top of page

Den rike mannen og

den fattige Lasarus (Luk. 16)

Fotothek_df_tg_0007208_Ständebuch_^_Beru

Foto: Deutsche Fotothek, Public domain, via Wikimedia Commons

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

​

I Luk. 16:23 står det om den rike mannen at «han slo augo sine opp i dødsriket, der han var i pine». Han var altså død og komen inn i ein slags åndeleg mellomtilstand. Han var ikkje i lekamen sin, så det han såg det såg han på åndeleg vis. Sjølve uttrykket dødsriket er ei omsetting av greske Hades, som tyder det usynlege. Han var altså komen inn i åndeverda. 

Vi kan merke oss at ordet pine (eng. pain) ikkje er norsk, men latinsk, og tyder straff. Vi har altså kome i den uheldige situasjonen at vi har omsett eit gresk ord med eit latinsk ord. Det er det greske uttrykket basanois, av basanos, ein her prøver å omsette. Det tyder eigentleg ein prøvestein, ein stein som vart brukt til å teste om smelteomnen var varm nok til å lutre edelt metall. Når ordet her slik sett vert brukt i overført tyding, så vil ei meir moderat omsetting vere at den rike mannen var komen i ei prøving, i ei trengsle. Han var halden inne i dødsriket lik ein prøvestein der han måtte vente til nokon tok han ut att for å bli undersøkt, for å få sin endelege dom. 

Denne usemja og forvirringa rundt uttrykka evig pine i tydinga evig tortur, baserer seg på ei misforståing, der ein truleg har blanda saman opplysningar i frå Op. 14:10-11, 19:20 og 20:10. I Op. 14:10 står det nemlig at alle dei som heldt med dyret, skal verta kasta ned i eldsjøen. Vi kan legge merke til at det står at det skal skje mens dei heilage englane ser på, i tydinga at englane skal vere vitne til at dei faktisk vert utsletta. I Op. 19:20 står det også at dei vart kasta levande i eldsjøen, som truleg har ført til tanken om dei skal leve og eksistere i eldsjøen. Somme tolkar også likninga om den rike mannen og Lasarus til å gjelde eldsjøen. I Op. 20:10 står det ytterlegare at dei skal pinast natt og dag i all æve. Her må vi forstå at keisarkyrkja hadde ei anna forståing av greske basanos enn det vi har. For dei hadde nemlig til vane å skrøyme folket med både timeleg og evig tortur. Den tortur som dei trua med, og som dei utan skam hevda at Satan og englane hans skulle utføre, det utførte dei sjølv på sine motstandarar. Men vi verken truar eller tvingar menneske til å tru. For vi har fått eit bod av Herren der det står skrevet (Op. 22:11):

 

Lat den som gjer urett, framleis gjera urett, og lat den ureine framleis verta verande urein! Og lat den rettferdige halda fram med å gjera rettferd, og lat den heilage framleis verta helga!

​

Vi tvinger difor ingen, men ber kvar enkelt innstendig om å omvende seg og tru på evangeliet! Den som ikkje vil tru, lar vi vere i fred. 

 

Også greske odunao i Luk. 16:24 vert omsett med ordet pine. Odunao tyder eigentleg å syrgje, å ha sorg. I dette verset står det slik om den rike mannen: «Då ropa han og sa: Far Abraham! miskunna deg over meg og send Lasarus, så han kan duppa fingertuppen sin i vatn og svala tunga mi! For eg lid stor pine i denne elden!». Elden er her ei omsetting av greske phlox, av phlego, som tyder skinnende kvitt lys, noko som lyser sterkt, flammande kvitt. Vi kan merke oss at Phlego i gresk mytologi var namnet på ein av dei fire hestane til sola. Det er altså eit åndeleg bilete på solas heite og den ufattelege lidinga det er å vere tyrst som er nemnt. Det er ikkje eit bilete av at den rike mannen var komen ned i eldsjøen, som i fylje Op. 20:14 er den andre døden. Det er tydleg at det her er tale om den første døden. Den rike mannen bad altså Abraham om å la han få dette ettersom han hadde det så skrekkeleg sørjeleg, sidan han var så ulykkeleg og trist, av greske odunao. Han hadde ikkje eingong litt vatn å slukke tørsten med. Han var fattig til det ekstreme. 

​

Men Abraham - som var saman med Lasarus på ein parallell tilhaldsstad langt borte, det som vert kalla Paradis - sa til den rike mannen at den fattige Lasarus ikkje lenger skulle lide vondt eller på nokon måte verta undertrykt av den rike. Dette peikar også på noko langt djupare. For det latinske ordet for Hades er Pluto, og tyder den rike. For Lasarus var ikkje lenger underlagt døden eller dødsriket. Han venta ikkje på eldsjøen, den andre døden, men på at Livets herre skulle kome og vekke opp dei døde i Kristus. 

​

Elles skal vi merke oss at det var umulig å gå frå den eine tilhaldsstaden over til den andre, fordi det dei eventuellt skulle gå over var teke bort, i tydinga at dei var skilt frå kvarandre. Dette forstår vi også av uttrykket Paradis. Greske paradeisos kan utleggast på to måtar. Den eine frå persiske pairidaeza, eit innegjerda område, ein park. Den andre er frå greske paradeisos, av para, ved siden av; dei, vere bunden til; og sos, din, ditt, ditt eige, i tydinga den parallelle verda vi er bunden til. Uttrykket vert riktignok ikkje brukt i likninga om den rike mannen og Lasarus, men vi finner det i bruk i Luk. 23:43, om røvaren på korset som fekk vere med Jesus til Paradis. Vi kan merke oss at Jesus ikkje kom til himmelen etter sin død på korset, men han kom til dødsriket. Det var dit han skulle same dag. Det same ser vi også av bruken av ordet i 2. Kor. 12:4, der Paulus skiljer mellom den tredje himmel og Paradis. Vi kjenner til to himlar som vi kan sjå med våre auge. Den tredje er usynleg. Ingen kan sjå den utan at Gud viser han det. Legg merke til at han ikkje skriver om det tredje Paradis. For Paradis eller dødsriket er den usynlege verda, i motsetning til den synlege, og slik sett kan vi heller ikkje sjå den med våre naturlege auge. Elles skal vi merke oss bruken av ordet i Op. 2:7. Der står det nemlig at livsens tre står i Paradis, noko som er med på å stadfeste kva og kvar Paradis er. I 1. Mos. 3:24 står det at Gud «dreiv mennesket ut, og austanfor Edens hage sette han kjerubane og det logande sverdet som svinga hit og dit for å vakte vegen til livsens tre». Altså er Paradis det same som Edens hage. Det er ikkje det same som himmelen. Vegen inn til denne staden er vakta av kjerubar (englar). Det er umogleg både for levande og døde å kome inn i denne hagen utan Guds løyve. For så lenge vi lever kan vi ikkje koma inn dit, dit kjem berre dei som døde i trua på Gud og lammet (Kristus).

 

Så kva tyder likninga? I konteksten ser vi at Jesus liknar farisearane med den rike mannen, mens den fattige Lasarus liknar han med Jesu læresveinar. Det var nemlig kjent for alle i Judea at Lasarus hadde vore død og at Jesus hadde reist han opp igjen frå dei døde. I Joh. 11:1-53 står det at det var frå den dagen Jesus gjorde dette at øvsteprestane og farisearane og Det Høge Rådet byrja å planlegge korleis dei skulle myrde Jesus (v. 53). Difor sa Jesus det slik i likninga om den rike mannen og Lasarus, i det han la orda i Abraham og den rike mannens munn (v. 27-31): 

​

Då sa han: Så bed eg deg, far, at du må senda han til huset åt far min - for eg har fem brør - så han kan vitna for dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden. Men Abraham seier til han: Dei har Moses og profetane. Lat dei høyra dei! Men han sa: Nei, far Abraham! Men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vil dei venda om. Men Abraham sa til han: Høyrer dei ikkje Moses og profetane, då vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.

 

Det Jesus her sa var svært treffande. Han visste kva dei tenkte og han avslørte dei. Det triste her er at dei ikkje omvendte seg.

 

I Luk. 16:14 ser vi at farisearane var pengekjære, ei omsetting av greske filarguroi, av filos, kjær, holde av, vere glad i; og arguros, av argos, det som skinner. Dei elska gull og sølv, pengar. Dette er ein lidenskap og ei lyst som også driver mange kristne den dag i dag. Dei har rett og slett ikkje sansen for det som har med Gud å gjera. Jesus kom utsendt frå Gud. Han var ein rettferdig mann og rekna på rettferd vis. Det hadde han lært av sin Far i himmelen. Han lærte folket at om dei hadde alt dei trengte til, då skulle dei vere fornøgde med det. Men fordi denne verda er vond, forkaster dei også «Guds vilje, det gode, det som Gud har hugnad i, det fullkomne» (Rom. 12:2). Dei rike har sjølvsagt rett i at dei fattige også er vonde. For hadde situasjonen vore omvendt, og dei fattige hadde vore dei rike, ja, då var det same sak. Poenget er heller at så lenge den fattige ikkje kan sette sin lit til penger, så er det større håp for den fattige enn for den rike, at han vil sette sin lit til Gud, slik som i tilfellet med den rike mannen og Lasarus. Vi høyrer dei rike seie: «Eg er fanga av rikdomen min, og eg må tene han, dag og natt». Men det hadde vore betre om han hadde vore fanga av Herren, som det står i Salme 1:

 

Sæl er den mannen som ikkje ferdast etter råd frå gudlause menneske og ikkje står på vegen saman med syndarar og ikkje sit i sete med spottarar, men har si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. Han skal vera lik eit tre, planta ved rennande bekker. Det gjev si frukt i si tid, og blada på det visnar ikkje. Alt det han gjer, skal han ha lukke med. 

 

Slik er det ikkje med dei gudlause. Dei er lik agnar som vinden blæs bort. Difor skal ikkje dei gudlause stå seg i domen, og ikkje syndarar der dei rettferdige samlast. For Herren kjenner vegen åt dei rettferdige, men vegen åt dei gudlause fører til undergang.

 

Nokre argumenterar slik: «Men eg gjer då ikkje slik dei ugudelege gjer, dei som driv med hor og kriminalitet. Eg held meg borte ifrå fyll og skrål. Det er desse andre som er dei ugudelege, ikkje eg». Men mange av dei som er fanga av slikt som den rike her påpeikar, ber kanskje Gud kvar dag om å kome seg ut av trældomen sin. Men ber den rike om det? Jesus sa: «Ingen kan tena to herrar. For han vil anten hata den eine og elska den andre, eller han vil halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon». Tenk på den andre rike mannen som er nemnt i Matt. 19:16-22, han som kom til Jesus og etter lova var rettferdig. Han ville ha svar på spørsmålet sitt: «kva godt skal eg gjera for å få evig liv?». Til det svara Jesus: «… vil du gå inn til livet, så hald boda!». Ja, dette hadde han gjort, og spurte difor: «Kva er det då som vantar meg?». Då svara Jesus:

 

Vil du vera fullkomen, gå då og sel det du eig og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg. Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sorgtung bort, for han var svært rik.

 

Det var altså umogleg for den rike mannen å sette sin lit til Gud og gjere hans gjerningar.

 

Men likninga har ei djupare tyding. For uttrykka rik og fattig går på evna eit menneske har til å produsere noko ein kan selge for pengar, noko ein kan få utbytte av, noko ein kan forvalte. Dersom vi også skal forstå dette i overført tyding, så siktar det til evna farisearane hadde til å skaffe seg kunnskap og til å forvalte det som var eller iallfall skulle vere verdifullt i det samfunnet dei levde i, nemleg Guds ord. I Matt. 23 refsar Jesus dei skriftlærde og farisearane, fordi dei flittig las opp og la ut ifrå skriftene, men dei gjorde ikkje det som sto der. Kvifor ikkje? Fordi dei var vonde. Dei ville ikkje gjere det Gud sa. Difor sa også Jesus høgt til dei så alle kunne høyre det: «Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar, som stengjer himmelriket for menneska! Sjølv går de ikkje inn, og dei som er i ferd med å gå inn, tillèt de ikkje å gå inn» (v. 13). Kva meinte han så med det? Ja, dette var folkets leiarar, og når dei ikkje tok imot Herren hindra dei også resten av folket til å fylje Herren sin Gud. For sjølv satt dei på all slags frelsande kunnskap, men dei heldt likevel folket sitt nede i kunnskapsløyse, og var meir opptekne av det jordiske enn det himmelske. Når Jesus difor lærer at det også skal vere eit svelg mellom dei som skal få sin del i Paradis og dei som få sin del i dødsriket, så peikar det også på noko langt større. For leiarane i folket var rike på kunnskap, og hadde slik skapt eit skilje mellom seg sjølve og folket, dei som var fattige på kunnskap. Men Gud sjølv, ved sin eigen Son, hadde teke folket i lære og gjeve dei av sin Ande, slik at dei vart liksom profetane frå gamal tid. Det skiljet slike leiarar skapar skal difor fylje dei ned i dødsriket. Då skal det vera umogleg for den eine part å gå over til den andre. Lat oss difor ikkje vere lik farisearane, men etterlikna Paulus og stemme i saman med han (2. Kor. 2:14-17):

​

Men Gud vere takk, som alltid lèt oss vinna siger i Kristus og openberrar angen av kunnskapen om han på kvar stad ved oss. For vi er Kristi gode ange for Gud, mellom dei som vert frelste, og mellom dei som går fortapt. For dei siste ein ange av død til død, for dei fyrste ein ange av liv til liv. Og kven er vel dugande til dette? For vi er ikkje, liksom mange andre, slike som forfalskar Guds ord for å tena på det. Nei, i reinleik, ja, som av Gud, talar vi for Guds åsyn i Kristus.   

 


Synd, død, straff og pine

Til slutt skal vi sjå nærare på forhalda mellom desse uttrykka. For som vi veit kom døden som fylje av syndefallet. I 1. Mos. 2:16-17 står det at Gud sa til mennesket: «Du kan fritt eta av kvart tre i hagen, men treet til kunnskap om godt og vondt, må du ikkje eta av, for den dagen du det gjer, skal du visseleg døy». Det som var synd var at mennesket ikkje gjorde som Gud sa og at dei difor måtte dø. Fordi Gud også hadde satt mennesket til å råde over alt som lever, fekk døden herredøme over heile skapinga. Vi ser også at Gud på si side ville gjera det gode, men at fienden hans, Satan, gjorde det vonde. For det var han som lokka mennesket til å gå imot Gud og det gode. Fordi mennesket gjorde seg skuldig i dette, fekk dei heller ikkje ete av livets tre, slik at dei kunne vere uforgjengelege og leve evig. Difor herskar døden over oss alle no, og vi står heile livet igjennom i fare for å dø, kort og godt fordi vi er dødelege. I 1. Mos. 3:19 står det at mennesket skulle leve slik «heilt til du vendar attende til jorda».

 

Det er verkeleg synd at det må ende slik. Men for den som har levd lenge nok og som har fått stor visdom, han eller ho forstår at Gud likevel er god som har latt mennesket få ein ende. For mykje vondskap har dei gjort på jorda. Og fordi mennesket vil gjere det vonde framfor det gode, er menneska også kvarandre sine fiendar. For det som er godt - at vi skal elske kvarandre - det gjer vi ikkje. For våre lyster og lidenskaper vekkjer all slags urett i oss. Ei slik vond lyst, er lysta til å drepe. Gud har lova å hemne alle morda på jorda ved ein hemnar. Eit liv for eit anna. Sjå 1. Mos. 9:5-6. Den lova gav han også til Israelsfolket. Sjå 3. Mos. 24:17 og 4. Mos. 35:16-34. Sverdet har Gud gjeve til styresmaktene og sjølv skal han ta hemn over all den vondskap styresmaktene sjølv utfører. Det var f.eks. ei vond lyst som fekk dømt Sadrak, Mesak og Abed Nego til døden (Dan. 2). Gud var likevel god mot dei tren då dei vart kasta levande inn i eldomnen. Dei overlevde som fylje av «lova åt Livsens Ande», fordi dei fann nåde hos Gud og slik vart berga. Dei kom levande ut av elden, her i bokstaveleg tyding. Dette er altså eit førebilete på vår frelse frå dødens makt. For Gud lova ikkje mennesket noko anna enn at det skulle dø, og døden er slik ei oppfylling av det ordet Gud har sagt. Slik var det også då Daniel vart kasta til løvene. Lova til Darius var god, men dei vonde tenarane til kongen la ei felle for Daniel, slik at kongen måtte oppfylle si eiga lov og avrette Daniel, endå han elska Daniel. Men kongen bad til himmelens Gud for Daniel og då dødsdomen var fullbyrda viste det seg altså at Daniel fekk behalde livet. Slik er det også med oss. Alt det Gud har lova eller gjeve løfte om utover dette livet, er knytt til eit anna menneske, det nye. For ved dette mennesket, Jesus Kristus, har det gamle mennesket vorte skifta ut. For Jesus frå Nasaret var eit menneske liksom oss, men utan synd. Han vart myrda og avretta for menneskas vonde lysts skuld. Men døden kunne ikkje halde på han, liksom døden kunne med den rike mannen. Difor er det for kvar den som trur eit håp om evig liv, om vi trur på Gud, han som har skapt oss og som kan omskape oss på nytt.   

Elles skal vi vite at det er to ulike oppstode frå dei døde, liksom det også to former for død. Den første oppstoda er nemnt i Op. 20:4-6 og skal skje før dei tusen åra i enden. Den andre døden er nemnt i Op. 20:11-15. Om denne står det at dei som er i dødsriket skal kome fram for Guds trone å verta dømde. Dette skal skje etter dei tusen åra i enden. Dei som ikkje var skrevet opp i «livsens bok, vart kasta i eldsjøen» (v. 15). Difor heiter det at eldsjøen er «den andre døden» (v. 14). Legg merke til at det står den andre thanathos og ikkje Hades. For i eldsjøen skal dei som ikkje skal arve livet, forsvinne ut av syne og dø for andre gong. Då skal dei aldri meir vere blant dei levande, og elden skal fortære dei. Då er det ikkje noko håp om meir liv. Altså skal dei som ikkje trudde og som ikkje vendte om medan dei levde, først vere i dødsriket ei kort tid, i den første døden, der dei er lik prøvesteinar. Og først sidan skal dei verta kasta i eldsjøen, den andre døden, som er evig. Der skal dei også vere lik prøvesteinar, men då skal dei smelta bort og forsvinne ut av syne for evig og alltid. Noko liknande skal skje med dei som døde i trua på Gud og lammet og på Kristus. Også dei skal lutrast i eld, for Gud er ein fortærande eld. Då skal alt det som høyrer den gamle skapinga til forgå, og vi skal stå framfor Gud i ein ny lekam. Vi skal verta liksom gull, lutra i eld. Likeins skal dei som har forkasta Gud verta avkledde, til lekam, sjel og ånd, til evig avsky, og skal ikkje verta ikledd noko nytt. Dei skal stå nakne framfor domstolen. På same måte skal vi som trur verta avkledde, men ikledde herlegdom, Guds herlegdom. Difor skal ikkje Gud døme oss for vårt tidlegare liv når vi står for domstolen, med unntak av det Herren har gjort ved oss. Som det står i 1. Kor. 2:2: «For eg ville ikkje vita av noko hjå dykk, utan Kristus Jesus, og han krossfest». For det som ikkje er av den gamle skapinga, det er i denne tid Guds gjerninger ved oss, ved Den Heilage Ande. Alt det andre kjem under domen, den første døden.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 5 februar 2021.
 

bottom of page