top of page

Bibelsitat er henta frå Norsk bibel 88 med løyve.

Kristus og meinigheita

"For liksom lekamen er éin og har mange lemer,

men alle lemene på lekamen er éin lekam,

endå dei er mange,

slik er det med Kristus òg."

1Kor 12:12

​

"Ber børene for kvarandre,

og oppfyll på den måten Kristi lov."

Gal 6:2

 

​I 1. Kor. 12-14 lærer Paulus oss om nådegåvene. No skal ikkje eg gå inn på dei her, men konsentrere meg om forhaldet mellom Kristus og meinigheita, kyrkjelyden, forsamlinga. For så mange av oss som er døypt til Kristus, er døypt til den same lekamen, til Kristus. Her er vi alle saman fylt av ei ånd, Den Heilage Ande, Guds Ande og Kristi Ande. Her reknar vi oss som døde til ånd, sjel og lekam, fullt ut visse på at det høyrer det gamle mennesket til. Kristus er det nye mennesket. Vi er ikkje født på ny. Vi er ikkje nye skapningar, men vi reknar oss likevel med til det nye mennesket, den nye skapinga, og ser fram imot den dagen også vi skal verta født på ny ved oppstoda frå dei døde. Alt dette reknar vi oss med til ved tru.

​

Eg skal som sagt ikkje gå inn på verknadane av å høyre til i ein slik lekam, det å verte driven av Den Heilage Ande, og ikkje av det gamle menneskets lyster og lidenskaper. Eg vil peike på Jesus Kristus og hans verksemd, den læresveinane hans også fekk erfare. Jesus verka berre blant jødane, mens læresveinane sendte han ut i heile verda slik at dei kunne gjere seg læresveinar blant alle folkeslag. Dei skulle vere lys og salt i verda. Men dei skulle ha ulike oppgåver, liksom dei har ulikt mål av tru. Alt dette liknar Paulus med ein lekam, ein kropp, med mange lemar som har ulike funksjonar. Her er vi ved kjernen i læra. For det er Kristus som er hovudet og vi som er lekamen. Forsamlinga speglar difor ikkje sine eigne lyster og lidenskapar. Det er ikkje slik at om nokon vert usamde og det vert danna parti, då kan den eine part berre vere lykkeleg om dei kan skvise ut den andre parten som hindrar dei i å lykkast med det dei vil. Er det ikkje slik det er blant dei vi skal vere lys og salt i mellom? Dersom vi slik har mista lyset og saltet, då har vi også vorte heilt unyttige. Vi er berre som ein skjerande ulyd i mellom folkeslaga. Vi har ingen verknad lenger. Når forkynninga vert utan Guds ord, då er det heller ingen såkorn i det som kan gje nytt liv. Ingen kjem til tru lenger. Ingen tek imot. Ingen vert omvendt, ingen vert fornya i sinnet. Våre sinn er berre som menneskesinna elles. Når det ikkje er behov for nye læresveinar, då er det heller ikkje behov for apostlar. Då vil ingen reise ut frå heimstaden sin for å oppfylle Guds bod. Når det ikkje lenger er noko godt nytt å dele med verda, men berre det same gamle, det vonde, det urettferdige, då trengs heller ikkje evangelistane. Profetane får heller ikkje ord frå Gud, og vi vert som farlause. Det er ikkje lenger kraft frå Herren til å fri ut den sjuke, for ingen trur på dette lenger. Ingen vert kurert for sjukdomen sin. Dei får berre medisin. Den kurerer ikkje, den held berre symptoma borte. Alt dette kjem kort og godt  ikkje i funksjon, fordi når vi let oss drive av våre eigne lyster og lidenskaper. Gud, han som skal fylle alt i alle, får ikkje drive oss med sin Ande.

​

Når vi ikkje ser at vi er eitt, ein lekam, då splittar vi oss. I dag er det knapt nok råd å samle to eller tre som kan verte einige om kva dei skal be om. Vi ser det ikkje, fordi vi manglar openberrings Anden til kunnskap om det vi har fått i frå Gud, det vi er med om. Det står skrevet: «Dei lemene på lekamen som synest vera dei veikaste, dei er naudsynlege» (1. Kor. 12:22). Den vonde menneskelege tanke er å kvitte seg med dei veike, dei svake, dei som ikkje vil eller makter det vi vil få til. Det vi vil er våre lyster og lidenskapar. Det var det vi skal rekne som dødt! Men vi veit ikkje dette, fordi vi ikkje vil høyre slikt. Dette er veike ord som ikkje høver seg. Vi tenkjer at vi må vere meir autoritære, og ikkje gi etter for slik veikskap. Men vi tenker slik fordi vi ikkje ser klart. Å tenke slik er jo kjernen i syndefallet. Tenker vi slik har vi falt for freistinga. Då kan vi vere sikker på at vi er forført av djevelen. Vi er ikkje hovudet. Vi er ikkje Kristus. Vi er ikkje Gud. Dette er jo tankar som Satan, Guds motstandar som sysler med. Han som har lyst til å bli Gud. Vi vil vel ikkje kome under same straff som han? Han er for evig og alltid vond, fordi han er uforgjengeleg. Vi er forgjengelege. Det er håp for oss! Det er det ikkje for Satan. Vi kan bli frelst! Lat oss då avkle oss det gamle menneske og dei gjerningar som det gjer. Det er jo det som hindrar all vekking. Lat oss ikkje kjempe imot! Lat oss sleppe Gud til!

​

Difor er det ikkje rett at det er parti mellom oss, men at vi samlar oss om det vi er kalla til. Skulle vi vere som verda, der dei som ikkje vil gjera jobben sin gjer enorm skade på arbeidsplassen sin. Dei skvisar ut dei som tek oppdraget på alvor, i det dei underordnar seg arbeidsplassens mål og virke. I Kristi forsamling er det berre eit hovud og det er Kristus. Det er dette vi må forkynne. Her gjeld det å stå fast. Vi må vere tolmodige ovanfor kvarandre. Tilgje kvarandre. Alle kan feile i eitt og anna. Vi må sørge for kvarandre. Elske kvarandre inderleg. Vi må ha syskenkjærleik. Vi må elske kvarandre liksom vi elskar oss sjølv.  «Om éin lem lid, då lid alle lemene med. Og om éin lem vert heidra, då gleder alle lemene seg med. De er Kristi lekam, og kvar for seg ein av lemene hans» (1. Kor. 12:26-27). Verkar Gud ved ein av oss, då skal vi ikkje verte misunnelege. Vert vi likevel misunnelege, då veit vi at vi ikkje vert det i Kristus, då er vi det i det gamle mennesket. Vit då du som dømer den som vert misunneleg, at denne lemmen lir. Dersom du hatar han fordi han vart misunneleg, vit då at denne vondskapen ikkje er i Kristus, men den kom i din eigen lekam. Kva det enn er av vondskap som freistar oss, då be om å verta fylt av kjærleik. For berre slik kan vi tilgje kvarandre. Det er slik også med eit frukttre. Det bærer ikkje dårleg frukt. Den dårlege frukta kjem ikkje frå det gode treet. Og dersom eit tre bær dårleg frukt, då er det ikkje eit godt tre. Tilgje kvarandre det de har imot kvarandre! Kast all synd bak og sjå dykk ikkje tilbake. I Kristus er det berre ein fylde og det er av Anden, den reine Anden. Vi derimot kan ofte verte fylt av vondskap. Men lat det vonde fordrive, men å ta imot Guds nåde.

​

​​

Denne sida vart publisert i 2024; sist endra 26 oktober 2024.

bottom of page