top of page

Bibelleksikon​

VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET! 

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Fødd på ny

Uttrykket fødd er ei omsetting av greske gennao, ein variant av genos, av ginomai, å forårsake at noko blir til, å skape. I oldtidas dagligtale - som vi må halde oss til her - vart ordet brukt om å avle, om fars rolle i forplantninga. Mors rolle er underforstått. Ho skulle bære fram sæden, barnet i mors liv. Desse to skapningane høyrer saman. Korrekt omsetting er difor å verta avla, i tydinga å avla fram, formeire seg. Likeins er det som vert skapt, skapt anten i sin fars eller sin mors likning.

Uttrykket ny kjem av greske anothen, fra ano, oppover, på toppen, altså det som er over, høgare eller frå før i tid enn det som er. Ordets rot kjem av anti, det motsette, å byrja i den andre enden av noko. I tydinga å regenerere, å få noko til å bli til ein gong til, å gjere om på noko.

 

I 1. Mos. 1:26-27 står det at mennesket vart skapt i Guds bilete. Mennesket liknar difor veldig på Gud. Men i 1. Kor. 15:47-48 står det også:

 

 

Det fyrste mennesket var jordisk, av jorda. Det andre mennesket er av himmelen. Som den jordiske var, slik er òg dei jordiske. Og som den himmelske er, slik skal òg dei himmelske vera.

 

Å verta fødd på ny vil difor vere å få del i eller å bli ein del av Guds opphavelege natur, det himmelske, det evige, det åndelege, liksom englane. Altså peikar dette på noko som skal bli ein realitet ein gong i framtida. Likevel står det i 1. Pet. 1:23: «For de er atterfødde, ikkje av forgjengeleg, men av uforgjengeleg sæd, ved Guds ord, som lever og vert verande». Dette skriver Peter fordi det er ved Guds ord at vi kjem til tru og lærer om dei kommande ting, Guds løfter til oss. Dette er vårt håp, det som vi med glede ser fram imot mens vi ventar på oppfyllinga. Det er ved dette evangeliet at vi vert overtydde om det vi ennå ikkje ser, og slik også at vi allereie no, i den tid som no er, reknar oss med til den nye skapninga. Peter skriver i Pet. 1:3-9:

 

Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, som etter si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, til ein arv som er uforgjengeleg, uflekka og uvisneleg, og som er gøymd for dykk i himlane - de som ved Guds makt vert haldne oppe ved trua, til den frelsa som er ferdig til å verta openberra i den siste tid. Difor jublar de av glede, jamvel om de no ei lita stund, når så skal vera, har sorg i mange slag prøvingar. Dette hender for at dykkar prøvde tru, som er mykje kostelegare enn det forgjengelege gull - som vert lutra i eld - skal verta funnen til lov og pris og ære når Jesus Kristus vert openberra. Han elskar de, endå de ikkje har kjent han. Han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de frydar dykk med ei useieleg og herleggjord glede, når de vinn fram til endemålet for trua dykkar, frelse for sjelene.

 

I Joh. 3:1-21 forkynner Jesus for Nikodemus. I Joh. 3:5-6 lærte han:

 

Ingen kan koma inn i Guds rike utan han vert fødd av vatn og Ande. Det som er født av kjøtet, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. Undra deg ikkje over at eg sa til deg: De må fødast på nytt!

 

Først då kan det bli ei ny skapning. Jesus forkynte om sin eigen død og oppstode frå dei døde, i kraft av Den Heilage Ande. Likeins forkynte Peter kva vår dåp har å seie for oss i Apg. 2:38: «Vend om, og lat dykk alle døype på Jesu Kristi namn til forlating for syndene, så skal de få Den Heilage Ande i gåve». Likeins skriver Paulus i Rom. 8:11:

 

Men dersom hans Ande som reiste Jesus opp frå de døde, bur i dykk, då skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekamar levande ved sin Ande, som bur i dykk.

 

Og i den tid som no er skal vi rekne oss som døde på grunn av synda, men vi levande for Gud ved Den Heilage Ande, ved den nåden Gud har gjeve kvar enkelt.

 

Det norske uttrykket å verta fødd på ny vert ofte samanlikna med det latinske uttrykket reincarnari (reinkarnasjon), av re, tilbake, igjen (nok en gang); in, som tyder i; og carnari av caro, kjøt, altså tilbake i kjøtet. Men dette er to forskjellige saker. I 1. Tess. 4:16-17 står det at:

 

...dei døde i Kristus skal fyrst stå opp. Deretter skal vi som lever, som har vorte att, saman med dei rykkjast opp i skyene, opp i lufta, for å møta Herren. Og så skal vi for alltid vera saman med Herren.

 

I 1. Kor. 15:50-53 står det:

 

Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje erva Guds rike. Heller ikkje skal forgjengelegdom erva uforgjengelegdom. Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna inn, men vi skal alle verta omskapte, i eit no, i ein augneblink, ved den siste basunen. For basunen skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. For dette forgjengelege må verta kledd i uforgjengelegdom, og dette døyelege må verta kledd i udøyelegdom.

 

Dei som står opp igjen frå dei døde, står opp igjen uforgjengelege og udøyelege, altså av ein annen natur enn det gamle menneske. Dei står opp i ein lekam liksom den oppstandne Jesus. Og liksom Gud skapte det første menneske i likning med Guds bilete, så er det nye menneske avla fram av Gud. For det står i Joh. 1:13: «Dei er ikkje fødde av blod, heller ikkje av kjøts vilje, heller ikkje av manns vilje, men av Gud». Vi kan difor ikkje seie at reinkarnasjon er det same som å verta fødd på ny. Derimot skjedde det ein reinkarnasjon som fylje av Jesu død i Matt. 27:52-53, og likeins etter Elisas død, då ein død mann vart levande etter å ha vorte kasta ned i grava til Elisa (2. Kong. 13:20-22). Sistnemnte er eit flott bilete på Kristus og dåpen, der vi reknar oss med til hans død og gravlegging. For har vi del i hans død, då skal vi også få del i hans liv, ved den Anden som gir liv.   

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 30 juli 2017.

​

 

 

​

Fødd på ny
bottom of page