top of page

JAKOBS BREV

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

​

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Brevet opnar slik (Jak. 1:1): "Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, helsar dei tolv ættene som er spreidde omkring i landa." I Apg. 15:20 tek ein Jakob, som er blant dei leiande kristne i Jerusalem, til orde for å sende eit brev til heidningane ute i den store verda. Denne Jakob veljar å sende brevet til heidningane saman med Barnabas og Paulus, men ikkje utan vitne frå deira eigne, Judas og Silas (Apg. 15:22-35). I Paulus' brev til galatarane blir denne Jakob halvvegs identifisert som «Jakob, Herrens bror», dvs. Jesu bror (Gal. 1:19). Han vert også halden for å vere ei av «støttene» i Guds hus, saman med Kefas (Simon Peter) og Johannes. Ein symbolsk måte å seie at han var ein av dei første som byrja å fylje Jesus, av dei første og næraste av læresveinane. Om forfattaren av Jakobs brev verkeleg var denne Jesu bror er forskarane noko i tvil om. På litterært kritisk grunnlag meiner dei at Jakob skil seg frå læra til Paulus, når han hevdar at «Såleis er det med trua òg. Dersom ho ikkje har gjerningar, er ho død i seg sjølv» (Jak. 2:17). For Paulus lærte at «For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåve. Det er ikkje av gjerningar, så ingen skal rosa seg» (Ef. 2:8-9). Forskarane er einige i at Paulus’ brev vart samla og lest på 100-talet, som indikerer at breva hans allereie hadde sirkulært ei tid. Dermed kan det tyde på at denne Jakob kan ha skreve brevet på 100-talet, altså lenge etter at Jakob, Jesu bror, eller ein av dei andre med namnet Jakob, var død. Her ser vi likevel ei typisk feiltolking av læra til desse to apostlane, ettersom dei skriv om to forskjellige ting.

 

Vi skal ikkje her ta for oss læra til Paulus, som i all hovudsak forkynte evangeliet om den nye skapningen Jesus Kristus. For vi alle er del av den gamle skapningen. Også Jesus fornedra seg til å ikle seg den gamle skapningens lekam. Dette for å gjere seg lik med oss i dette at vi må døy, fordi dei to første menneska åt av kunnskapens tre og fekk innsikt i både godt og vondt. Fordi dei gjorde dette måtte Gud vise dei ut av Edens hage der han hadde planta treet med evig liv. Då vart dei ikkje lik Gud og englane, altså uforgjengelege, men dei vart forgjengelege og måtte døy. For rettferds skuld kunne ikkje Gud reise dei oppatt frå dei døde, fordi dei då likevel var forgjengelege. Gud måtte difor skape eit nytt menneske, eit som alle kunne slekte på og verta lik. Paulus talar difor om ei tru som reknar seg med til Jesu Kristi død og oppstode, for at vi, så mange som trur, kan verta oppreist frå dei døde på den dagen Gud har avsett til dette. Her kan vi ikkje gjere noko frå eller til for å fortene frelse, for all vår synd vert berre tilgjeve etter at vi er døde. Ingen av oss fortener å verte oppreist frå dei døde. Difor er dei som vert reist opp igjen frå dei døde ei ny skapning, vi skal ikkje lenger vere fylt av vår eiga ånd, som berre er ein pust. Vi skal då verte fylde med Guds Ande, Kristi Ande, Den Heilage Ande.

 

Jakob talar ikkje om denne sida av trua, dvs. overtydinga (bm. overbevisningen). Jakob talar om den praktiske delen av trua vår og ikkje den teoretiske. Det er overtydinga om desse tinga i møte med «mange slag prøvingar» (Jak. 1:2). Når overtydinga vår vert prøva (gr. peirasmois), gjer det oss meir tolmodig. Vi vil lære oss å tole meir prøving. Men mange kristne er redde for å verta prøvd i trua si. Dei er livredde for at nokre skal stille kritiske spørsmål som kan få dei til å vakle i trua. Til dette svarar Jakob at «om einkvan av dykk vantar visdom, då må han be til Gud – for Gud gjev til alle, villig og utan vondord – og så skal han få» (Jak. 1:5). Kvifor er det viktig at vi utviklar oss? Kvifor kan vi ikkje berre vere uviselege og tåpelege? Eller trur vi at dersom vi ikkje treng å be Gud om visdom, at vi då kan rekne oss for å vere viselege og forstandige? At vi då kan vere «fullkomne og heile, og ikkje liggja etter i noko» (Jak 1:4)? Det er klart at det ikkje er slik. Alle kristne vil før eller seinare verte utsett for prøvingar og då må også dei be Gud om visdom. «Eg forstår ikkje dette her. Dersom du ikkje viser meg det, då er eg redd eg mister trua mi!» Tru då at Gud vil gje deg visdom. Jakob åtvarar då: «Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei havbåre som vert driven av vinden og kasta ikring. Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren, slik ein tvihuga mann, ustø på alle sine vegar» (Jak. 1:6-8).

Er det Gud som freistar (gr. peirasmois) oss? Testar oss om vi verdige? Gode nok? Nei, det er ikkje Gud som freistar oss, men «kvar den som vert freista, vert dregen og lokka av si eiga lyst» (Jak. 1:14). «Er det verkeleg sant det Gud har sagt?» «Har Gud verkeleg tilgjeve synda til desse som eg hatar?» «Kvifor gjev Gud alltid noko godt til andre enn meg?» «Synes du Gud er god når han tillèt så mykje vondt?» Mange kristne er redde for desse spørsmåla. Dei er redde for å verta dåra som Eva var i hagen. Sanneleg er vi då også lik ho. Kvinna er ei bilete på kyrkjelyden (forsamlinga). Vil vi gjere som ho og la oss freiste til å verte Gud lik? Eller vil vi spørje Kristus, vår ektemake, om råd? I alt bør vi legge det over på Herren og vere glade for å ha bestått prøva saman med han. For Gud veit råd. La oss gjere som Jakob rår oss til (Jak. 1:17-21):

 

All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far.

Hjå han er inga forandring eller skiftande skugge.

Etter sin vilje har han født oss ved sannings ord,

for at vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.

Det skal de vita, mine kjære brør:

Kvart menneske skal vera snar til å høyra, sein til å tala, sein til vreide!

For manns vreide verkar ikkje det som er rett for Gud.

Legg difor av all ureinskap og kvar ein rest av vondskap,

og tak audmjukt imot Ordet som er innplanta i dykk,

og som har makt til å frelsa sjelene dykkar.

 

 

La oss vere slike «som gjer etter Ordet og ikkje berre høyrer det, elles vil de dåra dykk sjølve» (Jak. 1:22). Så byrjar Jakob å legge ut kva han meiner med dette. For den «som meiner at han dyrkar Gud, og ikkje tøymer tunga si, men dårar sitt eige hjarta, hans gudsdyrking er til fånytte. Ei rein og usmitta gudsdyrking for Gud og Faderen er dette: å sjå til farlause og enkjer i deira naud, og å halda seg flekka av verda» (Jak. 1:26-27). Skal vi berre akte på det som er stort i menneska sine auge og forakte det som er lite? Då er vår gudsdyrking forgjeves. Så kjem denne underlege læra til Jakob, den som enkelte tenker ikkje stemmer overeins med Paulus’ ord (Jak. 2:8-14):

 

Men dersom de oppfyller den kongelege lova etter Skrifta:

Du skal elska nesten din som deg sjølv! – då gjer de vel.

Men dersom de gjer skil på folk, då gjer de synd,

og lova klagar dykk som lovbrytarar.

For den som held heile lova, men snåvar i eitt bod,

han har vorte skuldig i dei alle.

For han som sa: Du skal ikkje driva hor!

– han sa òg: Du skal ikkje slå i hel!

Dersom du då ikkje driv hor, men slår i hel, då har du vorte ein lovbrytar.

Tal slik og gjer slik som dei som skal dømast etter fridomens lov.

For domen skal vera utan miskunn mot dei som ikkje har synt miskunn.

Men miskunn rosar seg mot domen.

Mine brør! Kva gagnar det om nokon seier han har tru,

når han ikkje har gjerningar?

Kan vel trua frelsa han?

 

 

Men det er ikkje slik. Så kjem ei likning (Jak. 2:15-18): «Dersom ein bror eller ei syster ikkje har klede, og manglar mat for dagen, og ein av dykk seier til dei: Gå bort i fred, varm dykk og et dykk mette! – men ikkje gjev dei det lekamen treng, kva gagnar då det? Såleis er det med trua òg. Dersom ho ikkje har gjerningar, er ho død i seg sjølv». Difor treng vi at trua vår vert prøvd. Vi treng Gud i det reint praktiske truslivet vårt. Tru er både eit teoretisk emne, men også eit praktisk. «For liksom lekamen er død utan ånd, såleis er trua òg død utan gjerningar» (Jak. 2:26). Før eller seinare blir vi prøvd, men ver då ein av dei som består testen. Ingen av kan gjere seg fortent til frelsa. Vi vert ikkje bedømt på menneskeleg vis. Korleis vi lykkast? Om vi er rik eller fattig? Om vi har tråkka over i hor eller mord? For vi veit at dei leiande i Jerusalem, rettferdige etter lova, dømde dei som vart grepen i hor. Sjølv myrda dei sine meiningsfeller og sto skuldige ovanfor Gud for drap. Men det rettferdiggjorde dei ovanfor seg sjølv. Døm ikkje, for då skal du sjølv verte dømd. Desto hardare du dømer andre, desto hardare skal du sjølv dømast.  

​

Denne sida vart laga i 2023; sist endra 25 oktober 2023.

bottom of page