Rett lære og kjetterske meninger

s3_V0041000_V0041892.jpg

An auto-da-fé of the Spanish Inquisition: the burning of heretics in a market place. Tregravering av H.D. Linton etter Bocourt etter T. Robert-Fleury. Wellcome Collection. Creative Commons Attribution (CC BY 4.0) terms and conditions

https://creativecommons.org/licenses/by/4.0

«Rett lære og kjetterske meninger» var tittelen på boka til Nils Alstrup Dahl (1911-2001), ein presteson og teolog frå Vestre Aker (Oslo). Han var professor i Det nye testamentet både ved Universitetet i Oslo (1946-1965) og seinare ved Yale Universitetet i USA (1965-1980).

 

Alstrup Dahl var av det sjeldne slaget. Store Norske Leksikon skriver: «Han representerte en kritisk uavhengighet i teologien, ikke bundet til noen bestemt retning». Norsk biografisk leksikon skriver:

 

Han kombinerte teologi med en sterk samfunnsinteresse, han inspirerte prester så vel som radikale religionshistorikere, alltid selvstendig og uavhengig av skoleretninger. Han var alltid opptatt av sentrale teologiske temaer om Gud, Jesus og kirken, men stilte radikale spørsmål og var åpen for å bruke en rekke ulike metoder. Som skarp intellektuell og samtidig from kristen kan han ikke lett settes i bås.

 

«Rett lære og kjetterske meninger» kom ut i 1953 og inneheldt ei rekkje tidlegare publiserte artiklar. Dahl prøvde å vise kompleksiteten i dei emna som vart debattert av dei stridande partane i det teologiske fagmiljøet. Dette er eit viktig poeng vi ikkje kan oversjå. I forordet skriv han:

 

Den livlige debatt som i løpet av året 1953 har vært ført om kirkelige og teologiske problemer, har vist at der eksisterer et stort og utilfredstillet behov for nøktern og saklig redegjørelse om slike spørsmål. For oss som mener at vi har arbeidet oss bort fra såvel de «liberale» som de «konservative» posisjoner fra kirkestridens høydepunkt i de første årtier av det tyvende århundrede, har det virket beskjemmende at hverken «kristenfolket» eller den «opplyste almenhet» har fått noe klart bilde av at der er skjedd noe i teologien siden dengang. Denne samlingen av artikler og foredrag ville ha fylt sin oppgave, om den kunne bidra til at dette ble klart, slik at en ikke blir sittende fast i foreldede problemstillinger og uekte alternativ, som om der ikke skulle eksistere andre muligheter enn de gamle konservative og liberale retninger i teologien.

Bokens tittel er kanskje litt pretensiøs. Noen vil sikkert finne at jeg på forskjellige punkter ikke er fullt ortodoks. Like sikkert vil andre bli skuffet over hva der måtte være av kjetterske meninger, og finne at der er lite sprett på kjetteriene. Selv innrømmer jeg villig at den antagelig mangler meget på at jeg har gjort evangeliets rene lære gjeldende med den rette kraft, klarhet, glede og frimodighet. Det er også mulig at jeg sitter for meget fast i vedtatte standard-meninger. Derimot vil jeg ikke kunne være enig eller ta kritikken til meg, om noen vil hevde at det er prinsipielt umulig å forene «rett lære» med «kjetterske meninger». En ting har jeg bestrebet meg på: en redelighet som ikke tilpasser det kristne budskap etter menneskers ønsker, men som heller ikke legger skjul på de reelle problemer og vanskeligheter teologien må arbeide med, om den vitenskapelige samvittighet skal bevares ren.

Samlingen spenner over et nokså vidt felt, fra bibelvitenskap i populær form til oppbyggelige foredrag, og streifer også inn på den dogmatiske og praktiske teologis og den kristne kulturtenknings områder. Selv ser jeg ikke dette som en mangel, men som et forsøk på å motvirke de uheldige følger av en alt for sterk isolering av de forskjellige grener av teologien og kristenlæren.

 

Når han her erkjenner at også han er påverka av standardtankar, viser han seg audmjuk og forsonande ovanfor både radikale, konservative og liberale. Vi kan merke oss at det er det greske ordet haíresis, som tyder tankeretning, vi vanlegvis forstår som kjetteri, i tydinga tankar som varierer frå standardtanken. Innen vitskapen taler ein om konsensus, [https://snl.no/konsensus]:

 

Konsensus er et viktig begrep i moderne vitenskapsfilosofi som betegner et samsvar i meninger og holdninger som rår mellom kompetente fagfolk innen et avgrenset fagområde, og som kan gi rom for en viss, men ikke radikal uenighet.

Alstrup Dahl tek føre seg svært vanskelege tema og poengterer at også bibelforskinga stadig må arbeide mot ei betre forståing av dei ulike emna. Han hevda at ein faktisk må stille spørsmålet opent om kva som er den rette forståinga. Det er altså ikkje gjeve noko klart svar. Han erkjente at det på hans tid ikkje var tilstrekkeleg kunnskap tilgjengeleg for å kunne fastslå sanninga i kvar enkelt problemstilling. Han erkjente også sin mangel når det gjaldt å forkynne evangeliet klart og tydeleg. For å konkludere, så ser vi altså at sjølve hovudproblemet er det same som det har vore gjennom alle tider, nemlig vår frykt for å høyre på og fylje andre sine tankebanar, og dermed risikere å måtte endre tankekurs eller i verste fall å kome til tru, å verta overtydd om ei sanning som er annleis enn den vi er overtydd om.

 

Kyrkjestriden i 1953

Bakgrunnen for striden var det uheldige valet av Johannes Ording (1869-1929) som ny teologiprofessor ved Universitetet i Oslo (UiO) i 1906. I 1904 vart Ording vurdert som den einaste kvalifiserte kandidaten til å ta over for den då avdøde Fredrik Petersen (1839-1903). Men Ordings liberale bibelsyn og avvik frå den lutherske lære, altså kjetterske meiningar, satte ein midlertidig stoppar for dette. Året etter vart stillinga utlyst på ny. Fem av seks sakkyndige vurderte då igjen Johannes Ording som den best kvalifiserte. Den konservative professor Sigurd Odland gjekk imot forslaget. Det gjorde også samtlege biskopar og likeins kyrkjeminister Christoffer Knudsen. Men det var nødvendig å fylle stillinga og fakultetet krevde at Ording vart ansatt. Då Knudsen gjekk av i 1906 opna det for at Ordning til slutt kunne ordinerast av den norske regjeringa.

 

Vi kan merke oss at Fredrik Petersen var arvtakar etter Gisle Johnson (1822-1894), som i si tid gjekk hardt inn for å forsvare den lutherske læra under den radikale Lammersvekkinga på 1850 talet. Presten Gustav Adolph Lammers (1802-1878) gjekk då i frikyrkjeleg retning. Han hadde forkasta spebarnsdåpen og konfirmasjonen og byrja å døype truande. Dei konservative teologane låg då under for eit veldig press, ettersom dei vart bedne om å la seg korrigere av Bibelens lære. Men dei sto imot, og det endte med at Lammers mista jobben sin i Statskyrkja. Denne forfyljinga utløyste ei krise i Lammers liv, som resulterte i at han til slutt snudde i dei fleste spørsmål. Han søkte om få kome tilbake til sitt virke som prest igjen, noko han fekk, men karrieren var over for hans del.

 

Det største presset kom likevel innanifrå, frå fagmiljøet. I 1908 stifta ei rekkje teologar eit nytt universitet i Oslo, som dei kalla Menighetsfakultetet (MF). Professor Ole Hallesby (1879-1961) tok leiinga i den konservative fløya. Han gjorde mange framstøt mot den liberale utviklinga. Han sikra seg blant anna støttespelarar innan lekmannsmiljøa, som i stor grad var konservative og til dels upåverka av dei radikale vekkingsrørslene. Carl Fredrik Wisløff (1908-2004) vart seinare Hallesbys arvtakar. Norsk biografisk leksikon skriver om Wisløff: «Som predikant stod han i den luthersk-rosenianske tradisjon» og ei «stats- og folkekirke med forkynnelses- og organisasjonsfrihet var hans kirkepolitiske ideal». Han trudde på ein statskyrkjeleg bedehustradisjon, der staten styrte over kyrkja, presteskapet styrte i kyrkja og lekmennene styrte i bedehuset utan direkte styring frå staten. Særleg på Vestlandet har dette vore ein sterk tradisjon. Hallesby og Wisløff tapte likevel oppslutning på sikt.

 

I 1953 tilspissa konflikta seg ytterlegare mellom dei konservative og dei liberale etter at Hallesby hadde halde ei radiotale om omvending og tru på Gud. Hallesby poengterte at det hasta med å ta eit personleg val før mennesket enda i helvete. Biskop Kristian Schjelderup tok til motmæle mot sin ven Hallesby fordi han med si tale hadde gått utover det som var vanleg praksis blant dei kyrkjelege. Schjeldrup kom sjølv frå ei presteslekt som sto i ein solid luthersk tradisjon, like tilbake til Luther sjølv. Vi kan merke oss at ein slik bedehuskristendom som Hallesby representerte, sjølvsagt var ukjent for Luther. Likevel kan vi merke oss at Luther sjølv ikkje var motstandar - slik ein skulle tru - av bruk av skremselspropaganda for å få folk til å nytte skriftestolen. Det han var imot var avlatshandelen, altså ideen om at ein kunne kjøpe seg fri og gå utanom bot og bedring ved skriftemål eller ved syndserkjenning. Hallesby kunne difor også oppfattast som konservativ luthersk når han brukte eit slikt tvetydig uttrykk som helvete.

 

Nokre dagar etter at Hallesby hadde halde tala si, uttala Schjelderup seg slik i Aftenposten:

 

For meg personlig kjennes det som en uløselig motsigelse å forene både troen på Gud som en kjærlig far og troen på en guddommelig rettferdighet i menneskenes liv med læren om evig helvetesstraff for alle ikke-troende. For meg hører læren om evig helvetesstraff ikke hjemme i kjærlighetens religion...

 

Å true med helvete for å skremme mennesker inn i kristendommen, anser jeg ikke bare uriktig, men direkte skadelig. Og sikkert ville det være langt mer i pakt med Jesu egen ånd å forsøke å vinne menneskene ved å vise mer kjærlighet og forståelse.

 

Etter dette kom Schjelderup inn i ei slags krise der han lurte på om han hadde satt seg sjølv utanfor kyrkja på grunn av sine kjetterske meiningar. Det er dette Alstrup Dahl legger i uttrykket kjettersk, ei lære som strir imot kyrkjas eiga lære. Var Schjelderup kanskje blitt for påverka av sin professor, Johannes Ording?

 

No skulle ein kanskje tru at problemet var at samfunnet hadde utvikla seg og blitt meir liberalt. Men som Alstrup Dahl poengterar er det langt meir komplisert. Problemet er av ein meir teologisk natur. For kva er eigentleg rett lære? Og kva er kjettarske meininger? Når folkets hyrdar er usikre i slike grunnleggande spørsmål, då er det vel rimeleg å tru at noko er galt?

 

Vi kan merke oss at Hallesby brukte det lutherske uttrykket helvete. Det teologiske problemet er at Luther brukte dette ordet som omsetting av to heilt ulike ord i den greske grunnteksta. Det eine er greske Hades, det usynlege, det vi kallar dødsriket. Helvete er faktisk ei korrekt etymologisk tyding av Hades. Det andre ordet, Gehenna, er eigentleg eit hebraisk ord som refererer til ein stad utanfor Jerusalem der byens avfall vart brent opp. I overført tyding svarar dette til eldsjøen, altså til den andre døden, som på ingen måte må forvekslast med den første døden, Døden. Det er likevel eldsjøen både teologar og folk flest forstår med ordet helvete. Dette er ei vanleg teologisk misforståing angåande endetida, som går tilbake til Luthers tid og tidlegare tider. Dei som har dette synet er nemleg overtydde om at dei lever på slutten av tusenårsriket og at eldsjøens dom er nær. Mange kristne i dag «hoppar bukk» over tidsaspekta i trua. Enkelte trur f.eks. at dei kjem direkte til himmelen når dei dør og at dei vantru vert kasta direkte i eldsjøen etter sin død. Men det er altså ulike syn på dette også.

 

Vi må hugse på at Jesus fekk bod frå Gud om å gjere disiplar, læresveinar av oss. Alle som vert døypt er altså læresveinar. Slik står det i Matt. 28:19-20 (mi understreking):

 

Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!

 

Er det Moselova vi skal lære? Nei, sjølvsagt ikkje. Vi skal lære å gjere dei gjerningane som Jesus gjorde og til det har Gud sendt oss Den Heilage Ande. Men ver ikkje naiv; det er mange vranglærarar som fører vill frå dette enkle bodet.

Det er tittelen på boka til Alstrup Dahl som er så genial. For kva er eigentleg rett lære? Og er det verkeleg så vanskeleg å verte samde om kva som er rett? Og kva er det som er kjetteri? Sjølve ordet kjetteri reflekterer eigentleg greske haíresis, av hairéomai, som tyder å velje, å gjere ulike val. Norsk Bibel 88 omsetter det med parti. Og det er nettopp det som ligger til grunn for at det oppstår konflikter eller samanstøt mellom ulike partier innan same gruppe. Partier oppstår som fylje av motstridande ynskjer.

 

Vi kan merke oss at ordet kjetter eigentleg sikter til ei radikal kristen gruppering, som på 1100 talet vart forfulgt av paven på grunn av det valet dei tok, eit som avveik frå den romersk katolske læra på vesentlege punkt [https://snl.no/kjetter]. Kjettarane sjølv var inspirert av det nye testamentets idealer, og vart - som ordet indikerer, oppfatta som både fromme og alvorlege kristne av katolikkane. Sjølv var katolikkane meir verdsleg innstillt og meir framande for det åndelege livet vi kjenner så godt til frå Bibelens skrifter. Dette er eit stort paradoks [https://snl.no/paradoks].

 

Vi skal her kome med eit konkret og radikalt eksempel, som er langt meir viktig enn dei avvik og motstridande ynskjer vi høyrer om blant kristne i dag. I Paulus’ brev til læresveinane i Korint går han i rette med dei heile brevet igjennom. I 1. Kor. 11:18-19 skriver han:

 

For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk når de kjem saman som kyrkjelyd, og for ein del trur eg det. For det må må vera parti hjå dykk, slik at dei ekte kan verta openberre mellom dykk.

 

Ei meir ordrett omsetting av den siste setninga er slik i fylje grunnteksta: «For at dei som viser seg som lysande eksemplar må bli i mellom dykk». Det er i grunnen rart at det skal vere slik at dei som er genuint interessert i Herrens ord ikkje skal verta akta på i forsamlingane våre. Er det menneska det er noko gale med eller er det dei orda dei held fram som ein støyter seg på? Vi kan minnast Herrens ord til Samuel då folket sa til han at dei ville ha ein annan til å styre over seg (1. Sam. 8:7):

 

Då sa Herren til Samuel: Lyd folket i alt det dei seier til deg! For det er ikkje deg dei har vraka, men det er meg dei har vraka, så eg ikkje skal vera konge over dei.

 

Vi forstår at Paulus på ingen måte var naiv eller godtruande. Han visste godt i kva retning det gjekk for korintarane. Det ser vi også av hans ord i Apg. 20:28-31:

 

Så tak no vare på dykk sjølve og på heile den hjorda som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for, så de skulle vakta Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod. Eg veit at når eg har gått bort, skal det koma glupande ulvar inn mellom dykk, som ikkje sparer hjorda. Ja, mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fører falsk tale for å lokka læresveinane etter seg. Vak difor!

 

Her kan vi merke oss at det i grunnteksta står ego (eg) gar (for) oida (har sett) touto (det) hoti (som) eiselueusontai meta (skal skje her) ten aphixin mou (i mitt fråvær). «For eg har sett det som skal skje her i mitt fråvær». Altså som om Gud allereie hadde vist han det.

 

I Klemens første brev til kortintarane (CCEL) får vi vite kva som skjedde med læresveinane i Korint. Han skriver (1. Klem. 1:1):

 

Due, dear friends, to the sudden and successive misfortunes and accidents we have encountered, we have, we admit, been rather long in turning our attention to your quarrels. We refer to the abominable and unholy schism, so alien and foreign to those whom God has chosen, which a few impetuous and headstrong fellows have fanned to such a pitch of insanity that your good name, once so famous and dear to us all, has fallen into the gravest ill repute.

 

Engelske schism kjem av greske schisma, og tyder splitting, seperasjon. Det er dette ordet som i 1. Kor. 11:18 er omsett med «usemje». Som Klemens her påpeikar hadde læresveinane i Korint ein pågåande krangel med kvarandre. I 1. Klem. 3:2-4 skriver han at dette hadde utvikla seg frå det elles så gode og kjærlege samhaldet dei hadde seg imellom i den første tida:

 

From this there arose rivalry and envy, strife and sedition, persecution and anarchy, war and captivity. And so "the dishonored" rose up "against those who were held in honor," those of no reputation against the notable, the stupid against the wise, "the young against their elders." For this reason righteousness and peace are far from you, since each has abandoned the fear of God and grown purblind in his faith, and ceased to walk by the rules of his precepts or to behave in a way worthy of Christ. Rather does each follow the lusts of his evil heart, by reviving that wicked and unholy rivalry, by which, indeed, "death came into the world."

 

I 1. Klem. 44:1 står det også: «Now our apostles, thanks to our Lord Jesus Christ, knew that there was going to be strife over the title of bishop». Det er sannsynleg at han her sikter til det Jesus lærte sine læresveinar i Luk. 22:24-27:

 

Det kom no ei trette mellom dei om kven av dei som skulle gjelda for den største. Då sa han til dei: Kongane over folka råder over dei, og dei som brukar makt over dei, vert kalla velgjerarar. Men slik er det ikkje mellom dykk. Den største mellom dykk skal vera den yngste, og leiaren skal vera som tenaren. For kven er størst, han som sit til bords, eller han som ber på bordet? Er det ikkje han som sit til bords? Men eg er som ein tenar mellom dykk.

 

Her kan vi merke oss det Cyril C. Richardson, forfatteren av Early Christian Fathers [Grand Rapids, MI: Christian Classics Ethereal Library, CCEL], skriver om biskopens rolle (s. 18):  

 

Under the single bishop who, with his council of presbyters, rules the congregation, there is built up a closely knit organization which will be able to withstand the concerted persecutions of the third century. The bishop is the successor of the apostles, representing the localizing of the prophetic, teaching, and liturgical functions of the original apostolate. He becomes the center of the Church's life, the living witness and guardian of its faith.

 

På side 32 i same bok peikar Richardson på at det å vere presbyter og biskop, som i fylje Klemens var same sak. Slik forstår vi det også av apostlanes skrifter. Richardsen skriver at det synet han forfektar, om at nokon likevel må vere på toppen, hadde utvikla seg etter apostlanes tid. Slik sett hadde altså dei som skulle vere dei minste, i prinsippet opphøgd seg til å vere dei største. Og det er det Klemens siktar til som er «so alien and foreign to those whom God has chosen». Altså ukjendt og framandt. For slik skal det ikkje vere blant dei truande. Dette er eit stort paradoks [https://snl.no/paradoks].

 

Dei apostlane innstendig hadde bedt om å omvende seg, dei gjorde det aldri. Dei held fram med si avvikande lære. Ei av retningane som utvikla seg frå desse var den romersk katolske kyrkja, og dei har endå til gitt Klemens tittelen som den andre paven etter Peter. Pave er ein tittel, som tyder far, og som det i fylje Matt. 23:10 er gitt oss forbod om å ta. Det er slikt Klemens siktar til når han skriver:

 

For this reason righteousness and peace are far from you, since each has abandoned the fear of God and grown purblind in his faith, and ceased to walk by the rules of his precepts or to behave in a way worthy of Christ.

 

Difor er det også dei som har halde fast på trua, dei som har vorte overtydd om sanninga, som også har vorte og som framleis er offer for det Klemens kallar «rivalry and envy, strife and sedition, persecution and anarchy, war and captivity». Det som apostlane, og likeins dei eldste i Rom, ikkje velsigna, men tvert imot, det har desse desto meir halde fast på, stikk i strid med det ein av deira såkalla fremste leiarar har bede dei om.

 

Det er ingen tvil om at læresveinane både i Rom og i Korint hadde større ærefrykt for Gud og vår Herre Jesus Kristus i den første tida. Klemens skriver: «For you always acted without partiality and walked in God's laws» (1. Klem. 1:3). Likeins i 1. Klem. 2:7: «The commands and decrees of the Lord were engraven on the tablets of your heart». Her kan vi merke oss at det ikkje var Moselova han sikta til. For han skildrar ikkje ein flokk med læresveinar som heldt boda om auge for auge og tann for tann. Nei, dei heldt boda som Herren deira, Jesus Kristus, hadde gitt dei. Gjer mot andre det de sjølv vil at andre skal gjere mot dykk. Han bad dei også om å lære opp læresveinar frå alle folkeslag til å gjere det same, i det dei «…lærer dei å halda alt det eg har bode dykk» (Matt. 28:20).

 

Og midt i denne flokken er det ulvane herjar med sin glupske apetitt for røva bytte. I Apg. 20:30 tala Paulus sant om dei: «Ja, mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fører falsk tale for å lokka læresveinane etter seg». Og kva lokka dei eigentleg med? Det er det Klemens skriver om når han minner om Kain og Abel, der Gud hadde sett til Abels offer og ikkje til Kains. Det hadde skapt splid i mellom brørne, noko som endte med mord. For det er Gud som har bestemt kva arbeid som skal ha framgang, og det er Han som stadfestar dette med dei medfyljande teikn og under. Vi kan ikkje endre på det Gud vil eller be Han om å velsigne vårt eige strev. Kain burde ha godteke det, men i staden steig det fram frå hans indre ei vond lyst og han vart misunneleg på Abel. Men slik skal det ikkje vere mellom oss.

 

Det er likevel klart at vi må erkjenne at det er slike lyster og lidenskapar i den enkelte av oss. Men det er då vi må hugse på Paulus’ ord: «Ferdast i Anden! Så skal de ikkje fullføra lystene åt kjøtet» (Gal. 5:16). «Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, spaklynde, sjølvtøyming» (Gal. 5:22). Og det er klart at om Anden får drive oss - og ikkje lystene og lidenskapane våre - då vil vi halde oss unna «slikt som hor, ureinskap, skamløyse, avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, tretting, avundsjuke, sinne, æresjuke, kløyvingar, parti, misunning, mord, drikk*, svir og meir slikt». Difor er det berre eit relevant kritisk spørsmål vi kan vende til våre leiarar i dag: Kva frukt vil de hauste? Andens frukter? Då må de sleppe til Anden! Eller vil de verkeleg hauste kjøtets frukter? For den som leiar andre, og som ikkje gjev rom for Anden og held fram med sitt eige strev, han eller ho tvinger alle til å gjere det same. Og det er dette vi ser. Lite av Andens frukter og mykje av kjøtets. Som det står skrevet i Luk 6:43: «For det finst ikkje noko godt tre som ber dårleg frukt. Heller ikkje ber eit dårleg tre god frukt».  

 

* Ordet drikk er ei omsetting av greske methai, av methe, som tyder giftstoff, det vi vanlegvis omsetter med rus, rusgift (narkotika).

 

Til slutt i brevet til galatarane står det (Gal. 6:8-10):

 

Den som sår i kjøt, skal hausta forderving av kjøtet. Men den som sår i Anden, skal hausta evig liv av Anden. Men lat oss gjera det gode og ikkje verta trøytte. For vi skal hausta i si tid, så sant vi ikkje går trøytt. Lat oss difor, medan vi har tid, gjera det gode mot alle, men mest mot dei som høyrer trua til.

 

I 3. Mos. 19:18 står det at «du skal elska nesten din som deg sjølv». Og det er dette Jesus talar om i Matt. 7:12: «Difor, alt det de vil at menneska skal gjere mot dykk, skal de óg gjere mot dei! For dette er lova og profetane». Det gjeld også for oss, som verken var eller er under Moselova, vi som ikkje er jødar. For også vi forstår forskjellen mellom godt og vondt utan ei slik lov. For samvitet dømer oss.

 

Tenk over dette: Om du elskar «nesten din som deg sjølv», kan du då samtidig vere full av «urett, umoral, vinnesjuke, vondskap, fulle av misunning, mordlyst og strid, svik og list»? Nei, dette er lidenskaper og lyster som berre er ute etter å tilfredstille seg sjølv. Og om du (vi) elskar «nesten din som deg sjølv», kan vi då vere «ryktemakarar, baktalarar, gudshatarar, valdsmenn, overmodige, skrythalsar, snare til å finna på vondt, ulydige mot foreldre, uvituge, upålitande, utan naturleg kjærleik, hardhjerta» (Rom. 1:29-32)? Nei, vi ville berre ha tilfredstilt oss sjølve. Likeins er det med dei kvinnene som brenner av lyst etter å ligge med andre kvinner, og dei mennene som brenner av lyst etter å ligge med andre menn (Rom. 1:26-27). Det er ikkje rett. Først etterpå tenker dei på å få born saman. Men det er umulig. Slik vert det dei gjer avslørt. Dei kan berre tilfredstille seg sjølv.

 

Lat oss difor - så mange av oss som trur - vende om å gjere det gode, sjølv om det strir imot våre lyster og lidenskaper. I Gal. 6:1-5 står det til den som ikkje har falle i slike freistingar:

 

Brør! Om no eit menneske skulle verta overlista av ei eller anna synd, hjelp han då til rette, de åndelege, i ei mild ånd. Men akta deg, så ikkje du òg vert freista. Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov. For om einkvan trur han er noko, men ingenting er, då narrar han seg sjølv. Kvar og ein skal prøva si eiga gjerning! Han skal ha si ros berre for det han sjølv er, ikkje for det andre er! For kvar skal bera si eiga bør.

 

Og måtte Guds Ande - som vi også trur han kan gjere - overtyde den sjølvrettferdige og vise han kor stor syndar han er! «For det er ingen skilnad, alle har synda og står utan ære for Gud» (Rom. 3:22-23). Alle må dø (Rom. 1:32). Men vi har håpet om oppstoda frå dei døde og nytt liv - ikkje i synd, men i Herrens herlegdom. For Gud er det uaktuellt at menneska får halde fram med å leve på den jorda som no er, mens dei som vert frelst skal leve i himmelen. Det er ikkje slik det er. Difor har han satt ein ende på alt. Men for oss som trur og som er døypt er det alt no ein ende. I 1. Kor. 2:1-2 skriver Paulus:

 

Og då eg kom til dykk, brør, kom eg ikkje med meisterskap i tale eller visdom då eg forkynte dykk Guds vitnemål. For eg ville ikkje vita av noko hjå dykk, utan Kristus Jesus, og han krossfest.

 

I 1. Kor. 1:18 står det: «For ordet om krossen er vel dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft». Difor er det ikkje lett å forkynne om «han som gav seg sjølv for våre synder for å fri oss ut frå den noverande vonde verda, etter vår Gud og Fars vilje» (Gal. 1:4). For dei som berre søker det som er i denne verda, dei elskar seg sjølv meir enn nesten sin. For denne verda ligg i det vonde og det er stor urettferd på jorda. Lat oss difor gjera som Paulus seier (Kol. 3:3): «Lat hugen dykkar vera vend mot det som er der oppe, ikkje mot det som er på jorda». Og misforstå ikkje. Gud har skapt denne verda også. Og det er ikkje ureint det som Gud har skapt. Vi kan alle gjere oss nytte av jordas frukt, utan dårleg samvit. Og når det gjelder våre seksuelle lyster, så må vi hugse på at det er Gud som har skapt dei også. Hadde det ikkje vore for dei, så hadde det ikkje vore eit einaste menneske på jorda. Vi treng ikkje å skamme oss over ei slik lyst. Men Guds vilje er god og han vil at vi skal vere fruktbare og verta mange på jorda (1. Mos. 1:28). Og hugs på at Gud sa dette før syndefallet.

 

Det står også skrevet: «Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne». Det er klart at vi som trur iallfall må erkjenne at borna er frukta av ekteskapet mellom mann og kvinne. Og er det ikkje slik, som det står i Rom. 13:1, at «kvar og ein skal underordne seg dei styresmaktene som er sette over han». I v. 3 står det:

 

For dei som styrer, er ikkje til skremsle for dei som gjer godt, men for dei som gjer vondt. Vil du sleppa å reddast for styresmakta, så gjer det gode. Då skal du få ros av henne.

 

Slik er det også med Guds vreide på den kommande dag, når Han kjem for å straffa «all gudløyse og urettferd hjå menneske som held sanninga nede i urettferd» (Rom. 1:18). Og hugs på (Rom. 2:1-10):

 

Difor er du utan orsaking, du menneske, kven du så er som dømer. For i det du dømer ein annan, fordømer du deg sjølv. Du som dømer, gjer då sjølv det same. Vi veit at Guds dom, som er etter sanninga, er over dei som gjer slikt. Men du, menneske, som dømer dei som gjer slikt, og sjølv gjer det same - meinar du at du skal sleppa unna Guds dom. Eller vanvørdar du hans rikdom på godleik og tolmod og langmod, og veit ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? Med din harde hug og ditt ubotferdige hjarta hopar du opp vreide over deg til vreidens dag, den dagen då Gud openberrar sin rettferdige dom. For han skal gje kvar og ein att etter det han har gjort. For han skal gje kvar og ein att etter det han har gjort. Til dei som uthaldande i god gjerning søkjer herlegdom og ære og uforgjengelegdom, skal han gje evig liv. Men dei som er trassige og ikkje lyder sanninga, men lyder urettferda, dei har harme og vreide i vente. Trengsle og angst skal koma over kvar menneskesjel som gjer det vonde, både jøde først og så grekar. For Gud gjer ikkje skil på folk.

 

Vår oppgåve er ikkje å døme andre, men å vere lysande eksempel, ved sjølv å gjere det som er rett for Gud, «det gode, det som han har hugnad i, det fullkomne» (Rom. 12:2). Det er rett lære. Kven kan seie imot det?

Gjennomgang av boka

I denne siste delen skal vi sjå nærare på sjølve innhaldet i Nils Alstrup Dahls bok, «Rett lære og kjetterske meninger». Vi vil gå gjennom overskriftene frå innhaldslista i boka (s. 5).

 

1. Kirkebyggere og kirkerefsere

2. Det kristne håp

3. Kristenheten

4. Den voksende kirke

5. Bibelens universialisme og eksklusivitet

6. Om Gehenna

7. Feiringen av Herrens nattverd

8. Problemet «den historiske Jesus»

9. Bekjennelsens forpliktelse og evangeliets frihet.

 

 

Kirkebyggere og kirkerefsere

I dette første kapittelet skriver Alstrup Dahl fyljande (s. 9):

 

Det blir stadig mer klart at kristendommen er gitt oss bare i og med kirken. Men samtidig er det noe problematisk i forholdet mellom kirke og kristendom. Dette skyldes ikke bare moderne misforståelser og ettervirkninger av det 19. århundres individualisme, heller ikke bare kirkens splittelse i den store katolske «moderkirke» og de mange protestantiske kirkesamfunn og sekter. Spørsmålet har sin dypeste rot i at kirken vil være Jesu Kristi kirke og at Jesus på mange vis ikke synes å ha vært noen kirkemann og kirkestifter, men snarere den ensomme bodsforkynner som kalte de enkelte og felte hårde dommer over de kirkelige former. Her vil vi søke å kaste lys over det ved å betrakte to typer av religiøse førerskikkelser, som vi kan betegne som «kirkebyggere» og «kirkerefsere».

 

Kyrkjebyggjaren er den «som aktivt arbeider på kirkesamfunnets «oppbyggelse»» (s.10). «Kirkebyggeren arbeider på lang sikt…. Kirkerefseren derimot forkynner - nå gjelder det! «Øksen ligger allerede ved roten av trærne!»» (s. 12). Kyrkjerefsaren er difor meir, som Alstrup Dahl uttrykker det (s. 12):

 

den ensomme, opposisjonsmannen; den sanne kirke er for ham urtidens (Mosetidens, aposteltidens) og den stiller han opp i motsetning til den fordervede kirke i hans egen tid, der intet finnes igjen av det første århundres kristendom.

 

Med eit visst forbehold skriver han (s. 13):

 

Luther var en refser av middelalderens stolte kirkebygging med pave og prester, med messer og gode gjerninger, med munkevesen og kanonisk rett og teologisk system. Men uten den teologiske og religiøse oppdragelse i munkeklosteret hadde Luther ikke blitt Luther, og bare på middelalderkirkens grunnlag ble reformasjonen mulig.

 

Det sitter nok langt inne for enkelte å erkjenne at Luther i sin tid var bibelkritisk. Det er enklare å erkjenne hans kyrkjekritiske rolle. På hans tid utgjorde ikkje bibelkritikken noko stort problem, men det at han var kritisk mot kyrkja og kyrkjas leiarar det var utilgjeveleg. Men slik sto Luther fram blant sine eigne, og hans eigne tålte det ikkje. Alstrup Dahl skriver vidare (s. 14-15):

 

Idet de drives til konkret handling, må kirkerefserne selv bli kirkebyggere, det gjentar seg stadig på ny. Og enda mer blir deres disipler som skal føre gjerningen videre, atter kirkebyggere. Slik danner det seg en ny kirkelig tradisjon, og i disiplenes krets blir da også billedet av kirkerefseren stadig mer kirkeliggjort.

 

Luther som hadde vore kritisk til kyrkja og kyrkjas leiarar, tolte ikkje sjølv så godt all den kritikken som vart retta mot han. Så langt Alstrup Dahl.

 

Vi kan her minne om at det som til sist dreiv Luther (og hans kollegaer) til konkret handling var det faktum at han vart erklært som kjettar i år 1523, i ein alder av nesten førti år. Tarald Rasmussen ved Universitetet i Oslo skriver (SNL):

 

…men med støtte hos kurfyrsten i Sachsen og ved hjelp av moderne boktrykkerkunst fikk Luthers kirke- og religionskritikk likevel stor utbredelse, og dannet grunnlaget for reformasjonen.  

 

Reformasjonen tvang seg fram og vart ofte meir radikal enn det Luther hadde sett føre seg. Luther sjølv var svært konservativ. Han sto fast på den katolske læra om atterføding (gjenføding) i dåpsvatnet, og likeins læra om at nattverds brødet og vinen verkeleg er Jesu kjøt og blod i det ein et av det. I vår tid kan vi lett avvise dette som mystisisme og overtru, for ikkje å snakke om ei stor misforståing. Likeins var han også konservativ når det gjaldt avgudsdyrkinga. Dette er kanskje lite kjent for folk flest i dag, men kyrkjene på Luthers tid var sentrum for tilbeding av helgenbilete, og for påkalling av både mannlege og kvinnelege helgenar, altså dødes ånder, avgudar, såkalla skytsånder. Det er også ein framand tanke for oss i dag at grekarane kalla fedranes ånder for demoner, skytsånder. Sjølv påkalla Luther den kvinnelege skytsengelen St. Anna, som i fylje ei katolsk legende var mor til Maria og dermed mormor til Jesus. Då dei radikale kyrkjerefsarane ville kaste dette ut av kyrkja med umiddelbar verknad, viste Luther seg som ein kyrkjebyggjar og ordna det slik at både kyrkja og folket fekk ein lengre tidsfrist, langt utover hans eiga levetid, til å legge av seg dette ugudelege.

 

Vi forstår kanskje at det var vanskeleg for mange kristne å nytte den lutherske kyrkja som sentrum for si gudsdyrking. Kristne forsamlingar utanfor kyrkja vart etterkvart eit så stort problem at det i fleire hundreår faktisk var forbode å samle seg til kristelege møter utanfor kyrkja. Først på 1800 talet var det gjeve større fridom for sektene*. Den lutherske frikirke og bedehustradisjonen er som vi forstår basert på ynskjet om å vere ei kristen forsamling utanfor kyrkja, samtidig som dei ynskjer å vere på innsida reint teologisk, utan å risikere kjettarstempelet.

 

* Ordet kjem av latinske Secta, av Sequi, å fylje, i tydinga ei gruppe kristne som fyljer ein annan veg.

 

Når kyrkja i våre dagar meir eller mindre har fridd seg frå det lutherske, er det forståeleg at lutheranarane må finne ut av korleis dei skal løyse dette. For lutherske teologar og prestar så ligg utfordringa i korleis dei kan bevare ei kristen folkekyrkje. For dei er det vel kanskje berre eit alternativ, nemleg å slå seg saman med den katolske kyrkja. For dei lutherske lekmenn handlar det meir om korleis dei skal klare seg utan ei Statskyrkje som har hatt monopol på sjølve definisjonen på kva som er rett lære og kva som er kjettarske meiningar. I eit nytt lovforslag heiter det også slik (s. 13):

 

Departementet foreslår at et samfunn må ha minst 500 medlemmer over 15 år for å bli registrert, kunne få vigselsmyndighet og motta økonomisk støtte etter loven. Mange samfunn vil ikke i dag oppfylle antallskravet, men likeartede samfunn skal kunne gå sammen i en organisatorisk overbygning for å oppfylle antallskravet.   

 

Vi forstår at dette på sikt vil skape ein del problem for små sjølvstendige trussamfunn som har gjort seg avhengige av staten. Deira fridom vil bli innskrenka, og dei må nok gå i ein del harde forhandlingar med kvarandre om dei ynskjer å slå seg saman.

 

 

Det kristne håp

I det andre kapittel - sett i lys av året 1941 - skriver Alstrup Dahl (s. 33):

 

Når vi taler om det kristne håp, taler vi om hele kristendomen, sett fra en bestemt side. At håpet har vært svakt, kommer vel av at vi har kjent oss trygge og sikre på alle kanter, vi har gjort opp planer og regnet med fremtiden som den stod til vår disposisjon. Denne mettheten og tryggheten fikk et knekk ved forrige verdenskrig, men her hos oss har den fått grunnskuddet først ved den siste. (Om den da har fått det?) Spørsmålet er blitt levende: hva kan vi sette vår lit til? Hva har vi egentlig å håpe på? Derfor spørres der også etter det håp som kristendommen kan gi, og vi som har regnet oss for kristne har en særlig plikt til å gjøre regnskap for det håp som bor i oss. Det vi spør etter, er et realistisk håp, et håp som ikke betyr virkelighetsflukt, men som gir kraft til livet, et håp som ikke er drømmeri, men bygger på fast grunn. Skal det kristne håp være virkelighetsnært, betyr det til sist at det må svare til Guds virkelighet. Det kristne håp er ikke et håp om at Gud vil oppfylle våre ønsker, men et håp om at han vil oppfylle sine forjettelser.

 

Alstrup Dahl er i denne samanheng også innom uttrykket Guds og Kristi rike som det vi kristne med tillit og håp ser fram imot. Dette riket kaster ikkje skiftande skuggar slik rika på jorda gjer. Så nemner han nokre fallgruver for kva det kristne håp ikkje er. Det er nemleg ikkje håpet om ein dag å få sjå igjen våre kjære som har gått i døden før oss. Det er heller ikkje håpet om framgang for kyrkja eller for ein eller annan organisasjon. Det er heller ikkje håpet om at det og det profetiske skal skje, eller at det har skjedd eller skjer no eller skal skje seinare, kanskje til eit visst tidspunkt. Nei, vårt håp er «at Gud skal bli konge» over alle ting (s. 34). Han skriver vidare (s. 38):

 

Ved siden av begrepet «Guds rike» er det derfor et annet begrep som har stor betydning for forståelsen av det kristne håp. Det er begrepet «tegn», nemlig Guds rikes tegn. Med «tegn» forstår vi her, i tilknytning til bibelsk språkbruk, «handlinger eller ting som viser ut over seg selv til en bakenfor liggende sammenheng.

 

Han skriver (s. 40):

 

Hvor Guds Ånd er virksom, omskapende og ledende, der skjer slike tegn for Guds rike. Paulus taler gjerne om den Hellige Ånd som et pant eller et forskudd. Den er en del av arven som vi har fått, eller kan få utbetalt, som en garanti for at vi en gang skal få hele arven. Den er en kraft fra Guds rike, som gir vissheten om at riket engang skal komme.

Ut fra dette blir også forholdet mellom kirken og Guds rike tydelig. Kirken er ikke Guds rike, men dens liv blir skapt og holdt opp ved Guds rikes tegn.

 

Deretter minner han om (s. 43):

 

Når Jesus og apostlene taler om de ting som skal gå foran enden, spiller ordene om de forfølgelser og lidelser som skal ramme de kristne i verden, en stor rolle. Nettopp disse lidelsene og den frimodighet og den utholdenhet de rettferdige ut fra sitt håp og ved Helligåndens hjelp viser i dem, er et av tegnene for Guds rike.

 

Så er han innom likningane om Guds rike. For Jesus brukte bilete som var kjent for folket for å forklare på kva måte Guds rike kjem på. Eit av bileta gjaldt Guds rikes tenarar som han sender ut i den tid som no er, for å vitne om Guds rike. Han skriver (s. 45):

 

Skal vi være rede til å ta imot Jesus når han kommer i herlighet, må vi også være rede til å ta imot ham når han kommer i skikkelse av en av sine minste brødre.

 

Uttrykket «sine minste brødre» svarer til læresveinane hans.

 

Til slutt minnar Alstrup Dahl oss om at det er Guds rike, himlanes rike, som er vårt sanne fedreland, vårt heimland, og at den verda som vi no er ein del av, skal forgå. Vi kan ikkje sette vår lit til noko som skal opphøyre å eksistere. Den enkelte av oss, slik vi kjenner kvarandre i dag, skal forgå, og vi skal forvandlast og fødast på ny i enden. Han skriver (s. 48-49):

 

Målet for Guds oppdragelse med oss i denne tid, hva enn utgangen skal bli, er at vi skal lære å håpe på ham alene og å be med ny styrke:

 

Fader vår, du som er i himmelen,

Helliget vorde ditt navn!

Komme ditt rike!

Skje din vilje som i himmelen, så og på jorden.

 

 

Kristenheten

I neste kapittel - sett i lys av året 1946 - prøver Alstrup Dahl å argumentere for at ein heller ikkje så lett kan gi opp Statskyrkja. Kristendomens kulturarv har nemleg sterke band til den klassiske kulturarven frå grekarane, via romarane. Her vil eg kort tilføye at grekarane igjen tok med seg kulturarven frå persarane, via babylonarane. Kristendomen er altså det verda og verdssamfunnet har utvikla seg til å bli, frå oldtida via mellom-alderen til moderne tid. Kristendomen forsvinner difor ikkje med noko «avkristning». Den har for djupe røter. Verdssamfunnet vil stadig trenge moralske voktarar, liksom dei greske filosofane i oldtida og prestane i mellomalderen.

 

Alstrup Dahl nemner kort T. S. Eliots «idé» til «et kristent samfunn» (s. 60-64), om behovet for ein ny kristen kultur. Han kommenterer også kort dei to mest brukte uttrykka for å beskrive det den vestlege verda står for, nemleg «liberalisme» og «demokrati». Han synast demokrati er eit for vagt uttrykk, og om det andre skriver han slik (s. 61):

 

«Liberalisme» er et klarere begrep, men liberalisme er noe negativt. Både politisk og religiøst kan den nok ha en nødvendig funksjon i samfunnet, men liberalismen kan ikke være samfunnets bærende innstilling. Den oppløser seg selv og baner veien for noe annet; det gjelder den økonomiske liberalisme så vel som den åndelige. Skal der ikke bli en stadig fortsatt nedgang må samfunnet enten bli positivt hedenskt eller positivt kristent.

 

Demokrati og liberalisme vil på denne måten ikkje føre til noko. Uttrykket hedenskt kjem av norrønske hede, som eigentleg tyder ein som bur ut på landet, i overført tyding ein unådd, ein som held fast på gamletrua. Det var dette ordet, heidningar, Luther brukte i si omsetting av hebr. gojím, dei ikkje jødiske folkeslag; og gr. éthnê, andre folk, nasjonar, folkeslag. Altså er dette ikkjekristne i luthersk forstand. I vår tid har det fått tydinga ateist, ein som er utan Gud, ein som klarer seg utan Gud, ein ugudeleg. Og dagens samfunn har på ein måte utvikla seg til å bli svært lite avhengig av Gud. Men på ei anna side er det framleis behov for å få eit samtykke (velsigning) frå ei høgare makt enn seg sjølv. Ein som er lavt nede i systemet vil naturleg nok skulde på ein høgare oppe. Men kven vil det mennesket som sit på toppen skulde på, om ikkje ei høgare makt, ein eller annan gud.

 

Det er sant at kristendomen i sin noverande tilstand for eksklusiv. Folk flest støter seg på apostlanes lære, og kyrkja har i lengre tid ikkje hatt noko særleg appell til folket. Her ser vi at det stadig kjem endringar. Nyreligiøsiteten er kanskje for lite ambisiøs - med nokre få unntak - til å utgjere eit reelt alternativ. Men som Alstrup Dahl også peikar på er det mest sannsynleg at ein ny type kristendom likevel vil gjere seg gjeldande for ei kort tid. Den vil vere multikyrkjeleg. Vi ser allereie no at kyrkjene har blitt meir like kvarandre. Dei vil kanskje prøve å stå saman mot den nye liberale utviklinga. Ei typisk liberal utvikling er det faktum at homofile i dag har lov og rett til å gifte seg i kyrkja. Ikkje alle prestar er villige til å utføre ei slik handling, ettersom den er uforeineleg med Bibelens lære. Enkelte prestar har som fylje av dette gått inn i den katolske kyrkje, andre igjen har gått til dei frikyrkjelege. Atter andre søker seg til heilt anna levebrød, for å unngå konflikta. Likevel forstår vi at dette er uunngåeleg og at alle kyrkjesamfunn som gjer seg avhengig av staten vil måtte vike på dette punktet, så lenge det er i statens interesse.

 

Her vil eg minne om at også dei første kristne sto ovanfor liknande utfordringar, då den «kristne» keisaren i Rom ville tvinge heile verda til å tilbe dei nye «kristne» avgudane. Dei fleste gjekk då over frå rett lære til kjettarske meiningar, kort og godt fordi staten tvang dei til det. I kyrkjehistoria står det difor lite om dei som sto faste i trua, nettopp fordi det var seiersherrane som skreiv historia. I 2017 var det 500 år sidan reformasjonen, og som vi har vore inne på, berre nokre hundrår sidan kyrkjefolket slutta å dyrka avgudar. Det er også berre litt over 100 år sidan dei største maktkampane vart utkjempa mellom prest og lekmann. På detaljnivå handla det om kva som er rett lære og kva som er kjettarske meiningar. Og som Alstrup Dahl påpeikar i forordet:

 

En ting har jeg bestrebet meg på: en redelighet som ikke tilpasser det kristne budskap etter menneskers ønsker, men som heller ikke legger skjul på de reelle problemer og vanskeligheter teologien må arbeide med, om den vitenskapelige samvittighet skal bevares ren.

 

Teologane er på den eine sida ansvarlege for å bevare kyrkja som allmenn, mens dei samtidig må prøve å bevare eit reint samvit i forhald til læra. Dette må nesten vi som enkeltpersonar prøve å forstå dersom vi skal bevare samfunnet med kvarandre i trua, som i sanning hever seg langt over dette. Kyrkja har heile tida tilpassa læra etter folket, og slik sett har kyrkjas lære aldri heilt samsvara med Bibelens ord. Vi må difor vere forsiktige så vi ikkje støyter dei som søker å halde seg til Bibelens lære, dei som ynskjer med eit godt samvit å gjere etter det «som står skrevet». Det er dei Paulus skriver om i 1. Kor. 11, som «lysande eksemplar».

 

Den voksende kirke

I tredje kapittel skriver Alstrup Dahl om utviklinga i kyrkja gjennom tidene. I første del trekker han fram tre viktige haldepunkt, tre universielle sanningar:

 

Punkt 1: Kyrkja skal vekse inntil Jesus kjem igjen.

Punkt 2: Kyrkja veks ved at mennesker kjem til tru på Jesus Kristus.

Punkt 3: Det er Gud som gir vekst.

 

Det er altså ingen menneske som skal ha noko ære for at dette skjer, dette er Guds gjerning aleine. Den som vil bli misjonær må difor trå til side og stole på at Gud kan formidle kallet til ei slik gudsteneste.

 

I andre del nemner han dei store misjonsepokene, der han sjølv held tida etter ca. år 1800, som den kanskje største. I dei tidlegare misjonslanda - som i Asia og Afrikas mange nasjonar - har det vakse fram sjølvstendige kyrkjesamfunn. Alstrup Dahl peikar likevel på at det er dei frie rørslene som til alle tider har hatt størst vekst, men at også dei etterkvart har «blitt mer eller mindre kirkeliggjorte». Sidan 1948 har Kyrkjanes Verdsråd (sjå https://snl.no/Kirkenes_Verdensråd) arbeida for å nå felles mål, med den naturlege konsekvens (s. 83): «Dei adskilte kirkesamfunn er på vei til å vokse sammen». Det samfunn som vil tene Gud må difor kjempe hardt for å ikkje stivne til og dø, men halde seg levende ved at Guds Ande stadig får drive det til teneste og ved at den enkelte av oss stadig stiller oss fram for Gud, som det også står i Rom. 12:1 og utover.

 

 

Bibelens universialisme og eksklusivitet

I fjerde kapittel skriver han (s. 93):

 

Ut fra den filosofiske betraktning kunne de hellenistiske og romerske verdensriker forståes som avspeilinger av den kosmiske allenhet. Israel forble et fremmedlegeme i disse verdensriker. «Ett folk» kunne det for jødene ikke bli ved at alle folk gikk opp i større enheter, men bare ved at alle andre ble underordnet det ene folk, Israel. Det politiske håp er knyttet til foreningen av Israels stammer ved den ene Messias.

 

Dette er ein viktig årsak til at det romerske verdsriket ikkje kunne bygge vidare på jødedommen. Kristendomen hadde større potensiale som verdsrikets nye religion, fordi den inkluderer alle folkeslag. Alstrup Dahl forklarer også korleis det gjekk til at eit verdsrike bygd på filosofiens lære (og på presteskapets avgudsdyrking), i det heile tatt kunne sameinast med kristendomens lære. Han viser med dette at han er klar over den store skildnaden mellom verdsreligionens kristendom og den kristendom vi finner i Bibelen. Han konkluderar slik (s. 95):

 

De forskjellige enhetsbevegelser kan bli en vekker for kirken, ved å gjøre spørsmålet brennende, om den har gjort alvor av den «universialisme» som er gitt i Kristus og som Bibelen vitner om. Men i den utstrekning de vil gi et siste svar på spørsmålet om tilværelsens enhet, må kirken si nei. Den virkelige, universale enhet kan bare gjenopprettes ved at menneskene vender om til den ene, eksklusive Gud, den ene Herre, den ene tro og den ene dåp. For den kirkelige enhetsbevegelse er målet ikke i og for seg en forening av de forskjellige kirkesamfunn, men at alle med hverandre skal besinne seg på den enhet som er gitt i Kristus og i ham alene, og vende om til ham.

 

 

Om Gehenna

I femte kapittel skifter han tematikk. Han har no vist at kristendomen har blitt ein verdsreligion som er annleis enn den sanne kristendom, og at den difor har eit godt stykke igjen med å nærme seg det som er det autentiske og ekte. Dette er ein tanke vi må ta med oss vidare når vi skal sjå nærare på det læremessige. For kva er rett lære og kva er kjetterske meninger eller vranglære i forhold til den informasjonen han her har gjeve oss?

 

Som tidlegare nemnt (i del 1) sto det ein strid på 50-talet om helvete og helvetesstraffa, den evig pine. Bibelen skiljer klart mellom greske Hades, dødsriket, det usynlege, altså den første døden; og Gehenna, «sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden» (Op. 21:8). Luther hadde derimot omsett desse to uttrykka, Hades og Gehenna, med det same ordet, helvete. Debatten fekk det utfallet at den eine parten - personifisert i Schjelderup - vart stempla som dei med kjettarske meiningar. Mens den andre part - med Hallesby i spissen - var dei som hadde den rette læra. Alstrup Dahl ber likevel lesarane sine vere merksame på at det tilsynelatande kan sjå slik ut, om ein berre ser reint overfladisk på bibeltekstane som talar om døden. Men går vi i dybda i tekstane, så er situasjonen ein heilt annan. Å forstå forskjellen er svært komplisert.

 

Her vil eg kommentere før vi går vidare. For det første at kunnskap tidlegare bevisst har vorte halde tilbake blant dei lærde, blant teologar, og at folk flest ikkje har hatt innsyn i det som burde vore allment kjent for alle kristne. Denne eksklusiviteten har vorte ei «kvilepute» for mange kristne, med den naturlege konsekvens at dei fleste berre kjenner Guds ord overfladisk. Det alvorlege her er at det også ofte gjeld leiarane i dei kristne forsamlingane. I Hebr. 5:11-14 og 6:1-3 står det slik om dei åndelege umodne:

 

Om dette har vi mykje å seia som er vanskeleg å leggja ut, fordi de har vorte sløve til å høyra. For endå de etter tida burde ha vore lærarar, treng de einkvan som atter lærer dykk dei fyrste grunnleggjande ting i Guds ord. De har vorte slike som treng mjølk, ikkje fast føde. For den som enno får mjølk, kjenner ikkje rettferds ord, han er då eit barn. Men fast føde er for dei vaksne, for dei som ved å bruka sansane sine, har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.

 

Lat oss difor gå forbi barnelærdomen om Kristus, og gå vidare mot det fullkomne, så vi ikkje på nytt legg grunnvoll med omvending frå døde gjerningar og tru på Gud, med lære om dåp og handspålegging, oppstode frå dei døde og evig dom.

 

Vi blir nemleg aldri ferdig dersom vi stadig må trekke fram dei heilt grunnleggande sanningane, fordi dei som høyrer på, slik sett aldri vil erkjenne sanninga og ta ansvar for si eiga læring. Det blir som Paulus skriver i 1. Kor. 14:34-38 om det å underordne seg kvarandre. Ettersom det er Guds vilje at kvinna skal underordne seg mannen, så er det kvinna som må teie når læresveinane kjem saman (sjå Ekklesia). For dersom alle skal stille spørsmål og «ha greie på noko» (v. 35), då blir det opp og opp igjen det same, og ein kjem seg ikkje vidare. Likeins står det slik i Ef. 4:11-14:

 

Han er det som gav somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar, så dei heilage kunne setjast i stand til å gjera teneste, til å oppbyggja Kristi lekam, til dess vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, til manns mognad, til aldersmålet for Kristi fullnad, så vi ikkje lenger skal vera umyndige og la oss kasta og driva ikring av kvar lærdomsvind ved menneskespel, ved kløkt i listige villfaringsknep.

 

Det er altså Gud som har satt i stand, eller som det ofte vert omsett, satt inn desse føresatte blant oss, slike som alt har ei prøvd tru; slike som har vorte modne og som står faste i si gjerning; slike som ikkje er usikre på korleis dei skal tene Gud. Eg tenker på dei viss tekster vi studerer i det nye testamentet. Måtte den enkelte av oss lære skriftene å kjenne, ikkje overfladisk, og utan at nokon held tilbake nyttig informasjon for oss. Måtte den enkelte av oss bli lik dei som Gud satte inn før oss. Måtte vi alle bli som Jesu Kristi læresveinar!   

 

Så tilbake til Alstrup Dahl. For først prøver han å utdjupe den logiske forskjellen mellom den første og den andre død. Han forklarer korleis den folkelege og kulturelle læra om eldsjøens straff har utvikla seg gjennom tidene, og viser til kva Bibelen sporadisk faktisk lærer om temaet. Han skriver (s. 111-112):

 

Det er meningsløst å diskutere om helvede eksisterer eller ikke, hvis en ser dette spørsmålet på linje med, la oss si spørsmålet om der eksisterer flere planeter i vårt solsystem enn de som hittil er kjent. Om helvede kan vi bare tale rett, om vi taler om fortapelsen som en aktuell, eksistensiell mulighet for oss selv og for dem vi taler til. Spørsmålet om hvem som ellers vil gå fortapt eller ikke, for eksempel av dem som aldri har hørt evangeliet, kan vi trygt overlate til den Gud som vil dømme verden med rettferdighet, og som er den kjærlige far. Da Jesus ble spurt: «Er der få som blir frelst?», svarte han: «Kjemp for å komme inn gjennom den trange dør!» (Luk. 13, 23 f.). Stiller vi i interessert nyskjerrighet spørsmålet: «Eksisterer der et helvede?» gis det egentlig bare det ene svar: «Se til at ikke du går fortapt og kommer i helvede! Kjemp for å komme inn gjennom den trange dør!»

 

Han skriver vidare til forsvar for dei med såkalla kjettarske meiningar: «En Bibel- og bekjennelsestro forkynnelse er altså ikke sikret ved at en holder fast ved forestillingene om «helvede» og «den evige pine»».

 

Igjen vil eg kommentere. For Alstrup Dahl maktar ikkje sjølv klart og tydleg vise kvifor det må vere slik. For Bibelen lærer tydleg at Gud skal skilje det gode frå det vonde i enden, og at det no er slik at «heile verda ligg i det vonde» (1. Joh. 5:19). Gud har difor satt ein ende for den gamle verda, både på himmel og på jord. I kva rekkefylje Gud vil gjere dette er det ingen av oss som har noko dei skulle ha sagt. Her gjelder det å ha tru til Gud! For den same Gud som skapte dei første himlane og den første jord, han både kan og vil skape ein ny himmel og ei ny jord. Og har du nokon gong tenkt over at Gud gjorde nettopp dette på Noahs tid? I 2. Pet. 3 skriver Peter om den dagen Herren kjem igjen. For når den himmel som Gud bur i, altså når sjølve himmelriket openberrer seg blant planetane og det som er der oppe, då vil Gud brenna opp noko av det som er i himmelen og kaste det ned på jorda, når Gud i sin vreide skal øydelegge det som har reist opp i mot Han her nede. Hugs på at Gud i 1. Mos. 8:21-22 lovde å ikkje straffe jorda ved å legge ho under vatn meir. Men i profetorda trugar han ofte med eld. Difor skriver Johannes at himmel og jord skal bestå i tusen år etter Herrens store vreides dag (Op. 21). Skriver ikkje også Peter dette? «For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag» (2. Pet. 3:8). Herrens dag er difor som tusen år for oss. Men til slutt skal den evige Guds himmel, himmelriket, også kome ned på jorda. Då skal Gud føre saman det som er der oppe med det som er her nede, og dei to skal vere saman for all æve, som brud og brudgom.

 

Likeins kjenner vi til evangeliets mest sentrale lærepunkt, nemlig at Gud allereie i den tid som no er, har skapt det nye mennesket, den siste Adam, vår Herre Jesus Kristus. I Tit. 2:12-15 står det difor slik om Guds nåde (NB88):

 

Han oppsedar oss til å fornekta gudløyse og verdslege lyster, og til å leva sedeleg og rettferdig og gudfryktig i den verda som no er, medan vi ventar på den sæle vona og openberringa av den store Guds og vår frelsar Jesu Kristi herlegdom, han som gav seg sjølv for oss for å løysa oss ut frå all urettferd, og reinsa seg eit eigedomsfolk, eit som med ihuge gjer gode gjerningar. Forkynn dette, og forman og tal til rette med stor mynd. Lat ingen vanvørda deg.

 

 

Feiringen av Herrens nattverd i den eldste kirke og i vår egen tid

I neste kapittel skriver han slik om nattverden (s. 113): «Men her trer også de mange forskjeller og motsetninger fram, som setter skille mellom de forskjellige samfunn og retninger i kristenheten». Han skriver videre: «Det er derfor stadig nødvendig å ta opp spørsmålet om hva en rett nattverdfeiring er og skal være». Og likeins (s. 114):

 

Forskningen har beskjeftiget seg intenst med disse spørsmålene. Det ville være en overdrivelse å påstå at den har skapt full klarhet. Snarere kunne det kanskje synes som om den historiske bibelforskning i stedet har hvirvlet opp en rekke nye problemer og hypoteser.

 

Han skriver vidare (s. 115):

 

Ved «innsettelsen» av nattverden har altså Jesus ikke anordnet en ny rituell handling; han har gitt gamle, allerede eksisterende handlinger en ny betydning - og på den måten skapt noe nytt.

 

Alstrup Dahl minner om at læresveinane dagleg hadde slike bordfellesskap med sin Herre. Her kan eg kort kommentere at det eigentleg står at dei braut det eine brødet (gr. tou artou), ved såkalla brødsbryting, i tydinga at dei alle åt av det same brødet, det som dei hadde kjøpt inn med pengar frå felleskassa. For dei eigde og delte alt i eit fellesskap (gr. koinonia).

 

Alstrup Dahl skriver vidare (s. 117):

 

Jesu måltid med disiplene den siste aften var altså det siste i en lang rekke av felles måltider. Det hadde sin særlige karakter. Ifølge de tre første evangelier allerede derved at det var et påskemåltid.

 

Likeins (s. 117):

 

Formene for den eldste nattverdfeiring knyttet riktignok ikke spesielt til det jødiske påskemåltids skikker, men vesentlig til slike bruk som hørte til ethvert måltid av mer høytidelig karakter. Men nettopp dette gjør det mindre rimelig at man senere skulle ha skildret Jesu avskjedsmåltid med disiplene som et påskemåltid, om det ikke virkelig hadde vært det.

 

Han sikter til at nattverden i ettertid vart feira på ein annan måte enn det opphavlege påskemåltidet. Han viser til ein del forskning som hevder at nattverden ikkje er det same som påskemåltidet, noko det utan tvil er. Men som vi ser av det Alstrup Dahl videre skriver, var han ingen kyrkjerefsar som ville føre nattverden tilbake dit den høyrte heime, nemleg hos jødane. For dersom ein ville halde seg strengt til det som står skrevet og ikkje gå utover det, så er det ingen grunn til at dei som ikkje jøder skal feire påskemåltidet, som i seinare tid vart kalla nattverd. Det skal vi kome tilbake til.

 

Alstrup Dahl skriver vidare (s. 117):

 

Påskemåltidet er således den nærmestliggende bakgrunn for nattverdens karakter av et minnemåltid, selv om en også kan peke på likhetspunkter med minnemåltider for avdøde ellers i antikken.

 

Her kan vi kort kommentere at keisarkyrkja i si tid fusjonerte (sameina) greskromersk filosofi og religion med ei ny språkdrakt inspirert av dei kristnes lære. Igjen ser vi at den nye religionen ikkje kunne bygge vidare på jødanes oppfatning av lærespørsmåla, fordi påskemåltidet berre kunne feirast av jødar. Ein kunne ikkje basere ein ny religion som skulle omfatte alle folkeslag på ei slik eksklusiv lære. Ein måtte «vri» det til slik at det kunne passe, ikkje berre for jødar, men for romarane og alle folkeslag som høyrte inn under det. Læra om den kristne nattverden er difor i utgangspunktet ei vranglære, altså kjetteri, sett i frå jødisk hald. Slik vil det derimot ikkje sjå ut frå det keiserlege Roma og frå den i si tid nystifta verdsreligionen kristendommen. 

 

Alstrup Dahl skriver vidare at forskning viser at nattverden som måltid opphøyrte ca. rundt år 250 e.Kr. Her kan vi tilføye at jødane då var spreidd utover i heile verda og at tempelet i Jerusalem var reve ned og at jødanes heimland meir eller mindre var gjort utilgjengeleg for jødefolket. Den naturlege konsekvensen var at jødane ikkje lenger kunne feire påske på tradisjonellt vis, ettersom  det i 5. Mos. 16:5-7 står skrevet:

 

Du må ikkje slakta påskeofferet ditt i nokon av dei byane som Herren din Gud gjev deg, men på den staden der Herren din Gud vel å la namnet sitt bu. Der skal du slakta påskeofferet ditt om kvelden, når sola går ned, på same tid som då du drog ut frå Egypt. Du skal steikja det og eta det på den staden Herren din Gud vel seg ut. Og om morgonen skal du venda attende og gå til telta dine.

 

I 2. Krøn. 12:13 får vi vite at den staden Herren Gud valte seg ut var Jerusalem, for det står skrive: «Jerusalem, den byen som Herren hadde valt ut mellom alle ættene i Israel for å la namnet sitt bu der». Vi ser altså at påskelammet ikkje kunne slaktast på nokon annan stad enn i Jerusalem! Eg har sjølv spurt ein jødisk rabbiner, ein innbyggar av byen Jerusalem, om nettopp dette: «Feirer jødane påske nokon annan stad enn i Jerusalem?» Han svarte då at dei kan feire påske over heile verda, og har dermed indirekte svart at jødane ikkje lenger trenger å reise til Jerusalem og på den måten heilaghalde seg for sin Gud. I 2. Mos. 12:43-48 står det også:

 

Herren sa til Moses og Aron: Dette er føresegna om påskelammet. Ingen framand skal eta det. Men kvar træl som er kjøpt for sølv, han skal du omskjera, då kan han eta av det. I eitt hus skal det verta ete, du skal ikkje la noko av kjøtet koma utanfor huset. De skal ikkje bryta noko bein på det. Slik skal heile Israels-lyden gjera. Når ein framand held til hjå deg og vil halda påske for Herren, skal alle menn hjå han omskjerast. Då kan han få vera som ein innfødd i landet. Men ingen uomskoren skal eta av det.

 

Det er altså ikkje fritt fram for kven som helst å ete påskemåltidet. Dette bodet gjelder utelukkande for jødane og andre som av ulike grunnar er omskore og innskreven blant Israelsborna. Jesus sjølv haldt denne lova saman med læresveinane sine nettopp fordi han var jøde. Enkelte ikkje jødar får i dag ta del i desse måltida saman med dei omskorne av jødane, stikk i strid med moselova.

 

Elles kan vi merke oss at dei einaste skriftstadane som talar om nattverden, utover dei tre første evangelia, står i første korintarbrev kap. 10 og 11. Vi kan merke oss at uttrykket kjærleiksmåltid i Jud. 12 er konstruert og falskt. Sjå etter i grunnteksta.

 

I 1. Kor. 11:20-34 står det også om å ete seg mett og drikka seg utørst, og at Jesus «tok kalken etter kveldsmåltidet». Sjølve ordet for måltid, som her er brukt er greske deipnon og tyder høgtidsmåltid, i dette tilfelle påskemåltidet. Hovudmåltidet (gr. deipnon), altså sjølve nattverden, var difor påskelammet. Dermed veit vi at det i teksta indirekte står at dei korintiske jødane hadde vorte lagt merke til av Guds ekklesia då dei var i Jerusalem for å feire påske. I 1. Kor. 10:1-2 kjem dette særleg godt fram. Paulus skriver: «For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om at fedrane våre alle var under skya og alle gjekk gjennom havet. Alle vart døypte til Moses i skya og i havet». Her må vi spørre oss sjølv om kven sine fedre det er tale om? Moses er f.eks. nemnt, og det er vel nok. Vi forstår at han skriver til jødane. Det finns slik sett ikkje eit einaste ord i Bibelen som lærer at dei andre folkeslaga skal feire nattverd. Det er som vi kanskje forstår heller ikkje nattverd som vert feira blant kristne, men eit rituale basert på påskemåltidet, eller med det som høyrte til måltidet, det at ein bryt brødet og drikk av kalken. Det er altså ikkje eit måltid, eller som vi ville ha sagt, ein middag. I 1. Kor. 11 står det heller ingenting om at Jesus delte ut brødet og kalken, men det veit vi berre basert på det Paulus her refererer til, altså det høgtidsmåltidet som Jesus og læresveinane hans feira saman, sjølve påskemåltidet. Sjå Matt. 26:26-28, likeins i Mark. 14:22-24 og Luk. 22:17-20.

 

 

Problemet «den historiske Jesus»

Alstrup Dahl prøver her å peike på kor vanskeleg det er å vere vitskapeleg i metode når det kjem til forskinga på Jesu liv. Han skriver (s. 157):

 

For teologien i dag er derimot «den historiske Jesus» blitt et problem. Et symptom er at mens tiden vrimler av Jesus-romaner, er det mest outsidere og dillettanter som våger seg på å forsøke å skrive «vitenskapelige» fremstillinger av Jesu liv. De nytestamentlige forskere, de egentlige fagfolk, vet alt for godt hvor vanskelig oppgaven er, og hvor problematiske de er, alle de mange verk om «den historiske Jesus».

 

Problemstillinga dukka eigentleg først opp i opplysningstida på 1700 talet. Historisk kjeldekritikk gjorde seg då gjeldane, «til å begynne med i form av en temmelig naiv rasjonalisme, hvor en omtydet eller strøk alt «overnaturlig»» (s. 158-159). Her får vi legge til at det ofte er ein slik type rasjonalisme vi møter på i vitskapelege skrifter som på ein eller annan måte kjenner seg tvungen til å kommentere bibelske kjelder. Alstrup Dahl meiner at vi har den liberale teologi å takke for at det vart gjort framskritt på dette området. Han skriver (s. 162): «Det tjener denne retning til uvisnelig heder at den hadde ærlighet og mot til å gjennomføre en historisk forskning som undergravet dens egne grunnposisjoner». For det er nemleg slik at dersom vi skal frambringe ny kunnskap, som forsking eigentleg er, då må vi vere villige til både å kritisere andre og til å kritisere oss sjølv. Kritikk kjem av gresk og tyder å skjelne, å prøve sjå forskjell på godt og vondt, rett og galt, og avgjere og dømme om forskjellen. Vi må difor kunne lytte til den radikale teologi og spørre som Alstrup Dahl om (s. 160): «Hvem Jesus var og hva kirken har gjort ham til?».

 

Alstrup Dahl trekker her fram eit konkret døme på kor langt forskinga eigentleg har kome i si tilnærming til Jesu forkynning. Den tyske teologen Johannes Weiss gav f.eks. i 1892 ut ei bok som påviste fyljande (s. 164-165):

 

…at «Guds rike» i Jesu munn ikke betegnet det man hadde lagt inn i dette begrepet, en rent «åndelig» størrelse, en moralsk ordning som skulle virkeliggjøres ved lydighet mot Jesu ord i bergprekenen, eller noe i den retning. Jesu gudsrikeforkynnelse var «eskatologisk», riket var det rike som ved tidenes ende skulle opprettes ved Guds underfulle handling, og Jesus forkynte at dets komme var nær forestående.

 

Her kan vi kort kommentere at Jesus ikkje forkynte at Guds rike var nær føreståande, men at Gud var nær i og med at Kristus var Gud. Likevel, det er teologisk og fagleg forsvarleg å hevde at Guds rike er det som er i himmelen. Vi må ha i minne at Gud i 1. Mos. 1:28 tala vel om mennesket og sa til dei (NB88): «Ver fruktbare og vert mange, fyll jorda og legg henne under dykk». Jesus fulgte opp dette og sa (NB88/Matt. 24:14): «Og dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til eit vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma». Det ville altså kome til å ta tid.

 

Alstrup Dahl skriver vidare (s. 169):

 

Men der har også eksistert teologer av en kirkelig konservativ grunnholdning, som var dypt rotfestet i bibelsk kristendom, men samtidig hadde et mer åpent syn for de problemer forskningen arbeidet med.

 

Forskinga viste at «Det var denne «troens Kristus» som også var den virkelig historiske, for det historisk gitte er nettopp det apostoliske vitnesbyrd om Jesus» (s. 170). Likevel er det også sant (s. 171):

 

Bare for den som tror på det apostoliske evangelium om Kristus er det virkelig mulig å holde fast på Jesu «enestående» stilling og betydning. For en rent immanent historisk betraktning kan Jesus ikke være «enestående» annet enn i den relative betydning.

 

Poenget er at Bibelens historie er vanskeleg å foreine med vitskapleg forsking slik vi finner den presentert i dag. Vi gjer også ein stor urett om vi vil tvinge vår tru på andre som ikkje er mottakelege for den slags. Det vi er best tent med er å overtyde kvarandre om trua vår, slik at vi står stødigare i møte med vantrua. Dersom vi hadde makta det først, så trur eg mykje av det andre hadde løyst seg.

 

 

Bekjennelsens forpliktelse og evangeliets frihet

Alstrup Dahl skriver slik om det enten eller som ligger i vedkjenninga av Jesus Kristus (s. 203):

 

Evangelium og bekjennelse hører uoppløselig sammen med hverandre. Evangeliet er et kall til bekjennelse, bekjennelsen et svar på evangeliet.

En kristen bekjennelse er ikke simelthen en redegjørelse for personlige religiøse meninger eller opplevelser. Det er et forpliktende ja til Jesus Kristus. Stillet overfor ham, er mennesket stillet overfor to muligheter, enten å bekjenne seg til ham eller å fornekte ham. Valget mellom disse to mulighetene er etter Jesu egne ord avgjørende for et menneskes evige skjebne: «Hver den som bekjenner seg til meg for menneskene, ham skal også Menneskesønnen bekjenne seg til for Guds engler. Men den som fornekter meg for menneskene, han skal fornektes for Guds engler».

 

Om Jesu læresveinar si vedkjenning skriver han slik (s. 203-204):

 

Deres bekjennelse til ham var samtidig en bekjennelse til hans ord, et ja til det budskap han brakte om Guds rike som skulle komme. Bekjennelsen til Jesus og bekjennelsen til evangeliet falt sammen.

 

Læresveinane, også kalla apostlane, kom utsendt av sin Herre for å lære opp nye læresveinar. Det evangeliet dei forkynte tok utgangspunkt i at Jesus, han som kom frå Nasaret i Judea i Israels land, var Kristus, og at han døde og sto opp igjen frå dei døde som ei ny skapning. Når Paulus skulle vitne om dette til korintarane skreiv han difor slik (1. Kor. 15:3-8):

 

For eg overgav dykk mellom dei fyrste ting det som eg sjølv tok imot: At Kristus døydde for syndene våre etter Skriftene, og at han vart gravlagd, og at han stod opp på den tredje dagen etter Skriftene, og at han vart sett av Kefas, deretter av dei tolv. Deretter vart han sett av meir enn fem hundre brør på éin gong. Av desse lever dei fleste enno, men nokre er sovna inn. Deretter vart han sett av Jakob, deretter av alle apostlane. Men sist av alle vart han sett av meg då eg var som eit ufullbore foster.

 

Legg merke til det han skriver: «For eg overgav dykk mellom dei fyrste ting det som eg sjølv tok imot». Eg tenker på det som står i Hebr. 5:11-14 og 6:1-3, som vi ovenfor har sitert. Dette er slike grunnleggande ord som vi baserer vår kunnskap på, og som vi stadig lærer meir om. Det står (1. Kor. 3:11): «For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som er lagd, det er Kristus Jesus». Det er i den same tydinga Paulus skriver i Rom. 1:1-4:

 

Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel, utvald til å forkynna Guds evangelium, det som han føreåt har gjeve lovnad om ved profetane sine i heilage skrifter, om Son hans, han som etter kjøtet er komen av Davids ætt, og som etter heilagdoms Ande er godtgjord å vera Guds veldige Son ved oppstoda frå dei døde, Jesus Kristus, vår Herre.

 

Vi veit at trusvedkjenninga på eit tidspunkt vart formalisert og endå til brukt i form av spørsmål til den som ynskte å døype seg, der dåpskandidaten måtte svare: «Jeg tror» (s. 206), i tydinga at det er dette eg vil basere mi tru på og det er dette eg vil lære meir om, slik at eg kan lære det vidare til andre. Alstrup Dahl tilføyer (s. 206):

 

I tilfelle av barnedåp - som turde ha forekommet fra begynnelsen av, i hvert fall hvor hele hedenske familier gikk over til kristendomen - har da foreldrene avlagt bekjennelsen på barnets vegne.

 

Det hadde kanskje vore betre om han formulerte seg slik at dei umyndige som hadde kome til tru vart vurdert av sine foreldre om dei var skikka til å verta læresveinar. Vi forstår at eit spedbarn ikkje kan verta ein læresvein og at ein ikkje på førehand kan seie om eit spedbarn er skikka eller uskikka.

 

Alstrup Dahl held deretter fram med å fortelle historia om utviklinga av det som etter kvart skulle bli rett lære og det som skulle bli kjettarske meiningar. På kyrkjemøtet i år 325 vart det blant anna slått fast at arianarane (eit parti innan kyrkja) si lære om Gud var feil. Trusvedkjenninga endra seg difor i retning av ei vedkjenning til den rette læra. Trusvedkjenninga vart deretter eit rituale som vart repetert ved kvart einaste møte. Noko liknande hendte med nattverdsritualet. Ei av dei eldste trusvedkjenningane byrja difor slik: «Hver den som vil bli frelst, må fremforalt ha den rette felleskristne tro; dersom noen ikke bevarer den ren og uforfalsket, vil han uten tvil gå evig fortapt» (s. 212).

 

Då den augsburgske konfesjon (vedkjenning) vart lagt fram for keisaren i riksdagen i Augsburg i år 1530, «heter det ikke: «Jeg tror…» eller «Vi tror…», men «Således lærer de…» eller «Således blir det lært hos oss…» (s. 212). Den reformerte kyrkja ville altså halde fram med å vere ei katolsk kyrkje eller ei allmenn kyrkje, som det heiter på norsk, i same stil som den katolske kyrkja. Dei fekk berre ikkje lov til å halde fram saman med dei. Alstrup Dahl skriver: «…kirkesplittelsen, forårsaket ved den katolske kirkes avvisning av den evangeliske lære, slik den ble forkynt av Luther og i de lutherske kirker» (s. 212-213). I våre dager har den katolske kyrkja snart fortrengt den lutherske. På visse område har også den katolske kyrkja endra seg, sjølvsagt ikkje på alle felt. Alstrup Dahl skriver difor: «Forkynnelsen av evangeliet - og sakramentene, som hører uløselig sammen med den - er det som skaper kirken og dens enhet, ikke kirkelige seremonier eller ordninger» (s. 213).

 

Alstrup Dahl held deretter fram med å forsvare bruken av trusvedkjenninga (s. 214):

 

For den som er satt til å være Ordets tjener i kirken innebærer bekjennelsesforpliktelsen en påminnelse om at det ikke er sine egne tanker og meninger han skal bære fram, men «Guds ord som det er gitt oss i den hellige skrift og som vår kirke vitner om det i sin bekjennelse».

 

Men han minner også om (s. 214-215):

 

Forpliktelsen på bekjennelsesskriftene er en reell forpliktelse, men denne forpliktelsen er likevel bare relativ og ikke absolutt. Absolutt forpliktet er kirkens tjenere bare overfor kirkens Herre.

 

Her kan vi tilføye, ettersom Alstrup Dahl ikkje sjølv poengterer det, at kyrkjas Herre bør vere Jesus Kristus, og ikkje keisar, konge, pave osv. Mange kristne har nok prøvd å etterleve eit slikt ønske om at Gud, som openberra seg for oss ved sin Son Jesus Kristus, skal vere Herren i vårt liv.

 

Alstrup Dahl skriver vidare (s. 216-217):

 

Den rette lære i kirken er ikke et riktig dogmatisk system, som helt eller delvis foreligger ferdig i fikserte bekjennelsesskrifter. Rett lære er en rett forkynnelse av evangeliet, og evangeliet forkynnes ikke i noe lufttomt rom, men alltid i en bestemt tid og overfor bestemte mennesker. En korrekt reproduksjon av bekjennelsesskriftenes innhold kan aldri bli noen garanti for en virkelig rett lære. Bekjennelsestro i den forstand at man omhyggelig unngår å si noe som helst som strider mot bekjennelsesskriftenes ordlyd, kan man temmelig lett bli. Det kan man ganske enkelt bestemme seg til. Men det er vesentlig vanskeligere å være virkelig tro i bekjennelsen til Kristus og å forkynne evangeliet rett i dag. Det er ikke noe vi kan ta oss til, men bare noe vi kan arbeide hen imot, i bønn om at Guds Hellige Ånd må gi oss å bekjenne og å forkynne rett.

 

Alstrup Dahl skriver vidare (s. 217):

 

Den rette lære er ikke formulert én gang for alle; nettopp for at spørsmålet om den rette lære skal holdes levende, trenger kirken tjenere som har sine kjetterske meningers mot.

Blir bekjennelsesforpliktelsen oppfattet som en forpliktelse på alle de enkelte læreformuleringer i bekjennelsesskriftene, blir bekjennelsen en lærelov som stenger for evangeliet.

 

Alstrup Dahl prøver til slutt å hjelpe de to stridande parter til forsoning, og forstå at dei begge står for noko positivt, som (s. 218):

 

Når konservative teologer har kjempet for det forpliktende i bekjennelsen, og liberale teologer har kjempet for frihet i forhold til formuleringene i de historisk gitte bekjennelsesskrifter, har altså begge parter varetatt berettigede interesser.

 

 

Min konklusjon

For Gud er vi alle berre menneske. «Som det står skrive: Det finst ikkje éin rettferdig, ikkje ein einaste» (Rom. 3:10), og likeins: «alle har synda og står utan ære for Gud» (Rom. 3:23). Vi kan difor ikkje legge så stor vekt på kva menneske til ei kvar tid lærer eller på kva menneske hevder er rett lære og kjetterske meninger. Vi må forstå at det er vanskeleg nok for både radikale, konservative og liberale å halde fram Bibelens ord slik det i sanning står skrevet. Ingen er rettferdig når det kjem til rett lære, og som vi har sett er det greske ordet haíresis, som tyder tankeretning, det vi vanlegvis forstår som kjetteri, altså tankar som varierer frå standardtanken. Greske haíresis, av hairéomai, tyder å velje, å gjere ulike val. Vi er altså alle kjettarar på kvar vår måte, ettersom vi tek ulike val og tek ulike parti i saker som vert drøfta. Det er viktig at vi gir rom for kvarandre, men det er også viktig med avklaringar, slik at vi slepp å diskutere dei same emna opp og opp igjen. Her kjem bibelforskinga oss til gode.

 

Blant dei lågkyrkjelege er det ikkje alltid like populært å vise til verken teologi eller forsking. Mange er ofte nøgde med ei overfladisk forståing av ulike teologiske spørsmål og kan som fylje av det lett misforstå når nokon går meir grundig til verks. Paulus hadde truleg raskt fått stempel som vranglærar og kjettar i vår tid. Dette er eit av dei store paradoksa. Likeins har teologar med lågkyrkjeleg bakgrunn ofte ein ibuande motstand mot å erkjenne resultata av bibelforskinga. Frykta for å bli påverka av den liberale teologi er nok årsak til den motstanden. Noko liknande ser vi vel også blant dei høgkyrkjelege teologane som vil vere rettruande og konservative. Og likeins med teologar generellt. Det skal litt til å akseptere Bibelens ord og likeins å unngå å få kjettarstempelet ved å halde fram forskjellen mellom apostlanes lære og kyrkjas.

 

Vi bør nok ikkje vere så redde for å ha våre eigne meininger, om vi ikkje alltid har rett i alt vi hevder. Vi må våge oss «ut på» om vi nokon gong skal modnast og verta lik dei som har gått foran oss, og som er eldre og meir vaksne. Og vi bør bære over med kvarandre, slik at vi tåler å høyre noko anna enn det vi er vande med. Vi må kunne sjå på eit objekt frå eit anna perspektiv og sjå at det faktisk ser annleis ut derifrå. Likeins at vi kan lytte til eit vitnemål som skildrar og som tydleg har oppfatta det vi i fellesskap har opplevd på ein annan måte enn vi sjølve. Så må vi våge å sjå over ei sak på nytt, som for oss kanskje verkar opplagt, oppklart og løyst. Og ikkje med stirrige auge.

 

«Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus» (Rom. 1:7).

 

 

Litteraturliste:

Dahl, N. A. (1953). Rett lære og kjetterske meninger.

Rasmussen, Tarald. (2017, 27. oktober). Martin Luther. I Store norske leksikon. Hentet 26. november 2017 fra https://snl.no/Martin_Luther.

Barstad, Hans M. (2009, 14. februar). Hedning. I Store norske leksikon. Hentet 12. august 2017 fra https://snl.no/hedning.

https://www.regjeringen.no/contentassets/3e1f412509d348f28dc19343779026b5/no/pdfs/horingsnotat-forslag-til-ny-lov-om-tros--og-livssy.pdf

Kirkestriden. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Hentet 12. juli 2016 fra https://snl.no/kirkestriden.

Moxnes, Halvor. (2009, 13. februar). Nils Alstrup Dahl. I Norsk biografisk leksikon. Hentet 12. juli 2016 fra https://nbl.snl.no/Nils_Alstrup_Dahl.

Nils Alstrup Dahl. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Hentet 12. juli 2016 fra https://snl.no/Nils_Alstrup_Dahl.

Johannes Ording. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Hentet 16. august 2016 fra https://snl.no/Johannes_Ording.

Oftestad, Bernt. (2009, 13. februar). Carl Fredrik Wisløff. I Norsk biografisk leksikon. Hentet 11. september 2016 fra https://nbl.snl.no/Carl_Fredrik_Wisl%C3%B8ff.

Haanes, Vidar L.. (2013, 25. april). Fredrik Petersen. I Norsk biografisk leksikon. Hentet 11. september 2016 fra https://nbl.snl.no/Fredrik_Petersen.

Denne sida vart laga i 2017; sist endra 31 januar 2021.