top of page
Betongvegg

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.
 

​

​

Eg veit ikkje om du har lagt merke til desse lange profetiske talane i Bibelen. Eg kallar dei profetiske fordi dei er inspirerte og dei peikar på det som har vore, det som er no og på det som ligg framom oss, i ei ukjent framtid. Den første finn vi i første Mosebok. Syndefallet har skjedd. Mennesket har for første gong bomma på målet. Dei har ikkje greidd å halde seg til det Gud har sagt, og har latt seg forføre av ei anna røyst som har ført dei i ei anna retning. Så held Herren ei tale til dei som er involvert (1. Mos. 3:14-19):

​

Då sa Gud Herren til ormen: Sidan du gjorde dette, skal du vera under forbanning framfor alt fe og alle ville dyr. På buken skal du krypa, og mold skal du eta alle ditt livs dagar. Og eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal krasa hovudet ditt, og du skal krasa hælen hans. Til kvinna sa han: Eg vil gjera møda di stor når du er med barn. Med verk og vande skal du føda borna dine. Du skal trå etter mannen din, og han skal råda over deg. Og til Adam sa han: Fordi du høyrde på kona di og åt av treet som eg forbaud deg å eta av, skal jorda vera forbanna for di skuld. Med møde skal du næra deg av henne alle dine levedagar. Klunger og tistel skal ho bera for deg, og du skal eta av vokstrane hennar. Med sveitte i andletet skal du eta brødet ditt, heilt til du vender attende til jorda, for av henne er du teken. Mold er du, og til mold skal du venda attende.

​

I den neste tala gjer Gud ei pakt med Abram, som seinare fekk namnet Abraham (1. Mos. 15:1-7 og 13-21):

​

Etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde så: Ottast ikkje, Abram! Eg er ditt skjold. Løna di skal vera overlag stor. Då sa Abram: Å Herre Herre, kva vil du gje meg? Eg går då barnlaus bort, og Elieser frå Damaskus skal ta over alt etter meg. Og Abram sa: Du har ikkje gjeve meg born, difor skal ein som er fødd i huset mitt, erva meg. Då kom Herrens ord til Abram, og det lydde så: Denne mannen skal ikkje erva deg, men ein som skal koma frå ditt eige liv, han skal erva deg. Han førde han utanfor og sa: Sjå no opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan! Og han sa til han: Slik skal ætta di verta. Og Abram trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd. Og han sa til han: Eg er Herren, som førde deg ut frå Ur i Kaldea for å gje deg dette landet i eige. Då sa han: Herre Herre, korleis kan eg vita at eg skal eiga dette? Då sa Herren til han: Hent ei tre år gammal kvige til meg, ei tre år gammal geit, ein tre år gammal vêr, ei turteldue og ein dueunge. Så henta Abram alt dette til han. Han delte dyra på midten, og la det eine stykket av kvart dyr midt imot det andre. Men fuglane delte han ikkje. Rovfuglar slo ned på dei døde dyra, men Abram jaga dei bort. Og det hende, då sola heldt på å gå ned, at Abram fall i tung svevn. Og sjå, redsle og eit stort mørker kom over han. Og Herren sa til Abram: Du skal vita for visst at ætta di skal bu som framande i eit land som ikkje er deira. Dei skal træla for folket der, og dei skal verta undertrykte og plaga i fire hundre år. Men så vil eg òg døma det folket som dei skal træla for, og deretter skal dei dra ut med mykje gods. Men du skal fara til fedrane dine i fred, og du skal få ein god alderdom før du vert gravlagd. I den fjerde ættleden skal dei venda attende hit. For amorittane har enno ikkje fylt opp målet sitt med vondskap. Og det hende då sola var gladd og mørkret kom, sjå, då var der ein rykande omn, og logande eld fór fram mellom stykka av offerkjøt. Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: Til di ætt har eg gjeve dette landet, frå Egyptarelva og like til storelva Frat, landet åt kenittane, kenisittane og kadmonittane, hetittane, ferisittane og refa'ittane og åt amorittane, kana'anearane, girgasittane og jebusittane.

​

I første Mosebok står det også om då Isak vart inspirert til å velsigne Jakob, son sin. Han var den førstefødde i augene til si mor, som hadde vore vitne til at handa til Jakob kom først ut, altså var det han som åpna morslivet hennar. Likevel var det var hans bror Esau som var fødd først og dermed fekk førstefødselsretten. Likevel forsto mor deira kva som gjaldt. Det er Guds velsigning som gjer rik. Isak tala då slik (1. Mos. 27:27-29):

​

Angen av son min er som angen av ei mark som Herren har velsigna. Gud gje deg av dogga frå himmelen og rikeleg grøde frå jorda – korn og druesaft i overmål! Folk skal tena deg, og folkeslag skal falla til fote for deg. Ver herre over brørne dine, og gjev at sønene åt mor di må bøya seg for deg. Forbanna vere den som forbannar deg, og velsigna vere den som velsignar deg!

​

Seinare er det Gud sjølv som talar til Jakob, då han ei natt drøymde om ein stige som stod på jorda og nådde opp til himmelen. Guds englar steig opp og ned i stigen. Staden der han sov vart kalla Lus, litt nord for Jerusalem, midt i landet Israel. Jakob kalla staden for Betel, som tyder der Gud (Hebr. El) bur. Så stod Herren framfor han i draumen og tala slik til han (1. Mos. 28:13-15):

​

Eg er Herren, Gud åt Abraham, far din, og Gud åt Isak. Det landet, der du no ligg, vil eg gje deg og ætta di. Ætta di skal verta som støvet på jorda. Du skal breia deg ut mot vest og mot aust, mot nord og mot sør. Og i deg og i ætta di skal alle ætter på jorda velsignast. Sjå, eg er med deg og vil ta vare på deg kvar du fer, og eg vil føra deg attende til dette landet. For eg vil ikkje forlata deg før eg har gjort det eg har sagt deg.

​

I 1. Mos. 49: 1-27 er det Jakob som velsigner sine søner. Dei er tolv i talet og er alle under den same velsigninga som Gud gav Jakob. Han kallar dei saman og forkynner det slik:

​

Kom saman, så vil eg forkynna dykk kva som skal henda dykk i dei siste dagane. Kom saman og høyr, Jakobs søner! Høyr på Israel, far dykkar.

 

Ruben, du er min fyrstefødde, du er fyrste frukta av krafta og styrken min, høgst i ære og størst i makt. Du brusar over som vatnet, du skal ingen føremon ha. For du steig opp på lega åt far din. Då vanhelga du henne – i mi seng steig han opp!


Simeon og Levi er brør, valdsvåpen er sverdet deira. Møt ikkje i løynderådet deira, mi sjel! Tak ikkje del i samlingane deira, mi ære! For i vreide slo dei menn i hel, og sjølvrådige skamskar dei oksar. Forbanna vere vreiden deira, for han var vill, sinnet deira, for det var skremmande. Eg vil fordela dei i Jakob og spreia dei i Israel.

 

Juda, brørne dine skal prisa deg! Handa di skal vera på nakken til fiendane dine. Sønene åt far din skal bøya seg for deg. Juda er ei ung løve. Du har stige opp frå rov, son min! Han bøygde seg – han legg seg ned som ei løve, som ei løvinne. Kven vågar å vekkja han? Kongespir skal ikkje vika frå Juda, ikkje herskarstav frå føtene hans, til dess fredsfyrsten kjem, og folka lyder han. Han bind det unge eselet sitt til vintreet, og folen åt eselhoppa til den edle ranka. Han vaskar klednaden sin i vin og kjortelen sin i blodet av druer. Dunkle er augo hans av vin, og kvite er tennene hans av mjølk.

 

Sebulon – han skal bu ved havsens strand, ved stranda der skipa landar. Grensa hans strekkjer seg mot Sidon.

 

Issakar er eit sterkbygt esel som legg seg ned mellom kveene. Han såg at kvila var god og at landet var fagert. Då bøygde han ryggen sin for å bera og vart ein pliktbunden træl.

 

Dan skal døma folket sitt, han som dei andre ættene av Israel. Dan skal vera ein slange på vegen, ein giftig orm på stigen, som bit hesten i hælen så ryttaren fell bakover. På di frelse ventar eg, Herre!

 

Gad – ein flokk med fiendar høgg seg inn på han, men han høgg dei i hælane.

 

Aser – han skal ha rikeleg med brød, kongelege retter har han å gje.

 

Naftali er ei hind som har sloppe fri. Fagre er orda hans.

 

Ein kvist av eit fruktbart tre er Josef, eit ungt frukttre ved kjelda, greinene veks over muren. Dei eggjar han og skyt på han, dei forfylgjer han – bogeskyttarane! Men fast og sterk er bogen hans, hendene og armane hans er raske – styrkte ved hendene åt han som er Jakobs Veldige, av han som er hyrdingen, Israels Berg. Gud åt far din, han skal hjelpa deg. Den Allmektige skal velsigna deg med velsigningar frå himmelen der oppe, med velsigningar frå djupet der nede, med velsigningar av bryst og morsliv. Velsigningane åt far din stig høgt opp over velsigningane åt forfedrane mine, dei når opp til grensa for dei evige høgder. Dei skal koma over hovudet åt Josef, på krona av hovudet hans, han som er hovding mellom brørne sine. 

 

Benjamin er ein grådig ulv. Om morgonen et han opp rov, om kvelden deler han ut hærfang.


 

Profetiske talar i Bibelen

I andre Mosebok har Guds ord til Abraham vorte oppfylt. Jakob og sønene hans vart verande i Egypt saman med Josef etter ei tørkeperiode. Israel vart seinare halde tilbake i landet og vart hindra i å reise tilbake til sitt eige land. I 400 år vart dei verande der. Sidan når Gud fører dei tilbake ved sin tener Moses, har dei vorte eit talrikt folk. No kjem dei som ein veldig hær til det landet Gud har gjeve dei og som har vorte busett av andre folk som ikkje kjenner Gud. Dei ber til bilder av gud, til bilder av menneske, dyr, fisk og fiktive skapningar. 2. Mos. 15 syng Moses og israelittane denne lovsongen for Herren: 

​

Eg vil lovsyngja Herren, for han er høgt opphøgd. Hest og ryttar kasta han i havet. Herren er min styrke og min lovsong, han vart til frelse for meg. Han er min Gud, og eg vil prisa han, Gud åt far min, og eg vil opphøgja han. Herren er ein stridsmann, Herren er namnet hans.

 

Vognene og hæren til Farao kasta han i havet. Dei gjævaste stridsmennene hans sokk i Raudehavet. Avgrunnar løynde dei, dei sokk som stein i djupet. Di høgre hand, Herre, er herleg i si kraft. Di høgre hand, Herre, knuser fiendar. I di høgd og i ditt velde slår du dei ned som reiser seg mot deg. Du slepper vreiden din laus, han fortærer dei som strå. For andedraget ditt hopa vatnet seg opp. Bylgjene stod som ein voll. Djupe vatn storkna i hjarta av havet. Fienden sa: Eg vil forfylgja dei, eg vil ta dei att. Eg vil dela ut hærfang, eg vil metta mi sjel med dei. Eg vil dra sverdet mitt, handa mi skal rydja dei ut. Du bles med andedraget ditt, havet gøymde dei. Dei sokk som bly i veldige vatn.

​

Herre, kven er som du mellom gudane? Kven er som du herleg i heilagdom, ageleg å lovprisa, underfull i verk? Du rette ut høgre handa di, og jorda slukte dei. Ved di miskunn fører du det folket du løyste ut. Du leier dei ved di kraft til din heilage bustad.

 

Folka høyrer det, og dei skjelv. Redsle grip dei som bur i Filistarlandet. Då vert stammehovdingane i Edom forfærde. Redsle grip hovdingane i Moab, alle innbyggjarane i Kana'an går under i redsle. Gru og redsle fell over dei. Ved velden av din arm vert dei stumme som stein, medan ditt folk dreg fram, Herre, medan det folket du har vunne deg, dreg fram. Du vil føra dei inn og planta dei på det berget som er din arv, Herre, på den staden du har gjort til bustad for deg, den heilagdomen, Herre, som dine hender har grunnlagt. Herren skal vera konge i all æve.
 

I 5. Mos. 33 velsignar også Moses israelittane, der han nemnar Jakobs søner ved namn. Dei er ikkje lenger ein person, men ei stamme:

​

Herren kom frå Sinai, han steig opp for dei frå Se'ir. Han stråla fram frå Paran-fjellet og kom med titusen på titusen av heilage. Attmed høgre handa hans lyste elden frå lova for dei.

​

Ja, han elskar folket sitt! Alle dine heilage er i di hand, dei ligg for din fot, dei tek imot dine ord. Ei lov gav Moses oss, ein arvedel for Jakobs lyd. Og han vart konge i Jesurun, då hovdingane over folket samla seg, saman med alle Israels-ættene.

​

Gjev Ruben må leva og ikkje døy, og mennene hans vera talde.

 

Og dette sa han om Juda: Høyr, Herre, røysta åt Juda, og før han heim til folket sitt! Med hendene sine strider han for det. Du skal vera hjelpa hans mot fiendane hans.

 

Om Levi sa han: Dine tummim og urim høyrer din trufaste mann til, han som du sette på prøve attmed Massa, og som du tretta med attmed Meriba-vatnet, han som sa om far sin og mor si: Eg ser dei ikkje! – og som ikkje kjendest ved brørne sine og ikkje visste av borna sine, fordi han tok vare på ordet ditt og akta vel på pakta di. Dei skal læra Jakob boda dine og Israel lova di. Dei skal leggja røykjelse framfor andletet ditt og heiloffer på altaret ditt. Herre, velsign styrken hans, og ha godhug for det han gjer! Knus hoftene på motstandarane hans og på dei som hatar han, så dei ikkje reiser seg meir!

 

Om Benjamin sa han: Han er Herrens hjartebarn! Hjå han bur han trygt. Heile dagen held han handa si over han – han kviler mellom skuldrene hans.

 

Om Josef sa han: Velsigna av Herren skal landet hans vera med dei beste av himmelgåvene, med dogg og vatn frå dei store djupa der nede, med det beste som sola fostrar, med det fremste som måneskifta driv fram, med det gjævaste frå dei eldgamle fjella og det beste frå dei evige haugane, med det beste frå jorda og alt ho ber fram, og med nåde frå han som budde i klungerbusken! Lat det koma over hovudet til Josef, over issen hans, han som er fyrste mellom brørne sine! Herleg er den fyrstefødde mellom oksane* hans, og horna hans er som horna på villoksen. Med dei stangar han alle folka like til endane av jorda. Det er dei titusen på titusen av Efra'im, og dei tusen på tusen av Manasse.

 

Og om Sebulon sa han: Gled deg, Sebulon, når du fer ut, og du, Issakar, i telta dine! Dei kallar folkeslag til sitt fjell. Der ofrar dei rettferds offer. For rikdomen i havet og dei løynde skattane i sanden syg dei inn.

 

Om Gad sa han: Lova vere han som gjev Gad vidt rom! Som ei løvinne har han lagt seg ned, og han riv sund både armar og hovud. Han valde ut den fyrste delen for seg sjølv, for der var delen åt herskaren gøymd. Og hovdingane åt folket kom saman. Det som var rett for Herren, det som han hadde fastsett, gjorde han, saman med Israel.

 

Om Dan sa han: Dan er ein løveunge som spring fram frå Basan.

 

Og om Naftali sa han: Naftali, metta med nåde og fylt med Herrens velsigning – lat han ta eigedom i vest og sør!

 

Og om Aser sa han: Velsigna vere Aser framfor søner! Lat han vera den kjæraste mellom brørne sine og duppa foten sin i olje! Låsen din skal vera av jern og kopar. Som dagane dine er, skal styrken din vera! Det er ingen som Gud, Jesurun! Han fer fram over himmelen med hjelp til deg, og i sin stordom på skyene. Ein bustad er den eldgamle Gud, og her nede er evige armar. Han driv fienden bort for deg og seier: Ryd ut! Så bur Israel trygt for seg sjølv! Jakobs kjelde er løynd i eit land med korn og druesaft. Ja, himmelen hans dryp av dogg. Israel, kor du er sæl! Kven er som du, eit folk som har frelsa si i Herren. Han er det hjelpande skjoldet ditt og det høge sverdet ditt. Fiendane dine kryp for deg, medan du skrid fram over høgdene deira.

​

I

Igjen kjem vi til ei tale om Guds hus iblant dette folket. Når dei byggjer tempelet må dei hugse på at Gud ikkje bur i hus liksom menneska. Han bur i himmelen og Jakobs stige, stigen i Israel, Guds port, er bindeleddet mellom dei som er der opp og dei som er der nede. Gud, Han som er den Han er, bur i himmelen, og det som er på jorda er berre eit førebilete, ein skugge av det som er der oppe. Folket hadde ikkje forkasta Samuel, for han var berre eit talerør. Det var Gud dei hadde forkasta. Dei ville ha ein konge liksom dei andre folkeslaga hadde. Ein mektig krigar, ein helt i deira midte. Ein viss herlegdom dei kunne sjå. Gud gav dei alt dette, men David og Salomo fekk ikkje gjere som dei sjølv ville. I eit og alt måtte dei gjere etter eit førebilete som Han viste dei. Difor sette dei seg ikkje på si eiga trona. Dei sette seg på Herrens trone, som det også står. Messias skal ikkje sette seg på ei slik trone. Han skal ikkje regjere i det timelege. Han skal sette seg på Herrens trone i himmelen. Han skal regjere frå det nye Jerusalem. Dette støyter jødane seg på, fordi dei har krossfesta Jesus, og det er ein dårskap for heidningane. Men for oss som trur er det Guds kraft og Guds visdom (1. Kor. 1:22-24). I 1. Kong. 8 er det Salomo som talar, han som fekk byggje tempelet etter det bilete som far hans fekk (som også er eit førebilete på Faderen og Sonen, der Sonen er sin Far underordna):

​

Då sa Salomo: Herren har sagt at han vil bu i det dunkle. No har eg bygt eit hus til bustad for deg, ein stad der du kan bu til evig tid. Så vende kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan heile Israels-lyden stod. Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som med munnen sin tala med David, far min, og som med handa si har oppfylt det han lova då han sa: Frå den dagen eg førde Israel, folket mitt, ut or Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by mellom ættene i Israel, der det skulle byggjast eit hus til bustad for namnet mitt. Men eg valde David til å råda over Israel, folket mitt. Og David, far min, hadde i tankar å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud. Men Herren sa til David, far min: Du gjorde vel i å tenkja at du ville byggja eit hus for namnet mitt. Men du skal ikkje byggja huset. Son din, han som du skal verta far til, han skal byggja huset for namnet mitt. Herren har no oppfylt det ordet han tala. Eg har stige inn der i staden for far min, og har sett meg på Israels trone, så som Herren hadde sagt. Og eg har bygt huset for namnet åt Herren, Israels Gud. Der har eg gjort i stand eit rom for paktkista. I den er Herrens pakt, den pakta han gjorde med fedrane våre då han førde dei ut or Egyptarlandet. Så steig Salomo fram for Herrens altar midt framfor heile Israels-lyden og breidde hendene ut mot himmelen, og han sa: Herre, Israels Gud! Det er ingen Gud som du, korkje i himmelen der oppe eller på jorda her nede. Du er den som held di pakt og held ved lag di miskunn mot tenarane dine, når dei ferdast for ditt åsyn av heile sitt hjarta, du som har halde det du lova David, far min, tenaren din. Du lova det med munnen din, og du har oppfylt det med handa di, som det syner seg i dag. Herre, Israels Gud! Så hald no òg det du lova David, far min, tenaren din, då du sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels trone for mitt åsyn, så sant borna dine aktar på sin veg og ferdast for mitt åsyn, liksom du har ferdast for mitt åsyn. Så lat no, Israels Gud, dei orda verta sanning som du har tala til David, far min, tenaren din. Men bur då Gud verkeleg på jorda? Sjå, himlane og himmel-himlane rømer deg ikkje! Kor mykje mindre då dette huset som eg har bygt. Likevel vil du venda deg til bøna åt tenaren din og det audmjuke ynsket hans, Herre min Gud, og høyra det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for åsynet ditt i dag. Lat augo dine vera opne over dette huset natt og dag – staden du har tala om, og sagt: Namnet mitt skal bu der. Høyr den bøna tenaren din bed, vend mot denne staden. Du vil høyra på bøna åt tenaren din og det audmjuke ynsket åt Israel, folket ditt, som dei ber fram vende mot denne staden. Ja, du vil høyra det på den staden der du bur, i himmelen. Du vil høyra og tilgje. Når nokon syndar mot nesten sin, og dei krev at han skal gjera eid, og han så kjem inn og sver framfor altaret ditt i dette huset, så vil du høyra i himmelen og gripa inn og hjelpa tenarane dine til retten deira. Du vil døma den skuldige skuldig og la gjerningane hans koma over hans eige hovud, og du vil døma den rettferdige rettferdig, og la han få att for rettferda si. Når fienden vinn over Israel, folket ditt, fordi dei syndar mot deg, men dei så vender om til deg og vedkjennest namnet ditt og bed og tryglar deg om miskunn i dette huset, då vil du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira og føra dei attende til det landet du har gjeve fedrane deira. Når himmelen vert stengd så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, og dei så bed, vende mot denne staden, og vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si fordi du har audmykt dei, då vil du høyra det i himmelen og tilgje synda åt tenarane dine og Israel, folket ditt. Du vil læra dei den gode vegen dei skal vandra, og du vil la det regna over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt i arv. Når det vert hungersnaud i landet, når det kjem pest, når det kjem brann og rust på kornet, grashopper og gnagarar, når fienden trengjer inn i landet og kringset byane, når det kjem noka plage eller nokon sjukdom, – kvar gong det då kjem ei bøn eller eit audmjukt ynske frå noko menneske eller frå heile Israel, folket ditt, fordi dei kvar for seg kjenner si hjartenaud, og dei så breier ut hendene sine mot dette huset, så vil du høyra det i himmelen, der du bur. Du vil tilgje og gripa inn og la kvar mann få etter ferda si, fordi du kjenner hjarta hans. For berre du kjenner hjarto åt alle menneskeborna. Og så skal dei ha age for deg alle dei dagar dei lever i det landet du har gjeve fedrane våre. Kan henda det kjem ein framand òg, ein som ikkje er av Israel, folket ditt, men kjem frå eit land langt borte for namnet ditt skuld – for dei vil få høyra om det store namnet ditt og om den sterke handa di og om armen du har rett ut – når han så kjem og bed, vend mot dette huset, så vil du høyra det i himmelen, der du bur, og gjera alt som den framande ropar til deg om, så alle folk på jorda må læra å kjenna namnet ditt og ottast deg liksom Israel, folket ditt, og skjøna at det er ditt namn som vert nemnt over dette huset som eg har bygt. Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden på den vegen du sender dei, og dei så bed til Herren, vende mot den byen du har valt ut, og det huset eg har bygt for namnet ditt, så vil du i himmelen høyra bøna og det audmjuke ynsket deira og hjelpa dei så dei får retten sin. Når dei syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – og du vert harm på dei og gjev dei i handa på fienden, så han tek dei til fange og fører dei bort til landet åt fienden, langt unna eller tett ved, men dei så tek seg dette til hjarta i det landet der dei er fangar, så dei vender om og tryglar deg om nåde i fiendelandet der dei vert haldne som fangar, og seier: Vi har synda og bore oss ille åt, vi har vore gudlause, ja, dersom dei då vender om til deg av heile sitt hjarta og heile si sjel i landet åt fiendane sine, hjå dei som har ført dei bort til fangenskapet, og dei bed til deg, vende mot landet sitt, som du har gjeve fedrane deira, og mot den byen du har valt ut, og det huset eg har bygt for namnet ditt – så vil du høyra bøna og det audmjuke ynsket deira i himmelen, der du bur, og hjelpa dei til retten deira. Du vil tilgje folket ditt det dei har synda mot deg, og alle dei misgjerningane dei har gjort mot deg. Og du vil la dei finna miskunn hjå dei som held dei fanga, så dei forbarmar seg over dei. Dei er då ditt folk og din arv, som du førde ut or Egypt, midt ut or jernomnen. Lat då augo dine vera opplatne for det audmjuke ynsket åt tenaren din og det audmjuke ynsket åt Israel, folket ditt, så du høyrer på dei, så ofte dei ropar på deg.
For du har skilt dei ut frå alle folk på jorda, så dei skal vera din eigedom, slik du sa gjennom Moses, tenaren din, då du førde fedrane våre ut or Egypt, Herre Herre! Då Salomo hadde bore heile denne audmjuke bøna fram for Herren, reiste han seg frå Herrens altar, der han hadde lege på sine kne med hendene utbreidde mot himmelen. Så steig han fram og velsigna heile Israels-lyden med høg røyst og sa: Lova vere Herren som har gjeve Israel, folket sitt, ro, så som han lova! Ikkje eitt av alle dei gode orda han tala gjennom Moses, tenaren sin, har vorte til inkje. Gjev Herren vår Gud ville vera med oss som han har vore med fedrane våre! Måtte han ikkje forlata oss og ikkje støyta oss ifrå seg, men bøya hjarto våre til seg, så vi ferdast på alle hans vegar og held boda hans og føresegnene og lovene, som han gav fedrane våre. Og gjev denne bøna mi som eg audmjukt har bore fram for Herrens åsyn, må vera nær Herren vår Gud dag og natt, så han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten deira, etter som det trengst for kvar dag. Då skal alle folk på jorda kjenna at Herren er Gud, han og ingen annan.
Hald dykk så til Herren vår Gud av eit heilt hjarta, så de ferdast etter hans lover og held hans bod, som de gjer i dag.
 

Igjen skal det vise seg at Salomo talar inspirert. Det er profetiske ord. For Israelsfolket fall i frå og Gud tukta dei hardt. Då trekte Han seg bort frå dei og gav dei over i hendene på verdsrikas herskarar. I fangenskapet kler Daniel seg i sekk og aske og faster og ber til Gud om tilgjeving (Dan. 9:4-27):

​

Eg bad til Herren min Gud og sanna og sa: Å Herre! Du store og agelege Gud, som held pakta di og held oppe miskunn mot dei som elskar deg og held boda dine! Vi har synda og bore oss ille åt, vore gudlause og trassige. Vi har vike av frå boda dine og lovene dine. Vi høyrde ikkje på tenarane dine, profetane, som tala i ditt namn til kongane våre, hovdingane og fedrane våre og til alt folket i landet. Du, Herre, er rettferdig, men vi lyt kjenna skam. Det gjer vi i dag – vi Juda-menn, innbyggjarane i Jerusalem og heile Israel, både dei som er nær, og dei som er langt borte, i alle dei landa som du har drive dei bort til, fordi dei hadde synt seg trulause mot deg. Herre! Vi må skjemmast, vi og kongane våre, fyrstane og fedrane våre, fordi vi har synda mot deg. Hjå Herren vår Gud er miskunn og tilgjeving. For vi har sett oss opp imot han, og vi høyrde ikkje på røysta åt Herren vår Gud og fylgde ikkje lovene hans, som han sette fram for oss gjennom tenarane sine, profetane. Heile Israel braut lova di, og veik bort frå deg og høyrde ikkje på røysta di. Difor vart den forbanninga han hadde svore å senda, rent ut over oss, den som står skriven i lova åt Moses, Guds tenar. For vi hadde synda mot han. Han stadfeste det ordet han har tala mot oss og mot domarane våre som dømde oss. Han førde over oss ei ulukke så stor at det ikkje under heile himmelen har hendt noko slikt som det som har hendt i Jerusalem. Etter det som står skrive i Moselova, kom all denne ulukka over oss. Men vi prøvde ikkje å mildna åsynet åt Herren vår Gud. Vi vende ikkje om frå misgjerningane våre og akta ikkje på sanninga di. Difor hadde Herren stadig ulukka for auga og lét henne koma over oss. For Herren vår Gud er rettferdig i alt det han gjer, men vi høyrde ikkje på røysta hans. Og no, Herre vår Gud, du som med sterk hand førde folket ditt ut or Egyptarlandet og vann deg eit namn, slik det er i dag! Vi har synda og vore ugudelege. Herre! Etter alle dei rettferdige gjerningane dine, lat no vreiden og harmen din verta vend bort frå byen din, Jerusalem, ditt heilage berg! For på grunn av syndene våre og misgjerningane til fedrane våre har Jerusalem og folket ditt vorte til spott for alle dei som bur ikring oss. Høyr no, vår Gud, på bøna og dei audmjuke ynska åt tenaren din! Lat åsynet ditt lysa over den øydelagde heilagdomen din – for di eiga skuld, Herre! Min Gud, vend øyra ditt hit og høyr! Opna augo dine og sjå ruinane våre og byen som er nemnd med ditt namn! Det er ikkje våre eigne rettferdige gjerningar vi legg til grunn for dei audmjuke bønene våre som vi ber fram for åsynet ditt, men di store miskunn. Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt og gjer det, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud! For byen din og folket ditt er kalla med ditt namn.

 

Medan eg endå tala og bad og sanna mi eiga synd og synda åt folket mitt, Israel, og bar mi bøn for Guds heilage berg fram for åsynet åt Herren min Gud – medan eg endå tala i bøna, då kom Gabriel, den mannen eg før hadde sett i synet, og rørde ved meg i mi store maktløyse. Det var på den tida kveldsofferet vart bore fram. Han lærde meg, tala til meg og sa: Daniel, no er eg komen hit for å læra deg å skjøna. Med det same du byrja å bera fram dei audmjuke bønene dine, gjekk det ut eit ord, og no er eg komen for å kunngjera det for deg. For du er høgt elska. Så merk deg ordet, og gjev akt på synet.

 

Sytti veker er gjevne til folket ditt og den heilage byen din til å stengja inne fråfallet og til å forsegla synder og dekkja over misgjerning og til å føra fram ei evig rettferd og stadfesta syn og profet og til å salva ein Høgheilag heilagdom.Du skal vita og skjøna: Frå den tida eit ord går ut om å reisa opp att og byggja Jerusalem, til dess ein Salva*, ein Fyrste, står fram, skal det gå sju veker og sekstito veker. Det skal setjast i stand og byggjast opp att med gater og vollgraver, endå om tidene er tronge. Etter dei sekstito vekene skal Han som er salva, rydjast ut og ingenting ha. Folket til ein fyrste som kjem, skal øydeleggja byen og heilagdomen – og enden på det er overfløyming. Og like til enden er det krig, øydelegging er urikkeleg fastsett. Han skal stadfesta ei pakt med mange for éi veke. Midt i veka skal han få slutt på matoffera og slaktoffera. På vengene åt styggedomen skal øydeleggjaren koma, og det til dess utsletting og urikkeleg fastsett straffedom strøymer over han som valdar øydelegginga.

 

Sidan får folket returne til landet sitt. Esra 9 står det også ei bøn til Gud:

​

Min Gud! Eg er så skamfull og audmykt at eg kan ikkje lyfta andletet opp mot deg, min Gud! For alle misgjerningane har vakse oss over hovudet, og skulda vår har vorte så stor at ho når til himmelen. Frå våre fedrars dagar og like til denne dag har vi vore i stor skuld. På grunn av misgjerningane våre har vi – saman med kongane og prestane våre – vore gjevne i handa på framande kongar, under sverd, i fangenskap, i plyndring og vanære, som det syner seg i dag. Men for ei kort stund no har Herren vår Gud vist oss miskunn, så han har spart og frelst ein rest av oss og gjeve oss eit fotfeste på den heilage staden sin, så vår Gud kunne la augo våre lysa og gje oss ny livskraft i trældomen vår. For trælar er vi! Men vår Gud har ikkje forlate oss i trældomen vår. Han har gjeve oss å eiga velvilje hjå kongane i Persia, så dei gav oss ny livskraft til å byggja opp att huset for vår Gud og atterreisa det som låg i ruinar. Og dei gav oss ein trygg bustad i Juda og i Jerusalem. Men, vår Gud! Kva skal vi seia etter alt dette? For vi har vendt oss bort frå boda dine,1 dei som du gav ved tenarane dine, profetane, då du sa: Det landet de dreg inn i for å ta i eige, er eit land som har vorte ureint på grunn av ureinskapen til dei framande folka og dei avskyelege tinga dei i ureinskapen sin har fylt landet med frå ende til annan. Difor skal de ikkje gje døtrene dykkar til sønene åt desse folka eller ta koner til sønene dykkar mellom døtrene til desse folka. De skal aldri hjelpa dei til velferd og lukke. Då skal de verta sterke og få eta av dei gode tinga i landet og la borna dykkar få det i eige for all tid. Etter alt det som har kome over oss på grunn av misgjerningane våre og den store skulda vår, og etter at du, vår Gud, har spart oss og straffa oss mykje mindre enn vi fortente for misgjerningane våre, og late ein rest av oss som denne her verta frelst – skulle vi då no att bryta boda dine og ta oss ektemakar mellom folk som gjer slike avskyelege ting? Ville då ikkje du verta vreid på oss og gjera ende på oss, så det ikkje var nokon som vart frelst eller slapp unna? Herre, Israels Gud! Du er rettferdig. Vi er berre ein leivning, ein rest som har vorte frelst, slik ein kan sjå det denne dagen. Sjå, her er vi for ditt åsyn i vår syndeskuld. For etter det som no har hendt, kan ingen verta ståande for deg.

​

Likeins i Nehemja 9:5-37, som liksom oppsummerer det heile frå Abraham og til deira situasjon den gongen etter dei hadde kome attende frå Babylon. Slik bad levittane:

​

Reis dykk og lova Herren dykkar Gud frå æva og til æva! Ja, lova vere ditt herlege namn, som er opphøgt over all lov og pris! Einast du er Herren, du har skapt himlane, himmel-himlane og all deira hær, jorda og alt som finst på henne, hava og alt som er i dei, og du held det i live alt saman, og himmelhæren tilbed deg. Det var du, Herre Gud, som valde ut Abram og førde han ut frå Ur i Kaldea og gav han namnet Abraham. Og du fann at hjarta hans var trufast mot deg. Du gjorde den pakta med han at du ville gje ætta hans landet til kana'anearane, hetittane, amorittane og ferisittane og jebusittane og girgasittane. Du heldt lovnaden din, for du er rettferdig. Du såg korleis fedrane våre leid naud i Egypt. Du høyrde ropa deira ved Raudehavet. Du gjorde teikn og undergjerningar med Farao og alle tenarane hans og alt folket i landet hans, for du visste kor skammeleg egyptarane hadde fare åt med dei. Du vann deg eit stort namn, og det har du den dag i dag. Du kløyvde havet for dei, og dei gjekk på tørr grunn midt gjennom havet. Forfylgjarane kasta du i djupet, så dei sokk som stein i veldige vatn. Du leidde dei i ei skystøtte om dagen og i ei eldstøtte om natta for å lysa for dei på den vegen dei skulle gå. Du steig ned på Sinai-fjellet og tala med dei frå himmelen. Du gav dei rette ordningar og trygge lover, gode føresegner og bod. Du kunngjorde din heilage sabbat for dei. Du gav dei bod og føresegner og lover gjennom Moses, tenaren din. Du gav dei brød frå himmelen når dei var svoltne, og let vatn strøyma frå berget når dei var tyrste. Du baud dei å dra inn og ta i eige det landet som du med opplyft hand hadde svore at du ville gje dei. Men dei, fedrane våre, var overmodige og hardnakka og høyrde ikkje på boda dine. Dei ville ikkje høyra og kom ikkje i hug dei undergjerningane du hadde gjort for dei. Dei var hardnakka og valde seg ein hovding, og i sitt stridlynde ville dei venda attende til trældomen. Men du er ein Gud som tilgjev, nådig og mild av hjarta, langmodig og rik på miskunn. Og du gjekk ikkje ifrå dei. Ja, dei støypte seg jamvel ein kalv og sa: Dette er guden din, som førde deg opp frå Egypt! Og dei gjorde seg skuldige i grov spott. Men du – i di store miskunn forlét du dei ikkje i øydemarka. Skystøtta veik ikkje frå dei om dagen, men leidde dei på vegen. Heller ikkje veik eldstøtta frå dei om natta, men lyste for dei på den vegen dei skulle gå. Du gav dei din gode Ande til å læra dei. Du nekta ikkje munnen deira manna frå deg, og du gav dei vatn når dei tyrsta. I førti år sytte du for dei i øydemarka. Dei sakna ingen ting. Kleda deira vart ikkje utslitne, og føtene deira hovna ikkje. Du gav dei rike og folk, som du skifte mellom dei like til grensa. Dei tok i eige det landet som tilhøyrde Sihon, kongen i Hesbon, og landet som tilhøyrde Og, kongen i Basan. Du gjorde borna deira talrike som stjernene på himmelen. Du førde dei inn i det landet som du hadde lova fedrane deira at dei skulle koma inn i og ta i eige. Så kom då borna deira og tok landet i eige. Du audmykte innbyggjarane i landet, kana'anearane, for dei, og du gav dei i deira hand, både kongane og folka der i landet, så dei kunne gjera med dei kva dei ville. Dei tok festningsbyar og vann seg grøderik jord og tok i eige hus som var fulle av alle gode ting, og uthogne brunnar, vingardar og ei mengd med oljetre og frukttre. Dei åt og vart mette og feite og levde høgt på din store godleik. Men dei vart ulydige og sette seg opp imot deg og kasta lova di bak ryggen sin. Dei drap profetane dine, som vitna for dei og ville føra dei attende til deg. Dei gjorde seg skuldige i grov spott. Då gav du dei i handa på fiendane deira, og dei kua dei. Men når dei ropa til deg i si naud, høyrde du det frå himmelen. Og i di store miskunn gav du dei bergingsmenn, som fridde dei ut or handa på fiendane deira. Men når dei så hadde fått ro, gjorde dei atter det som var vondt i dine augo. Og du gav dei i handa på fiendane deira, så dei rådde over dei. Men når dei så ropa til deg att, høyrde du det frå himmelen, og i di miskunn fridde du dei ut gong etter gong. Du åtvara dei og ville at dei skulle venda om til di lov. Men dei var hovmodige og høyrde ikkje på boda dine. Dei synda mot lovene dine, dei som mennesket lever ved når han gjer etter dei. I sin trass sette dei skuldra imot, dei var hardnakka og ville ikkje høyra. I mange år bar du over med dei og åtvara dei ved din Ande gjennom profetane dine. Men dei la ikkje øyra til, og du gav dei i handa på framande folk. Men i di store miskunn gjorde du ikkje heilt ende på dei og gjekk ikkje ifrå dei. For du er ein nådig og miskunnsam Gud. Og no, vår Gud! Du store, veldige og agelege Gud! Du som held di pakt og lèt di miskunn vara ved. Lat det ikkje vera smått i dine augo alt det vonde som har råka oss, kongane våre, hovdingane våre, prestane og profetane våre, fedrane våre og heile folket ditt, frå styringstida til assyrarkongane og til denne dag! Du er rettferdig i alt det som har kome over oss, for du har synt truskap, men vi har vore gudlause. Kongane våre, hovdingane våre, prestane og fedrane våre har ikkje levd etter lova di. Dei har ikkje høyrt på boda dine og på dei åtvaringane du gav dei. Og endå dei levde i sitt eige rike og du hadde gjeve dei så mykje godt og late dei få dette vide og grøderike landet, tente dei deg ikkje og vende ikkje om frå dei vonde gjerningane sine. Sjå, i dag er vi trælar – vi er trælar i det landet du gav fedrane våre, så dei skulle eta fruktene frå det og alt det gode som finst der. Landet ber si rike grøde til beste for dei kongane du sette over oss på grunn av syndene våre. Dei råder over kroppane våre og feet vårt etter eige tykke. Vi er i stor naud. På grunn av alt dette gjer vi ei fast pakt og skriv henne ned. Hovdingane våre, levittane og prestane set segla sine på henne.

​

Den siste talen er Stefanus', ein av læresveinane til Jesus, i Apgj. 7:2-53:

​

Brør og fedrar, høyr på meg! Herlegdomens Gud openberra seg for Abraham, far vår, medan han var i Mesopotamia, før han busette seg i Karan. Og han sa til han: Drag ut frå landet ditt og frå ætta di, og far til det landet eg vil visa deg! Då drog han ut frå Kaldearlandet og slo seg ned i Karan. Og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå og til dette landet de no bur i. Han gav han ingen eigedom i det, ikkje ei fotbreidd. Men han lova å gje han landet i eige, han og ætta hans etter han, endå han ikkje hadde born. Og Gud tala såleis: Ætta hans skal leva som utlendingar i eit framandt land. Folket der skal halda dei i trældom og fara ille med dei i fire hundre år. Men det folket dei skal træla under, vil eg døma, sa Gud. Og deretter skal dei fara ut derifrå og tena meg på denne staden. Og han gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han på den åttande dagen. Og Isak fekk Jakob, og Jakob dei tolv ættefedrane. Og ættefedrane vart avundsjuke på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han. Han fridde han ut or alle trengslene hans, og gav han nåde og visdom for egyptarkongen Faraos augo. Og han sette han til hovding over Egyptarlandet og over heile sitt hus. Så vart det hunger over heile Egypt og Kana'an. Det vart stor naud, og fedrane våre fann ikkje noko å metta seg med. Men då Jakob fekk høyra at det var korn i Egypt, sende han fedrane våre dit, fyrst éin gong. Andre gongen gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og Farao fekk vita om Josefs ætt. Josef sende då bod og kalla til seg Jakob, far sin, og heile ætta si, syttifem sjeler. Så drog Jakob ned til Egypt, og han døydde, han og fedrane våre. Dei vart førde til Sikem og lagde i den grava som Abraham kjøpte av borna åt Hemor i Sikem for ein sum i sølv. Etter som no tida nærma seg då den lovnaden Gud hadde gjeve Abraham, skulle oppfyllast, voks folket og vart talrikt i Egypt, til dess det stod fram ein annan konge over Egypt, ein som ikkje kjende Josef. Han fór fram med list mot folket vårt. Han gjekk hardt fram mot fedrane våre og tvinga dei til å setja ut dei nyfødde borna sine, så dei ikkje skulle leva opp. På den tida vart Moses fødd. Han var fager for Gud. I tre månader vart han fostra heime hjå far sin. Men då dei hadde sett han ut, tok dotter til Farao han opp og fostra han som sin eigen son. Moses fekk opplæring i all visdomen hjå egyptarane, og han var mektig i ord og i gjerningar. Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå om brørne sine, Israels-folket. Då han såg ein som leid urett, hjelpte han mannen. Han hemna han som vart ille medfaren, og slo egyptaren i hel. Han tenkte då at brørne skulle skjøna at Gud ville gje dei berging ved hans hand, men dei skjøna det ikkje. Dagen etter kom han over to som slost, og han freista å få dei til å halda fred, og sa: De er då brør, menn! Kvifor gjer de kvarandre urett? Men han som gjorde urett mot nesten sin, støytte Moses frå seg og sa: Kven har sett deg til hovding og domar over oss? Du vil kan henda slå meg i hel, på same måten som du slo egyptaren i hel i går? Dette ordet fekk Moses til å røma. Han vart ein utlending i landet Midian og fekk to søner der. Og då førti år var lidne, openberra Herrens engel seg for han i øydemarka attmed Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerbusk. Då Moses såg det, undra han seg over synet. Men då han gjekk bortåt for å sjå på det, kom det ei røyst frå Herren: Eg er dine fedrars Gud, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud. Men Moses skalv av redsle og våga ikkje å sjå opp. Og Herren sa til han: Løys skorne av føtene dine, for staden du står på, er heilag grunn. Eg har lagt nøye merke til korleis dei fer ille med folket mitt i Egypt. Deira sukk har eg høyrt, og eg har stige ned for å fri dei ut. Kom no, eg vil senda deg til Egypt. Denne Moses, som dei fornekta då dei sa: Kven har sett deg til hovding og domar? – han sende Gud både som hovding og bergingsmann ved handa til den engelen som synte seg for han i klungerbusken. Han var den som førde dei ut, og han gjorde under og teikn i Egypt og i Raudehavet og i øydemarka i førti år. Han er den Moses som sa til Israels-borna: Ein profet, liksom meg, skal Gud reisa opp åt dykk, ein av dykkar eigne brør. Han er den som i forsamlinga i øydemarka var saman med engelen som tala til han frå Sinai-berget, og saman med fedrane våre. Han tok mot levande ord for å gje dei til oss. Han ville ikkje fedrane våre vera lydige mot. Dei skauv han frå seg, og i hjarto sine vende dei seg til Egypt. Dei sa til Aron: Gjer oss gudar som kan gå føre oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, han som førde oss ut or Egyptarlandet. Og i dei dagane laga dei seg ein kalv, bar fram offer til avgudsbiletet og gledde seg over det som deira eigne hender hadde laga. Men Gud vende seg frå dei og overlét dei til å dyrka himmelhæren, som det står skrive i profetboka: Israels hus! Gav de meg vel slaktoffer og andre offer i førti år i øydemarka? Nei, de bar med dykk Molok-teltet og stjerna til guden Remfan, dei bileta de laga for å tilbe dei, og eg vil føra dykk i utlegd langt bortom Babylon. Fedrane våre hadde vitnemålsteltet* i øydemarka. Han som tala til Moses, hadde bode han å gjera det etter det førebiletet han hadde sett. Dette tok fedrane våre i arv, og saman med Josva førde dei det inn i det landet som heidningane hadde ått, dei som Gud dreiv bort for fedrane våre. Slik var det like til Davids dagar. Han fann nåde hjå Gud, og bad om at han måtte finna ein bustad for Jakobs Gud. Men Salomo bygde eit hus åt han. Men den høgste bur ikkje i hus som er gjorde med hender, som profeten seier: Himmelen er mi trone, og jorda ein skammel for føtene mine. Kva slag hus kan de då byggja åt meg, seier Herren, eller kvar er staden der eg kan kvila? Har ikkje mi hand gjort alt dette? De stivnakkar og uomskorne på hjarto og øyro! Alltid står de Den Heilage Ande imot – som fedrane dykkar, så de òg! Kven av profetane vart ikkje forfylgde av fedrane dykkar? Dei drap dei som føreåt forkynte at Den Rettferdige skulle koma, han som de no har svike og teke livet av, de som har teke imot lova, som vart gjeven ved englar, og ikkje har halde henne! Men då dei høyrde det, stakk det dei i hjarta, og dei skar tenner mot han. Men han var fylt av Den Heilage Ande og vende augo mot himmelen. Han såg Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand. Og han sa: Sjå, eg ser himmelen opna, og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand!

​

Denne sida vart laga i 2023; sist endra 29 oktober 2023.

bottom of page