top of page

JOHANNES' TREDJE BREV

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

​

Brevet er skrevet til ein mann ved namn Gajus. Ein Gajus, ein makedonar frå byen Derbe i Lille Asia, er nemnt i Apg. 19:29 og 20:24. Han var ein av Paulus’ nære medarbeidarar og kan vere den same som er nemnt i 1. Kor. 1:14, som ein av dei Paulus sjølv døypte. Det kan i såfall vere ein indikasjon på at han ikkje er den same Gajus som er nemnt i dette brevet.

 

Vi får elles lite informasjon om kven som faktisk skriver til han. I Johannes' andre og tredje brev kallar forfattaren seg berre for den eldste. I Johannes' første brev er det derimot ein del indikasjonar på at han som skriver er apostelen Johannes. Det er også tydleg at både andre og tredje brev har same forfattar. Det viser blant anna bruken av det greske ordet antichristos, antikrist, som vi berre finner i Johannes' første og andre brev.

 

Johannes rekna Gajus for å vere eit av «borna» sine (v. 4), av greske tekna, av teknon, av ei rot som uttrykker noko som har kosta noko, noko som er verdifullt i eins eigne auge. I den oldgreske verda vart uttrykket brukt i kontekstar som hadde med trøyst, formaning og irettesetting å gjere. Alle foreldre veit at oppdraging er eit slit, men at det løner seg på sikt og at det er ei svært god investering. I overført tyding er Gajus ein som Johannes har trøysta, formana og irettesatt i hans modningsprosess som kristen. Han kallar han også for «min kjære Gajus, som eg elskar i sanning» (v. 1). Både kjære (agaopeto) og elskar (agapo) kjem av greske agape, som er denne kjærleiken som føretrekker og som har nokon så kjær at han er villig til å bære over med han, slik at han er omsynsfull og at han kan underordne seg sin neste til felles beste. Det står at Johannes gleder seg over at også Gajus har ein slik kjærleik (agape) til dei utkalla.

 

Men blant dei truande der på staden var det ein mann som ikkje hadde slik kjærleik til sine eldre (jødiske) brør og som ikkje ville ta imot dei. Johannes skriver at han hadde prøvd å skrive til dei, men at ein mann som heitte Diotrefes ikkje ville at dei skulle koma dit. Han stoppa også dei som ville ta imot brørne og fekk dei kasta ut frå dei utkalla. Hans namn, Diotrefes, tyder han som er gjort ubøyeleg av Zevs, han som er fostra av Zevs. Det står at han «gjerne vil vera den fremste mellom dei», frå greske filoproteuo, av filos, likar, elskar, har kjært; og proteuo, fremst, å vera fremst. Johannes skriver til Gajus at han ikkje må ta etter ein slik oppførsel, som er av det vonde, men at han må halde fram med å gjere det gode. Han skriver: «Den som gjer det gode, er av Gud. Den som gjer det vonde, har ikkje sett Gud» (v. 11). Med ein som ikkje har sett Gud meinar han eit menneske som ikkje har erfart Gud og som ikkje kjenner kven Gud er. Men for den som lid vondt og som ikkje løner vondt med vondt, han skal få løn for sitt tolmod, om han held ut. I v. 10 står det at Diotrefes «baktalar oss med vonde ord». Her kan vi merke oss at baktale er ei omsetting av greske phluareo, av ei rot som tyder å boble, ein som pratar mykje. Vonde er ei omsetting av greske poneros, som tyder smertefulle og harde, frå ei rot som tyder å verta stiv, i overført tyding å dø. Ord er ei omsetting av greske logos, av ei rot som tyder å leggje ut, i tydinga å overbevise. Diotrefes var altså ein mann som tala mykje med dei andre og langa hardt ut mot brørne, i tydinga at han gjorde stor skade, i håp om legge forhaldet dødt mellom dei. Johannes skriver til Gajus for å åtvara han om at han kjem og at han då skal han gå i rette med Diotrefes og alt det vonde han gjer. Den spente situasjonen minnar oss om profetorda i Op. 2-3, der Herrens ord vart gitt til dei utkalla som heldt til i Lille Asia.

 

Johannes skriver også om ein mann som heiter Demitrius som «har godt vitnemål av alle, ja, av sanninga sjølv» (v. 12). Her blir vi presentert for uttrykket sanninga, av greske aletheia, av den negative partikkelen a; og lanthano, det som ligger skjult, altså det ikkjeskjulte. På norsk omsett med sanning, i tydinga noko ein kjenner igjen, noko ein ser og legger merke til. På engelsk omsett med truth, som har same rot som det norske tru, som vert brukt for å omsette greske pistis, det ein er overtydd om. Det vart lagt merke. Det var ikkje skjult for nokon. Johannes gav han difor si anbefaling.

 

Alt dette viser oss at apostlane og læresveinane allereie i den første kristne tida kunne hamne på utsida, på sidelinja, og at ulvar, altså grådige menn, herska over flokken ved å spreie frykt og angst mellom læresveinane (Apg. 20:28-38). Apostlane hadde likevel ikkje noko val. Dei måtte overgje det dei hadde strevd med og sette sin lit til at det dei hadde gjort i mellom dei var nok til at iallfall nokon vart berga, i det dei sette sin lit til Herren Jesus Kristus, den sanne hyrden, og ikkje til ulvar, som elskar å herske over andre. Slik må også vi overgje den enkelte til Gud og seie med Johannes: Fred vere med dykk! Guds fred! Vi må bevare freden i mellom oss og ikkje gjere vondt mot dei som gjer vondt mot oss. Då har vi berre oppnådd å gjera vondt sjølv, noko også den vonde vil oppleve som vondt. Som det skrevet står (Rom. 12:9-21):

 

Lat kjærleiken vera utan hykleri! Avsky det vonde, hald fast ved det gode. Ver varmhjarta mot kvarandre i brorskjærleik! Kappast om å heidra kvarandre! Ver ikkje lunka i dykkar iver! Ver brennande i ånda, ten Herren! Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, uthaldande i bøna! Kom dei heilage til hjelp i deira naud. Legg vinn på gjestmilde! Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna, og forbanna ikkje! Gled dykk med dei glade, og gråt med dei som græt! Ha eitt hjartelag innbyrdes! Trå ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge! Ver ikkje sjølvkloke! Gjev ingen att vondt med vondt! Legg vinn på det som godt er, for augo på alle menneske! Om det er mogleg, så hald fred med alle menneske, så langt det står til dykk! Hemna dykk ikkje sjølve, mine kjære, men gjev rom for vreiden. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg vil gje attergjeld, seier Herren. Om fienden din svelt, så gjev han å eta. Om han er tyrst, så gjev han å drikka. For når du gjer det, samlar du gloande kol på hovudet hans. La ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode.

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 12 november 2017.

bottom of page