top of page

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Gud, Moses og Israel

av Jørn O. Bjørnerem

​

​

Moses blei fødd i Egypt under ein farao som ikkje kjende til det Gud hadde gjort gjennom Josef, son til Jakob (Israel). (Utruleg, når ein tenkjer over kor viktig det var, ikkje berre for Egypt, men nasjonane kring Egypt under dei sju vonde åra som følgde dei sju gode åra). Denne faraoen var uroa over kor mange israelittane hadde blitt, og såg på dei som ein trussel. Ikkje rart når ein tenkjer over at israelittane opphaveleg var gjetarar, og egyptarane såg ned på gjetarar, som Josef hadde sagt.

Sidan farao såg kor mange israelittane, slavane til egyptarane, hadde blitt, bestemde han seg for å gjere arbeidet hardare for dei og dermed prøve å ta motet frå dei. Men det er klart at han ikkje ville dei godt, og Gud hadde altså sørga for at israelittane blei mange i Egypt som han hadde lova Abram (Abraham), far til Jakob. Sidan israelittane heldt fram med å auke i tal, kom farao til det ekstreme tiltaket å ta livet av gutungane som blei fødde av israelittiske kvinner.

Jordmødrene fekk beskjed om å ta livet av dei, men lydde ikkje farao i dette, og skulda på at dei israelittiske kvinnene var sterke. Dei sa at når dei kom fram til kvinna som skulle fø, hadde fødselen allereie funne stad og barnet var ikkje å finne. Foreldra til Moses ville ikkje ta livet av son sin, så han blei plassert i ei sivkorg på Nilen, og storesøster til Moses følgde han for å sjå kvar han ende opp. Han ende opp der prinsessa i Egypt kom ned for å bade. Ho såg han og bad ei av tenestejentene hente han til henne. Prinsessa skjøne at dette var ein av hebrearborna og tykte synd i han. Storesøster til Moses spurde prinsessa om ho skulle finne ei amme åt henne, og det ville prinsessa at ho skulle gjere. Ho kalla guten Moses fordi ho hadde drege han ut av vatnet. Slik fekk Moses’ eige mor vere amme for sonen sin i huset at farao.

Moses vaks opp i huset åt farao, og fekk opplæring i egyptisk kunnskap der. Når han blei vaksen, fekk han sjå lidinga til israelittane under tvangsarbeidet farao sette dei til, og tykte det var gale. Han såg ein egyptar slå ein hebraisk slave, som var ein av landsmennene hans. Han slo egyptaren i hel og gøymde han i sanden. Neste dag gjekk han ut att og fekk sjå to hebrearar som slåst. Moses spurde den eine kvifor han slo nesten sin, og han svara: «Kven har sett deg til leiar og dommar over oss? Tenkjer du å drepa meg slik du drap egyptaren?»

Moses blei redd sidan saka hadde blitt kjend, og slo seg ned i landet Midjan.

Det interessante er at Moses ville hjelpe landsmennene sine, men i staden for at drapet fekk han til å vekse i sjølvtillit, mista han motet:

Drapet gjorde han skuldig i noko vondt, og sidan folk visste om det, var det ein fare for at farao ville finne det ut. Dermed var no stillinga hans som ein av dei kongelege, trua.

Hebrearen som tala skarpt til han, fekk han også til å skjøne at hebrearane ikkje nødvendigvis ville følgje Moses eller støtte han.

Moses hadde ikkje tenkt gjennom det han gjorde, og på ein augneblink mista han alt. Han tok eit liv, og med det mista han livet sitt i faraos hus. Han levde 40 år i Midjan, i øydemarka, før Gud tala til han, og sa kva han ville Moses skulle gjere.

(Interessant å tenkje på at han seinare skulle bruke 40 dagar på fjellet saman med Gud, og 40 år på vandring i ørkenen som ei følgje av vantrua til Israelsfolket og som ei følgje av at han blei sint på folket og slo berget heller enn å tale til det, slik Gud bad han gjere. Første gongen fekk Gud vatn til å kome ut av berget ved å få Moses til å slå på det. Så i sitt sinne gløymde Moses at Gud hadde sagt andre gongen at han skulle tale til berget. Berget er eit bilete på Jesus, og vatnet Den heilage anden. Men meir om det ein annan gong).

Så Gud ville at Moses skulle bli audmjuka, straffa om du vil, fordi han tok livet av nokon og trudde at han kunne gjere noko godt for hebrearane på eiga hand. Det gode han ville gjere, førde til ei vond handling som igjen førde til eit liv i eksil.

Han gjekk frå høgt til lågt, eit bilete på det Jesus Guds son seinare skulle gjere, når han lèt seg føde av og leve mellom oss menneska, Han som kom frå det høge, frå Gud vår far, og gjorde seg låg, slik at han kunne ta på seg våre synder og brot og bere dei til krossen der han gjorde ende på dei ein gong for alle. Han levde eit rettferdig liv i audmjuk underkasting til Gud vår Far si vilje, og gjorde ikkje noko av seg sjølv eller i si eiga kraft.

Han viste oss vegen vi skal gå. At vi skal følgje Jesus og fortelje andre om Guds rike, slik han gjorde. Riket kjem snart, og tida til døra inn til det blir stengd, er kort. Ho har vore open i omtrent 2000 år, eller to dagar, og då kjem kviledagen, då vi som høyrer han til, skal kvile saman med han. Han skapte verda og det som er i ho på seks dagar, og kvilde i den sjuande. Guds ord seier at for Gud er tusen år som ein dag, eller ein dag som tusen år.

Om folket som vandra saman med Moses, dei som først nekta å gå inn i landet Gud hadde lova dei, sa han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile. Lat oss ta oss sjølve i vare, at vi ikkje ender opp som dei, med å nekte å gjere Guds vilje, og heller følgje vår eiga, noko som fører til undergangen. Nei, lat oss heller sjå på Jesus, vårt førebilete, som vi skal bli meir og meir lik kvar dag som går. Han vil vise oss vegen, og kva vi må kvitte oss med for å kunne gå den vegen med han,

Moses måtte miste motet han fekk frå å vere ein del av faraos hus, og heller kome inn under Gud vår far sitt hus. Det tok 40 år for Moses. Gud viste verda si makt gjennom Moses og Aron, bror til Moses, i Egypt. Han førte folket sitt ut av Egypt og brukte Moses som mellommann mellom seg sjølv og folket.

Gud er vårt mot og vår kraft. Han er den som sigrar og er trufast til evig tid. Lat han velsigne deg i dag.

Om du ikkje kjenner han, finn du han i Bibelen, som er Guds ord. Han er Ordet, som kom ut av Guds munn når han skapte verda, og han er det slakta lammet, som bøtte på syndene våre og vaska oss i blodet sitt, og han er kongen som kjem for å sigre over verda, og kongane i verda. Han skal rå over alle, over heile jorda. Underkast deg han, lat han rå over ditt liv, sann syndene dine for han og be han om tilgjeving slik at du kan bli døypt i namnet at Faren, Sonen og Den heilage ande og få nytt liv.

Då vil du finne fred no, før han kjem. I Kristus Jesus namn, amen.

 

Denne sida vart laga i 2018; sist endra 1 mars 2023.

bottom of page