VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!

Kjelder i bruk:

Gilbrant, Studiebibelen.

A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.

Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.   

Bibelleksikon

Mammon

Det greske uttrykket mammonas er truleg i slekt med hebraiske aman, å tru, å stole på, å sette sin lit til, i tydinga å ha tru på seg sjølv eller å sette sin lit til det ein har samla seg sjølv av rikdom og eigedomar, å sette sin lit til det forgjengelege.

 

Det er lysta etter meir pengar og meir materialistisk rikdom som ser ut til å drive det moderne mennesket. I 1. Joh. 2:15-17 står det:

 

Elska ikkje verda, heller ikkje dei ting som er i verda! Om nokon elskar verda, då er ikkje kjærleiken til Faderen i han. For alt som er i verda, kjøtslyst og augnelyst, og hovmodig skryt av det ein er og har, er ikkje av Faderen, men av verda. Og verda og hennar lyst forgår, men den som gjer Guds vilje, vert verande til evig tid.

 

Det er dette verda traktar etter og som eliten ser på som noko stort og ærerikt. I Luk. 16:14-15 heldt Jesus ei tale for læresveinane sine medan farisearane høyrte på:

 

Farisearane høyrde alt dette, og pengekjære som dei var, spotta dei han. Og han sa til dei: De er slike som rettferdiggjer seg sjølve i menneskeaugo, men Gud kjenner hjarto dykkar. For det som menneske set høgt, er ein styggedom i Guds augo.

 

Kva meinte Jesus med «det som menneske set høgt»? Det er lysta etter pengar, rikdom og ære frå menneske. Frå denne høgda ser dei ned på dei andre i samfunnet. I Matt. 6:19-34 lærte Jesus sine læresveinar om heller å sette sin lit til Gud. For Gud veit kva alle menneske treng til. Difor sa han til dei rike at dei ikkje skal samle seg skattar her på jorda, slik at dei skulle få kjærleik til denne verda. Men i alle ting skulle dei ha endemålet for auga, og heller samle seg skattar i himmelen, hos Gud. Difor står det i Rom. 12:2: «Og skikka dykk ikkje likt med denne verda». Og i Matt. 6:24 står det:

 

Ingen kan tena to herrar. For han vil anten hata den eine og elska den andre, eller han vil halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

 

Vi kan altså ikkje vere fanga av ei slik lyst, dersom vi ynskjer å tene Gud. Men vi ser at somme prøvar å tene begge to. I 1. Tim. 6:3-21 står det skrevet til dei som ser på gudsfrykta som ein veg til vinning (kapital), at «kjærleik til pengar er ei rot til alt vondt» (v. 10). For det er ikkje slik å forstå at Jesus lærte at vi ikkje skulle arbeide. Paulus skriver også at han arbeidde for å ikkje ligge andre til byrde. Men når det er sagt så levde læresveinane på ein heilt annan måte enn vi gjer i dag. Dei solgte alt dei eigde og hadde alle ting felles, slik at dei kunne konsentrere seg om oppgåva si. På den måten hadde dei heller ikkje utgifter som låg dei til byrde. Men først og fremst levde dei ved tru, i tillit til at Gud ville sørge for dei. Difor tala Jesus like mykje til dei fattige. For dei skulle heller ikkje bekymre seg over kvar dei skal bu, kva dei skal kle seg med og kva dei skal ete, for Gud veit at dei trenger til alt dette. I Hebr. 11:6 står det difor at vi må tru at Gud er til og at han løner dei som søkjer han.

 

I Luk. 16 tala Jesus strengt til læresveinane sine medan farisearane sto og høyrte på. Han fortalte om ein rik mann som hadde ein urettferdig hushaldar hos seg, ein som stilte urimelege krav til alle andre enn seg sjølv. Då forholdet vart oppdaga tok herren til å irettesette tenaren sin. Og den urettferdige hushaldaren byrja å tenke på kva han skulle leve av dersom han no skulle verta utan arbeid. Det sto mellom sjølvmord eller det å tigge om pengar. Det første ville han ikkje, så han bestemte seg for at han ville tigge. Mens han ennå hadde jobben sin ettergav han difor gjelda til dei som skylda herren hans noko. For han tenkte at dersom han hjalp andre som var i naud, så kunne dei hjelpe han når han sjølv kom i naud. For dette fekk han ros av herren sin. Deretter sa Jesus: «Vinn dykk venar ved den urettferdige mammon, så dei kan ta imot dykk i dei evige bustadane når han sviktar» (v. 9). Han, i dette tilfellet er Mammon. Så sa Jesus (v. 10-12):  

 

Den som er tru i smått, er òg tru i stort. Og den som er urettferdig i smått, er òg urettferdig i stort. Dersom de ikkje er true med den urettferdige mammon, kven vil då tiltru dykk dei sanne skattane? Og har de ikkje vore true i det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko å eiga sjølv?

 

Farisearane var kjent for å vere dei ivrigaste til å tene Gud, og det var dei som på det strengaste haldt seg til Moselova. Det var klart at dei forventa at dei skulle få koma inn i Guds rike. Men for Gud var ikkje det sjølvsagt. Her sto det altså fram ein som var utsendt frå Gud, ein som turde å seie imot og irettesette dei. Men ville dei høyre? I Luk. 6:24-26 sa han til dei:

 

Men ve dykk som er rike, for de har alt fått trøysta dykkar. Ve dykk som no er mette, for de skal svelta! Ve dykk som no ler, for de skal sørgja og gråta! Ve dykk når alle menneske talar vel om dykk, for det gjorde fedrane dykkar òg med dei falske profetane!

 

I Luk. 16:19-31 likna han dei med den rike mannen og Lasarus, der den fattige Lasarus, ein av dei som trudde på Jesus, hadde kome til paradis og var saman med Abraham. Der venta dei saman på oppstoda frå dei døde. Farisearane trudde nemlig på oppstoda. Men den rike mannen hadde hamna i dødsriket, der guden Hades rådde, han som dei på latinsk kallar Pluto, eit namn som tyder den rike. Men den rike var fattig i sin død, og den fattige var rik i sin død. For den som berre har auge for det som no er, han har ingen arvedel i det uforgjengelege. Tenk berre på kven farisearane hadde vraka! Han dei forkasta viste seg å vere Guds Son!

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 21 oktober 2016.