top of page

Syner og openberringer

Profetiar, syner og openberringar om vår tid

DEL 1
Verdenskartet

I ei årrekkje har eg samla på profetiar, syner og openberringar frå og om vår tid. Nokre er forholdsvis korte; andre er lengre og meir detaljerte; nokre er prega av menneskeleg grubleri og gjer seg sjølv uinteressante. Andre igjen som Nostradamus - den jødiske kabbalisten som konverterte til katolisismen - har spådd om framtida basert på sin viten om stjernene og stjernehimmelen. Såkalla stjernetyding. Eg har valt å ikkje ta med det her. For oss er det også langt viktigare å lytte til kva Gud seier, han som har skapt både himmel og jord. For som det står om profeten Daniel og venane hans i Dan. 1:20 (NB 88): 

 

… i kvar sak som kravde visdom og forstand, og som kongen spurde dei til råds i, fann han at dei var ti gonger betre enn alle dei spåmennene og åndemanarane som fanst i heile riket hans.

​

Slik var det fordi Gud gav dei av sin visdom. Difor skjønte Daniel seg på alle dei syner og draumar Nebukadnesar hadde. Og når det berre var Daniel som var i stand til å tyde draumen, så viser det framfor alt at det var Daniels Gud som ville gjera kjent for verdsherskaren og for verda det som skulle skje i dei dagane som kom etterpå, i framtida og i endetida.

​

I Amos 3:7 står det slik: «For Herren Herren gjer ikkje noko utan at han har openberra sine løynde råd for tenarane sine, profetane». Vi skal også merke oss ordet i 2. Pet. 1:20-21. Eg tenker særleg på v. 20 der det står «at ikkje noko profetord i Skrifta er gjeve til eiga tyding». Ordet tyding er ei omsetting av greske epilusis, av epi, frå, altså frå der dei er; og luo, å løyse. Vi kan med rette overføre v. 20 til å gjelde dei profetord, syner og openberringar som er frå vår eiga tid. For endå til dei profetorda som vart skrevet ned om Kristus, mange hundreår i førevegen, vart først «løyst» etter at Jesus frå Nasaret sto fram. Og liksom det var i dei dagar då mange ikkje ville tru at det nettopp var slik profetorda skulle verta oppfylt, slik er det også i vår tid mange som ikkje vil tru på våre eigne profetar. Det er også lett for den som får sjå slike syner og gjere seg opp eigne meiningar om kva dei tyder, og på same vis er det for den enkelte av oss. Det er difor viktig at vi prøver dette. La oss reflektere og bedømme det, så langt det er råd.

​

Her fyljer eit tverrsnitt der så og seie alle kristne kyrkjesamfunn og organisasjonar er representert, eller iallfall hovudgruppene. 


Innhaldsliste:
Haugianarane (Minos)
, Hudson Taylor, Staretzaren, Viktor Clemenko, Maja Anstensen, Birger Claesson, Adullam-borna, Ron White, Branhams’ syner, Minos’ syn, Lebesbymannen, Valdreskvinna, Ove Falg, Oljefunn, Oscar Halvorsen, Smith Wigglesworth, David Wilkerson, Judith Lund Lønnøy, Sergei Tarassenko, Alois Irlmaier. 


Haugianarane
Eg vil starte med eit utdrag frå Emanuel Minos’ bok, «Det har ringt for tredje gang». Her siterer han ein eldre mann frå vekkingsbygda Luster i Sogn. Mannen fortel om noko han hadde høyrt av si bestemor, som ho igjen hadde høyrt det av si bestemor. På eit husmøte på 1800 talet hadde ei kvinne kome med denne
profetiske bodskapen:

​

I de siste dager skulle det fattige Norge bli et av de rikeste land i verden. Forholdene skulle forandre seg og menneske skulle bli annerledes.
Merkelige foreteelser skulle skje når det gjaldt kommunikasjoner og veier. Nordmenn skulle bli i stand til å reise gjennom fjellet, under vannet, på broer over fjordene og i luften. 
Menneskene skulle på den tiden bli selvopptatte og egoistiske. De skulle også leve i synder som man ellers ikke våget å nevne.
Da skulle endens tid nærme seg, og Herrens gjenkomst stod for døren.
 

 

Det er nok ikkje tilfeldig at dette profetordet vart gitt nettopp blant Hans Nilsen Hauges vener. Haugianarane var og er dyktige forretningsmenn og pådrivarar for moderne utvikling av landet, liksom sin opphavsmann. Likevel såg ikkje verken Hauge og haugianarane konsekvensen av sine eigne val. For eit menneske haustar det han/ho sår. Den som er trufast mot Herren skal arve evig liv, ein uforgjengeleg rikdom som ikkje vert forderva av denne verda, som det står i Matt. 6:19-21 (NB88):

​

Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og rust tærer, og der tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje møll eller rust tærer, og der tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. 

​


Hudson Taylor
I D. O. Belfrages hefte, «Kyrkornas Världsråd i Bibelens ljus», viser han til eit syn som kinamisjonæren Hudson Taylor fekk då han tala på eit møte i Kina i 1894. Her er Belfrages kommentarar satt i parantes (til nynorsk ved S. H.):

​

Eg har hatt eit syn. Ti år etter dette kjem ein stor krig mellom eit av Austens og eit av Vestens fremste statar. (Året 1904 vart det krig mellom Russland og Japan). Ti år deretter ser eg at det blir ein verdskrig. (År 1914 kom den). Sidan ser eg ein revolusjon i Russland. (Den kom 1917). Deretter ser eg ei vekking, som byrjar i dei vestre delane av Russland og går med hast over jorda. Og då bønneemna er frelst og alle som kan frelsast er kome over på Herrens side, kjem Jesus og hentar dei heim til seg. 

​

​

Her kan vi merke oss at han brukar ordet Russland, som var namnet på dette riket på den tida han fekk synet. Etter revolusjonen i 1917 gjekk ein bort frå bruken av ordet Russland, og frå 1922 til 1991 vart riket kalla Sovjetunionen. Når han difor brukar ordet Russland om den tida vekkinga vil gå over verda, så kan det indikere ei tid etter 1991. Om vi ser andre verdskrig som ei forlenging av den første, og likeeins den tredje verdskrig som ei forlenging av dei to andre, så er det først etter den tid vekkinga kjem. Det skal vi også sjå verta stadfesta av dei øvrige syna.


Staretzarens profetord
I H. K. Neerskovs hefte, «Oppbrudd i Øst», finner vi ein liknande profeti. I 1911 kom ein av den ortodokse kyrkjas staretzer, dvs. ein heilag mann (prest) med ein profeti. Ei ung russisk jente skreiv ned det som vart sagt. Ho tente seinare i Maria Magdalena klosteret i Jerusalem. Ho las ofte opp frå profetien, som ho hadde omsett frå russisk, og som sidan vart omsett til norsk. Her er eit utdrag (til nynorsk ved S. H.):

​

Eit vonde vil snart gripe Russland, og over alt dette vonde bryt fram, vil det flyte strøymer av blod. Dette vonde vil gripe heile verda, og overalt kor det kjem fram, vil det igjen flyte strøymer av blod. Det er ikkje den russiske sjel, men noko som påtvingast den russiske sjel. Det er ikkje ein ideologi, heller ikkje ein filosofi, men ei ånd frå Helvete. I dei siste dager vil Tyskland verte delt i to delar. Frankrike vil verta utan tyding. Italia vil verte ramma av naturkatastrofer. England vil miste sitt imperium og alle kolonier og vil kome til randen av total ruin, men vil verte redda av bedande kvinner. Amerika vil ernære verda, men det vil til sist bryte saman. Russland og Kina vil øydelegge kvarandre. Til sist vil Russland verta fritt, og derifrå vil truande dra ut og vende mange frå nasjonane til Gud.

 

I fylje Lance Lamberts bok, «Slaget om Israel», skal staretzeren ha sagt til den unge jenta: «Du vil leve og se Russland blive frit, men du vil ikke oppleve at se Antikrist». I fylje Ron Whites syner skal Russland og Kina gå til krig mot kvarandre mot slutten av tredje verdskrig. Også White plasserer vekkinga etter den krigen. Den unge jenta levde ikkje lenge nok til å oppleve tredje verdskrig, men lenge nok til å oppleve at Russland vart fritt i forhald til kommunismen. Sovjetunionen vart oppløyst på slutten av 80-talet og Russland vart igjen ein realitet. Det er riktig at kommunismen langt ifrå svara til den ideologien som var ei kjærkomen filosofisk retning i si samtid. For ideen og visdomen i kommunismen er vel grei nok, men ideologien vart berre brukt som eit skalkeskjul for nye maktmenneske som ville fjerna dei gamle herskarane, for sjølv å herske. Som staretzaren sa, det var ei ånd frå avgrunnen, ei opprørets og fiendskapens ånd. Dette er Satans ide og gjerning. I dag har Russland fått nye herskarar som vert skulda for nærast å ha tilrøva seg makta.


Victor Clemenko
Sangeren Victor Clemenko fekk også nokre
profetord som er i slekt med dei to ovanfornemnte profetiane. Desse fann eg på denne linken bible-teaching.net (til nynorsk ved S. H.): 

​

Eg gjev ei kort vekkingstid til Russland og eg vil opne dørene til Russland når du er 45 år, men eg vil stenge dørene når du er ..... år. Det vert ei kort tid, der skal kome undergrunnsforsamlingar som vil bli vekkingskanalar. Det vil skje forferdelege ting i Skandinavia. Russland vil starte den 3. Verdskrig. Der kjem til å skje eit blodbad i Skandinavia. Russland vil ta Skandinavia med vald. Det militære maktapparat vil bli satt inn og overta Skandinavia på ei natt. Herren sa også at forsamlinga vil bli rykka bort veldig snart… Fast, gråt og bed om at tidene skal endrast, då skal du få dobbelt kraft.

​

Clemenko kjentgjorde dette på Betesda Bibelcamping sommeren 1988, det året han fylte 45 år. På den tida byrja Sovjetunionen å gå i oppløysing. Han har halde det siste året i profetien skjult. Han fylte 75 år i 2018. Så dette vil altså skje innan ei periode på max. 25-30 år.

​

Ser vi desse orda i samanheng med dei andre syna, då trur eg vi må forstå det slik at det Clemenko fekk vite var at Russland først vil oppleve ei lang tid der landet skulle vere opent mot vestlige vekkingsrørsler. Sidan vil dette endre seg og til slutt vil Russland starte den tredje verdskrig. Det er kanskje meir vanskeleg å plassere vekkinga her. Enkelte vil nok tenke på at dette skjer i dag, men slik eg forstår det så er det vekkingskanalane som vert til i dag. Når krigen har rasa frå seg vil vekkinga gå fram meir uhemma, om enn ho vert kort.

​

​

Alois Irlmaiers profetier

Den tyske fontenebyggaren Alois Irlmaier (1894-1959) kan vel kanskje samanliknast med "Snåsamannen" her i Norge, i det at mange kom til han for råd og viten, aldri mot betaling, sjølv om han blant anna kom for retten då han ikkje kunne betale sine avdrag. Han vart også anklaga for bedrag, men vart frikjent då fleire vitner kunne fortelle at synene og profetiane hans var sanne. I motsetning til sin norske motpart var han utelukkende synsk.

​

Synene

Ifølge Alois Irlmaier vil det bli eit stort slag i framtida, ein stor krig. La oss kalle det den tredje verdenskrig. Den vil starte i det augeblikk vi trur det er "fred" i Midtausten. Då vil det skje, ein ny krig i Midtausten flammer plutseleg opp, store marinestyrkar står ovenfor fiendskap i Middelhavet. Dette ser vi konturane av i dag. Kanskje har vi allereie sett denne freden i "Oslo-avtala", eller kanskje det dei samtalar om fred i Midtausten som Israel hadde med eit rekkje land før Hamas gjekk inn i Israel i oktober 2023. Det viser seg at Israel ikkje ønsker å inngå ei liknande avtale med Hamas, verken før eller no. Verdenssamfunnet ser no klarare enn før at denne konflikta ikkje kan halde fram. Ein må ta tak i dette med fornya kraft. Eit amerikansk krigsskip kom Israel til hjelp. USA har også tatt ut militære mål i Syria som Iran står bak. Ekspertane talar om at Israel bør gå i krig med Iran, støtta av USA. Det vil i så fall tenne ein større krig, ja, kanskje endå til ein verdskrig. Her vil ein nok heller strekke seg langt for å få til fredsforhandlingar.

​

Her fyljer Irlmaiers profetiske syner oversatt frå tysk til norsk: 

​

Selve eldgnisten er satt i brann på Balkan: Eg ser ein "stor ein" falle, en blodig dolk ligg ved sida av han - så er det anstøyt på anstøyt. To menn myrdar ein tredje høgt rangert. Dei vart betalt av andre mennesker. Det tredje mordet skjedde. Så byrjar krigen. Ein av mordarane er ein liten svart mann, den andre litt høgare, med lyst hår.

​

Eg trur det vil være på Balkan, men kan ikkje seie det nøyaktig. Året før krigen blir eit fruktbart år med mykje frukt og korn. Etter drapet på den tredje startar det over natta. Eg ser ganske klart tre tal, to åttarar og ein niar. Men eg kan ikkje seie kva det tyder og kan ikkje seie noko tidspunkt. Krigen byrjar ved soloppgang. Han kjem raskt. Bøndene sitter på puben og spelar kort når dei utanlandske soldatane ser gjennom vindauga og dørene.

​

Ein formeleg mørk(kledd) hær kjem frå aust, men alt skjer veldig raskt. Eg ser ein trear, men eg veit ikkje om det tyder tre dagar eller tre veker. Den kjem frå den gylne byen. [Prague]. Den første kravle ormen byrjar ved det blå vatnet i nordvest og går til dei sveitsiske grensene. Så langt som Regensburg eksisterer ikke flere bruer som krysser Donau, dei kjem ikkje frå sør for det blå vatnet. Så er det anstøyt på anstøyt. Infanterier kjem marsjerande frå aust til Beograd og bevega seg framover til Italia. Deretter går tre pansrede kiler [enkel mekanisme som kan brukes til å tvinge to objekter eller deler fra hverandre, gjennom å bruke kraft og tvinge den spisse enden av kilen inn ved å slå på den butte enden.] umiddelbart og lynraskt videre mot nord for Donau over Tyskland mot Rhinen – uten foreløpig forvarsel.

​

Dette vil skje så uventa at befolkninga flykter vestover i full panikk. Mange bilar vil tette vegane, berre dei ville ha blitt heime eller ikkje brukt hovudgatene. Alt, som vil være til hinder for dei raskt fremrykkande tanksane på dei store motorvegane og små motorvegane, vil verta rulla over. Eg kan ikkje sjå nokon av Donau-bruene over Regensburg lenger. Knapt noko gjenstår av storbyen Frankfurt. Rhin-dalen vil verta øydelagt, hovedsakelig av fly.

​

Eg ser tre spydspisser kome: spydspissen nedanfor kjem over skogen, men trekker seg deretter nordvest over ved sidan av Donau. Linja er for eksempel Praha, den Bayerske skog og nordvest. Det blå vatnet er den sørlege grensa. Den andre spydspissen går fra aust til vest over Sachsen, den tredje frå nordaust til sørvest. Nå ser eg jorda som ein ball framfor meg, kor flylinjene går ut, som nå flyg opp som svermer av kvite duer fra sanda.

​

Russeren stopper ikkje nokon stad, mens han spring i sine tre kiler. [enkel mekanisme som kan brukes til å tvinge to objekter eller deler fra hverandre, gjennom å bruke kraft og tvinge den spisse enden av kilen inn ved å slå på den butte enden.] Dag og natt spring dei for å nå Ruhrdistriktet, kor dei mange omnane og brannstadane er. Det andre spydet kjem vestover over Sachsen mot Ruhrdistriktet, akkurat som det tredje, som går fra nordøst vestover over Berlin. Dag og natt spring russerne, Ruhrdistriktet er ubønnhørlig deira mål. Umiddelbart kjem hevna frå det store vatnet [USA].

​

Men den gule dragen [Kina] invaderer i Alaska og Canada samtidig. Men han kjem ikkje langt. Eg ser jorda som ein ball framfor meg, som dei kvite duene no flyg nær, eit veldig stort antal som kjem opp frå sanden. Og så regnar det eit gult støv i ei linje. Når den gylne byen [Prague] blir øydelagt, byrjar det. Som ei gul linje går den opp til byen i bukta. Det blir ei klar natt, når dei byrjar å kaste det. Tanksane kjøyrer framleis, men dei som sit i desse tanksene vart formeleg svarte. Der det fell ned, vil alt vere døydt, ikkje noko tre, inga busk, ingen storfe, ikkje noko gras, dette vert visna og svart. Husa eksisterer framleis. Eg veit ikkje kva det er, så eg kan ikkje fortelje meir om det. Det er ei lang linje. Dei som går over denne linja, døyr. Dei som er på den eine sida, kan ikkje gå over til den andre.

​

Så bryt alt på spydspissane saman. Alle må dra nordover. Det dei har med seg, kaster dei. Ingen kjem tilbake lenger. Flya slepp eit gult pulver mellom Svartehavet og Nordsjøen. Dermed opprettast ei dødsstripe, rett fra Svartehavet til Nordsjøen, så breiddt som halve Bayern. I denne sona kan ikkje gras vekse meir, endå mindre kan menneska leve der. Den russiske forsyninga avbrytast. Svermar av duer stig opp frå sanda. To flokkar får kampområdet fra vest til sørvest. Skvadronene svingar mot nord og stengjer for kursen til den tredje hæren. Frå aust er det mange store gule kjøretøy [bokstaveleg Caterpillar]. Men i dei store gule kjøyretøya er alle allereie døde, sjølv om kjøretøya fortsett å rulle, før dei gradvis og automatisk stoppar.

​

Her kastar pilotene også av seg dei små svarte boksene sine. Dei eksploderar før dei berører jorda, og sprer ein gul eller grøn røyk eller støv. Det som kjem i kontakt med dette blir død, enten det er eit menneske, eit dyr eller ei plante. I eit år har ingen organisme lov til å kome inn i dette området, ellers vil det utsette seg for den største dødelege faren. Ved Rhinen blir angrepet endelig drevet tilbake. Frå dei tre spydspissene vil ingen soldat kome heim lenger.

​

Desse boksane er sataniske. Når dei eksploderer, oppstår eit gult og grønt støv eller røyk, alt som kjem i kontakt med det, er dødt, enten det er eit menneske, eit dyr eller ei plante. Menneska vert ganske svarte og kjøtet fell av beina deira, så skarp er gifta. Ved ei naturleg katastrofe eller noko liknande unndreg russarane seg plutseleg nordover. Rundt Køln har det siste slaget starta. Ved Rhinen ser eg ein halvmåne [muslimske allierte? Symbolet stammer frå Konstantinopel og dei osmanske tyrkarane tok over symbolet då dei erobra riket og sidan har det spreidd seg til andre muslimske land], som vil fortære alt. Hornene til sigdene vil lukke seg.

​

Kva dette tyder, veit eg ikkje. Så flyg dei nordover. I midten er det eit merke, det lever ingenting lenger, ikkje noko menneske, ikke noko dyr, ikkje noko gras. Dei flyg til nord, kor den tredje spydspissen hadde kome inn, og som stenger alt av. Så dei vil alle verta myrda, ingen frå desse tre hærane vil kome heim lenger. Men så ser eg nokon som flyg, kjem fra aust, og slepp noko ned i det store vatnet [havområda mellom Europa og USA], slik at noko rart vil skje.

​

Vatnet lyfter seg så høgt som eit tårn og fell ned, så vert alt oversvøymt. Det er eit jordskjelv og halvparten av den store øya [Storbritania?] vil synke. Heile handlinga vil ikkje vare lenge, eg ser tre linjer - tre dagar, tre veker, tre månader, eg veit ikkje nøyaktig, men det vil ikkje vare lenge! Eit enkelt fly som kjem frå aust, kastar noko i det store vatnet. Deretter lyfter vatnet seg så høyt som eit tårn og fell ned. Alt er oversvøymt.

​

Det vert eit jordskjelv. Den sørlige delen av England glir i vatnet. Tre store byar vil verta øydelagt: ein vil verta øydelagt av vatnet, den andre ligg så høgt i havet at du berre kan sjå kyrkjetårnet og den tredje fell i [vatnet]. Ein del av England forsvinn, når tingen fell i sjøen, som piloten slepp. Deretter løfter vannet seg så høyt som eit tårn og fell ned. Kva denne tingen er, veit eg ikkje. Landa på sjøen er hardt trua av vatnet, havet er veldig uroleg, bølgjene går høgt som eit hus; det skummer, som om det ville koke i undergrunnen. Øyane forsvinner, og klimaet endrer seg. Ein del av den stolte øya synker, hvis tingen fell i sjøen, som piloten slepp. Deretter lyfter vatnet seg så høgt som eit tårn og fell ned. Kva denne tingen er, veit eg ikkje. Når det kjem, veit eg ikkje.

​

Det store mørket

Januar vil vere så varm på eit tidspunkt at myggane vil danse. Det kan vere at vi allereie kjem inn i ei tid, når det ikkje vert ein normal vinter i det hele tatt, slik som vi kjenner den no. Under krigen kjem det store mørket, som varer i 72 timer. På ein dag vil det bli mørkt under krigen. Så bryt eit haglnedslag ut, laga av lyn og torden, og eit jordskjelv vibrerar jorda. Venlegst ikkje gå ut av huset på den tida. Lysa brenn ikkje, bortsett frå stearinlys, strømmen stoppar. Den som inhalerer støvet, får krampe og døyr. Ikkje opne vindauga, dekk det heilt med svart papir. Alt opent vatn vert giftig og også all open mat, som ikkje er i låste porsjoner. Heller ingen måltider i glass, fordi dei ikkje vil dekke det helt. Utanfor går støvdøden rundt, mange mennesker døyr. Etter 72 timer er alt over. Men igjen: Ikkje gå ut av huset, ikkje sjå ut av vindauga, og hald stearinlyset brennande. Og be.

​

Over natta vil det døy fleire menneske enn i de to føregåande verdskrigane. Ikkje opne eit vindu i løpet av dei 72 timane. Elvane vil ha så lite vatn at du enkelt kan passere dei. Storfeet fell, graset blir gult og tørt, dei døde menneska blir ganske gule og svarte. Vinden driv dødens skyer mot aust. Byen med jerntårnet [Paris?] blir offer for sitt eige folk. Dei tenner på alt. Det er revolusjon og alt går vilt for seg. Øyane foran kysten synker, fordi vatnet er ganske vilt. Eg ser store hol i havet, som vil bli fylt, når dei enorme bylgjene kjem tilbake. Den vakre byen [Venice?] ved det blå havet [Adriaterhavet?] synker nesten heilt i havet og i smuss og sand, som havet kaster ut. Eg ser tre byer synke i sør, i nordvest og i vest. Den store byen med det høye jerntårnet brenner. Men dette har blitt gjort av dets eige folk, ikkje av dei som kom fra øst. Og eg kan sjå at byen er lagt i grus. Også i Italia går det vilt for seg. Dei myrder mange mennesker der og paven flykter. Mange prester vil bli drept, mange kirker kollapser.

​

I Russland bryt det ut ein revolusjon og ein borgarkrig. Lika er så mange at du ikkje kan fjerne dei frå vegane lenger. Krossen kjem til ære på nytt. Det russiske folk trur på Gud på nytt. Dei store blant partileiarane tek sjølvmord, og i blodet vaskast den store skylda av. Eg ser ein raud flokk, blandet med gule andlet, det er eit generelt opprør og forferdelige drap.

​

Så syng dei påskesangen og brenn stearinlys fframfor sakrale bilete. Ved kristendommens bøn dør helvetesmonsteret. Også dei unge trur på nytt på forbønna til Guds mor. Etter seieren blir ein keisar krona av den flyktande paven.

​

Kor lenge alt dette varer, veit eg ikkje. Eg ser tre niarar. Den tredje niaren bringer freden. Om alt er over, har ein del av innbyggerne døydd, og folket frykter Gud på nytt. Lovane, som bringer døden til barna, blir ugyldige etter lysninga. Då vert det fred. Ei god tid. Eg ser tre kroner blinke, og ein gamal mann vil være vår konge. Også den svært gamle krona i sør kjem til ære igjen. Paven, som ikkje måtte flykte over vannet i noko lang tid, vender tilbake. Når blomstrane blomstrer på engene, vil han komme tilbake og sørge over sine myrdede brødre. Etter desse hendingane kjem ei lang, heldig tid. Dei som vil oppleve det, vil være veldig glade og kan prise seg heldige. Men folket må byrja der, kor deira bestefedre byrja.

​

Så langt Irlmaier. Kort sagt såg han det vi no ser konturane av. Dei store leiarane i verda, som er meir som einerådande kongar, tek side og allierer seg for å kjempe mot USA og NATO, dei som råder i dag. Det er aust mot vest. Det vil verte eit slag utan ein endeleg sigerherre.

​


Maja Anstensen
I eit hefte utgitt på Esca Forlag: «Endetidssyner - Angrep mot Sverige og Norge - Tredje Verdenskrig», finner vi Anstenses syn og profetord. Den 4. desember 1952 hadde ho eit syn mens ho var i Porjus, i Norrbotten i Sverige. Ho såg at det kom fly i frå ei uventa retning, frå vest (samanlikn med Ron Whites syn om Irland som skal verta russisk kontrollert/alliert). Flya slapp bomber over store deler av Nord Norge. Eit dobbelt minefelt vart strakt ut over Ofotfjorden. Ho undra seg over dette, ettersom Norge var med i A-pakta, altså FN-pakta. Ho skreiv ned desse profetorda:

​

Ta pennen og skriv ned det budskapet du skal bære fram for ditt lands myndigheter og folk! Og det skal du gjøre på tross av at du selv tviler eller om du blir mødt med hån, vantro og latter. 
Skriv at en «konge», sett ordet i gåseøyne, er på marsj mot Nordens land, en som ikke kjenner skånsel, men forakter barmhjertighet. 
Skriv at hans erobringsplan er vel forberedt og kommer som en flom over fredelige og lite forberedte regjeringer.
Skriv at «kongen» har et hemmelig våpen, som verden ennå ikke har kunnskap om, og som er forferdelig i sin virkning.
Skriv at det virker med radioaktive stråler som ennå ikke er kjent, og et annet hvis kjemiske formel er O.O.+C-1.*
Skriv at dens virkning og kraft utløses av luftens surstoff og næres og forsterkes gjennom dette. Det bringer planter og animalske stoffer i forråtnelse, ja, trær angripes og smulder bort. Jern og harde legeringer tæres som av forvitring. Vann og sjøer blir slimete og illeluktende. Selv elver og bekker blir fordervet og fiskene dør.
Skriv at de av Herren begunstigede land har fylt målet for sin ugudelighet.
Skriv at Norge, om det enn ble hardt tuktet gjennom okkupasjonsår, dog skal bli straffet, fordi de ikke som land og nasjon, tok imot tukten, da Herren tuktet.
Men skriv at Herrens øyne hviler på den lille, trofaste skare som tilbeder ham i ånd og sannhet. Skriv at himmelens skarer av budbærere gjør seg møye for deres skyld.
Men skriv til den samlede kristenhet i de nordiske land at den innen sine rekker har herskelystne, ærgjerrige ledere, som enten tenker på sin egen karriere eller sitt samfunns anseelse og ry i verden og forsømmer å trygge og befeste sitt eget og sin hjords høye kall fra Herren.
Si at Herren kommer over disse og stiller dem fram som det de i virkeligheten er - skampletter på Herrens hellige navn!
Skriv til alle som figurerer som medlemmer i troende samfunn at han, Herren, skal åpenbare all ynkelighet og falskhet. Si at de alt i lang tid har virket som «lik i lasten» og sette Herrens tålmodighet på prøve.
Skriv at kasteskovlen er i Herrens hånd. Siktingen og rensingen av laden er i full gang. Agnene skal for alltid skilles fra hveten.
Skriv at evangeliets not skal dras inn over hele den såkalte kristne verden og alle råtne fisker kastes vekk som ubrukelige.
Si til alle at Herren ikke har forandret seg.

​

* Det er ikke noe jeg har særlig mye kunnskap om, så dette er basert på egne tolkingar. O.O.+C-1. O kan sikte til det kjemiske symbolet for Oksygen, av greske oxys, syre, surstoff, bokstavelig skarp. Kjent som O2. C kan sikte til det kjemiske symbolet for karbon, av lat. Carbonum, kull, kullstoff. -1 kan sikte til oksidasjonstallet -I (romertal).

  

Mot slutten av profetien blir det referert til Matt. 3:1-12, og særleg v. 6-12 om døyparen Johannes’ tale til leiarane i Israel og til folket (NB 88):

​

Men då han fekk sjå mange av farisearane og saddukearane koma til dåpen hans, sa han til dei: Ormeyngel! Kven lærde dykk å røma frå vreiden som skal koma? Så ber då frukt som sømer seg for omvendinga. Og tru ikkje at de kan tenkja slik: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born åt Abraham av desse steinane. Øksa ligg alt innmed rota av trea. Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge nede og kasta på elden. Eg døypar dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg - eg er ikkje eingong verdig til å bera skorne hans! Han skal døypa dykk med Den Heilage Ande og eld. Han har kasteskovla si i handa og skal reinsa treskjestaden sin. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som ikkje kan sløkkjast.

 

Dette tala Jesus også om i Matt. 24-25. I særleg grad kap. 25. 

 

Vi kan merke oss at den såkalla åndsdåpen siktar til at vi er døypt i ein Ande som ikkje er av denne verda. Ingen kan rose seg av å ha Den Heilage Ande, for det er ikkje vår ånd, men Guds Ande. Gud arbeider i oss, ved sin Ande, men berre ved nåde. Vi kan difor ikkje rose oss av å vere meir annleis enn dei andre i verda, men berre av at Guds Ande er annleis. Gud skal døme alt kjøt og han har på førehand sagt at når Herren kjem igjen skal han døypa verda med eld. Elddåpen er altså ein dom som for evig tid skal skilja mellom dei som trur på Gud og dei som ikkje trur. For Gud er det som ugras det han ikkje har sådd, dei som har forkasta Han og hans ord, anten det no er på den eine eller den andre måten. Dei er heilt ubrukelege for han og han skal kvitta seg med alt dette og brenna det opp til fastsett tid i enden. Men dei som er audmjuke og trufaste, dei som hatar seg sjølv nettopp fordi dei er vonde og som ikkje setter sin lit til det som no er, men til Gud og dei kommande ting, dei kan med glede sjå fram imot den dagen dei skal verta fødde på ny, i likskap med det til no einaste nye menneske, Jesus Kristus. 
 

Birger Claesson
I Birger Claessons bok «Dom över Sverige» skreiv han ned eit profetord han fekk i 1935: 

​

Det skal komme en verdenskrig over hele verden, og det skal bli den frykteligeste som noen generasjon har sett. Men over dette land vil jeg holde min beskyttende hånd, for det skal bli et tilfluktsted for mange folk.

 

I 1939 kom andre verdskrig. Ein frykteleg krig. For dei gjerningane som vart gjort var verkeleg vonde. Vi veit at det blant alle folkeslag er menneske som er fylt med vondskap. Måtte dei ikkje kome til makta! Men dei er komne til makta. Sverige fekk stort sett vere i fred for tyskarane og russarane, og mange motstandsmenn og jødar fekk søke tilflukt i landet. Dei orda han fekk viste seg slik å vere sanne profetord.

​

I 1950 fekk Claesson eit nytt syn. Han fekk sjå framande hærar som gjekk til åtak på byen Umeå og at den vart jevna med jorda. Likeins med Østersund, og ei rekkje andre byar og bygder i Sverige. Til slutt vart det mørkt over heile landet, og han høyrte ei røyst som ropa: «Mørkret faller over heile verda». Deretter såg han eit lys i mørket, og ein stor skare kvitkledde skapningar vart rykka opp mot lyset. Røysta sa også: «Tusenårsriket tilkommer det deg ikke å skue inn i».

​

Vi kan merke oss at dei fleste av syna og profetiane vi tek føre oss, skildar dei siste hendingane i vår tidsalder og peikar fram imot dei store profetiske hendingane som er varsla i Bibelen. Mørkret som faller over jorda peikar difor mot ei tid som skal verta særleg vanskeleg, ei trengsle tid utan sidestykke. Mørkrets fyrste skal regjere, men ut av mørkret skal Herren henta dei som har vore og som er audmjuke og trufaste mot Gud. Som det står i Matt. 24:13 (NB88): «Men den som held ut til enden, han skal verta frelst!».  


Adullam-borna
I kinamisjonæren H. A. Bakers (sjå biografi på Wikipedia) bok, «Syner bak forhenget», har han dokumentert noko av det som hendte under ei vekking på ein barneheim i Kina. Baker var i Kina frå 1919-1950. Kinamisjonærane vart kasta ut av landet på 50 talet, på same tid som boka kom ut. Syna er ofte knytt saman til Bibelens profetord om endetida. Baker skriver (til nynorsk av S. H.):

 

Gong på gong tala dei i profeti, i det dei sa at det vil kome ei tid med hungersnaud, pest, krig og øydelegging.     

I eit syn vart ein av våre gutar som var uvitande og uopplyst, ført til dei siviliserte land, der han såg menneske som førebudde seg på krig, for dei laga bomber, kanoner og andre øydeleggingsreidskap.

Barna såg krigsskip bli ødelagt av bomber som vart sluppet ned frå fly, og dei såg skipet med alle om bord synke i den våte grav for ikkje meir å kome til syne. Dei såg militæravdelingar som samla seg fra alle jordas ender til det siste store slaget. Giftgass og dødelege krigsinstrumenter drepte deira fiendar i stort antal.

Ein av gutane som på ein særleg måte var lydhør for evangeliet profeterte og sa:

Fordi menneska ikkje vil tru på meg, må eg øydeleggje denne vonde jord. Eg hadde planlagt å heimsøkje den med tre vonde trengsler, men den er så vond at eg har lagt til ei fjerde.

Sei til andre forsamlingar at dei også skal søke Den Heilage Ande. Alle forsamlingar skal gå fram. Djevelen vil kome til jorda nokre få år, og det vil bli stor trengsle. Ver ikkje redd. Eg bærer omsorg for dykk og vil bevare dykk. 
Folkeslaga vil samla seg frå alle stadar og føre krig på ein stad, og deretter vil eg kome og straffe jorda. Du skal ikkje vere redd, for dei som trur på meg skal lyftast opp til meg for å blåse på basunar og spele på harper.

​

Dei såg også Antikrist som skulle stå fram på den tida. Han ville kome til makta for å ordne opp i kaoset. Han var «ein gavmild, kraftig mann med ungdomsleg styrke og venleik». Nok eingong mønstrar verda sine hærar til krig, men Antikrist vil altså ikkje kome før etter den tredje verdskrig. 
 

Ron White
Takka vere ein av lesarane er Ron White identifisert. Han er i dag pastor i ei pinseforsamling under namnet Victory Gospel Church i Southampton, England. Det var han og hans kone Margaret starta opp arbeidet i 1980. White fekk dette synet den 15 juni 1976, eit syn som er gjengjeve i fleire bøker. Lesaren kan fortelle "
Den datoen tror jeg er da han første gang (og muligens eneste gang) har snakket om den visjonen han fikk. Det skjedde på et sommerstevne i Danmark - mest for ungdommer. Talen ble tatt opp på lydbånd av et kristent ektepar fra Tønsberg - som også skrev talen ned og begynte å gi den ut i skriftlig hefte-form. Det er slik jeg fikk lest om den." "Jeg fikk en sjanse til å møte ham i Sandvika utenfor Oslo en gang rundt midten av 80-tallet - og fikk en liten prat med ham etter et helbredelses-møte han holdt der. Han fortalte at han er en Engelskmann - som til å begynne med var en soldat i "The Salvation Army" - altså "Frelsesarmeen" - men at han ble kastet ut etter at han ble åndsdøpt og begynte å be for syke. Han fortalte at hans oppgave var å helbrede syke. Han hadde i allefall på den tiden han fikk dette synet, god kontakt med - og samarbeidet med en åndsfylt Dansk frimenighet av noe slag. Jeg vet ikke akkurat hva slags trosretning det var - men de hadde også forgreninger hit til Norge.  Det var en typisk evangelisk åndsfylt menighet. Jeg fikk helt tilfeldigvis vite om at han skulle ha dette møtet i Sandvika - og trodde at han var kommet hit til Norge for å snakke om dette synet - så jeg tok fotokopier av det jeg hadde av andre profetier om framtidige kriger i Norge og Europa for å vise ham - fordi jeg trodde at det ville interessere ham. Jeg ble faktisk litt skuffet da det viste seg at han "bare" snakket om helbredelse. Det var stort sett bare eldre mennesker med forskjellige plager som han ba for. Stive armer og skuldre og nakker som han ba for - og som ble momentant helbredet. Etter møter fikk jeg "elget" meg innpå ham med det som jeg hadde på hjertet. Han virket veldig interessert i å høre om disse andre profetiene som lignet på dem han selv hadde hatt. Jeg spurte ham rett ut om han tidligere hadde hørt om andre slike syner og profetier. Til det svarte han at det hadde han ikke - men at han hadde Danske venner som kunne oversette mine papirer som var skrevet på norsk - til engelsk for ham. Da jeg sa at jeg trodde han ville snakke om det synet han fikk, her i Norge - så svarte han at han mente at det ikke var hans oppgave. Han hadde tiltro til at Den Hellige Ånd ville bringe det spesielle budskapet videre uten hans hjelp. Og etter hva jeg forsto så hadde han kanskje ikke talt over dette synet mer enn den ene gangen i Danmark på dette ungdomsstevnet. Han virket som en veldig solid og stødig og seriøs type - som ga et godt inntrykk.

​

Legg merke til at White brukte uttrykket kommunistar og fekk også sine syner mens kommunistane hadde makta. Her fylgjer nokre utdrag frå ei tale gjengjeve i «Den Profetiske Røst» (til nynorsk ved S. H.):

​

Synet byrja med eit landkart. Eg såg eit kart over heile Europa – frå Skandinavia tvers over til Russland, og frå Noreg ned til Midtausten. Ei stund studerte eg kartet, og mens eg såg på den nordlege delen av Noreg, byrja kartet å skifte farge. Det begynte å verta raudt, og det raudlege gjekk frå den nordlege del og halvvegs ned i Noreg.

​

White fekk sjå nærare på kartet då han ikkje forsto det:

 

Og eg såg i dette området tusenvis av kommunistiske troppar. Det var den russiske hær.

 

White fekk også sjå muren i Berlin, som før delte den store byen i to delar, liksom heile landet var delt:

 

Så vart synet forandra. Eg vart ved Anden ført midt inne i Europa, og eg vart ståande framfor ein mektig mur. Mens eg sto og såg på denne muren, følte eg at den byrja å ryste. Deretter byrja den å smuldre, så byrja den å falle, og eg trudde at den ville falle på meg, men eg vart ført bakover i Anden….. Eg såg denne muren falle saman, og hundretusenvis av soldatar sprang gjennom muren, med våpen i hand, med tanks og anna armert maskineri…. Eg høyrte geværskot og rakettavfyringar, og noko av dei tinga eg såg og høyrte var fryktelege.

​

Eg såg at det kom ein kommunistisk infiltrasjon i dei andre landa, og at det kom ei forfylging av Guds folk. Ikkje berre fysisk, men også på fjernsynet. Guds menn skal verte latterleggjort, det vart fortalt lygn om Guds tenarar, og på dette tidspunktet vil det bryte ut krig i Europa. Herren viste meg også i dette synet, at det vil kome ein matvaremangel i Europa, og ein mangel på vatn. …. Herren viste meg også, at når denne krigen bryter ut i Europa, vil det verta kunngjort i Brussel, at EU ikkje lenger kan fungere, og det vil verta oppløyst. Eg såg også britiske troppar, som no er i Irland, verta trekt ut av Irland og sendt til Europa. Og Herren tala til meg og sa at Irland ville verta kommunistisk dominert. På same tida såg eg at Skottland reiv seg laus frå England og vart uavhengig. Krigen som vil bli i Europa, vil ikkje verta ein lang krig, men alle landa vert involvert. Både Tyskland og Nord Noreg vil verta okkupert. Denne krigen i Europa vil ikkje verta ein lang krig. For eg såg noko anna som byrja å skje i synet. Eg såg ein annan hær kome ut av Russland og gå sørover. Det var ein mektig hær, og mange soldatar satt på hestar. Det var også tanks og andre armerte køyretøy. Og eg såg at denne hæren flytta seg nedover til Israels fjell…. Så, såg det ut som om denne hæren ville invadere Israel, men eg såg ei veldig hand kome ned frå himmelen, og falle på denne mektige hæren, og med eit mektig slag øydela Guds hand denne hæren…..


Då dette skjedde, såg eg dei store russiske troppane som var i Europa, raskt verte trekt tilbake frå Europa, og eg sa: «Herre, kvifor skjer dette?» Og Herren opna auga mine, så eg kunne sjå ein anna del av synet. Og eg såg den kinesiske hær bryte gjennom Russlands grenser og gå langt inn i Russland, og plyndre, drepe og øydelegge. Og den russiske hær, som var i Europa vart trekt tilbake for å kjempe mot kinesarane. Og så byrja det å skje noko i Europa. 


Matmangelen vart verre, og behovet for vatn vart meir intenst. Store problem kom til heile det indre Europa. Og eg bad i mi ånd: «Herre, kvifor tillet du dette å skje?» Og Gud sa til meg: «Dette er mi hand til dom, eg kjem til å bruke desse tinga for å bringe folka tilbake til meg, bringe nasjonane tilbake på sine kne igjen.» Disse ting vil verta gjort av den allmektige Gud. Eg såg menn og kvinner falle på sine kne, på gatene, i heimane, overalt ropa menneske til Gud om hjelp, ropa til Gud om miskunn. Gud kjem til å gjere dette. Gud vil bringe våre nasjonar tilbake på sine kne. Og då folka byrja å rope til Herren, såg eg at Gud byrja å svare på dette ropet….. (deretter profeterer White:) «Det kjem til å verta ei vekking i Europas nasjonar, som du ikkje kan førestille deg. Men det vil ikkje verta ved menneskeleg kraft, det vil vere Den Heilage Andes mektige verk»….. Men Herren viste meg noko som sjokkerte meg… Han viste meg at det ville bli eit svært hastig verk. Det ville ikkje fortsette i årevis. Vekkinga ville vare under eit år. Gud vil gjere eit raskt verk. Då denne vekkinga nådde toppen av velsigning, såg eg noko anna. Mine auge vart lyfta opp mot himmelen. Og eg såg himmelen opne seg, og Herren Jesus stige ned frå himmelen, og folket vart lyfta opp for å møte Herren…. Det var mange som vart latt tilbake, men Gud viste meg dette, at i den vekkinga som kjem, kjem Gud til å gjenopprette mange fråfalne. Gud viste meg også, at i mange kyrkjer som no er døde og kalde, vil folk byrja å søke Gud, og Gud vil vekkje si forsamling. Etter forsamlingas bortrykking, då - og berre då – vil EU kome til å fungere. Det vil verta fornya, og Gud viste meg noko som var svært merkeleg for meg å sjå. Eg kunne aldri ha førestilt meg det, at Israel kjem til å verta ein svært spesiell venn av fellesmarknaden, og ut av denne sameininga vil Antikrist oppstå, som vil regjere med jernhand på jorda.                   

 

Det er klart at ein blir skeptisk når White her nærast skriv at Jesus kjem ned frå himmelen for å henta dei kristne før Antikrist kjem. For det er nettopp det vi vert åtvara om i 2. Tess. 2:1-12. Det står nemlig at fråfallet (det politiske) først må kome og den lovlause (Antikrist) må stå fram. Deretter kjem Jesus att og hentar sine. Det er dette som «held att». Det må skje først. Her har altså White blanda inn sitt eige i profetien. Men så er det også i ettertid vanskeleg å skilje mellom det ein såg og høyrte i synet, og det ein er overtydd om sjølv. For dette er ei lære som er svært utbreiddt i visse miljø. Difor må vi også prøve profetiane.

 

Elles er det i dag kjent for alle at Russland og USA, saman med Europa, var nær ved å hamne i krig like før murens fall. I dag er grensene opne, og russarar kan lett vinne seg tilhengarar i kva land som helst og likeins den andre vegen. Elles kan vi merke oss at White såg noko av det same som Maja Anstensen. Han såg at Irland ville bli dominert av russarane og at dei truleg vil sende bombefly mot Norge frå den kanten. Han såg også at med invasjonen fylgde ein raud farge. Sjå Staretzarens og Clemenkos profetord, det er blod, ikkje kommunisme.  

 


Emmanuel Minos
Emmanuel Minos hadde også eit liknande syn som er gjengjeve i same nummer av «Den Profetiske Røst». Minos var då på pinsevennanes sommarstemne på Hamar. Bjørn Arne Rosland siterer Minos:

​

Eg såg at det var eit område med furuskogar, og eg såg ein veg bylgje seg i ulike formasjonar, og eg fekk med det same sjå at vegen gjekk til ei grense mot eit framandt land. Og eg såg bil etter bil kjøyre på denne vegen og bilane var på veg til ein krigsfront….. Og eg såg korleis bilane køyrte ut og blant dei også Røde Kors bilar, og at dei til slutt kom til eit stort område kor det gjekk ei grense (Minos ville ikkje røpe kva grense det var tale om)…. Mens eg låg der såg eg denne slagmarka. Noko av skogen var brent ned. Det såg ut til å vere ei pause i krigshandlingane. Då eg såg dette på Hamar for fleire år sidan, la eg merke til både på vår side og på fiendens side ukjente våpenartar…. Eg såg eit underleg monster som sto på bakken. Og eg såg, då slaget kom i gang at det ut frå monstrene gjekk merkelege piler opp i lufta og forsvann (dette gjenkjente han seinare som rakettar)…. Eg fekk også sjå andre våpen som eg ennå ikkje har fått noko forklaring på, men som eg såg låg spreidd omkring…. Mens eg ser på dette forsvinner heile scena bort, og eg får sjå eit nytt bilete. Denne gongen var det eit kart som vart rulla ut for meg horisontalt. Det var som ein bokrull som vart rulla ut rett fram for auga mine. Eg strakte meg for å sjå nøyare på kva slags kart det var, og eg fekk sjå at det var Noreg. Og mens eg såg kartet verta rulla ut, slik at eg kunne sjå heile Noreg frå Kirkenes til Lindesnes, fekk eg sjå ein revolver verta senka ned frå himmelen – rett over midten av kartet, og der på midten lyste det opp eit namn, og eg leste: MO I RANA, der revolveren vart lagt. Seinare fekk eg sjå fleire namn som eg ikkje skal nemne no. Det var namn i Finnmark, Troms og Nordland. Også i ein del andre fylker fekk eg sjå namn. Eg forsto med det same at det første syn hadde forbinding med det andre, at det kanskje var noko som skulle kome over vårt land.

​

Minos nemnte aldri kva grense eller kva nasjon han hadde sett skulle angripe. I Viktor Clemenkos biografi forteller han at son hans såg Finnland utføre krigshandlingar mot Norge i allianse med Russland i ein draum om natta. Igjen ser vi også at nye og skremmande våpen vert tatt i bruk i krigen. Sjå Lebesbymannen og Anstensens syner og profetord.

Minos skriv også om dette i si eiga bok: «Grepet av Gud - En bok om vekkelse»:

 

For en tid siden hadde jeg et syn om Norge. Det var i en tre dagers bønn og faste. Det var den andre natten. Jeg var fullstendig klar og normal som ellers. Mens jeg på denne måten lå hengitt i bønn, forsvant den ene veggen for mitt blikk, og et landskap kom til syne. Meget vakkert og meget tydelig. Gjennom et granbevokst område gikk en blålig vei, som snodde seg i små bakker. På den ene siden av veien var skogen nedbrent som etter krigshandlinger. Våpen lå strødd omkring. Våpenarter jeg kjente til, men også eiendommelige håndvåpen som ennå ikke er brukt. Veien gikk fram til en frontlinje hvor jeg fikk se et slag. Også her var detaljene tydelige, og jeg fikk se de fremmede troppers nasjonalitet.

Så forsvant det hele, og et nytt syn kom fram. Denne gang i form av en bokrulle som ble åpnet fra høyre til venstre i vertikal stilling. Ved nærmere ettersyn var det et kart over Norge. Langsomt ble en revolver senket over midten av kartet. Et navn begynte å lyse, og da jeg skulle se etter sto det: Mo i Rana. Samtidig begynte flere andre stedsnavn å lyse på kartet. Det var områder og plasser i Nordland, Troms og Finnmarks fylker. Flere detaljer ble åpenbart som ikke kan nevnes i en åpen bok.

Under et besøk i England åpenbarte Gud seg for meg igjen. Det var atter i en bønn- og fasteuke, men jeg var fullt uthvilt og normal som ellers. I den profetiske åpenbarelse jeg denne gang fikk, så jeg kyststrekningen fra Herøya til Kristiansand og fra Moi til Haugesund. Samtidig la Gud noen steder på meg i Sverige, som særlig skulle bli utsatt for fare. Spesielt byene Örebro, Jönköping og Göteborg.

Under et besøk i en av våre sydlige kystbyer, traff jeg en hellig bror fra Indremisjonen som også hadde hatt et syn. Jeg lovte å ta det med i denne bok. Broderen hadde sett hvordan fremmede tropper igjen kom over Europa, og hvordan disse herjende for over Danmark og videre mot den norske kyst, nærere bestemt Kristiansand og delte seg i to kiler, vestover og nordover.

En annen mann, som virker i statskirken, og er bosatt i Oslo, har også hatt ett liknende syn. Han så hvordan tropper besatte hele Europa fram til Kanalen, og ingen kunne yte effektiv motstand i begynnelsen. Flere angrep ble også foretatt mot Norge i flere puljer. I det første angrepet så han hvordan byene Kristiansand, Bergen, Trondheim og steder nordpå ble utsatt for stor ødeleggelse . I andre pulje så han fallskjermtropper nord for Oslo. Og kamphandlinger og besettelse av store områder av landet. 

​
 

William Branham
I 1933 hadde Branham nokre syner som viste kva som skulle skje i den nære framtida. Branham hadde ei profetisk gåve, det er det ingen grunn til å betvile, då dei fleste av hans profetord og syner allereie er oppfylt.

  

I det første synet såg han at Mussolini (diktator i Italia 1922-1943) ville erobre Etiopia. Men at han ville dø ein frykteleg død. Han som fekk slengkyss frå folket skulle verta spytta på og hata av sitt eige folk. I det andre synet såg han at Amerika og Tyskland ville gå i krig mot kvarandre, men at krigen ville styrte Hitler, som ville få ein mystisk «ende». Det tredje synet var at facismen og nazismen ville ende opp i ingenting, men at kommunismen ville blomstre. Russland vart nemnt. Og facismen og nazismen ville ende opp i kommunismen. Det fjerde synet var av ei teknisk nyvinning, ein bil som kjørte av seg sjølv, mens passasjerane såg ut til å spele eit spel som likna sjakk. Det femte synet var av ei kvinne, frå å vere sømeleg på 1930 talet ville ho verte usømeleg ein gong i framtida. Til slutt var ho nesten komplett naken. I det sjette synet kom ei kvinne til makta i USA. Ho var mektig, vakker å sjå til, men likevel vond og intelligent. I det sjuande synet såg han at USA vart rysta av ein stor eksplosjon, og at landet vart etterlatt i ruiner og fullstendig kaos.

 

Alle syna er likeframme og enkle å forstå, kanskje ikkje for hans samtid, men for oss i dag. I dag har det amerikanske selskapet Google utvikla ein sjølvgåande bil, som nettopp har det designet Branham såg (sjå video). I USA konkurrerer kvinnene om å vere mest mulig avkledd på store og viktige førestillingar. Det er også fullt ut mogleg for ei kvinne å bli president. USA og NATO landa kjem også stadig i meir farlege konflikter med Russland, Nord Korea, Kina, Iran og andre sterke nasjonar. Ein kan godt seie at facismen, nazismen og kommunismen går ut på eit, slik ser vi også av dei andre syna og profetorda. Det er allereie mykje tale i media om den tredje verdskrig der ei slik isme får kome til sitt utløp. Ein kommande atomkrig er også forkynt mot USA.

​

Branham vart kjent som ein kontroversiell forkynnar, etter at han tok til å lære frammande lærer, ofte under påskot av å vere apostel. Mange av dei teikn, under og kraftige gjerningar som vart gjort ved han, vart like ofte motbeviste (fylj linken frå BEREAN RESEARCH INSTITUTE). Til hans forsvar må vi halde fram at dette ofte eit typisk utfall blant dei store predikantane. Det vert krevd for mykje av dei som enkeltpersonar. Dei vert pressa til å overkompensere, til å vere meir enn dei er. Paulus minnar oss difor om at vi saman er ein lekam med mange lemar. Nokre er profetar; andre lærarar; andre evangelistar; apostlar; osv.

 


Lebesbymannen
Anton Johansson vart fødd i 1858 og livnærte seg som landmålar. Eg siterer her frå eit hefte utgjeve på Esca Forlag: «Endetidssyner - Angrep mot Sverige og Norge - Tredje Verdenskrig»:

​

Johansson hørte at umiddelbart før 3. verdenskrig ville det være megen tale om fred, og falske fredsmanøvrer vil finne sted. Det var forklaringen på at det kom så overraskende at russiske tropper plutselig en dag veltet inn gjennom Tyskland imot Rhinen og Frankrike, hvor heftige kamper fant sted. 
Han så at de amerikanske våpendepoter som fantes der, falt i russernes hender, og han sa: «Jeg både hørte og så at i den tid finnes fryktelige våpen som ikke kjennes idag». (1907).
Russerne fikk herredømmet i Frankrike ved hjelp av landets egne kommunister, som under en voldsom borgerkrig rett føre, hadde stukket hele Paris i brand. De slo seg ned i Mellom- og Syd- Frankrike. Derfra førte de krig mot Spania.
Den fransk-spanske krig ble så forferdelig, ikke bare for de to land, men for hele verden. Det var de nye fryktelige våpen som de brukte her, og virkningen av dem var forferdelig, blindhet, vannvidd og fullstendig ødeleggelse av hele menneskekroppen.  

 

Lebesbymannen forsto tidleg at syna han hadde var noko som skulle skje i nær framtid, ettersom dei på førehand varsla om enkelte ulykker, katastrofar og krigar, som faktisk skjedde. Etterkvart vart han kjent for si profetiske gåve. Det han her seier om Frankrike er interessant, då landet er i ferd med å oppleve ein ny revolusjon.

 

I sine syner såg Lebesbymannen blant anna den første verdskrigen bryte ut. Han såg storbrannen i Bergen (sjå Wikipedia). Han såg den andre verdskrigen. Han såg Kinas overgang til kommunisme; Norges overgang til sosialisme. Han såg gruveulykkene i Vest Tyskland og Nord Frankrike. Store orkanar i Amerika, fem i talet. Han såg ulegelege sjukdomar og plagar herja på jorda, særleg i Russland. Han såg krigen mellom India og England. Krig mellom Spania og Frankrike, og han såg uro og krig i Irland. Han såg tilløp til krig i 1953, ein krig som blant anna vart hindra av Stalins brå død. Han såg at russarane var på veg til Noreg. Han såg jordskjelv og utbrot frå vulkanar i Italia. Han såg også at ein byrja å byggje ei jernbane frå Noreg gjennom Finland og inn i Russland. Den er under utbygging i våre dagar og skal frakte malm. Han såg ein krig bryte ut i Norge og Sverige, og at fienden kom frå Russland og Frankrike. Han såg ei storbylgje slå til i Nordsjøen og innover Trondheim og langs kysten til Bodø og like til Danmark, men også like til Skottland og England. Minos skriver i si bok om eit liknande syn, om ei slik storbylje.  

 


Valdreskvinna (fortalt til Emanuel Minos)
I Emanuel Minos’ bok, «Det har ringt for tredje gang», skildrar han sitt møte med kvinna frå Valdres. I dag veit vi kven ho var. Aftenposten skreiv ein utfyllande artikkel om Gunhilda Smelhus (sjå her). Udfordringen.dk har også skrevet ein artikkel basert på Aftenpostens stykke (sjå her). Minos visste berre at kvinna var over 90 år og at ho kom frå Valdres.

​

Det var i 1968 at ho fortalte om synet til pinsevennen og predikanten Emanuel Minos, som skreiv det heile ned. Då han kom heim tenkte han at dette aldri kom til å skje og gøymde det i ei skuff. Då han i 1993 kom over det igjen såg han at profetien var i ferd med å gå i oppfylling. Det er sagt om kvinna fra Valdres at ho både var klartenkt, påliteleg og truverdig som kristen, og at ho hadde eit godt omdømme blant alle ho kjente. Dette var det ho fortalte:

​

Det var som om et kart ble rullet opp foran meg. Jeg så det med mine naturlige øyne. På kartet var alle verdensdeler nedtegnet. Jeg merket meg Europa, Skandinavia og Norge. Det jeg fikk se var foreteelser i tiden før Jesus kommer igjen og den tredje verdenskrig bryter ut.

​

Før Jesus kommer igjen og den tredje verdenskrig bryter ut, blir det avspenning. Det blir en lang fredsperiode mellom stormaktene. Folk kommer til å legge langsiktige planer. I vårt land blir det nedrustning, og vi blir igjen uforberedt som 9. april 1940. Den tredje verdenskrig begynner på en måte som ingen har ventet og fra et helt uventet hold.

​

Det blir et frafall uten sidestykke fra sann og ekte kristendom. Det blir stor lunkenhet blant de troende. De vil ikke lenger være åpen og mottakelige for ransakende budskap. Folk vil ikke så gjerne høre om synd og nåde, lov og evangelium, bot og bedring. En ny slags forkynnelse overtar talerstolene. Det er å søke lykke, fremgang og materiell velstand. En slags lykkeforkynnelse griper om seg. 


Kirkene begynner å stå tomme. Det samme skjer med bedehusene og vekkelseslokalene. 


De troende vil ikke etterfølge Jesus på den smale korsveien. Underholdning, kunst og kulturaktiviteter overtar mer og mer plassen for vekkelse, nød, anger og botsmøter.

​

Det blir en moralsk oppløsning som vi ikke har opplevd tidligere. Folk lever som gifte uten å være gift. Det blir stor urenhet før ekteskapet, og det blir mye utroskap i ekteskapene. Ja, selv i de kristne ekteskap gjør utroskapen seg gjeldende, og de blir oppløst. Unaturlige synder begynner også å gripe om seg. Og de blir til og med godtatt i kristne kretser.


TV-en kommer til å spille en stor rolle. Det blir mange TV-stasjoner. TV-en blir full av vold. Volden blir underholdning for menneskene på denne tiden. Og den volden som folk ser på TV kommer til slutt å prege byer og bygder.


Det blir også bli vist intime samlivsscener. De mest intime forhold som tilhører ekteskapet kommer åpenlyst til å bli vist på TV. (Da det ble det sagt, sa jeg at det ikke var tillatt i offentlige sendinger. Vi hadde den gangen en ’varsomhetsplakat’ som ikke tillot obskøne scener. Da sa hun med hevet røst: ’Den kommer de ikke til å bry seg om når tiden er inne’).

​

Folk fra fattige land strømmer til de rike landene. De kommer til Europa, til Skandinavia og også til Norge. Det blir mange av dem. Og folk begynner å mislike dem og de blir harde imot dem. [Da hun sa dette begynte hun å gråte.] De blir mer og mer behandlet som jødene før krigen.


Da er målet for våre synder fullt. Krigen bryter ut. Først som en liten konflikt, en ubetydelig konflikt. Men den slutter ikke. Den tiltar og brer seg. Til slutt utvikler det seg til en stor krig. 
Mot slutten av den store krigen blir fryktelige våpen tatt i bruk. Det blir blant annet atomvåpen. Luft, jord og vann blir forgiftet og ødelagt. 


Folk fra de industrialiserte landene Amerika, Europa, Australia, Japan og andre liknende områder må flykte. De kan ikke bo der lenger. De kommer til de fattigste landene som har unngått det verste. Men de vil ikke være veldig så villige til å ta imot oss på samme måte som vi ikke var så villige til å ta imot dem.

​

Det manglar ikkje mykje på at desse profetorda skal gå i oppfylling, og det vi kanskje berre for nokre få år sidan undra oss over korleis kunne skje, har skjedd og vi forstår det. Vi ser at tida nærmar seg. Det er på tide å vakne opp og vere edruelege. Det vil kome ei tid over jorda som vi gong på gong har vorte åtvara om.

 

Då eg skreiv denne artikkelen for nokre år tilbake, ordla eg meg slik: "Vi kan merke oss at det einaste som står igjen før den tredje verdskrig bryter ut, er den dårlege behandlinga av muslimane, asylsøkarane, av dei økonomiske flyktningane osv." På berre denne korte tid er sjølv dette på full fart i å verta oppfylt. Det har vorte så dyrt å leve og sinnet blir vendt mot dei som kjem utanifrå og som lever av vår velferd. Men her kjem eit stikk frå Valdresdama. Ein dag er det kanskje vi som vert avhengige av andres velferd. Denne profetien er like ved å bli oppfyllt.

​

​

Sluttord

I Matt. 23-25 skildrar Jesus tida frå då han sjølv sto fram og langt forbi vår eiga tid. Som desse vitna har fått sjå kjem den tredje verdskrig først og deretter kjem endetida. Den skal kome slik den er skildra i Matt. 24. Då er det viktig at vi kjenner til det som står skrevet. For denne dagen kjem over verda for å prøve ho, og prøvinga vil vere hard, det vil verta ei stor trengsle. Men frykt ikkje og frist ikkje Herren, men ver framfor alt audmjuke og trufaste. For anten vi dør eller overlever, skal vi alle saman samlast og rykkjast bort og verta forvandla når Herren kjem. Les 1. Kor. 15:21-58 og 1. Tess. 4:13-18 og 5:1-28. Guds fred!  

 

Til del 2
 
Denne sida vart laga i 2016; sist endra 31 oktober 2023.

 

Haugianarane
Hudson Taylor
Victor Clemenko
bottom of page