top of page

JESU ENDETIDSTALE
(Matt. 24-25,  Mark. 13 og Luk. 21)
 

Ercole_de_Roberti_Destruction_of_Jerusal

Foto: David Roberts. Slaget om og øydelegginga av Jerusalem ved romarane under Titus' leiing, i år 70 e.Kr.

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

​

Det er fleire ulike syn på dette med endetida. Dei fleste av oss, uavhengig av læresyn, er likevel til ein viss grad samde i at den tida vi lever i er ei misjonstid der evangeliet skal forkynnast for alle folkeslag.

​

 

Han som var og som er og som skal koma igjen

I Jesu endetidstale talar Jesus fylt av Guds Ande. Profetorda hans er drivne fram av Den Heilage Ande. Likevel er det ikkje med Jesus som med profetane. I Hebr. 1:1-3 står det: 

​

Etter at Gud i fordoms tid mange gonger og på mange måtar hadde tala til fedrane gjennom profetane, har han no i desse siste dagar tala til oss gjennom Sonen. Han har han sett som arving til alle ting. Ved han har han òg skapt verda. Han er avglansen av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han held alle ting oppe ved sitt mektige ord. Etter at han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgra handa åt Majesteten i det høge.

​

I Joh. 1:1-4 samt v. 14 står det slik: 

​

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av alt som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset åt menneska.

 

Og Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss, og vi såg herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå Far sin, full av nåde og sanning. 

​

Her skal vi merke oss det som står om at læresveinane «såg herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå Far sin». Dette er viktig for vår forståing av Jesu endetidstale. I Matt 16:27-17:2 står det forklart slik:

​

For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han gje kvar ein att etter gjerningane hans. Sanneleg seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma i sitt rike. Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førde dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Og han vart forklåra for augo deira. Andletet hans skein som sola, og kleda hans vart kvite som ljoset.

​

Omsettinga her er svak på nokre punkt. For i fylje grunnteksta er Matt. 16:28 og Matt. 17:1 knytt saman med eit og (gr. kai). Dette er for å peike på at oppfyllinga av v. 28 skjer i frå Matt. 17:1 og utover. Vers 27 er utelukkande ein referanse til endetida, til Herrens atterkome, til den store dommens dag. Det står også at læresveinane ikkje skulle «smaka døden før dei ser Menneskesonen koma i sitt rike». Ei slik omsetting gir ikkje noko meining reint språkleg. Grunnteksta gir ei anna meining når det står slik: 

​

me (ikkje) geusoutai (smaka) thanatou (døden) heos (før) an (-) idosin (dei har fått sjå) ton (den) huion (sonen) tou (den) anthropou (menneskeutsjåande) erchomenon (framstå, alltid i notid, imperfektum form, noko ein er no) en (i) te (den) basileia (kongelegdom) autou (hans eigen). 

​

Ei meir ordrett omsetting er difor at læresveinane skulle «ikkje smaka døden før dei har fått sjå den Sonen med menneske utsjånad framstå i sin eigen kongelegdom». Nokon tenker seg at dette refererer til v. 27, utelukkande til den herlegdomen han skal openberra seg med når han kjem att. Men tydinga er derimot at læresveinane fekk sjå Jesus i hans eigen herlegdom, slik han verkeleg er, som Guds son. Difor står det slik i Joh. 1:14: «vi såg herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå Far sin», altså der på forklåringas berg. Vi skal også merke oss at Jesus tala med Moses og Elias der på berget. I 2. Mos. 34:29 står det om då Moses steig ned igjen frå Sinaifjellet etter sitt møte med Herren: «Men Moses visste ikkje at huda i andletet hans skein fordi Herren hadde tala med han». Difor måtte Moses legge eit dekke over andletet sitt slik at Aron og Israels borna turte å kome nær han. Om Elias står det slik i 2. Kong. 2:11: «Medan dei så gjekk og tala saman, kom det brått ei eldvogn og eldhestar og skilde dei frå kvarandre. Og Elias fór opp til himmelen i stormen». Desse to vitna, Moses og Elias, vitnar altså om Herrens herlegdom sett på jorda og i himmelen. Legg merke til skildringa av den himmelske Jesus i Johannes’ openberring (Op. 1:13-16):

 

Og midt mellom ljosestakane var det ein som likna ein menneskeson. Han var kledd i ein fotsid kjortel, ombunden med eit gullbelte under bringa. Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull, som snø, og augo hans som ein logande eld. Føtene hans var lik skinande kopar, som om dei var glødde i ein omn. Og røysta hans var som bruset frå mange vatn. I høgre handa si heldt han sju stjerner, og av munnen hans gjekk det ut eit tvieggja, kvast sverd. Og andletet hans var liksom sola når ho skin i si kraft.

​

Men Jesus framstår ikkje berre i sin Fars herlegdom, for orda han tala er Guds ord. I Hebr. 4:12 står det slik: «For Guds ord er levande og verksamt og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom heilt til det kløyver sjel og ånd, ledd og merg, og dømer hjartans tankar og råd». I Ef. 6:17 står det også om «Andens sverd, som er Guds ord». I Ef. 1:13 står det slik: «I han har de òg, då de fekk høyra sanningsordet, evangeliet om dykkar frelse, ja, i han har de òg, då de kom til trua, fått Den Heilage Ande til segl, som lova var». Guds ord er også sanningsordet. I Sal. 119:160 står det: «Summen av ditt ord er sanning, og til evig tid står all di rettferds lov ved lag». Jesus kunne difor med rette seie: «Eg er vegen og sanninga og livet» (Joh 14:6). Han er Guds ord, han talar sanningsordet, Guds og Kristi ord (Joh. 1) og ved dette ordet er det vi har fått lovnaden om evig liv (Joh. 3:16). Jesu endetidstale er difor Herrens tale. Og for den som i sanning vil vere Jesu Kristi læresvein, han må legge seg dette på hjartet (1. Pet. 4:11):

 

Om nokon talar, han tale som Guds ord. Om nokon tener, han tene ved den kraft Gud gjev, så Gud må verta æra i alt ved Jesus Kristus – han som æra og makta tilhøyrer i all æve. Amen. 


Vi skal merke oss at læresveinane ikkje forsto profetorda, verken dei Jesus her tala eller profetorda i det gamle testamentet. Derimot etter oppstoda og før Jesus fór opp i himmelen igjen, opna Jesus tankane deira (Luk. 24:44-53):

​

Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det laut oppfyllast alt det som er skrive om meg i Moselova og profetane og salmane. Då opna han for tankane deira, så dei kunne skjøna Skriftene. Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias laut lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen, og at omvending og forlating for syndene skal forkynnast i hans namn for alle folkeslag, frå Jerusalem og vidare ut. De er vitne om dette. Og sjå, eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de vert kledde i kraft frå det høge. Han førde dei ut imot Betania, og han lyfte hendene sine og velsigna dei. Og det hende medan han velsigna dei, at han skildest frå dei og vart teken opp til himmelen. Og dei fall ned og tilbad han og vende attende til Jerusalem i stor glede. Og dei heldt seg alltid i templet og lova og prisa Gud.

​

På same vis er det med oss. Gud vil at vi skal lære alle ting. Likevel må vi erkjenne at det ikkje finns eit einaste menneske som kan lære oss alle ting. Vi treng difor å be om at Gud openberrer det for oss, ved Guds og Kristi Ande, Den Heilage Ande. De er også Paulus’ bøn i Ef 1:17: «Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande til kunnskap om seg, og gje dykkar hjarto opplyste augo, så de kan skjøna». I 1. Kor 2:15-16 står det: «Den åndelege derimot kan døma om alle ting, men om han sjølv kan ingen døma. For kven kjende Herrens hug, så han kunne læra han? Men vi har Kristi hug». I 1. Joh 2:27-28 står det slik:

​

Og den salvinga som de fekk av han, ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon skal læra dykk. Men liksom hans salving lærer dykk om alle ting, så er det òg sanning og ikkje lygn. Vert verande i han, slik ho lærde dykk. Og no, born: Vert verande i han, så vi kan ha frimod når han vert openberra, og ikkje verta til skammar for han når han kjem.

​

Ordet salving kjem av greske chrisma, av chrio, som tyder å smørje eller å gni inn med olje. Johannes skriver her om Kristus, av greske ho christos, altså den salva eller den som er gnidd inn med olje i bestemt form. I det gamle testamentets tid vart kongen salva med olje av Guds profet og kalla mashiyach, Messias (hebr.), for det vart sagt at kongen i eit og alt skulle gjere som Gud ville, dreven av Guds og Kristi Ande, Den Heilage Ande. I Apgj. 11:26 står det at det var i Antiokia at læresveinane først vart kalla kristne, av greske christianous, av christos som tyder salva; og νÏŒς, ei ending som former substantiver og adjektiver. Det gir tydinga medsalva eller av den same salvinga. Som vi allereie har sett siktar salvinga til Guds og Kristi Ande, Den Heilage Ande

​

Når vi forstår at det er slik, så opplever vi det same som folket og læresveinane gjorde på Jesu tid, nemleg at også vi vert hindra i å lære Gud å kjenne. Til dei lærde i Jerusalem sa Jesus (Luk. 11:52): «Ve dykk lovkunnige! For de har teke kunnskapsnykelen. Sjølve har de ikkje gått inn, og dei som var i ferd med å gå inn, har de hindra». Difor vert vi oppmuntra i gjennom heile det nye testamentet til å lære meir, som her i Jak. 1:2-8:

​

Mine brør, hald det berre for ei glede når de kjem i mange slag prøvingar. For de veit at når trua vert prøvd, verkar det tolmod. Men tolmodet må føra til fullkomen gjerning, så de kan vera fullkomne og heile, og ikkje liggja etter i noko. Men om einkvan av dykk vantar visdom, då må han be til Gud – for Gud gjev til alle, villig og utan vondord – og så skal han få. Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei havbåre som vert driven av vinden og kasta ikring. Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren, slik ein tvihuga mann, ustø på alle sine vegar.

​

Be difor med stort frimod om at Gud openberrer sitt ord for deg, og du skal få forstand på alt. I Matt.13:18-23, i likninga om såkornet, handlar det om at vi ikkje skal ta til takke med at vi ikkje forstår ordet. Vi skal heller ikkje vere lik dei som først tek imot ordet, men som seinare fell i frå, så snart det vert vanskeleg og ein vert forfylgde av slike som liknar på farisearane, dei skriftlærde, dei lovkyndige osv. Det vil seie alle som hindrar oss i å lære og kjenne Gud. Det er svært viktig at vi tek imot ordet og lar det få vekse og slå rot i oss. Heller ikkje skal vi vera delt eller splitta på grunn av den tida vi lever i og la oss forføre av trangen til å ha alt i overflod. I Matt. 13:23 står: «Men den som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde, og ein gjev hundre foll, ein seksti foll, ein tretti foll». 

 


Så sei oss, når skal dette henda?

Når vi så har dette grunnleggande på plass, så lat oss sjå nærare på kva læresveinane siktar til i det første spørsmålet av dei tre i Matt. 24:3: «Sei oss, når skal dette henda?» Vidare spurte dei: «Og kva skal vera teiknet på di kome og på enden på denne tidsalderen?» Det er vel og merke desse tre spørsmåla, som Jesus svarar på, som vert kalla Jesu endetidstale

 

Bakgrunnen for tala var at Jesus var komen til Jerusalem. Han hadde profetert som Guds profet for folket i heile Judea. I Luk. 7:16-17 står det slik: 

​

Alle vart tekne av otte, og dei lova Gud og sa: Ein stor profet er reist opp mellom oss, og Gud har gjesta sitt folk. Og dette ordet om han kom ut i heile Judea og landet der ikring.

​

Til slutt kom han til Jerusalem og då Jesus nærma seg byen sa han (Luk. 19:42-44):

​

Visste du berre, om så fyrst på denne dagen, kva som tener til fred for deg! Men no er det dult for augo dine. For dagar skal koma over deg, då fiendane dine kastar ein voll opp ikring deg, og dei kringset deg og trengjer deg frå alle kantar. Og dei skal slå deg til jorda, og borna dine med deg. Dei skal ikkje la det vera att stein på stein i deg, av di du ikkje kjende di gjestingstid.

​

Legg merke til at det i Luk. 7:16 vert framstilt som om folket opplevde Jesu nærvær somat «Gud har gjesta sitt folk», medan adelsfolket i Jerusalem ikkje kjende si «gjestingstid», i fylje Luk. 19:44. For det var i Jerusalem at folkets styresmakt heldt til. Så lenge Jesus hadde virka blant folket ute på landet var han ikkje så farleg. Dei hadde nok høyrt frå utsendingane sine, men det var ikkje før han kom heilt innpå dei at dei fekk sjå at folket verkeleg lytta til Jesus og trudde på hans ord. Når dei prøvde å irettesette Jesus, kom dei alltid dårlegare ut fordi han var visare enn dei. Dei hausta berre det dei sådde, som det står, fordi dei «har teke kunnskapsnykelen. Sjølve har de ikkje gått inn, og dei som var i ferd med å gå inn, har de hindra» (Luk. 11:52). Dei hadde Skriftene og kjente til det som sto i dei, men dei forsto ikkje det dei las og var ikkje interessert i at andre forsto det heller. I Rom. 11:7-8 skriver Paulus:

​

Kva så? Det som Israel søkjer etter, det har dei ikkje nådd. Men dei utvalde har nådd det. Dei andre har vorte forherda, som det står skrive: Gud har gjeve dei ei sløvskapsånd, augo som ikkje ser, øyro som ikkje høyrer, heilt til denne dag.

​

Til dei utvalde skriver han likevel slik i Rom. 11:25-27:

​

For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om denne løyndomen – så de ikkje skal vera sjølvkloke: Forherding er komen over ein del av Israel, til fullnaden av heidningane er komen inn. Og såleis skal heile Israel verta frelst, som det står skrive: Frå Sion skal utfriaren koma. Han skal rydja gudløyse bort frå Jakob. Og dette skal vera mi pakt med dei, når eg tek bort syndene deira.

​

Ei viss tid er her nemnt når det står: «Forherding er komen over ein del av Israel, til fullnaden av heidningane er komen inn». Fullnaden er her ei omsetting av greske pleroma, som tyder til det blir fullt, altså av andre folkeslag (gr. ethnos). Greske eiselthe, av eis tyder til eller inni, i tydinga å nå fram til det som skal bli oppnådd; og gr. erchomai, å kome eller gå til. Som vi ser av Rom. 11:11 talar Paulus også om frelsa, av greske he soteria, av sos, å bevare noko heilt. Han skriv: «Men ved deira fall er frelsa komen til heidningane, for å vekkja Israel til ihuge». I 1. Tess. 5:23 blir frelsa, det at vi skal bevarast heile, satt i eit endetidsperspektiv: «Må så han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom, og gjev at dykkar ånd, sjel og lekam må haldast fullkomne, ulastande ved vår Herre Jesu Kristi kome!».

​

På same vis er det med Jesu endetidstale i Matt. 24:14: «Og dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til eit vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma». Det kan ikkje bli meir tydleg når det står «i heile verda», frå greske en hole te oikoumene, som eigentleg tyder til alle som bur [på jorda], ut til all busetjing. Likeins uttrykket «for alle folkeslag», av greske pasin tois ethnesin, til alle etnisitetar, til menneske av alle skikker og vaner. Legg også merke til uttrykket «og så skal enden koma», av greske kai (og) tote (så, då, sidan, deretter) hexei (kome fram til) to telos (til enden, til det som er punktet eller målet som det vert sikta mot). Som gir tydinga: «og deretter komme fram til målet». Alt dette står det skrevet om, og det er dette som kan gjere oss «vis til frelse ved trua på Kristus Jesus», som det står i Paulus’ brev til Timoteus (2. Tim. 3:14-17):

 

Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, og heilt frå barndomen kjenner du dei heilage skriftene, som kan gjera deg vis til frelse ved trua på Kristus Jesus. Heile Skrifta er innanda av Gud og nyttig til lærdom, til overtyding, til rettleiing, til oppseding i rettferd, så Guds menneske kan vera fullkome, dugande til all god gjerning.


Men alt det Jesus forkynte kulminerte i at ein stor del av Israel forkasta han. Ettersom Jesus ikkje opphøgde dei jødiske leiarane og gav dei ære - for dei var stolte av det dei var og det dei visste - så vart hatet mot han fullkome. Dei søkte berre etter eit høve til å drepa han. Difor ropte Jesus til slutt så alle skulle høyre det (Matt. 23:38-39): «Sjå, huset dykkar skal verta liggjande audt. For eg seier dykk: Heretter får de ikkje sjå meg før de seier: Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!». I denne vesle setninga aner vi også noko av det Jesus skal svare på i si tale.

​

Etter at Jesus hadde sagt dette gjekk han ut av tempelet. Læresveinane ville halde han tilbake slik at dei kunne studere tempelbygningane (Matt. 24:1). Då sa Jesus til dei (Matt. 24:2): «Ser de ikkje alt dette? Sanneleg seier eg dykk: Her skal ikkje verta stein att på stein som ikkje skal brytast ned». I grunnteksta står det eigentleg: ou (negativ, ikkje) blepete (stirre, sjå på, vere oppteken av) panta (alle) tauta (desse ting), som meir ordrett tyder: Ver ikkje så opptekne av desse ting, altså fordi det snart skal gå til grunne.

​

I Matt. 24:3 står det at Jesus deretter gjekk ut til Oljeberget. Læresveinane vart aleine med han der og spurde difor: «Sei oss, når skal dette henda? Og kva skal vera teiknet på di kome og på enden på denne tidsalderen?». Vi skal sjå nærare på kva Jesus svarar, for han seier mange ting, men det han seier i fylje Luk. 21:20-24 gir oss ein god peikepinn på kva svaret på det første spørsmålet er:

​

Men når de ser Jerusalem kringsett av krigshærar, då skal de vita at øydelegginga av byen kjem snart. Då må dei som er i Judea, røma til fjells. Dei som er inne i byen må gå ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen. For dette er tida for straffedomen, då alt det som står skrive, skal oppfyllast. Stakkars dei som er med barn og som gjev bryst i dei dagane! For det skal vera stor naud på jorda, og vreide over dette folket. Dei skal falla for sverdsegg og førast som fangar til alle folkeslag. Og Jerusalem skal liggja nedtrødd av heidningar til tidene åt heidningfolka er ute.

​

Det er tydleg at Jesus her siktar til øydelegginga av Jerusalem og tempelet i år 70 e.Kr. Det var ein forferdeleg dom som då kom over byen og folket som budde der. Vi skal merke oss at omsettinga av v. 22 er misvisande når det står: «For dette er tida for straffedomen, då alt det som står skrive, skal oppfyllast». Omsettinga er rett og slett for bastant. I Luk. 18:31-34 står det nokre vers som viser oss korleis vi heller må tenke:

​

Han tok dei tolv til side og sa til dei: Sjå, vi går opp til Jerusalem, og alt som profetane har skrive om Menneskesonen, skal verta oppfylt. For han skal gjevast i hendene på heidningane og verta spotta og skamfaren og spytta på. Dei skal hudfletta han og slå han i hel. Og på den tredje dagen skal han stå opp. Men dei skjøna ikkje noko av det, og dette ordet var løynt for dei, og dei skjøna ikkje kva han sa.

​

Det er klart at «alt» også her må modererast, fordi det skal hende så mykje meir med Menneskesonen i fylje profetane. Ei meir korrekt omsetting er: «alt det profetane har skrive om dette, skal verta oppfylt», som gir ei heilt anna forståing, men som passer betre inn i konteksten. I den greske grunnteksta er Luk. 21:22 skrevet slik:

​

hoti (for dette er) hemerai (dagane) ekdikesesos (frå kor dette skal bli tydleg eller synleg) hautai (desse) eisin (dei) tou (det) plerothenai (oppfylle) panta (alt) ta (det) gegrammena (nedskrevne, i overført tyding det beskrevne, skildra).

​

Ei meir moderat omsetting vil difor vere: «for dette er dei dagane frå kor tid dette skal bli synleg for dykk, då alt det som står skrevet om dette skal oppfyllast». Altså som svar på det dei spurde om: «Sei oss, når skal dette henda?». Dette forstår vi også av samanhengen, dette med at jødane skulle verta ført bort som fangar til alle folkeslag og at Jerusalem skulle ligge «nedtrødd» av andre folkeslag. Likeins med ordlyden i Luk. 21:20, der det står «kringsett av krigshærar». For det høyrer saman med uttrykket «nedtrødd» i v. 24.

​

I Luk. 21:23 står det slik i fylje NB88: «For det skal vera stor naud på jorda, og vreide over dette folket». I grunnteksta står det derimot slik:

​

en (i) ekeinais (dei) tais hemerais (dagane) estai (vil det bli) gar (difor) anagke (å vere under begrensning, å vere under press, svarer til u-b-tzug) megale (stor) epi (frå der dei er) tes ges (jorda/landet) kai (og) orge (sterk lengsel/begjær) en (i) to lao (folket) touto (dette).

​

Det gir tydinga: «I dei dagane vil det difor bli eit stort press på jorda der dei no er og det vil verte ein sterk lengsel (f.eks. etter å kome tilbake dit) i dette folket». I v. 24 får vi ei forklaring på kva det siktar til, når det står: «Dei skal falla for sverdsegg og førast som fangar til alle folkeslag. Og Jerusalem skal liggja nedtrødd av heidningar til tidene åt heidningfolka er ute». Og slik skal det altså vere for ei bestemt tid, og som vi ser det indikert i teksta, vil denne tida vare ei lang tid. 

​

Judea og Jerusalem skal i den tida vere noko ein peikar tilbake på. Det skal ikkje lenger vere slik at Gud berre openberrer seg gjennom dette folket og i dette landet, men Gud skal gjere seg læresveinar i alle land over heile verda, som det heiter i Matt. 28:18-20. Det skulle ikkje vere noko tvil om at vi lever i slutten av denne tida, for snart har alle nasjonar fått nåde til å lære og kjenne Gud. Som det står i Matt. 24:14 skal evangeliet «forkynnast i heile verda til eit vitnemål for alle folkeslag». Deretter skal enden kome, som dei to neste spørsmåla handlar om. Tidsaspektet i Matt. 24:11-14 gjelder frå tida til dei tolv og Jesu andre læresveinar og til den dag i dag og ennå ei tid, når det står:

​

Då skal dei gje dykk over til trengsle og slå dykk i hel. Og alle folkeslag skal hata dykk for mitt namn skuld. Då skal mange falla ifrå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. Mange falske profetar skal stå fram, og dei skal forføra mange. Og av di lovløysa tek overhand, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst! Og dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til eit vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma. 
 

Dette viser oss at apostlane og læresveinane allereie hadde fått kjennskap til at mange av læresveinane i den første tid ville falle i frå og halde seg til falske profetar og lærarar. For dei første kristne, og likeins for oss som er av dei siste kristne, så gjelder det å halde ut og ikkje la oss overbemanne av den falske (uekte) kristendomen som har teke overhand. For nok eingong kjem det eit stort lærdomsvær over jorda (sjå artikkelen om Syner og openberringer), liksom bølgjer over den tvilande, slik at han i ei stund held fast i ei sanning og i den neste i ei anna (Jak. 1:6). Det er sant at vi, for å fullføre vårt kall, stadig må gje rom for vekking om vi vil nå ut med evangeliet. Men det er stor skilnad på ei vekking som Gud står bak og det eit menneske har ført i stand. Det som Gud har starta, ved Jesus Kristus, er den ekte vekkinga. Den vart til på fyljande vis og den verkar framleis på same vis (1. Kor. 12:28-31):

​

Og Gud sette i kyrkjelyden fyrst nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, dernest kraftige gjerningar, så nådegåver til å lækja, til å hjelpa, til å styra, og ulike slag tunger. Er vel alle apostlar? Er vel alle profetar? Er vel alle lærarar? Gjer vel alle kraftige gjerningar? Har vel alle nådegåver til å lækja? Talar vel alle med tunger? Kan vel alle tyda dei? Men trå etter dei beste nådegåvene!

 

Så minner vi igjen om det som står i 1. Pet. 4:11:  

​

Om nokon talar, han tale som Guds ord. Om nokon tener, han tene ved den kraft Gud gjev, så Gud må verta æra i alt ved Jesus Kristus – han som æra og makta tilhøyrer i all æve. Amen.

 

For dette er eit verk av Herren. Om du ikkje vert kalla til å gjere noko for Herren, så vent til han kallar deg. Ha tru til Gud så lenge og lat deg lære. Søk Herren og be om at han gir deg av sine nådegåver. Be og fast (utan å ete, med tom mage) etter det Herren legger på ditt hjerte. La deg audmjuke, begrav det gamle mennesket. Det vil så mykje, men Gud har ikkje behag i det. Be etter Guds vilje. For etter kjøtet er vi syndarar som treng tilgjeving, mens det Anden driver oss til er det ingen fordøming for. 


Og kva skal vera teiknet på di kome og på enden på denne tidsalderen?

Vi kan merke oss at læresveinane plasserer Jesu attkome og denne tidsalderens ende saman ved eit og. Tidsalder er ei omsetting av greske aion, i tydinga ei vedvarande periode, ei tid som varer så lenge som den er bestemt. Det er denne tida vi har sett Jesus referere til i Luk 21:24: «til tidene åt heidningfolka er ute». I Matt. 24:36 står det om den dagen den tida er over: «Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje eingong englane i himmelen, men berre Far min».

​

Her skal vi merke oss det Peter skriv om endetida i 2. Pet. 3:3-13:

​

Fyrst og fremst skal de vita dette, at i dei siste dagar skal det koma spottarar med spott. Dei fer fram etter sine eigne lyster og seier: Kva har det vorte til med lovnaden om hans atterkome? For frå den tid då fedrane sovna inn, er og blir alt slik det har vore frå verda vart skapt. Men når dei seier dette, ser dei med vilje bort frå at det frå eldgammal tid var himlar og ei jord som vart til ved Guds ord, ut av vatn og gjennom vatn. Ved dette gjekk den dåverande verda under, då ho vart overfløymd av vatn. Men dei himlane og den jorda som no er, har det same Guds ord spart til elden. Dei vert haldne oppe til den dagen då dei ugudelege menneska skal dømast og gå fortapt. Men éin ting må de ikkje vera blinde for, mine kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. Herren dryger ikkje med lovnaden, slik somme held det for dryging. Men han har tolmod med dykk, for han vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal koma til omvending. Men Herrens dag skal koma som ein tjuv, og då skal himlane forgå med stort brak, og himmellekamane skal koma i brann og gå i oppløysing, og jorda og alt som er bygt på henne, skal brenna opp. Då no alt dette går i oppløysing, kor viktig er det då ikkje at de ferdast heilagt og i gudsfrykt, medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane verta oppløyste i eld og himmellekamane bråna i brann. Men etter hans lovnad ventar vi nye himlar og ei ny jord, der rettferd bur.

​

Desse orda krever i seg sjølv eit studium, men som vi ser er versa i slekt med Matt. 24. Peter var også til stade og høyrte Jesu endetidstale. Vi forstår det nemleg slik at frå Adam til Noah var det ei verd som vart øydelagt ved vatn. Det var ein tidsalder som varte ei fastsett tid. Peter gjer her eit poeng ut av dette, nemleg at den nye verda (dei nye himlar og jord), som har fått stå frå Noahs tid og som skal stå like til Herrens atterkome, skal forgå ved eld på Herrens dag. Deretter kjem nye himlar og ei ny jord der rettferd bur. Den som tolkar alt i overført tyding, kan her spørre seg sjølv om også flaumen på Noahs tid skal forståast symbolsk, altså som noko som ikkje har hendt på ordentleg? Ei slik forståing gir heller ikkje noko meining.

​

Det Peter her lærer stemmer ikkje berre overeins med det Jesus lærte i si endetidstale, men også med det Johannes fekk sjå i openberringa si. Han fekk nemleg sjå Herrens dag, den store og forferdelege, då 1/3 av himmelens stjerner - sjølve lysa på himmelen, dei som lyser opp vår mørklagde jord - skal kastast ned på jorda og brenne opp det som er der. Dette er den store vreida som skal kome over jorda og som Paulus skriver om til Tessalonikarane, om Herrens atterkome og at vi skal «venta på Son hans frå himlane – han som Gud vekte opp frå dei døde, Jesus, han som frir oss frå vreiden som kjem» (1. Tess. 10). Men når dette er fullført skal det altså kome nye himlar og ei ny jord der rettferd bur. Satan, han som urettferda kjem i frå, skal då kastast i avgrunnen i 1000 år! 

​

I Matt. 24:8-9 profeterer Jesus om det som skulle skje etter berre ei kort tid, nemleg at det skulle stå fram falske profetar og messiasar. Det siktar kanskje særleg til dei som alt i lang tid hadde lokka jødane til væpna opprør mot romarane. Det var på grunn av slike menneske at Jerusalems undergang vart eit faktum i år 70 e.Kr. og likeins i år 135 e.Kr., ved Simon Bar-Kokhva. Fordi leiarane i byen hadde forkasta Kristus vart folket forført og sette difor sin lit til dette falske og gjorde etter det. Slik var det også i dei dagane profeten Jeremia talte slik til folket i Jerusalem (Jer 14:11-16):

​

Herren sa til meg: Du skal ikkje be om noko godt for dette folket! Når dei fastar, høyrer eg ikkje ropa deira. Når dei ofrar brennoffer og matoffer, har eg ikkje hugnad i dei. Men med sverd og med svolt og med pest vil eg gjera ende på dei. Då sa eg: Å, Herre Herre! Profetane seier då til dei: De skal ikkje sjå sverd, og hungersnaud skal ikkje råka dykk, men eg vil gje dykk varig fred på denne staden! Men Herren sa til meg: Det er lygn det profetane varslar i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei og ikkje gjeve dei påbod og ikkje tala til dei. Syner som lyg og falske spådomar og tomme ord og svik or sitt eige hjarta profeterer dei for dykk. Difor seier Herren så om dei profetane som talar i hans namn utan at han har sendt dei, dei som seier at sverd og hungersnaud ikkje skal koma over dette landet: Med sverd og med svolt skal desse profetane rydjast ut. Og folket som dei profeterer for, skal liggja slengt ikring i gatene i Jerusalem på grunn av svolt og sverd, utan at det er nokon til å gravleggja dei, – dei sjølve, konene deira, sønene og døtrene deira. Eg vil renna deira eigen vondskap ut over dei.

​

Tidvis har dette folket vorte ramma av Guds domar. I dag er dei tilbake i sitt eige land og i full sving med å byggje det opp. Det er klart det er synd på dei som hadde busett seg der i landet all den tid jødane har vore hindra i å kome tilbake. Mange palestinarar har starta på nytt etter at dei vart fortrengt, men dei vert likevel ramma av at konflikta mellom Israel og nabolanda ikkje tek slutt. Sjølv har Israel ein indre strid, der sterke krefter talar for at folket og landet nok eingong skal heilage seg for Herren i høve Moselova. Det møter sterk motvilje i blant sine eigne borgarar. Men Gud sjølv skal sørge for at Hans ord går i oppfylling, fordi Han vil la det skje.

​

I Luk. 21:10-19 profeterer Jesus - og då skal vi merke oss at han er den same Herren som tala til Jeremias - og han trekkjer linjer som strekker seg langt framover i tid: 

​

Så sa han til dei: Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike. Det skal vera store jordskjelv, og svolt og pest mange stader. Fælslege ting skal henda, og det skal syna seg mektige teikn frå himmelen. Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk. Dei skal gje dykk over til synagoger og fengsel, og dei skal føra dykk fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld. Det skal gje dykk eit høve til å vitna. Legg dykk difor på hjarta at de ikkje føreåt syter for korleis de skal svara for dykk. For eg vil gje dykk munn og visdom som ingen av motstandarane dykkar kan stå seg imot eller seia imot. Men jamvel foreldre og brør og skyldfolk og vener skal svika dykk, og dei skal senda nokre av dykk i døden. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men ikkje eit hår på hovudet skal de missa. Hald ut, så skal de berga sjelene dykkar.

​

Vers 10 skal vi merke oss, der det står: «Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike». For dette siktar til det profeten Daniel såg i syna sine om det tredje og det fjerde riket (Dan. 2 og 7). Han såg at det tredje riket, det greske, fylte heile jorda og at det som var eit samla rike sidan vart delt under det fjerde riket. Men han såg også at det til slutt vart samansett og sameina igjen. For han såg liksom Johannes at ti kongar skulle gi makta si til den eine, til Antikrist, som Kristus skal kome for å gjere ende på. På den tida Jesus sa dette hadde romarane makta over heile verda. Kvart folk dei møtte på, slo dei ned og la under seg. Desse folkeslaga tente deretter i romaranes hærar, der dei lærte seg korleis dei kunne sigre over romarane. I dei neste hundreåra e.Kr. kom det romerske riket inn i ei stor krise, når folkeslag etter folkeslag reiste seg mot kvarandre og danna sine eigne riker, og alt det som før hadde vore eit så vart delt. Pax Romana, den romerske fred, som Plinius den yngre uttrykker det [Pax Romana i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 19. juli 2020 fra https://snl.no/Pax_Romana], var over.

 

Likeins med vers 11: «Det skal vera store jordskjelv, og svolt og pest mange stader. Fælslege ting skal henda, og det skal syna seg mektige teikn frå himmelen». Jesus profeterte altså om at den greskromerske idyll ville slå sprekker. Kaotiske tilstandar ville snart prege tida og det heile ville ende med den totale katastrofe, eit ragnarok, ein kamp mellom gudar og menneske. Som Ellen Marie Næss skriver om det kommande ragnarok, skal verda bli «oppslukt i et flammehav. Samtidig er også ragnarok starten på en ny verden, hvor alt liv tar til på nytt. Nye slekter oppstår fra noen få æser og to mennesker som overlever infernoet». [Næss, Ellen Marie: Ragnarok i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 19. juli 2020 fra https://snl.no/Ragnarok]. Gud, som vi allereie har sett, byrjar sidan på nytt med dei tusen åra. Likeins med det som står vidare i v. 11: «Fælslege ting skal henda, og det skal syna seg mektige teikn frå himmelen». Det er meir utdjupa i Luk 21:25-28, der Jesus tala om når «tidene åt heidningfolka er ute» i v. 24:

​

Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner. Og på jorda skal folka gripast av redsle og rådløyse når hav og brenningar brusar. Folk kjem i maktløyse av redsle og gru for det som skal koma over jorda. For himmelkreftene skal skakast. Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med kraft og stor herlegdom. Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For det lir mot utløysinga dykkar.

​

Det siste som her vert sagt siktar til alle som trur og som tek imot Herrens ord, og ikkje berre til dei første kristne. For utløysinga, av greske apolutrosis, av apo, av, i frå, bort, alltid i tydninga frå noko som er nært; og lutron, noko å løyse med, som i løysepenge, frikjøpinga, siktar til den dagen vi skal gå over frå det forgjengelege til det uforgjengelege livet. I Heb 9:12 står det slik: «Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle, og fann ei evig utløysing». Likeins i 1. Pet 1:18-19:

​

For de veit at det var ikkje med noko forgjengeleg, med sølv eller gull, de vart kjøpte fri frå den dårlege ferda som var ervd frå fedrane, men med Kristi dyre blod, som blodet av eit ulastande og lytelaust lam.

​

Dette håpet er evangeliets mål. Oppfyllinga har Gud satt til endetida. Sjå f.eks. 1. Kor. 15 og 1. Tess. 4: 15-18. Det er på den tida vi skal verta fødde på ny, vi skal verta nye skapningar. Alt det vi i den tid som no er reknar oss med til ved trua på Jesus Kristus, skal då oppfyllast. Men det er først då, i endetida, at vi skal verta forvandla i det same vi vert rykt opp til han i skyene. Vi skal verta fridd frå den store vreida som kjem over verda til dom (1. Tess. 1:10). For all denne vreida kjem ikkje for vår skuld, men for den vondes skuld og dei som er med han. Slik var det også då den gamle verda gjekk under. I 1. Mos. 6:11-13 står det slik:

 

Men jorda var forderva i Guds augo, ho vart full av vald. Og Gud såg på jorda, og sjå, ho var forderva, alt kjøt var forderva i si ferd på jorda. Då sa Gud til Noah: No vil eg gjera ende på alt kjøt, for dei har fylt jorda med vald. Sjå, eg vil øydeleggja både dei og jorda.

​

Det var Gud som bad Noah om å byggje ein ark og til Noah sa han (1. Mos. 7:1-7):

​

Så sa Herren til Noah: Gå inn i arka, du og heile huslyden din! For det er berre deg eg har funne rettferdig for meg i denne ætta. Av alle reine dyr skal du taka deg ut sju par, hann og ho, og av dyr som ikkje er reine, eitt par, hann og ho. Like eins av fuglane under himmelen sju par, hann og ho, så ættene deira kan haldast i live over heile jorda. Om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter, og eg vil rydja ut frå overflata på jorda alt liv eg har skapt. Og Noah gjorde i eitt og alt som Herren hadde gjeve påbod om det. Noah var seks hundre år gammal då storflaumen kom over jorda. Så gjekk Noah og sønene hans, kona hans og sonekonene hans med han inn i arka for å berga seg for storflaumen.

​

Alt det som står skrevet frå og med Matt. 24:30-51 til og med 25:1-46, handlar om at «dagen og timen kjenner ingen, ikkje eingong englane i himmelen, men berre Far min» (Matt. 24:36). «Vak difor! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem» (Matt 24:42). Uttrykket «vak» siktar til at vi ikkje må sovne på vakt. Vi må ikkje vere slike som folket i Noahs dagar, for om dei står det (Matt 24:37-39):

​

Og som det var i Noahs dagar, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. For liksom dei åt og drakk i dagane før vassflaumen, tok til ekte og gav til ekte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, og dei ikkje visste av det før vassflaumen kom og tok dei alle, slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem.

​

Noah bygde ein gigantisk båt midt iblant dei. Det såg dei sikkert nok. Noah visste godt kva som skulle skje, men folket var likevel opptekne av sitt eige. Det tok tid å bygge, men ein dag var tida komen og før folket visste ordet av det så kom flaumen over dei. Teiknet var den første regndråpen. Berre Noah og alle som var med han i arka vart berga, frelst. Slik er det også med oss. Gud skal gjere noko liknande i den siste tid. I Jerusalem skal dei byggje eit tempel som skal verta heilaga til Gud. Frå den tid tempelet står oppreist skal den store trengsla byrja, Jakobs sju år med trengsle. Jakob er lik Israel! Heile verda skal sjå det, men ingen skal frykte det som kjem før det er over dei. Enkelt og greitt fordi dei ikkje trur.

​

Vi veit kva ordet seier om godt og vondt, om rett og urett. For det er til oss som trur det står skrevet slik (Matt 24:32-33): «Lær ei likning av fikentreet: Når sevja går i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. Såleis skal de òg, når de ser alt dette, vita at han er nær og står for døra». Likninga er enkel å forstå. For dette legg vi merke til kvart vår. Etter ein lang vinter veit vi at sommaren nærmar seg drastisk når våren viser si prakt. Vers 34-35 er derimot vanskelegare å forstå: «Denne ætta skal slett ikkje forgå før alt dette hender. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal slett ikkje forgå». Når vi samanliknar med grunnteksta så ser vi nok eingong behov for å modere omsettinga. For det står eigentleg:

​

ou me (nei, ikkje på noko vis) paralthe (skal forgå, forsvinne) he genea (denne slekt, ætt, genetisk herkomst, Abrahams ætt) haute (dette) heos (inntil) an (som skal skje) panta (alle) tauta (desse ting) genetai (skal byrja å skje). Ho ouranos (himmel) kai (og) he ge (jord) pareleusontai (skal forgå, forsvinne) hoi de (men) logoi mou (mine ord) ou me (skal ikkje på noko vis) parelthosin (forgå, forsvinne).

 

Det gir tydinga: «Denne ætta skal ikkje på noko vis forgå, før dette som skal skje, alle desse tinga, skal byrja å skje. Himmel og jord skal forgå, men ikkje på nokon måte skal desse orda mine forgå».

​

Uttrykket forgå kan også omsettast i tydinga at Jesu endetidstale, Jesu ord, ikkje skal passere utan at dette skjer. Uttrykket slekt, ætt eller generasjon siktar til dei som levde på Jesu tid. For Jesu endetidstale inkluderer, som vi ser, både dei første og likeins dei siste kristne. Vi skal alle verta prøvd om vi trur eller ikkje. Vi skal ikkje vere snare til å døme dei som levde når Jesus tala desse orda og som ikkje trudde. For den gongen hadde det ennå ikkje skjedd. Vi må ikkje gjere oss skuldige i same synda som dei gjorde. For i Matt 12:23-24 står det slik:

​

Heile folkemengda vart slått av undring og sa: Han skulle no vel ikkje vera Davidssonen? Men då farisearane høyrde det, sa dei: Det er berre ved Be'elsebul, hovdingen over dei vonde åndene, han driv dei vonde åndene ut.

​

Då tala Jesus strengt til dei og sa (Matt. 12:31-32):

​

All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje verta tilgjeven. Den som talar eit ord imot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar imot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne tidsalderen eller i den som kjem.

 

Uttrykket slekt, ætt, generasjon er også brukt her i Matt. 12:36-42:

​

Men det seier eg dykk: Kvart gagnlaust ord som menneska talar, skal dei gjera rekneskap for på domens dag. For etter orda dine skal du verta kjend rettferdig, og etter orda dine skal du verta fordømd. Nokre av dei skriftlærde og farisearane svara han då og sa: Meister, vi vil gjerne sjå eit teikn av deg. Men han svara og sa til dei: Ei vond og utru ætt krev teikn. Men noko anna teikn enn teiknet til profeten Jonas skal dei ikkje få. For liksom Jonas var tre dagar og tre netter i buken på storfisken, såleis skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i hjarta av jorda. Menn frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og fordøma henne. For dei vende om då Jonas forkynte for dei – og sjå, her er meir enn Jonas! Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og fordøma henne. For ho kom frå dei ytste endane av jorda for å høyra Salomos visdom – og sjå, her er meir enn Salomo!

​
 

Den øydande styggedomen - det store teiknet

Til slutt skal vi sjå nærare på den kanskje mest kompliserte delen av talen, nemleg det som står i Matt. 24:15 og Mark. 13:14: «Når de ser den øydande styggedomen, som profeten Daniel har tala om, stå på den heilage staden – skjøna det, kvar ein som les! –». Dette er eit sitat og ein referanse til Daniels bok. Det er tre ulike skriftstadar i Daniels bok som har denne ordlyden, nemleg Dan. 9:27, 11:31 og 12:11. Det vi kan merke oss er at Dan. 11:31 er tvetydig. For det kan både sikte til endetida, men noko liknande skjedde også i styringstida til Antiokhos 4 Epifanes, som styrte frå 175-164 f.Kr.. Det er derimot tydleg at Jesus ikkje siktar til ei historisk hending. Enkelte tolkar det slik at Jesus her siktar til det som hendte like før år 70 e.Kr. Jødanes tempel vart då rive ned og brent opp som fylje av eit jødisk opprør. Som vi har sett har dei delvis rett, fordi dette var den hendinga som Jesus sikta til som «denne ætta» ville oppleve. Dei fekk sjå oppfyllinga av det første spørsmålet som Jesus svara på i si endetidstale. Det var også dette som førte til at det jødiske folket vart spreidd og at landet vart «nedtrødd av heidningar». Somme hevder av den grunn at det ikkje lenger er jødane som er Guds folk, men heidningane. Dette er misforstått. Det nye testamentet bruker ikkje uttrykket Guds folk. Dei kristne er både jødar og heidningar. Dei er nemleg ei ny skapning i Kristus. Det er ikkje openberra kva vi skal bli, som det står i 1. Joh. 3:2: «Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal verta! Vi veit at når han vert openberra, då skal vi verta like han, for vi skal sjå han slik han er».

​

Men lat oss sjå nærare på sitatet i frå Daniels bok. I det niande kapittelet i Daniels bok står det slik i v. 24 [sjå studiet av Daniels bok]:

 

Sytti veker er gjevne til folket ditt og den heilage byen din til å stengja inne fråfallet og til å forsegla synder og dekkja over misgjerning og til å føra fram ei evig rettferd og stadfesta syn og profet og til å salva ein Høgheilag heilagdom.

​

Som vi ser vart altså desse tidene gjevne til jødane og i løpet av desse tidene skulle jødane heilage folket og byen Jerusalem, i tydinga å halde tempelet i Jerusalem heilagt, inntil Gud sjølv skal fullføre alt etter sin vilje, som det står i Dan. 9:24. 

​

Dan. 9 krever i seg sjølv eit studium. Men vi veit dette at dei 70 vekene svarer til 490 år, altså at kvar veke er sju år (70x7=490). Det ser vi også av tolkinga av v. 24 som Daniel fekk i v. 25-27, der det står om frå kva tid ordet gjaldt og kva som skulle kjenneteikne desse periodene. I Dan. 9:25-26 står det om dei to første periodene, altså dei sju vekene og dei sekstito vekene. Dei sju første vekene, som er 7x7 år, altså 49 år, skulle minne jødane om å heilaghalde landet. For kvart sjuande år var det eit sabbatsår. Då skulle dei leve av det dei hadde samla over ei viss tid og ikkje dyrke jorda i det heile tatt i løpet av det året. Etter sju sabbatsår, altså 7x7 år eller 49 år, kom eit jubelår i det femtiande. Då skulle all eigedom gå tilbake til den ætta det høyrte til. For det var dette dei hadde gløymt og som i utgangspunktet hadde ført dei i fangenskap til Babylon, slik profeten Jeremia hadde sagt i Jer. 25:11 og 29:10. For det var dette profeten Daniel hadde merka seg i fylje Dan. 9:1-2. Gud gjorde det den gong slik at Judea og Jerusalem vart liggjande i ruinar i 70 år, som var 70 år med soning og kvile (sabbat) for Israels land (frå ca. 586-516 f.Kr.).

​

Vi bør merke oss at etter dei sju vekene skulle det gå 62 veker før Messias skulle stå fram. For det står slik i Dan. 9:25:

 

Du skal vita og skjøna: Frå den tida eit ord går ut om å reisa opp att og byggja Jerusalem, til dess ein Salva, ein Fyrste, står fram, skal det gå sju veker og sekstito veker. Det skal setjast i stand og byggjast opp att med gater og vollgraver, endå om tidene er tronge.

​

Slik visste dei bibellærde på Jesu tid at Jesus verkeleg var Messias, men dei tok altså ikkje imot han når han kom, som det står (Joh. 1:9-13):

 

Det sanne ljoset, som gjev ljos til kvart menneske, var i ferd med å koma til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, og verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av blod, heller ikkje av kjøts vilje, heller ikkje av manns vilje, men av Gud.

​

Dei, altså jødane, var arvingane til alt dette, men dei måtte sjå på at Gud gav det til andre. Men hadde Gud forkasta jødane for alltid? Nei, dei første kristne var alle jødar, med få unntak. I Rom. 9:4-5 står det slik om det vantru Israel:

 

Dei er då israelittar. Barnekåret høyrer dei til, og herlegdomen og paktene og lovgjevinga og gudstenesta og lovnadene. Deira er fedrane, og frå dei er Kristus komen etter kjøtet, han som er Gud over alle ting, velsigna i all æve. Amen.

​

Fordi dei ikkje tok imot Jesus som Messias (Kristus), mista dei dette for ei tid. Men dette var også sagt dei på førehand i skriftene. Men det er ikkje slik å forstå at dei andre folkeslaga på nokon måte fekk det som høyrte dei til. Dei kristne er ikkje kalla til å etterlikne dette i det heile tatt. Vi skal verken byggje kyrkjer som liknar på tempel eller halde presteskap og gjere prestetenesta til jødane. Dette er folkeslaga sitt eige påfunn og ikkje noko Gud har sagt. Alt dette vart berre teke i frå jødane for ei tid, frå og med år 70 e.Kr. og inntil enden. Som det står i Matt 23:38-39: «Sjå, huset dykkar skal verta liggjande audt. For eg seier dykk: Heretter får de ikkje sjå meg før de seier: Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!». Somme lærer at Israel ikkje har Guds velsigning til å byggje opp att tempelet i Jerusalem. Ei slik haldning avslører ei stor vantru. Det er sant at alle truande jødar og heidningar har eit tempel, ei bygning, nemleg Kristus, og at vi alle er prestar som tener i dette tempel, Guds hus. For vi er alle saman døypt til å vere ein lekam med han, i tydinga at han er hovudet og vi hans lemar. Vi må gjere som han vil. Som det står i Rom. 8:14: «For så mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born». I kvar enkelt truande kan Gud ta bolig i oss ved sin Ande når Han vil, som det står i Apgj. 2:4: «Då vart dei alle fylte med Den Heilage Ande, og dei tok til å tala i andre tunger, alt etter som Anden gav dei å tala». Slik sett er vi også dei byggjesteinane som utgjer Guds tempel og likeins det nye Jerusalem. Men først vil Gud gjere kjent det førebiletlege for alle mennesker. Først for jødane og til slutt, i enden, også for heidningane. For jøde først og så grekar.

​

Som vi ser fekk altså Daniel vite nøyaktig kor tid Messias, Den salva, skulle stå fram (Dan. 9:25). Legg merke til at det står: «endå om tidene er tronge». På hebraisk står det u-b-tzug (å vere under hardt press, dei vert strekt, under trange kår) eothim (tider, perioder), i tydinga at i desse periodene ville dei vere under hardt press, ofte omsett med trengsle i større og mindre grad. Israel i dag og det jødiske folk møter på dei same problema som jødane i dei tidlegare tidene hadde. Dei er under hardt press frå folka rundt seg og vert hindra i å reise opp igjen tempelet. Men dei skal altså få det til. For Gud sjølv vil la sitt ord verta oppfylt, om det enn drøyer. 

​

I Dan. 9:26 står det noko verkeleg interessant, og no nærmar vi oss Jesu sitat frå Daniels bok, for det står: 

​

Etter dei sekstito vekene skal Han som er salva, rydjast ut og ingenting ha. Folket til ein fyrste som kjem, skal øydeleggja byen og heilagdomen – og enden på det er overfløyming. Og like til enden er det krig, øydelegging er urikkeleg fastsett.

​

Tydinga har vi sett. Messias vart krossfesta og landets leiarar sto bak. Jerusalem og tempelet vart sidan øydelagt i år 70 e.Kr. Likeins i år 135 e.Kr. då tempelet vart forsøkt atterreist. Og som vi har vore inne på, folkeslag vil reisa seg mot folkeslag, og det skal vere krig både her og der.  

​

Men så kjem vi til siste verset, om den siste veka, den lengst ute, den i enden (Dan. 9:27): 

​

Han skal stadfesta ei pakt med mange for éi veke. Midt i veka skal han få slutt på matoffera og slaktoffera. På vengene åt styggedomen skal øydeleggjaren koma, og det til dess utsletting og urikkeleg fastsett straffedom strøymer over han som valdar øydelegginga.

​

For den som vil forstå dette, den må merke seg at det personlege pronomenet «Han» ikkje viser til «folket til ein fyrste som kjem» (v. 26), som til grekarane og til den romerske keisaren. Det går bokstaveleg talt ikkje an. I konteksten ser vi at «Han» svarar til øydeleggjaren (hebr. shamem, bokstaveleg talt han som skal sjokkere). Det er dette Jesus sikter til når han siterer Daniels profetord i Matt. 24:15: «Når de ser den øydande styggedomen, som profeten Daniel har tala om, stå på den heilage staden – skjøna det, kvar ein som les! –». Som vi har sett ovanfor siktar dette til endetida, til ei tid som ennå ikkje er komen. Det svarar til ei tid då jødane skal reise opp att tempelet i Jerusalem. Det er også på denne tid at Dyret skal stå fram, han som er Antikrist i bestemt form. Antikristens ånd var alt verksam i dei første kristnes tid og som øydela for jødanes Kristus. I enden kjem han personifisert til å stå fram, først i pakt med jødane, deretter openberrar han seg som ein fiende, bokstaveleg talt ein som sjokkerer dei med å sette opp sitt gudebilete i tempelet, ja, han skal endå til sette seg sjølv i tempelet (2. Tess 2:3-4):

​

Lat ingen lura dykk på noko vis! For fyrst må fråfallet koma, og syndemennesket verta openberra, fortapingssonen. Han er den som står imot, og som opphøgjer seg over alt som kallast Gud eller heilagdom, så han set seg i Guds tempel og gjev seg sjølv ut for å vera Gud.

​

Dette er hovudbodskapen i Daniels bok og likeins i Johannes’ openberring. Jesus kjem ikkje att før dette har skjedd! Slik står det i 2. Tess. 2:1-14:

​

Vi bed dykk, brør, når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og vår samling hjå han: Lat dykk ikkje så snart driva frå vit og sans! Lat dykk ikkje skremma, korkje ved noka ånd eller ved noko ord eller ved noko brev som seiest koma frå oss, og som går ut på at Herrens dag er her alt. Lat ingen lura dykk på noko vis! For fyrst må fråfallet koma, og syndemennesket verta openberra, fortapingssonen. Han er den som står imot, og som opphøgjer seg over alt som kallast Gud eller heilagdom, så han set seg i Guds tempel og gjev seg sjølv ut for å vera Gud. Minnest de ikkje at eg sa dette til dykk medan eg endå var hjå dykk. Og no veit de kva det er, det som held att, slik at han skal openberrast fyrst når tida er inne. For løyndomen i lovløysa er alt verksam, berre at han som no held att, må verta rudd unna. Då skal den lovlause openberrast, han som Herren Jesus skal øydeleggja med pusten frå munnen sin, og gjera til inkje når hans atterkome vert openberra i herlegdom. Den lovlause kjem etter Satans verksemd med stor makt i lygn og teikn og under. Det går føre seg med allslags urettferd i forføring mellom dei som går fortapt, av di dei ikkje tok imot kjærleiken til sanninga, så dei kunne verta frelste. Difor sender Gud dei kraftig villfaring, så dei trur lygna, for at dei skal verta dømde, alle dei som ikkje har trudd sanninga, men hadde sin hugnad i urettferda. Men for dykk, brør, som er elska av Herren, – for dykk skuldar vi alltid å takka Gud, fordi han frå opphavet har valt dykk ut til frelse, ved Andens helging og ved tru på sanninga. Til dette kalla han dykk ved vårt evangelium, så de skal vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.

​

Altså først må Antikrist stå fram, deretter kjem Herren att. Som vi ser er tempelet reist opp at på den tida. Den store trengsla kjem først etter 3,5 år, halvvegs ut i veka. Det står at Antikrist då skal avsløre seg når han sett seg i tempelet. Jødane skal då forkaste han og Antikrist skal føra krig mot dei. Då skal profetien i Sak. 14:1-5 oppfyllast:

​

Sjå, det kjem ein dag frå Herren, då det hærfanget som er teke frå deg, skal skiftast ut midt i deg. For eg vil samla alle heidningfolka til krig mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halvparten av byen lyt fara i utlegd, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen. For Herren skal fara ut og strida mot desse heidningfolka, som han stridde før på stridens dag. På den dagen skal føtene hans stå på Oljeberget, som ligg mot aust midt imot Jerusalem. Og Oljeberget skal rivna tvers over mot aust og vest, så det vert ein stor dal. Den eine halvparten av fjellet vik mot nord, og den andre halvparten mot sør. Og de skal røma til dalen mellom fjella mine. For dalen mellom fjella skal nå like til Asel. De skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagane då Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma, og alle heilage med deg, min Gud!

​

Om dette skriver Johannes (Op. 12:12-17):

 

Fryd dykk difor, de himlar, og de som bur i dei! Men ve jorda og havet! For djevelen har stige ned til dykk i stor vreide, fordi han veit at han berre har ei lita tid. Og då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. Og dei to vengene til den store ørna vart gjevne til kvinna for at ho skulle flyga ut til staden sin i øydemarka, der det vert sytt for henne i ei tid og tider og ei halv tid borte frå augo åt ormen. Or munnen sin spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, for å riva henne bort med elva. Men jorda kom kvinna til hjelp, og jorda opna munnen sin og slukte elva som draken spruta or munnen sin. Draken vart arg på kvinna, og drog av stad for å føra krig mot dei andre av ætta hennar, mot dei som held Guds bod og har Jesu vitnemål.

​

På den tida kan dei som er i det himmelske glede seg fordi Satan er nede på jorda, men dei som er på jorda skal oppleve Satans skrekk og gru. Han skal først gå imot jødane, men Gud skal berga dei og skjule dei i øydemarka i dei siste 3,5 åra. Når han ikkje lykkast med jødane (kvinna) skal han deretter gå etter dei kristne, som det står i Op. 12:17:

 

Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. dei som har Guds ord og Jesu Kristi vitnemål.

 

Her skal han forføre dei med teikn og under og mange skal falle ifrå og fylje han. Tilbake står dei trufaste, dei som har nekta å la seg overbemanne av Satan. I dei dagane skal Gud openberra kven dei truande er. Det er dei som ikkje set sin lit til denne verda, dei som ikkje tek merke, men som trur at Gud kan berge dei. Dei veit berre at Herren er nær! Dei skal verta prøvd etter Guds ord i Matt 24:12-13: «Og av di lovløysa tek overhand, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst!». Jesus åtvarer også sine læresveinar om dette i Matt 24:23-28:

​

Om einkvan då seier til dykk: Sjå, her er Messias, eller der, så tru det ikkje! For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera store teikn og under, for å føra jamvel dei utvalde vilt, om det var råd. Sjå, eg har sagt dykk det føreåt. Om dei då seier til dykk: Sjå, han er ute i øydemarka! – så gå ikkje dit. Eller: Han er i roma der inne! – så tru det ikkje. For liksom lynet går ut frå aust og skin like til vest, såleis skal det vera når Menneskesonen kjem. Der åtselet er, der samlast ørnane.

​

Lat oss ikkje vere naive om desse ting! Det Matteus skriver i Matt 24:16-22 siktar til den tida øydeleggjaren skal stå fram i endetida, altså like før vi vert berga, frelst. Han skal kome mot Jerusalem med sine krigshærar for å utslette dei: 

​

- då må dei som er i Judea, røma opp i fjella. Den som er på taket, må ikkje gå ned for å ta med seg noko i huset. Og den som er ute på marka, må ikkje venda heim for å henta kappa si. Stakkars dei som er med barn og som gjev bryst i dei dagane! Men be om at de slepp å røma om vinteren eller på sabbaten. For då skal det verta ei trengsle så stor som det til no ikkje har vore frå verda vart til, og heller ikkje skal verta meir! Og vart ikkje dei dagane avkorta, då vart ikkje noko kjøt frelst! Men for dei utvalde skuld skal dei dagane verta avkorta.

​

Den same ordlyden finner vi i Mark. 13:14-20. Det underlege er at den parallelle teksta i Luk. 21:21-24 utan tvil er knytt til år 70 e.Kr. For Lukas skriver:

 

Då må dei som er i Judea, røma til fjells. Dei som er inne i byen må gå ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen. For dette er tida for straffedomen, då alt det som står skrive, skal oppfyllast. Stakkars dei som er med barn og som gjev bryst i dei dagane! For det skal vera stor naud på jorda, og vreide over dette folket. Dei skal falla for sverdsegg og førast som fangar til alle folkeslag. Og Jerusalem skal liggja nedtrødd av heidningar til tidene åt heidningfolka er ute.

 

Som vi har sett må denne omsettinga modererast ein heil del, noko som ikkje er tilfelle med teksta i Matteus og Markus. Vi skal vere klar over at dette ikkje er ei omsetting av den greske bibelteksta, men ei nokså ordrett omsetting av teksta i Luthers bibel, som vi ser her (Bibel-online.net): 

​

Alsdann, wer in Judäa ist, der fliehe auf das Gebirge, und wer drinnen ist, der weiche heraus, und wer auf dem Lande ist, der komme nicht hinein. Denn das sind die Tage der Rache, daß erfüllet werde alles, was geschrieben ist. (Jeremia 5.29) Weh aber den Schwangern und Säugerinnen in jenen Tagen! Denn es wird große Not auf Erden sein und ein Zorn über dies Volk, und sie werden fallen durch des Schwertes Schärfe und gefangen geführt werden unter alle Völker; und Jerusalem wird zertreten werden von den Heiden, bis daß der Heiden Zeit erfüllt wird. 

​

Luther baserte omsettinga si på den latinske omsettinga Vulgata. Han omsette berre enkelte deler direkte frå grunnteksta, der han var usamd med Vulgata. I frå Vulgata tek vi også med v. 20 (Latinvulgate.com):

 

cum autem videritis circumdari ab exercitu Hierusalem tunc scitote quia adpropinquavit desolatio eiustunc qui in Iudaea sunt fugiant in montes et qui in medio eius discedant et qui in regionibus non intrent in eam quia dies ultionis hii sunt ut impleantur omnia quae scripta sunt vae autem praegnatibus et nutrientibus in illis diebus erit enim pressura magna supra terram et ira populo huic

​

Legg merke til det latinske ordet desolatio som her er nytta for å omsette greske eremosis. Dette svarar til det Jesus sa i Matt. 23:38-39: «Sjå, huset dykkar skal verta liggjande audt. For eg seier dykk: Heretter får de ikkje sjå meg før de seier: Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!». For på den tida dette skjedde ville ikkje Messias kome for å berga dei. Dei vart overlatne til seg sjølv. Difor måtte dei flykte. Dei som vart igjen vart tekne til fangar og solgt som slavar, eller dei vart drept. Men slik skal det ikkje vere i dei dagane når Herren kjem att. For i Op. 12 står det at Gud skal beskytte jødane i ei tid, tider og ei halv tid, dvs. i 1260 dagar eller 3,5 år, altså den siste halvdelen av den siste veka. Men det same ordet eremosis er også å finne i grunnteksta i Matt. 24:15, der det vert omsett med «øydande»: «Når de ser den øydande styggedomen, som profeten Daniel har tala om, stå på den heilage staden». Både det latinske og det greske ordet tyder riktignok å verta lagt aude. Men likskapen her indikerer at ein både i oldtida og i mellomalderen nok har blanda saman desse to hendingane, som altså skiljer seg ifrå kvarandre i tid med tusenvis av år.

​

Som vi skal sjå handlar Matt. 24:15-31 og Mark. 13:14-33 om ei tid det står skrevet om i Dan. 12:1 og som er nok eit sitat frå Daniels bok:

​

På den tida skal Mikael stå fram, den store fyrsten som vernar om borna åt folket ditt. Det skal koma ei slik trengsletid som det ikkje har vore frå den dagen noko folkeslag vart til og fram til den tida. Men på den tida skal alle dei av folket ditt som finst skrivne i boka, verta frelste.

 

Legg merke til kva som står i Op. 12:7-9 om Mikael: 

​

Det vart ein strid i himmelen. Mikael og englane hans tok til å strida mot draken. Og draken stridde, og englane hans. Og dei kunne ikkje stå seg, og det vart ikkje lenger funne nokon stad for dei i himmelen. Den store draken vart kasta ned, den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, han som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda, og englane hans vart kasta ned saman med han.

​

Det er slik den store trengsla byrjar. Her kan vi merke oss at Jesus i Matt. 24:29-30 peikar fram imot frelsa frå vreiden:

​

Men straks etter dei trengsledagane skal sola verta formørkt og månen ikkje skina. Stjernene skal falla ned frå himmelen, og himmelkreftene skakast. Då skal Menneskesonens teikn syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop, og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med kraft og stor herlegdom.

​

Dette står det også om i Op. 1:4-7:

​

Johannes, til dei sju kyrkjelydane i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som er framfor trona hans, og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei døde og herskaren over kongane på jorda. Han som elskar oss og løyste oss frå syndene våre med sitt blod, og som gjorde oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin far – han skal ha æra og makta i all æve. Amen. Sjå, han kjem med skyene, og kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han. Og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, amen.

​

Som vi har vore inne på kjem det ei tid då dyret skal stå fram, han som er Antikrist. I Dan 7:23-27 står det slik (legg merke til at han fekk orda av Herren):

​

Slik lydde ordet hans: Det fjerde dyret skal verta eit fjerde rike på jorda, eit som er annleis enn alle dei andre rika. Det skal sluka heile jorda, trakka henne ned og knusa henne. Dei ti horna tyder at av dette riket skal det stå fram ti kongar. Og etter dei skal det stå fram ein annan konge, som skal vera annleis enn dei som var før han. Han skal underkua tre kongar. Han skal tala ord mot Den Høgste og undertrykkja dei heilage åt Den Høgste, og tenkja på å endra tider og lov. Og dei skal gjevast i hans hand for ei tid og tider og ei halv tid. Så vert retten sett, og herredømet vert teke frå han for å verta fullstendig gjort til inkje og øydelagt heilt og fullt. Riket og herredømet, og makta over rika under himmelen, skal gjevast til det folket som er dei heilage åt Den Høgste. Riket hans skal vera eit evig rike, og alle makter skal tena og lyda han.

​

I Johannes’ openberring vert Daniels fire dyr sett som eit dyr (sjå. Op. 13 og 17). Det er han som skal sette opp den øydande styggedomen. I Op 17:9-18 står det:

​

Her er det vitet som har visdom: Dei sju hovuda er sju fjell, som kvinna sit på. Dei er sju kongar òg. Dei fem er falne. Den eine er no. Den andre er enno ikkje komen, og når han kjem, skal han berre verta verande ei lita stund. Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, og er òg ein av dei sju og fer bort til undergang. Dei ti horna som du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike. Men dei får makt som kongar i éin time saman med dyret. Desse har éin tanke, og si kraft og si makt gjev dei åt dyret. Desse skal føra krig mot Lammet. Men Lammet skal sigra over dei, fordi han er herre over herrane og konge over kongane – sigra saman med dei som er med Lammet, dei som er kalla og utvalde og trufaste. Og han seier til meg: Dei vatna du såg, der skjøkja sit, er folk og folkeskarar og nasjonar og tungemål. Dei ti horna som du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, og dei skal gjera henne aud og naken. Kjøtet hennar skal dei eta, og brenna henne opp med eld. For Gud gav dei i hjarta å setja planen hans i verk, å fullføra ein og same tanken, å gje riket sitt til dyret til dess Guds ord har vorte fullført. Og kvinna som du såg, er den store byen som har kongevelde over kongane på jorda.

​

Også dette krever i seg sjølv eit studium. Desse orda er løynte og må openberrast for kvar enkelt. Fjella siktar til det kvinna styrer over, og kvinna her er den store byen som styrer over verda, altså Babylon. Babylon er eit teikn som viser at verdsriket i enden skal likne på dette riket som hadde makta på Daniels tid. Kvinna og fjella er Antikrists rike. Men med det fjerde og siste dyret er det ikkje som med dei første. Det er annleis. Det er ikkje viktig kven som var dei første til å styre over det eller kven som styrer no, men det viktige er kven som blir den siste. Det er heller ikkje hovudet som er i fokus, men horna. Heller ikkje er det dei ti, men det eine hornet som får makta si av dei ti. Det er han som er Antikrist.

​

Mens vi ventar på utløysinga vår og på at alt dette skal henda, så lat oss halde fram med vårt kall: Å forkynna evangeliet til alle folkeslag. Profetordet er gitt oss slik at vi kan vite om det som har vore, det som er og det som kjem. For det står skrevet i 2. Pet. 1:17-21:

​

For han fekk ære og herlegdom av Gud Fader, då ei slik røyst høyrdest over han frå den aller høgste herlegdomen: Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i. Og denne røysta høyrde vi koma frå himmelen då vi var saman med han på det heilage fjellet. Og dess fastare har vi profetordet, som de gjer vel i å akta på. Det er som ei lampe som lyser på ein mørk stad, til dagen lyser fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar. For fyrst og fremst veit de dette, at ikkje noko profetord i Skrifta er gjeve til eiga tyding. For aldri har noko profetord vorte til ved menneskevilje, men dei heilage Guds menn tala drivne av Den Heilage Ande.

​

Dersom nokon er kalla til å tene Gud med evangeliet til andre folkeslag, så gå i Jesu namn og ten Herren med glede. Dei som har gått føre deg har lært seg å vere avhengig av Gud og uavhengig av mennesker. Ta difor imot Guds Ande og lat deg føre av stad og Gud vil vere med deg all tid.


Litteraturliste:
Groth, Bente: Bar-Kokhva i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 28. juni 2020 fra https://snl.no/Bar-Kokhva
Næss, Ellen Marie: Ragnarok i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 19. juli 2020 fra https://snl.no/Ragnarok
Pax Romana i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 19. juli 2020 fra https://snl.no/Pax_Romana
Steen, Tone: Antiokhos 4 Epifanes i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 14. juni 2020 fra https://snl.no/Antiokhos_4_Epifanes
Hovdhaugen, S: Guds dom er fastsatt. Eit studie i profeten Daniels bok – Bodskapen, historiene og kjeldene. SaulusPaulus forlag 2020.
Dukhrana Biblical Research - an online organization specializing in providing tools to aid in the study of the Peshitta, the Bible in Aramaic/Syriac. https://www.dukhrana.com/peshitta/index.php

 

Denne sida vart laga i 2020; sist endra 1 mars 2023.

bottom of page