VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Bibelleksikon

Åndelege gåver/det åndelege

Det greske uttrykket pneumatikos, det åndelege, kjem av pneuma, og tyder ein straum av luft, av pneo, i tydinga å blåse hardt.

 

Denne krafta eller evna (gr. dunamis) var det læresveinane skulle vente på, i fylje Apg. 1:8. Det var den som skulle gjere deira døyelege lekamar levande og verksame i Gud og i Guds kraft. For då det gamle mennesket vart forma av mold frå jorda, var det også utan gjerningar før Gud pusta sin livspust inn i det og det tok sitt første andedrag. Den gongen vart det ikkje fylt av Guds Ande, men av luft. Men om det nye mennesket i Kristus står det: «Dersom Kristus bur i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er liv på grunn av rettferd» (Rom. 8:10). Ånda skal her vere skrevet med stor Å eller A, i tydinga Den Heilage Ande. Sjå etter i konteksten. For det står at vi skal rekne oss som døde med Kristus og døypast til han i dåpen, og ved trua høyre til i ein ny lekam. Og vi er levande og verksame ved Guds Ande, ved Guds nåde. Liksom Adam var hovudet for det gamle mennesket, er Kristus hovudet for det nye. For vi er alle hans lemar, anten vi er mann eller kvinne. Saman skal vi alle underordna oss han. Sjølv er han underordna Gud, sin Far. I den nye pakta er det ingen mellom Kristus og kvar enkelt truande (1. Tim. 2:5-6). Men dersom nokon lærer noko anna, så er det eit menneskepåfunn, og ikkje i tråd med Guds ord.

 

I 1. Kor. 12:1 står det: «Når det gjeld dei åndelege gåvene, brør, vil eg ikkje at de skal vera uvitande». Det står eigentleg det åndelege, pneumatikos. Tidlegare hadde grekarane vorte «dregne og rivne med til dei stumme umælande avgudane» (v. 2), slik skikken var blant folkeslaga. Eigentleg står det: «De ser at de brukte å stå framfor dei stemmelause bileta, som leia dykk vill». Vi ser altså at Paulus ikkje gjer forskjell på dei gamle greske avgudsbileta og dei nye ortodokse og katolske avgudsbileta. Her må vi ikkje skikka oss lik denne verda, som dyrkar og gir menneske ære, og ikkje Gud. Eit nøktert tilbakeblikk på kyrkjehistoria viser oss at keisaren og hans menn gjekk imot Guds ord når dei gav avgudane sine nye namn, og gav avgudstenesta nye ordningar. Slik forførte dei mange tilbake til stumme avgudar og døde avgudstenester, utan Gud og utan Guds Ande. I ein slik tradisjon er det også vi møter Luther, i det han påkallar avguden Annas namn på heimvegen og lover ho å vie sitt liv til klosteret. Luther var altså ein avgudsdyrkar og det var også hans utgangspunkt i møte med Guds ord. Det er riktig at han delvis tok eit oppgjer med avgudsdyrkinga. Han meinte at det var umulig å kvitte seg med alt dette i hans levetid. I fylje kyrkjehistoria vart dei siste avgudsbileta i norske kyrkjer fjerna så seint som på 1800 talet, men då er det klart at avbileta av Jesus er unnateke. Dei heng i kyrkjer og bedehus til denne dag. Så har ein altså ikkje greidd å kvitte seg med dette i løpet av 500 år!!! Men Paulus formana altså korintarane, for snart 2000 år sidan (!!!), å fornye sinnet sitt og la seg drive av Den Heilage Ande. Det er difor på høg tid at vi vender oss bort frå denne verdas vantru, og tek imot Guds nådegåve. For vi har alle lest og høyrt at det står skrevet (Joh. 1:12): «Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans». Men det står også skrevet (Rom. 8:14): «For så mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born». I v. 15-16 står det også: «…de fekk Barnekårsanden, som gjer at vi ropar: Abba, Far! Anden sjølv vitnar saman med vår ånd at vi er Guds born». Ingen kan verta ei ny skapning eller rekna seg som eit Guds born, utan å la seg fylle av Guds Ande. For utan Guds nådegåve er alt ved det same gamle. Men på pinsefestens dag lærte Peter det jødiske folk, som hadde fått med seg at læresveinane vart fylt med Den Heilage Ande: «Vend om, og lat dykk alle døypa på Jesu Kristi namn til forlating for syndene, så skal de få Den Heilage Ande i gåve». For dei hadde høyrt og sett at læresveinane vart «fylte med Den Heilage Ande, og dei tok til å tala i andre tunger, alt etter som Anden gav dei å tala» (Apg. 2:4). I 1. Kor. 12:3 står det: «Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: Forbanna er Jesus! - Og ingen kan seia: Jesus er Herre! - utan i Den Heilage Ande».

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 23 september 2016.

 

 

Åndsdåpen

Ei omsetting av greske pneuma, av pnev, luft i rørsle, luftstraum, ånde; og greske baptizo, dåp, av bapto, å velte, å rulle noko rundt, dykke, duppe, i tydinga å bli omslutta av noko. Bapto kan kome av førindoeuropeiske gwabh, som tyder å dyppe, å senke. Uttrykket åndsdåp er ei forenkling av ordlyden slik vi finner den i Bibelen.

 

 

Åndsdåpen

I fylje Matt. 3:11 sa døyparen Johannes dette til farisearane og saddukearane då dei kom for sjå på dåpen hans (samanlikn med Mark. 1:8, Luk. 3:16, Joh. 1:33):

 

Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg - eg er ikkje eingong verdig til å bera skorne hans! Han skal døypa dykk med Den Heilage Ande og eld.

 

Som vi ser av v. 12 og likeins Luk. 3:7-22 er elden her ein referanse til domen. Gehenna og eldsjøen er også ein dåp, men då til den andre død og evig fortaping. Vi skal ikkje bli døypt med eld, slik somme lærer, men med Guds Ande.

 

Jesus kom også til Jordan for å verta døypt av Johannes. Då han hadde døypt han i vatn, kom Den Heilage Ande over Jesus og Anden vart verande over han. Sidan lærte Jesus læresveinane sine om Anden som skulle kome over dei. I Joh. 20:22 står det slik: «Og då han hadde sagt dette, anda han på dei og sa: Tak imot Den Heilage Ande!». Likeins i Agj. 1:5: «de skal verta døypte med Den Heilage Ande ikkje mange dagar heretter». I Apg. 2:1-4 kan vi lese om denne dåpen i Anden:

 

Og då dagen for pinsefesten var komen, var dei alle samla på same staden. Då med eitt kom det ein lyd frå himmelen som når eit sterkt stormvêr fer fram, og fylte heile huset der dei sat. Og det viste seg liksom eldtunger for dei, som delte seg og sette seg på kvar einskild av dei. Då vart dei alle fylte med Den Heilage Ande, og tok til å tala i andre tunger, alt etter som Anden gav dei å tala.

 

Her kan vi merke oss at Den Heilage Ande fylte (gr. pleroo) heile huset, og at alle slik vart døypte i Anden. Alle som var tilstade anda inn og tok imot Den Heilage Ande. Det er også slik vi må forstå 1. Kor. 12:13: «For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie. Og vi har alle fått éin Ande å drikka». Likeins i 1. Kor. 10:1-4. I Rom. 8:11 står det også:

 

Men dersom hans Ande som reiste Jesus opp frå dei døde, bur i dykk, då skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekamar levande ved sin Ande, som bur i dykk.

 

Med dette meinar han at vi må verta døypte med Anden, dersom Gud ved Anden, Guds Ande, skal få verke i oss gjerningar som han har behag i. Det er også slik at vi ved den same Anden skal verta levande igjen og forvandla når Herren kjem igjen.

 

Døypt til å vera eit

I 1. Mos. 2:7 står det at Gud av jorda forma ein lekam i sitt bilete og blæste sin livspust inn i den første Adam, som då vart ei levande skapning. Frå denne eine lekamen har vi alle vorte levande skapningar, ifrå den same livspusten. Men døden kom inn i verda på grunn av Adam og Evas synd, og ettersom synda trengte gjennom til alle menneske, så er det slik at alle levande skapningar må . Dette er fordi dei alle er like og kjenner og gjer både godt og vondt.

 

Så dersom vi trur at det verkeleg er slik, då kan vi også rekne oss med til Kristi død og til hans oppstode frå dei døde. For den same Gud som skapte Adam, gav også avglansen av sin eigen «herlegdom og biletet av hans vesen» (Heb. 1:3) ein lekam, lik den vi har, men utan synd. Og liksom Adam fekk ein son i sitt bilete, «ein son som likna han som hans eige bilete» (1. Mos. 5:3), kalla Gud denne Jesus som likna på Han for sin Son. For slik står det skrevet: «Og sjå, det høyrdest ei røyst frå himmelen: Dette er Son min, som eg elskar! Han som eg har hugnad i» (Matt 3:17). Guds Son, Jesus Kristus, var ei ny skaping, ulik den gamle som hadde synda. Difor kunne ikkje døden halde på han, og Gud kunne på rettferdig vis reise Kristus opp igjen frå dei døde. Dette er sjølve utgangspunktet for vår nye fødsel. Men dersom Gud også skal reise oss opp igjen frå dei døde, då kan vi ikkje lenger vere lik den første Adam, vi må bli lik den siste Adam. Difor er også vår oppstode frå dei døde og vår forvandling - når den tid kjem - rettferdig.

 

Men skal vi som i tru reknar oss med til den nye skapinga, framleis ha som drivkraft den ånda som er verksam i den første skapinga? Den som driver alle menneske på jorda? Vantruas ande? Nei! Det er heilt klart og tydleg ei vranglære. Det er klart at så lenge vi lever i syndelekamen, så er vi kjøt og blod og livspust. Men vi har fått ei gåve av Gud, ein pant på arven, og det er Den Heilage Ande. Lat oss difor ta imot Guds nådegåve og ikkje lenger stå Gud imot. I Rom. 8:11 brukar Paulus uttrykket lekamer i fleirtal, altså at alle dei som er døypt til Kristus, utgjer ein lekam, altså i eintal, saman med han. Det er slik Gud reknar. Sjølv om vi framleis bærer på syndelekamen, det gamle menneske, det som skal , så reknar Gud oss likevel som levande ved Den Heilage Ande, for det står: «så mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born». Her må det altså vere samsvar mellom det vi er i Kristus, både i døden og i livet.

 

Av den same Anden

Kristi død vert populært kalla korset, Golgata. Men her er eg redd mange misforstår. For korset siktar her til at ingen kan vere gudsfryktig i Kristus Jesus, i denne verda, utan å verta forfylgde. Forfyljinga er konsekvensen av at vi frykter Gud og Herren Jesus Kristus meir enn menneske. Dette er lett å misforstå. For dei som står utanfor er stort sett likegyldige til vår Herre Jesu Kristi lære, så lenge vi ikkje forfyljer dei, slik mange kristne har for vane. På misjonsmarka kan ein sjølvsagt oppleve forfyljing av dei utanfor. Men her er det tenkt på forfyljing frå dei som er innanfor. Dei som forfyljer dei gudsfryktige, er dei som vil ha Guds makt og som slik sett er Satans born. Desse står fram midt i blant dei utkalla (gr. ekklesia) og er liksom ulvar som tek dei til å herske over saueflokken på ukjærleg vis. Desse må vi vakte oss for.

 

Vi må også erkjenne at den same Anden som reiste Kristus opp frå dei døde, er den same Anden som dreiv Jesus til si gjerning i Israel, ein nasjon blant mange nasjonar. Det var dette folket som først reiste seg opp imot Gud. Fordi dei ikkje tålte at Gud tala til dei ved Moses. Det var også ved den same Anden at Gud tala til fedra deira ved profetane, dei som vart forfylgde like inntil døden for sine profetord. Jesus rekna seg sjølv blant desse profetane. Men høyr! Det er den same Anden som fyller Guds tenarar i dag, og den same Anden som forkynner evangeliet til alle folkeslag. Og heller ikkje blant nasjonane vert Guds ord tålt. Dei mange framstår med eit skin av gudsfrykt, men dei støter seg på dei som trur, dei som er overtydde om det som står skrevet, det dei forkynner. For Guds ords skuld vert dei forakta som vranglærarar, både utanfor og innanfrå.

 

 

Pinse

Det står at Den Heilage Ande kom ned frå himmelen, frå Gud og frå Herren Jesus Kristus. Då Anden kom over læresveinane byrja dei å tale i tunger. Pinsehøgtida skulle feirast femti dagar etter påskedagen (pinse eller pentacoste, tyder femti), for på den femtiande dagen skulle jødar frå heile verda samlast i Jerusalem. Dette er ei høgtid for dei messianske jødane, ei høgtid dei av Moselova er bunden av, liksom påska. I 1. Kor. 14:21-22 står det difor:

 

I lova står det skrive: Ved folk med andre tunger og ved framande folks lepper vil eg tala til dette folket, men ikkje då eingong skal dei høyra på meg, seier Herren. Så er då tungene til eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande.

 

For det første skal vi merke oss ein feil i denne omsettinga. For det står ikkje at andre folk skal tale til dette folket, som om tungetala berre gjaldt ei naturleg evne. 1. Kor. 14:21-22 siktar altså blant anna til det som hendte på pinsefestens dag. For det står at dei jødane som var samla i nabohusa med eitt høyrte at læresveinane «tala om Guds storverk» på dei tungemåla (språka) dei var kjent med frå der dei til vanleg levde blant folkeslaga. Dei som ikkje forstod at dette verkeleg var ekte språk spotta difor og sa at dei berre var fulle av vin (v. 13). Men dei som forsto orda forsvarte dei, og sa: «vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!». Alle jødar som er kjent med og som trur på skriftene, må erkjenne at det berre er Gud i himmelen som kan forvirre tungemåla (1. Mos. 11:1-9). Peter sto difor fram og minna dei om profeten Joels ord, om at Gud i «dei siste dagar» ville utause av sin Ande «over alt kjøt» (Joel. 3:1, Apg. 2:17-18).

 

Deretter lærte Peter dei om Jesus frå Nasaret som «Gud peikte ut for dykk gjennom kraftige gjerningar, under og teikn som Gud gjorde ved han midt i mellom dykk, som de sjølve veit» (v. 22). Mange forstod då det vonde som var gjort og lurte på korleis dei skulle gå fram for å verta forlikte med Gud og få del i Anden. I fylje Apg. 2:38 lærte Peter dei at dei først måtte venda om (gr. metanoeo), i tydinga å erkjenne sanninga, å ta inn over seg realitetane, der og då, og late seg «døypa på Jesu Kristi namn til forlating for syndene, så skal de få Den Heilage Ande i gåve». For vi skal altså ikkje berre rekne oss som døde for å undertrykke våre lyster og lidenskapar og slik framstå meir fromme enn andre. I Rom. 8:5-10 åtvarar Paulus oss om å berre vere i kjøtet, altså vere verksame i kraft av vår eigen ande, vår eigen livspust:

 

For dei som er etter kjøtet, trår etter det som høyrer kjøtet til. Men dei som er etter Anden, trår etter det som høyrer Anden til. For det som kjøtet trår etter, er død, men det Anden trår etter, er liv og fred. Det kjøtet trår etter, er fiendskap mot Gud, for det er ikkje lydig mot Guds lov, kan heller ikkje vera det. For dei som er i kjøtet, kan ikkje vera Gud til hugnad. Men de er ikkje i kjøtet, de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men om nokon ikkje har Kristi Ande, då høyrer han ikkje Kristus til. Dersom Kristus bur i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er liv på grunn av rettferd.

 

Dersom vi verkeleg vil leve Andens nye liv - og ikkje eit liv etter kjøtet, det som Gud har gjeve ein dødsdom og som ikkje er til Hans behag - lat oss då døype i Anden, lat oss verta åndsdøypt, slik at Gud kan drive oss til den gjerning Han har behag i.  

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 16 februar 2021