top of page

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Skapt i Guds bilete

1. Mos. 1-5

Etter at Gud hadde latt heile himmelen og jorda verta fullført, skal Han i fylje 1. Mos. 1:26 ha sagt: «Lat oss gjera menneske i vårt bilete, i likning med oss». I v. 27 står det at Gud skapte mennesket i sitt bilete. Kva tyder så dette?

​

Det første vi kan merke oss er ordet for Gud, slik vi finn det i grunnteksta. Det står elohim, som ein skulle tru var fleirtalsforma gudar. Endinga -im markerer nemleg eit substantiv i fleirtal og i hannkjønnsform. Men alle dei gongane elohim er omsett med Gud (eintal), så er det på grunn av orda som står framfor elohim, ulike verb i eintal og hannkjønnsform. Elles forstår linguistar fleirtalsforma elohim som eit uttrykk for at han er Gud i den fulle tydinga av ordet. Vi lærer nemleg Gud å kjenne som ein treeinig Gud. Vi kan merke oss at Elohim har same rot som det hebraiske el eller ayil, som tyder styrke. Slik sett tyder Elohim, Den sterke. [For vidare studie sjå her: www.hebrew-streams.org].

​

I den greske omsettinga Septuaginta (LXX), er eintalsforma theos, Gud, brukt. Theos tyder eigentleg den åndande, som også gir oss eit hint om kva fleirtalsforma elohim siktar til, ettersom uttrykket den åndande har sitt samsvar med vårt uttrykk sjel. På norsk maktar ein ikkje å gjenspeile verken det hebraiske eller det greske ordet for sjel. Greske psyke tyder til dømes den pustande. Vårt oldgermanske uttrykk gud gjenspeiler heller ikkje greske theos. Gud tyder det som vert påkalla, altså det som er i den åndelege verda, det som er ånd og som er verksamt på åndeleg vis.

​

Når det står at mennesket vart forma i Guds bilete, då er det mennesket som liknar på Gud og ikkje omvendt (1. Mos. 1:27). Vi kan merke oss at når det står at ingen har sett Gud (1. Joh 4:12), så viser det til 2. Mos. 33:20, der Gud seier til Moses: «Du kan ikkje sjå mitt åsyn, for ikkje noko menneske kan sjå meg og leva». Likevel viste Gud seg for Moses, ja, ikkje berre for han, men også for Aron, Nadab, Abihu og sytti av dei eldste i Israel. «Og dei såg Israels Gud» (2. Mos. 24:10). Dei fekk ikkje sjå Gud ansikt til ansikt, men dei fekk sjå herlegdomen hans, utstrålinga hans. For Gud er berre synleg ved sin herlegdom (Hebr. 1).

​

I 1. Mos. 2:7 står det: «Gud Herren forma mennesket av mold frå jorda, og bles livsande inn i nasen hans, og mennesket vart til ei levande sjel». Vi skal merke oss at det i grunnteksta står Jehova Elohim. Jehova vert ofte omsett med Herren, men tyder eigentleg EG ER (sjå 2. Mos. 3:13-15), altså tyder Jehova Elohim EG ER DEN STERKE. Det er interessant fordi profetane brukte nettopp dette namnet når dei tala på Guds vegne. For dei byrja alltid med å understreke at det ikkje var dei som tala, men Gud. Når Jesus sto fram, tala han derimot utan å seie kven han profeterte for, og tala i EG ER form utan å spesifisere at det var Gud som tala. Dette la dei skriftlærde merke til. Dei meinte at han på den måten opphøgde seg til Gud. Men det viste berre at dei hadde forkasta den måten Gud hadde openberra seg på.

​

I Matt. 3:16-17 står det at himmelen opna seg over Johannes, som vart kalla både profeten og døyparen, der han døypte folket ved Jordanelva. Dette viser klart og tydleg at folket oppfatta han som ein profet, slik vi les om i det gamle testamentet. Vi kan også merke oss at han hadde eit syn, liksom Stefanus i Apg. 7:55-56. Han såg at Guds Ande kom ned frå himmelen og kvilte over Jesus. Deretter høyrte han ei røyst frå himmelen som sa: «Dette er Son min, som eg elskar! Han som eg har hugnad i» (v. 17). No var det Gud som tala, og han sikta til det som står i Matt. 1:16-25, om at Jesus var avla fram av Gud. Ikkje ved forgjengeleg sæd, men ved uforgjengeleg sæd, «ved Guds ord, som lever og vert verande» (1. Pet. 1:23). Dette kan vi merke oss. For det indikerer at Jesus var til før han vart fødd. I Joh. 1:14 står det: «Og Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss, og vi såg herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå Far sin». Likeins i Joh. 3:16, at han er Guds einborne (gr. monogenes) Son, den einaste Gud har avla fram. I Joh. 1:3 står det om Ordet at alt «vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av alt som har vorte til». Jesus var altså til før Adam. Det er difor ikkje Kristus som liknar på Adam, men Adam som liknar på Kristus. I Hebr. 1:3 står det om Jesus Kristus: «Han er avglansen av Guds herlegdom og biletet av hans vesen». Det var med andre ord Gud som hadde openberra seg i kjøt. I 1. Tim. 3:16 står det difor om Kristus at «denne løyndomen i gudsfrykta er stor: Gud openberra i kjøt, rettferdiggjord i ånd, sett av englar, forkynt for folkeslaga, trudd i verda, oppteken i herlegdom». Og i Joh. 14:7-10 står det:

​

Hadde de kjent meg, så hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han. Filip seier til han: Herre, vis oss Faderen, så er det nok for oss! Jesus seier til han: Så lang ei tid har eg vore hjå dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Vis oss Faderen? Trur du ikkje at eg er i Faderen, og Faderen i meg? Dei orda eg talar til dykk, talar eg ikkje av meg sjølv, men Faderen, som bur i meg, han gjer sine gjerningar.

​

Adam vart skapt i Guds bilete, i eit bilete som allereie eksisterte før han var til. Adam er difor eit bilete av Gud (hebr. Elohim), med alt som det innebærer. I 2. Mos. 20:4 står det: «Du skal ikkje laga deg noko utskorne bilete eller noko slag bilete av det som er oppe i himmelen, eller av det som er nede på jorda, eller av det som er i vatnet under jorda». Altså ingen bilete, anten det no er fotografi, maleri, teikningar, statuer osv. I 2. Mos. 20:5 står det også: «Du skal ikkje tilbe dei og ikkje tena dei». I grunnteksta står det eigentleg ikkje å tilbe, men shachah, å audmjuka seg, bøye seg, vere bedrøva for eit biletes skuld. Det var avgudsdyrking. Det var slik den hadde starta. Det vart laga eit bilete til minne om nokon ein hadde kjær som hadde gått bort. Det står også `abad, å arbeide for, å tena eit bilete, i form av å tenne lys, brenne røykelse, forgylle, pynte på eller på nokon måte å ære det. Dette er sjølve avgudsdyrkinga, i både gamaltestamentleg og nytestamentleg forstand. Det er heller ikkje rett å dyrke eit levande bilete av Gud, eit menneske skapt i Guds likning. Bileta av Jesus er noko som høyrer avgudsdyrkinga til. Det er heller ikkje eit bilete av Jesus, men ein illustrasjon inspirert av eit gamalt apokryfisk skrift. Det er kanskje ikkje så lett å sjå, fordi det ofte vert skjult for den enkelte, men den ortodokse og den katolske kyrkja har ein nesten 2000 år lang kristen tradisjon med avgudsdyrking. Luther sjølv var ein del av dette. I reformasjonen prøvde dei å avvikle avdyrkinga, men ein greidde ikkje å endre på det i si tid. Det siste avgudsbiletet vart fjerna på 1800 talet frå ei kyrkje i Norge. Dei bileta som heng i våre moderne kyrkjer og bedehus er ein slags påminning om det som har vore. For spør du nokon om kven det er bileta av, svarar alle at dette er Jesus, Peter, Paulus osv. No er kanskje ikkje dette avgudsdyrking, men det burde minne oss på at kyrkja i 1500 år dreiv aktivt med slikt, altså heilt i opposisjon med Bibelens ord. I 1. Kor. 12:2 står det: «De veit at då de var heidningar, vart de dregne og rivne med til dei umælande avgudane». Eigentleg står det: «De ser at de brukte å stå framfor dei stemmelause bileta, som leia dykk vill». For Paulus gjer ingen forskjell på kva som er avgudsbilete av gamle gudar og menneske, og kva som er avgudsbilete av nye gudar og menneske. Her må vi altså ikkje skikka oss lik denne verda, som gir menneske ære og ikkje Gud. For det er Gud, han som vi ikkje ser som har skapt oss og som har gitt oss livet, med alt som det innebærer. Lat oss difor audmjuke oss for han som vi ikkje ser og tene han med heile vårt hjarte. Så for at den uvitande også skal vite korleis dette heng saman. Vi er ikkje under Moselova. Vi har lov til alt, men ikkje alt gangnar. Vi har lov til alt, men vi skal ikkje la noko få makt over oss. Så døm ikkje dei som driv slikt, og om slikt har fått makt over ein, må ein halde fram eller slutte med det alt etter sitt eige samvit. Gud er nådig med alle menneske, fordi vi kontinuerlig er syndarar til den dag vi skal verta omskapte og fødast på nytt.

​

Lat oss halde fram i det sporet vi var i først. For i 1. Mos. 2:7 står det vidare: «Gud Herren forma mennesket av mold frå jorda, og bles livsande inn i nasen hans, og mennesket vart til ei levande sjel». Her skal vi merke oss at Gud på førehand hadde sagt at han hadde skapt mennesket i sitt bilete, i tydinga at Gud hadde bygd mennesket på ein slik måte at det likner på Gud slik han er. Men vi kan ikkje av den grunn seie at Gud på nokon måte er skapt, bygd eller forma. Det Gud forma var ein lekam, ein kropp forma av jorda, komponert av jord og vatn. Difor vert menneske kalla adam, som tyder den raude. Dette kjem av at den leireaktige jorda som mennesket vart forma av blir raud når ho er våt. Det er lekamen som gjer at vi kan bli sett, og at vi kan sjå, tenke, føle, tale, uttrykke oss, smake på, røre oss, gjere noko osv. Alt dette er mogleg fordi Gud gjorde mennesket til ei levande sjel. Vi skal merke oss at Gud ikkje blåste (hebr. naphach) sin ruwach, Ande, altså sin eigen Ande inn i Adams nase. Men det står nshamah, ein kort pust, i tydinga luft. Adam vart deretter ei levande sjel, i tydinga at han levde og pusta på eiga hand. Det greske ordet for sjel, psyke, tyder den pustande. Han som skapte oss vert på gresk kalla theos, den andande. I 1. Kor. 15:45 står det difor: «Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart til ei ånd som gir liv». Adam var avhengig av luft, og fekk han ikkje luft då døydde han. Difor var han forgjengeleg, døyeleg, allereie frå den dagen han vart skapt. Men Kristus var frå evig av ei ånd som ikkje kunne døy. Han var og er ei ånd som kan gi liv til døde, lik sin Far, vår Gud og Skapar. Men det står at han vart ikledd kjøt, i tydinga at han vart ein lekam som var døyeleg, i likskap med oss menneska. Då skal vi hugse at mennesket vart skapt i Guds likning. I og med at han sjølv ikkje kunne døy, så veit vi at han oppgav ånda si, livspusten sin, frivillig, av eiga fri vilje. For han kunne nok ha styrt saman med Satan over heile den forgjengelege verda, i kjøtet. Men ei slik vond lyst fannst ikkje i Kristus. Han valgte heller å døy for vår skuld, fordi vi var døyelege, slik at også det Gud hadde skapt, kunne verta frelst ved Kristus Jesus. I 1. Tess. 5:23 står det:

​

Må så han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom, og gjev at dykkar ånd, sjel og lekam må haldast fullkomne, ulastande ved vår Herre Jesu Kristi kome.

​

Fullkomne er ei omsetting av greske holokleros, som tyder å vere heil i kvar del, i ånd, sjel og lekam. Om vi trur at Gud dermed skal bevare oss slik vi er no, då dårar vi oss sjølv. Vi skal ikkje leve verken ved luft eller ved blod, men ved Guds Ande. For den siste Adam vart til pneuma (gr.), til ruwach (hebr.). Han vart altså ei heilt ny skaping. Ikkje ein som aldri før hadde eksistert, men ei fornya skaping.

​

I 1. Mos. 9:4 står det om «kjøt som har sjela, det vil seia blodet, i seg», og likeins i 3. Mos. 17:14: «For blodet er sjela i alt kjøt, fordi sjela er i det». Det tyder at lekamen ikkje berre pustar med lungene, men at heile lekamen av kjøt og bein pustar gjennom blodet, fordi blodet fører oksygen ut til alle lemmane på kroppen. Det er dette Paulus brukar som eit bilete når han skriver om den siste Adam og dei truande som utgjer ein lekam saman, «fylt av han som fyller alt i alle» (Ef. 1:23). For det er ikkje i Adam at vi har håpet om det evige livet, men i Kristus. Det nye mennesket er altså ikkje fylt av luft, men av Guds Ande. Det er heller ikkje ein naturleg lekam av kjøt og blod. I 1. Kor. 5:16 står det: «Og har vi kjent Kristus etter kjøtet, så kjenner vi han no ikkje lenger slik». I v. 17 står det at Kristus er «ein ny skapning». I 1. Kor. 15:44 står det at han har ein himmelsk og «åndeleg lekam». Vi kan legge merke til at det står slik om den første Adam i 1. Mos. 5:1-3, at han fekk «ein son som likna han som hans eige bilete» (v. 3). I Rom. 8:29 står det difor om «å verta likedanna med biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange brør». Den gamle skapninga, det gamle biletet av Gud, det gamle mennesket, den jordiske Adam, har altså vorte utdatert. Det vert ikkje lenger rekna for noko. I 2. Kor. 4:16-18 står det:

​

Difor mistar vi ikkje motet. Og endå om vårt ytre menneske går til grunne, så vert det indre fornya dag for dag. For trengsla vår er stutt og lett, og for oss verkar ho ein fullnad av herlegdom i overmål på overmål. Vi har ikkje det synlege for auga, men det usynlege. For det synlege varer så stutt ei tid, men det usynlege er evig.

​

Mange vil ofte tolke det å bli fødd på ny til det vi er no. Dei seier at "vår ånd er fødd på ny". Men dei misforstår. Det ordet som føder oss på ny er allereie planta i oss. I 2. Kor. 3:18 står det:

​

Men vi som med udekt andlet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omskapte til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom, liksom ved Herrens Ande.

​

Difor er Kristus, den siste Adam, ein ny stamfar, ein som mange skal verta lik. Om dei som skal verta fødde på ny står det difor: «Heller ikkje kan dei døy meir, for dei er lik englane. Dei er Guds born, av di dei er born av oppstoda» (Luk. 20:36). Vi skal merke oss at også englane vert kalla «Guds søner» (Job. 1:6). For englane er våre medtenarar og våre brør, og dei er eldre enn oss, utsendt for å hjelpe sine yngre brør i å lære Gud å kjenne og til å tene han.

​

Mens vi no lever i biletet av den første Adam, og ved tru reknar oss med til Kristi død, då skal vi også no leve ved tru. Vi må altså vere overtydde om det vi leser om i Bibelen, så vi ikkje på nokon måte lar oss dåre av djevelen. I Rom. 12:1 står det:

​

Eg formanar dykk altså, brør, ved Guds miskunn, at de byd fram lekamane dykkar som eit levande og heilagt offer til Guds hugnad. Dette er dykkar åndelege gudsteneste.

 

Brør er ei omsetting av greske adephos, altså ein nær slektning. Ein annan måte å seie det på er søner, altså i tydinga at vi alle har ein felles far. Spørsmålet er om dette berre gjeld prestar som tenar i eit jordisk tempel? Her er svaret nei! Andre svarar her ja, men dei har også ei anna lære enn den vi finn i Bibelen. Tabernaklet og tempelet i Israel var berre førebilete på det som skulle kome. Det er ikkje slik å forstå at Israel og jødane har svikta og at tempeltenesta difor har gått over til dei andre folkeslaga. Men det har skjedd noko nytt som vi må ta stilling til. For Gud og vår Herre Jesus Kristus er i dag verksam ved Den Heilage Ande, og ei ånd bur ikkje i hus bygd av menneskehender, men i kvar den som får del i Anden. Difor står det i Rom. 8:10: «Dersom Kristus bur i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er liv på grunn av rettferd». Her skal vi merke oss ein feil i omsettinga, for ånda skal her skrivast med stor Å eller A, som i Anden. Kvifor er det slik? Fordi at Gud skal få ære for alle ting, og ikkje menneske.  

​

Denne sida vart laga i 2016; sist endra 31 desember 2023.

bottom of page