top of page

Evangelieforfattaren
Kven var eigentleg forfattaren av Evangeliet etter Johannes?

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Er det nok at eit vitnemål er sannferdig eller må det meir til? 

Dei fire evangelia er eigentleg fire ulike vitnemål eller beskrivingar som fortel noko om kven Jesus frå Nasaret var, er og skal bli, og kva gjerningar han har gjort, og kva han vidare skal gjere. Ein alternativ tittel kunne difor ha vore «Jesu gjerningar». Forfattarens identitet er anonymisert, men tittelen Johannes evangeliet skulle indikere at ein av disiplane, som heitte Johannes, var forfattaren. Det er fedrane til den mykje seinare Den ortodokse kyrkje som har gjort denne identifikasjonen. Eg trur nok at mange kristne i dag finn det unødvendig å undersøke om dette stemmer, kanskje mest fordi dei trur at det kan skade kristendommens eige ry. Eg ser ikkje at denne argumentasjonen er noko vidare klokt ettersom stoltheit står for fall. Det er den audmjuke som finn nåde. Har ein gjort ein feil er det betre å vere audmjuk. For den stolte er det likevel eit svik når den audmjuke erkjenner synda si. Slik sett er det noko uforeineleg over desse to typane. Her oppmodar eg lesaren til å lese Salomos ordspråk, der desse to vert haldne opp mot kvarandre. Gud held si hand over den audmjuke, så her må kvar enkelt av oss ta eit valg. Kven si hand vil vi verta beskytta av? Guds eller menneskes? 

Eg vil her prøve å påvise at kyrkjefedranes identifikasjonen truleg er gjort med den intensjon å styrke vitnemålet med bruk av autoritære verkemiddel. Det litterære grepet har slik sett ikkje forfattaren skuld i. Det kan berre førast tilbake til kyrkjefedra som var redaktørane av bibeltekstane. Spørsmålet er berre om dei oppnådde det dei håpte på eller ikkje. Er eit vitnemål meir truverdig når det kjem frå ein av hovudpersonens næraste? Både ja og nei. Er det også meir truverdig om det kjem frå ein høgare opp i hierarkiet? Som ein av dei tolv. Det som iallfall kjem tydleg fram her er nettopp det at nokon har laga eit slikt skilje mellom dei som er høgt oppe, og dei som er lågt nede. Dette vitnar om ein organisasjon i utvikling, der ein ser hierarkiske tendensar utespele seg. Tanken eksisterte nok også på Jesu tid? Vi skal sjå at nettopp det kan vere tilfelle her.

   

Forfattaren identifisert i teksta

Men lat oss først sjå om forfattaren faktisk lar seg identifisere ut i frå teksta. I Joh 21:24-25 indikerer forfattaren både kven han er og kva motiv han har for å skrive det ned: "Det er den læresveinen som vitnar om dette og har skrive dette. Og vi veit at vitnemålet hans er sant. Men det er òg mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast ned, kvar ting for seg, då meiner eg at heile verda ikkje kunne røma alle dei bøkene som då laut skrivast". Hintet om seg sjølv gir han i vers 20, der det står: "Då Peter snudde seg, såg han at den læresveinen som Jesus elska, fylgde med, – han som låg opp mot bringa på Jesus då dei heldt nattverd, og sa: Herre, kven er det som svik deg?" Teksta viser altså til ei hending skildra i Joh. 13:23-25, der vi igjen ser at forfattaren framstår som anonym: "Ein av læresveinane, han som Jesus elska, sat til bords ved sida av Jesus. Simon Peter nikka då til han, at han skulle spørja Jesus kven han meinte. Han hallar seg då opp mot bringa på Jesus og seier til han: Herre, kven er det?" Spørsmålet vert då om vi nokon gong har fått vite kven det var av læresveinane som Jesus elska. Svaret er ja. Forfattaran gjer seg til kjenne i ei tidelegare fase i fortellinga, der det står (Joh. 11:1-3): "Det var ein mann som var sjuk, Lasarus frå Betania, byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i. Det var Maria som salva Herren med salve og tørka føtene hans med håret sitt. Det var bror hennar, Lasarus, som var sjuk. Systrene sende no bod til han og sa: Herre! sjå, han som du elskar, er sjuk." Slik veit vi altså at Lasarus var forfattaren. Dette er også styrka ytterlegare av den raude tråden som fyljer i alle dei tekstane vi her har halde fram, nemleg at Lasarus var alvorleg sjuk og at Jesus trøyster syskena hans med desse orda (Joh 11:4): "Denne sjukdomen fører ikkje til døden, men til ære for Gud, så Guds Son skal verta æra ved han." Når Lasarus så døyr kjem Jesus attende til Betania, der han nok eingong må trøyste syskena (Joh 11:23-26): "Bror din skal stå opp! Marta seier til han: Eg veit at han skal stå opp i oppstoda på den siste dagen. Jesus sa til henne: Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?" Så vekkjer Jesus opp att Lasarus frå dei døde. Likeins finn vi eit hint i det siste kapittelet, der Jesus fortel til Peter at han kjem til å verta arrestert og må bøta med livet. Peter spør då Jesus om kva som skal skje med forfattaren av Johannes evangeliet, han som vi no har sett var denne Lasarus som sto opp att frå dei døde. Jesus svarar då (Joh 21:22-23): "Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det? Fylg du meg! Difor kom det ordet ut mellom brørne: Denne læresveinen døyr ikkje! Men Jesus hadde ikkje sagt til han at han ikkje skulle døy. Men han sa: Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det?" Dei visste godt kva som skulle skje, at også dei skulle døy eingong. Spørsmålet var kva då med han som var reist opp frå dei døde. Skulle han døy eingong til eller skulle han leve for evig? 

Kor mange læresveinar var eigentleg samla til nattverden?

No vil vel kanskje nokon innvende at Lasarus ikkje var tilstade under nattverden. Det var vel berre Jesus saman med dei tolv? Dette har vi mange indikasjonar på at ikkje stemmer. I Apg. 1:15 står det at dei var så mange som 120 læresveinar. Dei var tolv som Jesus hadde valt ut på særleg vis, ein for kvar av dei tolv stammane i Israel. Det vart endå til valt ut ein til å ta over aposteltenesta til Judas, han som sveik Jesus og overgav han til fiendane. Eit av fleire eksempel på kven som var med når dei samla seg for å ete finn vi i Joh 12:1-2: "Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde. Der gjorde dei eit gjestebod for han. Marta stelte for dei, og Lasarus var ein av dei som sat til bords saman med han." Det var under dette måltidet at Maria salva Jesus med den kostelege Nardus-salva, den handlinga som utløyste den svikefulle ferda til Judas, då ho på denne måten hadde øydsla bort ei heil formue frå felleskassa som han hadde ansvar for. Då tok han til å forakte Maria. Endå meir då Jesus tok hennar side og unnskyldte ho fordi Jesus snart skulle døy og ho nettopp hadde salva lekamen hans. Men kva då med nattverden? Då var vel Lasarus i Betania og ikkje i Jerusalem saman med Jesus og dei tolv? Nei, alle jødar over heile verda samla seg i dei dagar i Jerusalem for å feire påske for Herren. Feira dei så kvar for seg eller saman? I Apg. 2:46 og 4:32-35 står det at dei eigde alt saman og at dei hadde selgt eigedomane sine. Judas anklaga også Maria fordi ho sløsa bort ei kostbar salve som dei kunne selgt. Pengane frå noko slikt skulle leggast i felleskassa. Vi kan også legge merke til at når det står at dei braut brødet i heimane, så er det ei svært tolkande omsetting av det greske uttrykket oikos, som kort og godt tyder bustad eller der dei heldt til.

Er det viktig for oss å vite om slikt? Det er iallfall ei vranglære som har sneket seg inn i forsamlingane som fylje av kyrkjefedra sitt val her. Dette med at ein av læresveinane skulle leve heilt til Jesus kom att, har virka til at nokre har lært at Jesus allereie har kome att

Denne sida vart laga i 2021; sist endra 21 januar 2025.
 

bottom of page