INTRODUKSJON TIL JOHANNES' OPENBERRING

(Op. 1:1-3) 

Apocalypse_vasnetsov.jpg

Four Horsemen of Apocalypse av Viktor Vasnetsov (1887).

(File:Apocalypse vasnetsov.jpg - Wikimedia Commons)

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

 

Introduksjon til Johannes’ openberring

Kommentar til Op. 1:1-3.

 

Litt om grammatikk og omsetting av tekster

Teologen, forfatteren og Martin Luthers nære medarbeidar, Philipp Melanchton (sjå litteraturliste), konkluderte slik etter sitt møte med grunntekstene i reformasjonens dager: «Scriptura non potest intelligi theologice, nisi grammatice intellegatur» [Corpus reformatorum 20, 790]. Til engelsk omsett slik: «Scripture could not be understood theologically if it is not understood grammatically». Til nynorsk ved S. H.: «Skriftene kan ikkje forståast teologisk, viss dei ikkje er forstått grammatisk». Poenget er at viss ein ikkje forstår kva som står i grunntekstene - altså dei hebraiske og greske tekstene - er det heller ikkje mogleg å omsette skriftene korrekt til andre språk.

 

Men før vi går i gong med å seie noko om kva som står i den greske grunnteksta - som baserer seg på dei eldste versjonane vi har av boka - så kan vi minne om at Bibelen slik vi leser den, i det store og heile, baserer seg på Luthers omsetting. Han omsette heile Bibelen til tysk (Bible-Online.NET) og skreiv fortaler til alle Bibelens bøker. Vi kan merke oss at Melanchton, i fylje hans eigne skrifter, ikkje var samd med Luther i alt. Det er viktig å vite også kva Luther lærte om boka i hans fortale til Johannes’ Openberring, ettersom det heilt klart har prega vår forståing av boka (til nynorsk ved S. H.):

 

Fortale til Johannes Openberring (1522)

Om denne bok, Johannes Openberring, lar eg også ein kvar få tenke som han vil, og eg vil ikkje binde nokon til å fylje mitt skjøn eller min dom. Eg seier kva eg følar.

 

Det eg saknar ved denne boka er ikkje berre dette, at eg verken finn den apostolisk eller profetisk. For det første – og det er det viktigaste -: Apostlane gjev seg ikkje i veg med syner, men profeterar med klare og nøkterne ord, slik som Peter, Paulus og Kristus sjølv gjer, i evangeliet, - som det også sømmer seg det apostoliske embetet å tale klart og utan syner og billettale om Kristus og hans gjerning. Det er heller ingen profet i det gamle testamentet, difor berre denne eine i det nye, som så heilt og halden, så tvers igjennom, taler i syner og bilete, slik at eg, for mitt vedkommande, nærmast held denne boka lik med den fjerde Esras bok, og iallfall ikkje kan merke noko til, at den skulle vere eit verk av Den Heilage Ande.

 

Dessutan synast det for meg, at det er svært sterkt, at han om ei slik bok – si eiga bok – befaler og truar: at den som tek noko ord ut av den, frå han vil Gud, osv.; det er meir enn andre heilage bøker gjer - i slike som det kanskje var større grunn til å gjere nettopp det. På ei anna side står det at dei skal vere salige, som held seg til det som står i boka – og det sjølv om ingen forstår kva det er, slik at dei kunne halde seg til det; og då finns det langt betre bøker, som det er grunn til å «halde» seg til.

 

Det er då også mange av fedrane i dei første tider, som har forkasta denne boka, sjølv om også Hieronymus* framhevar den med sterke ord og seier, at den er heva over all ros, og at det er like mange løyndomar i den som det er ord, utan at han kunne gjere rett for noko av det – og slik har han også i andre samanhengar lett for å gi ros.

 

Men ein kvar kan endeleg meine om denne bok, det hans ånd seier til han – mi ånd kan ikkje kome til rette med den; og når eg ikkje setter den høgt, så er dette for meg ein god nok grunn: Kristus blir i denne boka verken forkynt eller erkjent, og det er nettopp det ein apostel framfor alt er skuldig i å gjere; som Kristus seier i Apg. 1: de skal vera mine vitne.

 

Difor held eg meg til dei bøker, som framstiller Kristus for mitt auge, klart og reint.

 

* Hieronymus, som han refererer til, omsette heile Bibelen til latinsk (Vulgata), og med visse modifikasjonar vert hans omsetting framleis brukt av Paven i Rom.

 

Vi skal først og fremst merke oss nokre vesentlege opplysningar i Op. 1:1-2, som eit forsvar mot Luthers sterke kritikk av boka. I den greske grunnteksta står det nemleg at dette er Jesu Kristi openberring, og ikkje Johannes’ openberring. Kyrkjefedra ville med sistnemnte overskrift så ein slags tvil om boka verkeleg var ekte. Dei vurderte, liksom Luther, boka med ein historisk og litterær kritisk metode.

 

Innleiingsvis i Johannes’ openberring får vi vite at Jesus faktisk var den einaste som kunne opne boka og at det var Gud som gav den til Jesus Kristus. Det står at Gud «sende engelen sin med bod og kunngjorde det i teikn for tenaren sin, Johannes, som har vitna om Guds ord og om Jesus Kristi vitnemål, alt det han såg». Ettersom det er dette som per definisjon er ein profeti, må vi konkludere med at openberringa er profetisk.

 

Når Luther her likevel skriver at den ikkje er profetisk, så er det på grunn av hans forståing av nettopp dette ordet. Han lærte nemlig at det å tale profetisk er det same som å utlegge skriftene, altså å gjere det skrivne og oppleste profetordet forståeleg for andre, som fagleg sett er å lære og undervise. Vi kan merke oss at dette var ei vanlig teologisk misforståing på hans tid og det har vore kontroverser om tydinga heilt inn i vår tid.

 

Elles kan vi legge merke til det som står i 2. Pet. 2:20-21, om at profetane ikkje fekk tyda profetorda sine sjølve. Det er altså ikkje eit teologisk krav om at eit profetisk skrift skal vere lett forståeleg. I 2. Pet. 3:15-18 står det at Paulus’ brev er «vanskeleg å skjøna, og som dei ustøe og ulærde vrangtolkar, slik dei gjer med dei andre Skriftene òg, til sin eigen undergang». Likeins står det at «aldri har noko profetord vorte til ved menneskevilje, men dei heilage Guds menn tala drivne av Den Heilage Ande». Det er difor ei svært alvorleg anklage Luther her kjem med og her vert han refsa ved desse orda. Ved seinare bibelutgåver modererte han seg ein god del, som vi skal sjå på nedanfor.

 

Lat oss også legge merke til det greske ordet apokalupsis, frå apo, av, i frå, bort, alltid frå noko som er nært; og kalupto, å dekke over, i tydinga å ta bort det som dekker over noko slik at ein ser det, i tydinga avsløring, avdekking, oppklaring av ei sak. Tydinga her kan vi forklare ved å trekke fram eit eksempel frå det førebiletlege. For inne i tempelet i Jerusalem, i det mest høgheilage, sto paktas ark (kiste). I den låg dei synlege teikna på Guds undergjerningar med Israel; steintavlene som var skrevet med Guds finger, og likeins Arons stav, som eingong hadde fått sevje og grøne blader etter sin død. Men berre øvstepresten hadde tilgang til arka ein gong i året og berre han kunne bere fram vitnemålet om dei teikna han hadde sett i arka. Her får Johannes sjå liknande teikn, som kvar for seg fortel ei historie.

 

Det kanskje mest vesentlege uttrykket vi finn i Johannes’ openberring er teikn, ei omsetting av greske semaino, frå sema, eit merke, i tydinga eit utgangspunkt, ein indikasjon, eit hint som kan hjelpe til å forstå. Uttrykket ser vi i samanheng med uttrykket apokalypse, det å kunne få oppklaring i ei sak. Grunnen til at teologar ikkje legg så stor vekt på dette uttrykket er at Luther omsette semaino med gedeutet, altså tolka (Luthers Bibel), som igjen tyder å gjere noko forståeleg for andre, altså å lære og undervise. Nok ei misforståing frå Luthers side. Til hans forsvar kan vi halde fram at dersom dette faktisk var tilfelle, så hadde han heilt rett i det han skreiv i fortalen sin, noko han derimot ikkje hadde, som vi ser av grunnteksta, som ikkje opnar for ei slik tyding av ordet.

 

Vidare skal vi merke oss at Jesu Kristi openberring er heilt i tråd med andre profetord av Jesus i Bibelen. I Matt. 13:34 står det at Jesus tala til folket i likningar, som er ei omsetting av greske parabole, som tydar å kaste noko ut så det kjem nær til den enkelte (ref. parabolantenne), i tydinga at han tala til ei stor folkemengd i form av kjente og tydelege ord. Sjølv om orda var kjente og tydelege var tydinga likevel ukjent. Dette kallast for paradoksal tale. Store Norske Leksikon forklarer det slik: «Paradoks er en påstand eller uttalelse som er virkelig eller sann, men virker selvmotsigende, urimelig eller absurd» [https://snl.no/paradoks].

 

I v. 34-35 skriver Matteus at Jesus gjorde dette for at det profetordet skulle verta oppfylt, som han siterer slik: «Eg vil opna munnen min i likningar, eg vil seia fram det som har vore løynt frå verda vart grunnlagd». I grunnteksta finner vi eigentleg eit ordspel som går ut på at Guds ord er menneskas daglege brød. Det Jesus møter folket med er gamle og kjente ord, næring som folket var vande med å fordøye, for å merke ut i frå det, peike på noko anna, teikne eit bilete av det som var nytt, det dei hadde i vente. Profetordet Matteus her siterer finner vi igjen i Sal. 78:1-2, der det står: «Lytt, mitt folk, til mi lære! Vend øyra til orda frå min munn! Eg vil opna min munn med biletspråk, eg vil la det strøyma fram gåtefulle ord frå gammal tid». Biletspråk er ei omsetting av hebraiske mashal, som tyder bedømming, domsord (definisjon: ei presis formulering av eit grunnleggande prinsipp), i tydinga ein konge som dømer sitt folk. Gåtefulle ord er ei omsetting av hebraiske chiydah, av chuwd, å knyte ein knute, i tydinga noko som andre skal løyse. Jesu ord var altså ikkje så likeframme som Luther hevda.

 

Vi kan merke oss Luthers eigen referanse til nettopp Johannes’ openberring når han skriver i forordet: «Men ein kvar kan endeleg meine om denne bok, det hans ånd seier til han – mi ånd kan ikkje kome til rette med den». Han sikter nemleg til Op. 2:7, der det står: «Den som har øyra, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane». For sin eigen del konkluderer han altså med at han ikkje kan høyre Guds ord i dette. Han trur ikkje at Johannes’ openberring «skulle vere eit verk av Den Heilage Ande». Men legg for all del merke til at Luther ikkje krevde at alle skulle vere liksom han. Rekne difor sjølv etter, tenk gjennom og prøv kva som er sant. Ordlyden i Op. 2:7 finner vi også igjen i Matt. 11:15: «Den som har øyro, han høyre!». Og det er Herren Jesu Kristi ord.

 

I 1. Pet. 1:10-11 står det at profetane i det gamle testamentet «granska og ransaka» og «granska kva for ei tid eller kva slags tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til». Altså hadde dei øyre dei kunne høyre med, i tydinga at dei undra seg over kva Anden meinte med dei orda dei profeterte. Igjen ein indikasjon på at profetord ikkje er noko sjølvsagt. I Op. 1:3 står det difor: «Sæl er den som les og dei som høyrer det profetiske ordet, og tek vare på det som står skrive der». I grunnteksta er det her eit ordspel, som ikkje kjem så godt fram i omsettinga. Det går ut på at openberringa er som å lære seg å lese, slik at ein kan forstå det som står skrevet. Tenk på borna som må lære sin ABC og «knekka koda» bokstav for bokstav, for slik å sette saman ord for ord og til slutt å kunne glede seg over å forstå kva dei les. I 2. Pet. 1:19-21 står det også:

 

Dess fastare har vi profetordet, som de gjer vel i å akta på. Det er som ei lampe som lyser på ein mørk stad til dagen lyser fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar. For fyrst og fremst veit de dette, at ikkje noko profetord i Skrifta er gjeve til eiga tyding. For aldri har noko profetord vorte til ved menneskevilje, men dei heilage Guds menn tala drivne av Den Heilage Ande.

 

I v. 16 står det:

 

For det var ikkje oppdikta, kløktige eventyr vi fylgde, då vi kunngjorde vår Herre Jesu Kristi makt og atterkome for dykk, men vi hadde vore augnevitne til stordomen hans.

 

Johannes’ openberring er ikkje ei oppdikta bok, men ei bok full av teikn og profetord som tek utgangspunkt i noko som har skjedd, noko som allereie er kjent, og med det, ved nærare ettersyn, forklarar, altså oppklarar det som skal skje, det som er ukjent, for å gi kunnskap til læresveinane sine, slik at dei kan vite.

 

Det er dette Jesus sjølv siktar til, når han i fylje Matt. 11:12-15 sa til folket: «Den som har øyro, han høyre!». For jødane hadde allereie høyrt profetane opplest i synagogene. I konteksten ser vi at han sikter til at døyparen Johannes var den Elias som skulle koma. Om han står det i Mal. 4:5:

 

Sjå, eg sender dykk Elias, profeten, før Herrens dag kjem, den store og forferdelege. Han skal venda fedrehjarto til borna, og barnehjarto til fedrane, så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

 

I Matt. 11:14-15 sa difor Jesus: «Og om de vil ta imot det: Han er den Elias som skulle koma. Den som har øyro, han høyre!». Uttrykket Elias var altså eit slikt teikn, som Johannes fekk så mange av i openberringa. (Sjå artikkel om Elias og Elisa, og likeins om Malakis bok). Det er slike likningar eller gåter Jesus lærer oss og det er vi som må lære oss å løyse dei. Difor står det også at Jesus sendte sine læresveinar ut i heile verda for å vinne nye læresveinar, slik at vi alle kan få høyre og lese og gjere oss kjent med Guds ord og lære Gud å kjenne.

 

Luther skreiv nye fortaler til Johannes’ openberring i 1530 og 1545, der han modererte seg ein heil del. Men grunntonen er likevel den same. Her er nokre utdrag (til nynorsk ved S. H):  

 

Fortale til Johannes Openberring (1545)

Så lenge slike profetiar ikkje vert fortolka og ikkje vert gjeve ei klar utlegging, så lenge er det ein skjult og stum profeti, ennå utan gagn, ennå utan den frukt, som den skulle gi til den kristne verda.

 

Slik har det også gått denne boka heilt til no. Det er slik at mange har prøvd seg på den, men heilt til den dag i dag har ingen kome med ei sikker tyding, og nokre har av deira eige hovud bryggja så mykje urimeleg tull saman, og tappa det inn i den.

 

Ettersom denne bokas utlegging er så usikker og meininga til boka så uklar, så har også vi heilt til no latt den ligge; og så mykje meir enn dei gamle fedra, nokre av dei, er også vi i tvil om boka, for dei meinte at den ikkje er skrevet av apostelen Johannes (som der står i Eusebius’ Historia ecclesiastica, 3:25). Men vi meinar ikkje med dette å hindre nokon i å oppfatte den som den var skrevet av apostelen Johannes, eller kven ein elles trur.

 

Men ettersom vi likevel kunne ønske oss ei sikker tyding eller utlegging, så vil vi gi andre og større ånder høve til å tenke etter - og difor også føre våre tankar fram, nemlig disse:

 

Ettersom det skal vere ei openberring av framtidige hendingar, og særleg kommande trengsler og ulykker i den kristne verda, så meinar vi, at den sikraste og mest nærliggande måte å ta fatt på oppgåva på, for å finne den rette utlegginga, måtte vere at ein av historia heldt fram dei hendingar og ulykker, som inntil no har gått over den kristne verda, og sidan samanlikne dei med bokas tale. Om det då stemmer og treffer riktig bra, så kunne ein fasthalde dette som ei sikker og iallfall rimeleg utlegging.

 

Deretter fyljer ei tolking og ei utlegging som baserer seg på eit tolkningsprinsipp som er heilt umogleg. Fordi det berre tenker ut i frå seg sjølv, utan å erkjenne at det er Gud som har gjeve openberringa og at Gud har større tankar med sitt ord enn det Luther og andre liksom han. Slik også med fedra Luther refererer til, kyrkjefedra. Liksom Luhter trudde dei at dei tusen åra, som så vidt er nemnt med nokre få ord mot slutten av boka, handlar om den kristne verda, altså om Guds rike i overført tyding. Luther bryt elles med den katolske forståinga av profetorda, i det han lærer at dyret og den falske profet er keisardømet og pavedømet. Til Luthers forsvar så måtte det vere slik om ein skulle forstå Johannes’ openberring ut i frå si eiga samtid. Gog og Magog forstod han difor som tyrkarane som i hans dagar heldt på å erobre heile verda. Om vi i dag skulle døme etter hans eigne ord, så var Luther «ein falsk profet» eller «ein vranglærar», ettersom hans utlegging har vist seg å vere feil. Men igjen kan vi gå til forsvar for Luther, fordi han, som vi har sett, hadde oversett ei rekkje grunnleggande prinsipp. Det er vel heller ingen tvil om at Luther i forordet gav ei heller overfladisk og halvhjerta tolking. Den var nok ikkje seriøst meint frå hans side. Det forstår vi også av det han skriver:

 

…at den sikraste og mest nærliggande måte å ta fatt på oppgåva på, for å finne den rette utlegginga, måtte vere at ein av historia heldt fram dei hendingar og ulykker, som inntil no har gått over den kristne verda, og sidan samanlikne dei med bokas tale.   

 

Slik skriv ikkje ein mann som er overbevist om det han lærer. Lat oss heller legge merke til det Luther skriver om profeten Daniels bok, som han hadde eit større hjarte for:

 

For at folk flest, og dei som ikkje kjenner eller kan lese historiske bøker, skal kunne tileigne seg Daniels bok på nokon måte, vil eg med denne fortale gi ei lita rettleiing.

 

I forordet til Daniels bok tolkar han i veg utan tanke på alle dei vanskelege bileta og profetiske orda vi finn i den boka. Forskjellen er at Daniels bok tok utgangspunkt i fortida, og den kjente han til. Men å bruke samme metode med Johannes’ openberring er meiningslaust.

 

I Op. 1:1 finner vi ennå eit ord som ingen legg særleg stor vekt på. For det står: «det som snart skal henda». Ordet snart er ei omsetting av greske tachos, som tyder plutseleg, med hast, i løpet av ei kort tid, raskt, som berre i overført tyding er noko som skal skje snart eller om ei kort tid. Dr. John W. Etheridge, som har omsett den arameiske teksta Peshitta til engelsk, har omsett det slik: «the things which must be done speedily» [https://www.dukhrana.com/peshitta/]. Luther, samt dei fleste andre, omsette det slik: «was in der Kürze geschehen soll», altså det som skal skje om kort tid. I grunnteksta står fasiten: ha dei genesthai en tachei, det som i hast skal avlast/fødast fram. Dette er altså eit ordspel, eit teikn, som viser at endetida er liksom eit svangerskap, i tydinga at det kjem til å gå ei lang tid før fødinga skjer og når den nærmer seg medfører det stor smerte og møye, det er den store trengsla, mens sjølve forløysinga skjer hurtig. Det er skrevet oss til trøyst. Herren Jesus Kristus kjem raskt til unnsetning! Hald difor ut!

 

Vi kan likevel merke oss forskjellen mellom dei då to tilsynelatande fortolkingane av teksta knytt til nettopp dette ordet! Ei tolking vert då at openberringa handlar om det som skulle skje etter ei kort tid, straks, snart, som f. eks. på keisar Neros’tid. Mens den andre tolkinga - som er den rette reint grammatikalsk - handlar om noko som brått skal kome over verda i enden. Men her er det altså lagt føringar som totalt overkjører den rette grammatikalske forståinga til fordel for korleis blant andre kyrkjefedra og Luther forstod dette. Dei var ikkje perfekte på nokon måte. Luther endra ofte syn etter å ha diskutert ei sak med sine kollegaer. 

 

Vi kan også merke oss kva som står i Op. 1:10, at Johannes vart bortrykt i Anden på Herrens dag, den store dagen, dagen med dom og dagen for frelse, Herrens kome i skyene, Herrens atterkome. Det er denne dagen som hurtig skal koma over jorda i enden. Den tida har ennå ikkje kome, men legg merke til at det i 2. Pet. 3 står det om dei som spotta allereie kort tid etter at Jesus drog inn i himmelen. Dei sa: «Kva har det vorte til med lovnaden om hans atterkome?» (v. 4). I v. 9-10 står det:

 

Herren dryger ikkje med lovnaden, slik somme held det for dryging. Men han har tolmod med dykk, for han vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal koma til omvending. Men Herrens dag skal koma som ein tjuv, og då skal himlane forgå med stort brak, og himmellekamane skal koma i brann og gå i oppløysing, og jorda og alt som er bygt på henne, skal brenna opp.

 

For vi veit at det som vert sådd i jorda og som skal vekse fram, brukar lang tid før det vert fullmode. Men mot slutten av mogningstida kjem det brått til syne. På liknande vis er det også ei lang ventetid før veane brått kjem over kvinna i sitt svangerskap og fødselen er i gong. Sjå Op. 8:13 og Op. 9-19 om dei tre ropa: «Ve, ve, ve over dei som bur på jorda». I Matt 24:32-33 står det slik:

 

Lær ei likning av fikentreet: Når sevja går i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. Såleis skal de òg, når de ser alt dette, vita at han er nær og står for døra.

 

I Op. 1:3 finner vi også ei omsetting som er omsett slik fordi ein ikkje forstår kva openberringa her prøver å fortelle oss grammatikalsk. Det står nemleg: «For tida er nær». Her kan vi merke oss at det i grunnteksta står gar kairos eggus og ikkje gar kronos eggus, slik omsettinga her indikerer. For kronos er det greske ordet for tid, mens kairos tyder eit høve, at tida for noko er inne. Kairos kjem av greske kara, som tyder hovud, i overført tyding at ein kjem på noko, at noko når eit høgdepunkt, altså det er no ein må gjere noko med den situasjonen som har dukka opp. Kairos er også i slekt med latinske aptum, det passande, den passande tida (sjå snl.no/kairos).

 

Så kva siktar dette verset eigentleg til? For å forstå det må vi lese heile verset i samanheng: «Sæl er den som les og dei som høyrer det profetiske ordet og tek vare på det som står skrive der. For tida er nær». Likeins i Op. 22:7 der det står: «Sæl er den som tek vare på dei profetiske orda i denne boka», og i v. 10: «Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær». Dr. John W. Etheridge omsette Op. 1:3 slik:

 

Blessed is he who readeth, and they who hear the words of this prophecy, and keep those which are written therein; for the time hath approached.

 

I tydinga at no er tida inne til å byrje å studere Johannes’ openberring. Difor må verken Luther eller andre hindra nokon i å granska desse orda.

 

Guds fred og lykke til!

 

Litteraturliste:

G., og F., Brønsted (1964), Luthers Skrifter i udvalg, GEC Gads forlag.

http://www.bibel-online.net/

Philipp Melanchthon i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 23. august 2020 fra https://snl.no/Philipp_Melanchthon

Dukhrana Biblical Research - an online organization specializing in providing tools to aid in the study of the Peshitta, the Bible in Aramaic/Syriac. https://www.dukhrana.com/

paradoks i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 30. januar 2021 fra https://snl.no/paradoks

 

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 30 januar 2021.