh. 3:16: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv». Her handlar det altså ikkje om påske eller nattverd. Det har ingenting å seie for vår frelse. Jødane held denne lova fordi dei er bunden til den så lenge dei er jøder og så lenge verda står. Difor står det slik til jødane i Korint (1. Kor. 11:26): «For så ofte de et dette brødet og drikk denne kalken, forkynner de Herrens død, til dess han kjem».   

 

 

Påske kan berre feirast i Jerusalem

Så kjem vi til noko som jødane - dei som med rette skal feire påske eller nattverd - gjer feil i. I 5. Mos. 16:5-7 står det nemlig:

 

Du må ikkje slakta påskeofferet ditt i nokon av dei byane som Herren din Gud gjev deg, men på den staden der Herren din Gud vel å la namnet sitt bu. Der skal du slakta påskeofferet ditt om kvelden, når sola går ned, på same tid som då du drog ut frå Egypt. Du skal steikja det og eta det på den staden Herren din Gud vel seg ut. Og om morgonen skal du venda attende og gå til telta dine.

 

I 2. Krøn. 12:13 får vi vite at den staden Herren Gud utvalte seg var Jerusalem. For det står skrive: «Jerusalem, den byen som Herren hadde valt ut mellom alle ættene i Israel for å la namnet sitt bu der». Vi ser altså at påskelammet ikkje kan slaktast på nokon annan stad enn i Jerusalem! Eg har sjølv spurt ein jødisk rabbiner, ein innbyggar av byen Jerusalem, om nettopp dette: Feirer jødane påske nokon annan stad enn i Jerusalem? Hans svar var at dei kan feire påske over heile verda og svarte dermed indirekte at dei ikkje lenger reiser til Jerusalem og på den måten heilaghalder sin Gud. Likeins står det skrevet i 2. Mos. 12:43-48:

 

Herren sa til Moses og Aron: Dette er føresegna om påskelammet. Ingen framand skal eta det. Men kvar træl som er kjøpt for sølv, han skal du omskjera, då kan han eta av det. I eitt hus skal det verta ete, du skal ikkje la noko av kjøtet koma utanfor huset. De skal ikkje bryta noko bein på det. Slik skal heile Israels-lyden gjera. Når ein framand held til hjå deg og vil halda påske for Herren, skal alle menn hjå han omskjerast. Då kan han få vera som ein innfødd i landet. Men ingen uomskoren skal eta av det.

 

Det er altså ikkje fritt fram for kven som helst å ete påskemåltidet. Dette bodet gjeld utelukkande for jødane og andre som av ulike grunnar er omskore og innskreven blant Israelsborna. Jesus sjølv heldt denne lova saman med læresveinane sine fordi han var jøde. Enkelte ikkje-jødar får i dag ta del i desse måltida saman med dei omskorne av jødane, stikk i strid med moselova.

 

 

Kyrkjemøtet i Jerusalem

Det er viktig å ta med at apostlane forkynte fridom frå lova for dei som høyrer Kristus til. Det er nemlig ikkje slik å forstå at jødane må feire påske. I 1. Kor. 11:24-26 står det: «...så ofte som de» drikk av vinen og et av brødet. Altså det kunne hende at dei ikkje kom seg til Jerusalem slik at dei kunne feire påskemåltidet. Dette var eingong tilfelle med Paulus. I fylje Apg. 20:1-7 var han i Filippi i Makedonia under den usyra brøds høgtid (denne høgtida kan jødane feire overalt i heile verda). Men legg merke til at det ikkje står at han hadde feira påske der. Det kunne han heller ikkje ha gjort, fordi jødar berre kan feire påske i Jerusalem.

 

Vi må hugse på at dei første kristne var jødar under lova. For å kunne forkynne for sine brør etter kjøtet heldt dei seg difor reine etter lova sjølv om dei var komen inn under nåden. For legg merke til det Peter seier til dei eldste i Jerusalem (Apg. 15:11 ): «Men vi trur at vi vert frelste ved Herren Jesu nåde, på same måten som dei», altså heidningane. Eit anna spørsmål som også dukka opp var om heidningane måtte la seg omskjære og halde Moselova med alle høgtidene. Svaret var nei! Nåden vart ikkje gjeve på grunn av lova, som vi ser i Apg. 10:1-48. Om Kornelius og hans hus står det at dei vart fylde av Den Heilage Ande, liksom dei som hadde vore under lova. Difor skal vi ikkje så lett la oss forvirre! Det er dette kyrkjemøtet som er det bibelske!

 

I Rom. 11:1-2 skriver Paulus: «Har då Gud forkasta folket sitt? Langt ifrå! Eg òg er ein israelitt, av Abrahams ætt, av Benjamins stamme. Gud har ikkje forkasta folket sitt». Difor skriver Paulus i 1. Kor. 10:32-33:

 

Ver ingen støytestein, korkje for jødar eller for grekarar eller for Guds kyrkjelyd. Såleis prøver eg òg i alle ting å gjera det beste for alle. Eg søkjer ikkje det som gagnar meg, men det som gagnar dei mange, slik at dei kan verta frelste.

 

I v. 23 skriver han: «Eg har lov til alt, men ikkje alt gagnar. Eg har lov til alt, men ikkje alt byggjer opp. Ingen må søkja sitt eige, men heller det som er til gagn for nesten». Han meinte med dette at det kunne vere nyttig for enkelte å halde fram med å la seg omskjere for å kunne forkynne evangeliet blant jødane. På liknande vis kan det vere nyttig for ein tidlegare muslim som har vorte kristen å bruke si omskjæring for å vinne sine brør i den muslimske verda. Om berre Gud kunne stoppe munnen på desse som vekkjer hat mot både jødar og muslimar, og det i Guds namn! Men Guds fred og nåde vere med alle som tener Gud og som gjer gudsteneste både blant jødar og muslimar og folk av slags religionar!

 

Hugs på at Abraham, alle dei truandes far, vandra på denne jorda utan å ha sitt eige heimland. Slik er det også med dei som trur i dag. Vi vandrar med Gud som hans læresveinar, inntil dagen kjem då vi vert henta. Og hugs på at også vi er heidningar, vi som er av andre folkeslag, med heilt andre vaner og skikkar enn jødane. Vi vandrar blant dei alle liksom eit folk utan heimland, lik utlendingar, lik folk som ikkje vil la seg assimilere. Som det står i Fil. 3:20-21:

 

Men vi har heimlandet vårt i himmelen. Derifrå ventar vi òg Herren Jesus Kristus som frelsar. Han skal omskapa fornedringslekamen vår og gjera han lik herlegdomslekamen sin ved den krafta han har til å leggja alle ting under seg.  

 

Men vi skal ikkje vere støytesteinar, slike som heidningane støyter seg på. Vi skal vandre blant dei som førebileter og heilage oss sjølve for Herren. Vi skal ikkje døme dei som står utanfor, anna enn med ved å gjere godt mot alle menneske.

 

Vi kan også merke oss at i og med tempelets øydelegging i år 70 e. Kr., vart også jødanes religion sterkt svekka. Mange satte på ein måte strek over Israel og Guds løfter til dette folket. Paulus gjekk sterkt imot ei slik forståing i Rom. 9-11. Men det er det auge ser som oftast vert trudd. For dei fleste vart jødane berre oppfatta som utlendinger, som ei særgruppe som var fråfalne religiøst sett. Slik forsto ein det i oldtida og likeins i mellomalderen. I moderne tid har lite endra seg, sjølv om jødane no er tilbake i sitt eige heimland. Der ynskjer dei å bygge opp igjen tempelet og styrke sin eigen religion. Vi må erkjenne at Israel og jødane har overlevd. Gud har ikkje forkasta sitt folk, og som vi ser av skriftene, vil han nok eingong vil vise verda at han elskar dei.

 

 

Paulus skriver til dei jødekristne om Herrens måltid

Elles skal vi merke oss at det i hovudsak var jødane som undra seg over dei nye påboda om påskemåltidet. Difor skreiv også Paulus spesiellt til dei i 1. Kor. 11:24-26:

 

For eg har fått frå Herren det som eg óg har gjeve over til dykk, at Herren Jesus, den natta då han vart sviken, tok eit brød, takka, braut det og sa: Dette er min lekam, som er for dykk. Gjer dette til minne om meg! Like eins tok han kalken etter kveldsmåltidet og sa: Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Gjer dette, så ofte som de drikk av han, til minne om meg! For så ofte som de et av dette brødet og drikk denne kalken, forkynner de Herrens død, til dess han kjem.

 

Han innførte altså ikkje noko nytt slik kyrkjefedra hevdar. Han viser ikkje til noko anna enn at dette gjelder påskemåltidet, som i seg sjølv er ein sterk indikasjon på at han her ikkje talar til andre folkeslag, men til dei kristne av jødisk hærkomst. For dei første kristne var nettopp jødar som hadde sitt misjonsfelt blant jødar og proselyttar i Judea og Samaria og blant dei som budde blant folkeslaga. Apostlane forkynte Kristus som lovas oppfylling, i tydinga at det no var Kristi død og deira del med han i hans død, som skulle fri dei frå syndas og dødens lov, og ikkje dei daglege offera og høgtidsoffera. Kristus var og er alt det dette peika fram imot, både påskelammet og forsoningsofferet. Det som jødane difor gjorde i tempelet når dei ofra, var førebiletleg det same som hendte med Kristus.

 

Paulus skreiv altså først og fremst til dei truande av jødisk hærkomst og deretter til dei greske, «til jøde først og så grekar». Sjå f.eks. i 1. Kor. 10:1. Kven sine fedre «var alle under skya og alle gjekk gjennom havet?» Her er det ikkje rom for noko tolking. Han skriver til dei kristne jødane. Og kva siktar han til? Til utgangen av Egypt! I 1. Kor. 10:18 og v. 32 peikar han også ut, som vi har sett, tre hovedgrupper. Den eine er «Israel etter kjøtet», også kalla «jødar»; den andre er «heidningane», altså dei som har andre skikkar enn jødane og som i hovudsak var «grekarar»; og den siste som er «Guds kyrkjelyd». I 1. Kor. 10:32 ber han dei truande om å ikkje vere ein «støytestein, korkje for jødar eller for grekarar eller for Guds kyrkjelyd».

 

Sjølv om han her ikkje nemnar Herrens måltid spesifikt, talar han om «Herrens kalk» og om «Herrens bord», og nemnar dei tre viktigaste ingrediensane for hovudmåltidet (gr. deipnon), nemlig lammekjøtet, brødet og vinen.

 

Det er tydeleg at nokre av dei kristne jødane tok lett på dei greske skikkane, som blant anna avgudsdyrking og avgudsoffer. Det hadde, som vi ser i kap. 11:18, vorte lagt merke til av dei utanfor, og det var ikkje godt. For dei jødane som ikkje hadde kome til tru, men som var nidkjære for Guds lov, støytte seg på dei kristne jødane som tok lett på dei greske skikkane, og som prøvde å vinne dei same jødane. Det er klart at dette virka mot si hensikt. Difor skriver Paulus i 1. Kor. 10:33:

 

Såleis prøvar eg òg i alle ting å gjera det beste for alle. Eg søkjer ikkje det som gagnar meg, men det som gagnar dei mange, slik at dei kan verta frelste.

 

I 1. Kor. 11:24-26 kan vi også legge merke til at Jesus tok kalken etter kveldsmåltidet (nattverden). Legg merke til at omsettarane her brukar to ord om same måltid, sjølv om det berre er brukt eit i grunnteksta. For brødet vart nytta til hovudmåltidet, altså til påskelammet, mens vinen vart drukket etter måltidet. Paulus skriver altså at Jesus tok kalken etter at dei hadde ete påskelammet. Er det slik kristne feirer nattverd? Et dei påskelammet først? Nei. Kvifor ikkje?

 

Elles kan vi merke oss at ordet for denne type brød på hebraisk er matstsah, søtt brød, i motsetning til surt brød, i tydinga at brødet var baka med ein ny deig og ikkje med den gamle surdeigen. Denne lova er også oppfylt, fordi det nye brødet er eit bilete på det nye mennesket som kom ned frå himmelen. I Matt. 4:4 står det: «Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som går ut frå Guds munn». Når Herren tala var det altså som om han sa: Her er Guds ord, ta og et. Dette var dette ordet eller orda som skulle overtyde både jødar og grekarar om synd. Det nye brødet er eit bilete på reinsinga frå syndene, og det er utan den gamle surdeigen, utan synd. Det er tydleg at Paulus i 1. Kor. 5:7-8 nyttar uttrykket i overført tyding. For han hadde tidlegare pålagt dei å vende seg bort ifrå hor, og det av ein slik type som også vart rekna for skamfullt blant dei andre folkeslaga (v. 1). Dei skulle støytte i frå seg den som levde slik. For det står slik (v. 7-8):

 

Veit de ikkje at ein liten surdeig syrer heile deigen? Reinsa difor ut den gamle surdeigen, så de kan vera ny deig, sidan de er usyrte. For vårt påskelam er slakta, Kristus. Så lat oss då halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med surdeig av vondskap og styggedom, men med reinleiks og sannings usyrte brød.

 

Vidare skriver han (1. Kor. 5:10-13):

 

Eg meinte ikkje menneske i denne verda som driv hor eller er vinnesjuke, røvarar eller avgudsdyrkarar - då måtte de gå ut av verda. Men det eg skreiv til dykk, var at de ikkje skulle ha samkvem med nokon som kallar seg ein bror, men er ein horkar, eller er vinnesjuk, eller avgudsdyrkar, eller baktalar, eller drankar, eller røvar. Eit slikt menneske skal de ikkje eingong eta saman med. Kva har vel eg å døma dei som er utanfor? Er det ikkje dei som er innanfor, de dømer? Men dei som er utanfor, skal Gud døma. Støyt den vonde ut frå dykk!

 

I 1. Kor. 10 minnar Paulus om noko anna viktig. For dei kunne fritt kjøpa kjøt frå heidningane i slaktarbua: «For jorda og alt som fyller henne, høyrer Herren til» (v. 26). Det var ikkje ureint sjølv om det låg saman med grisekjøt. Difor treng ingen truande å kjøpe kjøt som er slakta på ein spesiell måte. (Av dette ser vi at profeten Muhammed var påverka av kosherjødar). Men ein annan sak var det om nokon sa til dei at dette kjøtet var ofra til avgudane. Då skulle dei ikkje verken kjøpe eller eta av kjøtet. Fordi heidningane som åt av det kjøtet som var gitt i gåve til vonde ånder, dei hadde samfunn med åndene. Var det då rett av dei kristne jødane å ete dette kjøtet, når dei visste at heidningane la denne tydinga i å ete slikt kjøt? Og var det rett av dei som på ein slik måte var ureine i auga på jødane, å drikka av Herrens kalk når dei kom saman for å feire påske i Jerusalem? Som det står i v. 16:

 

Velsigningskalken som vi velsignar, er han ikkje samfunn med Kristi blod? Brødet som vi bryt, er det ikkje samfunn med Kristi lekam. Fordi det er eitt brød, er vi éin lekam, endå vi er mange. For vi har alle del i det eine brødet.

 

For dette måltidet peika fram imot oppfyllinga, og alle helte frå den same kalken og dei braut alle av det same brødet, fordi dei heldt dette måltidet saman. Dei skulle gjere det til minne om Herren! Vi kan merke oss ordet for samfunn, som er ei omsetting av greske koinonia, partnarskap, i tydinga å ha noko saman. Læresveinane utgjorde eit disippelfellesskap.

 

Likeins står det om kalken. I Matt. 26:42 står det om den kalken med blod som Jesus skulle drikka av, at det var hans død (på krossen). I Hebr. 9:12 står det også at han tok med seg blodet inn i himmelen, inn i det høgheilage, til soning for syndene. Blodet er difor eit teikn på at det gamle mennesket er død, og at det nye mennesket lever og er til behag for Gud. Det er Guds eigen Son og alle som trur på han skal fødast på ny i hans bilete. Difor sa han også til læresveinane: «For dette er mitt blod, paktblodet i den nye pakta, som vert utrent for mange til forlating for syndene» (Matt. 26:28). I v. 29 sa han: «Men eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet, før den dagen eg drikk henne ny med dykk i riket åt Far min». Legg merke til at han her ikkje seier noko meir om den nye kalken enn at han lovar at dei saman med han skal drikka av ein ny vin i Guds rike. For det står skrevet (1. Kor. 15:50-53):

 

Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje erva Guds rike. Heller ikkje skal forgjengelegdom erva uforgjengelegdom. Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna inn, men vi skal alle verta omskapte, i eit no, i ein augneblink, ved den siste basunen. For basunen skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. For dette forgjengelege må verta kledd i uforgjengelegdom, og dette døyelege må verta kledd i udøyelegdom.

 

For vi lever ved kjøt og blod, i eit forgjengeleg liv, som ikkje Gud har behag i. Difor ventar vi på den dagen då Herren kjem for å hente sine, anten dei er døde i trua på Kristus eller dei lever ved trua når han kjem att. Som det står skrevet i Hebr. 9:27-28:

 

...at menneska lyt døy éin gong, og deretter dom, så skal òg Kristus, etter å ha vorte ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, verta openberra for andre gongen, ikkje for synda skuld, men til frelse for dei som ventar på han.

 

For dødsengelen eller Døden har ramma verda frå byrjinga av. Og liksom det utarta seg i Egypt, skal berre dei som trur - dei som vert rettferdiggjort ved trua på Gud og på Lammet, som er Kristus, og som slik sett har del i Lammets kjøt og blod, det som vart slakta for menneskas skuld - få oppleve at døden ikkje har makt til å øydelegge dei når han eingong går forbi den enkelte av oss. Difor står det også: «Sæl og heilag er den som har del i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt» (Op. 20:6).

 

Det står også dette om påskelammet, som var eit bilete på Kristi kjøt og blod, at blodet vart utrent for Israelsfolkets skuld. For blodets skuld skulle dødsengelen gå forbi. I 2. Mos. 12:46 står det også: «De skal ikkje bryta noko bein på det». I fylje Joh. 19:33 står det at soldatane til Pilatus ikkje braut beina til Jesus etter at han hadde ånda ut på krossen, slik dei hadde for vane. Men fordi han allereie var død, stakk dei eit spyd inn i sida på han så lekamen vart tømt for blod og vatn. I v. 36-37 står det: «For dette hende for at Skrifta skulle oppfyllast: Ikkje eit bein skal brytast på han. Og atter eit anna Skriftord seier: Dei skal sjå på han dei har gjennomstunge». Her skal vi merke oss at Jesus aldri sa til læresveinane sine etter at han braut brødet, at dette er min lekam som vart broten for dykk. Det står at den vart gjeven for dykk.

 

 

Under lova og fri frå lova

Vi forstår at det kan by på problem når somme for fullt alvor stiller spørsmål om det finns jødar og israelittar i dag? Og likeins når somme lærer: «Alle kristne er det sanne Israel». Skal vi då berre oversjå at dei vi kallar jødar kjem frå Judea, frå Israel? Er ikkje det moderne Israel i dag bebodd av jødar? Skal vi kanskje byrje å lære: «Nei, vi kristne reknar oss ikkje lenger som nordmenn, for vi er av ei ny skapning?» Nei! Anten er vi jødar eller så er vi nordmenn eller av eit anna folkeslag. Det finns også jødar som bur i Norge. Det finns truande jødar og likins truande nordmenn. Men det er sant, vi er overtydde om at vår Herre Jesus Kristus er ei ny skapning og så mange av oss som reknar oss med til Kristus er ei ny skapning i han, avla fram ved Guds ord.

 

Når det gjelder omskjeringa så er den utan tyding i desse spørsmåla, slik også Paulus skriver om det i Rom. 2:25. For det er lova som skil mellom jødar og andre folkeslag; ikkje om vi er omskorne eller ei. For dersom ikkje eingong jødane maktar å halde lova, då har dei vorte liksom dei som ikkje er under lova. Kvifor skulle vi som er uomskorne då prøve å verta rettferdige for Gud ved å oppfylle lova? Likevel står det i Matt. 5:17: «De må ikkje tru at eg er komen for å avlyse lova og profetane! Eg er ikkje komen for å avlysa, men for å oppfylla». Her kan vi merke oss at det i sjølve grunnteksta står: katalusai, av kata, ned; og luo, å løyse, altså at han ikkje hadde kome ned for å løyse jødane frå den lova dei var bunden til. Likeins plerosai, av greske pletho, å fylle. Han kom for å fylle inn, oppfylle det som mangla. Lova kom i hovudsak for å avsløre at det gamle mennesket ikkje er Gud til behag og at det heller ikkje makter å vere det. Når det nye mennesket kom hadde lova ikkje lenger den same verknaden. Så enkelt er det. Og ennå ser vi at ikkje alt i lova er oppfylt. Eit døme er lova om lauvhyttefesten (3. Mos. 23:23-44). I fylje profeten Sakarja skal den først oppfyllast når Herren kjem igjen. Legg merke til det som står:

 

Alle dei som vert att av alle dei heidningfolka som gjekk til åtak på Jerusalem, skal år etter år fara opp for å tilbe Kongen, Herren, Allhærs Gud, og for å høgtida lauvhyttehelga.

 

Har dette skjedd nokon gong i verdshistoria? Nei! Men før dette kan skje må Herren koma igjen. Lova er difor ikkje avslutta, slik somme lærer. Heller ikkje profetane.

 

I Apg. 15 kan vi lese om den problemstillinga som etterkvart dukka opp, då Guds ord også vart forkynt for dei andre folkeslaga (heidningane). For jødane hadde synagoger i alle dei store byane i heile det romerske riket og elles i verda. Som det står skrevet i v. 21: «For Moses har i kvar by nokre som alt frå gammal tid forkynner han, og han vert lesen i synagogene kvar sabbat». Difor er fullendinga av det nye testamentet særleg knytt til jødar. Det finns også noko som heiter proselyttar, som er slike som av ulike grunnar har vorte innlemma i Israel ved konventering, altså ved at dei heldt seg til gjeldande ritualer, som omskjæring (og ofring). Ein proselytt er difor pliktig til å halde heile Moselova. Difor kjente både jødar og proselyttar til kva som var rett å gjere ut i frå Moselova.

 

Gud vil at alle menneske skal bli frelst, både jødar og andre folkeslag. Gud har difor rive ned det som skilte mellom dei to. For Jesus Kristus, som sjølv var jøde, døde og sto opp igjen som eit nytt menneske. Og den som reknar seg med til Kristus er ei ny skapning. Det er dette Paulus siktar til i Fil. 3:3. For hans eigne, jødane, hadde berre auge for det som var på jorda. Men alt dette var forgjengeleg og det visste dei godt. Det er også slik vi må forstå dette med Moselova. For jødane hadde berre syn for at lova hadde med Moses og Aron å gjera, dei jordiske mellommennene. Dei trudde ikkje at Jesus var den Herren som hadde gjeve lova til Moses. Difor forkasta dei Herrens bod, som opna for at ein jøde no kan ha samfunn med folk frå andre folkeslag. Difor skilte dei vantru jødane seg atter eingong i frå heidningane. I Apg. 15:5 står det at nokre av jødane, som var farisearar, og som hadde kome til tru på Herrens namn, krevde at dei av dei andre folkeslaga «må verta omskorne, og ein lyt påleggja dei å halda Moselova». Her var det i særleg grad Paulus som ved Den Heilage Ande fekk overtydd dei eldste i Jerusalem om å ikkje etterkome kravet. Det resulterte i eit brev til alle dei som ikkje var jødar:

 

For Den Heilage Ande og vi har vedteke at vi ikkje skal leggja noko anna bør på dykk enn det som er heilt naudsynt: at de held dykk frå avgudsoffer og blod og det som er strøypt, og hor. Om de tek dykk i vare for dette, vil det gå dykk godt. Lev vel!

 

Dette var slike påbod som Gud hadde gitt til alle folkeslag frå byrjinga av. Det står ikkje noko om påske her. Elles er påskemåltidet berre nemnt i det første brevet til korintarane, og det er ikkje her spesifisert at dette skal gjelde nokon andre enn jødane. I fylje Apg. 18 ser vi at dei truande i Korint i all hovudsak var jødekristne. Det er riktig at det er i v. 6 står at Paulus sa: «Heretter går eg til heidningane. Så gjekk han bort derifrå og tok inn i huset hjå ein som heitte Justus, ein mann som ottast Gud». Men det er tydleg at kontakten mellom jødekristne og heidningkristne ikkje var særleg stor på den tida. Ordlyden i 1. Kor. 12:1-3, som kjem rett etter avsnittet om Herrens måltid, seier ingenting om at Herrens måltid også skal gjelde heidningane. Om dåpen står det meir tydleg, som i Mark. 16:15-18, at den gjelder all skapningen.

 

 

Ei likning til slutt

I Luk. 14 står det at Jesus kom til huset til ein av dei øvste farisearane, ein som hadde invitert til eit gjestebod (gr. deipnon). Der lærte Jesus dei om rettferd, altså om det dei skulle gjere og som dei ikkje gjorde. For dei høyrte ikkje på han og gjorde ikkje slik han sa. Til slutt fortalte han ei likning om ein mann som hadde laga eit stort gjestebod (gr. deipnon) og som ville invitere mange. Men alle som vart bedd hadde ein årsak for å ikkje kome. Då dette vart kjent for mannen, vart han harm. Då inviterte han alle som ville kome, først dei fattige og vanføre og blinde og lamme, deretter alle slags folk som tenarane hans elles møtte på og som ville kome. Men ingen av dei som hadde årsaka seg fekk smaka på hans festmåltid. Dette måltidet vert det referert til i v. 14-15, der dei rettferdige, dei som skal stå opp att frå dei døde skal få sitja til bords hos Herren i Guds rike. I v. 25-33 lærte Jesus difor at alle dei han kalla til seg, og som vart hans læresveinar, skulle få del i dette måltidet. Men dei må hata dette livet og alt dei har i denne verda, å vere villige til å verta forfylgde og miste alt, og vere tru like inntil døden. Hat tyder sorg og ulykke. Sannelig, slik er det for oss som står utanfor det gode selskap i dette livet. Men takk og pris, vi skal få del i det gode selskap i all æve, amen. Mens den som elskar sitt liv vil søke å bevare det slik det er. Det vil ikkje tåle skamma. Difor søker vi ikkje, og har heller ikkje vår glede i dette forgjengelege livet, men i det evige livet vi får del i ved trua på Jesus Kristus.

 

Til slutt som ein kuriositet kan vi nemne at kvekarane og frelsesarmeen ikkje feirer nattverd. Sistnemnte har ein avhaldspolitikk som gjer at dei ikkje ynskjer å møte si målgruppe med vin, altså alkohol. Organisasjonen vart stifta før avhaldsrørsla hadde «gjort vin om til saft», for å sette det litt på spissen. For alkoholhaldig vin vart brukt heilt fram til 1900 talet. Vindruer lar seg heller ikkje dyrke i alle deler av verda. Det har aldri vore noko problem for jødane, fordi dei ved Moselova er pliktige til å dyrke vindruer og til å halde påske i Israel, i Jerusalem, der vindruer trivs særleg godt. Same lov hindrar dei også i å nyte alkoholfri vin.

 

For vidare studier:

http://www.biblicalarchaeology.org/daily/people-cultures-in-the-bible/jesus-historical-jesus/was-jesus-last-supper-a-seder/

http://www.ctsfw.net/media/pdfs/PlessRecentImplications.pdf

 

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 8 februar 2021.

 

 

 

Herrens attkome (gjenkomst)

Uttrykket Herrens kjem av greske kuriou, av kuros, ein tittel i tydinga det som er over, høgare i rang, altså han som har overmakta, han som bestemmer, han som er overhovudet. Attkome (gjenkomst) er ei omsetting av greske parousian, av pareimi, å vere nær, av para, nær; og eimi, eg er.  

 

Vi kan merke oss at Herrens attkome (gjenkomst) er eit konstruert uttrykk som baserer seg på blant anna på 1. Tess. 4:15-17, der det står om dei «som lever og vert att til dess Herren kjem» og som skal «rykkjast opp i skyene, opp i lufta, for å møta Herren». Uttrykket rykkjast opp er ei omsetting av greske harpagesometha, av greske harpazo, av haireomai, å ta til seg sjølv; og greske meta, som tyder med, i tydinga at når Herren kjem skal ha ta til seg sjølv det som er hans og det (dei) skal deretter vere saman med han. I 2. Tess. 2:1 står det om «vår Herre Jesu Kristi kome og vår samling med han». Uttrykket samling er ei omsetting av greske episunagoge, av epi, frå, altså frå der vi er til der han er, og sunagoge, av sunago, av preposisjonen sun, med eller saman; og ago, å bli leia, samanleiing, forsamling.  

 

Men før Herren kjem att for å frelse oss, så må 2. Tess. 2:1-14 verta oppfylt. Legg merke til kva som står i v. 3. «Lat ingen lura dykk på noko vis! For fyrst må fråfallet koma, og syndemennesket verta openberra, fortapingssonen». I v. 6 står det: «Og no veit de kva det er, det som held att, slik at han skal openberrast fyrst når tida er inne». Han vert også kalla den lovlause og Antikrist. Slik veit vi at Antikrist skal stå fram før Herren kjem. Vi skal også legge merke til at det i fylje grunnteksta står at han som ikkje er under lova, skal stå fram mellom dei som har lova. Altså veit vi at Antikrist ikkje er jøde. Det kan vere at han er omskoren, men å hevde at han er muslim er for drøyt. Vi forstår at han tilsynelatande vil respektere jødanes lov, men at han etter ei tid skal sjokkere med det motbydelege og opphøgje seg over lova, slik at han setter seg i Guds tempel. På den tid vil dei truande framleis leve, for det står at den lovlause først skal verta openberra før Herren hentar sine. Antikrist skal vinna seg denne posisjonen ved ei kraftig villfaring. Vi forstår at den lovlause og Antikrist er den same som dyret som ved sin falske profet skal forføre heile verda. I Op. 12 står det at Satan skal verta kasta ned på jorda og at han skal forfylje Israel. Og når han ikkje kjem lenger med dei, skal han venda seg «for å føra krig mot dei andre av ætta hennar, mot dei som held Guds bod og har Jesu vitnemål» (v. 17). Dette er dei som gjer det Gud vil og som trur at Jesus er Messias. Her er det altså ikkje berre tale om jødane, men om truande av alle folkeslag. Dette er Abrahams ætt, altså alle dei som er born av Abraham ved trua. Dette må først koma over jorda for å prøva dei som bur der, og deretter kjem straffedomane. I Luk. 21:28 står det difor til oppmuntring for den som trur: «Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For det lir mot utløysinga dykkar». Då veit vi at Guds rike er nær som det står i v. 31.

 

Ser vi utviklinga frå ein litt annan synsvinkel, så ser vi at Satan til slutt vert kasta ut av himmelen, altså ned frå himmelrommet. Han må då opphalde seg her nede på jorda. Mikael og englane hans, dei som dreiv han ut, vil då vere i himmelrommet. Og det er her Herren skal koma til syne. I 1. Tess. 1:10 står det difor: «…og venta på Son hans frå himlane - han som Gud vekte opp frå dei døde, Jesus, han som frir oss frå vreiden som kjem». Her er frir oss ei omsetting av greske rhuomai hemas, han som dreg oss til seg sjølv. Vidare står det apo, altså frå, bort i frå, igjen alltid i tydinga frå noko som er nær. Likeins står det i 1. Tess. 5:9: «For Gud etla oss ikkje til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus». I 1 Kor. 15:51-52 står det at vi skal verta forvandla, av greske allasso, og verta gjort lik med han og vere liksom englane. I Tit. 2:13 står det om «den sæle vona og openberringa av den store Guds og vår frelsar Jesu Kristi herlegdom». I 1. Joh. 2:28 står det slik: «Og no, born: Vert verande i han, så vi kan ha frimod når han vert openberra, og ikkje verta til skammar for han når han kjem». I 1. Joh. 3:2 står det slik: «Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal verta! Vi veit at når han vert openberra, då skal vi verta like han, for vi skal sjå han slik han er». Her må vi forstå at det er Gud som skal openberra seg ved sin Son Jesus Kristus. Ordet openberring er her ei omsetting av greske epiphaneia, av epi, frå, altså frå der han er; og phaino, å opplyse. I 2. Tess. 2:8 står det også:

 

Då skal den lovlause openberrast, han som Herren Jesus skal øydeleggja med pusten frå munnen sin, og gjera til inkje når hans atterkome vert openberra i herlegdom.

 

I grunnteksta står det:

 

kai (og) tote (når) apokaluphthesetai (dekket blir tatt av) ho anomos (den lovlause) hon (som) ho kurios (Herren) analosei (skal ta opp for seg sjølv) to pneumati (Anden) tou stomatos (munnen) autou (sin) kai (og) katargesei (nedstenge) te epifaneia (når han frå der han er lyser opp) tes parousias (eige nærvær) autou (sitt).

 

Det tyder:

 

Når den lovlause er avslørt, han som Herren sjølv skal rykke opp med sin munns Ande og gjere verknadslaus, når han frå der han er lyser opp med sitt eige nærvær.

 

I Op. 19:20-21 og Op. 20:1-3 står det slik:

 

Og dyret vart gripe, og saman med det den falske profeten. Han hadde gjort teikn for augo på dyret, og med desse teikna hadde han forført dei som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Desse to vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. Dei andre vart drepne med sverdet som gjekk ut or munnen på han som sat på hesten. Og alle fuglane vart metta av kjøtet deira. Og eg såg ein engel stiga ned frå himmelen med nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje i handa. Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år, og kasta han i avgrunnen, lét att og sette segl over han, så han ikkje lenger skulle forføra folkeslaga – ikkje før dei tusen åra var til ende. Deretter skal han sleppast laus ei lita stund.

  

Vi skal merke oss at Herrens kome, både i 1. Tess. 5:2 og 2. Tess. 2:1-2, er synonymt med Herrens dag. For det var på Herrens dag at Johannes i Anden var tilstade og såg alt det som skal skje på den store dagen. Vi skal merke oss den uheldige omsettinga i Op. 1:10, der det står: «Eg var bortrykt i Anden på Herrens dag». Det står nemlig ikkje at han var bortrykt, men egenomen en pneumati. Egenomen kjem av greske ginomai, eg var, i tydinga at han var til eller var tilstade på Herrens dag, i eller ved Anden. Ei utbredt lære er nemlig at uttrykket Herrens dag refererer til søndagen, i tydinga at han fekk openberringa si på ein søndag. Dette er vantru. Uttrykket finner vi også nemnt i Mal. 4, der det refererer til dommens dag, «den store og forferdelege» (v. 5). I Joel 3:4 står det likeins. I Jes. 13:9-13 står det:

 

Sjå, Herrens dag kjem, grueleg og full av harme og brennande vreide, for å leggja jorda aud og utrydja syndarane frå henne. For stjernene på himmelen og dei strålande stjernebileta der skal ikkje la ljoset sitt skina. Sola er mørk når ho stig opp, og månen skin ikkje. Eg vil heimsøkja jorda for vondskapen hennar og dei gudlause for syndene deira. Eg vil gjera ende på hovmodet hjå dei sjølvtrygge og kua trassen hjå valdsmenn. Eg vil gjera folk meir sjeldsynte enn fint gull og menneske meir sjeldsynte enn gull frå Ofir. Difor vil eg skaka himmelen, og jorda skal skjelva og fara opp frå staden sin ved harmen til Herren, Allhærs Gud, på den dagen vreiden hans brenn.  

 

Det er sant at Gud i tidlegare tidar har vist sin vreide, men alt tyder på at han også har planar om det i dei tidene som kjem. Her må vi forstå at så mange av oss som trur og som er audmjuke og trufaste mot Gud, vi treng ikkje å frykte for den dagen. Ei slik veldig omskifting må kome om Guds ord skal gå i oppfylling.

 

Lat oss difor vere forstandige. For vi kan ikkje vinne sjeler for Gud ved frykt og tvang. Her må vi vere førebilete for verda, som lys som skinner i mørkre. Som det står i Rom. 12:20-21:

 

Om fienden din svelt, så gjev han å eta. Om han er tyrst, så gjev han å drikka. For når du gjer det, samlar du gloande kol på hovudet hans. La ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode.

 

Lat oss vera gode hyrdar, og ikkje som ulvar som rår over hjorda med frykt og tvang. For den eine kjempar for sauanes liv, den andre vert til sauanes død. I Joh. 14:1-3 gav Jesus eit løfte til læresveinane sine:

 

Lat ikkje hjarto dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, då hadde eg sagt dykk det. For eg går bort for å gjera i stand ein stad åt dykk. Og når eg har gått bort og har gjort i stand ein stad åt dykk, kjem eg att og skal ta dykk med meg, så de òg skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen.

Thomas seier til han: Herre, vi veit ikkje kvar du går av, korleis kan vi då vita vegen? Jesus seier til han: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan ved meg.

 

Difor vart også apostlanes lære kalla Vegen, fordi den lærer oss korleis vi kan kome dit Gud er, der det er liv og overflod av liv. Visste du ikkje at Kristus måtte fordi vi må ? Vi dør for syndas skuld, og det er rettferdig. Men Kristus døde fordi vi har synda og ikkje fordi han synda. Difor kunne Gud på rettferdig vis reise Kristus opp frå dei døde. Difor må vi alle  for å oppfylle syndens og dødens lov. Men Gud kan ikkje reise opp at det gamle menneske og måtte difor skape eit nytt. Og Kristus er det nye menneske, den nye stamfar til ei heilt ny menneskeslekt. Difor må vi forvandlast og verta gjort lik med han i alle ting. Men inntil den dagen kjem lever vi ved tru, og vårt håp er at vi blir funnen verdige til å få del i det evige liv.

​

​

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 6 februar 2021.

​

Harmageddon/Megiddo
Herrens måltid (Nattverden)
Herrens attkome (gjenkomst)
bottom of page