
Bibelleksikon​
VELKOMMEN TIL BIBELLEKSIKONET!
Kjelder i bruk:
Gilbrant, Studiebibelen.
A. de Mol, Interlinear Scripture Analyzer basic 2.1.5. http://www.scripture4all.org.
Douglas Harper, The Online Etymology Dictionary. http://www.etymonline.com.
Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.
Alle uttrykk/ord i bibelleksikonet (gr. ordsamlinga) har ei etymologisk utlegning fulgt av ei kontekstuell saksforklaring.
Brødsbryting
Omsetting av greske te klasei tou artou, å bryte det eine brødet, i tydinga nokon som deler brød saman og som et av eit felles matforråd.
​
Vi forstår uttrykket ut i frå konteksten i Apg. 2:42, der det står at læresveinane «heldt urikkande fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, ved brødsbrytinga og ved bønene». I v. 44-47 står det:
Alle dei truande heldt saman og hadde alt i lag. Dei tok til å selja eigneluter og eigedom, og delte ut til alle etter som kvar trong det. Kvar dag kom dei trufast og med éin hug saman i tempelet, og i heimane braut dei brødet, og dei heldt måltid med hugnad og hjartans einfald. Dei lova Gud og var vel omtykte av alt folket. Og kvar dag la Herren dei som let seg frelsa, til kyrkjelyden.
Det er svært vanleg å blande saman brødsbrytinga med nattverden, ettersom begge måltida har det til felles at det vert brutt brød og halde måltid i fellesskap. Vi kan merke oss at det står å bryte det eine brødet, i tydinga at dette var i eit fellesskap (gr. koinonia) der læresveinane eigde alt saman og åt av eit felles matforråd. Det var dette dei heldt fast på kvar dag (Apg. 2:42).
Vi kan dessutan merke oss at det ikkje er det greske ordet deipnon, altså høgtidsmåltid, som her er brukt, men det meir daglegdagse trophe, som tyder næring, altså det daglege brødet, i tråd med Matt. 6:11: «Gjev oss i dag vårt daglege brød». Herrens måltid derimot, nattverden, er fagleg sett* jødanes påskemåltid, eit festmåltid i høgtida. Elles kan vi merke oss at då Jesus braut brødet saman med læresveinane, så var det i hovudsak fordi dei hadde eit slikt fellesskap.
* I fylje Bibelen, ikkje nødvendigvis i kyrkjeteologisk forstand.
Det er dette gode fellesskapet vi seinare får vite at læresveinane byrja å ta lett på. I 1. Kor. 11:18-19 står det f.eks. at dei første kristne hadde delt seg inn i ulike parti (gr. hairesis, val), og at det var store gap (gr. schisma) i mellom kva dei enkelte var overtydde om. Vi ser eksempel på dette allereie i Apg. 5:1-14 og 6:1-7. Slik måtte det naturlegvis vere dersom det ekte partiet skulle verta openberra mellom dei. Og det er dette ekte partiet Paulus argumenterer kraftig for, og som mange til denne dag ikkje rettar seg etter. I 1. Kor. 12:12-30 skriver han om det åndelege, at det berre er ein Ande; og om lekamen der lemane har ulike oppgåver kvar for seg (Ef. 4:4-7), men at Kristus er hovudet for dei alle (Ef. 1:17-23). Ingen kan difor gjere ei gudsteneste utan at Anden driv ein til det. For det er ikkje slik at det er fritt fram for enkelte å opphøge seg til herre over dei truande, eller at den enkelte truande berre har seg sjølv å tenke på. For vi har berre ein Herre, og det er Jesus Kristus; og det er berre ein lekam der vi er kvarandres lemar. Det er den vi alle er døypt til, vår Herre Jesu Kristi lekam.
Paulus tok opp dette hos korintarane, fordi han hadde høyrt rykter om at då dei jødiske læresveinane, som budde i utlandet - kom til Jerusalem for å feire påske og ete Herrens måltid saman med Guds ekklesia - då hadde dei ete kvar for seg sjølv og det i rein sult. Dei hadde hive i seg maten utan tanke på om det vart noko igjen til dei andre. Dei hadde også med sin eigen mat, og hadde ikkje eingong kunne einast om innkjøpet. Dei hadde ete for matens skuld og slik sett hadde dei ete seg sjølv til doms (1. Kor. 11:20-22 og 27-34). Ordet for dom som her er brukt er greske krima, som tyder å verta lagt merke til av andre. For Guds ekklesia hadde lagt merke til denne ugjerninga. Det er tydleg at det her er tale om noko meir enn det rituale vi i dag kjenner som brødsbryting eller nattverd. Her er det tale om å ete påskelammet saman med alt tilbehør.
Det er kanskje ikkje så lett å få auge på det eller å akseptere denne sanninga. Men i 1. Kor. 11:20-34 står det indirekte at det måltidet dei åt var påskelammet og at dei som åt var jødar som var i Jerusalem for å feire påske. Dette var ei høgtid som berre gjaldt jødane og den kunne berre feirast i Jerusalem. Dermed er altså det Paulus her refererer til, noko som han må ha høyrt frå anten brør eller andre som var vitne til korleis dei oppførte seg under påskefeiringa i Jerusalem. Her kan vi merke oss at det ikkje gjeve noko påbod om å halde påske og altså nattverden til noko anna folkeslag enn jødane.
Elles skal vi merke oss at samhaldet er sjølve hovudtemaet i korintarbrevet. I 1. Kor. 1:12 står det at dei argumenterte slik seg i mellom: «Eg held meg til Paulus, eg til Apollos, eg til Kefas, eg til Kristus». Paulus irettesette dei difor og forklarte at desse på kvar sin måte var Kristi medarbeidarar, ettersom dei arbeida for ei felles sak. For det er slik at kvar enkelt talar «etter det mål av tru som Gud har mælt ut til kvar og ein» (Rom. 12:3). Paulus hadde fått mykje visdom og kunnskap av og om Gud, og dette kunne vere mykje å sette seg inn i for folk flest. Apollos var veltalande og sterk i skriftene. Han kjente til Herrens veg gjennom opplæring, og kjente ikkje til dåpen til Herrens Jesu Kristi namn. Sidan fekk også han opplæring av læresveinane til Paulus (Apg. 18:24-28). Kefas er den same som Peter, som skriver i 2. Pet. 3:15-16:
Såleis har òg vår kjære bror, Paulus, skrive til dykk, etter den visdomen han har fått. Det har han gjort i alle breva der han talar om dette. I dei er det noko som er vanskeleg å skjøna, og som dei ustøe og ulærde vrangtolkar, slik dei gjer med dei andre Skriftene òg, til sin eigen undergang.
Difor er det ingen orsaking. Paulus, Apollos og Peter er alle samde i at dei har fått forskjellig mål av den same visdomen, Guds visdom. Det største problemet var altså ikkje ulikskapen mellom desse tre. Det verkeleg store problemet var dei som kom og som lærte at dei andre folkeslaga også skulle halde Moselova til fulle, likeins jødane. Det er klart at nokre her var ustøe, som Peter skriver, og vantru. Dei ville prøve å halde seg til både Moselova og til nåden. Misforstå ikkje. For til jødane gav Herren nye påbod. Her må vi vere klar over at dei jødane som kom til tru framleis var omskorne på kjøtet. Det gjorde at dei på lovleg vis kunne forkynne blant dei omskorne, og at dei omskorne på lovleg vis kunne lytta til dei. Dette hadde ikkje latt seg gjera om dei var som uomskorne.
Vi skal også merke oss det Judas skriver om samhaldet i sitt brev. I v. 12 står det at nokre var «skamflekkar ved kjærleiksmåltida dykkar. Utan å ottast held dei gilde saman med dykk og fôrar seg sjølve». Her kan vi først og fremst legge merke til at dette slett ikkje er Guds ord, men ei vranglære som har sneket seg inn via ei omsetting. Ein meinte nemlig at greske agape - eit uttrykk der tydinga var lite kjent for folk flest, og som difor eigna seg til utviklinga av det kristenmystiske ritualet - sikta til nattverd eller til brødsbryting. Men som vi veit tyder agape eigentleg å føretrekke, å ha nokon eller noko kjær. I Jud. 12 står det difor slik i fylje grunnteksta:
houtoi (desse) eisin (dei er) en (i) tais (det) agapais (kjærlege) humon (dykkar) spilades (eit rev) suneuochoumenoi (det gode samhaldet) humin (med dykk) aphobos (utan å slå alarm, utan å verta engstelege) heautous (dei sjølv) poimainontes (vakter sauane).
Tydinga vert då at "desse er (liksom) skjær i det kjærlege og gode samhaldet dykkar. Dei er (liksom) hyrdar som ikkje slår alarm". Vi ser altså at uttrykket kjærleiksmåltid er konstruert og falskt. Når det står at desse er som skjær i sjøen, så tyder det at enkelte ikkje føretrakk eller var kjærlege mot dei andre i kristenflokken. Likeins at dei var hyrdar som ikkje slo alarm når fienden kom, som tyder på at dei var udugelege som hyrdar. Dei brydde seg ikkje, tok ikkje ansvar. Det står ingenting om å ete mat i det heile tatt. Vi veit at denne læra utvikla seg i etterapostolisk tid, av ei gruppe kristne som ikkje heldt fast på apostlanes lære.
Vel, no er det ingenting i vegen for at vi kan ha slike fellesskap som læresveinane hadde. Vi kan godt ha ei felles hushaldning. Dette har mange prøvd, med større og mindre hell. Men ein ting er sikkert: Vi kan ikkje halde fast på det vi ikkje har. Vi deler ikkje hushaldning med våre kristne sysken. Vi deler heller ikkje brødet i stykker, men skjærer det i skiver. Vi bruker ikkje brød til hovudmåltidet, til middagen vår. Vi brukar potet. Det finns unntak, men vi har ikkje for vane å gjere slikt. Brødbryting som rituale er difor eit mystisk rituale og ein del av den heidningkristne mystikken.
​
​
Bøn
Omsetting av greske aiteo, å be om, spørre om. Ennå sterkare er uttrykket Jesus sjølv brukar når han går i forbøn for oss. Greske erotao, forhøre, undersøke, altså grundig utspørring, forbøn. Erotao kjem truleg av ereo, ytre seg, ytre sine innerste ønsker, lengsler. Sjå også greske ereunao, å søke, søke etter eit svar på spørsmålet. Ereo igjen kjem truleg av greske rheo, det som strøymer fram, det som veller fram, i overført tyding ytringer frå djupet, sukk, bønner og begjæringer til Gud.
​​
Dette med bøn har ikkje berre med det religiøse å gjere. Ein har tildømes likninga om den urettferdige dommaren, om kvinna som banka på og bad from si bøn for dommaren på inntrengande vis. Sidan ho ikkje gav seg såg dommaren berre ei løysing. Ho fekk bønesvar. I det daglegdagse skjer det også slike ting. Her i huset fann eldstejenta ut at eg lettare føya meg etter yngstejenta sine bøner, og difor var det ofte den yngste som gjekk i forbøn for eldstejenta. Ho bad først om at dei vart einige om kva dei skulle be om, så kom yngstejenta til meg. Elles er vi ofte som born som ikkje alltid veit kva vi skal be om. Born ber ofte om det dei eigentleg ikkje treng, noko usunt, noko egoistisk. Det er foreldra som veit kva som er det beste for borna. Likevel må vi ikkje gløyme å lytte til deira behov, til deira ærlige bønner frå hjartets djup. Born kan også be innstendig om noko, ofte eit kjæledyr eller noko som er svært kostbart på leikebutikken. Enkelte foreldre vil då kunne gi etter. Men her vil den kloke tenke som så: Dersom dette var ei inderleg ærleg bøn frå hjartets djup, eit ekte behov som kunne ha ei djup innvirkning i barnet liv, då kunne ein lytte til det og gjere noko med det. Men i dei fleste tilfeller vil dette berre vere eit egoistisk behov, eit som kjem frå bornets sporadiske lyster og lidenskapar. Då er det uklokt å innfri ønsket.
​​
Vekkingspredikanten og bibelinstitutt grunnleggaren Dwight L Moody skriv i boka Prevailing Prayer, Seirende Bønn på norsk (Moody, Nilsen, Rex Forlag, s. 83): "Jeg hørte om en meget veltalende mann som bad høyt i et møte. Det var ikke en eneste bønn i hele bønnen! En fattig, oppriktig kvinne utbrøt: 'Be ham om noe, mann!' Hvor ofte hører vi ikke bønner, der det ikke bes om noe som helst! 'Be så skal dere få.'"
​​
"Be, så skal dere få. Let, så skal dere finne. Bank på, så skal det lukkes opp for dere." Logikken er at dersom vi ikkje ber om noko, då får vi heller ingenting. Dersom vi ikkje leiter, så finn vi heller ikkje det vi har mista. Likeins vil ingen late opp døra for oss, dersom vi ikkje bankar på. Eg trur frykta for svaret eller resultatet er det som hindrar oss. Anten er vi redde for å banke på, fordi vi er engstelege for å møte dei som er litt frammande for oss; eller så er vi redde for å verta skuffa om ingen opnar. Mange er også redde for å be om noko dei ikkje får, mens andre igjen ber om det som ikkje er relevant.
​​
I nøkkelversa om bøn i Joh. 14:12-18 konkluderer Jesus med at no når han skal verta teken bort, då skal dei ikkje verta etterlatne som foreldrelause born, altså som slike som vert frårøva sine foreldre, i dette tilfelle ved forfyljing til døden. Han vil framleis vere med dei i Anden, for det er hans Ande som han har gitt oss i gåve. Men det er klart at dei som ikkje tek imot Anden, dei er anten som foreldrelause born, overgjevne til skjebnen, eller så vert dei framleis drivne av vantruas ånd, den som er verksam i alle menneske på heile jorda. For anten lar ein seg fylle av vantruas ånd og lar seg drive rundt av den, eller så lar ein seg fylle av Den Heilage Ande og vert driven av den. Slik er vi anten born av vantrua eller Guds born. I Rom. 8:14 står det: "For så mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born." Her vil vel dei fleste stille seg det spørsmålet om dei har fått Den Heilage Andes gåve? Eller skal vi i det heile tatt få Den Heilage Ande? Det finns mange slags lærarar og kanskje har dei fleste av oss hatt dårlege lærarar på dette feltet. Ei vranglære er at dei som kjem til tru vert fødde på ny og då er vår ånd ein del av den nye skapninga. Desse er vantru og ånda deira er framleis vantruas ånd.
Korleis kan vi eigentleg vite kva som er rett og vrangt? Det er iallfall ikkje enkelt. Vi må først verta ein læresvein, ein disippel. Liksom det berre er ein far, altså Faderen (Far); så er det også berre ein læremeister, vår Herre Jesus Kristus. Vi kan vere lærarar, liksom meisteren vår, men ikkje meistarar sjølv. Det er nemleg ein vesensforskjell på oss og Gud. For Gud er ein dag liksom tusen år, og tusen år som ein dag. Vi lever berre knappe 100 år og det vi rekker å lære er minimalt. For å verta rekna som Guds born må difor verta forma av Guds Ande. Anten vi er gutt eller jente må vi altså begge verta forma av husfarens ånd. Dette er rett. Underforstått, anten vi er gutt eller jente må også verta forma av husmoras ånd. Her er det ikkje forskjell. Så lenge vi lever vil vi vere forma av våre foreldres ånd. I Kristus er det Kristus som her husfaren, difor kalla disiplane han for Herre, fordi i Guds bilete er det husfar, altså mannen som er hovudet og ikkje kvinna. Menigheita er kvinna her. Er kvinna underordna mannen, då lærer borna, anten dei er gutt eller jente, at kvinna samspelar med sin mann for å oppnå sine felles mål. Ofte ser vi det motsette utspele seg og det er også eit førebilete på den typiske situasjonen i dei kristne forsamlingane. Vi er ikkje fylt av husfarens Ande og vi lar oss drive bort frå Gud ved vantruas ånd som er verksam i oss, vi som framleis er av den gamle skapinga. Difor må vi lære oss å leve rett for vår Gud, vår Herre. Vi kan ikkje be om teikn, under og mirakler, og samtidig ville styre sjølv. Det er som ei dåraktig kvinne som vil dra sin mann dit ho vil, fordi ho treng hans hjelp til å dekke sine behov. Men Herren er ingen dåraktig mann som lar seg styre etter bornas egoistiske behov. På liknande vis er det med læresveinane. Han skal jo gå i lære for å lære og gjere dei same gjerningane som sin lærmeistar. Den dåraktige lærlingen tar seg ofte til rette og vil snarast moleg bli liksom sin meister, slik at han kan bestemme sjølv. Hans bøner til sin meister vil berre at dette behovet, begjæret, skal bli dekt. Men sjølvsagt er det ikkje slik det fungerer. Skal vi gjere Guds gjerninger, så må vi la oss fylle av Guds Ande slik at vi vert driven av den same Anden som Gud og ikkje vår eiga ånd, som er usikker på desse sakene.
​​
I nøkkelversa i Joh. 14:12-18 står det slik:
​​​
Vers 12: Sanneleg, sanneleg seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal òg gjera dei gjerningane eg gjer. Og han skal gjera større gjerningar enn desse, for eg går til Far min.
​
Vers 13-14: Og kva de så bed om i mitt namn, det skal eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord i Sonen. Dersom de bed meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det! Dersom de elskar meg, då held de boda mine.
​​
Vers 15-18: Og eg vil be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann, så han skal vera hjå dykk til evig tid, Sanningsanden, som verda ikkje kan få, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. De kjenner han, for han vert verande hjå dykk og skal vera i dykk. Eg skal ikkje lata dykk att farlause, eg kjem til dykk.
​
Vi ser altså ein tydeleg logikk i dette. Læra om den treeinige Gud er eigentleg svært enkel å forstå, men mange teologar (ekspertar på Guds ord, skriftlærde) synes det er best at det forblir mystisk. Dei talar ikkje ved den same Anden som Jesus her. Dei talar ut i frå si eiga vantru ånd. Men Gud vil at vi skal ha tru; ikkje oppblåste eller skråsikre på at vi har rett, og dermed oppføre oss som dårar. Eg siktar ikkje akkurat til teologane her, men til det at vi heller skal vera overtydde om det vi les i staden for å drive med mystisisme, altså halde ting skjult for kvarandre for eiga vinnings skuld. Det kan hende det er lønsamt for egoet, ein kan kanskje tene penger på dette, men i det lange løp vil ein berre hauste ei frukt av ei slik handling. Nemleg dårskap, og ein går glipp av frukta av kunnskapen sin. I Hebr. 1 står det at Sonen er avglansen, herlegdomen til Faderen. Gud er usynleg og openberrar seg ved det synlege. Korleis ser Gud ut? Kvar er biletet av Gud? I 1. Mos. 3 får vi sjå korleis Gud skapte mennesket i sitt bilete, i si likning. Kvifor gjorde han det? Fordi Gud sjølv er usynlig. For å vise for menneska korleis han sjølv ser ut skapte han mennesket. Først forma han ein lekam av den våre leireaktige jorda; deretter blåste han sin pust, sin Ande, inn i nasen på lekamen og då vart mennesket til ei levande sjel. Kan du peike på sjela di og seie ser du sjela mi? Nei, men du kan peike på deg sjølv og seie: "Ser du ikkje at det er meg?" Eller du kan blåse på nokon og seie: "Kjente du ånda mi?" Men korleis uttrykker sjela seg? Ja, ta bort ånda så døyr lekamen, og kvar vart det då av sjela? Nei, sjela er ikkje utan lekamen og ånda. Ånda er jo, den går jo berre tilbake ut i atmosfæra. Lekamen blir til støv og jord igjen. Det er då at sorga kjem blant dei som er tilbake. Dei gret fordi sjela deira ikkje lenger er der og uttrykker seg. Slik er det altså med Gud. Læresveinen Filip spurte difor Jesus: Vis oss Faderen. Dette spurte han om fordi Jesus sa at han ville gå til Faderen. Då sa Jesus: Filip, ser du ikkje meg? Faderen er i meg. Det er han som talar til deg. Du høyrer Guds ord fordi dei veller fram i frå meg. Faderen og eg er eit. Jesus skulle døy. Han var blitt skapt til eit menneske fordi han skulle dø liksom vi skal dø. Men sidan skulle han reisast opp frå dei døde og bli ein ny stamfar, eit nytt menneske, ein siste Adam. Difor er ikkje Gud dø. Han er levande. Difor det vi ber om å få i Jesu namn, den bøna vil nå både Faderen og Sonen, og dei skal få det dei ber om. Kva er så våre bøneemne? Er vi dårar som berre ber om å få noko ut i frå vår eigen vilje, for å dekke behova til våre lyster og lidenskapar? Eller ber i om å få etter Guds vilje, slik at Gud vert æra ved det vi ber om og får? Ber vi inspirert av vantruas ånd, så kan vi ikkje forvente noko av Gud. Men dersom vi ber inspirert av Den Heilage Ande då kan vi forvente store ting av Gud; teikn, under og mirakler. Ein dag skal det skje at bøna om å flytte fjell skal verta bønhøyrt. For i enden, når Antikrist skal flaume over Israels land og søke å utrydde dette folket, då skal Gud skjule dette folket ved å endre på fjellformasjonane. Tilbake står berre nokre forvirra forfyljarar. Dette står det om i profeten Sakarjas bok.
​
​Denne sida vart laga i 2016; sist endra 10 mars 2025.
​​​
​​
​​
​​
​​​